St.meld. nr. 17 (2000-2001)

St.meld. nr. 17

Til innholdsfortegnelse

8 Einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

8.1 Hovudprinsipp og mål

Einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar er under 18 år og utan foreldre eller andre med foreldreansvar i Noreg. Dei generelle prinsippa for behandling av asylsøknader, mottak og busetjing av flyktningar, gjeld også for einslege mindreårige. Sentrale mål for arbeidet med einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar er:

  • rask behandling av søknadene utan at dette kjem i konflikt med grundig dokumentasjon. Dette gjeld særleg forhold omkring klargjering av identitet og alder og lokalisering av omsorgspersonar utanfor Noreg, som for denne gruppa har vist seg å vere tidkrevjande. Dette føreset ei prioritering i høve til andre asylsaker.

  • omsorg og tryggleik under opphald i statleg mottak

  • rask og godt førebudd busetjing i ein kommune. Einslege mindreårige som har slekt i Noreg, prøver ein å busetje nær eller hos slektningane.

  • heimsending etter eventuelt avslag i ei forsvarleg form

8.2 Utviklinga dei siste åra

8.2.1 Einslege mindreårige asylsøkjarar til Noreg

Det kom relativt få einslege mindreårige asylsøkjarar til Noreg midt i 1990-åra. Det er særleg i dei siste par åra at det har vore ein kraftig auke i talet på barn og ungdomar som kjem aleine til Noreg for å søkje asyl. Fleire andre europeiske land har hatt ei tilsvarande utvikling.

I 1999 kom 561 einslege mindreårige asylsøkjarar til Noreg. Til samanlikning kom det 379 i 1998 og 195 i 1997. Per 30.09 har det i 2000 kome totalt 380 einslege mindreårige asylsøkjarar. Over 20 pst. av desse kom med følgjepersonar, det vil seie bror, syster, tante, onkel eller ein kjend av familien. Nokre av dei som blir registrerte som einslege mindreårige, viser seg likevel ikkje å vere under 18 år.

Figur 8-1 Talet på einslege mindreårige asylsøkjarar versus totale tal asylsøkjarar som har kome i perioden 1990–1999

Figur 8-1 Talet på einslege mindreårige asylsøkjarar versus totale tal asylsøkjarar som har kome i perioden 1990–1999

Av dei 380 einslege mindreårige asylsøkjarane som har kome til Noreg i perioden 01.01.2000 til 30.09.2000 var om lag 70 pst. mellom 16 og 18 år. Gutar har i fleire år utgjort majoriteten av dei einslege mindreårige asylsøkjarane. Per 30.09.2000 utgjorde dei om lag 75 pst, medan jentene utgjorde om lag 25 pst. av dei einslege mindreårige asylsøkjarane som kom til Noreg. I begge gruppene var om lag 70 pst. i alderen 16–18 år. Det er ein tendens til at dei einslege mindreårige no er yngre enn tidlegare. Dei aller yngste barna kjem så og seie alltid saman med følgjepersonar. Dei siste åra har dei einslege mindreårige i hovudsak kome frå land som Somalia, Irak, Sri Lanka og det tidlegare Jugoslavia.

Noreg skil seg ut i forhold til dei andre nordiske landa på dette feltet. Ingen av dei andre nordiske landa har tilnærma så mange einslege mindreårige asylsøkjarar som Noreg. Det er òg skilnader mellom Noreg og dei andre nordiske landa når det gjeld kva landområde det kjem flest einslege mindreårige frå. Ein veit lite om kva som er årsaka til at mønsteret i Noreg er eit anna enn i dei andre nordiske landa.

Dei einslege mindreårige kan i større eller mindre grad ha vore utsette for påkjenningar som følgje av tidlegare opplevingar i samband med væpna konflikt, flukt, tap av familie, sosialt nettverk og heimland. Sjølv om mange av dei einslege mindreårige kjem frå land med krigsliknande tilstandar, er det likevel avdekt særs få tilfelle av barnesoldatar med alvorlege traume blant dei som har kome til Noreg. Dei aller fleste er ressurssterke ungdommar, med stor von for framtida.

8.2.2 Rask behandling av asylsøknadene

Utlendingslova har ikkje eigne reglar for behandling av asylsøknader frå einslege mindreårige, og heller ikkje særskilde reglar om korleis slike søknader skal vurderast. Det er likevel på fleire område gitt retningslinjer for behandlinga av slike saker. Stillinga til dei einslege mindreårige er delvis også regulert i andre lover, til dømes i lov om vergemål for umyndige av 22. april 1927 nr. 3 (verjemålslova).

Prinsipp og mål for saksbehandlinga

Asylsøknader frå einslege mindreårige skal prioriterast. UDI har hatt som internt mål å behandle 75 pst. av sakene innan sju veker. Det er etablert interne rutinar i direktoratet for å sikre oppfølginga av desse sakene, mellom anna særskilde rutinar for varsling dersom saksbehandlingstida blir lengre enn to månader.

Den raske behandlinga av søknadene skal likevel ikkje skje på ein måte som kjem i strid med rettstryggleiken, og spesielt omsynet til forsvarleg saksbehandling. Dette gjeld særleg forhold som har med klargjering av identitet, alder, eventuell lokalisering av omsorgspersonar utanfor Noreg og tidlegare opphaldsstad å gjere. Erfaring viser at dette er undersøkingar som er tidkrevjande, og som ofte fører til at det tek lang tid før ein kan ta ei avgjerd.

Særs få einslege mindreårige har til no fått asyl; dei fleste får opphald på humanitært grunnlag. Årsaka til dette er at det er få som fyller krava til å få asyl og som har behov for vern. Mange får løyve til å opphalde seg i landet på humanitært grunnlag fordi norske styresmakter ikkje greier å oppspore foreldra i heimlandet. Dersom ein ikkje finn foreldra eller andre omsorgspersonar i heimlandet eller eit anna land, blir einslege mindreårige asylsøkjarar som hovudregel ikkje sende heim.

Intervju med einslege mindreårige asylsøkjarar

Artikkel 12 i Barnekonvensjonen gir barn rett til å bli høyrde, direkte eller ved hjelp av ein representant, i alle rettslege eller administrative saker som vedkjem barnet. Dette får mellom anna verknader for behandlinga av ein asylsøknad. Kor stor vekt ein skal leggje på utsegnene til barnet, vil normalt avhenge av alderen til barnet og kva evne barnet har til å forstå den aktuelle situasjonen.

Utlendingsforskrifta § 54 har ein særskild regel om asylintervju med einslege mindreårige asylsøkjarar. Dei er ei samansett gruppe med omsyn til alder, utvikling, erfaring, kulturell bakgrunn og kjennskap til språk. I tillegg er dei utan foreldre eller andre med foreldreansvar. Dette krev ekstra stor merksemd frå mellom anna dei som skal intervjue barna. Saksbehandlarar i UDI som skal intervjue barn, får opplæring med omsyn til denne situasjonen.

Intervjuet med den mindreårige skal gjennomførast snarleg, om mogleg innan ei veke etter at vedkomande har kome til Noreg. Advokaten til den einslege mindreårige asylsøkjaren skal spesielt oppfordrast til å vere til stades under asylintervjuet. I tillegg skal ein annan vaksen person vere til stades og støtte den mindreårige (støtteperson). Dette skal vere hjelpeverja eller verja, som blir utnemnd av overformynderiet i kommunen der den mindreårige asylsøkjaren oppheld seg. Dersom det ikkje er utnemnt hjelpeverje på det tidspunktet intervjuet blir gjennomført, kan ein annan eigna vaksen person tre inn som støtteperson. Tolken kan ikkje nyttast som støtteperson.

