Prop. 85 L (2013–2014)

Endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av EØS-reglar om busspassasjerrettar)

Til innhaldsliste

5 Nærare om forordninga

5.1 Innleiing

EUs forordning om busspassasjerrettar set minstekrav til kva rettar busspassasjerar skal ha. Forordninga legg plikter på medlemsstatane, transportørar, bussterminaloperatørar, reisebyrå og reisearrangørar. Forordninga pålegg òg plikter for underleverandørar som billettutferdarar og for undertransportørar.

5.2 Føremål

Forordninga tek sikte på å betre passasjerrettane innanfor busstransport, og skal særleg betre rettane til personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne. Vidare skal forordninga sikre ikkje-diskriminering i samband med dei transportvilkåra transportørane tilbyr, i tillegg til å gje assistanse til personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne.

Forordninga tek òg sikte på å fastsetje kva rettar passasjerane har ved ulykker, og reglar om erstatningsansvar og plikter hos transportørane ved kansellering og forseinkingar. Det er sett minstekrav til informasjon og krav til handsaming av klager. Forordninga har òg generelle reglar om klagehandsaming og handheving (artikkel 1).

5.3 Verkeområdet for forordninga

Forordninga gjeld for passasjerar som nyttar rutetransport som er open for alle, og der passasjerane stig om bord eller går av på området til ein medlemsstat. Forordninga gjeld for rutetransport når den planlagde ruteavstanden er på 250 km eller meir (artikkel 2 nr. 1). Delar av forordninga gjeld òg for rutetransport utan omsyn til ruteavstand (artikkel 2 nr. 2). Nokre av reglane i forordninga gjeld òg for tilfeldig transport (artikkel 2 nr. 3). Forordninga opnar for nokre unnatak.

Kva reglar som gjeld for dei tre ulike kategoriane, og kva unnatak som gjeld, vert det gjort nærare greie for nedanfor.

5.3.1 Reglar som omfattar all rutetransport

Det følgjer av forordninga artikkel 2 nr. 2 at visse reglar gjeld for all rutegåande transport.

Forbodet mot diskriminering basert på nasjonalitet og forbodet mot å nekte personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne å stige om bord i bussen gjeld for all rutetransport. Det same gjeld forbodet mot å nekte å utferde billett.

All rutetransport er òg omfatta av reglane om plikta for transportørar og bussterminalar til å gje relevant reiseinformasjon til passasjerane og til å informere passasjerane om kva rettar dei har etter forordninga.

Alle transportørar som driv rutegåande trafikk, har plikt til å ha ei intern klageordning til å handsame klager for brot på rettane etter forordninga.

I tillegg har medlemsstatane plikt til å etablere eit uavhengig nasjonalt klageorgan for all rutetransport som skal handsame klager i dei tilfella passasjeren og transportøren ikkje har vorte samde, og eit nasjonalt handhevingsorgan for all rutetransport.

5.3.2 Reglar som berre gjeld for ruter der den planlagde ruteavstanden er på 250 km eller meir

For rutegåande trafikk der den planlagde ruteavstanden er på 250 km eller meir, gjeld reglar om erstatningsansvar og plikt hos transportørane til å ta seg av passasjerane ved ulykker. For dei lengre rutene gjev forordninga òg utvida rettar for personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne. Mellom anna skal det på utpeika terminalar og på visse vilkår om bord i bussen vere tilbod om assistanse for desse passasjerane. Forordninga gjev dessutan reglar om passasjerrettar ved kansellering eller forseinkingar.

5.3.3 Tilfeldig transport (turvognkøyring)

Forordninga, med unnatak av artiklane 9–16, art. 17 nr. 3 og kapittel IV, V og VI, får òg verknad for tilfeldig transport (turvognkøyring).

Det inneber at berre reglane om billettplikt, diskrimineringsforbod på bakgrunn av nasjonalitet, erstatning og hjelp ved ulykker får verknad for desse transportane. Erstatningsansvaret for transportørar og terminaloperatørar ved skade på hjelpemiddel for personar med avgrensa rørsleevne gjeld òg for turvognkøyring.

