Prop. 94 S (2022–2023)

Investeringar i Forsvaret og andre saker

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starta opp fire nye investeringsprosjekt, endra omfanget på ti investeringsprosjekt, og å informera Stortinget om ni saker.

Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er dei årlege budsjettproposisjonane (Prop. 1 S). Denne proposisjonen fyller såleis ut budsjettproposisjonen.

Investeringsprosjekta som proposisjonen omtalar er alle i samsvar med inneverande langtidsplan for forsvarssektoren (Prop. 14 S (2020–2021)). Rammene i denne proposisjonen er alle i 2023-kroner, og valutakursar er pr. 15. desember 2022.

Proposisjonen har følgjande innhald:

  • Godkjenning av kostnadsramme for tre nye materiellprosjekt: Maritim helikopterkapasitet, artilleriammunisjon og levetidsforlenging Indre Kystvakt.

  • Godkjenning av kostnadsramme for eit nytt eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt: Ørland – eigedom, bygg og anlegg for luftvern.

  • Godkjenning av omfangsendring for sju pågåande materiellprosjekt: Brupanservogn, ingeniørpanservogn, bergepanservogn, landbasert transportstøtte, elektroniske mottiltak, modernisering av kryptoløysingar, og oppgradering av Very Low Frequency (VLF) Novik.

  • Godkjenning av omfangsendring for tre pågåande eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt: Evenes – fasilitetar for maritime patruljefly, Ørland – utbetring av hovudrullebana, og Ørland – ytre perimeter.

  • Status for oppfølging av oppmodingsvedtak om lovheimel for å ivareta rettane til fangar.

  • Åtte informasjonssaker om: Gjenanskaffing av materiell som er donert til Ukraina, om amerikanske investeringar i infrastruktur på Rygge, om talet på norske F-35 fly i USA for utdanning, om ambisjonsnivå for full operativ evne for kampflyvåpenet, om infrastruktur og støtte til kampflyvåpenet, om NATO si vurdering av Noreg, om investeringsprogrammet for utbygging av Evenes, samt regjeringa sitt val av leverandør av stridsvogn.

Til forsida