Meld. St. 21 (2010–2011)

Finansmarknadsmeldinga 2010

Til innhaldsliste

10 Verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF)

10.1 Innleiing

Det internasjonale valutafondet (International Monetary Fund, forkorta IMF) er ein sjølvstyrt institusjon under FN-paraplyen og vart oppretta i 1944 under Bretton Woods-konferansen. Organisasjonen er eit forum for internasjonalt samarbeid om økonomiske og finansielle spørsmål og har eit hovudansvar for å fremja stabilitet i det internasjonale monetære systemet. IMF har i dag 187 medlemsland.

Ein kort omtale av oppgåvene til og styresettet i IMF er gjeve i avsnitt 10.2. Ein breiare omtale ligg på Finansdepartementet sine internettsider (www.regjeringa.no/fin). Avsnitta 10.3–10.8 omhandlar IMF sitt bidrag til handtering av dei økonomiske utfordringane etter finanskrisa og andre sentrale spørsmål som har vore behandla i styret i organisasjonen sidan Finansmarknadsmeldinga 2009 vart lagt fram.

Finansdepartementet legg vekt på å gje Stortinget ein fersk rapport om verksemda i IMF og norsk IMF-politikk, der ein gjer greie for og drøfter aktuelle spørsmål. Etter departementet si vurdering kan dette omsynet tale for at den årlege rapporteringa om IMF-arbeidet bør flyttast frå Finansmarknadsmeldinga til Revidert nasjonalbudsjett, slik at ein betre kan reflektere drøftingane knytt til vårmøta i IMF. Ein slik omlegging kan vere aktuell frå og med neste år.

10.2 Kort om oppgåvene og styresettet til IMF

Verksemda til IMF er konsentrert om tre hovudaktivitetar: å overvaka og gje råd om økonomien i medlemslanda med tanke på å førebyggja økonomiske ubalansar og kriser, å gje lån til land som har betalingsbalanseproblem eller er i krisesituasjonar, og å gje teknisk assistanse til medlemslanda.

IMF si overvaking byggjar på ein omfattande analyse av penge- og finanspolitikken, finanssektoren og dei strukturelle forholda i medlemslanda. Den bilaterale overvakinga er ei kjerneverksemd i IMF og vert utført gjennom regelmessige konsultasjonar med kvart medlemsland. Medlemslanda har plikt til å gje IMF informasjon, men ikkje til å følgja tilrådingane frå IMF. IMF analyserer òg den globale økonomien og internasjonale ubalansar gjennom den multilaterale overvakinga. Dei halvårlege publikasjonane «Global Financial Stability Report» og «World Economic Outlook» er sentrale og velrenommerte verkty. IMF er òg ein sentral premissleverandør for andre internasjonale organ, som G20 og Financial Stability Board.

Siktemålet med utlånsverksemda til IMF er å sikra medlemslanda tilgang til finansieringsordningar slik at dei kan korrigera mellombels vanskar med betalingsbalansen utan å måtta gripa til tiltak som kan ha uheldige økonomiske konsekvensar for landet sjølv eller for andre land. IMF fungerer som ein kredittunion. Utlånsverksemda vert først og fremst finansiert gjennom innskot – eller kvotar – frå medlemslanda. Kor mykje kvart land er forventa å yta, altså storleiken på kvotane, er basert på kor stort landet er i verdsøkonomien. I tillegg har ei rad land inngått avtalar om å yta tilleggslån til IMF når det er trong for det.

For å få lån må landa på førehand anten oppfylla kriteria i låneordninga, eller dei må akseptera eit økonomisk tilpassings- og stabiliseringsprogram. Krava skal sikra at tilhøva vert lagde til rette for ei gunstigare økonomisk utvikling etter at låna er gjevne, og for at kreditorane skal få fornya tillit til landet. Kor mykje landa kan låna, er avhengig av kor stor kvote landet har. Det er også etablert særskilde låneordningar, med subsidiert rente, for låginntektsland. Boks 10.1 gjev eit oversyn over IMF sine låneordningar.

