1 Det gode liv for alle gjennom universell utforming

Universell utforming handlar om gode liv for alle og eit samfunn som er brukande for alle.

Om at dei som bruker rullator, skal kunne gå til butikken sjølve, og dei som treng rullestol, skal komme seg til jobben. Om at alle barn skal kunne gå på nærskolen sin. Om at ho som brekte leggen på fotballkamp, kan gå på skolen sin sjølv om beinet er i gips. Om at han med spesielle behov skal kunne halde fram på den nærmaste ungdomsskolen og kunne gå på den vidaregåande skolen han ønskjer å gå på. Om at han som har tvillingar, kjem seg fram med barnevogna dit han skal. Det handlar om at dei som ser eller høyrer dårleg, eller kanskje ikkje i det heile, kan bruke omgivnadene til å orientere seg og finne vegen. At bygningar, gater, plassar og parkar er planlagde som trygge og leselege – som brukande.

Det er ikkje lenge sidan at alle fortauskantar var 10 cm høge eller trapper blei bygde utan alternative løysingar med rampe eller heis – at vi ikkje var medvitne om den breie verktøykassa av verkemiddel vi har som planleggjarar og prosjekterande. Det handlar om korleis alle kan bruke omgivnadene sine: frå overordna vurderingar av plassering, samanheng og planløysing til detaljar som valet av materialar, korleis det er tilplanta, tekstur og fargar.

1.1 Behov for kompetanse, kreativitet og samarbeid

Universell utforming føreset innsikt hos politikarar, planleggjarar og utbyggjarar. Det føreset kompetanse og kreativitet hos planleggjarar og prosjekterande. Ein må forstå kvifor dette er viktig, kva som er målet, og kva verktøy ein har for å få det til. For å skape det gode samfunnet for alle, må alle gode krefter setjast inn: Samarbeidet mellom ulike fagfelt, planleggjar og økonomi må vere godt og breitt.

Ein person veit ikkje alt. Ein person kan ikkje gjere alt. Universell utforming er ikkje éi løysing eller ein utvald design. Derfor må mange tenkje saman, skape saman og utvikle saman.

Hensikta med rettleiinga er å bidra til å auke medvitet hos alle som planlegg og prosjekterer. Gjennom anbefalte vurderingar og ulike eksempel skal rettleiinga gi auka kunnskap og vere til inspirasjon om korleis ein gjennom planlegging kan bidra til eit deltakande og inkluderande samfunn for alle.

1.2 Agenda 2030 og berekraftsmåla

Agenda 2030 med dei 169 berekraftsmåla blei vedteke av FNs medlemsland i 2015 og er arbeidsplanen verda har for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane i fellesskap.

Eit sentralt prinsipp i 2030-agendaen er at ingen skal utelatast, «Leavenoonebehind». Det inneber at dei mest sårbare og marginaliserte menneska og gruppene i verda skal inkluderast i utviklinga, også dei med permanent eller mellombels funksjonsnedsetjing. Universell utforming er derfor ein viktig føresetnad for å oppfylle berekraftsmåla. Kapittel 7 gjer greie for korleis universell utforming av bygde omgivnader bidreg til å oppnå berekraftsmåla.

Til forsiden