2 Mandatet til ekspertgruppa og samansetting og arbeidsform

2.1 Bakgrunn

Folkehelsemeldinga slår fast at arbeidet med å endre kosthaldet krev mange ulike tiltak og innsats frå ulike aktørar og sektorar. Verkeperioden for Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold går ut i 2023, men det er langt att før måla for eit sunt kosthald er nådde. Det er framleis store sosiale forskjellar i kosthaldet i landet. Det er derfor nødvendig å meisle ut framtidig politikk innan kosthald og vurdere korleis dette påverkar dei sosiale forskjellane (1).

Eit «regjeringa vil»-punkt i folkehelsemeldinga er å sette i gang eit eksternt utgreiingsarbeid om verkemiddel for å fremme eit sunt kosthald og redusere sosial ulikskap i kosthaldet. Denne gruppa er sett til å greie ut dette.

2.2 Mandat

Hovudmålet med utgreiinga var å finne fram til og vurdere tiltak som kan bidra til eit sunnare kosthald i befolkninga. I mandatet stod det vidare (sitat): «Basert på tilgjengelege kunnskapsoppsummeringar skal ekspertgruppa lage ei utgreiing med konkrete forslag til kostnadseffektive tiltak som vil bidra til eit betre kosthald og jamne ut sosiale forskjellar i kosthaldet i Noreg. Ekspertgruppa bør både vurdere tiltak for å fremme sunn åtferd og tiltak for å redusere usunn åtferd. Utgreiinga skal ta utgangspunkt i kosthaldsråda frå Helsedirektoratet og utfordringane i det norske kosthaldet. Dersom det finst vitskapleg evidens for det, skal også aspekt rundt matglede og effekten matglede har på helsa, omtalast. Ekspertgruppa skal blant anna vurdere sentrale element som kan påverke kosthaldet, slik som matomgivnader, tilgang til sunn mat, kommunikasjonsarbeid, behov for meir kunnskap, behov for reguleringar og økonomiske verkemiddel. Ekspertgruppa skal ikkje vurdere endringar i meirverdiavgiftssystemet. Utgreiinga skal innehalde samfunnsøkonomiske vurderingar. For dei tiltaka ekspertgruppa vurderer som dei mest effektive, skal ekspertgruppa foreslå korleis desse kan gjennomførast i kosthaldsarbeidet i Noreg. Ekspertgruppa skal vurdere dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaga».

2.3 Tolking og avgrensing av mandatet

Oppdraget vart gitt 4. juli 2023 til Helsedirektoratet med leveringsfrist 10. desember 2023. For at ekspertgruppa skulle kunne gjennomføre oppdraget på ein god måte, var det viktig å avgrense mest mogleg. Eit godt kosthald i denne samanhengen er definert som eit sunt kosthald i tråd med dei gjeldande kostråda som Helsedirektoratet gir til befolkninga generelt (2). Ekspertgruppa har valt å ikkje vurdere kosthald knytt til spedbarn og amming, ernæringsbehandling i samband med bestemte diagnosar og feil- og underernæring hos pasientar i helseinstitusjonar.

Ekspertgruppa konsentrerte seg om ansvaret styresmaktene har for å legge til rette for eit sunt kosthald blant innbyggarane, sjølv om individet også har eit ansvar for eige kosthald ut frå sine føresetnader. Ekspertgruppa ønskte å finne strukturelle tiltak som treffer alle innbyggarane, som er særleg retta mot barn og unge, og som samstundes kan redusere sosial ulikskap i kosthaldet. Såleis var målet for ekspertgruppa å finne strukturelle tiltak som når alle, men verkar best for dei gruppene som treng det mest.

Dette er eit langsiktig arbeid som omfattar meir enn ekspertgruppa sine tilrådingar. Ekspertgruppa har på den korte tida vi har fått, og basert på tilgjengeleg kunnskap, peika på kva tiltak vi tilrår styresmaktene å sjå nærare på, og som på sikt kan innførast i Noreg.

Vi håper med dette at vi kan vere med på å legge grunnen for ein meir offensiv ernæringspolitikk som i større grad enn i dag vil føre til eit sunnare kosthald og redusere sosial ulikskap i kosthaldet i befolkninga.

