Meld. St. 26 (2013–2014)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2014 og fisket etter avtalane i 2012 og 2013

Til innhaldsliste

1 Samandrag

1.1 Innleiing

Nærings- og fiskeridepartementet legg med dette fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg har med andre land. Ei slik melding skal leggjast fram årleg. Meldinga vart første gong lagt fram i 1995. Vi viser i den samanheng til St.meld. nr. 49 (1994-95) om dei årlege fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land. I denne meldinga la Fiskeridepartementet vekt på å gje ei omtale av det rammeverket som vart inngått i tilknyting til utvidinga av den norske økonomiske sona på 1970-talet, og som ligg til grunn for dei årlege kvoteforhandlingane. Desse avtalane er ikkje særskilt omtalte i denne meldinga.

Denne meldinga omtalar kvoteavtalane for 2014, og norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar. Vi gjer vidare greie for bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane som Noreg deler med andre land. Meldinga omtalar òg dei kontrolltiltaka som er sette i verk for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på avtalte kvotar, i tillegg til kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Til sist gjev meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske fiskarar utnytta kvotane sine i 2012 og 2013, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.

Kvoteavtalane for 2014 finst på Nærings- og fiskeridepartementet sine heimesider: http://www.regjeringa.no/nfd

1.2 Samandrag av kvoteavtalane for 2014, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2014 har partane bestemt ein totalkvote for nordaust-arktisk torsk på 993 000 tonn, som er ein nedgang frå 2013. I tillegg vart det fastsett ein kvote på kysttorsk på 21 000 tonn. Partane justerte i 2009 den etablerte forvaltningsstrategien ved at det er lagt inn ein mekanisme som skal sikre at kvotefastsetjinga òg tek høgd for periodar med sterk vekst og oppskriving av bestanden. Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 138 530 tonn. Med overføring av ein del av den russiske kvoten til Noreg, er den samla norske kvoten av torsk nord for 62˚N på 415 735 tonn. Som følgje av tilbakeføring av unytta tredjelandskvote på 15 000 tonn er den samla norske kvoten av torsk nord for 62˚N 451 735 tonn, inklusive kysttorsk. Forskingskvoten på 7000 tonn er ikkje medrekna. I tillegg står det att 7 704 tonn torsk frå tredjelandskvoten som ikkje er fordelt.

Totalkvoten for hyse er fastsett til 178 500 for 2014. Dette er 21 500 tonn lågare enn i fjor. Den norske kvoten vert med dette på 84 115. I tillegg kjem hyse til forskings- og forvaltningsformål som i 2014 er på 4 000 tonn.

Det har vore ei hovudsak i samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2013, som i 2012, å styrke kontrollen med uttak og omlasting av fisk i Barentshavet. I samband med forhandlingane om ein kvoteavtale for 2014 vart partane einige om å vidareføre arbeidet med å kjempe mot det ulovlege fisket i Barentshavet og Norskehavet, og vidareføre og implementere ei rekkje av dei tiltaka partane tidlegare har vore einige om. I 2009 avtalte partane felles maskevidde, og i 2010 kom partane fram til felles minstemål og prosedyrar og kriterium for stenging og opning av fiskefelt. Torskebestanden i nord er i svært god forfatning, og for 2012 og 2013 vart det ikkje registrert nokon fangst utover fastsette kvotar i Barentshavet. Partane vart samde om at spørsmål knytt til utkast av fisk og arbeidet med å lage retningslinjer for inspeksjon av fiskefartøy i Barentshavet og Norskehavet skal vidareførast i arbeidsgrupper.

I forhandlingane om ein kvoteavtale mellom Noreg og EU for 2014 vart kvoten på torsk i Nordsjøen sett til 27 799 tonn. Kvoten må sjåast i samanheng med arbeidet for å betre beskatningsmønsteret og redusere det reelle uttaket av torsk. I tråd med forvaltningsplanane er totalkvoten for hyse redusert til 38 289 tonn, medan seikvoten gjekk ned til 77 536 tonn. Bestanden av nordsjøsild er i god forfatning. Totalkvoten er sett til 470 037 tonn, noko som inneber ein nedgang på 2 prosent frå 2013. Noreg har for 2014 òg inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen.

