Meld. St. 26 (2013–2014)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2014 og fisket etter avtalane i 2012 og 2013

Til innhaldsliste

Del 2
Dei ulike fiskeriavtalane for 2014

3 Dei ulike fiskeriavtalane for 2014

3.1 Bakgrunn

I tråd med dei etablerte rammeavtalane fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land og i internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjoner.

Dei viktigaste bilaterale forhandlingane for 2014 er ført med Russland, EU og Grønland. Det er òg ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noregs økonomiske sone.

Noreg har i 2013 og 2014 samarbeidd med Island og Grønland om gjennomføring av trepartsavtalen om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen og med Island om kvotebyte og oppfølging i tråd med Smottholavtalen.

Noreg tek vidare del i årlege kyststatsforhandlingar om makrell, norsk vårgytande sild (nvg-sild) og kolmule. Det vart i 2014 underteikna ein femårig trepartsavtale om makrell mellom Noreg, EU og Færøyane. Noreg, EU, Færøyane og Island har inngått ein kystatsavtale om forvaltninga av kolmule for 2014. Det er for 2014 inngått ein firepartsavtale om nvg-sild mellom Noreg, Russland, Island og EU, der partane har sett av eit kvantum for det færøsyke fisket etter den tradisjonelle fordelingsnøkkelen.

Noreg er medlem av og tek del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane NAFO (Northwest Atlantic Fisheries Organization) og NEAFC (North East Atlantic Fisheries Commission). Noreg deltek i samarbeidet i IWC (International Whaling Commission) og NAMMCO (North Atlantic Marine Mammal Commission) om forvaltninga av kval. Som medlem i CCAMLR (Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources) er Noreg representert på møta til organisasjonen. Noreg tek òg del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT (International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas) og i den regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen SEAFO (South East Atlantic Fisheries Organization).

Det ligg ei balansert vurdering til grunn når Nærings- og fiskeridepartementet utnemner delegasjonar til dei forskjellige fiskeriforhandlingane som Noreg deltek i. Vurderinga byggjer i hovudsak på at dei partane forhandlingane vedkjem skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg storleik, og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane hatt representantar frå Nærings og fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Norges Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening og Norges Kystfiskarlag. Dei seinare åra har Kommunanes Sentralforbund og Sametinget vore medlem av delegasjonen for dei bilaterale forhandlingane med Russland. Kven forhandlingane kan seiast å vedkome vil like fullt kunne vurderast på sjølvstendig grunnlag frå år til år.

Før forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål startar, held Nærings- og fiskeridepartementet konsultasjonar med organisasjonane i næringa. På desse møta gjer ein greie for tilrådingane frå ICES (Det internasjonale råd for havforsking), og opplegget for forhandlingane med dei enkelte landa vert drøfta. Her legg ein grunnlaget for kva som skal vere instruksen til forhandlingsdelegasjonen. Den endelege klareringa av instruksen er det fiskeriministeren som har ansvar for. Dersom særlege omsyn talar for det, rådfører fiskeriministeren seg med resten av regjeringa.

3.2 Det vitskaplege arbeidet som ligg til grunn for å fastsetje kvotar

Noreg er medlem i Det internasjonale råd for havforsking, ICES. ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gjev regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og statane ved Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i området.

Figur 3.1 Dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving.

Figur 3.1 Dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving.

ICES vart danna i 1902, og sekretariatet ligg i København. Per i dag har ICES 20 medlemsland. I tillegg har ICES fleire observatørland. ICES har eit nettverk som består av meir enn 1600 forskarar frå nesten 300 institutt. Dei har mandat frå ICES-konvensjonen som er vedteken av medlemmane i ICES. Forskarane samlar informasjon og forsking. ICES publiserer vitskapleg informasjon og rådgjeving i rapportar, publikasjonar (mellom anna ICES Journal of Marine Science) og på ICES sine heimesider.

Arbeidet til den rådgjevande komiteen for fiskeriforvaltning i ICES (ACOM) er nærmare omtalt seinare i meldinga. ACOM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og arbeidsgruppa til ICES, og gjev årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Den norske forvaltninga av dei viltlevande marine artane, og dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land, er i hovudsak baserte på rådgjevinga frå ICES.

3.3 Kvoteavtalane for 2014

Noreg – Russland

Avtalar om gjensidige fangstkvotar

Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det òg mogleg å fiske torsk i internasjonalt farvatn.

I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar og reguleringstiltak for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er nordaust-arktisk torsk, nordaust-arktisk hyse, blåkveite og lodde. Partane vart einige om å forvalte kongekrabbebestanden kvar for seg i sine respektive økonomiske soner frå og med 2007. Partane er òg einige om at resultata frå felles forskingsinnsats som gjeld bestandsvurderingar, migrasjon og innverknaden krabben har på økosystemet framleis skal drøftast på dei årlege sesjonane.

Partane avtalar òg fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland vert kvotane for nordaust-arktisk torsk og nordaust-arktisk hyse fordelte med 50 prosent til kvar av partane. Avtalen opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse bestandane i sona til den andre parten. Loddekvoten er fordelt med 60 prosent til Noreg og 40 prosent til Russland.

Kvoteavtalen for 2014 mellom Noreg og Russland vart underskriven i St. Petersburg 11. oktober 2013.

Partane vart samde om ein totalkvote (TAC) for nordaust-arktisk torsk på 993 000 tonn i 2014. I tillegg vart det fastsett ein kvote på kysttorsk på 21 000 tonn.

Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 138 530 tonn. Av dette kan 39 160 tonn fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Resten av kvoten til tredjeland er fordelt med 57 803 tonn for fiske i Noregs økonomisk sone (NØS) og 41 567 tonn for fiske i Russlands økonomiske sone (RØS). Med overføring av ein del av den russiske kvoten til Noreg, er den norske kvoten av nordaust-arktisk torsk nord for 62˚N på 415 735 tonn. Som følgje av tilbakeføring av unytta tredjelandskvote på 15 000 tonn er den samla norske kvoten av nordaust-arktisk torsk nord for 62˚N på 430 735tonn. Inklusive kysttorsk er kvoten 451 735 tonn. I tillegg kjem torsk til forskings- og forvaltningsformål som i 2014 er på 7 000 tonn for kvar av partane. I tillegg står det att 7 704 tonn torsk frå tredjelandskvoten som ikkje er fordelt.

For nordaust-arktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ein totalkvote på 178 500 tonn, inklusive forskingsfangst. Det er sett av ein hysekvote til tredjeland på 11 270 tonn, som er delt med 4 869 tonn i NØS, 2 899 tonn i fiskevernsona ved Svalbard og 3 502 tonn i RØS. Russland har overført 4 500 tonn nordaust-arktisk hyse til Noreg for 2014. Etter overføring er den norske kvoten på 84 115 tonn og den russiske på 75 115 tonn. I tillegg kjem hyse til forskings- og forvaltningsformål som i 2014 er på 4000 tonn for kvar av partane.

Tradisjonelt har Russland fått tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noregs økonomiske sone. Dette kjem både av biologiske omsyn (større fisk lenger vest) og av kontrollomsyn (det er betre med ei vestleg fordeling av fisket). Av omsyn til balansen i kvoteavtalen er Noreg og Russland òg for 2014 samde om likt høve til å fiske torsk og hyse i sonene til kvarandre. Såleis kan Russland fiske 140 000 tonn torsk og 35 000 tonn hyse av sine kvotar i Noregs økonomiske sone, og Noreg har høve til å fiske det same kvantumet torsk og hyse i Russlands økonomiske sone.

Partane vart i 2009 samde om ein fordelingsnøkkel for blåkveite som inneber at Noreg får 51 prosent, Russland får 45 prosent og 4 prosent er sett av til tredjeland for fiske i fiskevernsona ved Svalbard. Fordelinga er basert på eit omfattande vitskapleg arbeid av norske og russiske forskarar. Partane har fastsett ein totalkvote på 19 000 tonn for 2014. På den 40. sesjonen vart partane einige om tekniske reguleringstiltak i fisket etter blåkveite.

Loddebestanden har store naturlege svingingar, og partane er einige om ikkje å fastsetje TAC høgare enn at det er 95 prosent sannsynleg at 200 000 tonn får høve til å gyte. Difor, og i tråd med beskatningsstrategien, bestemte partane at det ikkje skulle drivast noko kommersielt loddefiske i perioden 2004-2008. I 2009 vart det i tråd med den vitskaplege rådgjevinga, vedteke å opne fisket etter lodde igjen. For 2014 vart loddekvoten først kraftig redusert til 15 000 tonn, men etter at ICES oppdaterte råda vart TAC auka til 64 800 tonn i 2014.

Russland sin kvote for bifangst av vanleg uer og snabeluer utgjer 4000 tonn for 2014. Vidare har Russland ein kvote på 12 000 tonn sei, av dette 7 000 tonn i bifangst ved fiske av torsk og hyse, og 5 000 tonn i direkte fiske. Russland har òg ein kvote på 4500 tonn steinbit som anten kan takast i eit direkte fiske eller som bifangst.

Russland kan i tillegg fiske 20 887 tonn kolmule i Noregs økonomiske sone og i fiskerisona ved Jan Mayen utanfor 12 nautiske mil. Russland kan vidare fiske 3000 tonn andre artar som bifangst.

I det norske fisket på eksklusive russiske bestandar i 2014, har Noreg fått desse kvotane i russisk økonomisk sone: 4 000 tonn reker, 2500 tonn steinbit, 200 tonn flyndre for både direkte fiske og bifangst og 500 tonn andre artar som bifangst. Den norske kvoten på grønlandssel i Austisen er sett til 7000 vaksne dyr i 2014.

