Meld. St. 19 (2010–2011)

Samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2010

Til innhaldsliste

5 Politisk-militært samarbeid

Det var auka aktivitet og dialog innanfor den politisk-militære dimensjonen i OSSE siste halvår i 2010. Dei siste åra før hadde den russiske «suspensjonen» av avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE-avtalen) i desember 2007 og krigen mellom Russland og Georgia i august 2008 i stor grad sett sitt preg på arbeidet. Det som bidrog til den positive utviklinga var vedtaket på ministermøtet i Aten i desember 2009 om å arbeide for å styrkje Wien-dokumentet frå 1999 og den auka innsatsen for å gje nytt liv til CFE-avtalen som NATO innleidde med eit utkast til nytt rammeverk for europeisk tryggleik i juli 2010. Vedtaket om å arrangere eit OSSE-toppmøte i Astana og arbeidet med å presentere konkrete resultat til møtet har òg i stor grad bidrege positivt til dialogen og arbeidet i den politisk-militære dimensjonen.

Sjølv om mange av truslane i dag stammar frå internasjonal terrorisme, organisert kriminalitet, interne maktkampar og etniske eller religiøse konfliktar, er konvensjonell rustingskontroll og tryggleiks- og tillitsskapande tiltak i Europa framleis svært viktige faktorar for europeisk tryggleik. Likevel må dei verkemidla organisasjonen har til disposisjon, til kvar tid vere tilpassa dei politiske og militære realitetane. Arbeidet for å modernisere CFE-avtalen og Wien-dokumentet er avgjerande for å oppretthalde eit sett av truverdige og funksjonelle tryggleiks- og tillitsskapande tiltak.

OSSE står internasjonalt langt framme i utviklinga av eit multinasjonalt rammeverk mot ulovleg handel med handvåpen. Arbeidet baserer seg på handvåpendokumentet frå 2000, og det er oppretta ein samarbeidsmekanisme for å søkje å nå lik standard i alle deltakarland. I 2010 vart det òg vedteke at deltakarland i OSSE som eit eingongsfenomen skal utveksle informasjon om gjennomføringa av OSSE-prinsippa for handel med handvåpen.

OSSE bidreg òg til sikring og destruksjon av konvensjonell ammunisjon som til dels er dårleg sikra, uforsvarleg lagra, gått ut på dato og/eller ustabil. Ammunisjonen er òg ofte eit stort miljøproblem som hemmar lokal økonomisk utvikling. Det er difor viktig å få denne ammunisjonen raskt under kontroll og å destruere overskotet. Ei rekkje deltakarland har bedt OSSE om støtte til destruksjon av overskotslager. Noreg vidareførte i 2010 støtta til eit sikringsprosjekt for handvåpen i Kviterussland og bidrog òg med finansiell støtte til eit prosjekt for demilitarisering og sikker lagring av handvåpen i Montenegro.

OSSE er på same måten engasjert i destruksjon av gammalt, giftig rakettdrivstoff (såkalla mélange). Dette utgjer eit stort miljøproblem i fleire OSSE-land, blant anna fordi lagringstankane har byrja å lekke og forureine grunnvatnet. Noreg har i 2010 gjeve økonomisk støtte til destruksjon av slikt rakettdrivstoff i Ukraina. Regjeringa vil støtte arbeidet OSSE gjer vidare for å hindre spreiing av handvåpen og bidra til destruksjon av ammunisjon og rakettdrivstoff.

5.1 Konvensjonell nedrusting

OSSE har utvikla ei rekkje tillits- og tryggleiksskapande tiltak, mellom anna gjensidig utveksling av informasjon om forsvarsplanlegging, stridskrefter, våpensystem og aktivitetar. Ei viktig plattform for dette arbeidet er Wien-dokumentet frå 1999. Informasjonen som kvart enkelt land er forplikta til å dele kvart år, vert verifisert gjennom inspeksjonar og evalueringsbesøk.

