Meld. St. 26 (2013–2014)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2014 og fisket etter avtalane i 2012 og 2013

Til innhaldsliste

Del 4
Fisket etter avtalane i 2012 og 2013

5 Fisket etter avtalane i 2012 og 2013

5.1 Den felles forvaltninga

I omtalen av fisket etter avtalane for 2012 og 2013 ligg hovudvekta på i kva grad Noreg og dei partane som får tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane. Først presenterer vi dei norske kvotane i sonene til andre statar og utnyttinga av desse, jf. pkt. 5.2 nedanfor. Deretter, i punkt 5.3, presenterer vi kvotane andre statar har i norske område og utnyttinga av desse. Kommentarane til kvoteutnyttinga omfattar berre åra 2012 og 2013.

I dei neste avsnitta vert omgrepet «felles forvaltning» nytta om ein del sentrale fiskebestandar. Felles forvaltning tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtala å forvalte ein bestand saman, fordi bestanden finst i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane vert avtalt ein totalkvote for bestanden, og så vert totalkvoten delt mellom dei aktuelle avtalepartane.

5.2 Norsk utnytting av kvotar

I avsnitt 5.2 og 5.3 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalane, med eventuelle oppdateringar. Fangsttala er baserte på landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet, Fiskeridirektoratets kvotekontroll eller Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetesdata. Rapporterte fangsttal frå fiskefelta kan avvike frå tala i landings- og sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta. Symbolet (–) i tabellane tyder anten ingen fangst eller ingen kvote.

Noreg – Russland

Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av artane torsk, hyse, blåkveite og lodde. Noreg sine kvotar (etter overføringar til tredjeland) og fangstar av desse bestandane går fram av tabell 5.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 5.2.

Tabell 5.1 Oversikt over norske kvotar (etter overføring til tredjeland) og fangst på fellesbestandane i Barentshavet.

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2012

2013

2012

2013

Torsk

357 196

472 340

356 2552

470 1252

Hyse

158 453

101 107

159 8332

99 4162

Blåkveite

9165

9675

8789

9288

Lodde

221 000

119 000

218 488

120 950

1 Fangsttala (inkl. forskingsfangst) er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 27. mars 2014.

2 Registrert ungdoms- og rekreasjonsfiske utgjer i 2012 og 2013 høvesvis 1792 tonn og 675 tonn torsk, men ein reknar med at heile avsetninga på 7000 tonn vart teken. I 2012 og 2013 vart det avsett 300 tonn hyse til ungdoms- og rekreasjonsfiske. Det er registrert høvesvis 85 tonn og 58 tonn, men ein legg til grunn at heile avsetninga vart teken.

Tabell 5.2 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone.

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2012

2013

2012

2013

Torsk

140 000

140000

463

7323

Hyse

35 000

35 000

179

1424

Blåkveite

8415

8925

4

6

Reker

2500

3500

1838

2339

Grønlandssel

7000

7000

-

-

Lodde

216 000

114 000

710

150

Steinbit

2200

2500

955

1367

Flyndre

500

200

-

-

Bifangstkvote

500

500

1

21

1 Fangsttala (inkl. forskingsfangst) er henta frå Fiskeridirektoratets registre for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 12. mars 2014.

Kommentarar til oversikta

Kvotetala inneheld kvotar avsett til forsking. For åra 2012 og 2013 vart det avsett 7 000 tonn torsk til forskings- og forvaltningsformål. Avtalen for 2012 og 2013 opna vidare for å avsetje høvesvis 4 000 og 3 000 tonn hyse til forskings- og forvaltningsformål. I 2012 sette Noreg av 2 000 tonn hyse, og 2 000 tonn gjekk såleis inn i disponibel kvote for norske fartøy. I 2012 vart det overført 30 000 tonn lodde frå Russland til Noreg i byte mot 10 000 tonn norsk vårgytande sild.

Noreg hadde ikkje bilateral avtale med Færøyane i 2012 og 2013, og EU hadde ikkje noko av interesse å byte mot torsk og hyse frå Barentshavet. Difor vart det både i 2012 og 2013 tilbakeført torsk og hyse til den nasjonale kvoten frå kvoten som Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen hadde sett av til tredjeland. Det vart tilbakeført 17 399 tonn og 25 600 tonn torsk i høvesvis 2012 og 2013, og 5200 tonn og 2953 tonn hyse i 2012 og 2013 til nasjonal kvote. Torskekvoten nord om 62°N vart ikkje oppfiska i 2012 og 2013. Den uregistrerte delen av rekreasjonsfisket er lagt til tala, og det ligg til grunn at heile avsetninga på 7000 tonn vart teken. Dermed enda utnyttingsgraden på 99,7 og 99,5 prosent.

Utnyttingsgraden for hyse var på om lag 100,9 prosent i 2012, medan den i 2013 var på 98,3 prosent. Loddekvoten vart godt nytta i 2012 og 2013.

Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fastsette totalkvotar for blåkveite på 18 000 tonn i 2012 og 19 000 tonn i 2013. Norsk kvote var på 9165 tonn i 2012 og 9675 tonn i 2013.