Noreg har vidare inngått ein tosidig kvoteavtale for 2014 med Grønland, og avtalen om kontrollsamarbeid er vidareført i 2014.

Det er for 2014 utveksla kvotar med Island i tråd med «Smottholavtalen» og den tilhøyrande tosidige avtalen.

Trepartsavtalen mellom Noreg, Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen er vidareført.

For første gong sidan 2010 er Noreg og Færøyane eininge om ein bilateral avtale om fiskerisamarbeid og kvotebyte. Avtalen gjeld for 2014.

Det vart også i 2014 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. Færøyane ønskte ein større del av kvoten for 2014, og dei andre partane ville ikkje redusere sin del av totalkvoten til fordel for Færøyane. Partane klarte difor ikkje å verte samde om ein ny fempartsavtale. Det vart i staden inngått ein firepartsavtale, utan Færøyane, for 2014. Partane er likevel, saman med Færøyane, einige om å ta ein gjennomgang av sonetilhøyrsel i 2014. Det er også underteikna ein kyststatsavtale for kolmule for 2014.

Det er gjennomført firepartsforhandlingar om makrell, men partane greidde ikkje å verte samde, og det vart difor inngått ein trepartsavtale mellom Noreg, Færøyane og EU. Avtalen gjeld for fem år, og dei tre partane er einige om å halde fast på den relative fordelinga seg i mellom i avtaleperioden. Den gjensidige sonetilgangen som Noreg har hatt med EU vert vidareført i tillegg til at det er avtalt gjensidig sonetilgang mellom Noreg og Færøyane.

All forskning og nye data frå ICCAT sin vitenskapskomité viser at den negative utviklinga for makrellstørje er snudd, og at tilstanden er betre. ICCAT har fastsett totalkvote (TAC) på 13 500 tonn i tråd med råda frå vitskapskomiteen. På bakgrunn av dette har Noreg opna for fangst av den norske kvoten på vel 30 tonn i 2014.

Partane i NEAFC (Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen) er ikkje einige om reguleringstiltak for fiske av uer verken i Irmingerhavet eller i Norskehavet i 2014.

Noreg har òg i 2013 delteke i ulike møte i globale og regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar som CCAMLR (Konvensjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis), ICCAT (Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk tunfisk) og SEAFO (Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjon).

Noreg har òg i 2014 delteke i ulike møte i både IWC (Den internasjonale kvalfangstkommisjonen) og i NAMMCO (Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen).

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES (Det internasjonale råd for havforsking). Rådgjevinga frå ICES vert utarbeidd av ICES sin rådgjevande komiteen for fiskeriforvaltning, ACOM. ACOM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og arbeidsgrupper i ICES, og gjev årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Vi har etablert langsiktige forvaltningsplanar for alle dei viktigaste fellesbestandane.

Noreg har i ei årrekkje hatt særskilte kontrollavtalar med dei viktigaste samarbeidspartane i fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa. Den siste avtalen vart inngått med Spania i januar i 2013. Dermed har Noreg på plass avtalar med alle land som har interesser i norske havområde.

Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønskt aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i ulovleg, urapportert og uregulert fiske i internasjonalt farvatn vert nekta lisens i Noregs økonomiske sone. Desse fartøya kan nektast å føre norsk flagg under visse vilkår, og vi kan nekte dei å lande fangst i norske hamner.

Norsk hausting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestandane torsk, hyse, blåkveite og lodde nord om 62ºN godt i 2012 og 2013. Med unntak av reker nytta Noreg lite av sonetilgangen i russisk økonomiske sone i 2012 og 2013.

I Nordsjøen vart heile den norske kvoten av fellesbestanden sild hausta i 2012 og 2013. Torskekvoten og seikvoten vart også brukbart nytta begge åra.

I EU sitt farvatn vart den norske kolmulekvoten nytta godt. Norske linefartøy fiska ein god del av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme både i 2012 og 2013. Kvotane på sild, tobis og blåkveite vart òg godt nytta.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker i 2012 og 2013.

