St.prp nr. 1 Tillegg nr. 4 (2002-2003)

FOR BUDSJETTERMINEN 2003 Om endring av Kultur- og kyrkjedepartementets budsjettforslag for 2003

Til innhaldsliste

1 Kap. 320 Allmenne kulturformål

1.1 Forslag om tilskot i 2003 til norsk-pakistansk kultursamarbeid - MELA - rammeoverføring frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Samordningsansvaret for UNESCO er overført frå Kultur- og kyrkjedepartementet til Utdannings- og forskingsdepartementet, jf. Innst. S. nr. 255 (2001-2002) og St.prp. nr. 63 (2001-2002). I samband med forslag om overføring av midlar knytte til UNESCO for 2003, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003), vart midlane til norsk-pakistansk kultursamarbeid - MELA - ved ein inkurie også overførte til Utdannings- og forskingsdepartementet.

Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår at forslaget til løyving for 2003 under kap. 320, post 74 vert auka med 0,4 mill. kroner til 106,3 mill. kroner, jf. forslag om tilsvarande reduksjon i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 3 (2002-2003), kap. 288, post 21.

1.2 Forslag om reduksjon i forslaget til løyving i 2003 til deltaking i kulturprogram under EU

I St. prp. nr. 1 (2002-2003) er det fremja forslag om ei løyving til deltaking i kulturprogram under EU på 6,9 mill. kroner under kap. 320, post 75 Kulturprogram. EØS/EFTA-landa sine finansielle bidrag til kulturprogram blir fastsette med heimel i artikkel 82 i EØS-avtala. Behovet for midlar til kulturprogram i 2003 vert lågare enn den summen det er fremja forslag om i St. prp. nr. 1 (2002-2003).

Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår at forslaget til løyving for 2003 under kap. 320, post 75 vert redusert med 1,3 mill. kroner til 5,6 mill. kroner.

1.3 Forslag om reduksjon i forslaget til løyving av midlar i 2003 til rådvelde for departementet

I St.prp. nr. 1 (2002-2003) er det fremja forslag om ei løyving på 7 mill. kroner under kap. 320, post 79 Til disposisjon. I samband med forslag om vidareføring av divisjonsmusikken i Halden og Kristiansand som region-/landsdelsinstitusjonar, vil det vera eit meirbehov under kap. 323, post 71 som det vert fremja forslag om dekning av under rådveldeposten.

Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår at forslaget til løyving for 2003 under kap. 320, post 79 vert redusert med 1,3 mill. kroner til 5,7 mill. kroner.

Til forsida