Tufta på ei konkret vurdering i kvart tilfelle kan politiet ta fingeravtrykk av barn over 14 år som kjem åleine.

Tvil om alder

Det er blitt eit aukande problem at stadig fleire asylsøkjarar hevdar at dei er einslege mindreårige, medan dei klart er eldre. Det kan vere fleire grunnar til at mange oppgir feil alder. Eit inntrykk av at det er lettare for einslege mindreårige å få opphaldsløyve og familiesameining, enn det er for andre, kan vere viktige faktorar i denne samanhengen. I visse høve blir det nytta alderstest, særleg der konkrete forhold gjer at det er grunn til å tvile på om søkjaren er under 18 år. Den einslege mindreårige skal samtykkje i at alderstesten skal kunne gjennomførast.

I Sverige blir alderstestar rekvirerte når alderen ikkje kan fastsetjast, til dømes gjennom kontroll av opplysningar frå referansepersonar, dersom slike finst. Alderstestar blir berre nytta når mykje taler for at den oppgitte alderen til den einslege mindreårige ikkje er rett. Det er eit krav at den mindreårige og verja (i Sverige kalla «god mann») samtykkjer i at alderstesten skal kunne gjennomførast. Dersom samtykke ikkje blir gitt, blir alderen fastsett på grunnlag av observasjonane til saksbehandlaren i Migrationsverket og andre tilgjengelege data. Erfaringar viser at det er sjeldan asylsøkjarar framleis held fast ved at dei er under 18 år, når styresmaktene konfronterer dei med at dei ikkje trur på den alderen som er oppgitt. I Sverige har verken verjer, advokatar eller interesseorganisasjonar protestert mot denne praksisen.

8.2.3 Verjer

Overformynderiet skal utnemne verje/hjelpeverje for alle einslege mindreårige asylsøkjarar som kjem hit til landet. Dette gjeld òg før dei har fått opphaldsløyve. På dette tidspunktet vil det ikkje alltid vere på det reine om foreldra er i live eller ikkje, slik at det oftast blir snakk om å utnemne hjelpeverje. Verje bør utnemnast så snart som råd, og helst innan ei veke.

Oppgåvene til verja går fram av verjemålslova og av Justisdepartementet sitt rundskriv G 29/92. Verja skal vere ein slags erstattar for foreldra når det gjeld den juridiske sida av foreldreansvaret. Det inneber at verja skal vere til stades under intervjuet og sjå til at intervjuet går føre seg på korrekt og skikkeleg vis. Rapporten frå intervjuet skal gjennomlesast og underteiknast av verja saman med den mindreårige. Verja har rett til å lese gjennom saksdokumenta. Meiner verja at intervjuet går føre seg på kritikkverdig vis, bør han eller ho gjere vedkomande tenestemann/-kvinne eller vedkomande sin overordna merksam på dette. Verja bør alltid ta kontakt med advokaten som er oppnemnd, og halde seg orientert om asylsaka. Dersom søknaden om asyl blir avslått, må verja ta stilling til om avgjerda skal påklagast, eventuelt bringast inn for domstolane. Verja har partsrettar.

Dersom den mindreårige har eigne økonomiske midlar, har verja ansvaret for økonomien til den mindreårige. Verja skal opptre på vegner av den mindreårige i formuesaker. Verja vil òg ha eit visst personleg ansvar for den mindreårige. Graden av personleg hjelp og støtte som bør ytast, varierer sterkt, og ein kan vanskeleg gi klare retningslinjer på dette punktet. Men ein mindreårig kan sjølvsagt trenge støtte i mange situasjonar, og dette bør verja ha for auge. Verja må særleg vere merksam på kulturskilnader, og at den mindreårige kan ha opplevd væpna konflikt og vald. Det er likevel ikkje meininga at verja skal erstatte det sosiale støtteapparatet. Verja har ikkje sjølv ansvaret for å gi omsorg til den mindreårige. Verja si oppgåve er å sjå til at den mindreårige får dei tenestene han eller ho har krav på, og den hjelpa han eller ho treng. Verja må derfor hjelpe til med å ta kontakt med offentlege instansar og eventuelt fylle ut dei skjema som måtte vere nødvendige i den samanhengen. Verja står under tilsyn av overformynderiet og skal rådføre seg med dette organet når han eller ho er i tvil, eller når avgjerda har særleg mykje å seie for økonomien til den mindreårige.

Erfaring viser at det ofte er eit problem å finne personar som vil vere verjer. Det gjer at det for somme tek lang tid før dei får oppnemnt ei verje. Problema med å rekruttere verjer har òg fått konsekvensar for gjennomføringa av asylintervjua av dei einslege mindreårige.

FNs barnekomité har i eksaminasjonen av Noreg sin andre rapport til FN om oppfølging av barnekonvensjonen den 22. mai i 2000 uttrykt uro over at ordninga med verje for einslege mindreårige ikkje fungerer tilfredsstillande.

For å sikre at den personen som blir oppnemnd til verje har dei nødvendige kvalifikasjonane, oppnemner mange overformynderi personar som står i lagrette- eller meddommarutvala. Ein del overformynderi vender seg til ymse organisasjonar for å rekruttere verjer. Dette kan vere interesseorganisasjonar eller humanitære organisasjonar. For å auke rekrutteringa av verjer har ein del kommunar innført ei ordning med godtgjersle for verjer.

8.2.4 Omsorg og tryggleik under opphald i mottak

Avdelingar for einslege mindreårige

Det er oppretta eigne avdelingar for einslege mindreårige ved dei ordinære mottaka for asylsøkjarar og flyktningar. Dei som kjem saman med følgjepersonar, blir som regel plasserte saman med desse. Auken i talet på einslege mindreårige har gjort det nødvendig å opprette mange nye plassar for denne gruppa dei siste åra. Per 30.09.2000 budde det totalt 452 einslege mindreårige i 16 avdelingar for einslege mindreårige. Avdelingane hadde mellom 10 og 28 plassar. Til samanlikning var det i 1994 eitt mottak berre for einslege mindreårige og fire avdelingar for einslege mindreårige ved ordinære mottak. Erfaringar viser at einslege mindreårige har det betre i ordinære mottak, der dei mellom anna har høve til å få kontakt med vaksne eller familiar som kjem frå same land og snakkar same språk som dei sjølve.

Tabell 8.1 Einslege mindreårige i mottak per 30.09.2000 (fordelte på alder og kjønn)

Kjønn0–3 år4–6 år7–15 år16–18 årI alt
Gut24106243359
Jente05424693
Totalt29148289452

Tilbodet i mottak for einslege mindreårige

Ei kartlegging av forholda ved avdelingane for einslege mindreårige i januar 1999 viste at det er stor variasjon med omsyn til bemanning. I forhold til land som Danmark og Sverige har avdelingane for einslege mindreårige i Noreg låg bemanning. I Sverige er det eigne gruppeheimar for dei yngste einslege mindreårige. I Danmark finst det særskilde mottakssenter for barn opptil 15 år som kjem åleine.

