Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 73 L (2015–2016)

Endringar i valgloven (personval ved stortingsval, frist for godkjenning av førehandsstemmer mv.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreslår i denne proposisjonen endringar i lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven).

Framlegga inneber blant anna at det blir innført nye reglar for personval ved stortingsval, som svarer til ordninga som allereie finst ved fylkestingsval. Departementet føreslår også å endre fristen for å godkjenne førehandsstemmer. Proposisjonen inneheld også framlegg om å innføre elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen som ei permanent, frivillig ordning for alle kommunar. Vidare blir det føreslått å presisere og forenkle reglane om retten til å krevje fritak frå å bli ført opp som kandidat på vallister ved kommunestyre- og fylkestingsval.

Til toppen
Til forsida av dokumentet