5.3.4 Unnatak

Artikkel 2 nr. 4 gjev høve til unnatak frå forordninga.

Medlemsstatane kan på ein gjennomsiktig og ikkje-diskriminerande måte gje eit tidsavgrensa unnatak frå forordninga for innanlands rutetransport i ein periode på høgst fire år frå reglane tek til å gjelde (artikkel 2 nr. 4). Unnataket kan fornyast éin gong.

Det følgjer likevel av artikkel 2 nr. 4 at det ikkje kan gjerast unnatak frå forbodet mot diskriminering på bakgrunn av nasjonalitet (artikkel 4 (2)), retten til transport for personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne (artikkel 9), kravet om tryggleik eller til konstruksjonen av køyretøyet (artikkel 10 (1)), kravet om at dei tilsette skal ha fått tilstrekkeleg opplæring når det gjeld assistanse til passasjerar med nedsett funksjons- eller rørsleevne mv. (artikkel 16 (1) bokstav b og (2)), erstatningsansvaret for transportørar og terminaloperatørar ved skadar på hjelpemiddel til personar med avgrensa rørsleevne (artikkel 17 (1) og (2)), eller reglane om klageordning og handheving (artikkel 24–28).

Medlemsstatane kan òg for ein periode på høgst fire år gjere unnatak frå forordninga for bestemde ruter når ein betydeleg del av rutetransporten, inkludert minst eitt planmessig stopp, skjer utanfor EU (artikkel 2 nr. 5). Dette unnataket kan fornyast éin gong.

Medlemsstatane skal gje EU-kommisjonen melding dersom dei gjer unnatak frå forordninga (artikkel 2 nr. 6). Kommisjonen skal setje i verk nødvendige tiltak dersom eit slik unnatak vert vurdert å vere i strid med reglane i artikkel 2. Kommisjonen skal rapportere til Europaparlamentet og Rådet om unnatak som er gjevne i medhald av artikkel 2 nr. 4 og 5, innan 2. mars 2018.

Artikkel 2 nr. 7 slår fast at reglane i forordninga ikkje skal tolkast som å vere i strid med, eller i tillegg til, krava i den gjeldande lovgivinga om tekniske krav for bussar eller infrastruktur eller om utstyr ved busshaldeplassar og terminalar. Forordninga gjeld ikkje for reiser som fell inn under pakkereisedirektivet (direktiv 90/314/EF), og skal ikkje gjelde ved kansellering av pakketurar av andre grunnar enn ved kansellering av rutetransport (artikkel 2 nr. 8).

5.4 Allmenne reglar

Transportørane har plikt til å utferde billett til passasjerane med mindre andre dokument gjev rett til transport. Billetten kan utferdast i elektronisk format (artikkel 4 (1)).

Forordninga forbyr diskriminering på bakgrunn av nasjonalitet (artikkel 4 (2)).

Dersom utføringa av plikter etter forordninga er overført til ein undertransportør, ein billettseljar eller ein annan person, skal transportøren, reisebyrået, turoperatøren eller terminaloperatøren som er pålagd ei slik plikt, likevel vere ansvarleg for handlingane og unnlatingane til den utførande parten (artikkel 5). I tillegg vil den som har fått ansvaret for ei oppgåve frå ein transportør, eit reisebyrå, ein turoperatør eller ein terminaloperatør, vere underlagd reglane i forordninga for den oppgåva det gjeld.

Artikkel 6 slår fast at passasjerrettane etter forordninga ikkje kan avgrensast eller fråvikast, heller ikkje gjennom unnataksreglar eller avgrensande klausular i transportkontrakten. Transportørane står likevel fritt til å tilby betre vilkår for passasjerane enn det som følgjer av forordninga.

5.5 Erstatning og praktisk assistanse ved ulykker

Artikkel 7 i forordninga gjeld erstatningsansvaret transportørane har i samband med dødsfall eller skade på passasjerar, i tillegg til skade på eller tap av bagasje ved bussulykker. Forordninga har ikkje reglar om ansvarsgrunnlag ved ulykker, men viser til at nasjonal rett skal gjelde.

