Meld. St. 26 (2013–2014)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2014 og fisket etter avtalane i 2012 og 2013

Til innhaldsliste

Del 1
Bakgrunn

2 Overordna hovudlinjer i fiskerisamarbeidet med omverda

2.1 Noreg som havnasjon

Som betydeleg havnasjon har Noreg eit stort ansvar for, og viktige interesser i, korleis det internasjonale samfunnet sitt forhold til bruk av havet utviklar seg. Dei viktigaste utfordringane er å få gjennomslag for føre-var-prinsippet, prinsippet om berekraftig bruk og økosystembasert forvaltning. Det er difor viktig for Noreg å ha ei internasjonal rolle som ivaretek våre interesser og vårt ansvar som havnasjon og kyststat på ein heilskapleg måte. Noreg har store og produktive havområde og betydeleg kunnskap om forvaltning av havmiljø og fiskeressursar. I botn for dette ligg at Noreg må medverke til berekraftig forvaltning av fiskeressursane internasjonalt.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltningsfora.

  • Å fremje norske prinsipp for forvaltning av levande marine ressursar, i første rekkje prinsippet om berekraftig forvaltning basert på best tilgjengeleg vitskapleg kunnskap og prinsippet om økosystembasert forvaltning.

  • Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar, i første rekkje basert på sonetilhøyrselprinsippet.

  • Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregime som Noreg deltek i.

Denne regjeringa har lagt særleg stort vekt på to saker. For det første vil vi i denne meldinga gjere greie for kampen mot fiskerikriminalitet, ulovleg, urapportert og uregistrert fiske. Dette er ei sak departementmet har arbeidd med i fleire år, og dette arbeidet vil halde fram. For det andre er det naturleg å omtale særskilt internasjonale havmiljøprosessar der Noreg etter kvart har fått ei sentral rolle.

2.2 Det havrettslege rammeverket

Ei erklæring frå regjeringa, dagsett 26. september 1974, presenterte hovudlinjene i fiskeripolitikken framover. Ved opprettinga av dei økonomiske sonene i tråd med det nye havrettsregimet, ønskte regjeringa å medverke til at nyordningane i fiskeria i verda ikkje skulle verke forstyrrande på forholdet til andre land. Den norske fiskeripolitikken skulle gjennomførast i kontakt med og ved forhandlingar med dei landa som vart påverka av dei norske utvidingstiltaka.

Regjeringa prøvde såleis å kome fram til ordningar med desse landa som bygde på byterelasjonar, nedtrapping av fiske over tid og ordningar som tok omsyn til særlege interesser og vilkår.

Ein omfattande del av norsk fiske skjer på bestandar som vi deler med andre land. Dette var bakgrunnen for at regjeringa forhandla fram rammeavtalar som gav fiskekvotar til dei landa som utvidinga av dei økonomiske sonene til 200 nautiske mil fekk verknad for. Rammeavtalane tok òg vare på tradisjonelle norske fiskeinteresser i dei økonomiske sonene til andre land.

Ved kgl. res. av 17. desember 1976 vart Noregs økonomiske sone på 200 nautiske mil oppretta med verknad frå 1. januar 1977. Vidare vart det ved kgl. res. av 3. juni 1977 oppretta ei fiskevernsone på 200 nautiske mil rundt Svalbard med verknad frå 15. juni 1977. Ved kgl. res. av 23. mai 1980 vart ei fiskerisone på 200 nautiske mil rundt Jan Mayen oppretta med verknad frå 29. mai 1980.

Etter FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982 har kyststatane suverene rettar til å utnytte ressursane i havet innanfor dei økonomiske sonene. Dei kyststatane som deler ein eller fleire fiskebestandar skal samarbeide om regulering og vern av bestandane.

Utvidinga av nasjonal fiskerijurisdiksjon til 200 nautiske mil på slutten av 1970-talet førte såleis til ein overgang frå fleirsidige forhandlingar innan ramma av NEAFC, til forhandlingar mellom dei kyststatane som saman har suverene rettar til fiskebestandane. Dette inneber at såkalla tredjeland, som ikkje har kyststatsrettar i det aktuelle området, ikkje tek del i avgjerder om forvaltninga av bestandane slik dei gjorde tidlegare.

Kyststatane har ei plikt til å fremje ei forsvarleg ressursforvaltning som samstundes skal ta omsyn til dei økonomiske behova til kystbefolkninga. Norske styresmakter legg vekt på dette når den norske fiskeripolitikken vert utforma. I tråd med dette fører Noreg årleg tosidige og fleirsidige forhandlingar med ei rekkje land om forvaltning og vern av fiskebestandar, om gjensidig fangstløyve og fiskekvotar, og om einsidig løyve for fiskarar i nokre land til å fiske i dei norske 200 nautiske mil-sonene. Noreg har inngått ulike typar fiskeriavtalar som opnar for utanlandsk fiske i norske havområde. Noreg har mellom anna inngått avtalar om forvaltning av felles fiskebestandar og kvotebyte på eksklusive bestandar med Russland og EU og avtalar om gjensidige fangstrettar med Færøyane, Grønland og Island (for meir informasjon om rammeavtalane, sjå St.meld. nr. 49 (1994-95)).

Stortinget gav 11. juni 1996 samtykke til ratifikasjon av FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982 og FN-konvensjonen av 4. desember 1995 om fiske på det opne hav, som supplerer havrettskonvensjonen. FN-avtalen om fiske på det opne hav forpliktar òg til samarbeid om forsvarleg forvaltning av vandrande og langt migrerande bestandar. Noreg har difor i aukande grad teke del i samarbeidet i ulike relevante internasjonale organisasjonar.

Noreg og Russland skreiv den 15. september 2010 under ein avtale om maritim avgrensing og samarbeid i Barentshavet og Polhavet. Avtalen betyr at det omfattande og gode norsk-russiske fiskerisamarbeidet vert vidareført. Avtalen regulerer òg samarbeid om utnytting av moglege grenseoverskridande petroleumsførekomstar i desse havområda. Avtalen tredde i kraft den 7. juli 2011.

Figur 2.1 viser dei ulike sonene under norsk jurisdiksjon og dei internasjonale havområda Smottholet i Barentshavet og Smotthavet i Norskehavet.

