St.meld. nr. 06 (2004-2005)

Om verksemda til NSB AS for perioden 2004–2006

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

1.1 Innleiing

I samsvar med det etablerte styringsopplegget for NSB AS (NSB) legg Samferdselsdepartementet med dette fram ei stortingsmelding om verksemda i konsernet.

Formålet med stortingsmeldinga er å gi Stortinget ei orientering om utviklinga i føregåande planperiode og om NSB sine hovudutfordringar, strategiar og planar for dei komande åra, som grunnlag for å utforme politikken for eigarstyringa av selskapet.

Styret i NSB legg i samsvar med § 10 i vedtektene for selskapet årleg fram for samferdselsministeren ein plan for verksemda. Plandokumentet skal omfatte følgjande forhold:

  • Konsernet si hovudverksemd dei komande åra, medrekna større omorganiseringar, vidareutvikling og avvikling av noverande verksemder og utvikling av nye. Det same gjeld for større endringar av tenestetilbodet.

  • Den økonomiske utviklinga i konsernet.

  • Vesentlege investeringar med finansieringsplanar for desse.

Saker som gjeld sal av vitale eigedelar og materiell for togdrifta på det nasjonale jernbanenettet skal leggjast fram for samferdselsministeren før styret tek endeleg avgjerd i saka.

I høve til § 3 i vedtektene skal NSB drive jernbanetransport, anna transportverksemd, samt verksemd som naturleg heng saman med dette. Verksemda kan drivast av selskapet sjølv, av heileigde dotterselskap eller gjennom andre selskap NSB har eigardelar i eller samarbeider med.

Samferdselsdepartementet tek utgangspunkt i NSB sitt plandokument for 2004–2008 (§ 10-planen 2004) som følgjer som trykt vedlegg til denne meldinga (vedlegg 1). Meldinga er konsentrert om åra 2004–2006.

Som eit ledd i eigaroppfølginga gjennomførte DnB Markets hausten 2000, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, ei verdivurdering av NSB-konsernet basert på NSB sine planar for verksemda. I samband med denne stortingsmeldinga har DnB Markets gjort ei oppdatering av verdivurderinga ut frå kva som faktisk har skjedd i inneverande periode. Resultatet frå dette arbeidet er nærmare omtalt i kapittel 3.

Då dette er ei melding om trafikkselskapet NSB AS si verksemd, vil den ikkje behandle spørsmål som gjeld utviklinga av jernbaneinfrastrukturen, omfanget og vilkåra for statleg kjøp av persontransporttenester eller spørsmål om regulering. Etter omorganiseringa av forvaltningsverksemda NSB i 1996 er forhold som gjeld jernbaneinfrastrukturen underlagd Jernbaneverket sitt forvaltningsansvar. Ansvaret for omfanget av og vilkåra for statleg kjøp av persontransporttenester er underlagd Samferdselsdepartementet som kjøper av persontransporttenester, medan ansvaret for regulering innan jernbanesektoren er underlagd Samferdselsdepartementet som regulatør. Når det gjeld planane for utviklinga av jernbaneinfrastrukturen, omfanget av og vilkåra for staten sine kjøp av persontransporttenester og utviklingstrekk som gjeld regulering, blir det vist til St.meld. nr. 24 / Innst. S. nr. 240 (2003–2004) Nasjonal transportplan 2006–2015, St.meld. nr. 26 / Innst. S. nr. 228 (2001–2002) Bedre kollektivtransport og dei årlege statsbudsjetta. Fordi infrastrukturen, omfanget av og vilkåra for staten sitt kjøp av persontransporttenester og forhold som gjeld regulering er viktige for NSB sine rammevilkår, vil det likevel bli gjort greie for status og vidare arbeid med forhold som er særleg viktige for NSB som jernbaneselskap.

Staten sitt ansvar gjennom eigarstyringa av selskapet gjeld særleg å fastleggje hovudområdet for verksemda, sørgje for forsvarleg eigenkapitalfinansiering og å fastsetje avkastingskrav og utbyttepolitikk. Premissane for eigarstyringa ligg fast. Styret har eit sjølvstendig ansvar for organiseringa av NSB si verksemd og for vurderingar av tiltak som er naudsynte for å sikre konkurranseevna og økonomien til selskapet.

