St.meld. nr. 16 (2000-2001)

Om verksemda til Statens Husbank 1998-99

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Kapittel 2 i denne meldinga gir ei oversikt over hovudtrekka i utviklinga i bustadsektoren i 1998 og 1999, mens kapittel 3 gjer greie for bruken av låne- og tilskotsordningane i perioden. Husbankens gjennomgang av resultata og røynsler for dei seinare åra syner at banken har makta å gjennomføre dei bustadspolitiske oppgåver han har hatt ansvaret for . Dette gjeld rolla som medhjelpar til bustadetablering, og som verkemiddel for bustadbygging til å prøve å tilpasse bustadbygginga til byggjeressursane dei siste åra. Talet på lån og tilskot har auka i perioden, og den sosiale profilen på utlån og tilskot treffer godt dei målgruppene som er prioriterte.

I kapittel 4 er det ein nærmare omtale på Husbankens finansiering av omsorgsbustader og sjukeheimar. Husbanken har spela ei aktiv rolle i arbeidet med å etablere fleire omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Åra 1998 og 1999 var prega av ei sterk opptrapping av satsinga på bustader for eldre gjennom bruk at tilskots- og låneordningar til omsorgsbustader og sjukeheimar.

Hausten 2000 vart det gjennomført ei utvalsundersøking om husleiger i omsorgsbustader og kommunale utleigebustader. I kapittel 5 blir det sett nærmare på denne kartlegginga, i tillegg er det ein omtale om kommunale bustøtteordningar og kostnadsdekkjande husleige.

Kapittel 6 har brei omtale av bustøtteordninga, både hovudtal frå 1998 og 1999, regelverksendringar og resultatmål. To forskningsrapportar blir omtalte: ein om forholdet mellom bustøtte og sosialhjelp, og ein om bustøtte og bustadkonsum.

Den norske Bankforening tok i 1995 opp med overvakingsorganet til EFTA, ESA, om lånegjevinga til Husbanken er i samsvar med EØS-avtala. Kapittel 7 tek for seg gangen og utfallet av denne saka.

Kontrollkomiteen i Husbanken godkjente årsmeldinga og rekneskapen for 1998 i møte 23. mars 1999, og tilsvarande for 1999 i møte av 5. april 2000.

Til forsida