Figur 2.1 viser dei ulike sonene under norsk jurisdiksjon og dei internasjonale havområda Smottholet i Barentshavet og Smotthavet i Norskehavet.

Den 28. august 2009 vart det semje om ein tekst for ein global bindande avtale om hamnestatstiltak for å førebyggje, hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Generalforsamlinga i FAO vedtok avtalen 22. november 2009, og Noreg skreiv under avtalen same dagen. Avtalen trer i kraft når 25 statar har slutta seg til. Forslag til vedtak om samtykke til ratifikasjon av avtalen vart fremma for Stortinget i Prop 54 S (2010–2011), og vedteke 26. april 2011.

I februar 2013 vart det semje om globale retningslinjer for flaggstatsansvar under FAO. Retningslinjene er forhandla fram gjennom tre tekniske konsultasjonar under FAOs fiskerikomité (COFI), og skal leggjast fram for tilslutnad på neste sesjon i COFI. Retningslinjene inneheld kriterium for evaluering av flaggstaten, som mellom anna omfattar krav om at flaggstaten har implementert bindande internasjonalt regelverk og hindrar eigne fartøy frå å delta i UUU-verksemd.

2.3 Internasjonale havmiljøprosessar

Havmiljøprosessar generelt

Som havnasjon er Noreg eit føregangsland innanfor forvaltning av marine ressursar. Denne posisjonen blir nytta internasjonalt til å bistå andre land, men også til å ta vare på eigne interesser. Utfordringane består mellom anna i å få gjennomslag for grunnleggjande forvaltningsprinsipp som vart vedtekne på utviklingstoppmøtet i Rio i 1992 og Johannesburg i 2002. Dei omfattar mellom anna innarbeiding av føre-var-prinsippet, prinsippa om berekraftig bruk og ei økosystembasert forvaltning. Prinsippa vart på nytt stadfesta i deklarasjonen frå det siste utviklingstoppmøtet i Rio i 2012 (Rio+20 – The Future We Want).

Rammeverket for internasjonalt samarbeid om havspørsmål ligg til FN sin havrettskonvensjon frå 1982. Konvensjonen gjev kyststatane suverene rettar over naturressursane innanfor ei økonomisk sone.

Hovudtrekka i fiskeriregimet er at kyststaten har kontroll over ressursane innanfor den økonomiske sona, og at desse rettane er balanserte av plikter til å bruke og forvalte ressursane på optimalt vis. I tillegg skal statane søkje å samarbeide om forvaltninga av bestandar som er delt mellom fleire lands soner. Eit veksande fiske på det opne havet på 1980-talet viste at regimet ikkje var konkret nok til at ein kunne få til dekkjande reguleringar av verksemda utanfor 200 nautiske mil-sonene.

Dette førde til at FN-konferansen for miljø og utvikling i 1992 (UNCED) oppmoda om å forhandle fram ei presisering av det globale regimet om fisket utanfor dei økonomiske sonene. Under generalforsamlinga vart det i 1993-1995 framforhandla ein FN-avtale om fiske på det opne hav (UN Fish Stocks Agreement). Forvaltningsprinsippa i avtalen gjeld òg innanfor dei økonomiske sonene. Avtalen pålegg statane å bruke ei føre-var-tilnærming i fiskeriforvaltninga og viser til omsynet til bevaring av biodiversitet og økosystembasert forvaltning. Føre-var-tilnærminga skal skje ved å innføre referansepunkt i form av mål for bestandsstorleik for ulike bestandar. I det nordaustatlantiske området skjer forvaltninga av dei viktigaste kommersielle bestandane i dag ut frå referansemål på bestandsstorleik og beskatningsgrad. FN-avtalen pålegg vidare statane å delta i regionalt samarbeid om forvaltninga av vandrande fiskebestandar.

Generalforsamlinga i FN vedtek årlege resolusjonar om havmiljø og fiskerispørsmål som mellom anna gjev overordna retningslinjer for korleis statar og regionale organisasjonar bør forvalte det marine miljøet. Eit tema som har vorte diskutert i mange fora internasjonalt dei siste åra er fiske ved og øydelegging av sårbare økosystem. Generalforsamlinga har sidan 2006 vedteke ei rekkje resolusjonar som ber partane ta meir omsyn til sårbare botnhabitat. FAO utarbeidde i 2009 retningslinjer for fiske ved sårbare djuphavshabitat, som dei regionale fiskeriorganisasjonane og statane innarbeider i sine regelverk. Noreg medverka aktivt i utforminga av desse FN-vedtaka og i FAO sitt utviklingsarbeid. Ein ny revisjon av desse resolusjonane er planlagt til FN si generalforsamling i 2015. I arbeidet for berekraftig bruk av marine levande ressursar og for å hindre overhausting, har Noreg òg vore ei drivkraft i å forhandle fram FAO sin nye hamnestatsavtale (sjå 2.2 og 2.5.1).

Marine spørsmål vert i aukande grad diskuterte innanfor rammene av globale miljøavtalar. Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD), avtalen om handel med trua plante- og dyreartar (CITES) og konvensjonen om migrerande artar (Bonnkonvensjonen) er alle eksempel på globale miljøavtalar som kan gjere vedtak som er knytt til forvaltninga av kommersielle fiskeartar.

Det vert lagt føringar for norske fiskeri gjennom vedtak og reguleringar i dei regionale organisasjonane for fiskeriforvaltning, mellom anna i den næraste organisasjonen i Nordaust-Atlanteren, NEAFC. I tillegg har Konvensjonen om vern av havmiljøet i det nordaustlege atlanterhavsområdet (OSPAR) eit generelt havmiljøansvar. Både NEAFC og OSPAR arbeider med å opprette marine beskytta område i internasjonalt farvatn. Ein avtale mellom dei to organisasjonane skal hjelpe til å konkretisere ansvaret for å følgje opp i område der NEAFC har ansvar for fiskeriregulerande aktivitetar. Dette er ei oppfølging av FN sin regjeringssjefkonferanse i 2002 i Johannesburg, om å opprette eit nettverk av marine verneområde både innanfor og utanfor statane sine økonomiske soner innan utgangen av 2012. Marine verneområde og andre effektive arealbaserte forvaltningstiltak inngår no i oppfølginga av CBD og Rio+20 sine mål om å beskytte 10 prosent av alle marine område innan 2020. Verkemiddel som kan beskytte ressursane, slik som forbod mot å fiske med visse reiskapar eller tidsavgrensa fiske, er sentrale bidrag frå fiskeriforvaltninga.