Ved behandlinga av St.meld. nr. 19 / Innst. S. nr. 138 (1998–1999) Om NSB BAs virksomhet, blei prinsippa for avkastings- og utbyttepolitikken overfor NSB-konsernet nærmare fastlagd. Vurderinga av avkastingskravet for komande periode tek utgangspunkt i desse prinsippa, men er korrigerte for den seinare utskiljinga av Flytoget. Samferdselsdepartementet sitt forslag til avkastingskrav og utbyttepolitikk er nærmare omtalt i kapittel 5.

I eigarstyringa av NSB er Samferdselsdepartementet oppteken av at selskapet skal:

  • sikre eit publikumsvennleg og trafikksikkert togtilbod,

  • gi staten størst mogeleg verdiskaping over tid,

  • utnytte dei synergiane som ligg i det å vere eit breidt samansett konsern,

  • oppfylle krav i samband med reguleringar som er fastsette i forhold til trafikktryggleik og forretningsmessige kontraktar m.v. på ein kostnadseffektiv måte, medrekna kontrakten med staten om kjøp av persontransporttenester,

  • vere ein attraktiv arbeidsplass med dyktige og serviceinnstilte tilsette.

1.2 Samandrag

Kapittel 2 Marknadssituasjonen

NSB sitt persontogtilbod møter ein stadig aukande konkurranse frå andre transportmiddel. Dette har gitt ein nedgang i talet på reisande og tap av marknadsdelar for NSB dei seinare åra. Frå 2000 til og med 2003 gjekk det totale talet på reisande ned med om lag 12 prosent. Mot slutten av 2003 hadde NSB likevel ein auke i talet på reisande. Denne positive utviklinga har halde fram i 2004. Talet på reisande med InterCity-toga har auka med 9 prosent til og med september i 2004 samanlikna med same periode i 2003. Langdistansetoga viste ein auke på 7 prosent og lokaltoga (utanom Osloområdet) ein auke på 6 prosent for same periode. Når det gjeld lokaltoga i Osloområdet viser NSB sine teljingar at talet på reisande våren 2004 er uendra samanlikna med våren 2003. Dette representerer eit positivt vendepunkt i persontrafikkutviklinga med tog.

Godstransporten på jernbane har også hatt ein nedgang i transportarbeidet i dei seinare åra. CargoNet der NSB eig 55 prosent av aksjane, har hatt ein samla reduksjon i transportarbeidet i perioden 2000 til 2003 med 10 prosent. CargoNet har satsa på frakt av gods med containerar. Innhaldet i desse er ofte konsum- og ferdigvarer, og er lettare enn tradisjonelle industrivarer. Dette forklarer mykje av nedgangen i marknadsdelar målt i tonnkilometer utførd med jernbane. Målt i tal på containerar har CargoNet hatt ein stor auke i transportarbeidet dei seinare åra. I løpet av dei siste 10 åra har CargoNet si frakt av containerar auka frå om lag 90 000 til om lag 300 000. I følgje CargoNet har selskapet aldri transportert fleire containerar enn no. Talet på frakta containerar har auka med 20 prosent i fyrste kvartal 2004 samanlikna med fyrste kvartal 2003.

I tillegg til ein stadig tiltakande konkurranse frå andre transportmiddel stiller auka konkurranse innan jernbanesektoren både på gods- og persontransportsida NSB overfor store utfordringar i åra som kjem. For å oppretthalde og styrkje jernbana si konkurransekraft i forhold til andre transportmiddel er det viktig med tilstrekkeleg prioritering av vedlikehaldet av og kapasitetsfremjande investeringar i infrastrukturen. Styret i NSB understrekar at tempoet i utbygginga av jernbaneinfrastrukturen er alt for lågt i forhold til behovet og meiner denne må aukast mykje i område der jernbana kan medverke mest til å auke kollektivtransporten. For å vidareutvikle godstransporten på jernbana meiner styret at det også er naudsynt med tiltak som gir auka kapasitet og meir framkomeleg infrastruktur for å betre regulariteten og meir punktleg togtrafikk. Tilpassingar av togproduksjonen innanfor ordninga med statleg kjøp av persontransporttenester til dei områda der jernbana særleg har sine fortinn i forhold til konkurrerande transportmiddel, vil gi positive resultat for NSB i form av eit betre og meir marknadstilpassa togtilbod.

