Prop. 55 L (2022–2023)

Endringar i gravplassloven m.m. (digitalisering av gravferdsmeldinga og behandling av personopplysningar)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Barne- og familiedepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om eit rettsleg grunnlag for å digitalisere gravferdsmeldinga. Målet er å skape samanhengande tenester innanfor livshendinga dødsfall og arv. I dag tek dei etterlatne vala om gjennomføring av gravferda på eit papirskjema. Det er den lokale gravplasstyresmakta som tek hand om kremasjon og gravlegging, normalt det kyrkjelege fellesrådet i kvar kommune. Den digitale tenesta er under utvikling.

Det rettslege grunnlaget departementet føreslår for tenesta digital gravferdsmelding har fleire element:

  • Å gjere det klart at enkelte val kan gjerast digitalt og at statsforvaltaren har i oppgåve å leggje til rette for det.

  • Dei offentlege og private aktørane som skal bruke tenesta, får grunnlag i lova til å behandle naudsynte personopplysningar for å løyse visse oppgåver.

  • Aktørane som skal bruke tenesta, får heimel til å dele opplysningar utan hinder av teieplikt for å løyse visse oppgåver.

  • Statsforvaltaren og godkjende krematorium får tilgang til opplysningar omfatta av teieplikt etter folkeregisterloven for å løyse oppgåver etter gravplassloven.

  • Departementet får heimel til å gi forskrifter om digital gravferdsmelding.

I tillegg føreslår departementet to andre endringar i gravplassloven. Den første presiserer at det berre er kyrkjelege gravplasstyresmakter som skal fremje budsjettforslag for kommunen. Den andre endringa er at fristen for kremasjon blir sett slik at etterlatne har like lang tid til å halde gravferdsseremoni ved kremasjon som ved kistegravlegging. Dette kan òg gi lågare utslepp dersom omnane i små krematorium må varmast sjeldnare.

Departementet føreslår å oppheve Norske Lov 2-1 frå 1687 som fastset læregrunnlaget for den evangelisk-lutherske kyrkja i Noreg. Kyrkjerådet tok i brev til departementet 24. august 2022 til orde for å oppheve føresegna fordi læregrunnlaget no går fram av kyrkjeordninga vedteken av Kyrkjemøtet. Opphevinga har samanheng med sjølvstendet til Den norske kyrkja.

Til forsida