Prop. 85 L (2013–2014)

Endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av EØS-reglar om busspassasjerrettar)

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett

3.1 Innleiing

Norsk rett har ikkje ei samla regulering av busspassasjerrettar. Ulike lover og forskrifter har reglar som vil ha betyding for rettar på området. Desse reglane er det gjort greie for under dei einskilde punkta nedanfor.

Norsk rett har ikkje reglar som er direkte i strid med forordninga. Dei krava som følgjer av forordninga, vert likevel berre eit stykke på veg dekte av norske lover og forskrifter. I praksis følgjer rettane for busspassasjerar i stor grad av avtalar mellom passasjerar og transportørar i form av fastsette transportvilkår. Desse vilkåra skal vere godkjende av Samferdselsdepartementet, jf. yrkestransportlova § 33 og yrkestransportforskrifta § 31 første ledd. Godkjenninga inneber ei kvalitetssikring av avtalegrunnlaget mellom passasjeren og transportøren, mellom anna ved at utkast til transportvilkår som avvik frå standardvilkåra, vert lagde fram for forbrukarstyresmaktene.

Samferdselsdepartementet fastsette 12. juli 2004 standardvilkår for transport med rutegåande busstrafikk i Noreg i samsvar med yrkestransportlova § 33, jf. forskrift 26. mars 2003 nr. 401 om yrkestransport innenlands med motorvogn og fartøy (yrkestransportforskrifta) § 31. Desse standardvilkåra vert nytta i samband med godkjenning av transportvilkåra i dei einskilde selskapa og inneheld mellom anna reglar om handbagasje og anna reisegods, ansvar ved forseinking eller kansellering, og tap av eller skade på reisegods. Standardvilkåra har òg ordensreglar som stiller krav til åtferda til passasjerane. Transportørane kan nytte supplerande transportvilkår så lenge dei ikkje innskrenkar passasjerrettane.

Rettar for busspassasjerar kan, med heimel i yrkestransportlova § 11, òg fastsetjast av løyvestyresmakta som vilkår for det einskilde løyvet. Yrkestransportforskrifta § 25 slår fast at ruteløyvet gjev rett og plikt til å drive den transporten som løyvet omfattar, i samsvar med dei vilkåra som gjeld for verksemda.

Når fylkeskommunen eller dei fylkeskommunale transportselskapa kjøper kollektivtransporttenester, kan dei òg, på avtalerettsleg grunnlag, stille vilkår til leverandørane om rettar for passasjerane.

Yrkestransportlova gjeld for transport med motorvogn eller fartøy i Noreg, jf. yrkestransportlova § 1. Det går fram av dei konkrete reglane at lova rettar seg mot den som driv eller vil drive transport mot vederlag, selskap med transportøransvar som administrerer rutesambanda i fylka, sjåførar og løyve- og kontrollstyresmaktene.

Yrkestransportlova har i dag ikkje reglar som rettar seg mot reisebyrå, turoperatørar og ansvarlege for drift av bussterminalar. I den grad slike aktørar har plikter direkte overfor busspassasjerane, vil det vere på grunnlag av generelle reglar som ikkje er knytte til transportverksemd, som til dømes det generelle forbodet mot diskriminering i diskriminerings- og tilgjengelova av 2013 § 5 og reglane om universell utforming i den same lova.

Nedanfor følgjer ei oversikt over norsk rett på dei rettsområda som er omfatta av forordninga. Omtalen er i hovudsak strukturert etter inndelinga i forordninga.

3.2 Lik handsaming av norske og utanlandske passasjerar

Ifølgje EØS-avtalen artikkel 4 er det forbode å handsame passasjerar ulikt på grunnlag av nasjonalitet. Det inneber at borgarar frå andre EØS-land skal kunne nytte busstransport i Noreg på same vilkår som norske borgarar. Det gjeld òg reiser over landegrensene og tinging av slike reiser.

