Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Importvernet for jordbruksvarer

Eit av dei viktigaste verkemidla i landbrukspolitikken for å sikre norsk produksjon, er importvernet på jordbruksvarer. For dei fleste jordbruksvarer som blir produsert i Noreg er det eit importvern. Samtidig er over 80 prosent av importen av jordbruksvarer tollfri. Dette gjeld mellom anna produkt som sukker, ris, tropisk frukt samt grønsaker utanom norsk sesong. I tillegg har alle u-land reduserte tollsatsar, og dei 52 fattigaste landa i verda har ikkje tollsats ved eksport av jordbruksvarer til Noreg.

Importvernet

Noreg importerte jordbruksvarer for 66,5 milliardar kroner i 2018. 64 prosent av importen kjem fra EU, 23 prosent fra U-landa og 13 prosent fra andre i-land. 

Det norske importvernet for jordbruksvarer kan forenkla delast i fire grupper med ulikt tollvern:    

Graf importvernet

Overordna har Noreg toll på varer me produserer sjølv. Grønsaker, frukt og bær har generelt lågare toll enn animaliske produkt. Dei er òg tollfrie utanfor norsk sesong. Bearbeida landbruksvarer er omfatta av EØS-avtalen og har eit eige system med råvaretoll. Dei har ein lågare tollsats enn mindre bearbeida produkt. Heilt til slutt har Noreg ikkje toll på jordbruksvarer me ikkje produserer sjølv. 

Importen av varer med høg toll er avgrensa. Det er likevel gitt importkvoter med lav eller ingen toll for slike produkt gjennom ulike handelsavtalar (WTO, EØS og EFTAs handelsavtalar). Landbruksdirektoratet har ansvaret for å forvalte importvernet. Gjennom administrative vedtak reduserer dei tollsatsar og opnar opp for import når det er behov i den norske marknaden. Direktoratet publiserer òg ein årleg rapport om norsk handel med jordbruksvarer.

 

Til toppen