2.4 Internasjonalt arbeid for rett til mat og matsikkerheit

Den globale matvarekrisa i 2008 førte til større merksemd på matvaresikkerheit, og behov for ein koordinert innsats for å sikre mat til ei stadig veksande verdsbefolkning. Mat og tilgang på mat er eit av grunnelementa i menneskerettskonvensjonen. Generalforsamlinga i FN har peikt på global matsikkerheit som den mest krevjande utfordringa i samband med befolkningsveksten. Deklarasjonen frå utviklingstoppmøtet Rio+20 understreka den grunnleggjande retten til mat, og fiskeri og havbruk si viktige rolle i arbeidet for betre matsikkerheit og ernæring.

Arbeidet i Komiteen for global matsikkerheit (CFS), som held til i Roma, har difor fått større vekt, i eit samarbeid mellom FN sin matvareorganisasjon (FAO) og fleire andre organisasjonar og program. Det vert lagt meir vekt på ernæring i komiteen sitt vidare arbeid, og etter norsk initiativ skal for første gang ein spesialrapport om fisken sin plass i matsikkerheits- og ernæringssamanheng leggjast fram for komiteen i 2014.

Også i FAO sin fiskerikomité COFI, som har norsk leiar i to-års perioden 2012 til 2014, vil matsikkerheit stå sentralt. Arbeidet i komiteen vil dreie seg mindre om kvar, korleis, kven og når, altså dei tekniske sidene ved fiske og fiskeoppdrett, og leggje større vekt på kvifor, med andre ord at fiske og fiskeoppdrett ikkje er eit mål i seg sjølv, men ein aktivitet som gjev arbeid, inntekt og mat. Frå norsk side vil dette stå sentralt i arbeidet i FAO dei neste åra.

2.5 Arbeid mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske og fiskerikriminalitet

Ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) er ei alvorleg utfordring for ei forsvarleg utnytting av fiskebestandane og for marine økosystem både lokalt, nasjonalt, regionalt og globalt. UUU-fiske skjer ikkje berre på bestandar som Noreg som kyststat har eit forvaltningsansvar for, men over heile verda. Den grenseoverskridende karakteren som UUU-aktiviteten ofte har, gjer at vi må ha ei brei tilnærming for å løyse problema.

Primært vert UUU-fiske handtert internasjonalt gjennom FN sin matvareorganisasjon (FAO) og i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane (RFMOar). Delar av UUU-verksemda er rein kriminell verksemd og vert omtala som fiskerikriminalitet. Fiskerikriminalitet er eit omgrep som særleg har vakse fram når det gjeld dei strafferettslege sidene av UUU-fisket.

Fiskerikriminalitet omfattar, i tillegg til ulovleg uttak av fisk, gjerne økonomisk kriminalitet, miljøkriminalitet, grenseoverskridande organisert kriminalitet og korrupsjon. Ein ser òg at fiskerikriminalitet i ein del tilfelle har bindeledd til anna kriminell verksemd, som smugling av narkotika og menneskehandel.

2.5.1 Ulovleg, urapportert og uregulert fiske

Forvaltningstiltak

Havressurslova gjev utvida heimlar i kampen mot UUU-verksemd og opnar mellom anna for å kunne straffe eigne borgarar og juridiske personar for handlingar utførde i jurisdiksjonsområda til andre land.

Vidare inneheld lova føresegner om tvangsmulkt og lovbrotsgebyr, og forskrift om bruk av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr ved brot på havressurslova tok til å verke 1. mars 2012. Lovbrotsgebyret skal verke i staden for bot/førelegg frå politiet og påtalemakta ved at dei minst alvorlege lovbrota etter havressurslova vert sanksjonert administrativt. Tvangsmulkta er meint som eit pressmiddel i høve til den som ikkje har innretta seg etter lova eller vedtak med heimel i lova.

Det vert òg arbeidd med å sikre at internasjonale avtalar er tilstrekkeleg innarbeidde i den nasjonale lovgjevinga. Særleg gjeld dette pliktene våre gjennom dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane NEAFC, CCAMLR, NAFO, ICCAT, SEAFO, dei bilaterale avtalane med Russland og EU og den globale hamnestatsavtalen som er inngått under FAO.

Kontroll

Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Norges Råfisklag og Norges Sildesalgslag utarbeider nasjonale strategiske risikovurderingar for å sikre at kontrollressursane vert sette inn der det er mest sannsynleg at lovbrot skjer, og der følgjene av lovbrotet er størst.

I 2012 vart det gjennomført eit forprosjekt for å kartleggje informasjonsbehova innanfor ressurskontroll og akvakulturtilsyn sentralt, regionalt og hos Kystvakta. Det vart i 2013 lyst ut anbod på ekstern prosjektleiar for å utvikle kravspesifikasjon for eit framtidig kontroll- og tilsynssystem. Kontrakten vart signert i januar 2014. Prosjektet skal i mai 2014 levere kravspesifikasjon basert på interessentane sine behov i eit framtidig kontroll- og tilsynssystem. Elektronisk operasjonell risikovurdering vert utvikla som ei sjølvstendig eining og inngår ikkje i dette arbeidet.

Vidare skal det leggjast til rette for at kontrollane til salslaga vert gjennomførde og dokumenterte på ein slik måte at materialane kan brukast i kontrollstatistikk og inspeksjonsdatabasar.

Støttesystem i ressurskontrollen

Frå og med 2011 var alle norske fiske- og fangstfartøy på eller over 15 meter største lengd pålagde å ha om bord sporingsutstyr og elektronisk rapporteringsutstyr for rapportering av fangst- og aktivitetsdata. Overgangen til elektronisk rapportering er første steg i utfasinga av fangstdagbok i papirform og rapportering på papir generelt. Kravet er frå og med 2013 utvida til også å gjelde alle fartøy over 12 meter største lengd som fiskar i Skagerrak.