Lov 21. juni 2013 nr. 60 om forbud mot diskriminering på grunn av etnisitet, religion og livssyn (diskrimineringslova om etnisitet) § 6 forbyr diskriminering grunna etnisk opphav, religion eller livssyn. Diskriminering grunna nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge og språk vert òg rekna som diskriminering grunna etnisk opphav. Forbodet omfattar òg diskriminering av borgarar frå land utanfor EØS.

3.3 Reisebevis mv.

Noko krav om å få utferda billett er ikkje nedfelt i lov eller forskrift, men følgjer av transportvilkåra og er ein del av avtalegrunnlaget mellom passasjeren og transportøren. Dette er også eit krav i § 4 i standardvilkåra som er godkjende Samferdselsdepartementet.

3.4 Erstatningsrettsleg vern og praktisk assistanse til busspassasjerane ved ulykker

3.4.1 Erstatningsrettsleg vern ved ulykker

På bakgrunn av at forordninga når det gjeld erstatning for person- og tingskade, berre stiller konkrete krav til medlemsstatanes regulering av erstatningsutmåling, er omtalen i dette avsnittet avgrensa til det. For andre erstatningsvilkår viser forordninga til nasjonal rett.

Norsk rett har ikkje særreglar om erstatning for passasjerar ved bussulykker. Slike rettar må utleiast av alminneleg erstatningsrett. Lov 3. februar 1961 nr. 3 om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova) og lov 13. juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning (skadeserstatningslova) har generelle føresegner om erstatning som vil gjelde for busspassasjerar. Begge lovene har føresegner om personskade og tingskade, mellom anna føresegner som har betyding for erstatningsutmålinga. Lov 20. desember 1974 nr. 68 om vegfraktavtaler (vegfraktlova) har føresegner om skade på eller tap av bagasje.

Bilansvarslova byggjer på eit system der eigarane av køyretøy skal forsikre køyretøyet mot skade som køyretøyet valdar på person og gods, jf. bilansvarslova § 15. Det går fram av bilansvarslova § 4 at når ei motorvogn gjer skade, «har skadelidaren krav på skadebot hjå det trygdelaget som vogna er trygda i». Paragraf 5 i lova set grenser for kva krav som kan dekkjast. Det går fram at ingen kan krevje skadebot for «skade på gods som vert ført med vogna, frårekna gangklede og andre vanlege eigne bruksting som folk har på seg eller med seg på køyreturen som ferdagods og som vert skadde i samband med at folk eller ei vogn får skade».

Ifølgje bilansvarslova § 6 vert skadebota for både tingskade, personskade og tap av forsørgjar fastsett etter vanlege skadebotreglar når ikkje noko anna er sagt i lova. Etter bilansvarslova § 9 er ansvarsgrensa ved skadebot på gods sett til 10 000 000 kr for det som vert skadd i den same hendinga.

Vegfraktlova har føresegner om kva transportøren har ansvar for ved heilt eller delvis tap av eller skade på gods passasjeren har med seg mot særskild betaling for frakta (utover det som ein fritt kan ha med seg når ein løyser personbillettar). Vegfraktlova har difor i praksis lite å seie for dei fleste busspassasjerar.

3.4.2 Praktisk assistanse ved ulykker

Det kan etter norsk rett ikkje utleiast noka klar plikt for transportørar til å følgje opp passasjerar ved bussulykker. Førstehjelp og praktisk oppfølging av eller omsorg for dei reisande vert eit stykke på veg teke hand om av det offentlege gjennom nødetatane og helsetenestene.

3.5 Rettar for personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne

3.5.1 Generelt

I norsk rett er reglar om rettar for personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne og forbod mot å diskriminere dei på grunn av nedsett funksjonsevne tekne inn i lov 21. juni 2013 nr. 61 om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelova). Diskrimineringsforbodet i § 5 er retta mot både offentlege organ og private verksemder som er retta mot allmenta. Diskriminerings- og tilgjengelova § 18 har føresegner om at offentlege styresmakter skal arbeide aktivt, målretta og planmessig for likestilling uavhengig av nedsett funksjonsevne.