Boks 10.1 Oversikt over utlånsordningane til IMF per 1. april 2011

IMF sine utlånsordningar kan grovt delast inn i generelle låneordningar for alle medlemsland og særskilde låneordningar for låginntektsland. Dei generelle låneordningane vert finansierte av dei ordinære midlane til IMF. Dei særskilde låneordningane for låginntektsland vert finansierte gjennom bilaterale tilskot frå medlemslanda og spesielle IMF-ressursar.

Tabell 10.1 Dei generelle ordningane.

Låneordning

Siktemål

Lånegrense1

Rente

Tilbakebetaling

Stand-By Arrangement (SBA) (1952)

Kortsiktige problem med betalingsbalansen.

Årleg grense er normalt 200 prosent. Kumulativ grense over løpetida er normalt 600 prosent, men kan vera høgare.

Grunnrente2 + 200–300 rentepunkt3

3¼–5 år

Extended Fund-Facility (EFF) (1974)

Mellomlangsiktige betalingsbalansebehov som i hovudsak kjem av strukturelle forhold

Som for SBA

Som for SBA

4½–10 år

Emergency Assistance for Natural Disasters (ENDA) (1962) / post-conflict (EPCA) (1995)

Betalingsbalanseproblem i samband med naturkatastrofar / etterverknad av politisk uro og væpna konfliktar

Normalt 25 prosent, men kan aukast til 50 prosent i spesielle høve

Grunnrente

Som for SBA

Flexible Credit Line (FCL) (2009)

Fleksibel trekktilgang til land med sterk økonomisk stilling

Inga fast lånegrense

Som for SBA

Som for SBA

Precautionary Credit Line (PCL) (2010)

Fleksibel trekktilgang til land med relativt sterk økonomisk stilling, men som ikkje fyller vilkåra for FCL

Opp til 500 prosent ved oppstart og 1000 prosent etter 12 månader

Som for SBA

3½ –5 år

1 Prosent av kvoten til landet

2 IMF si grunnrente er SDR-renta, som vert rekna ut som eit vekta gjennomsnitt av tremånadersrenta for dei valutaene som er med i SDR (amerikanske dollar, euro, britiske pund og japanske yen), med eit påslag som for tida er 100 punkt (eitt prosentpoeng). Påslaget skal mellom anna dekkja administrative utgifter og oppbygging av reservar. SDR-renta var 0,47 prosent per 1. april 2011.

3 Rentepåslag på 200 punkt (to prosentpoeng) for den delen av lånet som går over 300 prosent av kvoten, og ytterlegare 100 punkt på den delen som går over 300 prosent av kvoten i meir enn tre år.

Kjelde: IMF.

Tabell 10.2 Dei spesielle ordningane – Poverty Reduction and Growth Trust (PRGT).

Låneordning

Siktemål

Lånegrense1

Rente2

Tilbakebetaling

Extended Credit Facility (ECF) (2009)

Mellomlangsiktig finansiering ved vedvarande problem med betalingsbalansen (etterfølgjer det tidlegare PRGF)

Inga fast lånegrense

0 prosent

10 år

Standby Credit Facility (SCF) (2009)

Kortsiktig finansiering

Inga fast lånegrense

¼ prosent

8 år

Rapid Credit Facility (RCF) (2009)

Kortsiktig, rask finansiering

Normalt årleg lånegrense på 25 prosent. Kumulativ grense på 75 prosent.

0 prosent

10 år

Land som vert utsette for ekstraordinære sjokk

Årleg lånegrense på 50 prosent. Kumulativ grense på 100 prosent.

Som over

Som over

1 Prosent av kvoten til landet. Det er satt ei samla lånegrense for dei tre ordningane under PRGT (ECF, SCF og RCF) på 100 prosent per år, og maksimalt 300 prosent. Desse grensene kan fråvikast i særlege tilfelle.

2 Renta på alle låneordningar for låginntektsland er sett til null fram til utgangen av 2011. For SCF vert rentekostnadar ettergjeve ut 2011.