Under Wien-dokumentet vart det i 2010 gjennomført totalt 97 inspeksjonar og 48 evalueringsbesøk i OSSE-området. Av desse har Russland, som i tidlegare år, stått for gjennomføringa av omlag ein tredel. I tillegg er det i løpet av 2010 arrangert ni besøk til militære installasjonar, åtte besøk til militære flybasar og seks demonstrasjonar av nye våpensystem. Frå norsk side har vi i 2010 gjennomført ei evaluering til Kirgisistan og motteke ein inspeksjon og ei evaluering frå Russland. Det er venta at aktiviteten vert vidareført på same nivået i 2011.

Wien-dokumentet har vore meir eller mindre uendra sidan 1999, og fleire forhold og føresegner reflekterer ikkje utviklinga dei siste ti åra. Vedtaket på OSSE-ministermøtet i Aten i desember 2009 om å sjå på korleis dokumentet kan styrkjast, var difor særs viktig. Arbeidet med å oppdatere dokumentet har i løpet av 2010 kome godt i gang, både med semje om dei praktiske detaljane for ei fortløpande oppdatering og med semje om dei første tekniske oppdateringane. Det står likevel att mykje arbeid før dokumentet fullt ut kan seiast å reflektere dei militære realitetane, og regjeringa vil støtte dette arbeidet gjennom aktiv norsk deltaking.

Avtalen om opne luftrom (Open Skies-avtalen) tredde i kraft i 2002. Føremålet med avtalen er å skape større transparens gjennom gjensidig opning av luftrommet til landa for eit avtalt tal på årlege overflygingar med fly utstyrt med bestemde sensorar. Det er 34 statspartar til avtalen, og han dekkjer eit vidare geografisk område enn Wien-dokumentet frå 1999 og CFE-avtalen («frå Vancouver til Vladivostok»). Med avtalen om opne luftrom vert det opna for større grad av innsyn i og openheit kring forhold på bakken i land som er av interesse. Slik støttar han opp om verifikasjonsarbeidet under andre avtalar og om tillits- og tryggleiksskapande tiltak. Flygingane vert i stor grad gjennomførte i fellesskap mellom to eller fleire statspartar, og samarbeidet mellom alle medlemslanda er velutvikla og godt. I 2010 vart det gjennomført totalt 102 flygingar under avtalen. Noreg gjennomførte tre flygingar over Russland og ei flyging over Ukraina og mottok éi russisk flyging. Det er venta at aktiviteten held fram på same nivå i 2011.

Den såkalla åtferdskodeksen for politisk-militære tryggleiksaspekt frå 1994 omhandlar forpliktingar om mellom anna avkall på militær maktbruk eller truslar om slik maktbruk og samarbeid om kamp mot terrorisme. Føremålet med åtferdskodeksen er òg å bidra til demokratisk kontroll av væpna styrkar i heile OSSE-området.

I tillegg overvakar og verifiserer OSSE destruksjon av og restriksjonar på tyngre våpen for Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Montenegro og Serbia. Gjennomføringa har òg i 2010 gått rutinemessig føre seg og bidrege til ytterlegare normalisering mellom partane. Noreg har òg i 2010 støtta dette regimet med inspektørar i samband med to av inspeksjonane i området.

5.2 CFE-avtalen

CFE-avtalen tredde i kraft i 1992 og omfattar alle dåverande statar i NATO og Warszawa-pakta. Hovudføremålet med avtalen var å redusere sjansane for et overraskingsangrep. Dette skulle skje ved å avgrense dei offensive militære kapasitetane til partane og skape balanse i det konvensjonelle styrkeforholdet. Det vart etablert eit omfattande informasjons- og verifikasjonsregime for å sikre at avtalen vart etterlevd. CFE-avtalen har mellom anna medverka til at over 64 000 tyngre våpen i Europa vart fjerna, og har såleis vore ein absolutt suksess.

I 1999 vart det vedteke ein ny avtale som var betre tilpassa dei endra tryggingspolitiske realitetane i Europa. Den tilpassa CFE-avtalen ville tre i kraft når alle dei 30 statspartane hadde ratifisert, men ratifikasjonsprosessen har aldri kome i gang på vestleg side fordi føresetnaden om tilbaketrekking av russisk personell og utstyr frå Georgia og Moldova (dei såkalla Istanbul-forpliktingane frå toppmøtet i 1999) ikkje er oppfylte. Russland «suspenderte» frå og med 12. desember 2007 etterlevinga av dei operative forpliktingane sine etter CFE-avtalen. Dette vart hovudsakeleg grunngjeve med at Vesten ikkje hadde ratifisert den tilpassa CFE-avtalen, restriksjonar for utplassering av russiske styrkar i flankeområda til avtalen og utvidinga av NATO. Russland meiner dessutan at CFE-avtalen ikkje lenger er i tråd med dei tryggingspolitiske realitetane i Europa i dag.

