Prop. 151 L (2009-2010)

Endringar i forvaltningslova og straffegjennomføringslova (behandling av personopplysningar i kriminalomsorga, innsyn i benådingssaker o.a.)

Til innhaldsliste

10 Administrative og økonomiske konsekvensar

Framlegget om heimel for behandlinga av personopplysningar i kriminalomsorga fører til eit behov for å leggje om dei administrative rutinane og behov for opplæringstiltak for dei tilsette for å sikre korrekt behandling av personopplysningar, men fører ikkje med seg nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.

Framlegget om innsyn i benådingssaker inneber ei kodifisering av gjeldande rett og vil ikkje føre til merarbeid ved behandling av krav om slikt innsyn samanlikna med behandling av slike krav i dag.

Dei andre framlegga gjeld mindre justeringar som ikkje medfører administrative eller økonomiske konsekvensar.

Eventuelle meirutgifter som følger av forslaga vil bli dekka innenfor gjeldande budsjettrammer.

Til forsida