Norsk forvaltning av kongekrabbe er basert på St.meld. nr. 40 (2006–2007) Forvaltning av kongekrabbe, som mellom anna inneber ei todelt forvaltning på norsk side. I eit kystnært område aust for 26°Ø vert bestanden forvalta som ein ressurs og fangsten regulert, medan det utanfor dette området er utkastforbod og fri fangst av kongekrabbe. Den norske totalkvoten for reguleringsåret 2013/2014 i det regulerte området er på 1000 tonn hannkrabbar og 50 tonn hokrabbar. Reguleringsåret går frå 1. august til 31. juli. Den russiske kvoten av kongekrabbe var fastsett til 6500 tonn for 2014.

Kontroll

Innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 vart partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 vart dei samde om å etablere Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren(DPU). Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom kontrollstyresmaktene i dei to landa, inkludert utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata.

Grunna mange effektive tiltak, så er UUU-fisket i Barentshavet og Norskehavet kraftig redusert dei siste åra. Dette viser at forvaltninga er god i området og at samarbeidet mellom Noreg og Russland fungerer.

Det er sett i verk fleire tiltak for å oppnå måla om ei berekraftig forvaltning. Mellom anna har Noreg og Russland løpande utveksling av informasjon om omlastingar til havs og landingar i tredjelands hamner av fisk frå fellesbestandar i Barentshavet og Norskehavet, på fartøynivå.

Noreg og Russland er einige om å halde fram med samarbeidet om inspeksjonar av fiskefartøy i NEAFC sitt reguleringsområde og i Barentshavet. Begge landa gjev difor inspektørar høve til å opphalde seg på den andre parten sine fartøy for å gjennomføre inspeksjonar av fartøy med eigen stats flagg som driv fiske i NEAFC sitt reguleringsområde og i Barentshavet.

Noreg og Russland er òg einige om å vidareføre arbeidet i analysegruppa for 2014. Gruppa består av representantar frå Fiskeridirektoratet og Kystvakta og frå Det føderale fiskeribyrået si territoriale avdeling for Barentshavet og Kvitsjøen og FSB si grenseavdeling i Murmansk fylke. Gruppa kan engasjere ekspertar i arbeidet sitt. Analysegruppa skal òg samarbeide for å samkøyre informasjon på fartøynivå for norske og russiske fartøy. Dette bidreg til å avdekkje moglege brot på fiskerilovgjevinga. Eit anna formål med arbeidsgruppa er å få ei felles vurdering av totaluttaket av torsk og hyse for Noreg, Russland og tredjeland i Barentshavet og Norskehavet. Analysegruppa rapporterer om arbeidet sitt på møta i Det permanente utvalet. Det er for 2009–2012 ikkje avdekt ulovleg overfiske av torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet.

Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen hadde ein ekstraordinær 41. sesjon i Moskva 8.-10. februar 2012. Sesjonen gjaldt i hovudsak arbeidet med å harmonisere det tekniske regelverket for fisket i Barentshavet og Norskehavet, inkludert spørsmål om vernesona ved Svalbard. Eit anna tema på den ekstraordinære sesjonen var utkast av fisk, hovudsakleg fordi Noreg reserverte seg mot den utkastformuleringa som vart skriven på den 40. sesjonen. Bakgrunnen for reservasjonen var at formuleringa førde til store bevisutfordringar i kontrollen med fisket.

Partane vart samde om at dette er sentrale oppgåver for Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon, og avtalte difor å arbeide vidare med harmonisering av regelverket og spørsmål knytt til utkast av fisk. På den 43. sesjonen vart partane samde om at DPU skal arbeide vidare med spørsmål knytt til utkast av fisk og leggje fram resultatet av arbeidet på neste sesjon i 2014.

På den 41. sesjonen vart partane òg samde om å utarbeide retningslinjer for å gjennomføre inspeksjon av fiskefartøy i Barentshavet og Norskehavet. Målet med retningslinjene er å etablere ei sameint forståing når det gjeld gjennomføring av inspeksjonar. På den 42. sesjonen vart partane einige om å vidareføre arbeidet i arbeidsgruppa.

Noreg – EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

Strukturen i avtalane

På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noregs økonomiske sone i Barentshavet. Noreg vert òg tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtalen inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsetje totalkvotar for desse bestandane. Det har frå 1979 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane kom i 1997 òg fram til ein avtale om fast fordeling av totalkvotane for nordsjøsild.

Eit anna element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.

Nivået og omfanget av kvotebytet har tradisjonelt sett vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei seinare åra har det utvikla seg ein situasjon der torskekvoten Noreg tilbyr EU har auka kraftig medan bestandar EU gjev Noreg som motyting ikkje har gjort det same. Dette gjer at Noreg i 2014 har halde tilbake rundt 20 000 tonn torsk.

Etablering av forvaltningsplanar og betring av beskatningsmønsteret

Innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess frå einsidige norske merknader i dei årlege kvoteavtalane, til eit meir forpliktande samarbeid for å finne løysingar på problema. Sjølv om ein ikkje gjer alt likt har Noreg og EU eit godt og tett samarbeid på fiskeriforvaltningsområdet.

Partane har forvaltningsplanar for sild, sei, torsk og hyse som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. Forvaltningsplanane skal ivareta omsynet til ei forsvarleg forvaltning og bidra til føreseielege rammer. Desse planane er no eit viktig verktøy for forvaltarane. For 2014 vart partane einige om ein ny forvaltningsplan for nordsjøsild.

I arbeidet med å forbetre beskatningsmønsteret i Nordsjøen, er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte når ein tek opp fisk som det ikkje er att kvote på, når fisken er under gjeldande minstemål eller når fisken er teken i strid med gjeldande reglar. I tillegg vert det ofte fiska meir enn nødvendig, for å kunne velje ut den økonomisk sett mest verdfulle fisken. Fisk som vert kasta ut går ikkje inn som ein del av fangststatistikken, sjølv om han døyr i denne prosessen. Når fisken ikkje vert teken i land eller registrert som fangst, vert det naturleg nok eit avvik mellom registrert fiskedød og faktisk fiskedød. EU har til no praktisert eit utkastpåbod, medan utkast av fisk er forbode i Noreg. Ei løysing på utkastproblemet har vore ei hovudutfordring for Noreg og EU.

Gjennom forvaltningssamarbeidet med EU har vi etter kvart vorte einige om tiltak for å redusere utkast, mellom anna har EU innført forbod mot utsortering (high-grading). Noreg og EU var òg einige om eit system for stenging og åpning av fiskefelt, for å verne yngel og småfisk. Systemet vart evaluert og frå norsk side såg ein ikkje systemet som effektivt nok; det førde ikkje til stengte felt i norske farvatn og vi vart ikkje einige om eit nytt felles system. Noreg har difor innført eit forbetra system i norske farvatn i Nordsjøen.

EU har nyleg vedteke ein reform av sin felles fiskeripolitikk som mellom anna inneber forbod mot utkast av fisk. Sjølv om reformvedtaket inneheld fleire vage unnatak er det eit viktig steg i rett retning. Innsatsen mot utkast vil likevel truleg prege det allereie tette forvaltningssamarbeidet mellom partane i åra framover. Ministrane med ansvar for fiskeri frå Noreg, Danmark og Sverige underteikna i november 2011 ei felles erklæring om å innføre forbod mot utkast av fisk i Skagerrak. Noreg og EU vart i juli 2012 einige om ein avtale for å implementere dette utkastforbodet frå 1. januar 2013. I den samanheng vart det også semje om felles reglar for fiskarane frå dei tre landa i dette området, mellom anna reglar om meir selektive reiskapar i trålfiske etter reker som gjer at det vert mindre uønska bifangst. Dermed vert òg utkastet mindre. EU har ikkje implementert avtalen fordi avtalen vart liggande i Europaparlamentet. Sverige og Danmark har likevel innført dei nye tekniske reguleringane. Noreg innførte dei nye reglane frå 1. januar 2013.

Kontroll

Arbeidet for skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket er ei viktig oppgåve. Dette skjer til dømes ved å utveksle fangststatistikk og landingsdata, inklusiv fiskeaktivitet frå tredjeland, ved å utveksle observatørar som kontrollerer og overvaker og ved satellittsporing av fiskefartøy. I tillegg til satellittsporing er elektronisk fangstrapportering viktig i samband med kontroll. Noreg og EU har ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i kvarandre sine soner.

Frå 1. februar 2004 vart det innført like prosedyrar for landing og veging av pelagiske fangstar og eit standard vasstrekk frå slike fangstar på 2 prosent. Dei seinare åra har Noreg og EU lagt vekt på kontrollen med sjølve fisket og med landingar av pelagisk fisk. Det vert lagt særleg stor vekt på kampen mot UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert fiske) og difor er kontroll no eit svært sentralt tema i samarbeidet mellom Noreg og EU. Arbeidsgruppa av kontrollekspertar som har arbeidd med kontroll av pelagiske fangstar, skal halde fram med arbeidet sitt med ulovleg, urapportert og uregulert fiske. For meir om kontroll sjå kapittel 2.6 – 2.8.

2014-avtalen

Noreg og EU underteikna 12. mars 2014 ein kvoteavtale for 2014.

