St.prp. nr. 35 (2007-2008)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet om narkotikaførebygging og -informasjon (2007-2013)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Programmet for narkotikaførebygging og -informasjon vart formelt vedteke i EU 25. september ved europaparlaments- og rådsavgjerd 1150/2007/EF. Programmet er ein del av det overordna rammeprogrammet «Grunnleggjande rettar og rettferd» (Fundamental Rights and Justice).

Programmet for narkotikaførebygging og -informasjon tok til å gjelde 1. oktober 2007, og er ope for deltaking frå EØS/EFTA-statane gjennom del VI, samarbeid utanfor dei fire fridommane, protokoll 31, i EØS-avtala.

Deltaking i programmet inneber økonomiske plikter for Noreg over fleire år. Difor er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen, i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som mogleg, blir stortingsproposisjonen fremja før det er teke avgjerd i EØS-komiteen.

Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsavgjerd 1150/2007/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.