Prop. 112 S (2009–2010)

Lån frå den norske staten til den latviske staten

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for den økonomiske krisa i Latvia

Latvia har vore igjennom ein periode med svært høg økonomisk vekst. I perioden frå 2000 til 2007 var den gjennomsnittlege veksten i BNP på heile 9 pst. per år, raskast av alle noverande EU-medlemmer. Sysselsetjinga auka markert, og arbeidsløysa (AKU) vart redusert frå 10,6 pst. i 2004 til 6,2 pst. i 2007. I ein tidleg fase av oppgangen spela utnytting av overskotskapasitet etter sovjetperioden og omfattande produktivitetsfremmande reformer ei viktig rolle. Den sterke veksten i åra etter 2004 må ein òg sjå i samanheng med at Latvia dette året vart medlem av EU, noko som knytte Latvias økonomi tettare opp mot resten av Europa.

Då Latvia vart medlem i EU fekk landet lettare tilgang til internasjonal finansiering, og i åra etter 2004 bidrog gjeldsdriven oppgang i konsumet til hushalda og bustadinvesteringar til å trekkje BNP-veksten opp. Samtidig auka bustadprisar og aksjekursar kraftig og klart meir enn det fundamentale forhold kan forklare. Veksten i bustadprisane var over 60 pst. i både 2005 og 2006. Kredittveksten var òg svært høg, over 50 pst. i enkelte år. I 2007 var gjelda i privat sektor komen opp i heile 78 pst. av BNP. Av det utgjorde lån i utanlandsk valuta (i hovudsak i euro) om lag 90 pst.

Den markerte oppgangen i bustadetterspørselen og bustadprisane bidrog til at store ressursar vart allokerte til byggjesektoren heller enn til konkurranseutsett sektor. Aukande handelsunderskot bidrog til at underskotet på driftsbalansen auka frå knapt 13 pst. av BNP i 2004 til 24 pst. av BNP i 2007, det høgaste blant EU-landa dette året. Latvias utanlandsgjeld auka frå 98 pst. av BNP til 134 pst. av BNP i same periode.

Frå eit nivå på 2–3 pst. i perioden 2001–2003 tok inflasjonen seg klart opp frå og med 2004. I åra 2004–2006 var den årlege prisveksten på om lag 6–7 pst. Kombinasjonen av høg lønnsvekst og stigande energi- og matvareprisar gjorde sitt til at inflasjonen kom opp i 10 pst. i 2007 og heile 15 pst. i 2008. Reallønnsveksten i perioden 2004–2007 var likevel på heile 56 pst.

2. mai 2005 gjekk Latvia inn i EUs valutakurssamarbeid, ERM II 1 , som inneber at latviske lat (LVL) skal haldast innanfor eit band på +/– 15 pst. mot euro (1 EUR = 0,7028 LVL). Latviske styresmakter har på einsidig basis eit mål om å halde valutaen innanfor +/– 1 pst. mot euro, med sikte på å kvalifisere seg til medlemskap i EUs økonomiske og monetære union (ØMU) og innføring av euro.

Med fast valutakurs blir konkurranseevna svekt dersom lønns- og prisveksten er høgare heime enn hos handelspartnarane, og frå 2004 til 2007 auka lønnskostnadene per produsert eining målt i felles valuta over 15 pst. meir i Latvia enn hos handelspartnarane til landet. Denne utviklinga gjer det meir krevjande for Latvia å skaffe balanse i utanriksøkonomien ved å auke eksportinntektene sine. Dei viktigaste eksportartiklane er i dag trevirke og trebaserte produkt, maskinar og utstyr, metall og tekstilar.

Betydelege nettooverføringar frå EU og ein sterk, konjunkturdriven oppgang i skatteinntektene vart brukt til å finansiere ei kraftig opptrapping av utgiftene på statsbudsjettet. Frå 2003 til 2007 voks offentlege utgifter reelt med 80 pst. Utforminga av finanspolitikken bidrog dermed til å forsterke oppgangskonjunkturen, og til å bringe utgiftene opp på eit nivå som ikkje var berekraftig då omslaget kom.

Alt før finanskrisa såg ein starten på ei avdemping av latvisk økonomi med minkande BNP-vekst og fall i formuesprisar. Då den internasjonale finanskrisa braut ut hausten 2008 og innskrenka tilgangen på internasjonal kapital samt reduserte investorane sin vilje til å ta risiko, var landet svært utsett. Dette kom mellom anna av ubalansane knytte til bobler i bustad- og aksjemarknadene, svekt konkurranseevne, høgt gjeldsnivå i privat sektor og at landet var sterkt avhengig av internasjonal finansiering.

Presset mot det latviske banksystemet vart forsterka av finanskrisa, og kredittapa auka. Banksektoren i Latvia er dominert av nordiske finanskonsern som m.a. Swedbank, Nordea, SEB og DnB NORD 2 . Parex, den største latviskeigde banken, opplevde frå slutten av august 2008 innskotsflukt og fekk store likviditetsproblem. For å unngå kollaps valde latviske styresmakter den 8. november 2008 å kjøpe seg inn i Parex til ein eigardel på 51 pst. Den 2. desember 2008 auka staten sin eigardel til 84 pst. og bytte ut bankleiinga.

Nedgangen i økonomien og finanskrisa gjorde det stadig vanskelegare for latviske debitorar å betale renter og avdrag på den høge utanlandsgjelda. Etter at den latviske staten kjøpte seg inn i Parex, bestemte kredittvurderingsbyråa Standard & Poors og Fitch seg for å nedjustere vurderinga av den latviske staten. Dette medførte auka finansieringskostnader og forsterka problema for både offentlege og private låntakarar. I tillegg vart Latvias fastkurspolitikk sett under sterkt press. Sentralbanken brukte i løpet av hausten 2008 i underkant av 1 mrd. euro for å forsvare kursen, noko som tilsvarer ein firedel av valutareservane. Ei devaluering i Latvia ville hatt betydelege ringverknader for andre land i regionen. Estland og Litauen stod på dette tidspunktet overfor liknande utfordringar, med betydelege økonomiske ubalansar og press mot fastkurspolitikken.

Fotnotar

1.

Arvtakar etter EUs opphavlege Exchange Rate Mechanism. Etablert i samband med opprettinga av ØMU for å bidra til at kandidatland til ØMU innrettar politikken sin mot stabilitet og konvergens.

2.

Eigarar av DnB NORD er DnB NOR (51 pst.) og den tyske banken Nord/LB (49 pst.).