Tabell 3.1 Følgjande kvotar er fastsett for fellesbestandane i Nordsjøen i 2014 (tonn):

Fiskeslag

TAC

Kvotar til Noreg

Kvotar til EU

Torsk

27 799

4 726

23 073

Hyse

38 284

6 205

32 079

Sei

77 536

40 619

36 917

Kviting

16 092

859

15 233

Raudspette

111 631

7 514

104 117

Sild

470 037

136 311

333 726

Tala inkluderer overføring av 300 tonn raudspette, 2600 tonn hyse og 750 tonn kviting frå Noreg til EU og 300 tonn sei frå EU til Noreg.

I tråd med forvaltningsplanane er totalkvotane for hyse og sei sett til 38 284 og 77 536 tonn i 2014. Dette er ein nedgang på 15 prosent. Kvitingkvoten på 16 092 tonn er ein nedgang, medan kvoten for raudspette er auka frå 2013 til 2014.

For nordsjøsild vart partane einige om ein kvote på 470 037 tonn. Partane har høve til å fiske heile eller delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si sone i Nordsjøen.

Tabell 3.2 Etter avtalen kan Noreg og EU fiske følgjande kvantum fisk på andre fellesbestandar i 2014 (tonn):

Fiskeslag

Kvotar til Noreg i EU-sona

Kvotar til EU i norsk sone

Augepål

15 000

Sei

500

Blålange

150

Lange

5 500

950

Brosme

2923

170

Kombinert kvote

140

Reker

357

Hestmakrell

3550

Andre artar

4 000

7 250

Tunge

10

Breiflabb

1500

Sjøkreps

1000

Kolmule

100 000

Avtalen inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane.

Dei norske banklinekvotane (blålange, lange og brosme) er noko redusert i 2014. Breiflabb- og sjøkrepskvoten til EU i norsk sone er vidareført.

Tabell 3.3 EU er tildelt følgjande kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62ºN i 2014 (tonn):

Fiskeslag

Kvote

Norsk-arktisk torsk

20 524

Norsk-arktisk hyse

1 200

Sei

2 550

Blåkveite (bifangst)

50

Anna (bifangst)

350

På grunn av dei seinare års auke i torskekvoten kan ikkje EU gje Noreg full kompensasjon for deira torskekvote i Barentshavet. EU vart difor tildelt 20 524 tonn av eit tilbod på 40 531 tonn.

EU sin kvote på torsk nord for 62ºN for 2014 er likevel noko auka frå 2013, hovedsakleg på grunn av at Noreg fekk 100 000 tonn kolmule.

Tabell 3.4 Noreg er i 2014 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn):

Fiskeslag

Kvote

Brisling (EU-sona)

9 000

Blåkveite (EU-sona)

1 000

Reker (Grønland si sone)

2 550

Blåkveite (Grønland si sone)

1 150

Uer (Grønland si sone)

800

Kveite (Grønland si sone)

150

Skolest og isgalt (Grønland si sone)

60

I grønlandske farvatn er den norske kvoten på blåkveite vidareført, medan kveite er på same nivå og kvoten på reker er noko redusert. Kvoten på uer er vidareført. Den norske kvoten på brisling i EU-sona vart redusert frå 10 000 tonn til 9 000 tonn. Vidare er kvoten på blåkveite i EU-sona auka.

Noreg – EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat har tidlegare bygd på trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegne av Danmark og Sverige.

Avtalen fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på det tradisjonelle fiskemønsteret i området. Fordelingsmønsteret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.

Noreg og EU vart 12. mars 2014 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2014.

Tabell 3.5 Kvotane som gjeld for 2014 (tonn):

Fiskeslag

TAC

Kvotar til Noreg

Kvotar til EU

Torsk

3 972

129

3 843

Hyse

2 355

99

2 256

Kviting

1 050

19

1 031

Raudspette

10 056

201

9 855

Reker

6 650

3 099

3 551

Sild

46 750

6 235

40 515

Brisling

33 280

2 496

30 784

Andre artar

10 000

Totalkvotane for brisling og reker er noko reduserte, medan totalkvotane for hyse, sild og raudspette er noko auka. Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. Det tidlegare store fisket etter ungsild frå nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskapar i Skagerrak, er dei siste åra vesentleg redusert. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 6659 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2014. Norske fiskarar kan i 2014 fiske inntil 50 prosent av den norske skagerrakkvoten på sild i norsk sone av Nordsjøen.

I følgje Skagerrak-avtalen, var havet utanfor 4 nautiske mil å sjå på som ope hav. I dag har Noreg 12 nautiske mils-territorialfarvatn og økonomisk sone utanfor det. Det finst såleis ikkje ope hav i Skagerrak. Noreg starta difor ein prosess med sikte på å endre rammeverket, slik at det vert i tråd med moderne havrett. Som ein konsekvens av dette sa Noreg opp Skagerrak-avtalen i 2009. Avtalen opphøyrde 7. august 2012. Ein ny avtale om norsk, dansk og svensk fiske i Skagerrak er no forhandla fram. Noreg arbeider med å få framdrift i ratifiseringa av avtalen. Ratifiseringa i EU vil truleg ta noko lenger tid. Dette har likevel ingen praktiske konsekvensar, og fisket held fram som vanleg.

Noreg – EU (Sverige)

Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje vorte opna for nye fiskeri.

Kvoteavtalen om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen i 2014 vart underskriven av Noreg og EU 12. mars 2014.

Svenske fiskarar fekk desse kvotane i norske farvatn i 2014:

I NØS sør for 62ºN: 382 tonn torsk, 707 tonn hyse, 880 tonn sei, 190 tonn samanlagt av lyr og kviting, 123 tonn reker, 866 tonn sild, 247 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fiskeslag på eit tradisjonelt nivå. Kvotane er stort sett ei vidareføring av nivået frå 2013.

Noreg- Færøyane

For første gong sidan 2010 er Noreg og Færøyane einige om ein bilateral avtale om fiskerisamarbeid og kvotebyte. Avtalen gjeld for 2014. I perioden 2011–2013 vart ikkje partane samde om nokon bilateral avtale på grunn av makrellkonflikten. Denne konflikten med Færøyane er no løyst.

Norske fiskarar får ein kvote på 1250 tonn lange/blålange, 1025 tonn brosme og 737 tonn andre artar. I tillegg kan norske fartøy fiske opp til 80 000 tonn av den norske kolmulekvoten for 2014 i færøyske farvatn. Færøyane får ein kvote på 2000 tonn torsk, 400 tonn hyse, 300 tonn sei og 100 tonn andre artar i Noregs økonomiske sone. I tillegg kan Færøyane fiske opp til 10 000 tonn torsk i norske farvatn, og dessutan noko hyse og andre artar som dei har fått gjennom byteavtalen sin med Russland.

Noreg – Grønland

Det har vorte forhandla fram årlege fiskeriavtalar mellom Noreg og Grønland sidan 1991. Samarbeidet på fiskeriområdet med Grønland fungerer godt, og det omfattar også forskingssamarbeid. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reker, blåkveite og uer frå EU i grønlandske farvatn.

Grønlandske fiskarar kan ta desse kvanta i norske jurisdiksjonsområde i 2014:

I NØS nord om 62ºN: 3500 tonn nordaust-arktisk torsk, 900 tonn nordaust-arktisk hyse, 700 tonn norsk-arktisk sei og inntil 260 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Kvotane kan òg fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Dette elementet gjeld så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag. Medan kvoten på torsk er uendra frå 2013, er kvotane på hyse og sei redusert frå høvesvis 1050 og 1000 tonn i 2013. Som ein del av avtalen kan grønlandske fiskarar ta delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN, under føresetnad av at Russland godtek ei slik ordning. Dette elementet gjeld òg så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag.

I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noreg og Russland sitt jurisdiksjonsområde. For 2014 har Grønland fått overført heile kvoten for fiske i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN.

Grønland sine kvotar i Nordsjøen er fasa ut.

Dei norske kvotane i Grønlands økonomiske sone er noko endra frå 2013 til 2014. I 2014 kan Noreg fiske følgjande kvanta i Grønland si sone:

Ved Vest-Grønland: 900 tonn blåkveite. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland kan trålfisket berre skje sør om 64º30'N.

Ved Aust-Grønland: 275 tonn blåkveite, 750 tonn pelagisk uer, 600 tonn uer fiska med botntrål/line, 160 tonn kveite og 150 tonn bifangst av andre artar.

Ved Aust- og Vest-Grønland: 1200 tonn torsk.

Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005. Avtalen er vidareført i 2014. Partane er einige om å fullføre samarbeidet om å etablere elektronisk fangstdagbok med intensjon om gjensidig rapportering i kvarandre sine soner frå 1. januar 2015.

Noreg – Island

Gjennom trepartsavtalen av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholavtalen), greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet (Smottholavtalen er omtalt i St.meld. nr. 49 (1998–1999)). Den tosidige avtalen mellom Noreg og Island, også av 15. mai 1999, regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg.

Etter den tosidige avtalen kan Island i sesongen 2014 fiske 9 075 tonn nordaust-arktisk torsk i NØS nord om 62ºN. For 2013 var tilsvarande tal 9 141 tonn. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 prosent. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone (IØS). Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten vert justert i takt med totalkvoten for nordaust-arktisk torsk. For 2012/2013 var loddekvoten 26 111 tonn og for 2013/2014 var kvoten 34 921 tonn.

Ein kan be om revisjon av Smottholavtalen i 2014, då avtalen vart vidareført i 2010.

Forvaltninga av norsk vårgytande sild

Frå 1996 til 2003 inngjekk Noreg, EU, Færøyane, Island og Russland årlege kyststatsavtalar om forvaltninga av sild. I desse fempartsavtalane hadde Noreg ein eigardel på 57 prosent. Med basis i prinsippet om sonetilhøyrsle, la Noreg fram krav om ein høgare norsk del. Partane kom ikkje fram til nokon fempartsavtale i åra 2003–2006. Men i denne perioden inngjekk Noreg bilaterale avtalar med Russland, og for 2006 òg med EU.