Gruppa einslege mindreårige i mottak er ei særs ueinsarta gruppe. Det er store skilnader med omsyn til alder, bakgrunn og behov for oppfølging og omsorg. Det er derfor ei stor utfordring å leggje til rette for eit godt tilbod til den enkelte.

Låg bemanning er eit problem som særleg gir seg utslag når avdelingane har einslege mindreårige med særlege behov for oppfølging. Ved fleire av avdelingane har det òg budd, og bur, somme som treng psykososial oppfølging, samstundes som tilgangen på eit slikt tilbod er avgrensa. Det at det i dei siste åra har kome stadig fleire yngre einslege mindreårige til Noreg, har òg synleggjort behovet for ei større bemanning og meir barnefagleg kompetanse ved avdelingane.

Tilsette ved mottaka har etterlyst faglege retningslinjer i arbeidet med einslege mindreårige. På bakgrunn av dette har UDI, i samarbeid med mellom andre Redd Barna, utarbeidd faglege retningslinjer for arbeidet med einslege mindreårige i mottak.

Det siste året har det vore vanskeleg å opprette nye avdelingar for einslege mindreårige. Årsaka er at fleire potensielle driftsoperatørar meiner at det ikkje er mogleg å få til ei forsvarleg bemanning med dei økonomiske vilkåra staten kan tilby.

UDI skal føre tilsyn med dei ordinære mottaka minst éin gong i året, og med avdelingar for einslege mindreårige to gonger i året, jf. kap. 5.2.2.2. Tilsynet med mottaka er i dag først og fremst retta mot drifta. Mellom andre Redd Barna har vore kritiske til at det ikkje blir ført tilsyn med den enkelte einslege mindreårige.

Ei undersøking gjennomført våren 1999 viste at det varierer mykje kva skoletilbod einslege mindreårige i mottak får. Det er variasjon med omsyn til om dei deltek i ordinær grunnskoleopplæring, om dei får tilbod om grunnskoleopplæring for 16–20-åringar, og om dei får opplæring i norsk med samfunnskunnskap. Det var ingen i avdelingane for einslege mindreårige som var elev i vidaregåande skole då undersøkinga blei gjennomført. Nokre hadde søkt for det etterfølgjande skoleåret. FNs barnekomité har i eksaminasjonen av Noreg sin andre rapport til FN om oppfølging av barnekonvensjonen i mai 2000 uttrykt uro over at ein del einslege mindreårige ikkje blir inkluderte i det lokale skolesystemet.

Frivillig innsats

Det er fleire døme på gode erfaringar i Noreg med frivillig innsats for einslege mindreårige i mottak. Fleire ungdomsorganisasjonar har gjennom ei ordning med besøksteneste retta sin innsats spesielt mot einslege mindreårige. Målet med besøkstenesta har vore å gjere kvardagen for barna og ungdommane ved mottaka betre, både gjennom aktivitetar og ved å etablere vennskap og sosiale nettverk.

8.2.5 Rask og godt førebudd busetjing i ein kommune

Mål og retningslinjer

Målsetjinga er at einslege mindreårige skal busetjast så raskt som råd, og seinast innan tre månader etter at dei eventuelt har fått opphaldsløyve.

Einslege mindreårige som kjem til landet med vaksne følgjepersonar som det er naturleg at dei blir busette saman med, blir i utgangspunktet behandla som barn i familiar når det gjeld behandling av asylsøknader, mottak og busetjing. Denne gruppa blir ikkje busett før dei har opphaldsløyve, med mindre det er særskild grunn for det.

Dersom ein asylsøkjar av medisinske eller sosiale grunnar ikkje bør opphalde seg lenge i mottak, kan han eller ho bli busett i ein kommune. I 1996 blei det opna for at einslege mindreårige asylsøkjarar kan kome inn under ordninga med såkalla direktebusetjing. Ei individuell vurdering skal liggje til grunn i kvart tilfelle.

Utarbeiding av ein individuell handlingsplan

Når ein kommune har samtykt i busetjing, skal det utarbeidast ein individuell plan for den enkelte einslege mindreårige. UDI har laga ein mal for ein slik plan. Planen skal vere eit verktøy for kommunane når dei skal gjennomføre kartlegging og planlegging i samband med busetjinga. Planen skal utarbeidast i samarbeid mellom mottaket, den mindreårige og representantar frå busetjingskommunen. Planen skal innehalde faktaopplysningar, ei vurdering av bu- og omsorgsløysinga og målsetjingar for arbeidet til kommunen. Planen skal tilfredsstille både eit kortsiktig og eit langsiktig behov. Den einslege mindreårige må sjølv samtykkje, og verja må godkjenne at opplysningane blir gitt.

Erfaringar

I 1999 busette kommunane fleire einslege mindreårige enn nokon gong tidlegare. Totalt blei 302 einslege mindreårige busette i 1999. Til samanlikning blei det busett 215 i 1998 og 130 i 1997. Per 30.09. var det i 2000 busett totalt 221 einslege mindreårige utan følgjepersonar og 52 med følgjepersonar. Trass i at busetjinga av einslege mindreårige har fått høg prioritet, har vi ikkje nådd målsetjinga om at einslege mindreårige utan følgjepersonar skal vere busette innan tre månader etter at dei eventuelt har fått opphaldsløyve. Tal per 30.09.2000 viser at 39 pst. av dei einslege mindreårige utan følgjepersonar blei direktebusette. Av dei einslege mindreårige utan følgjepersonar som blei busette etter at det var gjort vedtak, blei berre 39 pst. busette innanfor tre månader. Gjennomsnittleg opphaldstid i mottak for alle einslege mindreårige var per 30.09.2000 på om lag åtte månader.

Lang opphaldstid i mottak må sjåast i samanheng med auken i talet på einslege mindreårige som kjem til Noreg, og i forhold til at behandlinga av søknadene om asyl og busetjing i kommunane tek lengre tid enn føresett. At det blei opna for at einslege mindreårige asylsøkjarar kunne bli omfatta av ordninga med direktebusetjing, har ikkje hatt den forventa innverknaden på opphaldstida i mottak. I praksis er det i hovudsak einslege mindreårige som er i følgje med slektningar, som blir busette før det er gjort vedtak.

Årsakene til at kommunane vegrar seg mot å ta imot einslege mindreårige, er samansette. Ved busetjing av einslege mindreårige er det behov for ekstra tilrettelagde bu- og omsorgsløysingar. Fleire kommunar er usikre på kva slags buløysingar og kva slags støtteapparat dei skal velje. Ein del kommunar meiner òg at dei ikkje har tilstrekkeleg kompetanse til å ta imot einslege mindreårige. Den mest vanlege innvendinga er likevel at dei statlege tilskotsordningane ikkje strekk til.

Somme einslege mindreårige har eit ekstra hjelpebehov under opphald i mottak. Det er også slik at einslege mindreårige med eit stort behov for hjelp er blant dei som ventar lengst på busetjing. Før busetjing har ein del einslege mindreårige med ekstra hjelpebehov vore plasserte i behandlingsinstitusjon, barnevernsinstitusjon, kollektiv eller liknande. Det finst i dag døme på at nokre av desse barna blir tilbakeførte til mottaka etter opphald på institusjon, sjølv om nettverket og støtteapparatet deira no er i ein annan kommune og det ikkje er til det beste for barnet å bli sendt tilbake til mottaket. Årsaka til dette kan vere at kommunane vegrar seg for å busetje ein einsleg mindreårig med store behov for hjelp, dels på grunn av kostnadene dette kan påføre kommunen, dels på grunn av den belastninga hjelpeapparatet vil bli utsett for.

