Meld. St. 26 (2013–2014)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2014 og fisket etter avtalane i 2012 og 2013

Til innhaldsliste

Del 3
Bestandsvurdering, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar

4 Bestandsvurdering, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar

I dette kapitlet er det først ei kort oversikt over metodar for å måle fiskebestandar i felten, utrekningsverktøy (modellar), forvaltningsplanar, rådgjeving og dei såkalla referansepunkta. Deretter vert det gjort greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane som Noreg deler med andre land, i tillegg til tilrådd totalkvote, avtalt totalkvote og fangstar. Til sist kjem ein omtale av dei langsiktige forvaltningsplanane som Noreg har vedteke saman med andre land.

4.1 Bestandsvurdering og rådgjeving

4.1.1 Bestandsvurdering

Bestandsvurdering («assessment») inneber vanlegvis å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fangststatistikk og data frå vitskaplege tokt. Ved hjelp av ulike matematiske modellar reknar ein ut kor stor bestanden er i dag ved å sjå på kor store årsklassane var i fjor, og så trekkje frå dei individa som har døydd på grunn av fiske og naturleg død (etne av andre, sjukdom, matmangel, alderdom) i løpet av året. Dei viktigaste datakjeldene i slike modellar er

  • fangststatistikk med stikkprøver av alderssamansetjing (skal fortelje kor mykje som er fiska i løpet av året av dei ulike årsklassane)

  • toktdata (fortel om relative endringar i talet på fisk i kvar aldersgruppe i høve til året før)

Fangststatistikk

Det er viktig å halde oversikt over kor mange individ som vert tekne ut av ein bestand. I nokre tilfelle kan ein sjå om bestanden veks eller minkar ved å samanlikne kor stor fiskeinnsats som ligg bak kvart tonn med fanga fisk frå år til år. Fisket gjev opplysningar om når, kvar, kva artar og kor mykje det vert fiska. Dette er viktig informasjon som vert mata inn i modellane til forskarane. Desse opplysningane må difor vere så nøyaktige som mogleg.

Toktdata

Havforskingsinstituttet brukar vanlegvis fleire ulike metodar for å måle mengda av fisk i havet:

  • ekkolodd/akustikk

  • trål

  • måling av eggproduksjon

  • merking/gjenfangst av fisk

Akustisk mengdemåling

Metoden baserer seg på at objekt i havet reflekterer lyd (ekko). Styrken, tidslengda, og tilhøvet mellom styrken ved ulike lydfrekvensar på ekkoet frå ein fisk eller fiskestim er avhengig av art og storleik på fisken, og av kor stor og tett stimen er. Desse samanhengane er etter kvart vorte rimeleg godt fastlagde gjennom eksperimentelle og kontrollerte målingar. Ved å måle og lagre ekkostyrke og ekkotidslengd langs kurslinjene og observere kva slags artar og storleikar som medverkar til dei akustiske målingane ved å ta prøver (trålfangstar), kan ein rekne ut kva slags fisketettleik, art og storleik ekkomålingane svarar til. Dei akustiske målingane og analysane vert utførte i LSSS (Large scale survey system), eit system som er utvikla ved Havforskingsinstituttet og som også er teke i bruk nokre andre stader rundt om i verda.

Botntrål

Talet på fisk i kvar botntrålfangst vert rekna om til fisketettleik (tal per flateeining) ved å dividere på det arealet botntrålen har fiska over. Ved å ta eit stort tal trålstasjonar fordelt i heile utbreiingsområdet til bestanden, får ein fram ei fordeling basert på trålfangst per arealeining. Ved å multiplisere med heile utbreiingsarealet til bestanden, får ein eit overslag for total fiskemengd. Talet på fisk i kvar arts- og storleiksgruppe vert justert basert på kunnskap vunnen gjennom eksperiment, om kor mange fisk som vil vike unna trålen eller som vil sleppe gjennom maskene på trålen.

Flytetrål

I seinare år har ein også teke i bruk tilsvarande metodikk basert på flytetrål. Det er då volumet av vatn som er silt gjennom trålen som gjev grunnlag for tettleiksmålet, men dette vil berre fungere i dei tilfelle der all fisken står samla, til dømes nær overflata. Til no har denne metodikken berre vore prøvd på makrell, som i beitesesongen viser seg å stå i dei øvre 30-40 metrane av vassøyla, og heile dette laget av makrell kan fiskast med ein stor flytetrål.

Måling av eggproduksjonen

Metoden kan kortfatta skisserast slik: Når ein veit kor mange egg som er gytt og kor mange egg ein hofisk gyt, kan ein finne ut kor mange hofisk som har gytt. Feltdelen, eller mengdemålinga av egg, er i hovudsak lik botntrålmetodikken. Med planktonhåv tek ein eit stort tal håvtrekk fordelt i heile gyteområdet. Fangstane av egg vert rekna om til eggtettleik (tal per flateeining). Multiplisert med tilhøyrande areal og justert for alderen til egga, får vi så totalt tal på egg gytt per dag. Gyteområdet vert dekka fleire gonger i løpet av gytesesongen. Når eggmengdene frå kvar undersøking vert summerte for heile gytesesongen, får vi det totale talet på gytte egg.

Talet på egg som eit individ gyt er avhengig av art og storleik. Store hoer gyt fleire (og større) egg enn små hoer. Samanhengen er fastlagt, og talet på egg per gram hofisk er talfesta. Total mengd gytte egg, dividert med talet på egg per gram hofisk, gjev til slutt vekta eller biomassen til gytebestanden av hofisk. Prøvetaking syner kor mykje hannfisk og hofisk det er i gytebestanden. Vanlegvis er dette tilhøvet nær 1:1.

Merkeforsøk

I si aller enklaste form kan formelverket som vert nytta skisserast slik:

Talet på fisk i bestanden/talet på merkte fisk = Talet på fisk i fangst/talet på merkte fisk i fangst.

Dersom ein held greie på kor mange merke som vert sette ut, kor mange merke som vert funne att og kor mange fisk som vert fanga, kan ein ved hjelp av denne formelen rekne ut mengda av fisk i bestanden.

4.1.2 Metodar for utrekning av bestandsstorleik

Bestandsvurdering inneber som nemnt å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fisket, data frå tokt der relative bestandsendringar vert observert og beskatningsgraden (fisketrykket). Utfallet er grunnlag for rådgjeving om fiskekvotar, og er elles viktig for meir grunnleggjande forsking på tilhøve som avgjer storleiken på bestanden, rekruttering osv.

For dei fleste bestandar av interesse for Noreg vert desse utrekningane gjort i samarbeid med forskarar frå fleire land i arbeidsgrupper innanfor Det internasjonale råd for havforsking, ICES. Utrekningsverktøyet er matematiske modellar. Det finst ei rekkje slike modellar, og dette er eit forskingsfelt i utvikling. Valet av modell er avhengig av eigenskapane til bestanden og kva slags data som er tilgjengelege. I Noreg brukar vi hovudsakleg modellar der føresetnaden er at både fangstane og toktdata ligg føre, så som tal på fisk fordelt på alder. Medan talet på fisk i fangstane er eit absolutt tal, er talet på fisk målt på tokt i dei fleste høve eit relativt tal; ein indeks. Det gjer at målingane kan knytast til årsklassar, og at kvar årsklasse kan følgjast over tid.

For somme artar brukar vi ikkje metodikk basert på fangststatistikk. I våre farvatn gjeld det først og fremst lodda. Her brukar vi den akustiske målinga av bestanden som eit absolutt mål for bestandsstorleiken. Som basis for rådgjevinga om kvotar nyttar vi så modellar som tek omsyn til at den naturlege dødsraten mellom målinga og gytetidspunktet vil variere med kor mykje torsk og andre rovdyr som er i området.

For mange artar i våre farvatn har vi berre data og relevant informasjon frå fiskeria å støtte oss til når vi skal vurdere og evaluere bestandsstorleiken. Det er nødvendig med meir forsking for å kunne utføre korrekte vurderingar av kor stor fiskeinnsats (inkl. endring av effektivitet) som ligg til grunn for eit rapportert fangstkvantum. Først då kan vi kople fiskeridata til bestandsstorleik på ein påliteleg måte.

4.1.3 Forvaltningsmålsettingar og rådgjeving

Det er naturen som set grenser for kor mykje som kan haustast av ein fiskebestand. Innanfor denne avgrensinga er det like fullt mange alternative måtar å nytte ressursen på, avhengig av kva slags mål ein har. Vi snakkar her om ulike forvaltningsmålsettingar nedfelt i forvaltningsplanar. Desse kan vere tidsavgrensa eller permanente. Ein permanent plan kan til dømes vere å fiske med ein gjeven utnyttingsgrad. Ein tidsavgrensa plan kan til dømes ta sikte på å byggje opp att ein bestand til eit visst nivå. I begge tilfelle bør det vere mogleg å revidere planen undervegs.

For forvaltningsmålsettingar og haustingsreglar er berekraft ei grunnleggjande norm. Optimal ressursutnytting og stabilitet er andre kriterium det er rimeleg å ta omsyn til. For å kunne vurdere utnyttingsgrad og bestand i høve til slike kriteria, er det utvikla biologiske referansepunkt. Tradisjonelt har desse vore nytta i forvaltningsrådgjeving både som grenseverdiar og målverdiar. Nedanfor er det eit oversyn over dei vanlegaste referansepunkta og kva dei tyder, men først er det nadusynt å forklare enkelte vanlege, faglege omgrep.

Total dødsrate (Z) i ein fiskebestand vert delt opp i naturleg dødsrate (M) og fiskedødsrate (F). Fiskedødsraten skal omfatte den delen som skuldast fisket. I praksis vil det like fullt vere vanskeleg å få mål på utkast og død som kjem av kontakt med fiskereiskapar, slik at fiskedødsraten i bestandsvurderingar som regel berre omfattar ilandført registrert fangst. Naturleg dødsrate omfattar då all annan død. Forskarane nyttar «momentane» dødsratar. Dette må ikkje forvekslast med prosentvise dødsratar. Skilnaden kjem av at den momentane dødsraten står i høve til det gjennomsnittlege talet på fisk gjennom året, medan ein prosentvis del gjerne står i høve til talet på fisk ved starten av året. Medan ein prosentvis rate ikkje kan verte større enn 1.0 (alle fiska opp) kan ein momentan dødsrate verte større, sjå tabell 4.1.

Tabell 4.1 Samanheng mellom dødsrate og prosent av bestandsstorleik ved starten av året.

Dødsrate

0,1

0,2

0,3

0,4

0,5

0,6

0,7

0,8

0,9

1,0

1,5

2,0

Prosent av bestandsstorleik ved starten av året

9,5

18,1

25,9

33,0

39,3

45,1

50,3

55,1

59,3

63,2

77,7

86,5

I forvaltningssamanheng er det som regel berre fiskedødsrate som vert presentert. Naturleg død kjem i tillegg til dette. Ein fordel ved å bruke «momentan» dødsrate, er at dette ofte er tilnærma proporsjonalt med fangstinnsatsen. Ei dobling av fangstinnsatsen tilsvarar omtrent ei dobling av fiskedødsraten.

Eit haustings- eller utnyttingsmønster syner korleis haustinga/utnyttinga er fordelt på kvar aldersgruppe. Dette vil mellom anna vere avhengig av reiskapsseleksjon. Som regel vil utnyttinga vere lågare for ung fisk enn for eldre. Utnyttingsmønsteret er uavhengig av utnyttingsgrad (fiskedødsrate), og refererer berre til det relative tilhøvet mellom aldersgruppene. Endringar i utnyttingsmønsteret kan ha stor innverknad på langtidsutbyttet.

Referansepunkt dannar grunnlag for rådgjeving om fiskekvotar

I forvaltninga nyttar ein ulike referansepunkt for å talfeste kritiske verdiar for fiskedødsrate og gytebestandsbiomasse. Det finst to hovudgrupper av slike referansepunkt: Føre-var-referansepunkt og referansepunkt knytta til maksimalt berekraftig utbytte (MSY). I kapittel 4.1.4 vert det gjort greie for korleis desse referansepunkta inngår i dagens rådgjeving frå ICES. Under følgjer litt bakgrunn for korleis desse punkta vert rekna ut.