18. januar 2007 vart det på ny underteikna ein kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvalting av nvg-sild for 2007. Denne avtalen gav Noreg 61 prosent av nvg-silda. Avtalen inneheldt òg ein langsiktig forvaltningsstrategi. Partane var i tillegg samde om bilaterale avtalar om sonetilgang.

For 2014 ønskte Færøyane, på same måte som i 2013, ein høgare del av den totale kvoten. Dei andre kyststatane ville ikkje redusere sine delar av totalkvoten til fordel for Færøyane, og partane klarte ikkje å verte samde om ein ny fempartsavtale. Noreg, Russland, Island og EU inngjekk difor ein firepartsavtale, der partane sette av eit kvantum for det færøyske fisket etter den tradisjonelle fordelingsnøkkelen. Sist haust vart partane, inkludert Færøyane, einige om å kartleggje sonetilhøyrsla til bestanden, og dette arbeidet skal sluttførast innan 1. september 2014. Resultatet frå dette arbeidet kan nyttast som grunnlag for drøftingar om ei ny framtidig deling av bestanden mellom dei fem partane.

Totalkvoten (TAC) for 2014 er sett til 418 487 tonn. Noreg sin del på 61 prosent er vidareført i firepartsavtalen og utgjer 255 277 tonn i 2014. Bestanden vert hausta berekraftig, men er prega av ei svak rekruttering etter 2004. Partane er einige om å vidareføre den felles forvaltningsplanen som er i tråd med føre-var-prinsippet, og har som mål å sikre eit høgast mogleg langtidsutbytte.

Etter semje mellom partane er det innført kvotefleksibilitet. Dette gjev kvar av partane høve til å overføre 10 prosent av den nasjonale kvoten til etterfølgjande år. Det er òg høve til å forskotere 10 prosent av kvoten for etterfølgjande år. Alt overfiske (også utover 10 prosent) må likevel trekkjast frå kvoten for det etterfølgjande året. Det var semje om at denne avgrensinga òg gjer det mogleg å sanksjonere overfiske utover 10 prosent. I tilknyting til firepartsavtalen vart partane bilateralt einige med Russland, Island og EU om å vidareføre sonetilgangen i 2014 på same relative nivå som i tidlegare år:

  • Fartøy frå Island kan fiske 60 722 tonn sild i fiskerisona rundt Jan Mayen og i NØS nord for 62°N, men ikkje meir enn 11 299 tonn i NØS. Om Island skulle nytte mindre enn 8 370 tonn i NØS i 20114, får Island ein tilleggskvote frå Noreg på 419 tonn i 2014. Norske fartøy kan fiske 29 425 tonn i islandsk økonomisk sone.

  • Fartøy frå Russland kan fiske heile sin kvote på 53 650 tonn i norske farvatn nord for 62°N.

  • EU kan fiske 24 519 tonn i norske farvatn nord for 62°N.

Forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Ein trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart underskriven 12. juni 1989. Rammeavtalen om reguleringane i loddefisket er forhandla på nytt tre gonger: 25. juni 1992, 29. juni 1994 og 18. juni 1998. Dei mest sentrale elementa i desse avtalane omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde, og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i sonene til dei andre partane kvar loddesesong.

Island valde 30. oktober 2002 å seie opp trepartsavtalen med Noreg om regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. Avgjerda hadde verknad frå 1. mai 2003. På denne bakgrunnen opna nye forhandlingar mellom partane i juni 2003. Forhandlingane førde fram til ein ny avtale basert på hovudelementa i den tidlegare avtalen. Den nye avtalen vart underteikna 9. juli 2003. Hovudendringa var at avtalen gjeld for eitt år om gongen, framfor tre år i den gamle avtalen. Vidare vart artikkel 10 om satellittsporing teken ut, fordi punktet var forelda.

Forvaltninga av kolmule

Noreg, EU, Færøyane og Island har inngått ein kystatsavtale om forvaltninga av kolmule for 2014. Bestanden er i god forfatning og vert hausta berekraftig. Totalkvoten aukar frå 2013 og er sett til 1,2 millionar tonn i 2014. Innanfor denne kvoten har kyststatane gjennom NEAFC òg lagt til rette for ei avsetning til andre land sitt fiske i internasjonalt farvatn.

Partane forhandla i fleire rundar for å verte einige om ein ny forvaltningsplan, men dei vart ikkje samde. Kvoten er likevel fullt ut berekraftig i følgje rådgjevinga frå ICES. Noreg og EU vart einige om ein liten auke i den gjensidige sonetilgangen for 2014. Norske fartøy kan etter dette fiske 177 983 tonn i EU-farvatn i 2014.

Den norske kvoten gjennom avtalen er på 289 874 tonn kolmule i 2014.

Forvaltninga av makrell

På bakgrunn av ekspansjonen i det uregulerte makrellfisket i internasjonalt farvatn, fremma Noreg, EU og Færøyane eit felles forslag om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn på det ekstraordinære årsmøtet i NEAFC 8.-9. februar 1999. Forslaget vart vedteke mot stemmene til Russland og Island.

Med det felles forslaget aksepterte Noreg og EU implisitt at Færøyane er kyststat til makrellbestanden. Dette førte til at dei tre partane kunne starte forhandlingar om å etablere eit nytt forvaltningsregime for makrell. Drøftingane vart sluttførte 19. november 1999 då dei tre partane underteikna ein avtale om forvaltninga av makrell i Nordaust-Atlanteren for 2000.

Trepartsavtalen inneheldt ein sameint langtidsstrategi for forvaltninga av makrell som skulle sikre at uttaket av bestanden skjedde innanfor forsvarlege biologiske rammer. Avtalen vart revidert og endra hausten 2008 etter råd frå ICES. Dette skulle gje grunnlag for eit berekraftig fiske og høgt langtidsutbytte.

Partane vart ikkje einige om ein ny trepartsavtale for 2010. Noreg og EU inngjekk difor ein tiårig bilateral prinsippavtale om forvaltninga av makrell 26. januar 2010. I avtalen vart partane mellom anna samde om fordelinga seg imellom og tilgang til kvarandre sine farvatn for fisket etter makrell.

15.-18. mars 2010 møttest Noreg, EU, Færøyane og Island med sikte på å inngå ein ny kyststatsavtale om framtidig fordeling og forvaltning av makrell. Dette var første gong Island deltok på lik linje med dei opphavlege kyststatane. Russland deltok som observatør. Forhandlingane vart avslutta utan resultat. Usemja gjaldt Island og Færøyane sine krav om høgare del av kvoten og spørsmålet om sonetilgang.

I løpet av åra 2010–2013 har det vorte halde 13 forhandlingsrundar om forvaltning av makrell, utan at partane nærma seg nemneverdig. Noreg og EU inngjekk difor årlege bilaterale avtalar om forvaltning av makrell for desse åra. Etter ytterlegare sju forhandlingsrundar, vart det i mars 2014 klart at ein heller ikkje for 2014 ville verte samde om ein kyststatsavtale. Etter det siste møtet mellom dei fire kyststatane viste det seg å vere mogleg å oppnå einigheit mellom Noreg, EU og Færøyane om ein trepartsavtale. Det vart difor starta nye samtalar, og ein ny trepartsavtale om fordeling og forvaltning av makrell vart underteikna i London 12. mars 2014. Avtalen gjev Noreg ein kvote på 279 115 tonn i 2014. Avtalen gjeld for fem år og dei tre partane er einige om å halde fast på den relative fordelinga seg i mellom i avtaleperioden. I tilknyting til trepartsavtalen vart Noreg og Færøyane einige om gjensidig sonetilgang i kvarandre sine farvatn. Den gjensidige sonetilgangen som Noreg har hatt med EU gjennom den bilaterale avtalen er også vidareført.

Forvaltninga av uer

Det finst tre artar av uer i Nordaust-Atlanteren. Det er størst kommersiell interesse knytt til snabeluerbestandane i Irmingerhavet, i Barentshavet og i Norskehavet. Desse vert utnytta av fleire statar.

Snabeluer i Irmingerhavet

I følgje nedtrappingsplanen skal partane ikkje hauste meir enn 20 000 tonn i 2014.

Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og ikkje-kyststatane EU, Noreg og Russland. Alle partane utanom Russland vart i mars 2011 samde om ein fordelingsnøkkel og nedtrappingsplan for fisket. Noreg har i denne avtalen 3,85 prosent av totalen. Det samla uttaket har vore altfor høgt. Uttaket var òg i 2013 vesentleg høgare enn ICES si tilråding, fordi Russland, som ikkje godtek allokeringsnøkkelen og nedtrappingsplanen, har gitt seg sjølv ein svært høg kvote. Heller ikkje i 2014 er Russland part i avtalen. Noreg fiska heile sin kvote i 2012 og 2013.

Snabeluer i Barentshavet og Norskehavet

I 2005 starta eit nytt fiskeri etter snabeluer på det opne hav i Norskehavet. Denne uerbestanden er hovudsakleg i norsk sone, men delar av bestanden dreg på næringsvandring i område utanfor norsk fiskerijurisdiksjon i om lag tre månader om hausten. ICES har for 2014 tilrådd ein kvote på 24 000 tonn.

NEAFC sette i 2008 i gang ei uavhengig utgreiing med tanke på å etablere eit vitskapleg fundament for ein fordelingsnøkkel. Rapporten konkluderte med at sonetilhøyrsla til Noreg ligg på rundt 74 prosent. I tillegg kjem vår del av fisket kring vernesona rundt Svalbard. Russland er også kyststat til snabelueren, men med ein langt lågare del.