Kapittel 3 Utvikling og resultat i konsernet i perioden 2000–2003

For mellom anna å tilpasse verksemda til ein stadig meir konkurranseutsett marknad har konsernet i føregåande periode hatt eit sterkare fokus på kjerneverksemda som er persontransport og godstransport med jernbane, samt busstransport. I perioden 2000–2003 har NSB skilt ut og konkurranseutsett fleire støtte- og servicefunksjonar. Omstillingane gir betre utnytting av investeringane og stordriftsfordelane, slik at faste kostnader blir meir variable. For å auke konkurransekrafta til persontrafikken med tog starta NSB våren 2003 opp eit omfattande marknadsretta omstillingsprogram. Ei overordna målsetjing med dette programmet er at det skal bli mykje enklare å vere kunde i NSB. Det er også gjennomført ei svært omfattande fornying av persontogmateriellet. NSB har gjort større omleggingar av godstransporttilbodet gjennom overgangen til kombinerte transportar. I 2002 etablerte Nettbuss seg i Sverige ved kjøp av aksjane i Nettbuss Sverige (tidlegare Rimbo) som driv bussverksemd sør og vest i Sverige. Nettbuss er den tredje største bussaktøren i Norden etter Swebus og Connex.

Lønnsemda i konsernet i perioden 2000–2003 har vore dårlegare enn forutsett på grunn av negativ inntektsutvikling i persontog- og godstogverksemda. NSB si omfattande omstilling i føregåande periode har hjelpt til å redusere kostnadene og effektivisere drifta. Utan dette arbeidet ville NSB i dag hatt i ein vesentleg dårlegare økonomi. Samferdselsdepartementet reknar med at NSB i perioden 2004–2006 held fram med arbeidet med å redusere kostnadene og effektivisere drifta.

Når det gjeld kor punktlege toga er, har det samla blitt betre i føregående periode. Fyrste halvår av 2004 hadde NSB svært punktlege tog. Dette har gitt seg direkte utslag i form av meir fornøgde kundar. Trafikktryggleiken i NSB-konsernet har også utvikla seg positivt i føregåande periode.

Kapittel 4 Styret sine mål og strategiar for komande periode

Styret sine mål og strategiar for dei komande åra byggjer vidare på det strategiske fundamentet som blei trekt opp i samanheng med føregåande stortingsmelding om NSB si verksemd. Styret vil auke konsentrasjonen om kjerneverksemda og legg opp til framleis å selgje driftsuavhengige eigedomar. Styret sitt utgangspunkt er at toget utgjer grunnstammen i kollektivtilbodet til NSB. Styret legg vidare opp til at bussen skal supplere og utfylle toget og ta del i ein liberalisert ekspressbussmarknad. Tog og buss skal utviklast i nye transportmarknader og i eit samspel når dette gir eit betre tilbod til kundane og rammevilkåra elles ligg til rette for slike løysingar. Styret definerer Norden som NSB sin heimemarknad for persontrafikken med tog og buss. Dette vil gi NSB fleire bein å stå på etter kvart som den norske marknaden for persontransport blir opna for meir konkurranse. For godstransporten legg styret opp til å vidareutvikle verksemda gjennom alliansar og internasjonal satsing på kombinerte transportar. Dei store multinasjonale transportkonserna opererer i dei fleste marknadene innanfor kollektivtransport (tog, buss, trikk, T-bane og ferje), også i Noreg. Difor støttar Samferdselsdepartementet strategien til styret i NSB om at kjerneverksemda til konsernet framleis skal utgjere persontransport og godstransport med jernbane supplert med busstransport. Samferdselsdepartementet støttar styret si vurdering av behovet for å konsolidere posisjonen Nettbuss i dag har i den norske bussmarknaden. Nettbuss arbeider for tida med sal av eigedelane sine i Norgesbuss AS. Dette vil medverke til at selskapet ikkje blir ein for dominerande aktør.