Trålarane og andre havfiskefartøy får tildelt kvotar praktisk talt utan overregulering, og dei held seg stort sett innanfor desse kvotane. Kystfiskeflåten består av mange fartøy som stadig vert meir effektive. Varierande grad av deltaking i fisket i kystflåten gjer det nødvendig å regulere fisket med såkalla overregulering. Overregulering er differansen mellom summen av maksimal-/fartøykvotane til dei enkelte fartøya og gruppekvoten. Overreguleringa vert uttrykt i prosent av gruppekvoten. Dersom summen av maksimal-/fartøykvotane er 13 000 tonn og gruppekvoten er 10 000 tonn, er overreguleringa 30 prosent. Fisket skal stoppast når gruppekvoten er teken. Tilgangen på fisk kan variere frå år til år, mellom anna på grunn av vêrforhold langs kysten. Dersom fiskeristyresmaktene bommar med graden av overregulering for kystfiskeflåten og ikkje greier å korrigere dette i tide, kan det føre til at dei fastsette kvotane vert overfiska. Ulike forhold kan òg føre til at kvotane ikkje vert fiska eller utnytta fullt ut.

Kommentarar til oversikta

Norske kvotar og fangstar i Russlands økonomisk sone (RØS) går fram av tabell 5.2. Med unntak av reker nytta Noreg lite av sonetilgangen i RØS i 2012 og 2013. Noreg kunne fiske heile loddekvoten i RØS.

Noreg – EU

Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning av artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette og sild i Nordsjøen, sjå tabell 5.3. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU-sona av Nordsjøen, sjå tabell 5.4. Makrell er forvalta i eigen avtale mellom partane.

Tabell 5.3 Norske kvotar (etter overføringar fra EU og tredjeland) og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen.

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2012

2013

2012

2013

Torsk2

4659

4659

4601

4080

Hyse

8301

9652

1006

1662

Sei3

40 066

46 854

33 289

36 285

Kviting

1116

1703

94

560

Raudspette

5209

6095

1025

843

Nordsjøsild4

119 529

141 366

119 257

143 720

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 27. mars 2014.

2 Inkludert kvote på 540 tonn for å undersøkje kontrollmetodar. EU brukar denne kvoten for å gjere forsøk med videoovervaking, Noreg har ikkje gjort slike forsøk.

3 Fangstala for sei er frå ICES-område IIIa og IV.

4 Inkludert overføring av kvote frå Skagerrak.

Tabell 5.4 Oversikt over Noreg sine kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar i EU- farvatn, og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn.

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar (tonn)

2012

2013

2012

2013

EU1:

Makrell

180 843

153 355

56 452

80 076

Sild2

60 000

60 000

61 621

57 723

Augepål

5000

20 000

1839

19 794

Kolmule

94 227

144 488

93 777

130 343

Tobis

2300

22 450

1995

21 394

Brisling

10 000

10 000

9136

1670

Hestmakrell

3550

3550

44

148

Torsk2

4659

4659

2130

1993

Hyse2

8301

9652

502

919

Sei2 3

41 066

47 354

16 567

19 034

Blålange

150

150

140

125

Lange4

6140

6140

4908

4643

Brosme4

2923

2923

2150

1910

Kviting2

1116

1703

49

443

Raudspette2

5209

6095

940

781

Sjøtunge

50

30

-

-

Blåkveite

350

824

545

856

Kombinert kvote

140

140

254

232

Andre artar

2720

3250

1643

1850

EUGRL, Vest-Grønland5:

Blåkveite

800

575

801

573

Kveite

75

75

1

-

Skolest/Isgalt o.a.6

120

120

25

7

EUGRL, Aust-Grønland5:

Reker

2900

2700

2

3

Blåkveite

824

575

570

286

Kveite

75

75

-

-

Uer7

1500

800

644

534

Torsk

-

500

-

511

1 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 1. april 2014.

2 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

3 Inkludert kvote og fangst i ICES-område VIa

4 Av den samla kvoten for lange og brosme kan inntil 25 prosent vere bifangst (maksimalt 3 000 tonn).

5 Fangsttala er henta frå Fiskeridirektoratets registre for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 1. april 2014.

6 For begge åra har Noreg ein felles kvote ved Vest- og Aust-Grønland på 120 tonn skolest/isgalt.

7 Kvoten på uer ved Aust-Grønland kan òg fiskast i internasjonalt farvatn.

Kommentarar til oversikta

Norsk kvote og fangst inneheld kvantum som har å gjere med forsking. Fangsttala inneheld ikkje norsk bifangst frå industritrålfisket. Bifangstane varierer frå år til år i storleik og art.

Norske kvotar i EU sitt farvatn og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar

Noreg fekk i 2012 og 2013 tildelt kvotar av blåkveite og kveite for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland.

For desse artane er det i denne meldinga rekna at kvoten frå Grønland vert utnytta først (sjå tabell 5.7). Eventuelle fangstar ut over kvotane frå Grønland vert avrekna mot Noreg sine kvotar tildelte av EU (sjå tabell 5.4).