Føre-var-referansepunkt

Føre-var-regelen (eller føre-var-tilnærminga) i forvaltning av naturressursar er nedfelt i fleire internasjonale konvensjonar etter Rio-konferansen i 1992. Sidan 1998 har ICES definert og talfesta føre-var-referansepunkt for dei fleste bestandane. Referansepunkta omfattar både utnyttingsgrad (fiskedødsrate) og storleik på gytebestanden.

Berekraftige fiskeri er eit sentralt omgrep i dei tidlegare nemnde internasjonale konvensjonane. Ut frå det langsiktige aspektet som ligg i dette, og ut frå den historiske erfaringa med forvaltning av fiskebestandar, er fiskedødsraten rekna som eit viktig kriterium for føre-var-forvaltning. Ein vil sikre seg mot at bestanden vert utsett for ein fiskedød som på lengre sikt kan føre til samanbrot i bestanden. Ut frå historiske bestandsdata og enkle føresetnader om samanhengen mellom gytebestand og rekruttering, har ein for kvar bestand prøvd å definere ei nedre grense for gytebestanden (Blim), der det er stor risiko for dårleg rekruttering om gytebestanden kjem under denne grensa. Tilsvarande er det definert ei øvre grense for fiskedødsraten (Flim) som, dersom ho vert overskriden over lengre tid, svært sannsynleg vil føre bestanden ned på eit nivå der rekrutteringa er venta å verte dårleg.

Når vi tek omsyn til uvisse i bestandsvurderingane, krev ei føre-var-forvaltning at det vert lagt inn ein tryggleiksmargin i høve til desse «absolutte» grensene. Ei føre-var-grense for gytebestanden (Bpa)1 må difor vere noko høgare enn Blim, og ei føre-var-grense for fiskedødsraten (Fpa) må vere noko lågare enn Flim. Denne tryggleiksmarginen vil altså avhenge av presisjonen i bestandsvurderinga og graden av naturleg variasjon i bestanden. Fpa kan sjåast som den høgaste fiskedødsraten som vil vere i samsvar med ei føre-var-forvaltning, men er òg knytt til om ho er berekraftig. Bpa er først og fremst ei tiltaksgrense. Dersom gytebestanden er lågare enn Bpa, bør ein ta det som ei åtvaring og setje inn ekstra tiltak for å få bestanden opp igjen på eit tryggare nivå. På figurane i kap. 4 er føre-var-grensa for gytebestanden teikna inn som ei raud linje. Denne linja er berre vist for dei siste åra i perioden, sidan dette er ei tiltaksgrense som det er relevant å samanlikne estimata av no-bestanden med. Lengre tilbake i perioden er bestandsestimata mindre usikre, og føre-var-grensa er difor ikkje så relevant å samanlikne med.

ICES bruker no omgrepet å «hauste på ein ikkje berekraftig måte» i dei tilfella der fiskedødsraten er for høg. I dei tilfella der fiskedødsraten er over Fpa, men under Flim, er omgrepet at «det er risiko for at bestanden ikkje er hausta berekraftig». Når fiskedødsraten er under Fpa, seier ein at «haustinga er berekraftig». Vidare, når det gjeld gytebestanden, seier ICES at om bestanden er i god forfatning og over Bpa, har den «god reproduksjonsevne». Om bestanden er under Bpa, men over Blim, heiter det at den har «risiko for sviktande reproduksjonsevne», og til sist, om bestanden er i dårleg forfatning og under Blim, har den «sviktande reproduksjonsevne».

Referansepunkt knytt til maksimalt berekraftig utbytte (MSY – Maximum Sustainable Yield)

MSY-konseptet har tidlegare vore brukt innan fiskeriforvaltninga og statusen til omgrepet vart styrka i 2002 i Johannesburg-erklæringa. Maksimalt berekraftig utbytte (MSY) er eit omgrep som har som mål å sikre høgast mogleg utbytte over lang tid av ein bestand. I praksis er MSY bestemt av vekstrate, naturleg dødsrate og reproduksjonsrate i bestanden. Desse retningslinjene gjeld for ei MSY-basert tilnærming:

  • Det må fastsetjast referansepunkt som avgrensar kva for gytebestand som vil produsere MSY.

  • Fiskedøden må ikkje overstige den fiskedødsraten som fremmar MSY.

  • Den biomassen som fremmar MSY kan brukast som eit mål for gjenoppbygging for ein overfiska bestand.

Føre-var-tilnærminga er eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg, vilkår for MSY. Populasjonar må oppretthaldast innanfor sikre biologiske grenser etter føre-var-prinsippet for å gjere MSY mogleg. Manglande vitskapleg informasjon skal ikkje vere ei orsaking for å utsetje forvaltning som opprettheld bestandar innanfor sikre biologiske grenser og/eller seinkar gjennomføring av ein strategi for å oppnå MSY.

Fiskeria påverkar fiskebestandane gjennom fiskedødsrate (F) brukt på bestanden. Produksjon i ein fiskebestand er summen av vekta til populasjonen (biomasse) tillagt rekruttering og vekst og fråtrekk av tap frå naturleg død. Produksjonen kan vere svært variabel, men i gjennomsnitt heng han saman med storleiken på bestanden (ofte uttrykt som biomasse av gytebestanden eller SSB) som igjen er avhengig av F. Det vil seie at for kvart nivå av F er det ein langtids gjennomsnittleg produksjon og bestandsstorleik. Samanhengen mellom F, produksjon og bestandsstorleik vert kalla produksjonsfunksjonen. Produksjonen er den fangsten ein kan hauste utan at bestandsstorleiken endrar seg. Toppen på denne produksjonsfunksjonen er MSY, og den fiskedødsraten som fremmar denne toppen over tid, vert kalla FMSY.

Fiskedødsraten (F) er den einaste variabelen i produksjonsfunksjonen som kan kontrollerast direkte ved fiskeriforvaltning. Det er berre gjennom F at forvaltning av fiskeria kan kontrollere storleiken på gytebestanden. Men gytebestanden er òg utsett for naturleg variasjon som frå år til år kan overstige påverknad av F. Å hauste ein konstant fangst på MSY er ikkje eit berekraftig val sidan MSY er eit langtidsgjennomsnitt. Det maksimale konstante utbyttet som kan takast er vesentleg lågare enn MSY.

I ICES ser ein at det innan fiskeriforvaltning er fleire ulike karakteristika for fiskebestandar som varierer, og informasjonen tilgjengeleg for dei ulike bestandane varierer òg. Difor har ICES delt bestandane inn i tre kategoriar som dette rammeverket vert brukt på. Det er langliva bestandar med bestandsestimat, kortliva bestandar med bestandsestimat og bestandar utan bestandsestimat. Det er litt ulik framgangsmåte mellom kategoriane for å bruke ICES sitt rammeverk. I det følgjande oppsummerer vi karakteristika for langliva bestandar med bestandsestimat som fleire av våre bestandar tilhøyrer.

For langliva bestandar med bestandsestimat baserer ICES MSY-tilnærminga på å halde fiskedødsraten på nivå med eller lågare enn FMSY. Ved denne tilnærminga vert både fiskedødsrate og biomasse-referansepunkt nytta. Desse referansepunkta er FMSY og BMSY-trigger. BMSY er ein tenkt verdi som bestandsstorleiken fluktuerer rundt når F=FMSY. BMSY-trigger er eit biomassereferansepunkt i haustingsregelen som utløyser ein føre-var-respons. Denne responsen er å redusere fiskedøden for å styrkje bestanden si evne til å byggje seg opp att. Konseptet med BMSY-trigger er utvikla frå PA-referansepunktet Bpa som ICES har nytta som basis for fiskerirådgjeving i meir enn eit tiår. Bpa er ei nedre grense for eit biomassenivå der det er lågt sannsyn for svekka rekruttering.

ICES si MSY-tilnærming er nedfelt i haustingsreglar (harvest control rule, HCR) av den typen som er framstilt i figur 4.1.

Figur 4.1 MSY-tilnærming vist i haustingsregel.

Figur 4.1 MSY-tilnærming vist i haustingsregel.

BMSY-trigger vert gjerne sett lik Bpa (når dette referansepunktet er tilgjengeleg), dersom det ikkje er gode grunnar for å bruke noko anna. Dersom ein i framtida får betre kunnskapar om korleis SSB (biomasse av gytebestanden) varierer med fiske rundt FMSY, bør BMSY-trigger revurderast. Revurderte verdiar bør liggje høgare enn Bpa i dei fleste tilfella.

ICES sin MSY-haustingsregel (Figur 4.1) er utforma for å fremje gjenoppbygging av bestanden til det normale området av bestandsstorleikar som er knytt til MSY når bestanden er lågare enn dette (det vil seie når bestanden er lågare enn BMSY-trigger).

4.1.4 Rådgjeving frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES)

Rådgjevinga frå ICES vart frå og med våren 2008 utarbeidd av den nye rådgjevande komiteen, ACOM. ACOM er sett saman av ein forskar frå kvart av dei 20 medlemslanda i ICES i tillegg til leiaren. ACOM er no den einaste rådgjevingskomiteen i ICES som utarbeider vitskaplege råd for kyst-/havressursar og økosystem. ACOM baserer sitt arbeid og sine råd på ekspertgrupper som utfører dei vitskaplege analysane, kvalitetssikringsgrupper («review groups») som òg bruker uavhengige medhjelparar og grupper som lagar utkast til råd (Advisory Drafting Groups). Alle desse gruppene får støtte og sekretærhjelp av ICES-sekretariatet i København.

For å gjere prosessane som fører fram til råda frå ICES så opne som mogleg, er det opna for at observatørar frå einskilde interesseorganisasjonar kan ta del i møta til ACOM og i møta til gruppene som lagar utkast til råd. Observatørar kan òg ta del i arbeidet med kvalitetssikring av råda. Observatørane må godkjennast av dei einskilde nasjonale delegatane.

ACOM kjem med råd fleire gonger i året, men dei årvisse råda for bestandar som Noreg har interesser i kjem hovudsakleg på to ulike tidspunkt – bestandar i Barentshavet (utanom lodde) og Nordsjøen i juni, og dei pelagiske bestandane makrell, norsk vårgytande sild (nvg-sild), lodde og kolmule i oktober. Rådet for reker i Barentshavet og Skagerrak/Nordsjøen kjem utanom dei faste tidspunkta og vert vanlegvis gjevne i november. I tillegg til desse årvisse råda vert ICES ofte bedt om å gje råd om spesielle saker som forvaltningsstyresmaktene ønskjer å få utgreidd. Det kan vera testing av nye haustingsreglar og liknande.

Frå 2010 tok ICES MSY-omgrepet inn i si rådgjeving. ICES gjev fiskeriråd som er i tråd med internasjonale prinsipp for MSY, føre-var-tilnærming og økosystemtilnærming, men må samstundes svare på andre spørsmål frå forvaltningsorgan som ber om råd. Fiskeria som ICES gjev råd om, har så langt ikkje generelt vore forvalta med MSY som målsetjing. Frå EU er det kome krav om at EU sine fiskeri skal forvaltast etter MSY-prinsippet innan 2015, og dette gjer at rådgjevinga i ICES utviklar seg i denne retninga. Denne utviklinga omfattar planar for ein overgangsprosess for å oppnå full implementering av MSY-tilnærminga innan 2015.

Rådgjevinga frå ICES frå og med 2011 skjer etter følgjande retningslinjer:

  • For bestandar der det finst ein forvaltningsplan som er i tråd med føre-var-prinsippet og/eller MSY-tilnærminga, og som alle partar i forvaltninga er samde om, skal rådet gjevast i samsvar med denne planen.

  • Dersom det ikkje finst ein forvaltningsplan som alle partar er samde om, skal rådet gjevast på basis av MSY-tilnærminga eller i tråd med planane for overgang til ei slik tilnærming.

  • Dersom det ikkje ligg føre MSY-utrekningar for bestanden, må råda baserast på annan informasjon, til dømes trendar i bestandsmålingar og/eller fangstrater i kommersielt fiske.

I tillegg til råda er det ein omtale av tilstanden til bestanden, forvaltningsmål, opsjonstabell med konsekvensar av ulik utnytting, rådgjeving og dessutan tabellar og figurar som illustrerer historia til bestanden. Råda er offentlege og kan lesast på internettsida til ICES (http://www.ices.dk).

