Forsida

Kultur- og likestillingsdepartementet og Innlandet fylkeskommune inviterer til det andre nasjonale innspelsmøte til strategi for kulturfrivilligheit i Hamar

På innspelsmøtet 10. januar ber departementet om innspel til korleis tilskot kan innrettas endå betre, korleis desse kan treffe behova til kulturfrivilligheita, og departementet ber samstundes om innspel til utgreiinga av regionale kulturfond.

Link til sendingen:

https://companycast.live/player/63e50alv/

Tema for møtet: Offentlege tilskotsordningar og tiltak 
Stad: Hamar Teater
Tid: 10. januar kl. 15.00 – 18.00, ankomst med lett bevertning frå kl 14.30.
Påmelding: Påmeldinga til fysisk deltaking er no fulltegna, men alle som vil kan følge strøyminga av møtet. Om du er for seint ute med påmelding til innspel, gjer vi merksam på at det er mogleg å sende skriftlege innspel til postmottak@kud.dep.no

Regjeringa vil sikre frivilligheita god finansiering, stor fridom og ein sentral plass i samfunnet. Tilskot er eit sentralt verkemiddel for å nå desse måla.

Ansvaret for tilskot til kulturfrivilligheita er fordelt på offentlege myndigheiter på ulike forvaltningsnivå, og både kommunar og fylkeskommunar fordeler tilskot. Kultur- og likestillingdepartementet ber om innspel på korleis tilskotsordningane fungerer for kulturfrivilligheita, og korleis kan dei bli betre?

Regjeringa har òg sett i gang ei utgreiing av regionale kulturfond som skal stimulere til auka kunst- og kulturaktivitet lokalt. Målet er å styrke samspelet mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, i tillegg til å forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit.

Aktuelle spørsmål:

  • Korleis kan verkemiddel og tiltak på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå innrettast best for å forenkle og samordne ordningar for kulturfrivilligheita?
  • Korleis kan offentlege styresmakter få til eit godt samarbeid og samspel med frivillige organisasjonar?
  • Korleis kan eit regionalt kulturfond innrettast for å supplere – og ikkje overlappe - ordningar som allereie finst?
  • Korleis kan eit regionalt kulturfond innrettast på ein måte som minimerer dei administrative byrdene?

Nasjonal innspillskonferanse

Tema: tilskuddsordninger

14.30 – 15.00: Innsjekking til nasjonal innspillskonferanse. Det vil serveres suppe.

15.00: Velkommen v/statssekretær Odin Adelsten Aunan Bohmann

10 minutters innlegg:

  • Innlandet fylkeskommune; Kurt Ole Linn, Kultur i Innlandet.
  • Troms og Finnmark; Vibeke Skinstad, divisjonsdirektør kultur, språk og levekår.
  • Sunnfjord kommune, Hilde Bjørkum, Kommunalsjef kultur og idrett
  • Gran kommune; Ordfører Randi Eek Thorsen.
  • Frilynt; Joachim Svendsrød, Generalsekretær
  • Studieforbund kultur og tradisjon; generalsekretær Kjærsti Gangsø

16.15– 16.30: Pause
16.30 – 17.45 Innspill fra påmeldte aktører
17.55 – 18.00 Avsluttende kommentarer

Kontaktperson for spørsmål: Silje-Eikemo.Sande@kud.dep.no