Mange kommunar meiner at dei statlege overføringane til kommunane ved busetjing av einslege mindreårige er for låge. Kommunane får eit særskilt tilskot for busetjing av einslege mindreårige i tillegg til vanleg integreringstilskot. Frå 1999 blei tilskotet auka frå kr 80 000 til kr 90 000 per år. I tillegg blei aldersgrensa for tilskotet endra frå 18 til 20 år. Barne- og familiedepartementet presiserte i januar 2000 at utgifter til ulike typar busetjingstiltak med støtte og oppfølging som blir etablert for einslege mindreårige etter barnevernslova § 4-4, også utløyser refusjon frå fylkeskommunen, i den grad utgiftene overstig den kommunale eigendelen. Den kommunale eigendelen er i dag lågare enn summen av dei tilskota kommunane tek imot (jf. kap. 11 for ei nærmare vurdering av finansieringsordningar ved busetjing av einslege mindreårige).

Organisatorisk forankring i kommunen

Det er den enkelte kommune som sjølv avgjer i kva etat arbeidet med einslege mindreårige skal forankrast administrativt, og korleis kommunen vil organisere og løyse dei oppgåvene som følgjer av å ta imot og busetje einslege mindreårige. Dette inneber at det i dag er store skilnader mellom kommunane når det gjeld forankring av arbeidet, organisering og arbeidsformer. Somme kommunar har forankra ansvaret og arbeidet hos barnevernet, andre kommunar har forankra ansvaret og arbeidet hos eit flyktningkontor eller hos andre tenesteeiningar med faglege føresetnader for å arbeide med einslege mindreårige.

Om bruk av lov om barneverntjenester

Lov om barneverntjenester av 1. januar 1993 (barnevernslova) gjeld for alle barn som oppheld seg i Noreg. Det går fram av lova at kommunen skal følgje nøye med i dei forholda barn lever under, og har ansvar for å setje i verk tiltak som kan førebyggje omsorgssvikt og åtferdsproblem. Barneverntenesta har eit spesielt ansvar for å avdekkje omsorgssvikt, åtferdsproblem og sosiale og emosjonelle problem så tidleg at varige problem ikkje får utvikle seg, og for å setje inn tiltak i forhold til dette, jf. barnevernslova § 3-1. Denne paragrafen inneber at alle etatar i kommunen har eit ansvar for generelle førebyggjande tiltak retta mot barn og unge, medan barnevernet har eit spesielt ansvar for å setje inn individretta tiltak. Uavhengig av kvar kommunen har forankra ansvaret og arbeidet med einslege mindreårige som gruppe, har den enkelte einslege mindreårige rett til tenester og tiltak etter barnevernslova dersom vedkomande har eit særleg behov for hjelp (jf. Retningslinjer av 10. desember 1998 til lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 «Hjelpetiltak – barnevernsloven § 4-4»). Barneverntenesta kan kontaktast for råd og rettleiing. Barneverntenesta vurderer om ei melding skal følgjast opp med undersøkingar og eventuelle tiltak.

Boks 8.1 Oppvekst og levekår for einslege mindreårige flyktningar i Noreg

I 1999 fekk Høgskolen i Telemark i oppdrag å kartleggje korleis det har gått med personar som kom til Noreg som einslege mindreårige asylsøkjarar for om lag ti år sidan. Prosjektet følgjer dei einslege mindreårige som kom til landet i 1990 og 1991. Sentrale tema er utdanning, arbeid, etablering av eige hushald og familie, økonomi, fritid, helse og sosialt nettverk. Prosjektet omfattar både ein kvalitativ studie av 25 einslege mindreårige og ein kvantitativ studie som omfattar heile gruppa.

Mange av dei einslege mindreårige som den kvalitative undersøkinga omfattar, blei privatplasserte hos slektningar eller andre med same etniske bakgrunn. Særs mange av desse barna blei omplasserte éin eller fleire gonger før dei blei myndige. Det er ulike årsaker til at slike private omsorgsplasseringar har vore vanskelege. Det vidare arbeidet med det innsamla datamaterialet vil få fram dei ulike prosessane som har ført til brot eller gitt stabilitet i omsorga. Førebels resultat tyder på at brota ofte kjem av at omsorgspersonane sjølve ikkje har greidd å orientere seg i det norske samfunnet. Desse vaksenpersonane har ofte sjølve hatt behov for vern og kontroll, og har ikkje vore i stand til å vere gode rettleiarar for mindreårige. Dei ulike historiene tyder òg på at det offentlege, og då i særleg grad barnevernet, i liten grad har følgt opp barna etter busetjing.

Førebels resultat tyder òg på at mange av dei mindreårige har brukt opptil tre år før dei var klare til å begynne på vidaregåande skole. Mange av dei har derfor fått høg studiegjeld før dei har kome i gang med anna utdanning, noko som har gjort at mange av dei har vegra seg for å ta høgare utdanning. Det er svært få i gruppa som har fått familiesameining, og mange har heller ikkje søkt om det. Prosjektet skal etter planen ferdigstillast i 2000.

Boks 8.2 Utvikling av modellar for arbeid med einslege mindreårige

I 1999 fekk SINTEF IFIM i oppdrag å gjennomføre eit forskings- og utviklingsprosjekt for å utvikle modellar for kommunalt arbeid med einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Siktemålet med prosjektet er å finne fram til arbeidsformer som medverkar til å skape gode vilkår for oppvekst og utvikling for denne gruppa av barn og unge. Tema som det blir fokusert særleg på, er bu- og omsorgsløysingar, skole og utdanning, kultur og fritid, psykososialt arbeid og reetablering av kontakt med foreldre og heimland. Seks kommunar deltek i prosjektet, som legg vekt på individuell tilpassing og utvikling av lokale løysingar. Kunnskapen og erfaringane frå prosjektkommunane skal dokumenterast og formidlast til andre kommunar undervegs. Prosjektet skal halde fram til hausten 2001.

Ulike bu- og omsorgsløysingar

Arbeidet med einslege mindreårige er eit relativt nytt arbeidsfelt for mange kommunar, samstundes som det er eit arbeidsfelt i stadig utvikling og endring. Auken i talet på einslege mindreårige som har kome til Noreg i dei siste åra, har gitt mange nye utfordringar, samstundes som den faglege innsikta er blitt betre. Uavhengig av organisatorisk forankring og ulike arbeidsformer er målet å etablere bu- og omsorgsløysingar tilpassa den enkelte, løysingar som i størst mogleg grad medverkar til tryggleik, omsorg, utvikling, stabilitet og kontinuitet, og som reduserer risikoen for omplasseringar og nye oppbrot.

Bu- og omsorgsløysingane går i hovudsak ut på at ein flyttar inn hos slektningar, på hybel, i bufellesskap, i fosterheim eller i ein fylkeskommunal barnevernsinstitusjon. Særskilde tilbod blir òg gitt i form av mellom anna leksehjelp eller støttekontaktordning.