Havforskingsinstituttet omset rådgjevinga frå ICES til norsk, kommenterer og utdjupar der det trengst, og legg alt ut på si internettside ( http://www.imr.no). Dette for at det ikkje skal vere tvil om kva som er ICES si vurdering og kva som er Havforskingsinstituttet si offisielle vurdering av bestandssituasjonen og råd til forvaltningsstyresmaktene.

4.2 Tilstandsrapportar og rådgjeving for dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn

4.2.1 Nordaust-arktisk torsk

Bestanden er no utbreidd i mesteparten av Barentshavet, også nord for Polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelt år finst skrei heilt sør til Stad.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 650 000 tonn. I perioden 1994-1998 var samla årleg fangst over 700 000 tonn, minka så til 415 000 tonn i 2000, og auka etter dette gradvis til om lag 640 000 tonn i 2005 inkludert overfiske (Figur 4.2). Frå 2005 til 2008 gjekk fangsten ned frå om lag 640 000 tonn til kring 460 000 tonn, men har sidan auka jamt. Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 prosent av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaust-arktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65-70 prosent av fangsten teken med andre reiskapar.

I 2009–2012 har det ikkje vore registrert urapportert overfiske av kvoten, noko som saman med gunstige miljøtilhøve har resultert at bestanden er i svært god forfatning. Dette heng spesielt saman med innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå 1. mai 2007, aktivt bilateralt samarbeid og auka merksemd om problemet både i næringa og på politisk hald.

Figur 4.2 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk torsk 1946–2014. Fangst i 2013 og fangst og bestand i 2014 er prognosar. Fangst i 2014 = TAC.

Figur 4.2 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk torsk 1946–2014. Fangst i 2013 og fangst og bestand i 2014 er prognosar. Fangst i 2014 = TAC.

Tabell 4.2 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk torsk sidan 1998.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1998

F < Fmed

514

654

593

385

1999

Minka F til under Fpa

360

480

485

292

2000

Auka SSB til over Bpa i 2001

110

390

415

240

2001

Høgt sannsyn for SSB > Bpa i 2003

263

395

426

355

2002

Minka F til under 0.25

181

395

535

498

2003

Minka F til under Fpa

305

395

552

550

2004

Minka F til under Fpa

398

486

606

662

2005

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

485

485

641

621

2006

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

471

471

538

620

2007

Minka F til under Fpa, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

309

4242

487

692

2008

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

409

4303

464

760

2009

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

473

5254

523

1166

2010

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

577,5

6075

610

1339

2011

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

703

703

720

1765

2012

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

751

751

754

1902

2013

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

940

10006

19861

2014

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

993

993

21061

1 Framskriving.

2-6 Fastsett kvote var høgre enn kvoterådet for 2007 og 2008, men det skuldast at Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen og ICES nytta ulike tal for urapportert fiske når kvoten vart rekna ut på bakgrunn av haustingsregelen. For 2010 vart partane samde om å auke kvoten meir enn det den dåverande haustingsregelen tilsa, men i samsvar med det nye tillegget som vart vurdert i 2010. For 2009 og 2013 valde ein å setje kvoten høgare enn gjeldande haustingsregel utan at dette støtta seg på alternative utrekningar.

Utrekningsmetodar

Grunnlaget for utrekningane er toktresultat (indeksar som vert brukt som relative mål), årleg totalfangst (rapportert pluss berekna urapportert fangst) og prøvetaking frå fisket. I tillegg tek ein omsyn til torskens beiting på småtorsk (kannibalisme), som vert rekna ut frå mageprøver. Bestandsanalysen er talfesta gjennom ein «fangst ved alder»-analyse styrt mot toktresultat for dei siste åra. Heile analysen er gjort med ulike modellar som i store trekk har gjeve samstemte resultat. Største uvisse i bestandsberekningane er no knytt til fangsttala og tokttala. Urapportert overfiske er ikkje lenger sett på som ein viktig faktor. Området dekt av tokta har variert mellom år, og dette skapar problem for utrekningane, spesielt når den geografiske utbreiinga av bestanden også varierer. Likevel fangar tokta opp hovudtrekka i bestandssvingingane.

Bestandsgrunnlaget

Figur 4.2 syner utviklinga av totalbestanden sidan 1946. Bestanden minka frå 1993 til 1999, men har sidan det auka til eit svært høgt nivå. Tala viste for 2014 i figur 4.2 er prognosar. Ein viktig grunn til auken etter 1999 er truleg betre ungfiskvern ved å stenge område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria, og betre samsvar mellom tilrådde kvotar og fiske dei siste åra. Gytebestanden er i dag på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida.

Tilrådde reguleringar og avtalar for 2014

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES gytebestanden til å vere godt over føre-var-nivået og fiskedødsraten (F) til å vere nær ein historisk låg verdi. ICES tilrådde ein kvote for 2014 (993 000 tonn, tabell 4.2) i tråd med den sameinte haustingsregelen. ICES påpeika òg at utøvinga av torskefisket må ta omsyn til trongen for vern av kysttorsk og trongen for redusert bifangst av vanleg uer. Den norsk-russiske fiskerikommisjonen følgde handlingsregelen og fastsette ein kvote for 2014 på 993 000 tonn.

Det avtalte fangstnivået vil innebere at gytebestanden og totalbestanden held seg på eit høgt nivå, og fiskepresset på bestanden er venta å halde seg på det låge nivået ein har hatt dei siste åra. Regelen har ført til at fiskerikommisjonen har avtalt torskekvoten om lag i samsvar med ICES sine råd etter 2005 (tabell 4.2).

4.2.2 Nordaust-arktisk hyse

Fisket

Hyse vert fiska gjennom heile året, i hovudsak som bifangst i trålfisket etter torsk, særleg når bestandsnivået er lågt. Historiske rapporterte årsfangstar har variert mellom 21 000 og 322 000 tonn sidan 1950. Gjennomsnittleg årsfangst er 135 000 tonn. Dei siste åra har Russland og Noreg stått for meir enn 90 prosent av landingane.

Figur 4.3 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk hyse 1950-2014.

Figur 4.3 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk hyse 1950-2014.

Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk hyse sidan 1998.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1998

Hald F under Fmed

< 120

130

101

142

1999

Minka F til under Fpa

< 74

78

83

112

2000

Minka F til under Fpa

< 37

62

69

105

2001

Minka F til under Fpa

< 66

85

90

148

2002

Minka F til under Fpa

< 64

85

115

180

2003

Minka F til under Fpa

< 101

101

139

198

2004

Minka F til under Fpa

< 120

130

158

191

2005

Minka F til under Fpa

< 106

117

159

209

2006

Minka F til under Fpa

< 112

120

153

167

2007

Avgrens totalfangst

< 130

150

162

203

2008

Avgrens totalfangst

< 130

155

156

191

2009

Bruk haustingsregel

< 194

194

200

223

2010

Bruk haustingsregel

< 243

243

249

328

2011

Bruk haustingsregel

< 303

303

310

419

2012

Bruk haustingsregel

< 318

318

315

384

2013

Bruk haustingsregel

< 238

200

2551

2014

Bruk haustingsregel

<150

178.5

1 Framskriving.

Utrekningsmetodar

I utrekningane av kor stor hysebestanden er, brukar ein same reknemodell som for nordaust-arktisk torsk, og i desse utrekningane inngår fangststatistikk, toktdata og torskens konsum av hyse. Området dekt av tokta har variert mellom år, og dette skapar problem for utrekningane, spesielt når den geografiske utbreiinga av bestanden også varierer. Likevel fangar tokta opp hovudtrekka i bestandssvingingane.

Bestandsgrunnlaget

Bestanden av nordaust-arktisk hyse auka frå 2000 til det høgaste nivået ein har hatt i perioden frå 1950. Toppnivået for totalbestanden hadde vi i 2009–2010, medan gytebestanden var på topp i 2011. Dette høge nivået kjem av at vi fekk tre sterke årsklasser på rad (2004–2006). Rekrutteringa har etter dette normalisert seg, og bestanden har hatt ein nedgang dei siste åra. Det er venta at bestandsnivået vil normalisere seg dei komande åra dersom bestanden vert forvalta i tråd med vedteken haustingsregel.

Tilrådde reguleringar

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES bestanden til å ha god reproduksjonsevne, men det er risiko for at bestanden ikkje er hausta berekraftig. ICES tilrådde ein kvote for 2014 på 150 000 tonn (tabell 4.3) i tråd med den sameinte haustingsregelen. Kvoten vart fastsett til 178 500 tonn, grunngjeve med at dette ville vore i samsvar med haustingsregelen dersom denne regelen hadde vore følgd ved kvotefastsettinga for 2013. Haustingsregelen avgrensar dei årlege endringane i kvoten til 25 prosent dersom gytebestanden er over føre-var-grensa, men grunngjeve med eit ønskje om å avgrense nedgangen i bestanden valde Den norsk-russiske fiskerikommisjonen å endre kvoten for 2013 med 37 prosent.

Fangst i 2013 og fangst og bestand i 2014 er prognosar. Fangst i 2014=TAC.

4.2.3 Nordaust-arktisk sei

Fisket

Utbyttet av seifisket nord for 62° N nådde ein topp på 212 000 tonn i 2006 og har seinare minka (Figur 4.4) til under gjennomsnittsutbyttet for 1960–2012 som var på 163 000 tonn. Noreg tek om lag 90 prosent av fangsten på denne bestanden, og dei ti siste åra har trålfisket stått for 40 prosent av dei norske landingane, not 25 prosent, garn 20 prosent og line, snurrevad og jukse til saman 15 prosent.

Figur 4.4 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei 1960 – 2014. Fangst i 2013 og fangst og bestand i 2014 er prognosar. Fangst i 2014=TAC.

Figur 4.4 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei 1960 – 2014. Fangst i 2013 og fangst og bestand i 2014 er prognosar. Fangst i 2014=TAC.

Tabell 4.4 Tilrådd TAC, fastsett TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk sei sidan 1998.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1998

Minka F til Fmed eller lågare

117

1451

153

280

1999

Minka F til under Fpa

87

1442

150

292

2000

Minka F til under Fpa

< 89

1253

136

353

2001

Minka F til under Fpa

< 115

135

136

382

2002

Minka F til under Fpa

< 152

1624

155

465

2003

Halde F til under Fpa

< 1684

164

162

451

2004

Halde F til under Fpa

< 186

169

165

510

2005

Halde F til under Fpa

< 215

215

179

560

2006

Halde F til under Fpa

< 202

193,5

212

501

2007

Halde F til under Fpa

< 247

222,5

199

530

2008

TAC i.h.t. HCR eller lågare

< 247

<247

185

467

2009

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer

< 225

225

162

382

2010

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer

< 204

204

195

361

2011

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer

< 173

173

157

330

2012

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

< 164

164

161

310

2013

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

< 164

140,4

246

2014

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<140

119

2175

1 TAC først sett til 125 000 tonn, auka i mai 1998 etter ekstraordinære bestandsanalysar.

2 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1998.

3 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1999.

4 TAC først sett til 152 000 tonn, auka til 162 000 tonn etter bestandsanalysane i april 2002, opphavleg råd frå ICES for 2003 på 168 000 tonn følgjeleg redusert til 164 000 tonn.

5 Framskriving.

Utrekningsmetodar

For sei nord for 62°N brukar ein same utrekningsmetodikk som for torsk og hyse. Datagrunnlaget er fangstdata (tal landa fisk fordelt på aldersgrupper) frå det kommersielle fisket, indeksar frå eit akustisk tokt og fangst per eining innsats frå trålfisket. Denne siste datakjelda vert no vurdert fjerna frå utrekningane sidan data ikkje lenger samsvarar med utviklinga i seibestanden.

Bestandsgrunnlaget

Seibestanden nord for 62°N var på eit historisk høgt nivå i 2001–2007, men det er sidan registrert ein bratt nedgang både i umoden bestand og gytebestand (figur 4.4). Årsklassane 1999 og 2002 var gode, og 2005- og 2007-årsklassane litt over snittet for 1960–2010, elles har rekrutteringa i seinare år vore under middels eller svak. Kysttoktet hausten 2013 viste ein ny nedgang i mengda sei, og det var ingen teikn på betre rekruttering i dei næraste åra.