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar i EU-farvatn og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn, med tilhøyrande fangstar, går fram av tabell 5.4. Sidan 2009 har Noreg fiska tobis i EU-sona i byte mot torskekvote i Barentshavet.

I 2012 og 2013 kunne Noreg fiske høvesvis 68 og 64 prosent av totalkvoten på kolmule ut frå kyststatsavtalen i EU-sona og ut frå eit kvantum forhandla fram i den bilaterale avtalen mellom Noreg og EU.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde og håbrann kunne fiskast i Nordsjøen og vest av 4°V. Blåkveite kunne fiskast i ICES-område IIa og VI. Kombinertkvoten gjaldt linefiske etter havmus, mora, skjelbrosme, isgalt og skolest i ICES-område Vb, VI og VII.

Kvoten «andre artar» i område IV omfattar fiske på artar det ikkje er fastsett kvotar for til Noreg i EU-sona.

Når det gjeld dei tildelte kvotane i grønlandske farvatn, vert desse slått saman med kvotane som Noreg får tildelt av Grønland. I denne meldinga vert den norske fangsten avrekna motkvoten tildelt frå EU til sist, etter at kvoten tildelt av Grønland er fiska.

Noreg – EU (Sverige – Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei andre artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.5 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat.

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2012

2013

2012

2013

Torsk

138

138

151

198

Hyse

101

117

303

223

Kviting

19

19

8

5

Raudspette2

159

483

122

138

Sild3

6002

7335

446

3012

Makrell

3000

3000

173

140

Brisling

3900

3120

482

819

Reker

3300

3099

3565

3776

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 27. mars 2014.

2 300 tonn av raudspettekvoten i Nordsjøen kunne i 2013 fiskast i Skagerrak.

3 Av kvoten i Skagerrak vart det i 2012 og 2013 overført høvesvis 3001 tonn og 3667 tonn til Nordsjøen pga. fleksibilitet gjennom avtalen der inntil 50 prosent av sildekvoten i Skagerrak kan fiskast i Nordsjøen.

Kommentarar til oversikta

Norske kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 5.5. Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker. Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fisket utanfor grunnlinja.

Desse kvotane vart fastsette i den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU. I 2012 og 2013 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3000 tonn makrell i Skagerrak.

Noreg – Færøyane

Tabell 5.6 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone.

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar (tonn)

2012

2013

2012

2013

Lange/blålange

-

-

-

-

Brosme

-

-

-

-

Sei

-

-

-

-

Makrell

-

-

-

-

Hestmakrell

-

-

-

-

Kolmule

16 302

-

-

-

Andre artar

-

-

-

-

Kommentarar til oversikta

Norske kvotar og fangstar i færøysk sone går fram av tabell 5.6.

Grunna usemje i makrellforvaltninga vart det ikkje inngått ein bilaterale avtale mellom Noreg og Færøyane i 2011, 2012 og 2013. Det vart like fullt inngått kyststatsavtale om forvaltning av kolmule. Noreg fikk høve til å fiske 16 302 tonn kolmule i 2012. I 2013 fekk norske fartøy ikkje tilgang til å fiske kolmule i færøysk sone, det vart grunngjeve med at Noreg ikkje gav færøyske fartøy tilgang til å fiske makrell i Noregs økonomiske sone.

Norske fartøy fiska ikkje kolmule i færøysk sone i 2012.

Noreg – Grønland

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2012 og 2013 går fram av tabell 5.7. I tillegg kan norske fartøy fiske i grønlandsk sone på kvote tildelt av EU (sjå tabell 5.4).

Tabell 5.7 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone.

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2012

2013

2012

2013

Vest-Grønland:

Blåkveite

900

900

900

900

Aust-Grønland:

Blåkveite

275

275

275

275

Kveite

160

160

84

4

Uer

1900

2200

1900

2200

Bifangst av andre artar

150

150

98

59

Vest- og Aust-Grønland:

Torsk

750

750

794

750

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 1. april 2014.

Det deltok tre trålarar og eitt linefartøy i fisket etter blåkveite ved Vest-Grønland både i 2012 og 2013. I fisket etter blåkveite ved Aust-Grønland deltok to linefartøy og to trålarar i 2012, medan to linefartøy og ein trålar deltok i 2013.

Noreg fekk rekekvote frå EU i 2012 og 2013, men kvoteutnyttinga vart svært dårleg (sjå tabell 5.4). I 2012 og 2013 fekk Noreg også uer- og torskekvote.

Kvoten på uer er delt i botnlevande og pelagisk uer. Den pelagiske uerkvoten frå Grønland og EU kan fiskast i internasjonalt farvatn. Denne kvoten vart godt utnytta (sjå tabell 5.16).

I fisket etter kveite ved Aust-Grønland er det berre høve til å fiske med line. To fartøy deltok i fisket i 2012.

Dei tre siste åra vart torskekvoten godt utnytta.

