Prop. 85 L (2013–2014)

Endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av EØS-reglar om busspassasjerrettar)

Til innhaldsliste

9 Merknader til lovframlegget og iverksetjing

9.1 Merknader til lovframlegget

Til § 32 a om passasjerrettar

Ny § 32 a første ledd i yrkestransportlova skal gje departementet heimel for gjennomføring og utfylling av reglar om busspassasjerrettar som er tekne inn i EØS-retten. Føresegna gjev departementet heimel for å gjennomføre forordning 181/2011 om busspassasjerrettar, samt framtidige EØS-reglar på området, i forskrift.

Andre ledd skal gje departementet heimel for å peike ut terminalar der reisande med nedsett funksjons- eller rørsleevne kan få assistanse. Departementet får heimel til å gje nærare forskrift på området. Heimelen opnar både for at departementet kan peike ut terminalar direkte, og for at departementet kan fastsetje i forskrift kva vilkår som må vere til stade for at ein terminal skal få slike plikter.

Tredje ledd skal gje heimel for departementet til å opprette eit nasjonalt klageorgan for løysing av tvistar mellom passasjerar og den som driv persontransport med motorvogn i rute, og andre som har plikter overfor passasjerane i samband med rutetransport. Dette inneber at i tillegg til den som driv persontransport i rute, medrekna selskap med transportøransvar som administrerer rutesamband i fylka, vil òg ansvarlege for drift av bussterminalar, reisebyrå som formidlar bussreiser, turoperatørar som sel billettar for reiser med rutebuss og underleverandørar som til dømes dei som sel billettar, kunne verte omfatta av klageordninga. Klageorganet kan handsame både klager etter EØS-regelverket og klager på transportørane sine transportvilkår. Føresegna gjev departementet heimel til å gje nærare forskrift om at klageorganet heilt eller delvis skal finansierast gjennom gebyr frå den som driv persontransport med motorvogn i rute, andre som er omfatta av ordninga, og klagarane. Departementet kan òg gje nærare forskrift om innkrevjing av gebyr. Departementet får dessutan heimel til å gje forskrift om oppnemning av klageorganet, verkeområde, samansetjing, organisering, sakshandsaming og tilhøvet til valdgiftsklausular i samsvar med luftfartsloven §10-44 andre ledd nr. 1 til 3 og nr. 5 og 6. Det vert òg fastsett at reglane i luftfartsloven §§ 10-45 til 10-47 gjeld tilsvarande. Avgjerdene i klageorganet skal ikkje vere rettsleg bindande.

Fjerde ledd skal gje heimel for at departementet kan fastsetje at den som driv persontransport med motorvogn i rute i, til eller frå Noreg, eller andre som i samband med slik transport har pliktar overfor passasjerane, skal vere omfatta av klageordninga i tredje ledd. Det er i hovudsak dei som driv rutetransport med buss, medrekna selskap med transportøransvar som administrerer rutesamband i fylka, som vil verte pålagde å vere omfatta av klageordninga. Dersom personbil (taxi) vert nytta til å utføre transport i rute, vil den som driv verksemda òg verte omfatta av reglane. Departementet kan òg fastsetje at andre som i samband med rutetransport har plikter overfor passasjerane skal vere omfatta av klageordninga.

Femte ledd skal gje departementet heimel for å peike ut eit nasjonalt handhevingsorgan som skal føre tilsyn med at reglane i første til fjerde ledd vert følgde. Føresegna skal òg gje heimel for at handhevingsorganet kan gje pålegg om retting og tvangsmulkt ved brot på reglane i første til fjerde ledd. Vidare gjev føresegna departementet heimel til å gje forskrift om at handhevingsorganet utan omsyn til teieplikta kan krevje innsyn og informasjon frå den som mot vederlag driv persontransport med motorvogn i rute, eller andre som i samband med slik transport har plikter overfor passasjerane.

9.2 Iverksetjing

Det vert lagt opp til at lovendringa skal tre i kraft frå den tid Kongen fastset.

Tidspunktet lova skal tre i kraft kan då tilpassast det tidspunktet forordninga om busspassasjerrettar vert teken inn i EØS-avtalen, og nødvendige forskrifter er fastsette.

Til forsida