Tilrådde reguleringar

ICES vurderer gytebestanden til truleg å vere nær føre-var-nivå i 2013, og det kan vere auka risiko for redusert reproduksjonsevne. Fiskedødsraten var under føre-var-nivå frå 1996 til 2009, men har auka sidan 2005 og er truleg nær føre-var nivå i 2013. Det kan vere auka risiko for at bestanden ikkje vert hausta berekraftig. Det vart i 2007 innført ein ny haustingsregel for nordaustarktisk sei, som ICES evaluerte til å vere i tråd med føre-var-tilnærminga. Ifølgje haustingsregelen vil gytebestanden med rekruttering rundt eller under langtidsgjennomsnittet vere rundt eller under føre-var-nivå (220 000 tonn) dei næraste åra. Havforskingsinstituttet har difor tilrådd at utnyttingsgraden ikkje vert sett høgare enn utnyttingsgraden for maksimalt langtidsutbytte, og Nærings- og fiskeridepartementet justerte i 2013 utnyttingsgraden i haustingsregelen frå føre-var-nivå til dette nivået. Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett kvoten for 2014 til 119 000 tonn (tabell 4.4), som er 15 prosent lågare enn det ICES tilrådde som maksimal kvote.

4.2.4 Nordaust-arktisk blåkveite

Blåkveite er ein flatfisk med svært vid og kontinuerleg utbreiing langs dei djupare kontinentale skråningane frå den austlege delen av Canada til nord om Spitsbergen. I Nordaust-Atlanteren finst ungfisken for det meste rundt Svalbard, nord og aust av Spitsbergen og austover forbi Frans Josef Land. Den vaksne delen av bestanden finst særleg langs eggakanten frå 62°N til nordvest for Spitsbergen, med dei høgaste konsentrasjonane i djupner på 500-800 m mellom fastlandsnoreg og Bjørnøya.

Figur 4.5 Utviklinga av den totale fangsten av blåkveite 1964–2014. Fangst i 2013 er prognose og fangst i 2014 er TAC.

Figur 4.5 Utviklinga av den totale fangsten av blåkveite 1964–2014. Fangst i 2013 er prognose og fangst i 2014 er TAC.

Figur 4.6 Biomasseestimat frå tre trålseriar for nordaust-arktisk blåkveite. NorComb – kombinasjon av tre norske tokt, Russ – eit russisk tokt om hausten, og NorCPUE – eit norsk tokt med leigebåtar (avslutta i 2006).

Figur 4.6 Biomasseestimat frå tre trålseriar for nordaust-arktisk blåkveite. NorComb – kombinasjon av tre norske tokt, Russ – eit russisk tokt om hausten, og NorCPUE – eit norsk tokt med leigebåtar (avslutta i 2006).

Tabell 4.5 Tilrådd TAC, fastsett TAC og fangst (tusen tonn) av norsk-arktisk blåkveite sidan 1998.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand3

1998

Ikkje fiske

0

2,51

13

-

1999

Ikkje fiske

0

2,51

19

-

2000

Ikkje fiske

0

2,51

14

-

2001

Reduser fangst for å byggje opp att bestanden

<11

2,51

16

-

2002

Betydeleg reduksjon av F

<11

2,51

13

-

2003

Reduser fangst for å auke bestanden

<13

2,51

13

-

2004

Ikkje overstig seinaste låge fangstar

<13

2,51

19

-

2005

Ikkje overstig seinaste låge fangstar

<13

2,51

19

-

2006

Ikkje overstig seinaste låge fangstar

<13

2,51

18

-

2007

Reduser fangst for å auke bestanden

<13

2,51

15

-

2008

Reduser fangst for å auke bestanden

<13

2,51

14

-

2009

Same råd som siste år

<13

2,51

13

-

2010

Same råd som siste år

<13

152

15

-

2011

Same råd som siste år

<13

152

16

-

2012

Ingen auke i fangsten

<15

182

20

-

2013

Ingen auke i fangsten

<15

192

-

2014

Ingen auke i fangsten

<15

192

1 TAC sett av norske styresmakter for tradisjonelt fiske utan trål.

2 TAC sett av Den blanda norsk – russiske fiskerikommisjonen.

3 Ikkje utført ei kvantitativ bestandsberekning.

Fisket

Gjennomsnittsfangsten av nordaust-arktisk blåkveite har vore like i overkant av 15 000 tonn etter 2000 (Figur 4.5). Internasjonal fangststatistikk frå 2013 er enno ikkje ferdig, men fisket er venta å verte om lag 18 000 tonn. Den norske flåten fiska om lag 9 000 tonn blåkveite i 2013. Line- og garnflåten tok om lag 75 prosent av fangsten, og trålarane tok resten.

Bestandsgrunnlaget

Både dei viktigaste tokta og den eksperimentelle bestandsvurderinga viser ein gradvis auke i gytebestanden sidan 1992. I denne perioden har gjennomsnittsuttaket vore i underkant av 15 000 tonn, og det vert tolka som at bestanden kan tole eit slikt uttak og framleis ha ein moderat auke.

Utrekningsmetodar

For nordaust-arktisk blåkveite vert det berre sett på trendar i bestanden, men det vert nytta same metodikk som for torsk, hyse og sei til å rekne ut bestandsnivået som indikasjon på bestandsutviklinga. Denne utrekninga er ikkje godkjent av ICES på grunn av problem med alderslesinga. I denne utrekninga inngår fangststatistikk og toktdata. Det viktigaste grunnlaget for rådgjevinga er trendane i dei viktigaste tokta for denne bestanden (Figur 4.6). Hausten 2013 var det i ICES ein ’benchmark’ for denne bestanden, der ein mellom anna kom med framlegg til ny utrekningsmetodikk. Ein benchmark er ein grundig gjennomgang av metodikken for bestandsvurdering, og ICES gjer dette med nokre års mellomrom. Grunna komplikasjonar med data vart benchmarkarbeidet ikkje avslutta i 2013, og ICES planlegg eit møte for å halda fram prosessen hausten 2014.

Tilrådde reguleringar

Ingen referansepunkt er definerte for bestanden. Den siste gjennomgangen endra ikkje oppfatninga av tilstanden til bestanden og gav ikkje grunnlag for å endre rådet frå 2009. Bestanden har vore på eit relativt lågt nivå dei siste 25 åra med fangstar på 15 000–25 000 tonn. For å auke gytebestanden seier ICES at det er naudsynt å halde uttaket under dette nivået. Fangstane bør difor vere lågare enn 15 000 tonn (Tabell 4.5). Eit slikt nivå har vist seg å gje auke i gytebestanden. Frå og med 2010 har Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen sett ein totalkvote for denne bestanden. Kvoten vert fordelt mellom Noreg (51 prosent), Russland (45 prosent) og andre land (4 prosent). Kvoten for 2014 vart sett til 19 000 tonn, som er 4 000 tonn meir enn rådet frå ICES.

4.2.5 Snabeluer i ICES-område I og II

Snabeluer er ein langliva art (høgaste dokumenterte alder er på 75 år) som føder levande yngel, og som lever pelagisk og epibentisk (i nær kontakt med botnen) frå 300–1400 m i Nord-Atlanteren. Hannane og hoene parar seg fleire månader før hoene føder levande 4-6 mm lange yngel i mars-april. Larvane lever pelagisk og driv nordover langs kontinentalskråninga i overflatelaga. Yngelen er i første rekkje fordelt i Barentshavet og rundt Svalbard. Dei vaksne er vidt fordelt på sokkelen og i det opne havet. Gytande vaksne konsentrerer seg langs kontinentalskråninga.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand (1992–2014) og fangst (1965–2014) av snabeluer. Fangst og bestand i 2014 er prognosar.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand (1992–2014) og fangst (1965–2014) av snabeluer. Fangst og bestand i 2014 er prognosar.

Tabell 4.6 Tilrådd TAC, fastsett TAC, fangst (tusen tonn) og gytebestand av snabeluer sidan 1998.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1998

Ikkje direkte fiske, reduser bifangst

-

-

14

354

1999

Ikkje direkte fiske, reduser bifangst

-

-

11

444

2000

Ikkje direkte fiske, bifangst på lågast mogleg nivå

-

-

10

538

2001

Ikkje direkte fiske, bifangst på lågast mogleg nivå

-

-

18

483

2002

Ikkje direkte fiske, bifangst på lågast mogleg nivå

-

-

7

597

2003

Ikkje direkte fiske, bifangst på lågast mogleg nivå

-

-

3

686

2004

Ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser

-

-

52

693

2005

Ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser

-

-

82

760

2006

Ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser

-

-

332

713

2007

Ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser

-

15,51

202

869

2008

Beskytt ungfisken, ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser

-

14,51

132

791

2009

Beskytt ungfisken, ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser

-

10,51

102

906

2010

Beskytt ungfisken, ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser

-

8,61

122

811

2011

Same råd som siste år

-

7,91

132

786

2012

Same råd som siste år

-

7,51

112

746

2013

Bruk F0.1

47

19,51

24

765

2014

Status quo-fangst

24

19,5

1 TAC sett av NEAFC for eit «olympisk» fiske i internasjonalt farvatn.

2 Inkluderer pelagiske fangstar i Norskehavet utanfor EEZ.

Fisket

Det har utvikla seg eit pelagisk fiske etter snabeluer i internasjonalt farvatn i Norskehavet (ofte omtalt som «Smotthavet») frå 2004. Fisket her er forvalta av Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC). Snabeluer vert dessutan teken som bifangst i andre fiskeri, som botnfiske etter torsk, hyse og blåkveite, og som yngel i rekefiskeria. Snabelueren vert òg fanga tilfeldig i fiske etter kolmule og sild i Norskehavet. Gjennomsnittsfangsten av snabeluer i ICES-område I og II har vore like i underkant av 13 000 tonn etter 2002 (Figur 4.7), med ein topp i 2006 på vel 32 000 tonn. Internasjonal fangststatistikk frå 2013 er enno ikkje ferdig, men fisket er venta å verte om lag 11 500 tonn, av dette 4 000 tonn bifangst.

Utrekningsmetodar

Ein ny metodikk for bestandsvurdering av snabeluer vart godkjent på eit kvalitetssikringsmøte (benchmarkmøte) i ICES i byrjinga av 2012. Metodikken brukar data frå forskingstokt i Barentshavet og frå kommersielt fiske i Norskehavet og Barentshavet. Absoluttnivået for bestanden må likevel reknast for å vere meir uvisst enn for andre bestandar der ein har metodikk som er godkjent. Dette skuldast mellom anna at metodikken for tida ikkje nyttar toktdata for eldre fisk (19 år og oppover). Eit akustikk/trål-tokt som vart gjort i Norskehavet i 2008, 2009, og 2013 gjev informasjon om mengda eldre fisk, men denne tidsserien er for kort til å kunne nyttast i bestandsmodellar.

Bestandsgrunnlaget

Etter god rekruttering på 1980-talet tok rekrutteringa til å svikte rundt 1990. Årsklassane 1996-2003 er alle svært svake, men etter dette ser det ut som rekrutteringa til bestanden har teke seg opp igjen (Figur 4.7). Sidan snabelueren vert kjønnsmoden i 12–15 års-alderen, vil det vere låg rekruttering til gytebestanden i dei næraste åra. Det er difor venta ein svak nedgang i gytebestanden i dei komande åra før han kjem oppatt på dagens nivå rundt 2017.

Tilrådde reguleringar

ICES vurderte bestandsauken sidan 1992 (Figur 4.7) til å vere så sterk at bestanden no er stor nok til å gje grunnlag for eit fiske. Ingen biomasse-baserte referansepunkt er definert for denne bestanden. ICES valde å gje råd ut frå F0.1, som er eit referansepunkt som ofte vert brukt for bestandar av denne typen. Dette tilsvarer ein fiskedødsrate (F) på 0.039, noko som for 2014 gjev ein fangst på 50 000 tonn. ICES gav likevel råd om ein status quo-fangst på 24 000 tonn i 2014 og at tiltaka for å verne yngel og ungfisk må halde fram.

NEAFC sette ein TAC på 19 500 tonn for det pelagiske fisket i Norskehavet for 2014 (Tabell 4.6). Denne kvoten skal takast i eit «olympisk» fiske (kappfiske) i internasjonalt farvatn i Norskehavet. Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen valde å vidareføre det eksisterande forbodet mot direkte fiske av snabeluer i Barentshavet også for 2014.

Basert på ein førespurnad frå NEAFC og frå Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har ICES undersøkt ulike opsjonar for langsiktige forvaltningsplanar for denne bestanden.