Noreg – Island, om fisket etter botnfisk og lodde i islandsk sone

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i islandsk sone går fram av tabell 5.8. I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy òg høve til å ha inntil 25 prosent bifangst av andre artar. Noreg utnytta botnfiskkvotane ved Island godt i både 2012 og 2013.

Tabell 5.8 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i islandsk sone.

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2012

2013

2012

2013

Brosme, lange, blålange

500

500

467

486

Kveite

-

-

-

-

Uer

-

-

32

19

Anna

-

-

80

120

Lodde2

42 071

40 869

40 603

6175

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 27. mars 2014.

2 Sesongen 2012/2013 og 2013/2014

Forvaltninga av norsk vårgytande sild

Noreg sine kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild går fram av tabell 5.9, 5.10, 5.11 og 5.12.

Tabell 5.9 Oversikt over kvotar og fangstar1 (tonn) før og etter overføringar i 2012.

STAT

Kvote

Balanse 2011

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangst1

Balanse 2013

EU

54 228

6432

-

60 660

57 507

3 153

Færøyane

42 983

-5649

-2350

34 984

36 534

-1 550

Island

120 868

697

988

122 553

118 533

4 020

Noreg

508 130

-25 408

-10 988

471 734

491 001

-19 267

Russland

106 791

1843

10 000

118 634

118 634

-

Totalt

833 000

-22 085

-2 350

808 565

822 209

-13 644

Grønland

-

-

2350

2350

2352

-

1 Fangsttala er innrapportert frå deltakande land under fempartsforhandlingane oktober 2013.

Tabell 5.10 Oversikt over kvotar og fangstar1 (tonn) før og etter overføringar i 2013.

STAT

Kvote

Balanse 2012

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangst

Balanse 2014

EU

40 297

3 153

-

43 450

40 820

2 630

Færøyane2

105 230

-1 550

-2050

101 630

105 037

-3 407

Island

89 817

4 020

833

94 670

90 729

3 941

Noreg

377 590

-19 267

-833

357 490

359 460

-1 970

Russland

79 356

-

-

79 356

78 521

835

Totalt

692 290

-13 644

-2 050

676 596

674 567

2 029

Grønland

-

-

2 050

2350

9911

-

1 Fangsttala er førebels og innrapportert til NEAFC per desember 2013.

2 Færøyane har sett eigen kvote på 17 prosent av TAC.

Tabell 5.11 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2012.

Fangst fordelt på soner (tonn)

STAT

Kvote etter overføringar og fleksibilitet

INT

EU

FRO

IØS

NØS

JM

VS

RØS

Totalt

EU

60 660

18 616

-

-

-

38 891

-

-

-

57 507

Færøyane

34 984

4 911

-

28 255

-

3 368

-

-

-

36 534

Island

122 553

-

-

24 231

94 302

-

-

-

-

118 533

Noreg

471 734

4 315

-

655

-

466 197

-

19 834

-

491 001

Russland

118 634

15 160

-

23

-

17 842

10 866

74 743

118 634

Totalt

808 565

43 002

-

53 164

94 302

526 298

10 866

94 577

-

822 209

Grønland

2350

340

2 352

1 Fangsttala er innrapportert frå deltakande land under fempartsforhandlingane oktober 2013.

Tabell 5.12 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2013.

Fangst fordelt på soner (tonn)

STAT

Kvote etter overføringar og fleksibilitet

INT

EU

FRO

IØS

NØS

JM

VS

RØS

Totalt

EU

43 450

-

51

-

-

26 767

8 342

5649

-

40 809

Færøyane

101 630

7297

-

97 740

-

-

-

-

-

105 037

Island

94 670

8536

-

18 221

63 972

-

-

-

-

90 729

Noreg

357 490

36 549

-

-

-

322 911

-

-

-

359 460

Russland

79 356

10 143

-

181

-

19 677

16 603

31 901

16

78 521

Totalt

676 596

62 525

51

116 142

63 972

369 355

24 945

37 550

16

674 556

Grønland

2350

7840

-

2071

-

-

-

-

-

9 911

1 Fangsttala er førebels og innrapportert til NEAFC per desember 2013.

Kommentarar til oversikta (tabellane 5.9, 5.10, 5.11 og 5.12)

I november 2008 vart kyststatane EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet for 2008. Det vart høve til å føre over inntil 10 prosent av ubrukt kvote til neste år. Det vart òg høve til å forskottere inntil 10 prosent på neste års kvote. Alt fiske utover kvote skulle trekkjast frå kvoten neste år. Denne ordninga er seinare ført vidare.

Hausten 2012 kravde Færøyane ein høgare del av totalkvoten. Det førte til brot i forhandlingane om norsk vårgytande sild. Etter fleire forhandlingsrundar skreiv dei andre partane under ein firepartsavtale for 2013. Der sette dei av eit kvantum til Færøyane i samsvar med deira del av kvoten i tidlegare år. Færøyane fastsette ein eigen kvote som tilsvara 17 prosent av totalkvoten på 619 000 tonn. Færøyane har dei siste åra fiska eit vesentleg høgre kvantum i si eiga sone enn tidlegare år. I 2012 fiska dei berre 3368 tonn i NØS. I 2013 hadde dei ikkje tilgang til norske farvatn.