Å overvake aktiviteten i Barentshavet er framleis prioritert og det er laga ei løysing for å koordinere risikovurderingar i sann tid i området. Dette skjer i samarbeid mellom Kystvakta, Forsvaret og Fiskeridirektoratet. Arbeidet vert gjort i form av dagleg overvaking, innhenting av informasjon, risikoanalysar og analysar av totaluttak. Analysane av totaluttaket skjer i samarbeid med Russland.

Det døgnbemanna kontroll- og overvakingssenteret til Fiskeridirektoratet (FMC Norway) vart sett i drift 29. mai 2009. Senteret samordnar ei rekkje kontroll- og overvakingsoppgåver, mellom anna ved å overvake og handsame meldingar frå norske og utanlandske fartøy og ved å koordinere informasjon til og frå eigne og utanlandske kontrollstyresmakter. FMC driftar òg ein tips- og beredskapstelefon som skal gjere det mogleg å melde frå om mistenkjelege aktivitetar og rapportere direkte til fiskeristyresmaktene om eventuelle lovbrot.

Sporings- og rapporteringssystem

Noreg rår over ei rekkje maritime sporings- og rapporteringssystem under ulike etatar. Desse systema må vi sjå i samanheng, og dei må utnyttast for å oppnå maksimal verknad. For å få så godt oversyn over fisket som mogleg er spesialkompetanse og kapasitet til bruk av VMS, AIS, AISsat, LRIT, SafeSeaNet og andre webbaserte informasjonskjelder viktig. Dei siste åra har særleg AISsat-funksjonen kome til nytte.

Bilateralt samarbeid

Bilateralt samarbeid om kontroll er eit viktig verkemiddel i kampen mot UUU-fiske, og Noreg har avtalar om kontrollsamarbeid med ei rekkje land. Desse avtalane er nærare omtala under kapittel 2.8.

Noreg og Russland utvekslar informasjon gjennom året, så som kvoteoversikter og landingsstatistikk. Kring årsskiftet gjennomfører partane felles analysar av uttak knytt mot fartøy og av totaluttak. Noreg og Russland utvekslar òg inspektørar og observatørar ved kontrollar på havet og i land.

Det er også eit operativt kontrollsamarbeid med ulike medlemsland i EU.

Regionalt arbeid

Noreg medverkar aktivt i kampen mot UUU-verksemd i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane der vi er medlem: CCAMLR, ICCAT, NAFO, NEAFC og SEAFO. Mellom anna har Noreg vore ein pådrivar for å få dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane (RFMOane) til å opprette lister over fartøy som driv UUU-verksemd, såkalla svartelisting. Fartøy som driv UUU-fiske opererer ofte i område som er forvalta av fleire RFMOar, og fangsten vert gjerne landa utanfor området der fangsten er teken. Difor har Noreg òg arbeidd for at ulike RFMOar skal godta kvarandre sine UUU-lister. NEAFC fører i dag fartøy på si UUU-liste dersom CCAMLR, NAFO eller SEAFO kan stadfeste at fartøyet har vore involvert i UUU-fiske og fartøyet ikkje fører flagget til eit NEAFC-medlem. På tilsvarande vis fører NAFO fartøy på si UUU-liste dersom dei er på NEAFC-lista. Det finnst tilsvarande ordningar mellom RFMOar som forvaltar tunfiskartar. Vidare etablerer den globale hamnestatsavtalen på indirekte vis ei global UUU-liste ettersom det følgjer av avtalen at fartøy som er ført på UUU-lista til ein regional fiskeriforvaltningsorganisasjon skal nektast tilgang til hamn.

Marknadstiltak – fangstsertifikat

EU har, gjennom rådsregulering 1005/2008, etablert eit system for å nedkjempe UUU-fiske, der det mellom anna vert stilt krav om at fangstsertifikat skal følgje med når villfanga fisk vert importert til EU. Fangstsertifikata skal dokumentere at fisken er teken på lovleg vis i samsvar med gjeldande krav.

Noreg har ein eigen avtale med EU om krava som gjeld når norskfanga fisk skal importerast til EU. I samsvar med denne avtalen har salslaga, i samarbeid med Fiskeridirektoratet, utvikla og implementert eit system for å lage elektroniske fangstsertifikat for eksport av fisk, nettportalen www.catchcertificate.no. Portalen vert driven av salslaga. Det er viktig at systemet fungerer i tråd med intensjonane og at nye løysingar vert implementert slik at systemet legg til rette for korrekt informasjon og effektiv ressurskontroll.

Også Kina og Ukraina har no innført krav om fangstsertifikat ved import av fisk. Noreg har fått i stand avtalar med desse landa slik at sertifikat liknande dei som vert nytta ved eksport til EU, utferda via www.catchcertificate.no, vert nytta ved eksport til Kina og Ukraina.

Førebels er marknadstiltak i dei regionale forvaltningsorganisasjonane retta mot fiskeslag med særleg høg verdi, som tunfiskartar og patagonisk tannfisk. Tunfiskorganisasjonen ICCAT har i fleire år kravd fangstdokumentasjon ved fangst av makrellstørje, storauga tunfisk og sverdfisk. Dokumenta skal følgje fisken ved import og eksport. ICCAT arbeider no med å få på plass elektroniske sertifikat for makrellstørje. Fleire land, mellom dei EU og Japan, arbeider for at kravet om fangstsertifikat skal verte utvida til å omfatte fleire andre artar regulerte av ICCAT.

CCAMLR har og eit system for elektroniske fangstsertifikat for patagonisk tannfisk.

I 2011 foreslo EU å innføre fangstsertifikat i NEAFC, men det vart ikkje semje om forslaget.

I FAOs Fiskerikomité vil spørsmålet om retningslinjer og format for fangstsertifikat stå på dagsorden. Dette fylgjer av vedtaket i FNs fiskeriresolusjon om at FAO skal starte eit slikt arbeid.

Global avtale om hamnestatskontroll

Noreg var initiativtakar til, og ein av pådrivarane for, å få semje om ein global bindande avtale om hamnestatskontroll for å førebyggje, hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Generalforsamlinga i FAO vedtok avtalen 22. november 2009, og Noreg ratifiserte avtalen 20. juli 2011.