NEAFC og Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har ikkje gjort nokon avtale om kven som i framtida skal fastsetje ein TAC for denne bestanden, og det ligg heller ikkje føre forslag til avtale om fordeling av ein TAC mellom land eller mellom direktefiske og bifangst.

4.2.6 Lodde i Barentshavet

Utrekningsmetodar

Totalbestanden av lodde vert målt akustisk kvar haust. Toktet er eit samarbeid mellom Noreg og Russland. Desse undersøkingane gjev eit overslag over mengda lodde som er eitt år og eldre. Undersøkingar av 0-gruppe under eit økosystemtokt i august-september gjev tilleggsinformasjon om rekruttering.

Figur 4.8 Utviklinga i bestand og fangst av lodde frå 1973–2013.

Figur 4.8 Utviklinga i bestand og fangst av lodde frå 1973–2013.

Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og modnande bestand om hausten før (tusen tonn) av lodde i Barentshavet sidan 1998.

År

Råd frå ICES SSB=gytebestand

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Modnande bestand

1998

Ikkje fiske

0

0

1

312

1999

SSB > 500 000 t

< 79

80

101

932

2000

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 435

435

414

1718

2001

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 630

630

568

2099

2002

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 650

650

651

2019

2003

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 310

310

282

1290

2004

Ikkje fiske

0

0

0

280

2005

Ikkje fiske

0

21

11

293

2006

Ikkje fiske

0

0

0

174

2007

Ikkje fiske

0

41

41

437

2008

Ikkje fiske

0

101

121

844

2009

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

3902

390

307

2468

2010

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

3602

360

323

2323

2011

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

3802

380

354

2051

2012

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

3202

320

296

2115

2013

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

2002

200

176

1998

2014

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

652

65

1471

1 Forskingskvote.

2 Vinterfiske.

Storleiken på loddebestanden og framlegg til kvote basert på haustingsregelen (max 5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 tonn) vert utarbeidde av ei gruppe av norske og russiske forskarar etter økosystemtoktet i august-september. Delingsforholdet mellom Noreg og Russland for denne kvoten er 60 prosent til Noreg og 40 prosent til Russland. Frå og med 2005 har denne gruppa rapportert til ICES si arbeidsgruppe for arktiske fiskeri (Arctic Fisheries Working Group).

Bestandsestimatet frå økosystemtoktet vert brukt direkte som mål for bestandsstorleiken, og prognosar og kvotetilrådingar vert rekna ut i spesiallaga modellar der òg modning, vekst og naturleg dødsrate er med. Estimata for naturleg død tek omsyn til mellom anna mengda og storleikssamansetjinga av torsk i Barentshavet, og kor mykje av loddebestanden denne torsken kjem til å ete. I det reknestykket inngår òg temperaturen i dei områda torsken beitar på lodda, då dette påverkar kor fort torsken fordøyer lodda, og difor òg kor mykje han kan ete. I prognosane tek ein omsyn til uvisse i dei ulike målingane og i føresetnadene som inngår.

Bestandsgrunnlaget

Figur 4.8 viser utviklinga i bestand og fangst frå 1973 til 2013. Biomassen til loddebestanden vart mykje redusert frå 2002 til 2003, og dette må kallast eit bestandssamanbrot. I 2004 og 2005 heldt biomassen seg på eit lågt nivå, men vaks igjen fram til 2008 og har sidan flata ut. Rekrutteringa har teke seg opp etter 2005.

Samanbrotet i bestanden etter 2002 skuldast først og fremst to faktorar: Svake rekrutterande årsklasser (trass i stor larveproduksjon kvart år) og auka naturleg død. Samanbrotet skuldast ikkje fisket. Det var store sildemengder (hovudsakleg 2002- og 2004-årsklassen) i det sørlege og austlege Barentshavet og det er grunn til å tru at den dårlege overlevinga av loddelarvar kan henge saman med dette. Auka naturleg dødsrate for eldre lodde kan, i alle fall langt på veg, komme av at ein veksande torskebestand beita på ein sterkt minkande loddebestand. Det har ikkje vore nokon sterke sildeårsklassar sidan 2004, og silda er no periodevis ute av Barentshavet. Bestsandmålingar i september 2013 gav eit overslag over totalmengda på 4 millionar tonn.

Reguleringar

Den modne delen av bestanden vart hausten 2013 målt til 1,5 millionar tonn, og basert på dette fastsette Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen ein totalkvote for vinteren 2014 på 65 000 tonn, i tråd med tilrådinga frå ICES.

4.2.7 Norsk vårgytande sild

Den vaksne bestanden av norsk vårgytande sild (nvg-sild) er på årlege vandringar som dekkjer store deler av det nordlege Atlanterhavet. Gytinga i februar går føre seg på norskekysten i hovudsak frå Stad til Vesterålen. Silda er på beitevandring frå mai til august i havområda mellom Noreg, Færøyane, Island, Jan Mayen og Svalbard, og har dei seinare åra overvintra frå september til januar i havet nord og nordvest for Vesterålen. Det er Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland som fiskar på denne sildebestanden. Silda oppheld seg for det meste i norske farvatn, og Noreg er òg største fiskerinasjonen.

Figur 4.9 Utviklinga av bestand og fangst av nvg-sild 1950–2014. Fangst i 2013 og bestand og fangst i 2014 er prognosar. Fangst for 2014 er TAC.

Figur 4.9 Utviklinga av bestand og fangst av nvg-sild 1950–2014. Fangst i 2013 og bestand og fangst i 2014 er prognosar. Fangst for 2014 er TAC.

Tabell 4.8 Fangst (tusen tonn) av norsk vårgytande sild 1998-2012.

2001

2002

2003

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

Færøyane

34,1

32,3

27,9

42,8

65,1

63,1

64,2

74,3

85,1

80,2

53.2

36,1

Island

77,7

127,2

117,9

102,8

156,5

159,3

176,6

217,6

265,5

205,9

151.1

121,0

Noreg

495

487,2

477,6

477,1

580,8

567,8

779,5

961,6

1016,7

871,1

572.6

491,0

Russland

109

113,8

122,8

115,9

132,1

120,8

162,4

193,2

210,1

199,5

144.4

118,6

EU

60

47,2

43,2

55,6

68,8

59,5

82,5

95,2

106,3

100,3

71.6

59,3

Total

775,8

807,7

789,4

794,2

1003,3

970,5

1271

1545,7

1687,4

1457,0

993.0

826,0

Fastsett kvote

850

850

-1

-1

-1

-1

1280

1518

1642

1483

993

833,0

1 Ikkje avtalt.

Bestandsgrunnlaget

Etter det totale bestandssamanbrotet på slutten av 1960-talet vart bestanden bygd opp att til det som kan kallast historisk nivå (Figur 4.9). Oppbygginga gjekk sakte, og først rundt 1997 var fangsten tilbake på eit nivå som likna situasjonen før samanbrotet. I 2014 er gytebestanden rekna å vere om lag 4,1 millionar tonn, ein reduksjon samanlikna med året før.

Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og storleiken på gytebestanden (tusen tonn) av norsk vårgytande sild sidan 1998.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1998

Ikkje gå over haustingsregelen

1

1300

1223

6235

1999

Ikkje gå over haustingsregelen

1263

1300

1235

6353

2000

Ikkje gå over haustingsregelen

<1500

1250

1207

5396

2001

Ikkje gå over haustingsregelen

753

850

766

4386

2002

Ikkje gå over haustingsregelen

853

850

808

3847

2003

Ikkje gå over haustingsregelen

710

Ikkje avtalt

789

4746

2004

Ikkje gå over haustingsregelen

825

Ikkje avtalt

794

5905

2005

Ikkje gå over haustingsregelen

890

Ikkje avtalt

1003

5966

2006

Ikkje gå over haustingsregelen

732

Ikkje avtalt

969

6204

2007

Ikkje gå over haustingsregelen

1280

1280

1267

6957

2008

Ikkje gå over haustingsregelen

1518

1518

1546

7532

2009

Ikkje gå over haustingsregelen

1643

1643

1687

8528

2010

Ikkje gå over haustingsregelen

1483

1483

1457

7919

2011

Sjå forskjellige opsjonar

988-1170

988

993

6729

2012

Følg forvaltningsplanen

833

833

826

5832

2013

Følg forvaltningsplanen

619

6193

5006

2014

Følg forvaltningsplanen

419

4193

41232

1 Må haustast innafor haustingsregelen

2 Framskriving.

3 Ein av partane, Færøyane, har ikkje underskrive denne avtalen.

Fisket

Dei norske fangstane (Tabell 4.8) vert tekne i overvintringsområda og på gytefeltet med varierande fordeling mellom dei to områda frå år til år. Russland fiskar det meste av sin kvote i norske farvatn, på gytefelta i februar og i havet mellom Svalbardsona og Troms i august–oktober. Etter 2008 har Island fiska store deler av kvoten sin i islandsk og færøysk sone i mai–august, så har dei gått gradvis inn i internasjonal sone og seinare norsk sone i Norskehavet i løpet av hausten. EU og Færøyane har fiska på gytefelta og i Norskehavet. I dei år det har vore sildeavtale har Island, Færøyane og EU òg fiska i Jan Mayensona og Svalbardsona.

Rådgjeving

ICES si tilråding for fisket i 2014 er 419 000 tonn. Bakgrunn for kvotetilrådinga er haustingsregelen som kyststatane (EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland) vart einige om i 1999.

4.2.8 Nordsjøsild

Fisket

Noreg og EU forvaltar nordsjøsilda i fellesskap. Det finst nordsjøsild i Nordsjøen og Skagerrak-Kattegat (ungfisk). Nordsjøsild vert fiska i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar og som bifangst i industritrålfisket. Utviklinga i det internasjonale fisket frå 1960 er vist i figur 4.10. Fangsttala er henta frå sildearbeidsgruppa til ICES i 2013, og er ikkje heilt i samsvar med offisielle tal. Etter eit samanbrot i bestanden og stopp i fisket på midten av 1970-talet, auka fangstane jamt utover 1980-talet og nådde ein topp på om lag 890 000 tonn i 1988. Tidleg på 1990-talet var årleg oppfiska kvantum på 600 000–700 000 tonn. Dette førte til ei negativ utvikling i bestanden, og det vart tilrådd å avgrense fisket. Kvoten vart difor redusert og halden på eit lågt nivå i 1996–1997. Etter dette auka fangstane til 664 000 tonn i 2005. Deretter gjekk fangstane ned til eit minimum på om lag 170 000 tonn i 2009, og har så stige att.

Figur 4.10 Utviklinga av bestand og fangst av nordsjøsild 1950–2014. Fangst og gytebestand i 2013 er prognosar.

Figur 4.10 Utviklinga av bestand og fangst av nordsjøsild 1950–2014. Fangst og gytebestand i 2013 er prognosar.

Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordsjøsild sidan 1998.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Bifangst kvote

Fangstar3 IV, VIId

Gytebestand

1998

F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,1

2541

254

22

338

1457

1999

F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,1

2651

265

30

333

1535

2000

F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,1

2651

265

36

346

1521

2001

F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,2

Scenarier

265

36

323

2074

2002

F(vaksen) = 0 2 F(ungfisk)< 0,1

Scenarier

265

36

353

2390

2003

F(vaksen)= 0,25 F(ungfisk)=0,12

Scenarier

400

52

450

2446

2004

F(vaksen) = 0,25 F(ungfisk)=0,1

Scenarier

460

38

550

2417

2005

F(vaksen) = 0,25 F (ungfisk)=0,1

Scenarier

535

50

639

2297

2006

F(vaksen) = 0,25 F(ungfisk)=0,12

Scenarier

455

43

511

1792

2007

Få gytebest. tilbake til Bpa innan 2008

Scenarier

341

32

388

1444

2008

F(vaksen )= 0,17 F(juv)=0,08 (forvaltningsplan)

Scenarier

201

19

245

1496

2009

Ny haustingsregel

Scenarier

171

16

166

1827

2010

F(vaksen) = 0,15 F(ungfisk)=0,05

Scenarier

164

14

175

1858

2011

Sjå scenarier

Scenarier

200

16

218

2227

2012

Forvaltningsplan

Scenarier

405

18

424

23484

2013

Forvaltningsplan

Scenarier

478

14

19964

2014

Forcaltingsplan

Scenarier

470

1 Fangst i direkte fiske i IV og VIId.

2 Landingar er gitt av arbeidsgruppa (HAWG) og vil ikkje i alle høve korrespondere med offisiell statistikk.

3 Framskriving.

Noreg og EU har ein avtale om forvaltning av nordsjøsilda frå 1998. Avtalen vart revidert i 2004. ICES åtvara etter dette mot ei negativ utvikling i bestanden, og sju år med dårleg rekruttering gav stor grunn til uro. Som følgje av dette, vart forvaltningsavtalen oppdatert i 2008. Den reviderte avtalen seier at fiskedødsraten ikkje skal overskride 0,05 og 0,25 per år, høvesvis for ungsild og vaksen sild når gytebiomassen er over 1,5 millionar tonn. Det er òg avtalt ein reduksjon av fiskedødsraten etter gjevne formlar når gytebiomassen er under 1,5 millionar tonn, men over 800 000 tonn. Avtalen har fastsett årlege endringar av TAC på maksimum +/- 15 prosent når gytebiomassen er over 800 000 tonn.

