St.prp. nr. 9 (1999-2000)

Om løyvingsendringar mv. for 1999 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.2 Luftfartsformål, 21.3 Vegformål, 21.5 Jernbaneformål og 22.2 Telekommunikasjonar.

Proposisjonen gjeld følgjande saker:

Under 21.2 Luftfartsformål:

  • Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga for tilskot til ikkje-statlege flyplassar med 132,1 mill. kr. Denne løyvinga vil saman med den foreslåtte løyvinga for 2000 føre til at staten kan innfri heile gjelda til dei tidlegare eigarane av dei 26 regionale lufthamnene som staten tok over i 1997 og 1998.

Under 21.3 Vegformål:

  • Som kompensasjon for at Storvika i Fræna kommune ikkje blei valt som ilandføringsbase for olje og gass tilrår departementet at det blir løyvd 12 mill. kr til utbetring av fv 228 Jendem - Aurosen.

Under 21.5 Jernbaneformål:

  • På grunn av at nettovinsten av sal av overskotskapasitet i Jernbaneverkets fiberkabelnett blir mindre enn det var lagt opp til i budsjettet for 1999, blir det gjort framlegg om å redusere inntektsoverslaget på kap. 4350, post 04 Leigeinntekter, med 48 mill. kr.

  • Departementet gjer framlegg om å utvide fullmaktsgrensa for å overskride løyvingane på kap. 1350, postane 23 Drift og vedlikehald og 30 Investeringar i lina, mot tilsvarande inntekter på kap. 4350, post 02 Sal av eigedomar mv. og post 03 Arbeid for framande, frå 6 pst. til 8 pst. av samla løyvingar på kap. 1350 Jernbaneverket.

  • Det blir orientert om at utbyggingssaker som ikkje er avklara innan 31. desember 1999 etter denne dato blir ivareteke av driftsorganisasjonen i NSB Gardermobanen AS.

  • Betaling av renter av lån frå NSB BA blir 13 mill. kr høgare enn tidlegare budsjettert.

Under 22.2 Telekommunikasjonar:

  • Departementet gjer framlegg om å auke løyvingane til Post- og teletilsynet med 8,8 mill. kr med tilsvarande auke av inntektssida.