Prop. 112 S (2009–2010)

Lån frå den norske staten til den latviske staten

Til innhaldsliste

6 Nærare om lånevilkåra

Dei andre lånevilkåra blir også samordna mellom dei nordisk-baltiske långivarlanda, og det blir lagt opp til at dei fem landa, med unntaket for avviket som er nemnt i avsnittet ovanfor, inngår likelydande låneavtalar med Latvia. Vilkåra vil i all hovudsak vere identiske med vilkåra for tilsvarande lån til Island. Løpetida er tolv år, med fem års avdragsfridom og sju års tilbakebetaling. Lånet blir gitt med flytande rente lik tre månaders penge­mark­nadsrente i euroområdet (EURIBOR 1 ), pluss eit påslag på 2,75 prosentpoeng.

Ved fastsetjing av rentepåslaget er det lagt vekt på at låna er gitt for å støtte eit land i den nordisk-baltiske valkretsen som har kome i ein svært vanskeleg situasjon, og at dei er gitt for å finansiere eit IMF-program. Samtidig er det lagt opp til at renta skal dekkje innlåns- og administrasjonskostnadene til långivarane og kompensere for kredittrisiko.

Det er vidare foreløpig lagt opp til at låna frå Danmark, Finland, Noreg og Sverige skal utbetalast i fire porsjonar, og at utbetalingane skjer etter at tredje, femte, sjuande og niande gjennomgang av Latvias stabiliseringsprogram er godkjende i IMF-styret. Det er venta at dei to første porsjonane blir utbetalte i 2010 og dei resterande i 2011. For Noregs del er dei to første utbetalingane på 115,5 mill. euro kvar, mens dei to siste er på 73,5 mill. euro kvar. Planen er at lånet frå Estland blir delt opp i to porsjonar og at lånet blir utbetalt i tilknyting til at sjuande og niande gjennomgang blir godkjende i IMF-styret.

Ein eigen avtale mellom Danmark, Estland, Finland, Noreg og Sverige sikrar likebehandling mellom desse fem kreditorane om Latvia ikkje skulle innfri lånegjelda.

Fotnotar

1.

EURIBOR var 0,65 pst. den 8. april 2010.