Erstatningssummen skal fastsetjast ut frå nasjonal lovgjeving. Ei eventuell maksimalgrense for erstatningssummen kan ikkje vere lågare enn 220 000 euro per passasjer eller 1200 euro per kolli. Dersom det er skade på rullestolar eller andre hjelpemiddel for personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne, skal erstatninga alltid svare til kostnaden for reparasjon eller erstatning av det tapte eller skadde utstyret (artikkel 7 (2)).

I samsvar med artikkel 8 i forordninga skal transportørane ved ulykker tilby rimeleg og praktisk assistanse til passasjerane – avpassa etter tilhøva. Der det er nødvendig, skal slik hjelp inkludere innkvartering, mat, klede, transport og førstehjelp. Å gje slik hjelp inneber ikkje å akseptere erstatningsansvar. Transportørane kan avgrense den totale kostnaden for innkvartering til 80 euro per passasjer per natt, og til høgst to netter.

5.6 Ikkje-diskriminerande tilgang til transport, og rett til assistanse for personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne

Etter forordninga har passasjerar med nedsett funksjons- eller rørsleevne rett til transport på ikkje-diskriminerande vilkår (artikkel 9). For det første kan ein transportør, eit reisebyrå eller ein turoperatør ikkje nekte å akseptere ei førehandstinging, utferde ein billett eller nekte ein passasjer å gå om bord på grunn av nedsett funksjons- eller rørsleevne. For det andre har personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne krav på å kunne gjere reservasjonar og kjøpe billettar utan ekstra kostnad.

Etter forordninga kan passasjerar med nedsett funksjons- eller rørsleevne berre nektast transport i to tilfelle (artikkel 10):

  1. der nekting er nødvendig på grunn av tryggleikskrav i folkeretten, EU-retten eller nasjonal rett, eller på grunn av helse- eller tryggleikskrav som er fastsette av nasjonale styresmakter

  2. dersom nekting er nødvendig fordi måten køyretøyet er konstruert på, eller infrastrukturen, inkludert haldeplassar og terminalar, gjer det fysisk umogleg å la personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne stige på eller av bussen eller frakte passasjeren på ein trygg gjennomførbar måte

Passasjerane har likevel visse rettar i dei tilfella transport vert nekta med gyldig grunn (artikkel 10). Når passasjeren er nekta transport ved reservasjon av reisa eller før billetten er utferda, skal transportøren, reisebyrået eller turoperatøren informere personen det gjeld, om ei eventuell akseptabel alternativ transportteneste utført av transportøren.

I dei tilfella transport vert nekta sjølv om reservasjonen er akseptert og/eller billetten er utferda og passasjeren har oppfylt krava om opplysning og oppmøte (artikkel 14 (1)), har passasjeren rett til å velje mellom tilbakebetaling av billettprisen (og der dette er relevant, retur til avreisestaden) og endring av reisa.

Dersom ein transportør, eit reisebyrå eller ein turoperatør nektar ein person med nedsett funksjons- eller rørsleevne transport på bakgrunn av tryggleiksomsyn, utforminga av køyretøyet eller infrastrukturen, kan passasjeren krevje å ha med seg ein person etter eige val som kan yte den nødvendige assistansen. Assistenten har krav på å reise gratis og, om det er mogleg, få plass ved sida av personen med nedsett funksjons- eller rørsleevne.

Passasjeren kan krevje å få ei skriftleg grunngjeving dersom han eller ho vert nekta transport på bakgrunn av tryggleiksomsyn, utforminga av køyretøyet eller infrastrukturen.

Transportørane og terminaloperatørane pliktar i samarbeid med organisasjonar som representerer personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne, å fastsetje ikkje-diskriminerande vilkår for tilgang til transport av personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne (artikkel 11). Forordninga gjev òg reglar om korleis transportørane, terminaloperatørane og turoperatørane skal gjere vilkåra offentleg tilgjengelege.

Medlemsstatane skal peike ut bussterminalar der det skal ytast gratis assistanse til personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne (artikkel 12).