Valet av bu- og omsorgsløysing for einslege mindreårige flyktningar skjer mellom anna ut frå omsyn til slektsforhold, alder, omsorgsbehov og eventuelle hjelpebehov. Dei som har slekt i landet, blir oftast busette direkte hos slektningane, dersom relasjonen mellom barna og familien er gode og familien har evne og kapasitet til å ta seg av eit ekstra barn. Hybel og bufellesskap blir som regel berre tilbode eldre ungdommar. Di yngre den einslege mindreårige er, di større er omsorgsbehovet. Særs unge einslege mindreårige utan slekt i Noreg blir ofte plasserte i fosterheim, gjerne i ein heim der ein eller begge foreldra har same etniske bakgrunn som barnet. For einslege mindreårige med ekstra store hjelpebehov vil i visse tilfelle ein fylkeskommunal institusjon vere løysinga. Fylkesmannen skal etter barnevernslova føre tilsyn med barnevernsinstitusjonane. Det er kommunane som har ansvar for å etablere ordningar for tilsyn med einslege mindreårige som er under kommunale tiltak, som til dømes bukollektiv eller ein hybel.

For å styrkje den lokale kompetansen i arbeidet med einslege mindreårige gir Barne- og familiedepartementet ut ei handbok for kommunalt tilsette, som skal nyttast som rettleiar i arbeidet med einslege mindreårige.

8.2.6 Heimsending skal skje i forsvarleg form

Einslege mindreårige asylsøkjarar blir som hovudregel ikkje sende tilbake til heimlandet med mindre styresmaktene har funne foreldra eller omsorgspersonar til barna. Mange får opphald i Noreg av di ein ikkje greier å finne foreldra i rimeleg tid, sjølv om barnet isolert sett ikkje har noko behov for vern mot forfølging i heimlandet eller andre stader.

Sameining med foreldre anten i Noreg eller i heimlandet

Artikkel 10 i Barnekonvensjonen omhandlar familiesameining. Konvensjonen fastslår at søknader skal behandlast positivt, humant og raskt. Landa skal halde ein viss standard når det gjeld prosedyrar for behandling av slike søknader. Landa har likevel ikkje noka plikt på seg når det gjeld utfallet av søknadsbehandlinga.

Utlendingar som har fått opphaldsløyve i Noreg, kan søkje om familiesameining med dei nærmaste familiemedlemmene sine, slik dette er definert i forskrifta til utlendingslova §§ 23 og 24. I hovudsak gjeld det ektefelle, barn og foreldre.

Ved søknad om familiesameining er det viktig kva slags opphaldsgrunnlag den einslege mindreårige har. Dersom den einslege mindreårige har fått asyl, ligg det føre ein rett til familiesameining. Dette følgjer av utlendingslova § 9, jf. forskrifta § 22, jf. § 23 bokstav g. Er det gitt opphald på humanitært grunnlag, ligg det ikkje føre nokon vilkårslaus rett.

For einslege mindreårige som har fått opphald på humanitært grunnlag, blir spørsmålet om familiesameining vurdert på bakgrunn av dei generelle reglane i utlendingslova § 8 andre ledd, jf. forskrifta § 24 andre ledd, som seier at opphaldsløyve kan bli gitt når sterke menneskelege omsyn talar for det. Ei viktig årsak til at den einslege mindreårige har fått opphald på humanitært grunnlag, er ofte at foreldre eller andre nære omsorgspersonar i heimlandet ikkje er blitt oppspora. Når det seinare blir søkt om familiesameining, er det ikkje utan vidare gitt at sameining bør skje i Noreg.

Alderen til den einslege mindreårige har til no vore viktig for om det blir gitt løyve til familiesameining. I samsvar med ein slik praksis er løyve til familiesameining i utgangspunktet blitt gitt når det gjeld dei yngste barna. Det er då rutinemessig blitt gjort unntak frå underhaldskravet. For barn over 15 år er det berre unntaksvis blitt gitt løyve til familiesameining.

Eksekutivkomiteen i UNHCR (1987, konklusjon nr. 47) har uttalt at ein som den beste løysinga alltid bør vurdere frivillig tilbakevending for einslege flyktningbarn. Dersom ein etter ei individuell behandling av asylsøknaden ikkje finn at det er noko behov for vern, bør omsynet til barnet sitt beste tilseie at utlendingsstyresmaktene vurderer om det er mogleg med sameining i heimlandet, før det eventuelt blir gitt opphaldsløyve i Noreg. Internasjonalt har ein den seinare tida fokusert på verknaden av å setje inn ressursar for å oppspore foreldra i heimlandet.

Mange av dei som kjem til Noreg som einslege mindreårige asylsøkjarar, har foreldre eller andre omsorgspersonar i heimlandet eller i eit anna land. Å få halde kontakt med sin eigen familie er viktig for alle barn.

Sverige er det landet i Norden som mest aktivt driv ettersøking av foreldre og andre omsorgspersonar til einslege mindreårige asylsøkjarar. Deira utgangspunkt er at det beste for barnet ofte tilseier at det bør bu saman med sin eigen familie i heimlandet, og om barnet likevel blir buande i Sverige, er det i alle høve til barnet sitt beste om det kan ha kontakt med familien.

8.3 Utfordringar og tiltak

Det er brei semje om at einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar er ei gruppe som har spesielle behov for hjelp for å kunne meistre den situasjonen dei er i. Det er ei utfordring å sikre dei rask behandling av asylsøknaden, omsorg og tryggleik i mottak og ei rask og god busetjing. Auka innsats må òg setjast inn for å finne foreldra til barna. Omsynet til kva som er til barnet sitt beste, må vere i fokus i alle ledd.

8.3.1 Raskare saksbehandling i asylsaker

Behandling av søknader om asyl frå einslege mindreårige må også i framtida få prioritet i alle ledd. Det er å vone at saksbehandlinga vil gå raskare etter at UDI tok over ansvaret for å intervjue asylsøkjarar. Di raskare einslege mindreårige får eit vedtak, di raskare kan dei busetjast i Noreg eller bli sende tilbake til foreldra sine i heimlandet eller eit anna land, dersom dei blir funne.

Dei nye måla for saksbehandlingstid for UDI og Utlendingsnemnda, som er omtalte i kap. 4 om saksbehandling i asylsaker, gjeld også for einslege mindreårige asylsøkjarar. Det vil seie at i saker der det ikkje er nødvendig å innhente meir informasjon, er målet at UDI skal gjere vedtak innan fem veker, medan målet i saker der det er nødvendig å innhente meir informasjon, er tolv veker etter at nødvendig informasjon er motteken. Når det gjeld eventuelle klager på vedtaket gjort av UDI, er målet at Utlendingsnemnda skal gjere vedtak innan 16 veker i saker der det ikkje er nødvendig med meir informasjon. I saker der det er nødvendig med meir informasjon, er målet at Utlendingsnemnda skal gjere vedtak innan 16 veker etter at nødvendig informasjon er motteke.

Det er viktig at dei einslege mindreårige så snart som mogleg etter at dei har kome til landet får informasjon om kva rettar dei har og korleis saksgangen vil vere. Dersom dei ikkje fyller krava for å få asyl, må dei på eit så tidleg tidspunkt som råd bli gjort merksam på haldninga til styresmaktene om at barn som utgangspunkt bør bu saman med foreldra sine, og at ein umiddelbart vil setje i gang tiltak for å oppspore familien til barnet i heimlandet med sikte på sameining der. Det er viktig at også verjen til barnet blir informert om dette, slik at han eller ho kan bidra til å motivere barnet til å akseptere eit mogleg avslag på asylsøknaden, jf. nedanfor.