Føremålet med avtalen er å hindre at fartøy som driv UUU-fiske eller verksemd knytt til slikt fiske, får tilgang til hamn. Avtalepartane skal krevje informasjon om fartøy og fangst og vurdere om informasjonen tilseier at fartøyet har vore involvert i UUU-fiske. Dersom det er tilfelle, skal fartøyet nektast tilgang til hamn. Andre viktige element i avtalen er reglar om kontrollar i hamn, minimumsstandarder for informasjonsutveksling, samarbeid, opplæring/ assistanse og reglar om flaggstaten sitt ansvar.

Frå norsk side har ein òg arbeidd for å innføre hamnestatskontroll i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar i samsvar med den globale avtalen. SEAFO og CCAMLR har no innført slik kontroll, og også ICCAT har vedteke reguleringar som innfører viktige prinsipp frå den globale avtalen. NEAFC har hatt reglar om hamnestatskontroll sidan 2007, og Noreg arbeider for at desse skal utvidast i samsvar med den globale avtalen.

Globale retningslinjer om flaggstatansvar

Fleire land, ofte u-land, har ikkje flaggstatkontroll i tilstrekkeleg grad. Mot ei rimeleg avgift vert fiskefartøy ført i deira register utan at det vert stilt spørsmål om kva aktivitet dei driv. Dette er ofte land som ikkje har ratifisert internasjonale avtalar for å ta vare på ressursane i havet, og som heller ikkje er medlem av relevante fiskeriforvaltningsorganisasjonar (RFMOar). Aktørar vil ofte nytte slike flagg nettopp for å unngå å vere bundne av internasjonale avtalar og forvaltningstiltak iverksette av RFMOar.

Som eit ledd i kampen mot UUU-fiske vart det sett i gang forhandlingar om retningslinjer for flaggstatsansvar under FAO, og i februar 2013 vart det semje om globale retningslinjer for dette ansvaret. Retningslinjene er forhandla fram gjennom tre tekniske konsultasjonar under FAOs fiskerikomité (COFI), og dei vert lagde fram for tilslutning på neste sesjon i COFI. Retningslinjene inneheld kriterium for evaluering av flaggstaten, som mellom anna omfattar krav om at flaggstaten har implementert bindande internasjonalt regelverk og hindrar eigne fartøy frå å delta i UUU-verksemd. Vidare inneheld kriteria krav til registrering og kontroll av eigne fartøy, og krav til handheving og sanksjonar. Retningslinjene inneheld òg eit kapittel om samarbeid mellom flaggstat og kyststat, i tillegg til prosedyrar for evaluering av flaggstaten og tiltak for å leggje til rette for at retningslinjene vert følgde. Retningslinjene er ikkje folkerettsleg bindande. Dei skaper difor ikkje nye plikter for statane, men konkretiserer korleis ansvarlege flaggstatar opptrer. På dette viset vil dei kunne bidra til å identifisere statar som ikkje oppfyller pliktene dei har etter folkeretten. Vidare kan dei vere til hjelp for statar som ønskjer å ta ansvar som flaggstat.

Global registrering av fiskefartøy

Fleire land har teke til orde for at eit globalt register av fiskefartøy kan verte eit nyttig verktøy i kampen mot UUU-verksemd. Dette vart diskutert under møtet i COFI i juli 2012. Nokre partar har vist til ei rekkje praktiske utfordringar som er knytt til eit slikt register, og korleis dette initiativet vert behandla framover er ikkje avklart.

MCS Network

Formålet med det internasjonale nettverket for fiskerikontroll (IMCS Network) er å utvikle samarbeid på alle nivå på tvers av landegrensene for å betre kontrollarbeidet i kampen mot UUU-fiske. IMCS Network arrangerte ein global konferanse i Costa Rica våren 2014.

2.5.2 Fiskerikriminalitet

Som nemnt tidlegare, er delar av UUU-verksemda rein kriminell verksemd og vert omtala som fiskerikriminalitet. Slik verksemd kan omfatte både økonomisk kriminalitet, miljøkriminalitet og organisert kriminalitet. Ein ser òg at fiskerikriminalitet i ein del tilfelle har bindeledd til anna kriminell verksemd som smugling av narkotiske stoff , menneskehandel, korrupsjon og økonomisk kriminalitet.

Den globale kampen mot fiskerikriminalitet er komplisert og involverer både politiet, påtalemakta og kontrollstyresmaktene. I arbeidet må det leggjast til rette for samarbeid mellom politiet i seljar- og kjøparland for å etterforske eventuelle kriminelle tilhøve. I fiskeriresolusjonen frå generalforsamlinga i FN frå 2008 vert det peika på at det kan vere sambandslinjer mellom UUU-verksemd og annan grenseoverskridande organisert kriminalitet. For å ha ei heilskapleg tilnærming til UUU-spørsmåla må vi ta dette poenget med i vurderinga av framtidige tiltak.

Fiskeri- og kystdepartementet har heva strafferamma i lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) og i lov om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven) frå tre til seks år for alvorlege lovbrot som er av grenseoverskridande og organisert karakter. Dette tredde i kraft frå 1. januar 2014. Bakgrunnen for endringa er å møte vilkåra til kva som vert rekna som alvorleg kriminalitet i FNs konvensjon mot grenseoverskridande organisert kriminalitet. Gjennom å heve strafferamma i Noreg, legg vi til rette for internasjonalt samarbeide mot denne type kriminell verksemd i fiskerinæringa.

Fiskeriforvaltningas analysenettverk

Prosjektet Fiskeriforvaltningas analysenettverk (FFA) som vart etablert i 2009, vart i 2014 vidareført som ein del av Nærings- og fiskeridepartementet. FFA er eit konkret tiltak mot organisert kriminalitet knytt til ulovleg fiske (Meld. St. 7 2010-2011 «Kampen mot organisert kriminalitet»). FFA er òg eit av fleire tiltak mot fiskerirelatert kriminalitet i regjeringas handlingsplan mot økonomisk kriminalitet frå 2011. FFA skal sikre eit tettare samarbeid mellom ulike etatar og bidra med oppdaterte, tverrsektorielle analysar innanfor saksområdet. I tillegg til å produsere analysar om ulovleg uttak av fisk frå havet, legg nettverket òg vekt på annan fiskerirelatert kriminalitet som til dømes ulovleg kapitalflyt som stammar frå omsetning av ulovleg fanga fisk. Prosjektet er samansett av fagpersonar frå Politiet, Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Kystverket, Toll- og avgiftsdirektoratet, Arbeidstilsynet og Skattedirektoratet. Styringsgruppa til prosjektet har medlemmer frå Justis- og beredskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet, Finansdepartementet, Utanriksdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Fiskeridirektoratet og Riksadvokaten. Nærings- og fiskeridepartementet leiar styringsgruppa.