På dei utpeika terminalane skal transportørane og terminaloperatørane yte assistanse i samsvar med retningslinene i vedlegg I del a (artikkel 13). Det vil seie at dei skal yte assistanse og setje inn tiltak som gjer det mogleg for ein person med nedsett funksjons- eller rørsleevne å

  • kommunisere når han eller ho kjem til terminalen, og be om assistanse på ein utpeika møtestad

  • flytte seg frå møtestaden til innsjekkingsskranken, venterommet eller avgangsområdet

  • plassere bagasjen sin

  • hente bagasjen sin

  • stige ut av køyretøyet

  • ha med seg ein godkjend førarhund om bord i bussen

  • finne fram til setet sitt

På bussane pliktar transportørane å yte gratis assistanse i samsvar med retningslinene i vedlegg I del b. Det inneber at passasjerar med nedsett funksjons- eller rørsleevne skal få grunnleggjande informasjon om reisa i eit tilgjengeleg format. Dersom det er anna personell enn føraren om bord i bussen, skal passasjeren òg få hjelp til på- og avstiging ved pausar på reisa.

Plikta til å yte assistanse er likevel underlagd visse vilkår (artikkel 14). Plikta byggjer i utgangspunktet på ein føresetnad om at transportøren eller terminaloperatøren er varsla om behovet for assistanse innan 36 timer på førehand. Det er òg ein føresetnad at personen med nedsett funksjons- eller rørsleevne møter på ein særskilt utpeika møtestad innan ein avtalt eller oppgjeven frist. Artikkel 14 set òg andre krav om plikta passasjeren har til å opplyse om behova sine.

Sjølv om opplysningar om behovet for assistanse ikkje ligg føre, skal transportøren og terminaloperatøren prøve å leggje til rette for at personen med nedsett funksjons- eller rørsleevne kan gjennomføre reisa. Forordninga har nærare reglar om opplæring av personale som skal yte assistanse (artikkel 16). Det er eit krav at transportørar i rutegåande transport skal sørgje for at personalet deira, og personellet hos eventuelle underleverandørar, har fått opplæring, og at dei etablerer eigne prosedyrar for opplæring som tek vare på kravet.

For sjåførar eller anna personell som tek seg av dei reisande eller spørsmål knytte til dei reisande, krev forordninga at opplæringa skal omfatte

  • medvit om og føremålstenleg åtferd overfor personar med fysiske, sensoriske (høyrsel og syn) eller skjulte funksjonsnedsetjingar eller lærevanskar, medrekna spørsmål om korleis ein skil mellom kva personar med avgrensa rørsleevne, orienteringsevne og kommunikasjonsevne sjølve er i stand til å gjere

  • hindringar som personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne står overfor, som haldningsmessige, fysiske og organisasjonsmessige hindringar

  • kunnskap om godkjende førarhundar, under dette kva rolle dei har, og kva behov dei har

  • handtering av uventa situasjonar

  • mellommenneskelege ferdigheiter og kommunikasjonsmetodar overfor døve, personar med høyrselshemming, synshemming eller talehemming og personar med lærevanskar

  • korleis rullestolar og andre hjelpemiddel til bruk for personar med avgrensa rørsleevne skal handterast, slik at dei ikkje kjem til skade

For personalet hos transportørane – og der det er relevant, terminaloperatørane – som gjev direkte assistanse til passasjerar med nedsett funksjons- eller rørsleevne, krevst det i tillegg opplæring om

  • korleis ein rullestolbrukar skal hjelpast opp og ned av rullestolen

  • ferdigheiter i å assistere personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne som reiser med førarhund, medrekna kunnskap om kva rolle slike hundar har, og kva behov dei har

  • teknikkar for å følgje passasjerar med synshemmingar og for handtering og transport av godkjende førarhundar

  • hjelpemiddel for personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne, og kunnskap om korleis slike hjelpemiddel skal handterast

  • bruk av hjelpemiddel som vert nytta til på- og avstiging, og kunnskap om passande prosedyrar for på- og avstiging som tek vare på tryggleiken og respekten for passasjerar med nedsett funksjons- eller rørsleevne

  • behovet for påliteleg og profesjonell assistanse og medvit om at ein del passasjerar med funksjonsnedsetjingar kan føle seg sårbare under reisa fordi dei er avhengige av assistanse

  • førstehjelp

Etter forordninga har transportøren og terminaloperatøren ansvar for å erstatte tap eller skade på funksjonstilpassa hjelpemiddel dersom dei er årsak til tapet eller skaden (artikkel 17). Erstatninga skal svare til kostnadene ved erstatning eller reparasjon av det tapte eller skadde hjelpemiddelet. Når det vert kravd, skal transportøren eller terminaloperatøren prøve å raskt finne mellombelse hjelpemiddel til erstatning.

