St.meld. nr. 48 (1998-99)

Om Sametingets virksomhet 1998

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Sametinget har levert årsmeldinga si til departementet om arbeidet i Sametinget i 1998. Årsmeldinga er ei utgreiing om det politiske arbeidet i Sametinget, om oppgåvene som Sametinget skal forvalte, og om økonomiske og administrative utfordringar.

Etter § 1-3 i samelova skal årsmeldinga for Sametinget sendast over til regjeringa. Regjeringa legg meldinga fram for Stortinget kvart år. Meldinga skal såleis vere eit viktig styringsinstrument når dei sentrale styresmaktene skal drøfte samiske spørsmål.

Det er eit siktemål for regjeringa at meldinga frå regjeringa til Stortinget kvart fjerde år skal ta for seg ei meir prinsipiell drøfting av samepolitikken her i landet. Det skjedde sist i St meld nr 41 (1996-97) og i tilleggsmelding St meld nr 18 (1997-98).

I denne stortingsmeldinga gir regjeringa ei tilbakemelding på dei sakene Sametinget tek opp i årsmeldinga si og dei sakene Sametinget har behandla i 1998. Årsmeldinga for Sametinget er lagd inn som kapittel 2 i denne meldinga. Kapittel 3 og 4 er ei utgreiing frå regjeringa om samarbeidet med Sametinget og med kommentarar til og vidareføring av saker som er behandla i Sametinget. Det blir vidare teke sikte på ei heilskapleg framstilling av arbeidet til regjeringa med samepolitiske saker i tida etter at St meld nr 52 (1997-98) Om arbeidet i Sametinget 1997 vart lagd fram.

Til forsida