Satsing på oppsporing av familie i heimlandet

Ein skal vere merksam på at mange barn blir sende heimafrå for at dei skal få det betre materielt sett og betre høve til å skaffe seg utdanning enn dei kan ha von om i heimlandet. I mange tilfelle har familien òg ei von om at dei sjølve skal kunne kome etter seinare. Dette er å leggje eit stort ansvar på eit barn, og vil såleis bli opplevd som ei tung byrde. Forsking viser at i mange tilfelle er barna også pålagde av familien å ikkje fortelje nokon om dette, eller at dei veit kvar foreldra er. Av lojalitet til foreldra held dei derfor dette for seg sjølve. Saknet etter foreldra kan vere stort hos desse barna, samstundes som dei slit med spørsmålet om kvifor familien sende akkurat dei frå seg. Dette er ein situasjon ingen barn bør bli sette i, og noko norske styresmakter ikkje bør byggje opp under. Opphaldsløyve i Noreg vil ikkje nødvendigvis vere til det beste for barnet, særleg ikkje for dei yngste barna.

Regjeringa ønskjer derfor å styrkje arbeidet med å finne foreldra eller eventuelt andre omsorgspersonar til dei einslege mindreårige asylsøkjarane, i første rekkje med sikte på at barna kan etablere kontakt med foreldra/omsorgspersonane og få den tryggleiken det gir, men òg med tanke på at dette kan gi grunnlag for at barnet kan sameinast med familien i heimlandet. Ei auka satsing på å sameine barna med foreldra sine i heimlandet kan dessutan motverke tendensen til at barn i aukande grad blir sende heimanfrå som såkalla ankerbarn. Som nemnt over under kap. 8.2.1, kjem det mange fleire einslege mindreårige til Noreg enn til dømes til Sverige. Det kan henge saman med at svenske styresmakter berre unntaksvis gir opphaldsløyve før familiesameining, og at dei har lagt meir vekt på å oppspore familien i heimlandet. NSHF har rådd dei nordiske landa til å arbeide for å samordne regelverk og praksis når det gjeld einslege mindreårige, mellom anna med omsyn til kva slags løyve dei får, og kva retningslinjer landa følgjer når det gjeld familiesameining for denne gruppa.

I tråd med dette har Justisdepartementet det siste året arbeidd med ei justering av praksis i dei sakene der einslege mindreårige har fått opphald på humanitært grunnlag og familien til vedkomande søkjer om familiesameining i Noreg. Dersom omsorgssituasjonen til den einslege mindreårige blir vurdert som tilfredsstillande her i landet, er familiesameining blitt avslått. Departementet vil òg vurdere nærmare om ein bør gjere endringar i løyvegrunnlaget for einslege mindreårige.

Det er ofte tidkrevjande å oppspore familiemedlemmer til dei einslege mindreårige. Ein må derfor vere budd på at denne delen av saksbehandlinga kan ta lang tid. Dette arbeidet vil også vere ei oppfølging av St. meld. nr. 21 (1999–2000) Menneskeverd i sentrum – Handlingsplan for menneskerettigheter.

Noreg har teke på seg ansvaret for å etablere ei felles nordisk arbeidsgruppe som skal sjå nærmare på korleis arbeidet med å oppspore foreldre/omsorgspersonar skjer og bør skje vidare framover. Her reknar vi med å dra god nytte av dei erfaringane Sverige har gjort.

Personar som klart ikkje er mindreårige

Dei siste åra har det vore eit aukande problem at personar som er vaksne, oppgir å vere einslege mindreårige. At vaksne personar prøver å omgå systemet på denne måten, er ikkje akseptabelt. I Sverige har ein god erfaring med å la dei som klart ikkje er mindreårige, sjølve sannsynleggjere at dei er mindreårige.

Regjeringa vil vurdere om ein i Noreg i større grad skal nytte alderstestar for dei søkjarane som framstår som eldre enn dei oppgir. I tilfelle der søkjaren klart ser eldre ut, bør det leggjast vekt på om søkjaren kan sannsynleggjere at han/ho er under 18 år.

8.3.2 Rekruttering og opplæring av verjer

For å sikre rettstryggleiken til einslege mindreårige er det viktig at dei får oppnemnt verje så raskt som mogleg etter at dei har kome til Noreg. Det er i dag vanskeleg å rekruttere nok verjer til einslege mindreårige. Det er behov for auka innsats med sikte på å rekruttere verjer.

Overformynderia i kommunane, som er ansvarleg for å rekruttere og skolere verjer til einslege mindreårige, må ta i bruk nye verkemiddel/tiltak for å auke tilgangen på verjer for denne gruppa. Ei løysing kan vere å rekruttere verjer på same måten som kommunane rekrutterer støttekontaktar, det vil seie gjennom utlysingar og annonsar i dagspressa og andre stader. Overformynderia bør innleie eit samarbeid med frivillige organisasjonar og humanitære organisasjonar. Mange av desse organisasjonane har eit landsdekkjande nettverk som kan mobiliserast i større grad enn det som er tilfellet i dag. Ein del stader vil ein òg kunne rette ein innsats mot studentgrupper for å rekruttere blant dei.

Overformynderia har i samsvar med gjeldande rundskriv høve til å gi ei utvida godtgjersle til verja. Ein del kommunar nyttar i dag dette høvet til å auke rekrutteringa av verjer, og har hatt gode erfaringar med det.

Den spesielle situasjonen til einslege mindreårige gjer det særs viktig at dei får ei verje. Regjeringa legg til grunn at kommunane nyttar ulike løysingar for å sikre at dei einslege mindreårige får verje, til dømes ei godtgjersle.

Det er ulike oppfatningar når det gjeld kva rolle ei verje bør ha. Mellom anna Redd Barna tilrår at verja også bør ha ein funksjon som støttekontakt. Dei viser då til ordninga i Sverige, der det både blir utnemnt ein offentleg representant for barnet («biträdare») som skal vere til stades ved asylintervjuet, og ein «god mann». Ein «god mann» har ei meir omfattande oppgåve enn ei verje i Noreg. Han skal representere barnet i spørsmål om busetjing og vere til stades ved kontakt med det offentlege.

Med tanke på problema med å rekruttere nok verjer er det lite realistisk å utvide den funksjonen ei verje er meint å ha i Noreg. Ein bør derfor i staden satse meir på støtteordningar som til dømes besøksheimar og støttekontaktar for einslege mindreårige, som eit supplement til ordninga med verje.

Regjeringa vil vurdere spørsmålet knytt til ordninga med verjer generelt og spesielt oppgåvene til verjene og overformynderia, og om det bør innførast godtgjersle for oppnemnde verjer.

8.3.3 Betre standard på tilbodet i mottak

Tilbodet til einslege mindreårige i mottak må sjåast i samanheng med kor lenge opphaldet varer. Erfaring viser at uvisse med omsyn til utfallet av asylsøknaden har størst innverknad på korleis dei einslege mindreårige har det i den tida dei bur i mottak. Deretter kjem uvissa med omsyn til kva for ein kommune dei skal busetjast i. Regjeringa vil derfor først og fremst rette innsatsen mot rask behandling av asylsøknaden og rask busetjing i ein kommune. Regjeringa legg derfor i denne meldinga fram forslag til tiltak som kan medverke til dette, jf. kap. 4 og kap. 6.