I 2012 og 2013 fiska islandske fartøy ikkje sild i norske farvatn.

Noreg fiska i 2012 heile 19 267 tonn meir enn den norske kvoten på 471 734 tonn (etter overføring og fleksibilitet). Dette kvantumet vart trekt frå norsk kvote for 2013. I 2013 fiska Noreg heile 36 549 tonn sild i internasjonalt farvatn, mot 4 315 tonn i 2012.

Det russiske hovudfisket føregjekk i vernesona rundt Svalbard i 2012 og 2013.

EU og Island har overført unytta kvote til 2012 og 2013, medan Færøyane og Noreg begge åra fiska på forskot.

Forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

I følgje den gjeldande trepartsavtalen for lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen varer sesongen for loddefisket frå 20. juni til 30. april. Det er likevel ikkje tillete for norske fartøy å drive fiske etter 15. februar i islandsk sone.

Tabell 5.13 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar av lodde i sesongane 2012/2013 og 2013/2014.

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

Art

2012/2013

2013/2024

2012/2013

2013/2014

Totalt

71 711

49 189

40 603

6175

Av det ved Island

42 071

40 869

40 603

6175

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 27. mars 2014.

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2012/2013 og 2013/2014 går fram av tabell 5.13.

For sesongen 2012/2013 vart førebels TAC fastsett til 300 000 tonn 2. november 2012. Norsk kvote var samansett av 24 000 tonn frå trepartsavtalen, der 8400 tonn kunne fiskast i Islands økonomiske sone (IØS), og 26 111 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet. 6. februar 2013 vart TAC auka frå 300 000 tonn til 450 000 tonn lodde. Norsk kvote auka då med 12 000 tonn der 4200 tonn kunne fiskast i IØS. 12. februar vart TAC auka igjen, til 570 000 tonn. Den norske kvoten auka då til totalt 71 711 tonn lodde, der 42 071 kunne fiskast i IØS.

76 fartøy deltok i fisket i IØS i januar og februar 2013. Det vart fiska totalt 40 603 tonn lodde sesongen 2012/2013.

For sesongen 2013/2014 vart førebels TAC fastsett til 160 000 tonn 15. oktober 2013. Norsk kvote var samansett av 12 800 tonn frå trepartsavtalen, der 4480 tonn kunne fiskast i IØS, og 34 921 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet. I tillegg fekk Noreg et kompensasjonstillegg på 1468 tonn frå førre sesong, der alt kunne fiskast i IØS.Til samen kunne Noreg fiske 49 189 tonn lodde, der 40 869 tonn kunne fiskast i IØS.

Det vart eit dårleg fiske denne vinteren. Berre 6 fartøy fekk fangst, og dei fiska totalt 6 175 tonn.

Forvaltninga av kolmule

Noreg sine kvotar og fangstar av kolmule går fram av tabell 5.14.

Tabell 5.14 Oversikt over kvotar og fangstar1 (tonn) av kolmule i 2012 og 2013.

År

Kvote

Kvotefleksibilitet

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar1

Balanse neste år

2012

92 651

969

24 994

118 614

118 176

438

2013

152 365

438

36 767

189 570

196 246

-6676

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 27. mars 2014.

Kommentarar til oversikta

I 2012 og 2013 fiska norske fartøy kolmule i EU-sona, internasjonalt farvatn og i NØS. Noreg kan overføre 10 prosent av den norske kyststatsdelen inkludert ei overføring på 0,5 prosent frå EU. For 2012 utgjorde dette 438 tonn.

Forvaltninga av makrell

Noreg sine kvotar og fangstar av makrell går fram av tabell 5.15.

Tabell 5.15 Oversikt over kvotar og fangstar (tonn) av makrell i 2012 og 2013.

År

Kvote

Balanse førre år

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar1

Balanse neste år

2012

181 085

-10 301

242

170 542

176 109

-5 567

2013

153 597

-5 567

242

147 788

164 612

-16 824

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 3. april 2014.

Kommentarar til oversikta

I 2012 og 2013 vart kyststatane EU, Noreg, Island og Færøyane ikkje einige om forvaltning av makrell. Noreg og EU hadde difor ein bilateral avtale om forvaltning av makrell desse åra. Frå og med 2011 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell. Noreg fiska 5 567 tonn meir enn den norske kvoten på 170 542 tonn (etter overføring og fleksibilitet) i 2012. Dette kvantumet vart trekt frå kvoten i 2013. I 2013 fiska Noreg heile 16 824 tonn meir enn kvoten på 147 788 tonn (etter overføring og fleksibilitet).