2.4 Desse er med i ekspertgruppa

  • Geir Sverre Braut (leiar), professor, Høgskulen på Vestlandet og Stavanger universitetssjukehus
  • Kyrre Dybdal, president i Norske Kokkers Landsforening, adjunkt Ole Vig vgs. 
  • Mathias Ekström, professor, NHH, Bergen
  • Kristin Hollung, forskingssjef, Nofima
  • Steinar Krokstad, professor, NTNU
  • Hans Olav Melberg, professor, UiT
  • Vigdis Brit Skulberg, seksjonsleiar, Oslo kommune, Helseetaten
  • Sinne Smed, lektor, København Universitet
  • Tine Sundfør, klinisk ernæringsfysiolog, Ph.d., Bærum sykehus
  • Liv Elin Torheim, avdelingsdirektør, Folkehelseinstituttet, og professor, OsloMet
Sekretariat:
  • Guro Berge Smedshaug, seniorrådgivar, Helsedirektoratet (sekretariatsleiar)
  • Annlaug Selstø, seniorrådgivar, Folkehelseinstituttet
  • Kathrine Syse, rådgivar, Helsedirektoratet
  • Kjartan Sælensminde, spesialrådgivar, Helsedirektoratet

2.5 Ekspertgruppa sitt arbeid

Ekspertgruppa hadde sitt første møtet 23. august 2023 og det siste møtet 8. desember 2023. Gruppa vart i perioden samla til tre fysiske og sju digitale møte. Dei fysiske møta var dagsmøte i Oslo. Eitt av dei fysiske møta gjekk over to dagar. På dette møtet vart Øydis Ueland frå Nofima invitert til å presentere det igangverande nordiske prosjektet Food Environments and Behaviour Change, som har relevans for utgreiinga (3). I tillegg har det vore hyppige e-postutvekslingar og samredigering i dokumentet i ein eigen teamskanal for gruppa. Medlemmane i ekspertgruppa vart utnemnde som sjølvstendige fagpersonar. Dette har bidratt til ein open tone og fri diskusjon. Alle medlemmane har deltatt aktivt med tekst og innspel til rapporten. Sjølv om dei ulike medlemmane i gruppa nok kan ha ulike faglege perspektiv innanfor kosthaldsområdet, står vi samla bak dei tiltaka som blir trekte fram i kapittel 7.

2.6 Litteratursøk

Før det første møtet i august utarbeidde tilsette i Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) ei liste over aktuelle, kjende sentrale dokument og kunnskapsoppsummeringar om kosthaldstiltak. For å sikre kjennskap til dei nyaste kunnskapsoppsummeringane om kosthaldstiltak vart det i september utført litteratursøk som omfatta studiar publiserte i 2022 og 2023. Ragnhild Agathe Tornes ved biblioteket til FHI var til stor hjelp med å utføre søket på relevante kunnskapsoppsummeringar. Det vart utført fem testsøk, før det sjette søket var spissa tilstrekkeleg. Dette gav treff på 500 kunnskapsoppsummeringar. Søket skulle fange opp kosthaldstiltak som såg spesielt på sosial utjamning i studiar frå Vest-Europa. Søket vart gjort i Medline, Embase, Cochrane og Epistemonikos. Fire personar arbeidde med dette, og alle titlane (eventuelt tittel og samandrag) vart sett gjennom av to personar (ein ernæringsekspert og ein rådgivar). Dei to som hadde sett på dei same titlane, samanlikna så funna og vart einige om ei liste over prioriterte kunnskapsoppsummeringar som var aktuelle å sjå nærare på. Etter dette møttest alle fire og laga ferdig ei samla liste over aktuelle studiar. Titlar vart vurderte anten til å vere svært relevante eller relevante. Til saman 10 kunnskapsoppsummeringar vart vurderte å vere svært relevante, medan 22 oppsummeringar vart vurderte til å vere relevante eller interessante. Det vart skrive oppsummeringar av dei ti mest sentrale vitskapsoppsummeringane. Ekspertgruppa fekk tilgang til desse.

Til forsida