I oktober 2013 vart det halde eit NEAFC-møte med sikte på å verte einige om kor stor del av kvoten som skal setjast av til fiske på det opne hav i Norskehavet, og ein fordelingsnøkkel for denne kvoten. Partane sto som venta langt frå kvarandre, og møtet vart utan resultat. Trass i at berre ein liten del av bestanden har tilhald utanfor norsk fiskerijurisdiksjon, vedtok NEAFC at 19 500 tonn av kvoten på 24 000 tonn som ICES tilrår for 2014, skal fiskast på det opne hav i Norskehavet. Fisket er regulert som eit «olympisk» fiske, der alle kappfiskar inntil totalkvoten er teken og fisket vert stogga. Noreg har reservert seg mot denne avgjerda og sett ein kvote på 17 280 tonn til fiske i eigen sone. Arbeidet med å få til ei fordeling og ei betre forvaltning av ueren vil halda fram. Det vert gjennomført nye forhandlingar i mai 2014.

NAFO

Det overordna målet til Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er å bidra, gjennom konsultasjonar og samarbeid, til langsiktig bevaring, optimal utnytting og rasjonell forvaltning av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NAFO har i 2013 12 medlemsland, frå Nord-Amerika, Europa, Asia og Karibia. Fire av medlemslanda er kyststatar til konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike (på vegner av St.Pierre et Miquelon) og Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland). NAFO-sekretariatet ligg i Dartmouth i Canada.

Figur 3.2 NAFO sitt konvensjonsområde.

Figur 3.2 NAFO sitt konvensjonsområde.

NAFO har i dei seinare åra lagt vekt på å modernisere organisasjonen, inkludert nødvendige endringar av sjølve NAFO-konvensjonen, og har vedteke ein revidert konvensjonstekst. Den nye konvensjonen tek mellom anna omsyn til føre-var-prinsippet, økosystembasert forvaltning, etablering av ein mekanisme for tvisteløysing og strukturelle endringar av organisasjonen. Endringane av konvensjonen vart vedtekne på årsmøtet i 2007. På årsmøtet i 2008 vart den reviderte konvensjonsteksten vedteken i plenum. Noreg har ratifisert den reviderte konvensjonen, men han har enno ikkje tredd i kraft.

Etter ti år med moratorium vart direktefisket etter torsk i reguleringsområde 3M opna igjen i 2010. Totalkvoten vart fordelt etter den historiske fordelingsnøkkelen, noko som innebar at Noreg fekk behalde sin del på 9,25 prosent. I 2011 og 2012 vart tilrådinga frå havforskarane følgd. For 2013 vart TAC sett til 14 113 tonn. Den norske kvoten vart på 1 305 tonn. For 2013 og 2014 kom ikkje vitskapskomiteen med nokon konkret TAC-tilråding, men la fram tre føre-var-fangstsenario med ulik fiskedødsrater. TAC for 2014 er sett til 14 521.

Noreg har sidan 1993 fiska reker på Flemish Cap. Det har føregått to separate rekefiskeri i dette området, eitt i reguleringsområde 3M og eitt i reguleringsområde 3L. På grunn av den dårlege bestandssituasjonen vedtok NAFO, i tråd med havforskarane si tilråding, eit moratorium på rekefisket i 2011 i område 3M. I rådgjevinga for 2012, 2013 og 2014 stadfesta forskarane den sviktande bestandssituasjonen, og tilrådde ei vidareføring av moratoriet. Årsmøtet i NAFO vedtok å følgje denne tilrådinga også for 2014.

I åra før 2011 låg totalkvoten for reker i reguleringsområde 3L på 30 000 tonn. For 2011 tilrådde vitskapskomiteen i NAFO å redusere TAC. Partane vart samde om ein reduksjon over to år. TAC vart fastsett til 19 200 tonn for 2011 og til 17 000 tonn for 2012. For 2012 tilrådde havforskarane å redusere totalkvoten ytterligare. På årsmøtet vart partane ikkje samde om å følgje tilrådinga frå forskarane, og fleirtalet vedtok ein totalkvote på 12 000 tonn, mot forskartilrådinga på 9 350 tonn. Noreg og Island stemde i mot. Årsmøtet i NAFO vedtok å følgje tilrådinga for 2013, som var lågare enn nedtrappingsplanen. For 2014 vart det vedteke ein TAC på 3 400 tonn, i strid med tilrådinga om moratorium. Noreg og fleire andre stemde imot.

Noreg har også kvoterettar i NAFO på 30 prosent av totalkvoten for lodde i reguleringsområde 3NO. Grunna den dårlege bestandssituasjonen har det lenge vore forbode å drive direktefiske på denne arten.

Bestandsevalueringa for blåkveite har lenge vore vurdert som usikker. Ei arbeidsgruppe vurderte difor i 2010 alternative forvaltningsstrategiar og haustingsreglar. Forvaltningsplanen har ein haustingsregel der TAC vert fastsett på grunnlag av toktresultat. Regelen inneber samtidig at TAC ikkje kan variere med meir enn fem prosent frå det eine året til det andre. Med utgangspunkt i modellar frå arbeidsgruppa vedtok årsmøtet i NAFO ein TAC for 2011 på 17 500 tonn. I tråd med forvaltningsstrategien vart det fastsett ein totalkvote på 16 326 tonn for 2012. For 2013 var vitskapskomiteen sin tilråding at TAC ikkje burde overstige 12 739 tonn. fem-prosentregelen innebar likevel ein TAC på 15 510 tonn, og det vart vedteke for 2013. I 2014 var det óg semje om å følgje haustingsregelen, men tilrådinga låg då innanfor regelen, i motsetnad til tidlegare år. For 2014 vart det fastsett ein TAC på 15 441 tonn. Det vart også vedteke å utsetje revisjonen av haustingsregelen til 2017 på grunn av stor arbeidsmengd i vitskapskomiteen. Heile kvoten er delt mellom dei som har fiska mest etter blåkveite i NAFO-området dei siste åra. Noreg er ikkje blant desse landa, og kan ikkje fiske blåkveite før totalkvoten kjem opp på 30 000 tonn eller meir.

NAFO har dei siste åra arbeidd for å implementere fiskeriresolusjonen som FN vedtok i 2006 (UNGA 61/105) om å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem vert skåna. NAFO har òg arbeidd med FAO sine retningslinjer for djuphavsfiske på ope hav. Konvensjonsområdet er delt inn i tre kategoriar: noverande område, stengde område og nye fiskeområde. NAFO har formelt vedteke eit kart som viser dei noverande områda. NAFO har vidare vedteke at det skal stillast ulike krav i noverande og i nye område. Men dersom fisket i noverande område inneber store endringar samanlikna med tidlegare år, til dømes bruk av nye reiskapstypar, eller på bakgrunn av ny vitskapleg informasjon, vil dei strengaste reglane verte nytta.

NAFO vedtok på årsmøtet i 2006 å stengje fire sensitive område for fiske med botnreiskapar. I dag er i alt 19 område i NAFO stengde for fiske med botnreiskapar. Desse inkluderer 12 viktige korall- og svampområde, eit korallområde og seks område med undersjøiske fjell.

NAFO har i tillegg vedteke regelverk som regulerer botnfiske og fartøya sine handlingar ved samanstøyt (kome i kontakt med) med sårbare marine økosystem. Grenseverdiane for samanstøyt har vorte redusert fleire gongar, og er no sett til 7 kg av korallarten sjøfjær, 60 kg andre levande korallar og 300 kg svamp. På årsmøtet i 2011 vart grenseverdiane for svamp reduserte frå 800 kg svamp per fangst til 600 kg for noverande område og til 400 kg for dei nye ufiska områda. Fartøyet pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem. Årsmøtet i 2013 vedtok å utvide stengde område for vern av «large gorgonians» og sjøfjær. Eitt nytt område for vern av sjøfjær, vart også stengd.

I utgangspunktet er fiske med botnreiskapar ikkje tillate i dei nye områda. Det er likevel gitt høve til eit forsøksfiske. Det er strenge krav når det gjeld rapportering og planlegging. Mellom anna er det plikt til å ha ein vitskapleg observatør om bord. På grunnlag av rapportar frå forsøksfiske og vitenskapleg rådgjeving kan NAFO opne for generelt fiske i avgrensa område.

Hamnestatskontrollregimet for NAFO vart vedteke på årsmøtet i 2008. Teksten baserer seg i stor grad på NEAFC sitt system. NAFO si svarteliste vart på årsmøtet i NEAFC i 2007 inkludert i svartelista til NEAFC. Vidare er det eit krav om 100 prosent satellittsporing og observatørdekning i NAFO sitt område.

Meir informasjon finst på NAFO sine heimesider: http://www.nafo.int.

NEAFC

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen har som formål å sørgje for ei langsiktig bevaring og optimal utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Kommisjonen skal vidare leggje til rette for ei berekraftig, samfunnsøkonomisk optimal og miljøvennleg utnytting av fiskeressursane. Partane til NEAFC er Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland), EU, Island, Noreg og Russland. Sekretariatet ligg i London.