På bakgrunn av den spesielle situasjonen einslege mindreårige er i, er det likevel nødvendig å ha eit kontinuerleg fokus på tilbodet i mottak for denne gruppa. Bemanninga ved avdelingane er særleg viktig for at målet om omsorg og tryggleik i mottak skal bli nådd. Det er òg viktig at dei tilsette har god, og gjerne variert, kompetanse i arbeidet med denne gruppa, og at det er både kvinner og menn blant dei tilsette.

Regjeringa er særleg uroleg for at avdelingane for einslege mindreårige har ulik grad av bemanning, og at fleire avdelingar har lite personell med barnefagleg kompetanse. Dette kan gjere at dei tilsette ikkje kan gi dei mindreårige den oppfølginga dei har behov for .Regjeringa meiner derfor at det er behov for å betre tilbodet til einslege mindreårige i mottak.

Ein måte å betre tilbodet i mottak for einslege mindreårige på, kan vere å etablere eigne mottak berre for denne gruppa. På den eine sida vil dette kunne sikre dei mot uheldig påverknad frå eldre ungdommar/vaksne, samstundes som dei tilsette ved mottaka berre får éi gruppe å ta omsyn til og leggje til rette tilbodet for. På den andre sida vil eigne mottak berre for einslege mindreårige innebere at dei får mindre kontakt med vaksne, og at dei dermed misser mykje av den tryggleiken dette kan innebere. Erfaring viser at vaksne bebuarar ofte tek eit ansvar for å gi omsorg og tryggleik til einslege mindreårige i mottak. Det er òg viktig for dei einslege mindreårige å ha kontakt med personar, både barn og vaksne, med same etniske bakgrunn. Det er lettare å leggje til rette for dette i det noverande systemet med eigne avdelingar for einslege mindreårige knytte til ordinære mottak. Erfaringar frå tidlegare tilseier òg at det ikkje er ønskjeleg å gå tilbake til ei ordning med eigne mottak for einslege mindreårige. Regjeringa legg derfor til grunn at den noverande ordninga med eigne avdelingar for einslege mindreårige skal vidareførast.

Auka bemanning og heving av fagkompetansen

Ein auke i bemanninga og ei styrking av fagkompetansen til dei tilsette vil vere viktige tiltak for å betre kvaliteten på tilbodet til einslege mindreårige i mottak. Dette er viktig både for å sikre den enkelte einslege mindreårige meir vaksenkontakt og individuell oppfølging, og for å betre arbeidsforholda for dei tilsette. Det er òg grunn til å tru at tilfella av tilvising til hjelpeapparatet vil bli færre dersom bemanninga blir styrkt.

For å betre tilbodet til einslege mindreårige i mottak vil Regjeringa derfor foreslå ei styrking av bemanninga og fagkompetansen til dei tilsette ved avdelingane for einslege mindreårige i mottak.

Eigne avdelingar for dei som er under 15 år

Det er eit stort aldersspenn i gruppa einslege mindreårige. Det er derfor ei utfordring for dei tilsette å gi barna/ungdommane ei god oppfølging, ettersom det er store forskjellar i behov og interesser. Utviklinga viser òg at stadig fleire av dei einslege mindreårige er yngre enn det som var tilfellet før. Dei yngste barna vil ha eit særskilt behov for oppfølging og omsorg.

Regjeringa meiner at det er eit særleg behov for å styrkje tilbodet til dei aller yngste barna. UDI arbeider derfor med å opprette ei eiga avdeling med styrkt bemanning for einslege mindreårige barn under 15 år. Dette tilbodet skal i hovudsak rettast mot dei som er utan følgjepersonar eller anna tilknyting til Noreg. Majoriteten av dei einslege mindreårige under 15 år kjem til Noreg i lag med eldre sysken eller andre vaksenpersonar. Dei vil framleis bu i mottak saman med desse.

Instruks for tilsyn med einslege mindreårige

Regjeringa meiner at det må vere ei prioritert oppgåve å sikre kvaliteten på drifta av mottaka. Tilsynet av avdelingane med einslege mindreårige vil derfor bli vidareutvikla. I tillegg er det viktig å la dei einslege mindreårige sjølve få uttale seg om sin eigen situasjon og sine eigne behov. Det bør derfor også innførast ei ordning med tilsyn med kvart enkelt barn. Kommunal- og regionaldepartementet vil i samarbeid med Barne- og familiedepartementet utarbeide ein eigen instruks for tilsyn med einslege mindreårige.

Oppfølging av opplæringstilbodet til einslege mindreårige i mottak

Einslege mindreårige er ei gruppe i skjeringspunktet mellom ordinær grunnskoleopplæring, vidaregåande opplæring, grunnskoleopplæring for dei mellom 16 og 20 år og vaksenopplæring. Det kan til tider vere vanskeleg å avgjere kva opplæringstilbod som høver best .Regjeringa meiner det er viktig at kvar enkelt mindreårige får eit opplæringstilbod som er relatert til tidlegare opplæring i heimlandet, og som best mogleg er tilpassa ressursane og behova til den enkelte. Det må òg vere ei prioritert oppgåve å styrkje tilbodet om leksehjelp for einslege mindreårige.

Regjeringa vil òg understreke verdien av at skoletilbodet til einslege mindreårige blir etablert utanfor mottaket. Dersom ein legg tilbodet om eksamensretta grunnskoleopplæring til den vidaregåande skolen, vil det gjere det lettare for ungdommane å kome i kontakt med norske ungdommar på same alder.

For å få ei betre oversikt over skoletilbodet til einslege mindreårige i mottak, og for å kunne følgje opp dette tilbodet betre, vil mottaka få i oppdrag å rapportere til UDI om det skoletilbodet einslege mindreårige får. Rapporteringa skal omfatte alder, tidlegare skolegang og kva slags opplæring den enkelte får. UDI vil utarbeide ein samlerapport som skal sendast til Statens Utdanningskontor for nærmare vurdering og for oppfølging overfor den enkelte kommune/fylkeskommune.

Etablering av sosialt nettverk

Det må vere ei prioritert oppgåve å styrkje det sosiale nettverket til einslege mindreårige, både når dei bur i mottak og etter busetjing i ein kommune. Ei ordning med støttekontakt for einslege mindreårige vil styrkje det sosiale nettverket til desse barna og ungdommane. Ei ordning med besøksheim for einslege mindreårige kan òg vere eit aktuelt tiltak. Dette er ordningar som bør utviklast og organiserast i samarbeid med mellom anna frivillige organisasjonar.

Det er behov for at fleire av dei frivillige organisasjonane i Noreg rettar ein auka innsats mot barn og ungdom i mottak. Dei frivillige organisasjonane kan gjennom tilrettelegging av aktivitetar og sosiale nettverk medverke til at kvardagen på mottaka blir betre. Å etablere eit sosialt nettverk mellom norske barn og ungdommar og barn og ungdommar som bur i mottak, vil vere verdifullt for begge partar. Det vil òg kunne lette seinare arbeid i kommunane og førebyggje utvikling av fordommar i lokalsamfunnet.

Førebels resultat frå studien om oppvekst og levekår for einslege mindreårige, jf. boks 8.1, viser at tilknyting både til vaksenpersonar og til ungdomsmiljø er viktige faktorar i oppveksten til dei einslege mindreårige i Noreg.