Etter meir enn to års stillstand vart det ved inngangen til 2010 innleidd ein diskusjon blant NATO-landa om korleis avtalen kunne få nytt liv. Dette førte til at NATO i juni 2010 presenterte eit utkast til nytt rammeverk for konvensjonell rustingskontroll i Europa. Utspelet vart starten på ei rekkje møte i Wien i såkalla «36-format» (dei 30 statspartane til CFE-avtalen og dei seks nyaste NATO-landa: Albania, Estland, Kroatia, Latvia, Litauen og Slovenia). I tillegg vart den bilaterale dialogen mellom USA og Russland om konvensjonell rustingskontroll intensivert etter sluttføringa av START-avtalen. Dei pågåande forhandlingane i Wien gjeld i første omgang eit kortfatta mandat for vidare forhandlingar om eit modernisert regime for konvensjonell rustingskontroll i Europa. Det er likevel ikkje semje om vidare forhandlingar skal dreie seg om ein revisjon av den juridisk bindande CFE-avtalen eller sikte mot eit nytt politisk forpliktande regime for konvensjonell rustingskontroll i Europa som skal erstatte CFE. Andre sentrale stridspunkt i forhandlingane gjeld dels spørsmålet om vertslandssamtykke ved utstasjonering av styrkar og omtalen av aktuelle politiske konfliktar, dels kravet frå NATO-landa om russisk iverksetjing av den gjeldande CFE-avtalen i forhandlingsfasen. Det ser likevel ut til å vere semje om at dei tre komponentane i den opphavlege CFE-avtalen – restriksjonar på konvensjonelle styrkar; innsyn gjennom utveksling av informasjon om militær struktur, materiell og personell; og høve til verifikasjon ved inspeksjonar av militære avdelingar, har hatt stor tillitsskapande verdi og bør vidareførast.

CFE-avtalen har gjeve Noreg god oversikt over kva som finst av stridsvogner, pansra køyretøy og artillerieiningar i nærområda våre i nord. Dette har bidrege til å gjere situasjonen meir føreseieleg, noko som har vore viktig for nasjonal forsvarsplanlegging. I tillegg til den konkrete militærfaglege nytta bidreg informasjon og verifikasjon til ein generell politisk-militær innsynskultur og til auka kontakt og forståing på mange nivå, ikkje minst mellom militære.

Regjeringa har gjeve arbeidet med å live opp att CFE-avtalen høg prioritet og har samarbeidd nært med dei andre allierte i NATO. Det vart i 2010 gjennomført i alt 83 CFE-inspeksjonar. Som i føregåande år avslo Russland alle førespurnader om inspeksjonar og viste til at dei hadde suspendert avtalen. Noreg gjennomførte éin inspeksjon til Kviterussland og éin inspeksjon til Ukraina, men mottok sjølv ingen CFE-inspeksjon. Aktiviteten er venta å halde fram på same nivået så lenge den russiske «suspensjonen» varar.

5.3 Tryggingssektorreform

OSSE gjer ein omfattande innsats når det gjeld tryggingssektorreform og bidreg særleg til politireform og -utdanning, auka demokratisk kontroll med tryggingstyrkane og justissektorreform. Arbeidet til OSSE på politiområdet omfattar ekspertrådgjeving, fagleg bistand og utvikling av ansvarlege nasjonale polititenester som hjelper og vernar innbyggjarane. OSSE-sendelaga er òg involverte i utviklinga av nasjonale lovverk i dei respektive vertslanda. Deltakarlanda vart i 2009 einige om å gjennomgå erfaringane med politisamarbeidet med tanke på å utarbeide ein strategisk plan for innsatsen på dette området. Som ledd i dette arbeidet vart overordna sider ved politiarbeidet hovudemne på det årlege møtet for politiekspertar i deltakarlanda i mai og eit sentralt tema under den årlege tryggleikskonferansen i juni.