Den avtalte kvoten for vaksen sild til konsum i Nordsjøen (Tabell 4.10) har lenge vore lågare enn kvantumet som vert fiska. Dei siste åra har dette kvantumet lege 3-17 prosent over kvoten, og i 2012 rundt 3 prosent. Tidlegare kom overfisket hovudsakleg av utstrekt feilrapportering, det vil seie at det vart fiska nordsjøsild som vart rapportert som fangstar tekne i andre område. Satellittsporing av båtane har truleg redusert feilrapporteringa til eit minimum. Bifangstane av småsild var tidlegare på eit svært høgt nivå (100 000–200 000 tonn). Dette fisket var i prinsippet uregulert. Etter innføringa av forvaltningsplanen vart bifangstane av småsild reduserte til under 20 000 tonn årleg.

Bestandsgrunnlag

Hardt fiskepress gjennom fleire år førte til at gytebestanden av nordsjøsild vart kraftig redusert i perioden mellom 1989–1993: frå 1,7 millionar tonn til om lag 800 000 tonn (Figur 4.10). Fiskepresset på den vaksne delen av bestanden auka kraftig utover i 1990-åra, og det vart fiska store mengder småsild i industrifisket. Kvotane låg på eit jamt nivå, samtidig som bestandsnivået gjekk kraftig nedover. Dette førte til ei vesentleg dårlegare rekruttering til den vaksne bestanden enn det som skulle til for å halde storleiken på bestanden oppe med eit slikt fiskepress. Strenge reguleringar av både bifangstfisket og fangstar av vaksen sild vart innførte i midten av 1990-åra (EU-Noreg-avtalen). Dette førte til ein auke i gytebestanden til 1,5 millionar tonn i 1999–2000. I dei neste åra steig gytebestanden til 2,4 millionar tonn i 2004, men med ein reduksjon til 1,4 millionar tonn (føre-var-gytebiomasse = 1,3 millionar tonn) i 2007. Etter dette har gytebestanden auka litt igjen og i 2013 var han estimert til 2,0 millionar tonn. I 2014 er gytebestanden venta å vere 1,8 millionar tonn om forvaltningsplanen vert følgt. I 2012 vart det skifta bestandsmodell og det førde til oppskriving i biomasse.

Rådgjeving

Etter innføringa av eit strengt forvaltningsregime (Noreg-EU) i 1998 vart det god vekst i bestanden. I 2001 vart den estimerte gytebestanden (biomassen) klassifisert til å vere over føre-var-nivået. På grunn av låg middelvekt og sein modning av 2000-årsklassen og dårleg rekruttering, fekk vi ein nedgang i gytebestanden frå 2002 til 2008. Det har vore ein serie av hovudsakleg svært låg rekruttering frå årsklassane 2001 til 2011. Ei førebels vurdering av rekrutteringa i 2013 tyder på at 2012-årsklassen er på same låge nivå som årsklassane frå og med 2001. ICES sitt råd for 2014 baserer seg på haustingsregelen som gjev ein fangst i det direkte sildefisket på 470 037 tonn og eit kvotetak på 12 440 tonn bifangst for EU-flåten.

Forvaltningsstrategien som Noreg og EU er samde om seier at F ikkje skal overstige 0,25 og 0,05 per år for høvesvis vaksen sild og ungsild når gytebestanden er større enn 1,5 millionar tonn. Dei siste åra har EU og Noreg halde seg til råda basert på forvaltningsplanen, men gjorde eit unntak for 2012 då det viste seg at forvaltningsplanen ikkje tek godt nok omsyn til dynamikken i bestanden, og gjekk bort frå 15 prosent-regelen i 2012. Kvoten for 2014 er på 470 037 tonn, og det er i tråd med forvaltningsplanen. Noreg og EU er einige om en ny forvaltningsplan som skal gjelde frå 2015. I følgje avtalen har Noreg 29 prosent av totalkvoten som kan takast i eit direkte fiske av sild. Eventuelle bifangstar i det norske industritrålfisket vert trekte frå denne kvoten. EU innførte i 1997 ein eigen bifangstkvote for industrifisket. Denne bifangstkvoten har ikkje vorte fiska opp.

4.2.9 Makrell

Den nordaustatlantiske makrellbestanden består av tre gytekomponentar: sørleg makrell, vestleg makrell og nordsjømakrell. Vestleg makrell er på eit relativt høgt nivå, medan nordsjøkomponenten framleis er på eit lågt nivå. Hovudsakleg grunna stor uvisse om fangstnivået attende i tid, og at bestandsvurderingsmodellen som har vore bruka inn til 2012 av den grunn ikkje var til å lita på, forkasta ICES i 2013 den analytisk bestandsvurderinga og gav råd for fisket i 2014 på basis av trendar i fangstane. Vinteren 2014 gjorde ei arbeidsgruppe i ICES ei grundig vurdering av bestandsvurderingsmetodane og kom fram til at ein ville nytta ein alternativ modell, som er mindre kjenslevar for feil i fangstane, men som også nyttar fleire datakjelder frå tokt for å fastslå bestandsstorleiken. Basert på den nye modellen har gytebestanden meir enn dobla seg frå eit minimum på under 2 millionar tonn i 2002 til om lag 4,7 millionar i 2014. Dette er eit meir optimistisk bilete av bestandssituasjonen enn det den gamle modellen teikna.

Figur 4.11 Utviklinga i gytebestand og fangst av nordaustatlantisk makrell 1980–2014. Fangst i 2013 og gytebestand i 2014 er prognosar.

Figur 4.11 Utviklinga i gytebestand og fangst av nordaustatlantisk makrell 1980–2014. Fangst i 2013 og gytebestand i 2014 er prognosar.

Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk makrell sidan 1998.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1998

F = 0,15-0,2 (Noreg-EU avtalen)

498

549

659

2064

1999

F = 0,15

437

562

640

2245

2000

Fpa = 0,17

642

612

737

2193

2001

Fpa = 0,17

665

670

735

2041

2002

Fpa = 0,17

694

683

748

1899

2003

Fpa = 0,17

542

583

660

1905

2004

Fpa = 0,17

545

532

641

2355

2005

F = 0,15 til 0,20

320-420

422

524

2299

2006

F = 0,15 til 0,20

373-487

444

455

2331

2007

F = 0,15 til 0,20

390-509

502

571

2561

2008

F = 0,15 til 0,20

349-456

458

586

3185

2009

F = 0,15 til 0,20

443-578

6051

722

3863

2010

Haustingsregel

527-572

-2

862

4152

2011

Haustingsregel

592-646

-2

936

4728

2012

Haustingsregel

586-639

-2

877

4330

2013

Haustingsregel

497-542

-2

8953

4408

2014

Fangst bør ikkje overstige gjennomsnittsfangst 2010-20124

Haustingsregel5

<890

927-1011

-2

46613

1 Inkluderer ikkje unilateral avtalt TAC Noreg/Færøyane eller islandsk TAC.

2 Ingen internasjonal einigheit om TAC.

3 Prognosar

4 Opphavleg råd for 2014

5 Revidert råd for 2014 gjeven i mai 2014

Fisket

Fisket etter makrell føregår hovudsakleg i eit direkte fiskeri med snurpenot og trål. I Biscaya og utanfor Portugal vert makrellen stort sett teken som bifangst av trålarar. Det norske fisket føregår for det meste med snurpenot, men trål og tradisjonelle reiskapar som garn og snøre vert og brukt.

I byrjinga av 1990-åra auka dei internasjonale makrellfangstane frå ein stabil årsfangst på 600 000–650 000 tonn til over 800 000 tonn i 1993 og 1994. Dette førte til nedgang i bestanden, og fangstnivået måtte ned. Strenge reguleringar med lågare kvotar førte til at fangstane fall til høvesvis 563 000 og 573 000 tonn i 1996 og 1997, men har seinare auka igjen, og dei siste åra har fangstane vore rekordstore. Frå 2011 til 2013 var landingane om lag 900 000 tonn (Figur 4.11). Dei viktigaste fangstområda er Nordsjøen (område IV), Norskehavet (område IIa) og vest av 4oV (områda VI og VII) (sjå Fig. 3.1)

I 2012 fiska Noreg 181 095 tonn makrell. Førebels tal for 2013 viser norsk fangst på 164 700 tonn. Fangstane gjennom året fordelte seg med mindre enn 0,5 prosent første halvår, og størsteparten i tredje kvartal.

Uttaket frå bestanden er større enn det som vert landa, i og med at det vert dumpa og sleppt makrell på feltet. Det fører til auka dødsrate. I og med at det nesten ikkje finst data for dette, kan det ikkje gjevast gode overslag over kor stort utkastet er. Analysar viser at dette uttaket har vore så stort at totalfangsten sannsynlegvis har vore minst 60 prosent høgare enn oppgjeve. Innan pelagisk sektor tyder tilbakemeldingar frå norske og samarbeidande lands kontrollstyresmakter på at det urapporterte fisket av makrell er sterkt redusert, spesielt dei siste åra. Ein har med eksperimentelle forsøk på fiskefeltet dei siste åra kvantifisert neddreping grunna trenging av makrell før slepping. Denne dødsraten er potensielt mykje større enn tidligare rekna med. Frå norsk side vil det verte arbeidd grundig framover med problemstillinga for å redusere denne uønska dødsraten.

Bestandsgrunnlaget

Makrellen som vert fiska i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet stammar frå tre gyteområde:

  • Nordsjøen.

  • Sør og vest av Irland.

  • Utanfor Portugal og Spania.

Makrell frå det sørlegaste gyteområdet vart fram til 1994 behandla som ei eiga eining. Norske og internasjonale merkeforsøk viser at makrell som gyt i dei sørlege og vestlege områda vandrar til Norskehavet og Nordsjøen for å beite etter gytinga. Vandringane til makrellen er altså så omfattande at fisk frå alle tre gyteområda vert blanda og fiska på i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet i andre halvår. Det er uråd å skilje desse tre komponentane i fangstane. Difor vert makrellen forvalta som ein bestand, den nordaustatlantiske makrellbestanden. Utviklinga av gytebestand og totale landingar sidan 1980 er vist i figur 4.11.

Gytebestanden vert målt ved eggtokt kvart tredje år, sist i 2013 i dei vestlege og sørlege gyteområda og i Nordsjøen i 2011. I seinare år er det også utvikla eit tråltokt i Norskehavet om sommaren, som frå no av vert trekt inn som ei datakjelde i bestandsvurderinga. Gytebestandsmåla frå eggtokta har til 2003 vore brukt som absolutte verdiar i utrekningane, men ICES har no nytta dei som relative verdiar. Eggtokta viser at gytebestanden har lege på eit stabilt nivå, men med ein auke dei siste åra. Gytebestanden vart tidlegare rekna ut ved at ein nytta trenden i gytebestanden frå eggtokta, slik at utrekningane passa med fangstane. Den vestlege komponenten utgjer om lag 85 prosent, og nordsjøkomponenten har vore låg (1-5 prosent) heilt sidan han vart fiska ned på byrjinga av 1970-talet. På grunn av problem med fangsttala vart utrekningane av gytebestanden svært usikre, og som nemnt vart heile bestandsvurderinga basert på desse usikre fangstane og eggtokta forkasta av ICES i 2013. Det er håp om at data frå tråltokta i Norskehavet, i tillegg til data for merking og gjenfangst av makrell, som også vil inngå i utrekninga av bestandsnivået frå no av, vil gje eit meir korrekt bilete av bestandsutviklinga i framtida. Tilgjengeleg informasjon tyder på at utbreiinga av gyteområdet for makrell har auka i dei siste åra og gyteområdet var rekordstort i 2013. Beiteområdet har også auka kraftig om sommaren frå 2007–2013. Makrell vert fiska kommersielt i område som tidlegare ikkje har vore fangstområde, spesielt innanfor Islands territorialfarvatn, men også i grønlandsk farvatn.