5.7 Kva ansvar transportøren og terminaloperatøren har ved kansellering eller forseinkingar

Kapittel IV i forordninga har reglar om kva ansvar transportøren og terminaloperatøren har når transporten vert kansellert eller forseinka.

Dersom avgangen vert kansellert eller forseinka med meir enn 120 minutt frå ein terminal eller eit buss-stopp, eller ved overbooking frå ein terminal, har transportøren plikter. Passasjerane skal då kunne halde fram reisa på samanliknbare vilkår utan tilleggskostnad og så snart det er mogleg. Eit alternativ er å få refundert billettprisen og reise tilbake til avreisestaden.

Dersom transportøren ikkje kan tilby passasjeren dette valet, har den reisande krav på ein kompensasjon på opptil 50 % av billettprisen i tillegg til refusjonen. Om ein buss ikkje lenger kan nyttast undervegs i transporten, pliktar transportøren anten å halde fram reisa med eit anna køyretøy eller å transportere dei reisande til ein eigna stad eller ein terminal der dei kan vente til det er mogleg å halde fram reisa. Forordninga har nærare reglar om tilbakebetaling frå transportøren (artikkel 19).

Der ein avgang er kansellert eller forseinka, pliktar transportøren – der det er relevant, også terminaloperatøren – å informere om kanselleringa eller forseinkinga så raskt som mogleg, og seinast 30 minutt etter avgangstidspunktet i ruteplanen (artikkel 20). Så snart slike opplysningar ligg føre, skal transportøren informere om kva avgangstid passasjerane kan vente. Dersom kanselleringa/forseinkinga gjer at passasjerar ikkje rekk ei korresponderande rute, skal transportøren eller – der det er relevant – terminaloperatøren prøve å informere om alternative ruter. Transportøren og terminaloperatøren pliktar å gje tilpassa informasjon til personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne.

Etter artikkel 21 pliktar transportørane å gje praktisk assistanse til passasjerane ved kansellering eller forseinking. Dersom ei reise som er planlagd å vare i meir enn 3 timar, vert kansellert eller forseinka frå terminalen med meir enn 90 minutt, pliktar transportøren å tilby dei reisande gratis snacks, måltid eller forfriskingar dersom dette er tilgjengeleg på bussen eller terminalen, eller dersom det kan leverast på rimelege vilkår. Der kanselleringa eller forseinkinga gjer det nødvendig med eit opphald på éi eller fleire netter, skal transportøren tilby hotellrom eller anna innkvartering, i tillegg til transport mellom terminalen og innkvarteringsstaden. Etter forordninga kan transportøren avgrense dei samla kostnadene for innkvartering til 80 euro per natt per passasjer i maksimalt to netter. Når det gjeld plikta til å tilby assistanse ved kansellering eller forseinking, skal transportøren ta særleg omsyn til behova til personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne og til personar som er i følgje med desse.

Det er nokre unnatak frå reglane om kompensasjon (artikkel 19) og assistanse (artikkel 21) ved kansellering eller forseinking. Generelt gjeld reglane ikkje der passasjeren har ein open billett der avgangstidspunktet ikkje går fram, med mindre passasjeren har eit abonnements- eller periodekort. Plikta til å sørgje for innkvartering etter artikkel 21 (b) gjeld heller ikkje der kanselleringa eller forseinkinga er forårsaka av ekstreme vêrtilhøve eller store naturkatastrofar som hindrar ein trygg transport (artikkel 23).

Forordninga er ikkje til hinder for at passasjerane kan søkje skadebot ved nasjonale domstolar for tap som følgje av kansellering eller forseinking av rutegåande busstransport (artikkel 22).

