Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Rettleiar til offentleglova

Offentleglova tok til å gjelde 1. januar 2009. Det mest sentrale føremålet med den lova er å styrkje retten til innsyn i saksdokument i forvaltninga. Justisdepartementet har utarbeidd ein rettleiar til lova.

Last ned rettleiaren i pdf-format her.
Opne rettleiar i pdf-format

Hovuddelen av rettleiaren omhandlar unntaksføresegnene i lova, då desse utgjer det området som har skapt dei fleste problema i praksis, og truleg vil gjere det også i framtida. Rettleiaren omhandlar òg reglane i offentlegforskrifta.

Frå 1. januar 2009 har offentleglova gjeldt for alle dokument hos alle organ som er omfatta av lova, dersom det ikkje unntaksvis er gitt særlege reglar som fastset andre løysingar. Det vil seie at hovudregelen er at innsyn i alle dokument skal vurderast ut frå reglane i den nye lova, utan omsyn til kor gamalt dokumentet er.

Tillegg

Det er òg utarbeidd eit tillegg til rettleiaren. Dette omhandlar to unntak – for lønsoppgåver og for fødselsnummer og tilsvarande nummer – som kom til i 2011.

Tillegg til rettleiar 

Meir informasjon om offentleglova