Kjelde: IMF.

Teknisk assistanse frå IMF skal hjelpa medlemslanda til å få eit betre institusjonelt grunnlag for å gjennomføra den økonomiske politikken. Det vert i hovudsak gjeve teknisk assistanse i samband med utforming og gjennomføring av penge- og finanspolitikk og ved utvikling av gode institusjonar og lovgjeving for økonomisk verksemd og for finanssektoren.

Det øvste organet i IMF er guvernørrådet. Det er sett saman av ein guvernør og ein vararepresentant frå kvart medlemsland. Sentralbanksjefen er Noreg sin medlem i guvernørrådet, medan departementsråden i Finansdepartementet (finansråden) er vararepresentant. Det daglege arbeidet vert leidd av styret, som består av administrerande direktør i IMF og 24 representantar for medlemslanda. Noreg har felles representant i styret med dei andre nordiske og dei tre baltiske landa. Kvar styremedlem har eit tilknytt sekretariat og fast tilhald ved hovudkontoret til IMF i Washington DC, USA.

Den internasjonale monetære og finansielle komitéen (International Monetary and Financial Committee, IMFC) er eit viktig rådgjevande organ som har møte to gonger i året, til vanleg i april og september/oktober. Komitéen gjev råd om den generelle strategien til IMF, om kva for økonomisk-politiske tema institusjonen skal konsentrera seg om, og legg dei politiske føringane for verksemda. IMFC har 24 medlemer på minister- eller sentralbanksjefnivå, etter same mønster som styret.

Frå hausten 2008 var den egyptiske finansministeren Youssef Boutros-Ghali leiar i IMFC. Boutros-Ghali trekte seg som finansminister i januar, og då også frå vervet i IMFC. Det er semje i IMFC om at leiarvervet skal rotera mellom regionar. Boutros-Ghali representerte Afrika og Midtausten. Tidlegare leiarar har vore Gordon Brown frå Storbritannia og Tommaso Padoa-Schioppa frå Italia. Det var såleis naturleg å sjå til Asia eller Amerika for å finna den neste IMFC-leiaren. I mars vart det klart at finansministeren i Singapore, Tharman Shanmugaratnam, vert ny leiar i IMFC. Dette er første gongen IMFC har ein leiar frå Asia.

I den nordisk-baltiske valkrinsen går representasjonen på omgang mellom medlemslanda. For tida representerer Benny Andersen frå Danmark den nordisk-baltiske krinsen. Første halvår 2010 representerte den finske finansministeren Jyrki Katainen valkrinsen i IMFC. Andre halvår 2010 og første halvår 2011 er finansminister Sigbjørn Johnsen representant for valkrinsen. Det er ei tett og regelbasert koordinering mellom dei nordisk-baltiske landa for at ein skal verta samde om kva synspunkt valkrinsen skal fremja.

10.3 Gjennomføring av hovudoppgåvene til IMF det siste året

10.3.1 Utviklinga i utlån

Då den globale finanskrisa braut ut i 2008, var utlåna frå IMF på sitt lågaste nivå sidan sist i 1970-åra. Finanskrisa førte til auka behov for lån frå IMF, og institusjonen var raskt ute for å imøtekoma etterspørselen etter lån frå land som fekk vanskar med betalingsbalansen. Ved utgangen av februar 2011 hadde dei samla utlåna kome opp i 66,3 milliardar SDR1, jf. figur 10.1. Dette var ein auke på om lag 24 milliardar SDR sidan januar 2010 og på om lag 54 milliardar SDR sidan sommaren 2008. I hovudsak er det dei generelle låneordningane til IMF, der alle medlemsland kan søkja om lån, som medverkar til veksten. Ved utgangen av februar 2011 var det uteståande utlån på 61,4 milliardar SDR under desse ordningane. Også dei subsidierte låna til låginntektsland har auka i kjølvatnet av finanskrisa, og ved utgangen av februar 2011 var 4,9 milliardar SDR lånt ut under desse ordningane.