Norsk fiske i Irmingerhavet

Kommentarar til oversikta

Oversikta inkluderer kvotar og fangst på kvotar tildelt av EU og Grønland, jf. tabell 5.4 og 5.7. Noreg sine kvotar og fangstar i Irmingerhavet går fram av tabell 5.16. Tala inkluderer ikkje norsk fiske i Smotthavet (internasjonalt farvatn i ICES-område IIa). Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før i 1996. Ved utrekninga av fangstuttaket av uer i Irmingerhavet nytta norske fiskarar i 2007 norske omrekningsfaktorar som låg noko høgre enn det andre land i NEAFC nytta. For 2008 vedtok NEAFC ein felles faktor på 1,7.

Tabell 5.16 Oversikt over Noreg sin uerkvote og fangstar i Irmingerhavet.

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar (tonn)1

2012

2013

2012

2013

Uer

4232

3601

3361

2979

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 27. mars 2014.

Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet går fram av tabell 5.17. Etter elleve års moratorium vart det i 2010 opna for torskefiske i underområde 3M. I 2012 og 2013 var torskekvoten 859 og 1305 tonn. I 2000 fiska norske fartøy for første gong uer i NAFO-underområde 1F. Det er ikkje fastsett uerkvote i dette området. Noreg har òg høve til å fiske mellom anna blåkveite i NAFO-underområde 3LMNO under «others-kvoten».

Tabell 5.17 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet.

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2012

2013

2012

2013

Torsk

859

1305

826

1320

Reker 3L

133

96

-

-

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 27. mars 2014.

Rekefisket i NAFO tok til våren 1993, då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap utvikla seg på 1990-talet til å verte eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sida av fisket ved Grønland. Rekefisket vart innsatsregulert i 1996. Omfanget av dette fisket har vorte mindre. Samstundes har talet på norske trålarar med reketråling som einaste driftsalternativ gått sterkt attende. På grunnlag av bestandssituasjonen vart det i 2011 innført forbod mot å fiske reker i NAFO-underområde 3M. Dette forbodet gjeld framleis.

I 2012 var den norske rekekvoten i 3L 133 tonn, i 2013 vart kvoten redusert til 96 tonn. Ingen fartøy har fiska reker i 3L i 2012 og 2013.

5.3 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske havområde i 2012 og 2013

Russland – Noreg

Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av torsk, hyse, blåkveite og lodde i Barentshavet. Oversikta for 2012 og 2013 viser Russland sine kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til tredjeland (sjå tabell 5.18).

Tabell 5.18 Russiske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland.

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar (tonn)1

2012

2013

2012

2013

Torsk

327 857

434 740

329 453

432 295

Hyse

144 253

89 497

143 886

85 664

Blåkveite

8175

8625

10 041

Lodde

99 000

81 000

68 182

60 384

1 Fangsttal utarbeidd i den norsk-russiske analysegruppa i 2014 og fangsttal oversendt frå russiske styresmakter til norske styresmakter.

Kommentarar til oversikta

Tala i tabell 5.18 inneheld murmansktorsk, kvote disponibel for forskings- og forvaltningsformål og overført tredjelandskvote. For åra 2012 og 2013 vart det sett av ein kvote på 21 000 tonn murmansktorsk og 7000 tonn torsk til forskings- og forvaltningsformål. I tillegg overførte Russland i 2013 6751 tonn torsk og 343 tonn hyse frå avsett tredjelandskvote til nasjonal kvote. Fangsttala er førebelse og rapporterte frå russiske styresmakter til norske styresmakter. Blåkveitebestanden vart fordelt i 2010, her manglar fangsttal for 2013.

Tabell 5.19 Oversikt over Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde.

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2012

2013

2012

2013

NØS N 62°N:

Torsk

140 000

140 000

100 869

138 647

Hyse

35 000

35 000

31 339

22 506

Sei

14 250

14 250

12 875

14 017

Blåkveite

7425

7875

3984

3790

Steinbit

4500

4500

2480

3534

Uer

1750

2000

725

746

Snabeluer

1750

2000

529

549

Kolmule

6806

11 192

36

12

Norsk vårgytande sild

118 634

79 356

17 845

19 587

Lodde

94 000

76 000

41 020

2695

Andre artar

3 000

3 000

238

411

Fiskerisona ved Jan Mayen:

Norsk vårgytande sild

-

-

10 733

16 618

Makrell

-

-

92

2

Kolmule

-

-

232

1527

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 2. april 2014.

Kommentarar til oversikta

Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.19. Av torskekvoten i NØS i 2012 og 2013 vart høvesvis 72 prosent og 99 prosent fiska. I 2012 fiska Russland 90 prosent av hysekvoten sin, medan dei i 2013 hadde ei utnytting på 64 prosent.

Kvoten for snabeluer og uer kunne berre nyttast til bifangst i 2012 og 2013, medan steinbitkvoten skulle dekkje både direktefiske og bifangst. Av totalkvoten på 14 250 tonn sei kunne inntil 6500 tonn fiskast i eit direktefiske i 2013. Kolmulekvoten og sildekvoten i NØS nord for 62°N kunne òg fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen.

Kvoten av andre artar for 2012 og 2013 er ikkje spesifisert.

EU – Noreg

Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU felles forvaltning av torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EU sine kvotar på konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 5.20. EU sine kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til tredjeland i 2012 og 2013, går fram av tabell 5.20. EU utveksla ikkje fangsttal i forhandlingane hausten 2013. Fangsttala for 2013 er difor ukjende.

