Meld. St. 8 (2009-2010)

Gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2007 og 2008

Til innhaldsliste

4 Gjennomføring av fiskeeksportlova

Fiskeeksportlova tredde i kraft 1. juli 1991 og avløyste den førre fiskeeksportlova frå 1955. Lova regulerer ei rekkje spørsmål knytt til eksport av fisk og fiskevarer. Samtidig er ho i stor utstrekning ei fullmaktslov som gir departementet heimel til å vedta ulike føresegner. Lova var inntil 2005 i liten grad gjenstand for endringar, men i Ot.prp. nr. 88 (2004-2005) vart det foreslått omfattande endringar som vart vedtekne 17. juni 2005. I perioden 2007-2008 er det ikkje gjort endringar i lova, med unntak for ei mindre justering i ordlyden som følgje av innføringa av samvirkelova i 2007.

Tabell 4.1 Total norsk eksport av fisk pr. art. Verdi i 1000 kr, mengd i tonn.

 Verdi i 1000 NOKVerdi i 1000 NOKMengd i tonnMengd i tonn
 2007200820072008
Totalt367891423873343921646332313601
Laks1743840017912331606711618234
Torsk61984125494347122373110944
Sild32665973781125642619722686
Makrell17959722269578173287171399
Sei17522732000975111657123444
Aure125525818209224886673710
Anna fisk8721691136461106402136406
Hyse10215708058214544240600
Reker5450436541381589821435
Lange32056338039872978440
Krabbe18299634798927533925
Blåkveite22251624555090129679
Brosme16238416482445684742
Lodde1062071481602359030401
Industrifisk214531144641132647134291
Breiflabb15070413118030462799
Kveite12497212396116561845
Hestemakrell796621176821238511106
Uer1420089960597307447

Fiskeeksportlova gjeld mellom anna Eksportutvalet for fisk AS (EFF). EFF er eit felles mark­nadsføringsorgan for fiskerinæringa, samtidig som det utfører enkelte forvaltningsoppgåver. Stortinget vedtok ved lovendring 17. juni 2005 å gjere om EFF frå forvaltningsorgan under departementet, til statleg aksjeselskap. Omdanninga vart gjennomført 1. september 2005.

EFF er finansiert gjennom marknadsavgifta på eksport. Marknadsavgifta er i dag differensiert mellom seks kategoriar av fisk og fiskevarer, og varierer frå 0,2 % til 0,75 %.

Fiskeri- og kystdepartementet sende 2. oktober 2009 ut eit høyringsframlegg om å setje marknadsavgifta for all eksport av fisk og fiskevarer til 0,75 %. Målsetjinga med framlegget er å styrkje det generiske marknadsarbeidet for kvitfisk, pelagisk fisk og reker.

Departementet vedtok 19. januar 2010 å setje marknadsavgifta for all eksport av fisk og fiske­varer til 0,75 %, i tråd med høyringsframlegget. Auken i avgifta vil skje trinnvis, først til 0,5 % frå 1. april 2010, og så til 0,75 % frå 1. februar 2011.

Før omdanninga til statleg aksjeselskap var EFF omfatta av skattefritaket for statlege innretningar, og ein føresetnad ved omdanninga var at selskapet framleis skulle vere friteke frå å betale skatt. Ein kom fram til at EFF ikkje var omfatta av fritaksregelen i skattelova for selskap som ikkje har erverv til formål. For å oppfylle føresetnaden om skattefritak vart det derfor oppretta eit Utval for forvaltning av avgift på fiskeeksport (Utvalet), som skulle fordele innkravd eksportavgift til EFF tilpassa kostnadene til selskapet. Ordninga vart utforma av Fiskeri- og kystdepartementet og Finansdepartementet i samråd, og vart forskriftsfesta gjennom ei endring 21. desember 2006 i forskrift 13. desember 2000 nr. 1253 om samordnet innkreving av avgift på fiskeeksport.

Utvalet vart formelt oppretta 18. desember 2008. Etter opprettinga fann Finansdepartementet det likevel tvilsamt om ordninga var eigna til å ta vare på føresetnaden om skattefritak for EFF. For å unngå tvil om EFF si skattemessige stelling vart det ved handsaminga av Ot. prp. nr. 95 (2008-2009) vedteke ein regel om skattefritak for EFF i skattelova § 2-30. Utvalet vart som ei følgje av dette avvikla i 2009.

EFF har hovudkontor i Tromsø, og er i tillegg representert med eigne tilsette i Hamburg, Paris, Madrid, Lisboa, Milano, Rio de Janeiro, Tokyo, Beijing, Hong Kong, Singapore og Moskva. Verksemda er finansiert av norske sjømateksportørar, gjennom ei årleg avgift på eksport av fisk og fiskevarer. EFFs driftsinntekter utgjorde 226 mill. kroner i 2007 og 242 mill. kroner i 2008. Eksporten av norsk sjømat har i 2007 og 2008 auka med høvesvis 4 % og 5 % frå året før. I 2007 eksporterte Noreg sjømat for 36,8 mrd. kroner, mens talet for 2008 var 38,8 mrd. kroner. Noreg eksporterer sjømat til nærare 140 land i alle delar av verda. EU er vår største marknad, og i 2006 gjekk 60 % av eksporten til EU, målt etter verdi. Frankrike og Russland var dei største enkeltmarknadene for norsk sjømat i 2008, etterfølgt av Danmark, Polen, Storbritannia, Japan og Portugal. Dei viktigaste eksportprodukta i 2007 og 2008 var fersk laks, norsk vårgytande sild, makrell og klippfisk av torsk.

Tabell 4.2 Total norsk eksport av fisk pr. marknad. Verdi i 1000 kr, mengd i tonn

 Verdi i 1000 nokVerdi i 1000 nokMengd i tonnMengd i tonn
 2007200820072008
Totalt367891423873343921646332313601
EU230938082312855011374511150232
Frankrike37606434031042122261135510
Russland36269773900347390014349150
Danmark34750212846897339720254711
Polen1843379243773397986123977
Storbritannia25922462230633114698127803
Japan17202662173927101845108057
Portugal226409620440164703443643
Sverige167280617220516028761233
Spania144098414221094712445371
Nederland143764714127218563076816
Italia131199113286132867531019
Tyskland120453713042055593061754
Ukraina11374491269153151262154874
Kina104607211093497451080592
Brasil112633810335113232531785
Resten71286908467133415333627305
Til forsida