5.8 Informasjonsplikt

Transportørar og terminaloperatørar har plikt til å sørgje for at passasjerane får relevant informasjon på reisa. Der det lèt seg gjere, skal informasjonen gjevast i eit tilgjengeleg format dersom passasjeren ber om det (artikkel 24).

Transportørar og terminaloperatørar skal òg sørgje for at passasjerane får passande og forståeleg informasjon om kva rettar dei har etter forordninga, seinast ved avreisa. Denne informasjonen skal vere tilgjengeleg på terminalane og på Internett. Dersom ein person med nedsett funksjons- eller rørsleevne ber om det, skal informasjonen gjevast i eit tilgjengeleg format. Det skal opplysast om kontaktinformasjonen til handhevingsorganet (artikkel 25).

5.9 Intern klageordning

Forordninga stiller krav om at transportøren skal ha ei intern klageordning for busspassasjerrettar (artikkel 26).

Forordninga har reglar om korleis transportøren skal handsame klager frå passasjerane (artikkel 27). Transportøren pliktar å ha ei tilgjengeleg ordning for handsaming av klager som gjeld rettar og pliktar etter forordninga. Det er gjeve nærare fristar for når passasjeren skal fremje klagen, og for handsaming av innkomne klager. Utover klagefristen er sjølve klageordninga ikkje nærare regulert.

5.10 Nasjonalt klageorgan

Det følgjer òg av forordninga at offentlege styresmakter skal etablere eit nasjonalt klageorgan (artikkel 28 (3)). Ein passasjer har, i samsvar med nasjonal rett, rett til å klage brot på forordninga inn for eit organ som er etablert av medlemsstaten. Organet som handsamar slike klager, kan anten vere det nasjonale handhevingsorganet (sjå punkt 5.11) eller eit anna organ som vert utpeika av medlemsstaten. Organet som handsamar passasjerklager, skal innan rimeleg tid gje passasjeren eit grunngjeve svar på klagen. Medlemsstaten kan bestemme at passasjeren først må klage til transportøren, og at det kompetente organet fungerer som klageinstans for saker som ikkje er løyste. Forordninga gjev ikkje nærare reglar for korleis klageordninga og handhevingsorganet skal organiserast. Medlemsstatane kan difor velje korleis dette skal gjennomførast i nasjonal rett.

5.11 Reglar om handheving og sanksjonar

Forordninga stiller krav om at medlemsstatane skal peike ut eit nytt eller eksisterande organ som skal ha ansvaret for å handheve forordninga når det gjeld rutetransport frå ein ombordstigingsstad som ligg på området til medlemsstaten, eller rutetransport frå tredjeland til slike punkt. Det er eit krav at eit slikt handhevingsorgan er sjølvstendig med omsyn til organisering, finansiering, rettsleg form og avgjerdsmakt.

Utover å slå fast at handhevingsorganet skal setje i verk dei tiltaka som er nødvendige for å sikre at forordninga vert etterlevd, er oppgåvene og kompetansen til handhevingsorganet ikkje nærare regulert. Samstundes krev forordninga at medlemsstatane avgjer kva sanksjonar som skal gjelde ved brot på forordninga, og at dei set i verk tiltak for å sikre at sanksjonane vert tekne i bruk (artikkel 31). Sanksjonane skal vere effektive, stå i rimeleg høve til krenkinga og verke preventivt.

Kommisjonen skal ha melding både om kva organ som er peika ut som handhevingsorgan, og om sanksjonsregimet. Forordninga har òg reglar om rapporteringskrav (artikkel 29) og om samarbeid mellom nasjonale handhevingsorgan i form av utveksling av opplysningar om eigen praksis og dei prinsippa som ligg til grunn (artikkel 30). Forordninga er omfatta av Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 2006/2004 av 27. oktober 2004 om samarbeid mellom nasjonale styresmakter med ansvar for handheving av forbrukarvernlovgjeving («forordning om forbrukarvernsamarbeid») (artikkel 33). Forordninga om busspassasjerrettar vert omfatta av handheving etter denne forordninga.

Til forsida