Følgje pengestraumar og transportruter

Fiskerikriminalitet inneber ofte grov økonomisk kriminalitet, og for å nedkjempe dette må ein følgje pengestraumane. Gode rutinar og godt samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, Økokrim, Skattedirektoratet og Toll- og avgiftsdirektoratet er viktig. Fisk er ei global handelsvare, og kunnskap om kva ruter som vert nytta og på kva måte den ulovlege fisken vert transportert, vil gje oss eit meir heilskapleg bilde av aktørane som er involverte. FFA arbeider til dømes med desse spørsmåla med andre relevante styresmakter, og utveksling av informasjon mellom desse er viktig.

UUU-fartøy med uklare eigartilhøve

Ved å kombinere bekvemmelighetsflagg og fiktive firma oppretta i skatteparadis greier dei reelle eigarane som står bak fiskerikriminalitet å skaffe seg bortimot full anonymitet. Den nasjonale kampen mot skatteparadis og økonomisk kriminalitet gjeld òg problema knytt til bruk av fordelsflagg. Det vert difor arbeidd for å vidareutvikle samarbeidet med andre nasjonale styresmakter for å nedkjempe anonymitet i UUU-verksemda slik at vi får avdekka dei reelle eigarane bak operasjonane. Verksemder som er involverte i slike aktivitetar må kartleggast grundig.

Den strategiske analysegruppa

Kystvakta og Fiskeridirektoratet har i ei årrekkje samarbeidd om å kartleggje og analysere fiskerikriminalitet i Barentshavet. Politiet og tollstyresmaktene er òg involverte i arbeidet, som omfattar systematisk innhenting av informasjon om mogleg grenseoverskridande fiskerikriminalitet der aktørar med ulik nasjonalitet er involverte.

UNODC

FNs kontor for narkotika og kriminalitet (United Nations Office on Drugs and Crime, UNODC) i Wien er den globale arenaen for å førebyggje og nedkjempe kriminalitet. Nærings- og fiskeridepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Utanriksdepartementet har finansiert ein FN-studie av grenseoverskridande organisert kriminalitet i fiskerinæringa. Ein liknande studie var òg finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet på nasjonalt nivå. Noreg finansierer òg ei ekspertgruppe i UNODC som har kome med tilrådingar om kampen mot kriminalitet til havs, mellom anna fiskerikriminalitet. Arbeidet i denne ekspertgruppa held fram. Desse tiltaka er bidrag til å forstå denne kriminalitetsforma og er viktige faglege bidrag til arbeidet mot fiskerirelatert kriminalitet i framtida. I etterkant av at UNODC lanserte sin studie av grenseoverskridande organisert kriminalitet i fiskerinæringa så vedtok FNs kriminalitetskommisjon ein resolusjon som rettar seg mot grenseoverskridande organisert kriminalitet på havet. UNODC oppretta i 2013 eit program mot maritim kriminalitet og ser på fiskerikriminalitet som ein av fleire kriminalitetsformer som kan førekomme på havet.

Interpol

INTERPOL har oppretta ei eiga permanent arbeidsgruppe som skal arbeide mot fiskerikriminalitet og to program mot slik kriminalitet. INTERPOL er ein etablert organisasjon med sikre system og rutinar for informasjonsdeling og operativt internasjonalt samarbeid mellom politi og kontrollstyresmakter. Målet er at INTEPOL kan bidra med koordinering av grenseoverskridande operasjonar mellom ulike land. Den 26. februar 2013 vart det første INTERPOL-programmet offisielt lansert i Lyon. Norsk politi og forvaltning deltok saman med representantar frå 62 andre statar. Det andre INTERPOL-programmet, som handlar om bistand til utviklingsland i kampen mot fiskerikriminalitet, starta i april 2014. Noreg har gitt finansielle bidrag til begge programma.

2.6 Regulering av utanlandsk fiske i norske jurisdiksjonsområde

Det er eit generelt forbod mot fiske i Noregs økonomiske sone og i fiskerisona rundt Jan Mayen for fiskarar som ikkje er norske statsborgarar. Regjeringa kan likevel fastsetje forskrifter som opnar for eit regulert og avgrensa utanlandsk fiske i samsvar med dei fiskeriavtalane som er inngått med andre land.

I forskrift av 13. mai 1977 om utlendingars fiske og fangst i Noregs økonomiske sone er det fastsett detaljerte reglar for utøvinga av fisket. Det er krav om lisens for utanlandske fartøy som skal fiske i norsk sone for å sikre at fangstinnsatsen er i samsvar med dei tildelte kvotane, og for å gjere det mogleg med ein effektiv kontroll. Utanlandske fartøy skal sende fangstrapportar til norske styresmakter i samsvar med særskilt forskrift.

I forskrift av 23. desember 1980 om utlendingars fiske og fangst i fiskerisona ved Jan Mayen er det fastsett detaljerte reglar for utanlandsk fiske i fiskerisona rundt Jan Mayen. Dette regelverket er i hovudsak samanfallande med reglane for utanlandsk fiske i Noregs økonomiske sone.

Forskrifter for fiskevernsona ved Svalbard er sette i verk på eit ikkje-diskriminerande grunnlag for både norske og utanlandske fartøy. Det er fastsett forskrifter for rapportering av fangstar, bruk av reiskapar, reglar om minstemål og område med forbod mot fangst for å verne om ungfisken. Frå 1986 er det fastsett årlege kvotereguleringar i fiskevernsona for fiske etter nordaust-arktisk torsk. Frå og med 1995 har ein av omsyn til bestandssituasjonen fastsett forbod mot fiske etter blåkveite, sild og lodde. Frå 1997 vart det òg innført eit forbod mot fiske etter uer. I 2011 vart hysefisket regulert.

