Prop. 85 L (2013–2014)

Endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av EØS-reglar om busspassasjerrettar)

Til innhaldsliste

4 Klage- og handhevingsordningar i nordisk rett

I Sverige er det i dei fleste tilfelle Konsumentverket som er handhevingsorgan etter forordninga. Det er likevel Transportstyrelsen som fører tilsyn med at transportørane og terminaloperatørane gjev sine tilsette nødvendig opplæring for å ta hand om passasjerar med nedsett funksjons- eller rørsleevne. Det er ikkje oppretta eit særskilt klageorgan for busspassasjerar. Dersom passasjeren ikkje vert samd med transportøren, kan han eller ho klage til ei forbrukarklagenemnd (Allmänna reklamationsnämnden (ARN)). ARN handsamar berre tvistar om beløp på minst 1000 kr eller saker av prinsipiell interesse.

Danmark har oppretta eit særskilt klageorgan for passasjerar for buss, tog og metro (Ankenævnet for Bus, Tog og Metro). Ankenævnet er finansiert ved at dei trafikkselskapa som er tilslutta ordninga betaler ei grunnfinansiering på 750.000 DKK. I tillegg betaler klagarane eit lite klagegebyr. Dersom klagaren får heilt eller delvis medhald i klagen, vert gebyret refundert. Dersom transportørane ikkje får medhald i klageorganet, vert dei pålagde eit større standardgebyr. Det vert ikkje kravd gebyr for saker som vert avslutta i sekretariatet utan at dei vert handsama av sjølve nemnda. Ankenævnet handsamar berre sivilrettslege tvistar som gjeld økonomiske spørsmål. Dei klagene som Ankenævnet ikkje har kompetanse til å handsame vert ivaretekne av Trafikstyrelsen.

Til forsida