E-demokrati i Molde (D:Mo)

Lokaldemokratinettside i Molde (D:Mo)

Med finansiering fra Kommunal- og regionaldepartementet gjennomførte Molde kommune fra 2004 til 2007 et prosjekt med utprøving av et eget nettsted for lokaldemokrati i kommunen.

Oppsummering fra prosjektet 

I 2004 søkte Molde kommune KRD om pengar til ei storstilt satsing på e-demokrati. Dette vart gjort gjennom etablering av ein eigen nett-portal for informasjon og debatt i Molde kommune. Tiltaket vart organisert som eit prosjekt og nettportalen fekk namnet D:MO. På nettportalen vart det lagt til rette for at innbyggjardebattar, informasjonskanal for partia lokalt og lokalpolitikarane fekk ein kanal for blogging og direkte kontakt med innbyggjarne. Det var også rom for organisasjonar lokalt å delta på nettstaden.  Det var også planar om leggje til rette for høyringar og folkeavstemningar via denne nettsida. Det var spesifikke mål knytt til prosjektet, nemleg å få opp valdeltakinga ved lokalvalet i 2007 og særleg blant unge veljarar. Portalen skulle også bidra til generelt auka politisk engasjement blant innbyggjarane.

Departementet sette av  til saman 1, 65 mill. kroner til prosjektet over ein tre-årsperiode. I tillegg kom støtte gitt av fylkesmannen på 100.000 kroner og kommunen sin eigeninnsats. I tilknyting til departementet si løyving vart det stilt vilkår om at gjennomføringa av prosjektet skulle evaluerast. 

I søknaden frå Molde og i prosjektomtalen gav kommunen og nettleverandøren uttrykk for høge ambisjonar. Visjonen var at nettstaden skulle vere ein uavhengig arena som på innbyggjarane sine premisser skulle legge til rette for effektiv dialog mellom innbyggjarane  og lokalpolitikarane i  kommunen.  Ein skulle styrke tilliten, kunnskapen og engasjementet folket har til alle lokaldemokratiske prosessar.

Eit trekk ved løysinga som var valt var at demokratinettstaden ikkje var knytt til kommunen si eiga heimeside. Tanken syntest å vere at debatt og aktivitetar knytt til nettstaden skulle skje uavhengig av utanom kontroll frå sentrale kommunale aktørar.

Det vart særleg lagt vekt på at nettstaden skulle vere attraktiv for ungdom, bl.a. vart det uttalt at elevar i ungdomsskolen og vidaregåande skole skulle inviterast inn som redaksjonsmedlemar på nettstaden.

Utviklinga av nettstaden skjedde i regi av datafirmaet ErgoEphorma som såg på dette konseptet som ein forretningsidé som dei inngjekk ein avtale med Molde kommune om å utvikle.

Når det gjeld resultatet av prosjektet så er den kort og godt at nettsida som blei etablert i 2004 i dag ikkje lenger eksisterer. Nettstaden fekk nesten ingen brukarar, lokalpolitikarane brukte  nettstaden i liten grad og i den grad dei brukte han, fekk dei liten respons frå innbyggjarane. Molde kommune kan heller ikkje tilby nokon av dei funksjonane som låg i konseptet. Såleis verkar det som Molde kommune er tilbake der kommunen var da dei sette i gang prosjektet.

Det føreligg to evalueringar av prosjektet. Molde kommune gav Møreforsking i oppdrag å evaluere prosjektet. Evalueringa kom i stand etter tilråding frå departmentet. I tillegg har det ved Universitetet i Oslo blitt gjennomført eit doktorgradsarbeid med tema e-demokrati. I dette arbeidet inngjekk Molde kommune som eit case og Odder kommune i Danmark som eit anna case. Molde fekk ei mislukka gjennomføring. I Odder fungerer e-demokrati-opplegget etter intensjonane.

Til saman  gir desse to evalueringane eit godt bilete av kvifor Molde ikkje lukkast i å få til sine ambisiøse mål om lokaldemokrati. Vi skal her trekkje fram følgjande forhold:

  • Svakt kommunalt eigarskap i forhold til opplegget. For eksempel var ikkje e-demokrati-nettstaden forankra med vedtak i kommunestyret.
  • Relativ svak involvering frå kommunen si side. Kommunen lot i stor grad eksterne leverandørar drive prosjektet.
  • Molde si e-demokratiside var ikkje kopla til kommunen
  • Ambisiøse målsetjingar som var definert ut frå ei kriseforståing av situasjonen for  lokaldemokratiet (jf. lågare valdeltaking og manglande engasjement).
  • Stor tru på at teknologiske løysingar skulle få opp engasjement og deltaking. Utviklarane hadde mindre forståing av korleis demokratiske prosessar er utforma og faktisk fungerer.
  • Svak brukarinvolvering ved utvikling av konseptet. Det som i utgangspunktet skulle vere viktige brukargruppar, ungdom og lokalpolitikarar blei svakt involvert i utviklinga av konseptet. Politikarane hadde små forventningar til kva demokratisida ville føre til.
  • Nettstaden var ikkje kopla opp til kva kommunen steller med i forhold til tenesteproduksjon, planlegging og myndigheitsutøving.
  • Konkurranse med lokalavisa som også la opp til debatt om lokalpolitiske spørsmål.
  • Nettstaden la ikkje opp til å ta opp konkrete saker som skulle opp til behandling i kommunestyret. For å skape interesse kan det ikkje berre leggjast til rette for generell debatt, men ein må ta opp aktuelle spørsmål som det skal takast stilling til i  nær framtid.
  • Lokalpolitikarane hadde svak tru på sjølve prosjektet og det konseptet som var valt, men større tru på at bruk av Internett generelt kan styrke lokaldemokratiet

Boch Seegard sin studie kor Molde vert samanlikna med Odder kommune i Danmark viser at det faktisk går an å utvikle eit fungerande konsept for e-demokrati. Odder kommune sitt opplegg og iversetjing av det var styrd etter ein annan logikk enn det Molde sitt var. Her skjedde det ei gradvis innføring og innføring av nye teknologiske element vart meir styrt etter kva ein såg som behov for funksjonar som kunne tene demokratiet. Dessutan var utvikling av e-demokratiet sterkt forankra i det politiske nivået og utviklingsarbeidet skjedde i kommunen og ikkje utanfor som i Molde. Ein utvikla også eit samarbeid med lokalavisa. At kommunen hadde ei sterk eldsjel som arbeidde for utvikling av e-demokratiet vert også trekt fram som ein viktig faktor for å få til e-demokrati i Odder.

Evalueringer fra prosjektet

Til toppen