Meld. St. 19 (2010–2011)

Samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2010

Til innhaldsliste

6 Partnarsamarbeid

Partnarlanda til OSSE er Afghanistan, Japan, Mongolia, Sør-Korea og Thailand i Asia, Algerie, Egypt, Israel, Jordan, Marokko og Tunisia i Middelhavsområdet og Australia i Oseania. Partnarlanda deltek i ulike OSSE-aktivitetar, mellom anna på møta i Det faste rådet. Dei er dessutan i aukande grad inviterte med i uformelle samanhengar som møta i Korfu-prosessen. Partnarsamarbeidet er gunstig for OSSE både når det gjeld regionalt tryggingssamarbeid og konkret prosjektsamarbeid. Partnarsamarbeidet er likevel ikkje blant dei delane av OSSE-samarbeidet som Noreg har kunna prioritere.

Det vart i 2010 halde fem møte med partnarlanda i Asia med vekt på dialogen innanfor dei tre dimensjonane i OSSE, grensekontrollaktivitetar overfor og samarbeid med Afghanistan og regionalt tryggingssamarbeid i Nordaust-Asia med fokus på sekspartsforhandlingane. Den årlege konferansen med partnarlanda i Asia vart halden i Seoul i mai 2010. Hovudtemaet var OSSE og dei asiatiske partnarane sin visjon om ei heilskapleg tilnærming til tryggingsaspekt («comprehensive security»). Fokuset i OSSE på dei transnasjonale truslane gjer samarbeidet med Afghanistan særleg viktig. Afghansk grensepoliti og tollvesen får tilbod om opplæring innanfor OSSE-prosjekt. Det har òg vorte ytra ønske om å gjennomføre OSSE-prosjekt i Afghanistan, men det har hittil ikkje lukkast å oppnå semje om tiltak i Afghanistan. Noreg støttar dette partnarsamarbeidet, òg økonomisk, mellom anna gjennom grenseovervakings- og tollopplæringsprosjekt i regionen.

Det vart i 2010 halde seks møter med partnarlanda i Middelhavsområdet med vekt på ulike aspekt av grensekontrollsamarbeid og migrasjonsutfordringar. Framtida for europeisk tryggleik, sett frå et middelhavsperspektiv, var hovudtemaet under det årlege middelhavsseminaret, som vart arrangert i Valletta i oktober 2010. Dialogen med Middelhavspartnarlanda har, delvis som følgje av konflikten mellom Israel og arabarlanda, ikkje gjeve dei ønskte politiske resultata.