Ansvarsfordelinga i barnevernet

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Barne- og likestillingsdepartementet har forvaltingsansvaret for barnevernlova, men er ikkje klageinstans i einskildsaker. Både kommunane og staten har oppgåver og ansvar på barnevernsområdet.

Barnevernstenesta skal mellom anna gi råd og rettleiing, gjere undersøkingar, gjere vedtak etter lova eller førebu saker for handsaming i fylkesnemnda, og setje i verk og følgje opp saker.

Kommunen

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører det arbeidet som til kvar tid må gjerast etter lova. Kommunen har ansvaret for alt som barnevernlova ikkje har lagt til eit statleg organ.  

Barnevernstenesta skal mellom anna gi råd og rettleiing, gjennomgå meldingar og gjere undersøkingar, gjere vedtak om frivillige tiltak, treffe akuttvedtak  eller førebu saker for handsaming i fylkesnemnda, og setje i verk og følgje opp saker.

Bufetat

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) skal yte hjelp til barnevernstenesta i kommunane med plassering av barn utanfor heimen, rekruttere og formidle fosterheimar og sjå til at fosterheimane får nødvendig opplæring og generell rettleiing. Etaten har òg ansvar for å etablere og drive institusjonar og for å godkjenne private og kommunale institusjonar som blir nytta etter barnevernslova. 

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet er etatsstyrar for Bufetat. Bufdir har òg oppgåver som fagdirektorat for heile barnevernet. Formålet er å styrke utviklinga av eit kunnskapsbasert barnevern, formidle kunnskap om forsking og utvikle faglege anbefalingar. 

Statens helsetilsyn

Statens Helsetilsyn har det overordna faglege ansvaret for tilsynet som Fylkesmannen praktiserer på barnevernsområdet.

 

Fylkesmannen

Fylkesmannen fører tilsyn med barnevernsverksemda i kvar einskild kommune. Det inneber at fylkesmannen ser til at kommunane utfører oppgåvene etter barnevernslova og syter for at kommunane får råd og rettleiing. Fylkesmannen er klageinstans for einskildvedtak som barnevernstenesta gjer etter barnevernslova. 

Fylkesmannen fører òg tilsyn med barnevernsinstitusjonane og med andre statlege tenester og tiltak. 

 

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemnda er eit domstolsliknande forvaltingsorgan som har avgjerdsmakt mellom anna i saker med omsorgsovertaking og i saker som gjeld tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Det er tolv nemnder i landet. I nemnda er det i kvar sak ein leiar som er jurist, to sakkunnige medlemmer og to medlemmer frå eit alminneleg utval. Avgjerder tekne av fylkesnemnda kan leggjast fram for tingretten. 

Ansvarsfordelinga mellom kommunale og statlege barnevernsmakter

Når det gjeld oppgåve- og ansvarsfordeling mellom kommunale og statlege barnevernsmyndigheiter, under dette om betalingsordningar i barnevernet, blir det vist til rundskriv Q-06/2007. Rundskrivet er berre gitt ut i elektronisk form.