I forskrifter av 19. juli 1996 vart rekefisket ved Svalbard regulert ved å fastsetje grenser for innsatsen i fisket. Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard delta i dette fisket med eit avgrensa tal på fartøy (Canada, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg, Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, vart rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa òg regulert med fiskedøgn. Av same årsak vart maksimalt tal for tilletne fiskedøgn redusert med 30 prosent frå 1. januar 2006.

2.7 Kontroll av fiske i norske jurisdiksjonsområde

Noreg arbeider både nasjonalt og internasjonalt for at forvaltning av marine ressursar skjer i tråd med etablerte prinsipp som mellom anna berekraftig bruk, føre-var-prinsippet og økosystembasert forvaltning. Dette gjeld i våre eigne fiskerisoner, i internasjonalt farvatn og i andre nasjonars fiskerisoner. For å kunne nå dette målet for ressursforvaltninga, trengst det informasjon om og kontroll med alt ressursuttak i norske jurisdiksjonsområde. Fysisk kontroll med fiskeaktivitet er ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetning av fiskefangstar.

I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen saman med Kystvakta og salslaga. Kontrollverksemda til fiskeristyresmaktene vert gjennomførd av Fiskeridirektoratet sentralt og den ytre etaten til direktoratet med sju regionkontor, inklusiv eit inspektørkorps langs kysten.

Kystvakta er underlagt Forsvarsdepartementet. Kystvakta har ansvaret for ressurskontrollen på havet. I 1996 vart Kystvakta utvida med ei indre kystvakt som skal gjennomføre fiskerioppsynet innanfor grensa for sjøterritoriet på 12 nautiske mil. Fiskerioppsynstenesta til den indre kystvakta vert kombinert med ei rekkje andre oppgåver, m.a. for politi-, toll- og miljøstyresmaktene.

Salslaga har hovudansvar for all førstehandsomsetning av fisk i Noreg, og salslaga utfører ein viktig del av kontrollarbeidet. Dei norske fiskesalslaga har òg ansvar for å skrive ut og godkjenne norske fangstsertifikat, som er ein føresetnad for all import og alle landingar av fisk i EU frå tredjeland.

I internasjonale samanhengar vert det norske systemet med nært samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, Kystvakta og salslaga ofte framheva som ein vellukka modell for ressurskontroll.

Fiskeridirektoratet står for kontroll ved landing av fangstar, og utfører òg ein viss kontroll på sjøen i særlege område og i spesielle fiskeri. Direktoratet har òg ansvar for kvotekontrollsystemet både for utanlandske og norske fartøy. Dei ulike salslaga har eit kontrollansvar i samband med omsetning og eksport av fisk. Ved landing vert fangstsamansetjinga kontrollert, og oppfiska kvantum vert belasta kvoterekneskapen.

Utanlandske styresmakter har kontrollansvaret når norske fartøy leverer fangst i utanlandske hamner og når norske fartøy fiskar i jurisdiksjonsområda til desse landa. Hamnestatskontrollen som vart innført i NEAFC frå 1. mai 2007 og i NAFO i 2009, gjev norske styresmakter eit kontrollansvar når det gjeld å verifisere fangst ved landingar frå norske fartøy i NEAFC- og NAFO-landa sine hamner. Noreg skal òg hente inn slik verifisering ved landingar frå utanlandske fartøy i norske hamner.

Ein viktig del av kontrollen går føre seg under utøvinga av fisket. Det vert kontrollert at fisket skjer med rette reiskapar, til rett tid og i rett område. Samansetjinga av fangsten vert òg kontrollert, likeeins at det ikkje går føre seg dumping eller neddreping av fisk. Under kvalfangsten var det frå 1993 til og med 2003 inspektørar på alle fartøy under heile fangstperioden. Med verknad frå 2004 vart inspektørordninga på kvalfangstfartøya halvert, og frå 2006 har vi hatt elektronisk overvaking av kvalfangsten. Inspektørbasert kontroll vert no gjennomført på stikkprøvebasis på kvalfangstfartøya.

For å få løyve til å delta i selfangsten er det eit krav at fartøyet har inspektør om bord under heile fangsten. Det er ein viktig del av kontrolloppgåva å sjå til at avlivinga skjer i samsvar med regelverket.

I andre fiskeri har Fiskeridirektoratet sett i verk ei ordning med inspektørar om bord på enkelte norske og utanlandske fartøy i kortare eller lengre periodar.

For enkelte artar går det føre seg eit omfattande fiske i indre norske farvatn. Vi har difor ei ordning der inspeksjonsfartøy frå Fiskeridirektoratet er til stades på desse fiskefelta.

Frå 1. juli 2010 vart alle norske fiske- og fangstfartøy over 21 meter pålagt å rapportere fangst- og aktivitetsdata elektronisk til Fiskeridirektoratet. Frå 1. januar 2011 er plikta utvida til òg å gjelde fartøy over 15 meter. Kravet om elektronisk rapportering inneber at opplysningane som tidlegare vart ført i papirfangstdagboka no skal rapporterast elektronisk.

For å føre kontroll med utanlandsk fiske i NØS etablerte Fiskeridirektoratet i 1977 eit kvotekontrollsystem som inneber at utanlandske fiskefartøy som får løyve til å fiske i norske jurisdiksjonsområde må sende ei rekkje ulike rapportar i samband med fiske i norske farvatn.

Rapporteringsplikta inneber at når fartøya kjem inn i norsk sone skal dei melde frå om kor mykje fangst fartøyet har om bord (melding om fiskestart). Fangstane skal meldast i kilo rund vekt og i dei enkelte fiskeslag. I tillegg må fartøyet kvar veke rapportere kor mykje som er fanga i sona av dei ulike fiskeslaga (fangstmelding). På grunnlag av avtalar som Noreg har inngått med EU og Island om elektronisk rapportering, sender fartøy frå EU-land og Island fangstmeldingar dagleg. Når fartøyet avsluttar fisket i NØS, må det før det seglar ut sende melding om dette til Fiskeridirektoratet og opplyse om kor mykje fisk som er teken etter den siste fangstmeldinga (melding om avslutting av fiske). Alle desse meldingstypane vert kontinuerleg lagde inn i kvotekontrollsystemet og gjev dermed Fiskeridirektoratet ei oppdatert oversikt over det utanlandske fisket i norske jurisdiksjonsområde. Det gjeld kor mange fartøy som deltek i fisket, kvar dei fiskar og opplysningar om fangst per fartøy og per nasjon. Systemet inneheld såleis òg dei opplysningane som er kravde for å stanse utanlandsk fiske når dei tildelte kvotane er oppfiska. Denne databasen er ein viktig reiskap for kontroll i norske jurisdiksjonsområde.