I 2004 og 2005 vart det vedteke endringar i konvensjonsteksten for å gje organisasjonen mandat til å gjennomføre ei meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av ressursane i konvensjonsområdet, og leggje til rette for å opprette ein eigen tvisteløysingsmekanisme i NEAFC. Forslaget inneber at konvensjonsteksten vert oppdatert i høve til den utviklinga som har skjedd på dette området sidan 1982, så som havrettstraktaten, FN-avtalen om fiske på det opne hav m.v. Partane har òg slutta seg til ei erklæring der dei forpliktar seg til å tolke konvensjonsteksten i tråd med dei vedtekne konvensjonsendringane fram til at dei trer i kraft. Alle partane har ratifisert endringane i konvensjonen, med unntak av Russland når det gjeld endringa om tvisteløysing.

Den viktigaste funksjonen til NEAFC i dag er difor å bidra til å utvikle gode regionale kontrollregime og ei meir økosystembasert forvaltning av havområda. NEAFC sine myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor 200-milssonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 nautiske mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part, dersom vedkomande part ønskjer det og støttar at eit reguleringstiltak vert sett i verk. NEAFC-konvensjonen gjeld i utgangspunktet for alle fiskeressursar i konvensjonsområdet, med unnatak av sjøpattedyr og langtmigrerande artar (langtvandrande artar) i den grad dei er omfatta av andre internasjonale avtalar (til dømes tunfisk).

Figur 3.3 NEAFC sitt konvensjonsområde merka i blått, myndigheitsområde er merka i oransje.

Figur 3.3 NEAFC sitt konvensjonsområde merka i blått, myndigheitsområde er merka i oransje.

Fiskerireguleringar

NEAFC har i første rekkje ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partane sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Det gjeld kolmule, uer, norsk vårgytande sild og makrell. Det vert gjort kyststatsavtalar for desse bestandane. Desse er skildra ovanfor.

I tillegg til at kyststatane kan fiske sin del av kolmulen i internasjonalt farvatn, vert det sett av ein kvote til fiske i NEAFC sitt reguleringsområde. For 2012 var kvoten på 56 851 tonn. Avsetninga til Russland og Grønland var høvesvis 29 002 og 2117 tonn. For 2013 var kvoten i NEAFC på 93 490 tonn. Avsetninga til Russland og Grønland var høvesvis 47 694 og 3481 tonn. For 2014 var kvoten i NEAFC på 174 476 tonn. Avsetninga til Russland og Grønland var høvesvis 89 009 og 6497 tonn.

Kyststatane Island, Færøyane og Grønland og ikkje-kyststatane EU og Noreg vart i mars 2011 einige om ein forvaltningsavtale for uer i Irmingerhavet. Avtalen inneber ein gradvis reduksjon av TAC frå 38 000 tonn i 2011 til 20 000 tonn i 2014. Russland har så langt ikkje vorte med på avtalen på grunn av usemje om del av kvoten og den vitskaplege rådgjevinga. Mot Russland si stemme vart det på årsmøtet i 2013 vedteke ein totalkvote for 2014 på 20 000 tonn. Dette gjev ein norsk kvote på 770 tonn.

Noreg har på fleire årsmøte foreslått eit forbod mot direktefiske av uer i Norskehavet, i tråd med den vitskaplege rådgjevinga frå ICES. Noreg har ikkje fått tilstrekkeleg støtte til forslaga, og det vart for 2012 fastsett kvote på 7500 tonn. For 2013 tilrådde ICES ein kvote på totalt 47 000 tonn uer i Barentshavet og Norskehavet. I samsvar med avtale i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon fremma Noreg eit forslag om ein kvote på 15 000 tonn i internasjonalt farvatn, av omsyn til usikkerheita i rådet frå ICES. EU fremma forslag om 47 000 tonn. Partane vart til slutt einige om ein kvote på 19 500 tonn for 2013. For 2014 tilrådde ICES ein kvote på 47 000 tonn. Noreg foreslo før møtet ein kvote på 1416 tonn i internasjonalt farvatn, og viste til sonetilhøyrslerapporten frå 2009 som seier at dette er ein bestand som hovudsakleg er å finne i norsk og russisk farvatn, men forslaget fekk ikkje støtte. Det vart difor vedteke å ha same kvote som i 2013, det vil seie 19 500 tonn.

I kyststatsavtalen for norsk vårgytande sild for 2012 vart det, som ved tidlegare år, fastsett at dei nasjonale kvotane kunne fiskast i NEAFC sitt reguleringsområde. Totalkvoten i 2012 var på 833 000 tonn. Den norske delen på 61 prosent ligg fast og utgjorde 508 130 tonn i 2012. For 2013 inngjekk Noreg, EU, Island og Russland ein firepartsavtale om nvg-sild. Færøyane var ikkje part i avtalen på grunn av usemje om deira del av kvoten. I firepartsavtalen vart det sett av ein kvote til fiske i internasjonalt farvatn i tråd med den tidlegare kyststatsavtalen. Færøyane er heller ikkje part i avtalen for 2014 og ein har, som for 2013, sett av ein kvote til fiske i internasjonalt farvatn.

Makrellkvoten i NEAFC vart tidlegare fastsett i trepartsavtalen mellom Noreg, EU og Færøyane. Kvoten vart fordelt etter fastsette prosentar, der kyststatane fekk 50 prosent til fordeling, medan Russland og Island fekk høvesvis 47 prosent og 3 prosent. På bakgrunn av manglande semje om ein kyststatsavtale for 2010, 2011, 2012 og 2013 vart det for desse åra fastsett ei ad hoc-regulering av makrellfisket i NEAFC. Denne regulerte mellom anna sonetilgangen til fiske av makrell i internasjonalt farvatn. For 2014 vart Noreg, EU og Færøyane einige om ein trepartsavtale om fordeling og forvaltning av makrell. Island er ikkje part i avtalen. Partane kan fiske sine nasjonale kvotar i NEAFC sitt reguleringsområde. I trepartsavtalen vart det i tillegg sett av ein kvote til fiske i internasjonalt farvatn. For 2014 er denne kvoten 42 537 tonn.

EU la for 2012 fram eit forslag om forbod mot fiske etter arten orange roughy, i tråd med dei vitskaplege tilrådingane. Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland) la fram eit forslag om å vidareføre reguleringa frå 2011. Noreg støtta forslaget til EU. Ingen av forslaga fekk kvalifisert fleirtal under årsmøtet og det vart såleis ikkje vedteke noka regulering for 2012. Både EU og Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland) fremma sine forslag på nytt under årsmøtet i 2012. For å sikre ei regulering av arten, valde Noreg å støtte Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland), og forslaget på 150 tonn per kontraktspart vart vedteke. Denne reguleringa gjeld også for 2014.

Årsmøtet i 2011 vedtok å vidareføre eit mellombels forbod mot fiske av brugde (heile konvensjonsområdet), pigghå og håbrann (NEAFC sitt reguleringsområde) frå 2012 til 2014. For 2012 vedtok kommisjonen i tillegg forbod mot direktefiske av ei rekkje djuphavshaier i NEAFC sitt reguleringsområde. Forboda vart vidareført for 2013 og 2014. I tråd med tilråding frå ICES, la Noreg for 2014 fram eit forslag om å regulere fisket etter skolest på Den midt-atlantiske rygg. Ein totalkvote på 1350 tonn for 2014 vart vedteken mot EU si stemme.

Det pågår for tida eit arbeid i NEAFC som har til mål å forbetre reguleringane som gjeld djuphavsartar. Medan ein ventar på dette er innsatsreduksjonen i fisket etter djuphavsartar, som NEAFC vedtok i 2009, vidareført også for 2014.

Områdeforvaltning

NEAFC stengde i 2004 fem område for botntråling og fastståande reiskapar. Årsmøtet i 2006 vedtok å stengje ytterlegare fem område. I 2009 vart dei stengde områda reviderte etter forslag frå Noreg. Mellom anna vart det vedteke å utvide eit område stengd for botntråling på Hattonbanken og å stengje eit område for fiske etter blålange utanfor Islands økonomiske sone. Dette er vidareført for 2014. I tillegg er det stengde området på Hattonbanken utvida, og eit nytt område på Edorabanken er stengt.

Kommisjonen vedtok under årsmøtet i 2008 operasjonelle reglar for fiske i sårbare område. Desse reglane vart justerte først under årsmøtet i 2009 og så i 2012. I reglane er det mellom anna stilt strenge krav når det gjeld rapportering og plikt til å ha ein vitskapleg inspektør om bord i nye område. Fartøy pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem.

Alle tiltaka som er vedtekne om marine verneområde og botnfiskeri er element i NEAFC si oppfølging av fiskeriresolusjonen til FN frå 2006 og FAO sine retningslinjer om botnfiskeri frå 2008. I september 2011 deltok NEAFC og kontraktspartane på eit arbeidsmøte i FN. Møtet dreia seg om oppfølginga av resolusjonane i dei regionale organisasjonane og dei enkelte statane. Dette var eit ledd i rapporteringa til FNs generalforsamling om oppfølginga frå NEAFC av FN-resolusjon 61/1050 og 64/72.

PECMAS (som er NEAFC sin underkomité for forvaltning og vitskapleg rådgjeving) gjekk i 2012 gjennom NEAFC sitt botnfiskregelverk. Hovudkonklusjonen var at botnfiskreguleringane i stor grad oppfyller dei krav som vert stilt av generalforsamlinga i FN og av FAO. Nokre enkeltelement i reguleringane kan likevel verte betre. Dette vart det arbeidd vidare med i 2013 og arbeidet held fram i 2014.