Det store fleirtalet av OSSE-sendelaga bidrog til arbeidet på politiområdet i 2010. Dei største politiprogramma er på Vest-Balkan, men det er òg etter kvart sett i verk program i Sentral-Asia, Sør-Kaukasus og Aust-Europa. Arbeidet er delvis finansiert gjennom frivillige midlar. Deltakarlanda i OSSE vart i november 2010 samde om å styrkje samarbeidet med Kirgisistan om politireformer og vedtok å utvide sendelaget med inntil 30 internasjonalt rekrutterte polititenestemenn og 27 lokalt tilsette. Dette mandatet opnar òg for monitorering. Regjeringa vil vidareføre støtta til innsatsen OSSE gjer for tryggingssektorreform.

5.4 Grensetryggleik

Under ministermøtet i 2005 vart deltakarlanda einige om eit OSSE-konsept for grensetryggleik og forvalting av grensekontroll. Føremålet med konseptet er å fremje samarbeidet mellom grense- og tollstyresmakter og leggje til rette for rørsle av menneske, varer, tenester og investeringar over landegrensene innanfor lovlege rammer. Deltakarlanda samarbeider om reisedokument og visum, med lettare visumregime som eit langsiktig perspektiv, og vil òg samarbeide om å kjempe mot terrortruslar og å førebyggje og kjempe mot organisert kriminalitet, mellom anna handel med menneske, narkotika og våpen og ulovleg migrasjon. I 2006 vart det etablert eit nettverk av nasjonale kontaktpunkt for grensespørsmål for å lette informasjonsutvekslinga mellom deltakarlanda.

OSSE har dei seinare åra i aukande grad fokusert på grensetryggleik i Sentral-Asia, og spesielt langs grensa mot Afghanistan. Ønsket om å trappe opp innsatsen frå OSSE til støtte for tiltak for å sikre grensene mellom deltakarlanda i Sentral-Asia og Afghanistan er eit viktig element i vedtaket frå 2007 om OSSE-engasjementet overfor Afghanistan. Vedtaket legg òg vekt på å trekkje afghanske motpartar sterkare med i verksemda til OSSE, mellom anna i arbeidet med grensetryggleik og grensekontroll.

OSSE har dei siste par åra gjennomført ei rekkje prosjekt for å styrkje grensetryggleiken og grenseforvaltinga i dei sentralasiatiske landa, mellom anna gjennom å utarbeide nasjonale grensestrategiar og gjennomføre opplæring i patruljeringsverksemd og tollkontroll. Eit regionalt senter for grensetryggleik og grenseforvalting er oppretta i Dusjanbe, der Noreg har vore ein av dei viktigaste bidragsytarane. I tilknyting til sendelaget i Bisjkek vert det gjeve omfattande opplæring av tolltenestemenn frå regionen, mellom anna frå Afghanistan.

Tryggleik og stabilitet i Afghanistan på lang sikt er svært viktig for OSSE-området, og særleg for landa i Sentral-Asia der dei nasjonale kapasitetane er svakast. Smugling av våpen, narkotika og menneske har ein destabiliserande effekt på landa i regionen og har òg ein negativ effekt på Noreg. Regjeringa legg stor vekt på arbeidet OSSE gjer innanfor grensetryggleik og grenseforvalting. I tillegg til støtte til eit grensetryggleiksprosjekt i Kviterussland har Noreg bidrege med støtte til prosjekt i Tadsjikistan, Kirgisistan og Turkmenistan.

5.5 Kamp mot organisert kriminalitet

OSSE har dei siste åra styrkt innsatsen mot organisert kriminalitet. Gjennom den breie og heilskaplege tilnærminga til tryggleik og nærværet i ei rekkje land kan OSSE bidra med langsiktige preventive tiltak. Bidraget frå organisasjonen ligg særleg i å yte støtte til spesialiserte organisasjonar og deltakarlanda i arbeidet med å styrkje kampen mot denne forma for kriminalitet, mellom anna gjennom nettverksbygging, informasjonsutveksling og kapasitetsoppbygging. Det har vorte vigd særleg merksemd til ulovleg handel med narkotika, ikkje minst frå Afghanistan. Sidan 2007 har vel 80 afghanske polititenestemenn fått opplæring i kamp mot ulovleg narkotikahandel i OSSE-regi. OSSE har i stadig større grad sett trusselen frå auka datakriminalitet på dagsordenen. Organisasjonen har òg bidrege til å få utarbeidd ei rekkje manualar og handbøker til bruk i arbeidet med å effektivisere kampen mot kriminalitet.

