St.meld. nr. 62 (1996-97)

Kringkasting og dagspresse 1996 m.v.

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing og samandrag

1.1 Allment om meldinga

Kulturdepartementet legg med dette fram ei stortingsmelding om verksemda i kringkasting og dagspresse i 1996. Grunnlaget for meldinga er i hovudsak årsmeldingane frå Norsk rikskringkasting AS, TV2 AS, P4 og Statens medieforvaltning. I samsvar med prinsippa som er vedtekne for denne typen meldingar, omtalar ho også andre mediepolitiske spørsmål. I meldinga blir det lagt særleg vekt på problemstillingar i tilknyting til innføringa av digital radio i Noreg.

Meldinga vil i hovudsak ikkje omtale mediepolitiske saker som Stortinget alt har handsama eller som er fremja for Stortinget i andre samanhengar. Dette gjeld eigarskap i mediesektoren, som vart drøfta i St.meld. nr 18 (1996-97), Eierforhold i mediesektoren, og Ot. prp. nr 30 (1996-97), Om lov om tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting. Desse dokumenta vart handsama av Stortinget i juni 1997. Dette gjeld òg Ot. prp. nr 77 (1996-97), Om lov om endringer i kringkastingsloven (Medieetikk mv), som Regjeringa la fram 23. mai 1997. Proposisjonen inneheld Regjeringas forslag til oppfølging av NOU 1996: 12, Medieombud.

1.2 Samandrag

Kapittel 2 inneheld ein del tal for utviklinga i dei norske mediemarknadene. I kapittel 3 drøftar departementet sentrale problemstillingar i tilknyting til etablering av digital kringkasting i Noreg. I kapittel 4 blir verksemda hjå allmennkringkastarane NRK, TV2 og P4 Radio Hele Norge i 1996 omtala. I kapittel 5 blir det gjort greie for utviklinga i lokalradiosektoren i 1996. Kapittel 6 omhandlar dagspressa.

Til toppen
Til dokumentets forside