Omgrepet «nedsett funksjonsevne» i diskriminerings- og tilgjengelova har eit vidt omfang og omfattar mellom anna nedsett fysisk rørsleevne, syns- og høyrselshemmingar, kognitive funksjonshemmingar mv.

3.5.2 Tilrettelagd informasjon for personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne

Forskrift 21. juni 2013 nr. 732 om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT) løsninger er ført vidare i medhald av diskriminerings- og tilgjengelova § 34. Forskrifta tredde i kraft 1. juli 2013. Det følgjer av forskrifta at informasjon som vert gjeven gjennom ei nettløysing, til dømes ei heimeside, eller på ein automat, som er ein del av verksemda si hovudløysing for informasjon mot allmenta skal gjevast i eit tilgjengeleg format. Nye IKT-løysingar skal tilpassast krava innan 1. juli 2014. For eksisterande løysingar skal krava oppfyllast innan 1. januar 2021. Forskrifta er avgrensa til å gjelde for nettløysingar og automatar. Forskrifta gjeld fullt ut òg for busstransport.

Ut over det som følgjer av diskriminerings- og tilgjengelova § 13 og § 14 er det i norsk rett elles ikkje fastsett krav om tilrettelagd informasjon for personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne i samband med busstransport.

3.5.3 Assistanse før og under reisa

Departementet viser innleiingsvis til at krav om universell utforming av bussar, stasjonar og terminalar har betyding for omfanget og arten av den assistansen som eventuelt skal ytast til ein reisande med nedsett funksjons- eller rørsleevne for at reisa skal kunne planleggjast og gjennomførast på rimeleg vis.

Etter diskriminerings- og tilgjengelova § 13 har offentlege verksemder og private verksemder som er retta mot allmenta plikt til å arbeide aktivt og målretta for å fremje universell utforming av dei fysiske tilhøva ved verksemda og IKT. Plikta gjeld så langt det ikkje medfører ei uforholdsmessig byrde for verksemda. Lova føreset at utfyllande reglar om universell utforming av bygningar, anlegg og transportmiddel vert tekne inn i sektorregelverka.

Kravet om universell utforming av bygningar og anlegg er nærare regulert i lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova) med tilhøyrande forskrifter. Forskrift 26. mars 2010 nr. 489 om tekniske krav til byggverk (byggteknisk forskrift) § 12-1 lyder:

«Byggverk for publikum og arbeidsbygning skal være universelt utformet slik det følger av bestemmelser i forskriften, med mindre byggverket eller del av byggverket etter sin funksjon er uegnet for personer med funksjonsnedsettelse.»

Føresegnene gjeld for nybygg og større ombyggingar og kan ha betyding for utforming og innretning av bussterminalar.

Krav til universell utforming av motorvogner i løyvepliktig transport vart fastsette av Samferdselsdepartementet i forskrift 3. desember 2009 nr. 1438. Krava i forskrifta gjeld for avtalar om innkjøp av motorvogner som er inngåtte etter 1. januar 2010.

Av rundskriv N-2/2006 frå Samferdselsdepartementet følgjer krav om universell utforming av ekspressbussar og krav om at transportørane skal yte praktisk assistanse til personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne. Rundskrivet inneheld òg krav til opplæring av dei tilsette hos transportøren. Krava i rundskrivet er stilte med heimel i yrkestransportlova § 11, jf. § 27 fjerde ledd.

3.5.4 Tap av og skade på rørslehjelpemiddel

Norsk rett har ikkje spesielle føresegner om kva ansvar transportøren har for skade på/tap av rørslehjelpemiddel ved bruk av kollektivtransport. I desse tilfella gjeld generelle erstatningsreglar, mellom anna reglane om erstatningsrettsleg vern ved ulykker, jf. pkt. 3.4.1.

3.6 Forseinkingar og kansellering av bussavgangar mv.

Norsk rett har ikkje spesielle reglar om kva plikter transportøren har ved forseinking eller kansellering av bussavgangar.