På grunn av usemje om makrellforvaltninga vart det ikkje inngått bilateral avtale mellom Noreg og Færøyane i 2011, 2012 og 2013. Det vart like fullt inngått kyststatsavtale om forvaltning av kolmule. I 2012 hadde Noreg høve til å fiske 16 302 tonn kolmule. I 2013 fekk norske fartøy ikkje tilgang til å fiske kolmule i færøysk sone, det vart grunngjeve med at Noreg ikkje gav færøyske fartøy tilgant til å fiske makrell i Noregs økonomiske sone (NØS). I 2014 fekk Noreg igjen tilgang til å fiske kolmule i færøysk sone.

I 2012 og 2013 fiska norske fartøy kolmule i EU-sona, i internasjonalt farvatn og i NØS. Noreg kan overføre 10 prosent av den norske kyststatsdelen, inkludert ei overføring på 0,5 prosent frå EU.

Noreg utnytta botnfiskkvotane ved Island godt både i 2012 og 2013.

I 2012 fiska Noreg kvoten på norsk vårgytande sild i NØS, internasjonalt farvatn og ved Jan Mayen. I 2013 fiska Noreg kvoten i NØS og i internasjonalt farvatn.

I loddefisket ved Island, Grønland og Jan Mayen sesongen 2012/2013 var det ikkje grunnlag for å opne for eit sommarfiske. Dei norsk fartøya fiska i januar og februar 2013, og kvoten vart godt utnytta. Heller ikkje sesongen 2012/2013 var det grunnlag for å opne for sommarfiske. Norske fartøy starta fisket i januar 2014, men fisket vart dårleg. Berre 6 fartøy fekk fangst, og dei fiska totalt 6 175 tonn.

Heller ikkje i 2012 og 2013 vart kyststatane samde om forvaltning av makrell. Noreg og EU vart difor einige om ein bilateral avtale om forvaltning av makrell desse åra. Frå og med 2011 er det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell.

Noreg utnytta torskekvoten i NAFO (Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen) godt både i 2012 og 2013. Ingen fartøy fiska reker i området 3L i 2012 og 2013.

Utanlandsk hausting av kvotar

Når det gjeld forvaltninga av norsk vårgytande sild vart kyststatane i 2008 einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet frå og med 2008. Det vart opna for å føre over inntil 10 prosent av ubrukt kvote til neste år. Det vart òg gjeve høve til å forskottere inntil 10 prosent på neste års kvote. Alt fiske utover kvote skal trekkjast frå kvoten neste år. Færøyane og Noreg var dei einaste landa som i 2011 og 2012 fiska på forskot på 2012- og 2013-kvoten. Noreg fiska 25 624 tonn på forskot i 2011 og 19 437 tonn på forskot i 2012. EU, Island og Russland overførte unytta kvantum til 2012 og 2013.

Russland utnytta 72 prosent av torskekvoten i Noregs økonomisk sone (NØS) i 2012, i 2013 utnytta dei 99 prosent. Russland fiska 90 prosent av hysekvoten sin i NØS i 2012, medan dei i 2013 hadde ei utnytting på 64 prosent. Dei fiska 103 451 tonn og 68 18 tonn norsk vårgytande sild i område under norsk jurisdiksjon i 2012 og 2013 (tabell 5.11 og 5.12).

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell, kviting, raudspette og tobis. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske- og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har òg vore gjennomgåande høg for EU.

Grønland utnytta torskekvotane godt i 2012 og 2013. Grønlandske fartøy fiska 680 tonn sei i 2012, og 972 tonn sei i 2013.

Island fiska 99 prosent av torskekvoten i NØS nord om 62°N i 2012 og 2013. Islandske fartøy fiska ikkje av sildekvoten nord om 62°N i 2012 og 2013. Island har dei siste åra fiska ein større del av silda i si eiga sone.

I hovudsak utnyttar Sverige dei bilaterale kvotane sine godt i norsk del av Nordsjøen. Fisket deira er i stor grad retta mot kvotane av torsk, sei, makrell, sild og reker.

Til forsida