Innleiing

Verdigrunnlaget for universell utforming er å leggje til rette for at alle skal ha like moglegheiter for personleg utvikling, å delta i samfunnet og utfalde seg i livet.

Samfunns- og arealplanlegginga er eit viktig verkemiddel for å oppnå dette. Vi har alle eit ansvar for å bidra til eit likestilt og likeverdig samfunn der alle kan vere med. Det handlar om at desse verdiane ligg som ein premiss: før tankane er tenkt, før planane er lagde, og før streka er teikna. Konsepta skal byggje på og hegne om inkludering og likeverd. For alle. Kort og godt.

Med denne publikasjonen ønskjer vi å rette merksemda mot og auke medvitet om korleis planlegging kan bidra til eit universelt utforma samfunn. Dette gjer vi blant anna ved å oppfordre til refleksjon og vurderingar undervegs i planprosessane. Vi viser også eksempel på korleis omsynet til universell utforming er teke i vare i ulike plantypar.

Vi håper rettleiinga vil vere til inspirasjon og nytte.

Oslo, juni 2021

Til dokumentets forside