Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Revisjon av returdirektivet

Schengennotat - revisjon av EUs returdirektiv

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Posisjonsnotat
  3. Gjennomføringsnotat

Opprettet 14.03.2019

Spesialutvalg: Justis- og innenrikssaker

Dato sist behandlet i spesialutvalg:

Hovedansvarlig(e) departement(er): Justis- og beredskapsdepartementet

Status

Forslaget til rettsakt vert handsama i månadlege møte i rådsarbeidsgruppa for immigrasjon og utvising (IMEX). Noreg deltek i arbeidet, då forslaget er Schengen-relevant og direktivet er bindande for Noreg.

Forslag om å revidere Europaparlaments- og rådsdirektiv 2008/115/EF om felles standardar og prosedyrar i medlemsstatane for retur av tredjelandsborgarar med ulovleg opphald (Returdirektivet).

Proposal for a Directive of the European Parliament and of the Council on common standards and procedures in Member States for returning illegally staying third-country national (recast).

EU-kommisjonen la 12. september 2018 fram forslag til revidert returdirektiv. Forslaget er ein del av ein pakke med tiltak foreslått av Kommisjonen, som oppfølging av Det europeiske råd sine konklusjonar av 28. juni 2018. Føremålet er å styrke, samordne og effektivisere returarbeidet og oppnå fleire returar av tredjelandsborgarar utan lovleg opphald i Europa. Forslaget må sjåast i samanheng mellom anna med revideringa av Frontex-forordninga og ny asylprosedyreforordning (som skal erstatte dagens prosedyredirektiv).

Det er lagt til grunn for forslaget at medlemslanda i for liten grad har prioritert returarbeid og at talet på returar til tredjeland er for lågt (t.d. gjekk returprosenten ned frå ca. 46 til 37 % frå 2016 til 2017). Praksis er lite harmonisert, mellom anna på grunn av ulike forståingar av sentrale reglar i dagens direktiv, ineffektive prosedyrar og mangelfull informasjonsutveksling.

Samandrag av innhald

I framlegget frå Kommisjonen, og seinare reviderte utkast frå formannskapet i rådsarbeidsgruppa, er det foreslege små og store endringar i dei fleste av dei rundt 30 artiklane i direktivet.

Blant dei større endringsforslaga framhevar Kommisjonen følgjande:

• Ein ny grenseprosedyre for hurtig retur av asylsøkjarar som får avslag etter ein grenseprosedyre for asylsakshandsaming (foreslått i ny asylprosedyreforordning).
• Tydelegare og meir effektive reglar om returvedtak og prosedyrar for anke.
• Meir samordna reglar om mellom anna medverknadsplikt, utreisefrist, retur- og reintegreingsstønad.
• Meir effektive administrative ordningar for informasjonsutveksling og handheving av vedtak.
• Betre samanheng og synergi mellom prosedyrar for høvesvis asylsakshandsaming og returarbeid.
• Effektiv bruk av internering i returprosedyrar.


Samstundes vert det understreka at endringsforslaga ikkje påverkar tredjelandsborgarar sine rettar med tanke på vern mot retur, familieliv med meir. Direktivet sitt grunnleggjande verkeområde og målsetnad er uendra.

Merknader
Rettslege konsekvensar

Returdirektivet er implementert i ei rekkje reglar i den norske utlendingslova. Revisjonen vil etter alt å døme medføre eit behov for lovendringar, og saka må difor til Stortinget for godkjenning.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Noreg ligg generelt langt framme i returarbeid når det gjeld både regelverk, administrative ordningar, returavtalar, ressursbruk og praktisk gjennomføring. Dei foreslegne endringane i returdirektivet går i stor grad i retning av tiltak Noreg allereie har innført, t.d. samordning av avslags- og returvedtak, ordningar for retur- og reintegreringsstøtte og bruk av internering. Det er på noverande tidspunkt ikkje grunn til å forvente omfattande endringar i norsk regelverk eller praksis, og såleis heller ikkje store økonomiske og administrative konsekvensar.

Sakkyndige instansers merknader

Vurdering

Noreg har uttrykt støtte til ein revisjon av returdirektivet og føremålet med denne. Endringsforslaga går i stor grad i retning av tiltak vi har teke til orde for eller allereie teke i bruk.
Som nemnt ovanfor, omfattar revisjonen små og store endringar i dei fleste artiklane i direktivet. Sjølv om det er usemje av meir politisk karakter om visse endringar, til dømes ein eventuell grenseprosedyre som kan ha store praktiske konsekvensar for middelhavslanda, går diskusjonen i rådsarbeidsgruppa i hovudsak på eit svært detaljert og nokså teknisk nivå. Dei fleste artiklane er framleis oppe til diskusjon, sjølv om det etter kvart har vore lagt fram ei handfull utkast. Det er såleis vanskeleg å samanfatte diskusjonen eller resultata så langt.  
Noreg har delteke aktivt i arbeidet, både i møteverksemd og skriftlege merknader. I spørsmåla vi har framheva som særskilt viktige – som at trugsmål mot nasjonal tryggleik skal vere grunnlag for internering og at returdirektivet i større grad bør leggje til rette for retur til tredjeland som ikkje er utlendingen sitt heimland – er vi på linje med mange andre land. Noreg har også hatt merknader til ein del mindre sentrale spørsmål.

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Type sak Regelverk under utvikling i Rådet
KOM-nr.: KOM(2018)634
Basis rettsaktnr.:

Norsk regelverk

Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:

Lenker

Til toppen