I praksis er det vanleg at desse spørsmåla er regulerte i transportvilkåra. Transportvilkåra har normalt føresegner om plikt til å gje informasjon til reisande i samband med forseinkingar, ansvar for alternativ transport mv. Kollektivtrafikkforeningen, som er ei bransjeforeining, har utarbeidd tilrådde vilkår om mellom anna krav på dekning av utgifter til alternativ transport opp til eit visst beløp, avhengig av kor stor forseinkinga er. Fleire selskap har innarbeidd denne typen vilkår for passasjerane sine i transportvilkåra.

Dersom ei forseinking fører til økonomisk tap for passasjeren, gjeld alminneleg erstatningsrett, og den reisande kan krevje erstatning gjennom søksmål for domstolane på vanleg måte.

3.7 Ulike informasjonsplikter overfor passasjerar

Yrkestransportforskrifta §§ 28, 29 og 31 har reglar om ruteplanar, takstar og transportvilkår. Desse reglane stiller generelle krav til offentleggjering av transportvilkår og takstregulativ og gjev heimel for å innføre retningsliner for offentleggjering av ruteplanar.

3.8 Høve til å klage og handheving

3.8.1 Intern klageordning

Transportørane er ikkje pålagde å ha ei intern klageordning for handsaming av klager frå passasjerane. I praksis er det likevel vanleg at transportørane har ei slik ordning. Det er òg ein føresetnad i standardvilkåra til Samferdselsdepartementet, jf. § 16.

3.8.2 Nasjonalt klageorgan

Det følgjer av norsk rett inga plikt til å opprette eit nasjonalt klageorgan som handsamar klager frå busspassasjerar. Ei slik ordning er heller ikkje etablert av bussbransjen eller forbrukarorganisasjonane.

Det er i medhald av lov 11. juni 1993 nr. 101 om luftfart (luftfartslova) §§ 10-44 til 10-47, lov 11. juni 1993 nr. 100 om anlegg og drift av jernbane, herunder sporvei, tunnelbane og forstadsbane (jernbanelova) § 7 c og forskrift 20. januar 2012 nr. 84 om klagenemnd for fly- og jernbanepassasjerer (transportklagenemndforskriften) oppretta ei klagenemnd for fly- og jernbanepassasjerar (Transportklagenemnda). Denne nemnda handsamar klager frå passasjerar innanfor luftfart og jernbane.

Klager som gjeld diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne, medrekna klager på manglande universell utforming av dei fysiske tilhøva og IKT jf. diskriminerings- og tilgjengelova § 13, vert handsama av Likestillings- og diskrimineringsombodet og –nemnda, jf. diskriminerings- og tilgjengelova § 28.

3.8.3 Handheving

Yrkestransportlova kapittel 8 har reglar om kontroll og sanksjonar. Det følgjer av § 40 a at den som med vilje eller aktløyse bryt § 38, som krev at føraren av ei motorvogn i løyvepliktig transport pliktar å ha med seg kontrolldokument, kan påleggjast lovbrotsgebyr. Den som med vilje eller aktløyse bryt yrkestransportlova, forskrifter eller vilkår som er fastsette med heimel i lova, vert straffa med bot, jf. § 41.

Lova gjev likevel ikkje heimel for å påleggje transportørane retting av feil eller manglar eller for å nytte tvangsmulkt.

Med heimel i yrkestransportlova § 29 første ledd har løyvestyresmakta heimel til å kalle tilbake løyvet når løyvehavaren ikkje fyller dei krava som er stilte i forskrifter og vilkår, eller ikkje rettar seg etter forskrifter og vilkår som gjeld for å drive verksemda.

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 2006/2004 av 27. oktober 2004 om samarbeid mellom nasjonale styresmakter med ansvar for handheving av forbrukarvernlovgjeving (forordning om forbrukarvernsamarbeid) er innlemma i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett, jf. lov 9. januar 2009 nr. 2 om kontroll med markedsføring og avtalevilkår mv. (marknadsføringslova). Denne forordninga har krav om handheving av rettsakter som er knytte til forbrukarrettar på tvers av landegrenser.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) fører tilsyn med diskriminerings- og tilgjengelova § 14 om universell utforming av IKT- løysingar og med forskrifta til denne føresegna.

Til forsida