3 Prinsipp for samfunnsøkonomiske vurderingar

I mandatet til ekspertgruppa er omgrepa kostnadseffektive tiltak, samfunnsøkonomiske vurderingar og økonomiske og administrative konsekvensar nemnde eksplisitt. Dette fordrar ei skildring av korleis desse omgrepa skal tolkast i oppdraget gitt til ekspertgruppa. Ein viktig premiss for vurderingane ekspertgruppa skulle gjere, er at perspektivet er på samfunnsnivå, ikkje individnivå. Det kan dermed presiserast at ettersom Helsedirektoratets kostråd, som er utgangspunktet for vurderingane, verken er forbod eller påbod, er også fridommen individa har til å velje sitt eige kosthald, i utgangspunktet ivaretatt. Utgreiingsinstruksen er ikkje nemnd eksplisitt i mandatet, men er alltid aktuell og vil i mange tilfelle gi eit godt rammeverk for å klargjere problemstillingane i oppdraget og kva utgreiinga gir svar på (4).

Helsedirektoratet har nyleg laga ei temarettleiing til utgreiingsinstruksen om korleis verknader på helse og livskvalitet kan gå inn i samfunnsøkonomiske analysar (5). Rettleiinga er i samsvar med overordna dokument frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) og Finansdepartementet (FIN) og gir tilrådingar om val av helseeining, val av analysemetodar og kva økonomisk verdi ein skal bruke på liv og helse dersom ein utfører samfunnsøkonomiske nytte-kostnadsanalysar der eksplisitt økonomisk verdsetting inngår (6–8). Metodikken temarettleiinga tilrår, er i tråd med det Helsedirektoratet tidlegare har nytta i analysar av kosthaldstiltak (9–11). Ekspertgruppa vurderer det slik at dette også kan leggast til grunn i svaret på dette oppdraget. I tillegg har Helsedirektoratet gitt ut rapporten Samfunnsøkonomiske beregninger av tiltak innen kosthold og fysisk aktivitet (12), som gir ei oversikt over metodikk, potensielt kostnadseffektive tiltak og prinsipp for korleis samfunnsøkonomiske utrekningar av økonomiske verknader av tiltak på kosthald og fysisk aktivitet bør gjerast.

Samfunnsøkonomisk teori bygger på prinsippet om konsumentsuverenitet. Prinsippet om konsumentsuverenitet bygger på ein forenkla modell for åtferd der konsumentane tar rasjonelle, informerte val, det vil seie at dei har full informasjon. Det inneber i sin tur at konsumenten er den som veit best korleis han eller ho kan oppnå best mogleg velferd. Dette kan bety at konsumenten ikkje følger kosthaldsråda sjølv om han eller ho veit at ein kan få fleire friske leveår ved å følge dei – nytten av usunn mat kan vege tyngre enn kostnaden av usunn mat. Årsaker hos konsumenten som gjer at han eller ho, ubevisst, ikkje tar omsyn til den skaden ein påfører seg sjølv i framtida, blir kalla internalitetar i forskingslitteraturen. Eit døme på det kan vere at konsumenten ikkje er godt nok informert, eller har låg sjølvkontroll, slik at individet kan ha eit høgare forbruk av usunn mat enn det som individet tenker er optimalt.

Temarettleiinga frå Helsedirektoratet gir pragmatiske råd for å handtere konsumentsuverenitet når ein skal vurdere tiltak på folkehelseområdet (5). Tilrådinga er å ta alle verknader på liv og helse eksplisitt inn i dei samfunnsøkonomiske analysane med utgangspunkt i sjukdomsbyrda dette gir innbyggarane, noko som inkluderer sjukdomsrisiko som individet sjølv kan ha rekna med. Den totale sjukdomsbyrda for befolkninga (tap av leveår og helserelatert livskvalitet) relatert til sjukdom og ulykker utgjer, saman med helseteneste- og omsorgskostnader og produksjonstap, dei totale samfunnskostnadene (13).

Ifølge norske undersøkingar vil ei endring av kosthaldet i tråd med norske kostråd gi anslagsvis to friske leveår ekstra i løpet av eit heilt livsløp for ein person som har eit gjennomsnittleg kosthald – og fleire år for personar med meir usunt kosthald enn gjennomsnittet (10). NOU 2019: 8 Særavgiftene på sjokolade- og sukkervarer og alkoholfrie drikkevarer (14), tar utgangspunkt i sjukdomsbyrda og andre samfunnskostnader når det blir vurdert avgifter for å korrigere for eksternalitetar og internalitetar. Det er ekspertgruppa si vurdering at dette også er rett å gjere når mandatet er å vurdere alle former for tiltak som på ein kostnadseffektiv måte kan korrigere for eit kosthald som har svake sider og bidrar til høgare sjukdomsbyrde.

Til forsida