Tabell 5.20 EU sine kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU og frå EU til Noreg, og før overføring til tredjeland.

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2012

2013

2012

2013

Torsk2

21 974

21 974

16 437

15 955

Hyse

30 158

34 681

22 733

31 108

Sei

37 774

43 486

35 945

36 591

Kviting

15 750

17 039

11 654

11 936

Raudspette

79 201

91 225

65 692

72 240

Makrell3

24 512

21 664

22 163

-

Nordsjøsild

287 550

339 380

277 037

322 751

1 Fangsttala for heile 2012 og 2013, per 12. mars 2014, vart utarbeidd i førebuinga til forhandlingane mellom Noreg og EU vinteren 2013/2014.

2 I tillegg kjem 2637 tonn i 2012 og 2013 som var avsett til forsøk med CCTV.

3 Dei oppgitte fangsttala frå EU for makrell inkluderer ICES-områda IIa, III og IV medan dei oppgitte kvotane for makrell gjeld for ICES-områda IIIa og IV. Det blei ikkje utveksla fangsttal på makrell for 2013.

Kvoten for sild og makrell omfattar Nordsjøen og Skagerrak.

Tabell 5.21 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde.

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2012

2013

2012

2013

NØS, N 62°N:

Torsk

16 309

19 971

16 089

19 714

Hyse

1350

1481

1293

1436

Sei

2550

2 550

2150

1381

Blåkveite

50

50

28

69

Uer

750

750

131

127

Snabeluer

750

750

2

30

Kolmule

73 416

113 630

2

55

Makrell

13 898

11 788

19

73

Norsk vårgytande sild

48 805

34 695

33 570

30 566

Andre artar

350

350

126

132

NØS, Nordsjøen2:

Torsk3

19 481

19 481

5 998

5 932

Hyse3

23 140

26 505

4 693

4 907

Sei3

38 654

44 366

11 709

13 031

Kviting3

10 861

11 734

571

580

Raudspette3

32 500

37 581

4 343

5 658

Makrell3

24 754

21 906

570

2 836

Nordsjøsild3

50 922

50 922

2 825

1 935

Augepål

-

0

2

4

Kolmule

74 216

114 430

0

204

Tobis

-

0

745

Reker

480

480

235

147

Andre artar

8720

10 115

6 702

8 041

Norsk vårgytande sild

-

-

Kolmule

-

-

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 2. april 2014. Tala er basert på fartøya sine kalkulerte soner ved fiske.

2 EU sine kvotar i NØS i Nordsjøen er både i 2012 og 2013 sett saman av tre kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg, avtalen mellom Sverige og Noreg og «kolmuleavtalen». Avtalen mellom Sverige og Noreg er presentert i tabell 5.24.

3 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

Kommentarar til oversikta

EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde går fram av tabell 5.21. I åra 2012 og 2013 har EU nytta torske-, sei- og hysekvotane nord for 62°N godt. EU fiska 99 prosent av torskekvoten i 2012 og 2013.

EU sin kvote av norsk vårgytande sild nord for 62°N kunne fiskast i område under norsk jurisdiksjon nord for 62°N.

EU sin makrellkvote nord for 62°N kunne òg fiskast sør for 62°N i ICES-område IVa i Nordsjøen i 2013. EU sine kvotar av uer, blåkveite og samlekvoten for andre artar nord for 62°N er bifangstkvotar.

I 2013 kunne EU fiske 113 630 tonn kolmule i NØS og i fiskerisona ved Jan Mayen gjennom kolmuleavtalen. I tillegg kunne EU (Sverige) fiske 800 tonn industrifisk sør for 62°N.

EU sine fangstar i NØS sør for 62°N, rekna i prosent deira samla kvotar, var i 2012 og 2013 slik: for torsk 31 og 30 prosent, for hyse 20 og 19 prosent, for sei 30 og 29 prosent, for kviting 5 prosent i begge åra og for raudspette 13 og 15 prosent.

EU utnytta 77 og 79 prosent av kvoten på andre artar i Nordsjøen i 2012 og 2013.

Færøyane – Noreg

Kommentarar til oversikta

Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.22. På grunn av usemje om makrell vart det ikkje inngått kvoteavtalar mellom Færøyane og Noreg for 2012 og 2013. Færøyane hadde høve til å fiske kolmule og norsk vårgytande sild gjennom fempartsavtalen og «kolmuleavtalen» i 2012. Færøyane ville ikkje inngå ein fempartsavtale om norsk vårgytande sild for 2013. I tillegg ville dei ikkje inngå ein avtale med Noreg om fiske i kvarandes sone for kolmule i 2013. Som følgje av dette hadde difor ikkje Færøyane høve til å fiske i norske havområde i 2013.

Tabell 5.22 Oversikt over Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde.