Blant dei ordinære låneordningane er den såkalla Stand-By Arrangement (SBA) mest brukt, jf. figur 10.2. Løpetida på låna er delt i ei utbetalingsperiode eller programperiode, der utbetalingane av låna er avhengig av at landet følgjer bestemte krav til den økonomiske politikken, og i ein periode der landet betaler lånet tilbake. Ved utgangen av februar 2011 var i alt 19 land inne i programperioden for SBA-lån. Åtte av dei tok opp lån i 2010. Tre land tok i 2010 opp tilsvarande lån med lengre løpetid under Extended Fund Facility (EFF). Dei fleste av dei nye låntakarane under SBA og EFF-ordningane var framveksande økonomiar, men dei største låna gjekk likevel til tradisjonelle industriland som Hellas og Irland. Samla utlånsramme for desse to ordningane var ved utgangen av februar 2011 89,8 milliardar SDR. Av dette var 47,5 milliardar SDR betalt ut.

Under føre-var-ordninga Flexible Credit Line (FCL) kan land med solid økonomisk politikk og utvikling få avtale om rett til lån som dei normalt ikkje trekkjer på i første omgang, men som dei kan nytta dersom det skulle verta behov for det på eit seinare tidspunkt. Ved utgangen av 2010 hadde tre land, Colombia, Polen og Mexico, inngått avtalar om trekkrettar under FCL-ordninga for til saman 47,5 milliardar SDR. Seinare har Polen og Mexico fått utvida sine trekkrettar, og Makedonia har fått tildelt ein trekkrett under den såkalla PCL-ordninga. Samla trekkrettar under desse låneordningane var ved utgangen av februar 2011 på 69,2 milliardar SDR. Makedonia informerte i slutten av mars om at dei ønskjer å nytta seg av trekkretten og låna om lag 230 millionar SDR.

Utlån under dei subsidierte ordningane for låginntektsland var ved utgangen av 2010 om lag 0,8 milliardar SDR høgare enn då finanskrisa braut ut sommaren 2008. Uteståande beløp under desse ordningane har likevel vorte redusert noko det siste året. Ved utgangen av 2010 hadde i alt 28 land avtalar om lån under Extended Credit Facility (ECF), to land under Standby Credit Facility (SCF) og ingen under Rapid Credit Facility (RCF). Dei fleste låginntektslanda nyttar seg såleis av ECF-ordninga. Denne ordninga svarer til den tidlegare PRGF-ordninga. Det vert gjeve lån til land der ein trur det vil ta noko tid før dei makroøkonomiske problema i landet er løyste. I 2010 og dei to første månadene av 2011 tok 13 land opp ECF-lån. Beløpsrammene for desse låna er relativt små, jf. figur 10.2. Noreg er med på å finansiera lån under Standby Credit Facility og Rapid Credit Facility (RCF).

Figur 10.1 Uteståande lån frå IMF per 31. april. 1979–20111). Milliardar SDR.

Figur 10.1 Uteståande lån frå IMF per 31. april. 1979–20111). Milliardar SDR.

1) Unytta trekkrettar og lånerammer er ikkje inkludert. Desse utgjorde ved utgangen av februar 2011 121 milliardar SDR.

Kjelde: IMF.

Figur 10.2 Talet på mottakarland og lånerammer  innanfor ulike låneprogram ved utgangen av februar 20111). Milliardar SDR.

Figur 10.2 Talet på mottakarland og lånerammer innanfor ulike låneprogram ved utgangen av februar 20111). Milliardar SDR.

1) Inkluderer lån i programfasen

2) Inkluderer lån under forgjengaren Exogenous Shock Facility (ESF).

Kjelde: IMF.

Figur 10.3 Land med størst uteståande kreditt ved utgangen av februar 20111). Milliardar SDR.

Figur 10.3 Land med størst uteståande kreditt ved utgangen av februar 20111). Milliardar SDR.

