Prop. 151 L (2009-2010)

Endringar i forvaltningslova og straffegjennomføringslova (behandling av personopplysningar i kriminalomsorga, innsyn i benådingssaker o.a.)

Til innhaldsliste

7 Behandling av opplysningar som er innhenta frå andre etatar

7.1 Gjeldande rett og høyringsnotatet

Ved lov 29. juni 2007 nr. 83 fekk straffegjennomføringslova ein ny § 7a som gir kriminalomsorga rett til å hente inn nærmare fastsette opplysningar frå andre offentlege etatar utan hinder av teieplikta. Lovendringa tok til å gjelde 1. november 2007.

I høyringsnotatet gjer departementet framlegg om at straffegjennomføringslova § 7a får ei overskrift på same måten som dei andre paragrafane i lova. Departementet gjer framlegg om «Opplysningsplikt for offentlege etater» som overskrift. Formuleringa dekkjer i hovudsak innhaldet i føresegna.

Departementet gjer i høyringsnotatet også framlegg om å føye til «og behandle» i innleiinga til § 7a andre ledd for å presisere at kriminalomsorga utan hinder av teieplikta også kan bruke opplysningar ho hentar inn frå andre etatar.

7.2 Synet til høyringsinstansane

Kriminalomsorga region aust og Politihøgskolen er samde i framlegget til overskrift på § 7a og tilføyinga i § 7a andre ledd. Kriminalomsorga region sørvest har heller ingen innvendingar mot tilføyinga, jamvel om regionen meiner at heimelen allereie finst i høyringsutkastet § 4a og § 4b. Riksadvokaten meiner at det i tråd med systemet i straffegjennomføringslova elles bør tilføyast ei overskrift til § 7a, og har ingen merknader til utforminga av den.

Kriminalomsorga region nordaust viser til at § 7a andre ledd ikkje nemner opplysningar om familieforhold (barn og andre slektningar) og opplysningar frå skoleverket. Fellesorganisasjonen har generelle kommentarar til utveksling av sensitive opplysningar og INFOFLYT-systemet. KROM er blant anna skeptisk til at fengselsstellet hentar inn informasjon frå andre etatar utan samtykke frå den fangen det gjeld.

7.3 Vurderingane til departementet

I tråd med systematikken i straffegjennomføringslova elles bør § 7a ha ei overskrift som kort fortel kva paragrafen handlar om. Departementet går inn for denne overskrifta, som vik noko av frå høyringsframlegget:

«Offentlige etaters opplysningsplikt overfor kriminalomsorgen.»

Men departementet vil ikkje gjere framlegg om endring i § 7a andre ledd, som presiserer at kriminalomsorga, utan hinder av teieplikta, kan behandle opplysningar som er innhenta frå andre etatar. Behandlinga av slike opplysningar er regulert i eit nytt kapittel 1a, og endringa er såleis overflødig, slik Kriminalomsorga region sørvest peiker på.

Til forsida