Meld. St. 8 (2009-2010)

Gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2007 og 2008

Til innhaldsliste

3 Kontroll

3.1 Intern kontroll

Alle salslaga skal revidere rekneskapane sine i samsvar med gjeldande reglar for dette.

Råfisklova § 3 fastset at fiskesalslag med einerett til omsetning av fisk osv. i første hand skal ha ei kontrollnemnd. Representantskapet vel nemnda som i perioden mellom kvart møte i representantskapet skal føre kontroll med virket til dei utøvande organa, mellom anna vedtekter og forretningsreglar.

3.2 Ekstern kontroll

Råfisklova § 3 andre ledd fastset at Fiskeri- og kystdepartementet skal ha høve til å oppnemne ein offentleg kontrollør i kvart salslag. Det er i dag oppnemnde kontrollørar for alle salslag. Den viktigaste funksjonen er å føre kontroll med at den delen av verksemda til salslaget som er forvaltningsverksemd, vert utført i samsvar med gjeldande regelverk. Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett ein instruks for kontrollørane som inneber at vedkomande skal gje årlege rapportar til departementet som mellom anna skal innehalde merknader til årsmelding og rekneskap.

3.3 Ansvar for ressurskontroll

Salslaga har sidan 1990 hatt eit ansvar for å delta i arbeidet med den nasjonale ressurskontrollen. Salslaga har fått ei stendig viktigare rolle i dette arbeidet. Dette er naturleg fordi all omsetning av kommersielt viktig råfisk i første hand skjer gjennom eller med godkjenning av salslaga. Salslaga har gjennom den daglege forvaltninga av fiskeressursane og kontrollen med uttaket, tileigna seg god kunnskap om dei utfordringane styremaktene og fiskarane står overfor. God ressurskontroll og langsiktig forvaltning av ressursane er no nokre av føresetnadene for eksistensen til salslaga.

Den nye havressurslova som vart vedteken 6. juni 2008 gir salslaga eit større ansvar og vidare heimlar i høve til den nasjonale ressurskontrollen. Desse endringane er gjennomgått i Ot.prp. nr. 20 (2007-2008) kapittel 8.1.9.

Eit sentralt grep i havressurslova i denne samanhang er plikta for fiskarane til å føre all fangst av fisk i land. Plikta til ilandføring gjeld også dersom fangsten er teken i strid med føresegner i eller i medhald av lova, men då er det ein føresetnad at haustarane ikkje skal få ha verdien av ulovleg fangst, jf. havressurslova § 54. Dette er bakgrunnen for at Fiskeri- og kystdepartementet har utforma eit forslag til ny forskrift om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar.

Eit hovudpoeng i forslaget til ny forskrift er at salslaga overtek ein del av inndragingskompetansen som i dag ligg til Fiskeridirektoratet. Dette må sjåast i samanheng med at salslaga stendig får ei viktigare rolle i ressurskontrollarbeidet. Etter kvart som tekniske løysingar utviklar seg, vil dei gjennom systema sine på enkle måtar kunne avdekkje brot på reglane.

Til forsida