Meld. St. 19 (2010–2011)

Samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2010

Til innhaldsliste

8 Noregs innlegg ved utanriksminister Jonas Gahr Støre på OSSE-toppmøtet i Astana, 1. desember 2010

President Nazarbajev,

Som representant for landet som hadde formannskapen på det siste OSSE-toppmøtet i Istanbul i 1999, er det ein stor ære for meg, på vegner av den norske regjeringa, å halde det norske innlegget på dette toppmøtet.

President,

De sette ein ambisiøs dagsorden for den kasakhstanske formannskapen, og eg vil få gratulere dykk med resultata de allereie har oppnådd. Eg vil òg få takke for gjestfridomen de har synt oss her i Astana.

President, Sluttakta frå Helsingfors ga håp til min generasjon. Vi kan kanskje seie at byrjinga på slutten av den kalde krigen kom med underteikninga av Sluttakta i 1975. Mykje har endra seg sidan den gongen i den euroatlantiske regionen, for det meste til det betre. I løpet av desse 35 åra har nøkkelprinsippa frå Helsingfors følgt oss: ei brei tilnærming til tryggleik og sosial framgang, den sentrale rolla menneskerettar spelar. Vi må ikkje gløyme at desse sakene framleis har direkte og legitim interesse for alle deltakarstatane, og at dei ikkje berre høyrer inn under dei indre sakene til den einskilde staten.

Eg vil få kommentere fire sentrale punkt som gjeld utfordringane som ligg framfor oss:

For det første må vi oppretthalde styrken, verdien og inspirasjonen til denne organisasjonen, inspirasjonen og arven frå Sluttakta frå Helsingfors.

OSSE er verdas største tryggingsorganisasjon – ikkje basert på militærmakt, men på bygging av tillit mellom land og på respekt for menneskerettane.

Når vi ser på verda utanfor vår eigen region, er det freistande å seie at andre regionar kunne dra nytte av våre erfaringar. Kva om Midtausten hadde det same nettet av organisasjonar og plattformer der parlamentarikarar, ministrar og representantar for sivilsamfunnet kunne møtast og skape gjensidig tilknyting, openheit og tryggleik?

Det er vår plikt å ta vare på dei sterke sidene ved OSSE samstundes som vi utviklar oss vidare for å møte nye utfordringar. Trusselbiletet har endra seg. Det vert utvikla partnarskap og samarbeid med nye stormakter, som Kina og India. OSSE har ein eineståande posisjon i denne nye konteksten.

Eg meiner at følgjande punkt utgjer kjernen i samarbeidet vårt: konfliktførebygging, tidleg varsling, konfliktløysing, gjenoppbygging etter konflikt, vern om minoritetar og kontinuerleg merksemd for å sikre at integriteten til dei demokratiske institusjonane i medlemsstatane vert halden ved lag.

Eg vil få heidre den kasakhstanske formannskapen for responsen på situasjonen i Kirgisistan i sommar. Men det finst framleis langvarige konfliktar som ventar på å finne ei løysing. Krigen i Georgia i 2008 var òg eit tilbakesteg. Sentrale verdiar og prinsipp vart krenkte, saman med den territoriale integriteten til ein deltakarstat i OSSE. Dette er eit faktum som ikkje kan setjast til side.

For det andre må vi framleis vere opptekne av det utvida tryggleiksomgrepet.

Vi kan ikkje få fullstendig tryggleik dersom vi ikkje respekterer grunnleggjande rettar som forsamlings-, ytrings-, religions- og trusfridom.

Vi har eit vedvarande ansvar for å sikre at desse rettane er reelle og gjeld for alle borgarane våre. Eg ser positivt på dei mange bidraga frå frivillige organisasjonar og på konferansen som vart halden her denne helga. Det er avgjerande at sivilsamfunnet deltek aktivt. Sjølv om vi har grunnar til å feire ved denne korsvegen, står det framleis att utfordringar i medlemsstatar i organisasjonen vår, til dømes hindringar for ytringsfridomen og andre grunnleggjande rettar.

Her bidreg OSSE til betring, gjennom ODIHR, Høgkommissæren for nasjonale minoritetar og Representanten for frie medium. Desse institusjonane må sikrast og styrkjast ved behov.

Valobservatørlaga frå OSSE leverer solide evalueringar og tilrådingar. Den nasjonale oppfølginga må vere effektiv. Noreg har for sin del samarbeidd tett med ODIHR i oppfølginga av det siste stortingsvalet i 2009.

Eg vil òg få heidre Høgkommissæren for nasjonale minoritetar, særleg for Bolzano/Bozen-tilrådingane om korleis spørsmåla kring nasjonale minoritetar i mellomstatlege relasjonar skal løysast slik at ein unngår konfliktar og fremjar gode naboforhold.

For det tredje må vi syne at vi er i stand til å handtere grenseoverskridande spørsmål.

OSSE gjev no eit verdifullt bidrag i Afghanistan. OSSE kan spele ei viktig rolle i kampen mot internasjonal terrorisme og organisert kriminalitet. OSSE-programma for politireform, grensetryggleik og kamp mot menneskehandel er særleg relevante.

Et nytt nyttig verktøy er OSSEs i Dusjanbe for grensetryggleik- og grenseforvaltningsspørsmål. Noreg er stolt av å vere blant dei største bidragsgjevarane.

For det fjerde må vi syne at vi effektivt kan gjennomføre våpenkontroll og tryggleiks- og tillitsbyggjande tiltak.

Eg er glad for at Wien-dokumentet frå 1999 er oppdatert og styrkt. Sjølv om det berre har gjeve små resultat til no, er dette eit steg i rett retning, og arbeidet må halde fram i 2011.

Europa treng å vidareutvikle og modernisere våpenkontrollen for å gje oss alle betre tryggleik og stabilitet og meir føreseielege tilhøve. Noreg vil støtte arbeidet for å få nytt liv i CFE-avtaleregimet og få kontrollen med konvensjonelle våpen på skinnene att.

Endeleg, president Nazarbajev, vil eg på nytt få heidre deg og min venn og kollega utanriksminister Saudabajev. Eg er glad for at det er semje om den ukrainske formannskapen i 2013, og eg ønskjer Litauen alt det beste i 2011 og det same til Irland i 2012.