Meld. St. 19 (2010–2011)

Samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2010

Til innhaldsliste

4 Økonomisk og miljømessig samarbeid

Arbeidet med økonomiske og miljømessige spørsmål er ein del av den breie tilnærminga OSSE har til konfliktførebygging. Ei hovudoppgåve er å identifisere og møte økonomiske og miljømessige utfordringar som kan utgjere ein trussel mot tryggleiken i OSSE-området. Arbeidet har vore konsentrert om område som godt styresett, koplinga mellom miljø og tryggleik, mellom anna regionalt samarbeid om grenseoverskridande vassforvalting, migrasjon og transport- og energitryggleik.

Den kasakhstanske OSSE-formannskapen gjorde transporttryggleik til eit prioritert område i 2010. Landtransport med fokus på betre tryggleik, godt styresett relatert til effektiv og sikker grensepassering og tilrettelegging for ein meir effektiv veg- og jernbanetransport i Sentral-Asia var òg hovudtema under den årlege konferansen om økonomiske og miljømessige spørsmål. OSSE har kompetanse som er relevant for å sikre ei profesjonell og effektiv gjennomføring av grensekontrollprosedyrar, mellom anna innanfor opplæring. Derimot er det meir marginalt kva organisasjonen kan bidra med når det gjeld å møte andre og meir generelle utfordringar som transportsektoren står overfor i Sentral-Asia og andre delar av OSSE-området.

Energitryggleik har òg i 2010 stått på dagsordenen for arbeidet i OSSE med økonomiske og miljømessige spørsmål. Som oppfølging av ein større konferanse i Bratislava i juli 2009 vart det arrangert eit oppfølgingsseminar på ekspertplan i Vilnius i september 2010 som fokuserte på eksisterande juridiske og kommersielle rammeverk, sikring av auka investeringar innanfor energisektoren, vurdering av eksisterande infrastruktur, vern mot terrorangrep og vidareutvikling av mekanismar for tidleg varsling. OSSE kan ha ein nyttig funksjon som møteplass for ein brei diskusjon om energitryggleik, men det er stor skepsis frå ei rekkje deltakarland til kva meirverdi organisasjonen har samanlikna med andre organ med langt større ekspertise og operativ evne. Noreg deler denne skepsisen.

Madrid-erklæringa frå 2007 om miljø og tryggleik legg vekt på at OSSE, som ein regional tryggingsorganisasjon i samsvar med kapittel VIII i FN-pakta, har ei utfyllande rolle å spele når det gjeld utfordringa frå klimaendringane. Tidlegare formannskapar (Hellas i 2009 og Finland i 2008) ønskte å setje konsekvensane av klimaendringar for tryggleiken på OSSE-dagsordenen og fekk brei støtte mellom anna frå EU. Det har likevel ikkje lukkast å oppnå konsensus om å mobilisere OSSE i arbeidet med desse spørsmåla, og den kasakhstanske formannskapen gav lita merksemd til spørsmålet. OSSE har likevel kunna samarbeide nært med relevante aktørar – mellom andre FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE), FNs utviklingsprogram (UNDP), FNs miljøprogram (UNEP) og NATO om gjennomføringa av meir enn 50 prosjekt som fokuserer på forholdet mellom miljø og tryggleik. Noreg bidreg med støtte til ulike prosjekt.

Deltakarlanda gjekk i 2009 gjennom OSSE sitt arbeid med økonomiske og miljømessige spørsmål. Evalueringa munna ut i ei brei semje om at OSSE først og fremst kan spele ei komplementær rolle i samband med innsatsen som vert gjort i andre internasjonale fora. Evalueringa vart i 2010 følgd opp med mindre endringar for mellom anna å samkøyre arbeidet innanfor denne dimensjonen med dei andre aktivitetane til OSSE. Det er òg semje om å arrangere eit større møte hausten 2011 for å gå gjennom korleis deltakarlanda har gjennomført forpliktingane sine innanfor den økonomiske og miljømessige dimensjonen.

Det er oppnådd semje om at berekraftig energi, mellom anna energieffektivitet og fornybar energi, og transporttryggleik skal stå i sentrum for arbeidet i OSSE med økonomiske og miljømessige spørsmål i 2011. I tillegg vil den litauiske formannskapen prioritere arbeidet med transport- og energitryggleik, men med eit tydelegare fokus på miljøaspekt.

Regjeringa meiner at OSSE har ei rolle når det gjeld økonomiske og miljømessige problemområde som stiller deltakarlanda overfor utfordringar innanfor tryggleik. Noreg støttar eit initiativ frå Frankrike og andre EU-land om å styrkje evna i OSSE til tidleg varsling av tryggleiksmessige konsekvensar av økonomiske og miljømessige kriser. Samtidig har organisasjonen knappe ressursar, og det er viktig at OSSE legg vekt på å konsentrere arbeidet om område der organisasjonen har faglege fortrinn. Ein må unngå å duplisere arbeidet som vert gjort i andre internasjonale fora og organisasjonar. Regjeringa meiner at samanhengane mellom miljø, klima og tryggleik framleis vil vere viktige for OSSE. Det same gjeld energi- og migrasjonsspørsmål der desse er viktige for tryggleiken til deltakarlanda.