Prop. 112 S (2009–2010)

Lån frå den norske staten til den latviske staten

Til innhaldsliste

4 Nærare om implementeringa av stabiliseringsprogrammet

I 2009 utvikla latvisk økonomi seg vesentleg verre enn det som var lagt til grunn i stabiliseringsprogrammet med IMF, noko som forsterka presset på offentlege finansar og på valutakurspolitikken. Samtidig var Latvias gjennomføring av programmet i første del av 2009 svak på ein del sentrale punkt. Særleg gjaldt dette tiltak for å konsolidere offentlege finansar, mellom anna lønnskutta som òg er nødvendige for å gjennomføre den interne devalueringa.

På denne bakgrunnen vart stabiliseringsprogrammet med IMF reforhandla i fjor sommar i samband med første gjennomgang av programmet. Det viktigaste temaet i reforhandlingane var det offentlege budsjettunderskotet. IMF aksepterte at styresmaktene har eit underskot i offentlege budsjett på 13 pst. av BNP i 2009, samanlikna med 5 pst. underskot i det opphavlege programmet. Tilsvarande kan underskotet i 2010 vere 12 pst., mot 5 pst. opphavleg. I reforhandlingane vart det også semje om å setje av 1 pst. av BNP i friske midlar for å styrkje det sosiale tryggingsnettet. Dei andre kreditorane slutta seg til dette, og IMF-styret godkjende det reforhandla programmet 27. august 2009.

17. februar 2010 godkjende IMF-styret andre gjennomgang av Latvias stabiliseringsprogram. I rapporten som vart førebudd til gjennomgangen, peiker IMF-staben på vesentlege forbetringar i styresmaktene si gjennomføring av tiltak. Særleg gjeld dette i finanspolitikken, der styresmaktene legg opp til ei innstramming i budsjettet for 2010 på 4,2 pst. av BNP samanlikna med nivået i 2009. Grunnlovsdomstolen i Latvia gjorde i slutten av desember 2009 eit rettsvedtak der enkelte kutt i offentlege pensjonsordningar vart vurderte som grunnlovsstridige. Kutta blir derfor reverserte og budsjettbalansen svekt med 1,5 prosentpoeng, slik at arbeidet med budsjettet for 2011 blir meir krevjande enn venta. Grunnlovsdomstolen peikte elles på at stabiliseringsprogrammet var så omfattande at det burde vore godkjent i parlamentet, og det var derfor oppe til godkjenning 21. januar 2010.

Styresmaktene har i 2010-budsjettet lagt opp til å bruke midlar tilsvarande berre 0,1 pst. av BNP til å styrkje det sosiale tryggingsnettet, noko som er ein tidel av det stabiliseringsprogrammet har gitt rom for. IMF, EU og andre långivarar, inkludert Noreg, har lagt press på latviske styresmakter for å sikre at dei tek tilstrekkeleg omsyn til dei sosiale konsekvensane ved utforminga av innstrammingstiltaka.

IMFs vurdering i samband med andre gjennomgang av låneprogrammet er at Latvia følgjer dei makroøkonomiske krava, samtidig som landet i all hovudsak gjennomfører dei spesifiserte strukturtiltaka på tilfredsstillande vis. Men banksektoren er framleis sårbar. Aukande misleghald av lån legg press på både likviditeten og soliditeten til institusjonane, og bankane har vorte tilbakehaldne med å innvilge ny kreditt. I dei første ti månadene i 2009 utgjorde tapa i banksektoren eit beløp tilsvarande 5 pst. av Latvias BNP. Restruktureringa av dei statseigde bankane går sakte. Det er framleis avgrensingar på kor mykje midlar kundane kan ta ut frå Parex, og regjeringa har enno ikkje fått ferdig ein strategi for vidare drift av banken.

Styresmaktene har bedd om at stabiliseringsprogrammet blir forlengt med ytterlegare ni månader til 22. desember 2011, noko IMF-styret godkjende i samband med andre gjennomgang. Formålet er å vidareføre styrkinga av offentlege finansar slik at underskotet i 2012-budsjettet blir mindre enn 3 pst. av BNP. Dersom dette Maastricht-kriteriet blir tilfredsstilt, kan det bane vegen for medlemskap i ØMU, som er oppgitt som exit-strategien i programmet.

Den økonomiske utviklinga har så langt vore nedslåande, men fallet i BNP viser no teikn til å flate ut. Frå 3. til 4. kvartal 2009 var nedgangen på 4 pst., justert for normale sesongvariasjonar og omrekna til årleg rate, mot eit fall på 11 pst. frå 4. kvartal 2008 til 1. kvartal 2009. For året 2009 sett under eitt er tilbakeslaget dramatisk, med ein nedgang i BNP på 18 pst. frå 2008. For 2010 er det venta ein ytterlegare nedgang på 4 pst. Nedgangen blir dempa noko av at aktiviteten i konkurranseutsett sektor tek seg opp, og industriproduksjonen har auka med 10 pst. sidan botnnivået i februar 2009. Først frå 2011 ventar IMF ny BNP-vekst, og då med klart lågare årlege ratar enn Latvia hadde før den økonomiske krisa.

Sysselsetjinga er framleis fallande, og arbeidsløysa stig. IMF-staben ventar at arbeidsløysa (AKU) vil nå toppen i 2010 med ein arbeidsløysesrate på 20 pst. for året sett under eitt, opp frå 17,5 pst. i 2009. Driftsbalansen overfor utlandet er no positiv og har stabilisert seg rundt 7–8 pst. av BNP, i hovudsak som ei følgje av redusert import. Som ei følgje av tilbakeslaget og reduksjonen i lønnsnivået har konsumprisindeksen falle sidan våren 2009. Deflasjonen styrkjer konkurranseevna. Målt ved relativ KPI har realvalutakursen depresiert med 6 pst. sidan toppen i mars 2009. Han er no tilbake på nivået han hadde då krisa begynte. Stabiliseringsprogrammet legg opp til ei ytterlegare styrking av konkurranseevna. IMF-staben karakteriserer framleis gjennomføringa av denne politikken som krevjande, spesielt sidan prisveksten er svært låg hos Latvias viktigaste handelspartnarar.

Etter godkjenninga av andre gjennomgangen av programmet er nær 1 mrd. euro av IMFs lån på om lag 1,7 mrd. euro (1,52 mrd. SDR) betalt ut. I tillegg er 2,7 mrd. euro av lånet frå EU og 300 mill. frå andre långivarar betalt ut. Til saman betyr dette at Latvia no har fått utbetalt litt over halvparten av den totale låneramma på 7,5 mrd. euro.