Regjeringa vil derfor oppmode både dei frivillige organisasjonane og kommunane til eit aktivt samarbeid med mottaka for å etablere eit sosialt nettverk kring den enkelte unge.

Fokus på psykisk helse

Forsking viser at det er viktig å vere merksam på psykiske problem hos barn i mottak. Ei førebels vurdering av den psykiske helsa skal inngå som ein del av første gongs helseundersøking i transittmottak. Det er viktig at dei einslege mindreårige får tilbod om ein oppfølgingssamtale og ei grundigare helseundersøking også i det ordinære mottaket, slik at eventuelle hjelpebehov kan avklarast tidleg. Regjeringa vil òg vise til at forslaget om å auke bemanninga og heve fagkompetansen til dei tilsette i mottak er eit viktig tiltak for å førebyggje eventuelle psykiske problem. Dei einslege mindreårige vil då bli sikra meir individuell oppfølging og vaksenkontakt.

Regjeringa vil at den som har ansvaret for oppfølging av og omsorg for einslege mindreårige ved mottaket i løpet av ein månad, etter at den einslege mindreårige er komen til mottaket, skal vurdere den enkelte einslege mindreårige. Målsetjinga med ei slik vurdering er å klargjere om barnet har særskilde hjelpebehov, eventuelt behov for utgreiing. Dersom det er behov for hjelpetiltak, skal barnet bli vist til det ordinære tenesteapparatet. Tiltaket krev tverrfagleg og tverretatleg innsats frå fleire tenester på kommunalt nivå med bistand frå fylkeskommunen når det er behov for det.

8.3.4 Rask og god busetjing

Sjølv om standarden på tilbodet i mottak blir betre, er det brei semje om at lange opphald i mottak for einslege mindreårige er særs uheldig. Med den gjeldande busetjingsordninga har det i dei siste åra vore vanskeleg å nå målsetjinga om rask busetjing, sjølv om det frå 1996 er opna for at einslege mindreårige kan busetjast direkte i kommunar før det er gjort vedtak i asylsaka.

Regjeringa vil vise til forslaget om å innføre ei ny ordning for busetjing av flyktningar, der eit utval på nasjonalt nivå fastset talet på flyktningar som skal busetjast i kvart fylke komande år. Eit tilsvarande utval på fylkesnivå vil så igjen fastsetje og tildele dei enkelte kommunane det talet dei skal busetje komande år (jf. kap. 6 for ein nærmare omtale av ordninga). Ordninga vil sikre raskare busetjing også for einslege mindreårige flyktningar. Ein viktig føresetnad vil vere at einslege mindreårige får prioritet. Ordninga vil også omfatte asylsøkjarar som av medisinske eller sterke sosiale grunnar ikkje bør opphalde seg i mottak. Dette vil då òg gjelde einslege mindreårige med særlege behov.

Når det gjeld einslege mindreårige som i samband med opphald på ein institusjon har fått eit nettverk og eit støtteapparat der institusjonen ligg, meiner Regjeringa at dei må busetjast i den kommunen der institusjonen ligg, dersom dette er til det beste for barnet.

Regjeringa meiner at forslaget om ei ny ordning for busetjing og betringa i dei økonomiske rammevilkåra for kommunane (jf. kap. 11.8) til saman gir eit godt utgangspunkt for å sikre både rask og god busetjing i kommunane.

Fylkeskommunen vil vere ein viktig samarbeidspartnar når det gjeld å finne fram til best moglege omsorgsløysingar for kvart enkelt barn. Samarbeidet mellom UDI, kommunane, fylkeskommunane og fylkesmennene om ulike tiltak i arbeidet med å busetje einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, vil derfor bli ført vidare.

Utarbeiding av ein individuell plan for kvar enkelt einslege mindreårige er eit viktig tiltak for å førebu ei god busetjing. I mange tilfelle vil det òg vere ein fordel om busetjingskommunen besøkjer den einslege mindreårige i mottaket, slik at dei saman kan planleggje ei god bu- og omsorgsløysing.

Arbeidet i kommunane – organisatorisk forankring

Kommunar som buset einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, har fått ei viktig og utfordrande oppgåve med å leggje til rette for at dei einslege mindreårige blir sikra tryggleik, omsorg, kontinuitet og utvikling fram til dei blir i stand til å greie seg sjølve.

Dei fleste einslege mindreårige ønskjer i utgangspunktet å vere som alle andre ungdommar i Noreg. Dei tiltaka og det støtteapparatet som barnet eller ungdommen treng, er delvis lik dei tiltaka og det støtteapparatet som norske barn og ungdommar treng, om dei ikkje har foreldre eller andre vaksne med foreldreansvar. Dei treng mellom anna økonomisk støtte, ein god stad å bu og vaksenpersonar som dei kan stole på. Det spesielle knyter seg mellom anna til den kulturelle, religiøse og sosiale bakgrunn frå heimlandet, og til opplevingar frå væpna konflikt og flukt.

For å sikre einslege mindreårige eit heilskapleg tilbod etter busetjing i ein kommune, er det viktig at ansvaret er forankra i éin etat i kommunen, det vere seg barnevernet, flyktningkontoret eller andre tenesteeiningar med faglege føresetnader for å arbeide med gruppa. Uavhengig av kvar kommunen har forankra ansvaret og arbeidet med einslege mindreårige, har den enkelte einslege mindreårige rett til tenester og tiltak etter barnevernslova dersom vedkomande har eit særleg behov for hjelp (jf. Retningslinjer av 10. desember 1998 til lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 «Hjelpetiltak – barnevernsloven § 4-4»).

Sidan einslege mindreårige er ei ueinsarta gruppe med ulik sosial og kulturell bakgrunn, og med ulike meistringsstrategiar og personlege ressursar, vil hjelpebehovet variere. Det er derfor ikkje alltid nødvendig eller rett å setje inn tiltak etter barnevernslova.

Regjeringa meiner at det vil vere å bryte med prinsippet om handlefridommen til kommunane dersom staten skal påleggje kommunane å forankre hovudansvaret og arbeidet med gruppa einslege mindreårige hos barnevernet. Det er kommunen som har ansvaret, og det er kommunen som har dei beste føresetnadene for å delegere ansvaret til den tenesteeininga ein finn mest gagnleg. Det må vere rom for utvikling av lokale løysingar og individuell tilpassing. Fridom når det gjeld organisering og arbeidsformer kan medverke til nytenking når det gjeld tiltak utover dei tiltaka barnevernet tradisjonelt nyttar. Regjeringa vil understreke verdien av og behovet for at etatane samarbeider om desse sakene. Regjeringa vil halde fast ved prinsippet om handlefridom for kommunane når det gjeld organisatorisk forankring av ansvaret for og arbeidet med einslege mindreårige som gruppe.

Overføring av kompetanse

Arbeidet med å styrkje kompetansen til kommunane og sikre overføring av kompetanse mellom kommunar når det gjeld einslege mindreårige, vil bli ført vidare. SINTEF IFIM sitt prosjekt for utvikling av gode modellar for kommunalt arbeid med einslege mindreårige, som skal ferdigstillast i 2001, vil vere eit viktig bidrag i så måte (jf. boks 8.2). I tillegg vil UDI vurdere ulike modellar for styrkt rådgiving til kommunane, inklusive arbeidet med einslege mindreårige (jf. kap. 6.3.3.1).

Til forsiden