Noreg har støtta dette arbeidet aktivt og tok i 2007 initiativ til eit tettare samarbeid mellom OSSE og FN-kontoret mot narkotika og kriminalitet (UNODC), der organisasjonen støtta eit program for å bidra til at dei sentralasiatiske deltakarlanda vert sette betre i stand til å gjennomføre forpliktingane i FN-konvensjonen for kamp mot organisert kriminalitet (UNTOC). Dette arbeidet har møtt stor interesse i regionen. Noreg har òg bidrege til eit regionalt opplæringsprogram for polititenestemenn frå landa på Vest-Balkan om tiltak mot datakriminalitet.

5.6 Kamp mot terrorisme

FN-pakta, resolusjonar frå FNs tryggingsråd, protokollar og konvensjonar utgjer den politiske og juridiske ramma for arbeidet OSSE gjer mot terrorisme. OSSE har sett det som eit særleg ansvar å bidra til at alle deltakarlanda sluttar seg til dei internasjonale rettsinstrumenta (i første rekkje FN-konvensjonar og protokollar) for kamp mot terrorisme.

I tråd med det utvida tryggleiksomgrepet spenner innsatsen til OSSE frå førebyggjande tiltak for å betre dei sosioøkonomiske forholda til spørsmål om respekt for menneskerettar, politisk deltaking og inkludering. Organisasjonen har følgjeleg ei brei tilnærming basert på ei forståing av at ein ikkje kan oppnå ein effektiv kamp mot terrorisme utan full respekt for grunnleggjande menneskerettar. Den dåverande greske formannskapen arbeidde i 2009 for å få så mange OSSE-land som mogeleg til å slutte seg til dei internasjonale rettsinstrumenta som finst på området, og lukkast med å få tilslutning til dette under ministermøtet i Aten. Dette arbeidet vart følgt opp under den kasakhstanske formannskapen i 2010. Det same gjeld tiltak for å styrkje tryggleiken for reisedokument, som OSSE har vigd spesiell merksemd gjennom fleire år.

Ei rekkje kapasitetsbyggjande program er sette i verk for å fremje den internasjonale rettsordenen og styrkje juridisk samarbeid i kriminalsaker. Vidare bidreg organisasjonen til å skape politisk tilslutning til nye initiativ og tener som plattform for samarbeid mellom tekniske ekspertar frå deltakarlanda og spesialiserte organisasjonar. Føremålet er å stimulere til internasjonalt samarbeid og identifisere mottiltak mot terrorisme, i tillegg til å forhindre dobbeltarbeid gjennom samarbeid med andre regionale institusjonar.

Det er eit utstrekt samarbeid med ICAO, INTERPOL, WCO, UNODC og IAEA, som ser OSSE som ein viktig politisk støttespelar for utvikling av standardar, tilrådingar og tiltak, og som – ikkje minst gjennom feltkontora – gjev praktisk bistand til gjennomføring av konkrete program.

OSSE har dei seinare åra fokusert på korleis offentlege og private aktørar kan samarbeide for å kjempe mot terrorisme, og i 2010 vart det vigd spesiell merksemd til vern av kritisk infrastruktur i energisektoren. OSSE har òg sett søkjelyset på misbruk av ideelle organisasjonar til finansiering av terrorisme og rolla media speler i kampen mot internasjonal terrorisme, i tillegg til identifisering av tiltak mot valdeleg ekstremisme og radikalisering som kan føre til terrorisme.

Noreg har lagt vekt på at OSSE kan bidra til å setje antiterrorarbeidet på den politiske dagsordenen i Sentral-Asia og har støtta OSSE-prosjekt i regionen, mellom anna for å motverke radikalisering som i sin tur kan føre til terrorisme. Regjeringa vil halde fram å støtte opp om arbeidet i OSSE med kamp mot terrorisme.