På årsmøtet i 2010 vart det teke initiativ til eit utvida samarbeid med OSPAR om områdeforvaltninga i Nordaust-Atlanteren, og å få til eit felles arbeidsmøte med NEAFC, OSPAR og CBD i 2011. Det vart difor halde eit felles arbeidsmøte om identifisering av økologiske eller biologiske signifikante område (EBSA) i september 2011. ICES vurderte rapporten frå møtet og peika på fleire svakheiter i rapporten. ICES tilrådde til slutt at fire område vart melde inn til CBD som EBSA-område. Etter behandling i PECMAS, vart det til årsmøtet i 2013 lagt fram forslag om å melde inn tre av områda til CBD saman med OSPAR. Ingen av partane var ueinige i PECMAS sitt forslag, men på grunn av behov for å ha tid til å avklare interne prosessar med tanke på kontinentalsokkelkrav i områda, vart det vedteke å ikkje melde områda inn til CBD i denne omgang.

Kontroll og handhevingsregimet

NEAFC oppretta svarteliste i 2005. Regelverket gjeld for fartøy som ikkje fører flagget til eitt av medlemslanda i NEAFC og aktivitet både i internasjonalt farvatn og i medlemslanda sine økonomiske soner. Fartøy som står på svartelistene til NAFO, CCAMLR og SEAFO, og som ikkje er flagga i nokon av NEAFC-landa, skal inkluderast i svartelista.

NEAFC sette i kraft reglane for hamnestatskontroll 1. mai 2007. NEAFC har òg sett i verk eit omfattande opplegg for satellittovervaking av fiskeria i Nordaust-Atlanteren.

I 2009 vedtok NEAFC eit forbod mot utkast i NEAFC sitt reguleringsområde for dei viktigaste artane som vert regulerte av NEAFC i anneks I A i kontroll- og handhevingsregimet. EU røysta imot tilrådinga, og har reservert seg mot vedtaket.

Under årsmøtet i 2013 vart NEAFC sitt kontroll- og handhevingsregime endra slik at det no er fullt i samsvar med den internasjonale hamnestatsavtalen som er forhandla fram under FAO.

Meir informasjon finst på NEAFC sine heimesider: http://www.neafc.org/

IWC

Noreg er ein av dei opphavlege partane til konvensjonen om regulering av kvalfangst av 1946, som regulerer fangst og bevaring av større kvalartar. Konvensjonen har i dag 89 partar. Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, er overvakingsorganet til konvensjonen. IWC har som hovedoppgåve å sikre ei berekraftig forvaltning og bevaring av dei større kvalressursane. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er difor ikkje bunde av det. Frå 1994 til 2006 arbeidde IWC utan å lukkast med å få på plass eit revidert forvaltningsregime. Det var tanken at eit revidert forvaltningsregime skulle opne for kommersiell kvalfangst.

Forskarane i IWC har etablert spesielle prosedyrar for å vurdere dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteutrekningsmodellen, som er svært konservativ, er utvikla slik at han kan brukast til å rekne ut kvotar for alle bardekvalartar. Den norske kvoten vert fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i IWC sin vitskapskomité. For 2014 har Noreg fastsett ein kvote på 1286 vågekval.

Etter vedtak i regjeringa har ein sidan 2006 kunne ta kvoten i heile forvaltningsområdet til IWC, som er noko større enn havområda under norsk jurisdiksjon. Det vil seie at det vart opna for fangst i internasjonalt farvatn mellom Noregs økonomiske sone og fiskerisona ved Jan Mayen.

I 2009 og 2010 var ikkje dei norske kvotane fordelt på underområda, altså Svalbardområdet (ES), Barentshavet (EB), dei to forvaltningsområda sør til Nordsjøen (EW og EN) og Jan Mayen-området (CM). Fangarane kunne dermed ta kval der dei fann det mest tenleg innanfor desse områda.

Allereie etter to år av den inneverande seksårige forvaltningsperioden (2009-2014) skapte dette ei skeiv utvikling i fangsten. Fangstane var, på grunn av høge konsentrasjonar av kval, for store i underområdet ES (ved Svalbard) både i 2009 og 2010 til at dette kunne halde fram ut 6-årsperioden. For fangstsesongen 2011 vart kvoten i ES difor i utgangspunktet sett til 65 dyr. Dette skapte problem for fangarane og i juni 2011 vart det opna for fri fangst også i ES.

Figur 3.4 Underområde i forvaltninga av vågekval.

Figur 3.4 Underområde i forvaltninga av vågekval.

For 2012 vart det bestemt at grensa mellom underområda ES (Svalbardområdet) og EB (Barentshavet) skulle opphevast i forvaltningsordninga for kval, og at det som ein følgje av dette vart opna for fri fangst i underområda i 2012, 2013 og 2014. Denne framgangsmåten vart grunngjeven biologisk: Vi har i dag gode nok data og forsking, m.a. gjennom DNA-registeret for fanga kval, til å konkludere med at det ikkje er underbestandar av vågekval i dei områda som fangsten gjeld, og at det difor er vitskapleg og forvaltningmessig forsvarleg å slå områda saman. Det hadde vore ønskjeleg at vitskapskomiteen slutta seg til denne områdeinndelinga, men det ser ut til å vere vanskeleg å få til så bevaringsorientert som deler av komiteen er.

Under vitskapskomiteen sitt møte i 2008 var det ein gjennomgang der all ny kunnskap (teljingar, genetiske data, etc.) vart oppsummert og diskutert. Den norske delegasjonen presenterte eit forslag til nytt bestandsestimat basert på teljingane for perioden 2002–2007. Det nye estimatet er 103 000 dyr for totalområdet, 79 000 for den austlege delen og 24 000 for Jan Mayen-området. Dette estimatet er veldig nær estimatet frå førre teljeperiode (107 000), men er nok meir usikkert. Det står att noko utrekningsarbeid for å redusere usikkerheita før estimatet kan godkjennast for bruk i IWC sin reviderte forvaltningsprosedyre, RMP. Punktestimatet (103 000) er akseptert. Under diskusjonen om forslaget vart det fremma ei liste med forslag til kva som bør gjerast før endeleg godkjenning. Modellen som vert brukt til å rekne ut usikkerheita til bestandsstorleiken, er tidlegare akseptert, men det ligg føre ei rekkje forslag til korleis han kan gjerast betre. Det nye bestandsestimatet vart endeleg godkjent på IWC sitt årsmøte i juni 2010. Teljingane og nye utrekningar om vågekval i norske farvatn for neste seks-årsperiode (2014–2019), vert avslutta i 2014 med behandlinga i IWC sin vitskapskomité.

Meir informasjon finst på IWC sine heimesider: http://www.iwcoffice.org/

NAMMCO

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, vart etablert i 1992. Hovudoppgåva var å arbeide for vern og forvaltning av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskaplege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men studiane og samarbeidet omfattar òg dei store kvalartane. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidsgrupper.

NAMMCO har lukkast godt i arbeidet med å forbetre jaktmetodar, eit arbeid som har interesse langt utover medlemslanda i NAMMCO. Representantar frå alle dei nordiske landa, Russland og Japan deltek i dette arbeidet. Resultata gjev grunnlag for å forbetre jaktmetodane og setje nye standardar for jakt på sjøpattedyr.

Vitskapskomiteen i NAMMCO gjev råd og deltek i forskinga på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Arbeidet med å utvikle fleirbestandsmodellar går sakte fordi ein ventar på framdrift i nasjonale forskingsprosjekt. Dette arbeidet er viktig for forvaltninga av dei marine ressursane, og Noreg går inn for at NAMMCO skal prioritere arbeidet med økosystembasert tilnærming til forvaltning av sjøpattedyra i våre havområde.

Meir informasjon finst på NAMMCO sine heimesider: http://www.nammco.no/

CCAMLR

Kommisjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis, CCAMLR, vart oppretta i 1981 med Noreg som ein av grunnleggjarane. Målet om «å bevare dei levande marine ressursane» er i konvensjonen definert slik at det omfattar rasjonell utnytting. Utanom fisket etter krill føregår det eit direkte fiske etter antarktisk tannfisk, patagonisk tannfisk og makrell-isfisk i området.

Figur 3.5 CCAMLR sitt konvensjonsområde og dei ulike underområda.

Figur 3.5 CCAMLR sitt konvensjonsområde og dei ulike underområda.

CCAMLR vedtek årleg tilrådingar om totalkvotar for dei ulike artane i konvensjonsområdet, som utgjer det meste av Sørishavet. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmane. Det er såleis ope for eit «olympisk» fiske, der alle fiskar inntil fisket vert stogga når totalkvotane er tekne. Kvotane er likevel delt på fleire mindre underområde (sjå figur 3.4). Formålet med det er å hente inn informasjon frå nærast heile området gjennom å spreie fangstane.

Noreg fastsette 13. mars 1998 ei føresegn om regulering av fiske med norske fartøy i Antarktis (CCAMLR-området). Føresegna gjeld for norske statsborgarar og personar busette i Noreg som driv fiske med norske fartøy i havområda på den sørlege halvkula, som er underlagt konvensjonen av 20. mai 1980 for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. Det er forbod mot å drive fiske utan at det er innhenta løyve frå norske styresmakter. Alt fiske med norske fartøy skal gjennomførast med vitskaplege observatørar frå andre CCAMLR-partar om bord. På dette viset hjelper fiskefartøya til med å samle inn data som kan nyttast av CCAMLR sin vitskapskomité.

Det er innført eit fangstdokumentasjonssystem for å overvake internasjonal handel og vise at patagonisk tannfisk som vert importert til eit medlem av organisasjonen, er fanga i samsvar med CCAMLRs regelverk eller teken utanfor CCAMLR-området. Det skjer ei kontinuerleg vurdering for å betre systemet og tette eventuelle smotthol. Noreg sette i verk dette systemet i mars 2000. Noreg hadde i sesongen 2013/2014 eitt fartøy i fisket etter patagonsk tannfisk i CCAMLR-området.

