Prop. 112 S (2009–2010)

Lån frå den norske staten til den latviske staten

Til innhaldsliste

5 Norsk og nordisk støtte til Latvia

Danmark, Finland, Noreg og Sverige har gitt lovnad om lån på til saman 1,8 mrd. euro i tilknyting til IMF-programmet, med første utbetaling i 2010. Dei nordiske landa er dermed som gruppe den nest største bidragsytaren, jf. avsnitt 3 ovanfor. Lovnaden vart gitt i samband med godkjenninga av programmet i IMFs styre den 23. desember 2008. Det vart teke atterhald om samtykke frå dei respektive nasjonalforsamlingane.

Regjeringa legg stor vekt på god nordisk koordinering av støtta til Latvia og at det norske lånet blir gitt innanfor ei nordisk ramme. Ved fordelinga av det nordiske lånebeløpet mellom dei fire långivarlanda vart lånet til Latvia sett i samanheng med det tilsvarande lånet som dei same fire landa gir til Island, jf. St.prp. nr. 47 (2008–2009) Om fullmakt til å stille statsgaranti for lån fra Norges Bank til Sedlabanki Islands. For låna til desse to landa sett under eitt er fordelinga basert på långivarlanda sine kvotar i IMF. Sveriges del av lånet til Latvia er 720 mill. euro, Danmark og Noreg har begge ein del på 378 mill. euro, mens Finland har ein del på 324 mill. euro. Basert på valutakursane den 8. april tilsvarer Noregs del om lag 3,0 mrd. norske kroner. Noregs og Danmarks del av lånet til Latvia er noko mindre enn deira del av lånet til Island, mens situasjonen er motsett for Sverige. Det norske lånet til Island er på 480 mill. euro.

Estland, som tek del i finansieringa av det latviske stabiliseringsprogrammet med eit lån på 100 mill. euro, slutta seg i 2009 til det nordiske långivarsamarbeidet slik at det no består av Danmark, Estland, Finland, Noreg og Sverige.

Desse fem landa har sett som føresetnad for låna sine at Latvia følgjer stabiliseringsprogrammet med IMF, og det er eit vilkår for utbetaling at gjennomgangane av framdrifta for dette programmet blir godkjende i IMF-styret. Dei nordiske EU-landa, og Estland, vil i låneavtalane også setje som vilkår for utbetaling at Europakommisjonen har godkjent framdrifta for programmet.

Det kan tenkjast at IMF og Europakommisjonen har ulikt syn på om framdrifta kan godkjennast. Det ville vere uheldig om ein skulle hamne i ein situasjon der IMF godkjenner, slik at Noreg er forplikta til å betale ut det aktuelle lånebeløpet, mens EU ikkje gjer det. I ein slik hypotetisk situasjon kunne Noreg vere den einaste nordiske långivaren som betaler ut lånet, noko som ville undergrave byrdefordelinga mellom långivarane. For å sikre seg mot eit slikt utfall vil ein i den norske låneavtalen med Latvia setje som vilkår for norsk utbetaling at dei andre nordiske långivarane òg betaler ut sine lånebeløp. Det betyr at dei nordiske långivarane i praksis har same vilkår for utbetaling.