Rådgjeving

Noreg, EU og Færøyane vart i 1999 einige om at uttaket av bestanden skal tilsvare ein fiskedødsrate på 0,15-0,2, som tilsvarar eit årleg uttak på 14-18 prosent av gytebestanden. Avtalen mellom kyststatane vart revidert hausten 2008. Til grunn låg eit omfattande forskararbeid for å kartleggje moglege reglar for kvoteberekning med tanke på fangstnivå, stabilitet og låg risiko for bestanden. Dersom den samla fangsten ikkje fører til ein mindre gytebestand i kvoteåret enn 2,2 millionar tonn, skal fangsten svare til ein fiskedødsrate på mellom 0,20 og 0,22. Likevel skal ikkje kvoten endrast meir enn 20 prosent frå eitt år til det neste, sjølv om dødsraten då fell utanfor det vedtekne intervallet. Dersom slike fangstar fører til ein mindre gytebestand enn 2,2 millionar tonn skal mindre fiskedødsrate leggjast til grunn. Den reviderte forvaltingsplanen vart i 2009 evaluert av ICES og funnen å vere i samsvar med føre-var-prinsippet dersom TAC svarar til totalt uttak frå bestanden. ICES forkasta den tradisjonelle bestandsestimeringsmodellen for makrell i oktober 2013, og difor kunne ICES heller ikkje tilrå ein makrellkvote for 2014 basert på vanleg vitskapleg informasjon og datakjelder. Følgjeleg var heller ikkje gytebestandsnivået og fiskedødsraten kjend, og haustingsregelen for makrell kunne ikkje nyttast i rådgjevinga. ICES tilrådde i staden at landingane av makrell i 2014 ikkje burde overstige 889 886 tonn, som er gjennomsnittleg landingsnivå i perioden 2010–2012. Sidan den nye bestandsmodellen gjev eit endra bilete av bestandssituasjonen, gav ICES 9. mai 2014 eit oppdatert råd for 2014, som er å følgja haustingsregelen, dvs ein fangst i intervallet 927 000 til 1 011 000 tonn.

For å verne makrellen i Nordsjøen vert det framleis tilrådd å stengje den sørlege delen for makrellfiske heile året, og den nordlege delen i perioden februar–juli.

Det er for 2014 inngått ein avtale om TAC mellom tre av partane som fiskar makrell; Noreg, EU og Færøyane, og i tillegg har andre land erklært eigne kvotar. Summen av desse kvotane utgjer 1 326 681 tonn.

4.2.10 Sei i Nordsjøen og vest av Skottland

Fisket

Dei siste åra er fangstane reduserte til om lag 70 000 tonn i Nordsjøen (Figur 4.12). Fangstane frå vest av Skottland ligg på kring 10 prosent av dette. Ein reknar med at landingane frå Nordsjøen i 2013 er 91 000 tonn. For 2014 er det avtalt ein totalfangst på 77 536 tonn og 500 tonn er sett av til norsk fiskeri vest for Skottland. Den norske delen av totalfangsten dei siste ti åra har lege like over 50 prosent i Nordsjøen. Førebelse oppgåver for 2013 tyder på at norsk fangst i Nordsjøen, medrekna bifangst til oppmaling, har vore om lag 36 000 tonn. Dette er mindre enn den norske kvoten på vel 47 000 tonn. I det norske fiskeriet er det trålarflåten som tek mesteparten (om lag 80 prosent). Notfisket inkluderer òg ungsei nær kysten. Noreg disponerer 52 prosent av totalkvoten i Nordsjøen.

Frå og med 1999 er det laga ei felles utrekning for seibestandane i Nordsjøen og vest av Skottland. Nordsjøbestanden er veldig stor samanlikna med bestanden vest av Skottland, så alle utrekningar vert styrte av data frå nordsjøbestanden. Eit av dei største problema med bestandsvurderinga er manglande rekrutteringsdata. Det vart sett i gang eit 0-gruppetokt på sei i 1999. Denne tidsserien viste seg å vere lite eigna, og i 2006 starta eit tokt på norskekysten sør for 62°N for å undersøkje førekomsten av to- og treåringar. Fram til 2011 vart ein og same båt brukt til toktet kvart år, og toktserien viste godt samsvar frå år til år. I 2011 vart det nytta ein annan båt, noko som skapte problem. Toktet har ikkje vore gjennomført etter 2012. Frå 2011 er det gjort endringar i berekningsmodellane for å leggje meir vekt på toktseriane og redusere vekta av kommersielle data (WKBENCH).

Figur 4.12 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen og vest av Skottland. Tala for fangst og gytebestand i 2013 og 2014 er prognosar.

Figur 4.12 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen og vest av Skottland. Tala for fangst og gytebestand i 2013 og 2014 er prognosar.

Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av sei i Nordsjøen/Skagerrak sidan 1998.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand1

1998

Reduser F med 20 prosent

97

97

106

205

1999

Reduser F til Fpa

104

110

111

217

2000

Reduser F med 30 prosent

75

85

91

218

2001

Reduser F med 20 prosent

87

87

95

234

2002

F < Fpa

<135

135

115

233

2003

F < Fpa

< 176

165

106

265

2004

F < Fpa

< 211

190

104

325

2005

F < Fpa

< 150

145

124

330

2006

F<Fpa

< 123

123

126

318

2007

I samsvar med forvaltningsplan

< 123

123

101

313

2008

I samsvar med forvaltningsplan

< 137

136

119

298

2009

I samsvar med forvaltningsplan

< 126

126

116

263

2010

I samsvar med forvaltningsplan

< 107

107

119

248

2011

I samsvar med forvaltningsplan

< 93

93

96

213

2012

I samsvar med forvaltningsplan

< 79

79

77

1972

2013

I samsvar med forvaltningsplan

<91

91

2014

I samsvar med forvaltningsplanen (TAC-15%)

<77

77

1 Gytebestanden er kombinert for Nordsjøen og vest for Skottland.

2 Framskriving.

Bestandsgrunnlaget

I byrjinga av 1970-åra var totalbestanden av sei i Nordsjøen og vest av Skottland opptil ein million tonn. Han vart redusert til om lag 260 000 tonn kring 1990 (Figur 4.12), for så å auke til vel 500 000 tonn i 2005. Etter dette har han gått ned igjen, og bestanden har dei siste åra vore om lag 300 000 tonn. Gytebestanden, som i 1974 var på 555 000 tonn, nådde eit minimum på 100 000 tonn i 1991, og er no utrekna til 162 000 tonn i byrjinga av 2014. Fiskedødsraten, som dei siste 15 åra har lege mellom 0.2 og 0.4, er rekna til 0,31 i 2014. Gode mål for dei siste rekrutterande årsklassane finst enno ikkje, så for desse årsklassane er det brukt langtidsgjennomsnitt.

Det er gjort framlegg om at Bpa for sei i Nordsjøen og vest av Skottland skal vere 200 000 tonn (under dette nivået er det hovudsakleg produsert middels og dårlege årsklassar), og Fpa er sett til 0,40. Gytebestanden er rekna til å liggje rett under føre-var-nivået.

Rådgjeving

Ei oppdatert bestandsberekning vart gjort i 2013. ICES si tilråding for fisket i 2014 i følgje haustingsregelen gjev eit fiske på ikkje meir enn 85 581 tonn for Nordsjøen og områda vest for Skottland.

4.2.11 Torsk, hyse, kviting og raudspette i Nordsjøen

Fisket

I botntrål- og snurrevadfisket til konsum tek dei ei blanding av torsk, hyse og kviting. Industritrålfisket og bomtrålfisket etter flatfisk fører til ein auke i fiskedødsraten for torskefisk, særleg for dei yngre årsklassane. Det er eit stort utkast av undermåls fisk i alle fiskeria. I blandingsfiskeria er torsk den avgrensande arten for alle senarioa som vert undersøkte, og dersom ein vel å følgje opsjonane i torskeforvaltningsplanen vil ein ikkje kunne utnytte forvaltningsplanane for sei, hyse, kviting eller raudspette.

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2013 og 2014 er prognosar.

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2013 og 2014 er prognosar.

Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av torsk i Nordsjøen sidan 1998.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst1

Gytebestand

1998

F(98) burde ikkje overstige F(96)

153

140

128

56

1999

F = 0,60 for å byggje opp att SSB

125

132

93

51

2000

F mindre enn 0,55

< 79

81

94

45

2001

Lågast mogleg fangst

0

48,6

83

38

2002

Lågast mogleg fangst

0

49,3

80

39

2003

Ikkje fiske

0

27,3

56

33

2004

Ikkje fiske

0

27,3

43

28

2005

Ikkje fiske

0

27,3

41

26

2006

Ikkje fiske

0

23,2

34

22

2007

Ikkje fiske

0

20,0

46

28

2008

Utnytt i høve til føre-var grenser

< 22

22,2

48

34

2009

Ikkje fiske

0

28,8

49

41

2010

Forvaltningsplan (F 65% av F2008)

< 40,3

33,6

50

43

2011

Sjå scenarier

-

26,8

46

46

2012

Forvaltningsplan (F 45% av F2008

31,8

26,5

44

55

2013

Forvaltningsplan (TAC-20%)

25.4

26,5

72

2014

Forvaltningsplan

28,8

27,8

1 Fangst inkluderer totalt estimert uttak, og gytebestand i Subarea IV, Divisjon VIId og IIIa.

2 Framskriving.

Torskelandingane fall frå 320 000 tonn i 1981 til om lag 23 000 tonn i 2007 og auka deretter til over 37 000 tonn i 2010. I 2012 var torskelandingane over 33 000 tonn. (Figur 4.13). Norsk fiske i 2012 var om lag 4400 tonn. I 2007 og 2008 vart kring halvparten (vel 20 000 tonn) av all torsk som vart fiska, kasta ut att. Denne delen gjekk litt ned i 2009 til 2012. Utrekningane viser at i denne perioden vart om lag ein firedel, målt i vekt, av all torsk som vart fanga, kasta ut att. Det har aldri før vore kasta ut så stor del av eitt-åringar som no. Totalt sett vert meir enn 6 av 10 torsk kasta ut for alle aldersgrupper sett under eitt. Vi reknar med at lite av dette overlever.

Årsfangstane (inkludert utkast) av hyse låg på kring 220 000 tonn i åra 1980–1986 og fall gradvis til eit nivå på 100–170 000 tonn i tiårsperioden 1991–2002 (Figur 4.14). Etter dette vart fangstnivået gradvis ytterlegare redusert til vel 40 000 i 2009, og har seinare auka til 48 000 tonn, inkludert bifangst, i 2013. Det er ikkje venta bifangst i industritrålfisket i 2014. Avtalt totalkvote for 2014 er 38 284 tonn. Noreg disponerer 21 prosent av totalkvoten.

Figur 4.14 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2013 og 2014 er prognosar.

Figur 4.14 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2013 og 2014 er prognosar.

Tabell 4.14 Tilrådd TAC (landingar), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av hyse i Nordsjøen (ICES Subarea IV) sidan 1998.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand1

1998

Ingen auke i F

100,3

115

131

195

1999

Reduser F(95–97)med 10prosent

72

88,6

112

149

2000

F mindre enn Fpa

< 51,7

73

104

126

2001

F mindre enn Fpa

< 58

61

167

298

2002

F mindre enn Fpa

< 94

104

108

493

2003

Ingen fangst av torsk

0 torsk

52

67

486

2004

Blandingsfiske vurderingar

0 torsk

85

65

416

2005

Blandingsfiske vurderingar

92

66

57

359

2006

Blandingsfiske vurderingar

39

52

56

285

2007

Blandingsfiske vurderingar

55,4

55

60

209

2008

Blandingsfiske vurderingar

49,3

46

44

210

2009

Blandingsfiske vurderingar

44,7

42

43

185

2010

Blandingsfiske vurderingar

38

36

40

178

2011

Sjå scenarier

-

34

46

195

2012

EU-Noreg forvaltningsplan

41,6

39

38

258

2013

Forvaltningsplan

47,8

45

2582

2014

Forvaltningsplan

40,6

38,3

1 Gytebestanden er kombinert for Nordsjøen og Skagerrak.

2 Framskriving.

Landingane av kviting har vore stabile eller litt minkande dei siste ti åra (Figur 4.15), men er vesentleg lågare enn i perioden 1960–1980. Storbritannia tek om lag 80 prosent av totalfangsten. Dei norske landingane er hovudsakleg bifangst i industritrålfisket.