1) Berre den delen av låneramma som er utbetalt er teken med.

Kjelde: IMF.

Det er for tida tre land som ikkje har betalt tilbake lån frå IMF som har forfalle. Restansane utgjorde totalt om lag 1,3 milliardar SDR ved utgangen av 2010, og dei fordelte seg med 1,1 milliardar SDR på ordinære lån og 0,2 milliardar SDR på låneordningane for låginntektsland. Restansane gjekk ned med 17,5 millionar SDR i 2010. Om lag tre firedelar av restansane knytte seg til Sudan. Dei to andre landa som har restanser er Somalia og Zimbabwe.

10.3.2 Teknisk assistanse

Teknisk assistanse skal hjelpa medlemslanda til å få eit betre institusjonelt grunnlag for å gjennomføra den økonomiske politikken. Det vert i hovudsak gjeve teknisk assistanse innanfor tre område: utforming og gjennomføring av penge- og finanspolitikken, utvikling av gode institusjonar, og lovgjeving for økonomisk verksemd og for finanssektoren. Om lag 85 prosent av den tekniske assistansen går til land med lågt eller middels inntektsnivå.

I september 2006 inngjekk Utanriksdepartementet og IMF ein avtale som innebar at Noreg tok ansvar for å gje hovudtyngda av den faglege hjelpa som var avtala mellom sentralbanken i Malawi og IMF. Avtalen er forlenga til ut 2011. Den faglege assistansen frå Noregs Bank vert administrert av IMF, men finansiert av midlar frå Utanriksdepartementet. Også i sentralbanken på Aust-Timor har Noreg stilt ressursar til rådevelde gjennom IMF dei siste åra. Norad har ein bilateral avtale med IMF som går ut på å yta teknisk assistanse til land innanfor programmet «Olja for utvikling» på inntektsforvaltningsområdet. Noreg er òg bidragsytar til eit nytt fond, med oppstart i mai 2011, som skal finansiera teknisk assistanse til forvaltning av naturressursar. Utanriksdepartementet støttar eit anti-kvitvaskingsprogram som mellom anna er med på å byggja ut kapasiteten på dette området, særleg i land som representerer ein global risiko.

10.3.3 Overvaking og IMF si vurdering av Noreg

Siktemålet med IMF si overvaking er å fremja internasjonal økonomisk og finansiell stabilitet gjennom analysar, kunnskapsformidling og råd om økonomisk politikk. Overvakinga av økonomien i medlemslanda skjer på multilateralt, regionalt og bilateralt nivå. Basis for den multilaterale og regionale overvakinga er analysar av utsiktene for verdsøkonomien i «World Economic Outlook» (WEO), som vert lagd fram to gonger i året. Der drøftar ein utsiktene for verdsøkonomien under eitt, og ein drøftar òg særlege utfordringar i ulike regionar og dei viktigaste utfordringane i den globale økonomiske politikken. Utsikter for fem ulike regionar vert òg analyserte i «Regional Economic Outlook». IMF utarbeider i tillegg halvårlege analysar av utviklinga på dei internasjonale finansmarknadene i «Global Financial Stability Report» (GFSR). Denne rapporten analyserer ulike delar av finansmarknadene i land og regionar og drøftar samspelet mellom makroøkonomiske spørsmål og finansmarknadene.

Den siste WEO-rapporten vart publisert i oktober 2010. I januar i år vart ein oppdatert versjon lagd fram. IMF skriv der at den økonomiske oppgangen held fram, men at oppgangen i industrilanda har vore noko meir moderat enn ein hadde venta. Desse landa har samla sett hatt relativt låg vekst, arbeidsløysa er framleis høg, og problema i nokre av euro-landa aukar risikoen for økonomisk uro. I framveksande økonomiar er hovudbiletet at den økonomiske aktiviteten er høg, og ein kan òg finna teikn på presstendensar. Også i utviklingslanda er hovudbiletet at den økonomiske veksten er sterk.