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2012

2013

2012

2013

NØS, N 62°N:

Norsk vårgytande sild

18 873

3420

Kolmule

8151

20

NØS, Nordsjøen:

Kolmule

8151

-

Fiskerisona ved Jan Mayen:

Kolmule

8151

-

Norsk vårgytande sild

25 380

-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 2. april 2014.

Grønland – Noreg

Kommentarar til oversikta

Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.23. Grønland nytta kvotane sine godt i 2012 og 2013.

Tabell 5.23 Oversikt over Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde.

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2012

2013

2012

2013

NØS, N 62°N:

Torsk

8500

9400

8 502

9 403

Hyse

2550

1580

2 551

1 575

Sei

1000

1000

680

972

Norsk vårgytande sild

2350

-

1470

Andre artar

260

260

84

94

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 2. april 2014.

Grønland overførte torske- og hysekvotar tildelte av Russland til NØS på 5300 tonn og 1500 tonn i 2012. I 2013 overførte Grønland 5900 tonn torsk og 530 tonn hyse frå Russland til NØS. Grønland fekk høve til å fiske 2350 tonn norsk vårgytande sild nord for 62°N i 2012 etter å ha fått kvote overført frå Færøyane.

Island – Noreg

Island fekk ein torskekvote i NØS nord for 62°N på 6388 tonn i 2011 og 6835 tonn i 2012 som eit resultat av Smottholsavtalen. Sjå tabell 5.24.

Tabell 5.24 Oversikt over Island sine kvotar og fangstar i 2011 og 2012 i NØS nord for 62°N.

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2012

2013

2012

2013

NØS, N 62°N:

Torsk

6835

9141

6 849

9 039

Hyse2

-

-

1 386

1 865

Sei2

-

-

127

290

Norsk vårgytande sild

22 491

16 713

-

-

Anna2

2051

2742

32

40

Norsk vårgytande sild

120 868

89 817

-

-

Kolmule

-

-

-

-

Anna

-

-

-

-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 2. april 2014.

2 Bifangst inntil 30 prosent.

Kommentarar til oversikta

Island kunne fiske til saman 120 868 tonn og 89 817 tonn norsk vårgytande sild i 2012 og 2013 i fiskerisona ved Jan Mayen. Av desse kunne 22 491 tonn og 16 713 tonn fiskast i NØS nord for 62°N. Island fiska ikkje norsk vårgytande sild i fiskerisona ved Jan Mayen eller i NØS i 2012 og 2013.

I 2012 og 2013 nytta Island 99 prosent av torskekvoten i NØS. Bifangst av hyse er auka noko i 2013 samanlikna med 2012.

EU (Sverige – Danmark) – Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan berre fiskast i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både i Skagerrak og den nordlege delen av Kattegat.

Tabell 5.25 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat.

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2012

2013

2012

2013

Torsk

3660

3660

3777

3681

Hyse

2308

2653

2253

1769

Kviting

1031

1031

41

45

Raudspette

7791

8959

7267

6486

Sild

38 998

47 665

21 059

35 160

Brisling

48 100

38 480

8302

2325

Reker

3780

3551

2530

2931

1 Fangsttala for heile 2012 og 2013, per 12. mars 2014, vart utarbeidd i førebuinga til forhandlingane mellom Noreg og EU vinteren 2013/2014.

Kommentarar til oversikta

EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 5.25. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har òg andre EU-land mindre kvotar.

Sverige – Noreg

Kommentarar til oversikta

Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.26. Industrifiskkvoten til Sverige omfatta kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell. Av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under industrifisk. I 2012 fiska svenske fartøy 749 tonn industrifisk, medan dei i 2013 fiska 178 tonn.

Tabell 5.26 Oversikt over Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde.

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2012

2013

2012

2012

NØS, Nordsjøen:

Torsk

382

382

375

305

Hyse

707

707

96

98

Sei

880

880

860

873

Kviting

190

190

44

28

Industrifisk

800

800

749

178

Makrell

242

242

242

242

Sild

922

922

922

922

Reker

123

123

120

104

Andre artar

-

-

89

61

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå Det Svenske Fiskeriverket.

I samband med at Sverige vart medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EU sine kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige.

I hovudsak er det svenske fisket retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.

Rekefisket ved Svalbard

I 1996 vart rekefisket ved Svalbard regulert ved å setje grenser for innsatsen i fisket. Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard delta i dette fisket med eit avgrensa tal på fartøy (Canada, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg og Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, vart rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa òg regulert med fiskedøgn. Av same årsak vart maksimalt tal tilletne fiskedøgn redusert med 30 prosent frå 1. januar 2006.

Tabell 5.27 Oversikt over fangst av reker ved Svalbard.

Fangstar1 (tonn)

Maksimalt tilletne fiskedøgn

Land

2012

2013

2012

2013

EU

1443

1 270

1080

1080

Færøyane

1104

818

922

922

Grønland

-

127

450

450

Noreg2

4658

4335

5795

5795

Island

93

93

70

70

Russland

-

194

3256

3256

Canada

-

-

108

108

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 2. april 2014 og Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 2. april 2014.

2 For norske fartøy er fangsten basert på Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 2. april 2014.

Til forsida