På godssida reknar Samferdselsdepartementet med at konkurransesituasjonen for CargoNet vil skjerpast ytterlegare som følgje av at tilgangen til den norske jernbanemarknaden no er opna både for nasjonal og internasjonal godstransport. Denne opninga for konkurranse innan godstrafikken tilseier at det kan vere aktuelt å revurdere føresetnaden om at NSB skal eige minimum 51 prosent av eigedelane i CargoNet. Denne føresetnaden blei lagt til grunn ved behandlinga av føregåande stortingsmelding om NSB si verksemd. Etter kvart som konkurransen i godstrafikken på det norske jernbanenettet utviklar seg, bør denne grensa i eigarskapet til CargoNet vurderast oppheva slik at styret i samråd med Samferdselsdepartementet kan få fridom til å redusere eigardelen dersom det blir vurdert som mest fordelaktig for å sikre lønnsam drift og utvikle verdiane i CargoNet.

Resultatutviklinga i NSB i føregåande periode viser at konsernet framleis har eit behov for å redusere kostnadene og auke inntektene særleg i jernbanetrafikkverksemda. Etter Samferdselsdepartementet si vurdering er det difor viktig at styret har sterkt fokus på denne delen av verksemda. Det er viktig at støttefunksjonane framleis blir effektiviserte gjennom for eksempel konkurranseutsetjing og outsourcing, og at eigedomsverksemda blir utvikla med sikte på sal av driftsuavhengige eigedomar. Dette vil medverke til at konsernet får etablert ein økonomisk struktur med mindre faste kostnader. Dette er viktig med tanke på at selskapet skal stå betre rusta til å møte svingningar i marknaden og opninga for konkurranse om persontransport på jernbane.

Når det gjeld utviding av satsingsområdet til også å omfatte Norden for persontransport og Europa for godstransport, må ein slik strategi ta omsyn til den normalt høgare risikoen som er knytta til utanlandsengasjement. Samferdselsdepartementet vurderer det som svært viktig at utanlandsinvesteringane skjer på ein varsom måte og at eventuelle oppkjøp av verksemder i utlandet blir avgrensa til verksemder som byggjer opp under og medverkar til å styrkje konsernet si kjerneverksemd i heimemarknaden og som gir eigaren størst mogeleg avkasting over tid.

Kapittel 5 Avkastingskrav og utbytte

Med utgangspunkt i kapitalverdimodellen blir avkastingskravet fastsett til minimum 7,2 prosent etter skatt på bokførd verdi av eigenkapitalen. Noverande avkastingskrav er fastsett til 7,5 prosent. Lågare rentenivå og ei lågare gjeld i NSB-konsernet trekkjer i retning av å kunne redusere noko på avkastingskravet. Tilførsle av eigenkapital og premie for generell marknadsrisiko medverkar på den andre sida til at avkastingskravet bør aukast. Avkastingskravet er og korrigert for utskiljinga av Flytoget AS frå NSB som blei gjennomførd 1. januar 2003.

Samferdselsdepartementet har fram til no hatt ein langsiktig utbyttepolitikk der 30 prosent av årsresultatet har vore fastsett som øvre grense for utbyttet. I følgje NSB sin langtidsplan for perioden 2004–2008 vil det årlege investeringsnivået reduserast frå 1,9 mrd. kroner i 2004 til under 1 mrd. kroner i dei komande åra. Bakgrunnen for denne reduksjonen er at det store investeringsprogrammet i persontogverksemda med innkjøp av nytt togmateriell blir venta fullførd i 2004. Samstundes har NSB no oppnådd ein tilfredsstillande eigenkapitalandel på 45 prosent. Dette gir grunnlag for å vurdere endringar i den tidligare utbyttepolitikken. Samferdselsdepartementet legg på denne bakgrunn opp til å endre utbyttepolitikken slik at den blir på linje med utbyttepolitikken i andre fristilte statlege verksemder, der utbyttet blir sett lik som innlånsrenta til staten multiplisert med eigenkapitalen, avgrensa oppover til ein viss prosentdel av årsresultatet etter skatt. Regjeringa vil kome nærmare attende til dette i budsjettet for 2006.

Til forsida