Definisjonar og akronym

DALY

Helsetapsjusterte leveår (Disability Adjusted Life Years), som er summen av YLL og YLD.

Eksternalitet

Ein negativ eksternalitet er ei utgift eller ei ulempe som eit individ sitt forbruk av eit gode påfører eit anna individ utan at dette individet blir kompensert for ulempa. Eit døme på dette er når eit individ vel eit usunt kosthald utan å ta omsyn til at dette fører til auka risiko for sjukdom og dermed auka behandlingskostnader i helsetenesta.

Fedme

KMI over eller lik 30 kg/m2

Finansielt regressiv

Kva grad byrda av ein skatt er høgare for personar med lågare inntekter og/eller representerer ein mindre prosentdel for ein inntektstakar med høgare inntekt.

FN

Forkorting av bokmålsnamnet De forente nasjoner (Dei sameinte nasjonane på nynorsk)

GBD – study

Det globale sjukdomsbyrdeprosjektet (Global burden of disease study)

IHME

Institute of Health Metrics and Evaluation

Internalitetar

Ein internalitet i denne samanhengen er når eit individ ikkje klarer å velje i samsvar med eigne overordna preferansar på lengre sikt. Dette reflekterer at valet individet gjer, har ei uønskt ulempe for individet sjølv, og at individet hadde valt annleis viss det var i stand til å kunne gjere ettertenksame og velinformerte slutningar. Eit døme kan vere når eit individ gjerne vil ha eit sunt kosthald, men likevel kjøper brus.

Konsumentsuverenitet

Refererer til at forbrukaren gjer val basert på ei fornuftig avveging av kostnader og fordelar, det vil seie at forbrukaren maksimerer nytten av budsjettet vedkommande har. Dersom føresetnadene for konsumentsuverenitet ikkje er oppfylte, kan det hende at menneske ikkje vel i samsvar med preferansane sine.

KMI

Kroppsmasseindeks, kroppsvekt (kg)/høgde2 (m2)

Matomgivnader

Matomgivnader er alle samanhengar der vi møter matsystemet i kvardagen, og som er med på å påverke kva folk et. Omgrepet omfattar faktorar som korleis det ser ut inne i butikkar, tilbod og reklame for mat og drikke, utsalsstader for mat i lokalsamfunn, mat som blir tilbydd i offentleg og privat sektor, og matprisar.

Matsystem

Matproduksjon, vidareforedling, distribusjon, sal og konsum og dei faktorane som påverkar kvart ledd. I tillegg omfattar omgrepet dei sosioøkonomiske, klima- og miljømessige faktorane som påverkar systemet, og effekten som systemet har på dei same faktorane.

NCD – Noncommunicabledisease (ikkje-smittsame sjukdommar)

Er namnet på ei gruppe kroniske sjukdommar (kreft, hjarte- og karsjukdommar, diabetes og kronisk lungesjukdom (kols)) der tobakksbruk, fysisk inaktivitet, alkoholbruk og usunt kosthald i all hovudsak er felles risikofaktorar for å utvikle desse sjukdommane.

Overvekt

KMI over eller lik 25 kg/m2

Proporsjonal universalisme

Er ein intervensjon eller eit tiltak som er universelt innretta, men verkar best for dei som treng det mest.

Reformulering

Endring av oppskrift på matvarer som finst i handelen. I denne samanheng betyr det å utvikle sunnare kvardagsprodukt (til dømes mindre metta feitt i ost eller mindre salt i posesuppa).

QUALY

Kvalitetsjusterte leveår (Quality adjusted life years)

YLD

Helsetap (Years Lived with Disability)

YLL

Tapte leveår (Years of Life Lost)

WHO

Verdshelseorganisasjonen (World Health Organization)

Til forsida