Frå år 2000 har Fiskeridirektoratet gjennom posisjonsrapportering (satellittsporing) kunnskap om kvar fartøya oppheld seg i norsk jurisdiksjonsområde, og direktoratet kan difor setje i verk meir målretta kontroll.

Kystvakta har direkte tilgang til dei opplysningane som er lagra i databasane i Fiskeridirektoratet. Opplysningane vert under kontroll på feltet haldne opp mot opplysningane som går fram av fangstdagboka til fartøyet, eventuelle sluttsetlar og innhaldet i lasterommet eller lastetankane på fartøyet. Når desse opplysningane ikkje er i samsvar med kvarandre kan Kystvakta reagere med åtvaring, fartøyet kan haldast tilbake, eller saka kan meldast til politiet, alt etter kor grov krenkinga er. Kvotekontrollsystemet og posisjonsopplysningane er såleis særs viktige reiskapar i det kontrollarbeidet Kystvakta gjennomfører.

Utanlandske fartøy skal når fisket vert avslutta i NØS nord om 62°N, melde seg til Kystvakta for kontroll på eitt av sju kontrollpunkt. Som ein del av rapporteringsordninga i dette området skal fartøya sende melding om framstilling for kontroll (kontrollpunktmelding) tolv timar før dei kjem til kontrollpunktet. For ringnotfartøy er fristen fire timar. Ordninga vart innførd for å sikre generelt betre kontroll med fangstuttaket i NØS nord om 62ºN, og fordi norske styresmakter visste at det gjekk føre seg kvoteunndragingar blant utanlandske fartøy som fiska i NØS nord om 62ºN.

På grunn av behovet for betre kontroll med makrellfisket i NØS sør om 62ºN, vart ei tilsvarande ordning sett i verk 19. juli 1995 for makrellfisket i Nordsjøen. Av omsyn til råstoffet må eit kontrollregime i Nordsjøen utformast noko annleis enn ordninga nord om 62ºN. Etter regelverket skal utanlandske fartøy med makrellisens melde seg for kontroll i eitt av tre nærare definerte område, med ei varslingstid på fire timar før fartøya kjem til kontrollområdet, eller før fartøyet kjem til landingsstad i Noreg. Ordninga gjeld òg når eit fartøy med makrellisens fiskar annan pelagisk fisk, så som nordsjøsild. I 2005 vart ordninga utvida til også å gjelde for utanlandske fartøy som er lisensierte for fiske etter sild sør for 62ºN i den perioden makrellfisket er ope.

Erfaringane syner at ordningane med kontrollområde og kontrollpunkt har medverka positivt til å redusere kvoteunndragingane frå utanlandske fartøy.

2.8 Kontrollsamarbeid

Kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar krev eit nært samarbeid mellom dei landa som deler ressursane. Eit slikt samarbeid er inngått med begge dei to partane som Noreg deler viktige fiskeressursar med: Russland og EU. Noreg har òg inngått avtalar om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU og fleire andre statar. Noreg har kontrollavtalar med Irland, Danmark, Sverige, Nederland, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Polen, Portugal, Spania, Litauen, Russland, Færøyane, Island, Grønland, Canada og Marokko.

Kontrollavtalen som vart underteikna mellom Noreg og Portugal 16. februar 2006, representerte ei oppdatering av slike avtalar, og er den første avtalen Noreg inngår som òg omfattar gjensidig rapportering av landingar av fisk frå tredjelands fartøy. Etter dette tidspunktet er eksisterande avtalar reviderte etter tur for å få med tredjelands fartøy. Dette er frå norsk side eit viktig bidrag i arbeidet med å få kontroll med det ulovlege fisket i Barentshavet og med landingar av fisk til europeiske hamner. Den nye generasjonen av kontrollavtalar inneber òg at partane skal samarbeide om å kjempe mot ulovleg fiske. Den siste avtalen vart inngått med Spania 23. januar 2013. Dermed har Noreg på plass avtalar med alle land som har interesser i norske havområde. Bilateralt samarbeid har vore viktig for den nedgangen i urapportert og ulovleg fiske som har skjedd dei siste åra.

Satellittsporing av fiskefartøy var eit viktig framsteg i kontrollarbeidet. Det ligg no føre satellittsporingsavtalar mellom dei landa som har felles fiskeriinteresser i Nordaust-Atlanteren.

Fiskeridepartementet innførte frå 1. juli 2000 satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 meter. Plikta vart utvida til å gjelde alle fartøy over 21 meter frå 1. oktober 2008, og frå 1. juli 2010 gjeld dette for alle fartøy over 15 meter. Desse fartøya vert spora i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vert alle norske fartøy, uansett storleik, spora ved fiske i internasjonalt farvatn.

Utvida sporing og elektronisk fangstrapportering er viktige element i samband med kontroll generelt og i kampen mot ulovleg fiske. Noreg og EU signerte 23. februar 2010 ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i kvarandre sine soner. Med bakgrunn i denne avtalen vart alle fartøy over 15 meter pålagde å rapportere fangst- og aktivitetsdata elektronisk ved fiske i kvarandre sine soner frå og med 1. januar 2011. Vidare vart fartøy over 12 meter som fiskar i Skagerrak pålagde posisjonsrapportering og elektronisk rapportering frå 1. januar 2013.Formålet med avtalen er òg å harmonisere rapporteringspliktene i norske farvatn og EU-farvatn så langt som mogleg. Noreg har inngått tilsvarande avtalar med Island og Russland. Gjeldande avtale med Island tredde i kraft 1. januar 2014. Det er førebels ikkje bestemt når avtalen med Russland vil tre i kraft.

Til forsida