Det er store krillressursar i Sørishavet. Ein reknar biomassen til 60 millionar tonn i det området der det vert fiska i dag (statistikkområde 48). I dette området er det tilrådd ein fangst på 5,61 millionar tonn. For å gjennomføre den tilrådde fangsten er det eit vilkår at det vert oppretta område for forvaltninga som har mindre geografisk utstrekning enn dei fire underområda. Den maksimale fangsten for heile område 48 er delt på mindre kvotar i dei statistiske underområda 48.1 – 48.4, og samla må ikkje fangsten utgjere meir enn 620 000 tonn inntil desse særlege forvaltningsområda er etablerte. Dei siste åra har totalfangsten vore mellom 100 000 og 250 000 tonn. Dei norske fartøya har stått for ein betydeleg del av dette. For sesongen 2013/2014 (1. desember 2013–30. november 2014) har Noreg meldt på tre fartøy for krillfiske i CCAMLR.

Noreg deltok på CCAMLR sitt årsmøte i 2013. Estimata for ulovleg, urapportert og uregulert fiske er usikre, men det er teikn som tyder på at omfanget no er mindre enn for få år sidan. Nye tiltak vedtekne dei siste åra er særskilte tiltak for vern av sårbare marine økosystem. Her må det vitskapleg vurderast korleis fiske med reiskapar som kjem i kontakt med botnen, verkar på slike økosystem. Fartøy som fiskar med slike reiskapar må flytte seg og melde frå om dei kjem i kontakt med sårbare habitat under fisket. Fleire nye tiltak med særleg omsyn til sårbare økosystem er på plass for å svare til krava om vern i FN-fiskeriresolusjonen 61/105 frå 2006. Under årsmøtet i CCAMLR i 2011 lukkast det medlemslanda å verte einige om eit rammeverk for å etablere marine verneområde i Antarktis.

Meir informasjon finst på CCAMLRs heimesider: http://www.ccamlr.org/

ICCAT

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk, ICCAT, vart etablert i 1969. Denne regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen har ansvar for å bevare og forvalte tunfisk og tunfiskliknande artar i Atlanterhavet og Middelhavet. ICCAT har 47 avtalepartar (medrekna EU som ein part). Ansvarsområdet til organisasjonen omfattar kring 30 artar, mellom anna makrellstørje, som særleg i 1950-åra vart fiska i store kvanta langs norskekysten. Overfiske førte til ein kraftig reduksjon i bestanden og førekomstane i våre farvatn var i fleire tiår nærast ikkje-eksisterande. I dei seinaste åra er det igjen observert makrellstørje i norske farvatn.

Frå slutten av 1990-talet tydde førekomstar av makrellstørje i norske farvatn på at bestanden kunne komme til å ta opp att sitt gamle beitevandringsmønster og igjen verte tilgjengeleg for fiske i norske farvatn. Difor møtte Noreg som observatør i ICCAT frå 1998 til 2003. I tråd med dei havrettslege pliktene våre til å samarbeide med dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane som forvaltar bestandar som opptrer i våre farvatn, og for å sikre oss høve til eit framtidig fiske på makrellstørje, vart Noreg medlem av ICCAT i 2004. På den måten vil Noreg medverke til ei forvaltning som sikrar at bestanden av makrellstørje i det austlege Atlanterhavet vert atterreist, og kan gje grunnlag for eit framtidig fiske i norske farvatn. Å delta i ICCAT er òg viktig for Noreg fordi organisasjonen spelar ei aktiv rolle internasjonalt når det gjeld utforming av regelverk.

I samband med kvotefastsettinga for perioden 2007–2010 fekk Noreg for første gong forhandla fram ein kyststatskvote på austleg makrellstørje (bestanden som dekkjer Middelhavet og det austlege Atlanterhavet). Kvoten utgjer ein fast del av totalkvoten.

På årsmøtet i 2006 vedtok ICCAT ein gjenoppbyggingsplan for austleg makrellstørje. Planen etablerer eit omfattande kontrollregime og tilhøyrande forvaltningstiltak. Men totalkvoten (TAC) vart sett dobbelt så høgt som tilrådd av ICCAT sin vitskapskomité. Gjenoppbyggingsplanen har vore revidert kvart einaste år sidan 2006. Revisjonane har ført til at totalkvoten gradvis er redusert, men dei første åra låg TAC høgt over det nivået som forskarane tilrådde. Dei høge kvotane kombinert med manglande oppfølging av kontrolltiltaka i planen, gjorde at situasjonen for bestanden ikkje vart synleg betre. Dei seinaste åra har ICCAT fastsett TAC i tråd med tilrådinga frå forskarane.

På bakgrunn av bestandssituasjonen og høgare totalkvote enn tilrådd, hadde Noreg i åra 2007–2013 forbod mot fiske og landing av makrellstørje i norsk og internasjonalt farvatn. I 2012 og 2013 opplyste vitskapskomiteen at dei hadde klare indikasjonar på at den negative trenden er snudd og at tilstanden til bestanden er betre. Dei har likevel ikkje tilrådd nokon auke i kvoten før dei får sterkare prov for bestandsauke. Totalkvoten for 2014 er sett til 13 500 tonn, i tråd med rådet frå vitskapskomiteen. På grunn av dei positive meldingane frå vitskapskomiteen, og sidan ICCAT no fastset TAC i tråd med råda, har Noreg opna for fangst av den norske kvoten på vel 30 tonn i 2014.

Gjenoppbyggingsplanen inneheldt eit forbod mot å fiske med line og ringnot i Nordaust-Atlanteren om hausten. På årsmøtet i ICCAT i november 2013 fekk Noreg gjennomslag for endringar i desse tidsavgrensingane i Noregs økonomiske sone, slik at det vert praktisk mogleg å hauste den norske kvoten når makrellstørja finst i norske farvatn. Kvoten på 30 tonn skal takast av eitt utvald fartøy i 2014, og det er knytt særskilde rapporterings- og observatørplikter til dette fisket.

ICCAT har òg vedteke reglar for bifangst av pelagiske haiartar i fisket etter tunfisk og tunfiskliknande artar i heile konvensjonsområdet. Reguleringane omfattar påbod om utkast, men i dei seinaste vedtaka finst det unntak for partar som har utkastforbod som ein del av den generelle fiskerilovgjevinga. Forvaltninga av hai vert drøfta i ein eigen underkomite (Panel 4) som Noreg vart medlem av i 2011. Det er sett i gang ein prosess for å styrkje forvaltninga i ICCAT, med opning for å endre og modernisere konvensjonsteksten.

Meir informasjon finst på ICCAT sine heimesider: http://www.iccat.int/

SEAFO

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen, SEAFO, vart etablert i 2001 og har sitt hovudsete i Namibia.

Det overordna målet til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i Søraust-Atlanteren. Partane pliktar å innføre tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje dei økonomiske sonene til kyststatane i området.

SEAFO-konvensjonen vart underteikna av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegner av St. Helena) og Sør-Afrika, og dessutan EU, Island, Noreg og USA. Noreg ratifiserte konvensjonen 12. februar 2003. Konvensjonen er elles ratifisert av Angola, Japan, Namibia, Sør-Afrika, Sør Korea og EU-kommisjonen. SEAFO-konvensjonen tok til å gjelde 13. april 2003.

Figur 3.6 SEAFO sitt konvensjonsområde.

Figur 3.6 SEAFO sitt konvensjonsområde.

For tida er der ikkje norske kommersielle interesser i SEAFO-området. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan ha for området i framtida. Ein viktig grunn til at Noreg ratifiserte SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar av regionalt samarbeid om felles fiskeriressursar, og at Noreg òg deltek aktivt i ei rekkje andre regionale fiskeriorganisasjonar. Noreg arbeider for å harmonisere tiltak som dei ulike organisasjonane set i verk. SEAFO var den første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen som vart etablert etter FN-avtalen om fiske på det åpne hav, og SEAFO vart då eit viktig forum for implementering av prinsippa i FN-avtalen. Norsk deltaking i SEAFO kan både gje innsyn i statspraksisen i området og høve til å påverke den. Vidare vil Noreg sitt bistandsengasjement i regionen kunne styrkjast ved å delta i SEAFO.

SEAFO har sett i verk fleire tiltak for å bekjempe UUU-fiske, og har vore ein pioner på mange område. SEAFO var blant anna den første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen som godkjende lister over UUU-fartøy (svartelister) etablert av andre organisasjonar, og var også den første som innførde eit adekvat regelverk for hamnestatskontroll. Seinare har SEAFO, også som den første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen, implementert FAO sin avtale om hamnestatskontroll. Under årsmøtet i 2013 var det semje om å utvide verkeområdet til også å gjelde fartøy flagga i hamnestaten.

Møtet i 2013 vedtok å svare positivt på invitasjonen om å delta i FAO/GEF-prosjektet

«Sustainable fisheries management and biodiversity conservation of deep-sea living resources and ecosystems in Areas Beyond National Jurisdiction (ABNJ)».

Til liks med andre regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar med ansvar for regulering av botnfisk, har SEAFO vedteke omfattande tiltak med særleg omsyn til å verne område med sårbare økosystem – for å svare til krava frå FNs generalforsamling. SEAFO har stengt fleire område for fiske, etablert prosedyrar for konsekvensanalysar og forsøksfiske, regelverk dersom reiskapar kjem i kontakt med sårbare økosystem under fiske, og reglar for informasjonsutveksling.

SEAFO vert no leia av Sør-Afrika.

Meir informasjon finst på heimesidene til SEAFO: http://www.seafo.org

Til forsida