Utbyttet av raudspette minka fram til 2007, men har etter det auka litt igjen (Figur 4.16). Av fangstane på vel 133 000 tonn i 2012 vart 55 prosent landa. Noreg disponerer 6 prosent av totalkvoten.

Figur 4.15 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2013 og 2014 er prognosar. ICES har ikkje definert føre-var-grense for denne bestanden.

Figur 4.15 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2013 og 2014 er prognosar. ICES har ikkje definert føre-var-grense for denne bestanden.

Tabell 4.15 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kviting i Nordsjøen (ICES Sub-area IV) sidan 1998.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1998

Ingen auke frå 1996-nivået

54

60

47

271

1999

Minst 20 prosent reduksjon av F(95–97)

40,4

44

61

288

2000

Lågast mogleg fangst

0

30

64

418

2001

60 prosent reduksjon av F(97–99)

19,4

30

45

492

2002

F ikkje større enn 0,37

< 33

32

46

420

2003

Ingen fangst av torsk

-

16

46

321

2004

Ingen fangst av torsk

Inga auke

16

34

249

2005

Ingen fangst av torsk

52

28,5

29

216

2006

Ingen fangst av torsk

< 17,3

23,8

37

199

2007

Ingen fangst av torsk

< 15,1

23,8

27

184

2008

Ingen fangst av torsk

< 15,1

17,9

28

209

2009

Ingen fangst av torsk

< 11

15,2

27

280

2010

Ingen fangst av torsk

< 6,8

12,9

31

307

2011

Ingen fangst av torsk

< 9.5

14,8

33

312

2012

Interim forvaltningsplan

<17.1

17.1

25

319

2013

Føre-var tilnærming

<19

18,9

2014

Føre-var-tilnærming

<16

16

1 Framskriving.

Figur 4.16 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2013 og 2014 er prognosar.

Figur 4.16 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2013 og 2014 er prognosar.

Tabell 4.16 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av raudspette i Nordsjøen (ICES Sub-area IV) sidan 1998.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1998

F=0,3

82

87

176

229

1999

F=0,3

106

102

153

204

2000

F=0,3

95

97

127

231

2001

F=0,26

78

78

183

275

2002

F < Fpa

< 77

77

126

200

2003

F=0,23

60

73

145

230

2004

Gjenoppbyggingsplan

61

117

212

2005

Gjenoppbygg SSB > Bpa i 2006

35

59

110

251

2006

Gjenoppbygg SSB > Bpa i 2007

48

57

120

259

2007

Gjenoppbygg SSB > Bpa i 2008

< 32

50

90

266

2008

Gjenoppbygg SSB > Bpa i 2009

< 35

49

95

367

2009

Avgrens totale landingar til 55 500 tonn

< 55,5

55,5

101

401

2010

Avgrens totale landingar til 63 825 tonn

< 63,8

63,8

107

500

2011

Sjå scenarier

64,2

73,4

109

494

2012

Første steg i forvaltningsplan

84,4

84,4

133

540

2013

Første steg i forvaltningsplan

97,1

97,1

6631

2014

Bestanden i andre steg, forvaltninga i første steg av forvaltningsplan

111,0

111

1 Framskriving.

Bestandsgrunnlaget

Gytebestanden av torsk vart redusert frå om lag 250 000 tonn i 1970 til under Blim, som er 70 000 tonn, sidan 1999. Eit historisk lågmål vart nådd i 2006 då gytebiomassen var 26 000 tonn. Det har vore ei gradvis betring i bestanden dei siste åra, og gytebiomassen er no nærare Blim. Det har kome motstridande signal frå kommersielle data og toktdata som går inn i bestandsvurderinga. I 2013 rekna ICES for første gong ikkje med urapportert fiskedød etter 2006, og dette førte til ei nedjustering av SSB og rekruttering. Desse endringane kan ha påverka samanhengen mellom gytebestand og rekruttering, og difor må referansepunkta reviderast i den planlagde benchmark-prosessen i 2015. Men den største uvissa i framskrivinga er føresetnader om rekruttering og fiskedød i 2013. Dagens fiskemønster fører til høg fiskedød for eitt- og toåringar, slik at berre om lag 15 prosent av eittåringane overlever til dei er tre år. 1996-årsklassen har vore sterk, men på grunn av stort fiskepress har det ikkje lukkast å få bygd opp att gytebestanden. Sidan 1997 har alle årsklassar vore svake eller middels, og årsklassane 1997, 2000, 2002, 2004, 2006–2008 og 2010 er dei svakaste som er registrert. Det er difor ikkje venta at gytebestanden vil auke til over 150 000 tonn i næraste framtid, sjølv om fiskedødsraten vert kraftig redusert.

Etter den gode årsklassen av hyse i 1999, har det vorte lenger mellom gode årsklassar. Berre 2005 og 2009-årsklassen kan reknast som middels gode årsklassar. Dei andre er til dels svært svake. Gytebestanden er i 2014 vurdert til å vere om lag 243 000 tonn, og såleis over Bpa på 140 000 tonn. Fiskedødsraten i 2013 vart vurdert til å vere 0,176, og dette er mykje lågare enn den F som er lagt til grunn i forvaltningsregelen mellom Noreg og EU (F=0,3).

Ein revisjon av naturleg dødsrate for kviting har ført til at ICES har revidert målet for fiskedødsraten frå 0,3 til 0,15 i gjeldande forvaltningsplan. Gytebestanden av kviting har auka til vel 281 000 tonn i 2013, men på grunn av usikre data vert føre-var-reglar brukt i framskrivinga. Fiskedøden har vore relativt stabil og låg dei siste åra, og var i 2012 den lågaste som har vore registrert. Bestandsvurderinga er usikker.

Fiskedødsraten for raudspette har vorte kraftig redusert dei siste åra og gytebiomassen har auka. Gytebiomassen er rekna å verte rekordhøg i 2014, over 735 000 tonn. Uttaket av bestanden er rekna som berekraftig, og gytebestanden er over grensa for god reproduksjonsevne.

Rådgjeving

ICES si tilråding etter den vedtekne haustingsregelen inneber eit torskefiske med landingar på 28 809 tonn. Dette kan gje ein gytebestand i 2015 på 127 000 tonn, som er litt lågare enn Bpa på 150 000 tonn. For hyse er òg tilrådinga frå ICES å følgje haustingsregelen, noko som fører til laningar mindre enn 40 639 tonn. For kviting bør fangsten ikkje vere høgre enn 16 092 tonn i Nordsjøen. Tilrådinga frå ICES for raudspette for fiske i 2014 er å følgje første steget i den vedtekne forvaltningsplanen. Dette gjev landingar på < 111 631 tonn.

4.2.12 Kolmule

Kolmulebestanden i det nordaustlege Atlanterhavet består truleg av to hovudkomponentar; ein nordleg i Norskehavet og sørover til sørvest av Irland, og ein sørleg som held til i Biscaya og vidare sørover mot Gibraltar og Nord-Afrika. Det er uklårt kor mykje desse komponentane blandar seg under gyting og beiting, difor vert all kolmule sett på som ein felles bestand i bestandsvurderingane og rådgjevinga i ICES.

Figur 4.17 Utviklinga i bestand og fangst av kolmule. Fangst i 2013 og gytebestand i 2014 er prognosar. Fangst i 2014 er TAC.

Figur 4.17 Utviklinga i bestand og fangst av kolmule. Fangst i 2013 og gytebestand i 2014 er prognosar. Fangst i 2014 er TAC.

Tabell 4.17 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kolmule sidan 1998.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1998

Føre-var-TAC for kombinert bestand

650

1125

3752

1999

Fangstar over 650 000 t vil ikkje vere berekraftig i det lange løp

650

1256

4597

2000

F må ikkje overstige foreslått Fpa

800

1412

4295

2001

F må ikkje overstige foreslått Fpa

628

1780

4676

2002

Gjenoppbyggingsplan

0

1556

5298

2003

F < foreslått Fpa

600

2321

7167

2004

Oppnå 50 pst sannsyn for at F < Fpa

925

2378

7039

2005

Oppnå 50 prosent sannsyn for at F < Fpa

1075

2027

6212

2006

F gamal forvaltningsplan

1500

21001

1966

6312

2007

F < foreslått Fpa

980

18472

1612

5045

2008

F < Fpa

835

12503

1246

3801

2009

Halde bestanden over Bpa

384

6064

636

2919

2010

Følg den avtalte forvaltningsplanen

540

548

540

2908

2011

Følg den avtalte forvaltningsplanen

40

405

105

3020

2012

Følg den avtalte forvaltningsplanen

391

391

348

4164

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

643

643

5531

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

949

1200

67156

1 Avtalt TAC mellom kyststatane på 2 mill t og i tillegg tildeling til Russland i int.farvatn på 100 000 t.

2 Avtalt TAC mellom kyststatane på 1,7 mill t og i tillegg tildeling til Russland og Grønland på 147 000 t.

3 Avtalt TAC mellom kyststatane på 1,1 mill t og i tillegg tildeling til Russland og Grønland.

4 Avtalt TAC mellom kyststatane på 0,59 mill t og i tillegg tildeling til Russland 16 000 t.

5 Avtalt TAC mellom kyststatane på 40 000 tonn, i tillegg Russisk fangst som dei unilateralt fastsette på ca 20 000 tonn.

6 Framskriving.

Fisket

Hovudfisket føregår om våren på gytefelta langs eggakanten vest av Dei britiske øyane og ved Færøyane. Noreg opererer her med ringnotsnurparar utstyrte for flytetråling. Fangst av kolmule har òg føregått på beiteområda i Norskehavet om sommaren, òg då med flytetrål. Dette fisket har dei seinare åra praktisk talt falle bort. Elles tek industritrålflåten kolmule gjennom heile året i Norskerenna.

Internasjonal fangststatistikk frå 2013 er enno ikkje ferdig, men fisket er venta å verte om lag 643 000 tonn (Figur 4.17).

Utrekningsmetodar

For kolmule vert det brukt ein ny «State-space Assessment Model» (SAM) til å rekne ut bestandsnivået. I utrekningane inngår fangststatistikken (tal landa fisk fordelt på aldersgrupper) og aldersgrupper frå eit akustiske tokt. Denne modellen vart teken i bruk etter ein evalueringsprosess av kolmulebestanden i ICES i 2012.

Bestandsgrunnlaget

Kolmulebestanden nådde toppen i 2003, men minka raskt i åra etter (Figur 4.17). Denne nedgangen stoppa i 2010, og bestanden har auka igjen etter dette. På midten av 1990-talet byrja kolmulebestanden å produsere ei rekkje årsklasser som var fleire gonger sterkare enn det som tidlegare var observert. Dette førte til ei mangedobling av bestanden og ein tilsvarande auke i fangstkvantumet. Situasjonen med sterke årsklassar år etter år ser ut til å vere dramatisk endra. Årsklassane som vart gytt i 2005–2008 ser ut til å vere blant dei svakaste som er observert. Dei siste åra er det observert auka rekruttering, men det er usikkert kor sterke desse årsklassane er. Gytebestanden vart i byrjinga av 2013 rekna til å vere 5,5 millionar tonn. Det er godt over føre-var-grensa på 2,25 millionar tonn. Bestanden er venta å auke ytterlegare i 2014.

Rådgjeving

Etter ein svært langvarig forhandlingsprosess vart kyststatane (Noreg, EU, Færøyane og Island) den 16. desember 2005 samde om forvaltninga og fordelinga av kolmule frå 2006 og framover. Denne sameinte planen vart revidert i 2008 og vurdert av ICES i 2009. ICES stadfesta at den reviderte forvaltningsplanen var i samsvar med føre-var-prinsippet. Målet er at gytebestanden skal vere høgare enn føre-var-grensa (2,25 mill. tonn).

ICES gjev si tilråding for fisket i 2014 ut frå den vedtekne haustingsregelen, som gjev eit fiske på 949 000 tonn.

Fotnotar

1.

pa = precautionary approach = føre var
Til forsida