Den siste GFSR-rapporten vart publisert i oktober 2010. Her heiter det at sjølv om ein reknar med at verdsøkonomien vil halda fram å betra seg, er det framleis stor uvisse på dei finansielle marknadene. IMF peikar i denne samanhangen på at uroa rundt statsgjelda i ein del europeiske land skaper uvisse, sjølv om situasjonen er betra gjennom dei tiltaka som er gjennomførte.

IMF har, i samarbeid med Verdsbanken og andre internasjonale organ, utarbeidd standardar og kodar for såkalla beste praksis på til saman tolv ulike område. Frå januar 2010 til byrjinga av mars 2011 publiserte IMF ulike såkalla ROSC-rapportar («Report on the Observance of Standard and Codes») om korleis landa etterlever ein eller fleire av desse standardane. Slike rapportar er utarbeidde for 15 av medlemslanda.

Den bilaterale overvakinga utgjer kjernen i verksemda til IMF og vert utført gjennom konsultasjonar med kvart medlemsland i samsvar med artikkel IV i vedtektene for IMF. For Noreg er det rutine med ein full artikkel IV-konsultasjon annakvart år. Den førre fulle artikkel IV-konsultasjonen vart gjennomført i november 2009. I åra mellom desse konsultasjonane gjennomfører IMF-staben ein enklare konsultasjon som ikkje vert drøfta i styret i IMF. Ein slik mellomkonsultasjon for Noreg vart gjennomført hausten 2010. Hovudkonklusjonane i rapporten frå delegasjonen var:

  • Delegasjonen meinte at veksten kom til å halda fram, og at låg rente vidare framover og auka tiltru til økonomien ville medverka til aukande etterspørsel frå privat sektor. Dei peika likevel på at utviklinga i norsk økonomi også er avhengig av utviklinga internasjonalt, og at den framleis er usikker.

  • Delegasjonen var positiv til den varsla innrettinga av finanspolitikken for 2011. Under føresetnad av at den økonomiske veksten tek seg ytterlegare opp, meiner delegasjonen at bruken av oljepengar bør bringast noko under fireprosentsbana på mellomlang sikt.

  • Delegasjonen var vidare positiv til pensjonsreforma, men understreka også at andre trygdeordningar må tilpassast slik at reforma kan verka slik meininga var. Særleg er det viktig å redusera sjukefråværet og veksten i talet på uføretrygda.

  • Over tid bør ein utvikle rammeverket for makrotilsyn og overvaking av systemrisiko, med sikte på å redusera sykliske svingingar på kredittmarknaden. Delegasjonen slutta seg til Finanstilsynet si innføring av retningsliner for forsvarleg bustadfinansiering, og peika på at Finanstilsynet også i tida framover bør stimulera til at finansinstitusjonane styrkjer soliditeten og styringa med likviditeten.

10.4 IMF og finanskrisa

10.4.1 Innleiing

IMF har hatt ei svært sentral rolle i det internasjonale og multilaterale samarbeidet for å handtera finanskrisa, og har gjort ein særleg innsats og forsterka si rolle både når det gjeld analysar, tilrådingar om politiske tiltak, kriselångjeving og internasjonal koordinering. Utlåna frå IMF auka mykje som følgje av finanskrisa og den globale økonomiske nedgangen som følgde, jf. avsnitt 10.3.1.

IMF var ikkje tidleg nok ute med analysar og råd som kunne gjett eit grunnlag for å forebyggja uroa på dei finansielle marknadene som tok til hausten 2007. Men frå den tidlege fasen i krisa og gjennom krisa, har IMF vore klår på alvoret i situasjonen. Organisasjonen har fått stor tillit i det internasjonale samfunnet for innsatsen, og har fått tilført ressursar slik at utlånskapasiteten har auka sterkt. IMF har også synt evne til å kunna tilpassa seg situasjonen raskt, mellom anna ved å gjennomføra ei omfattande reform av utlånsverksemda slik at ho vart betre tilpassa medlemslanda sine behov.

I 2010 heldt betringa i verdsøkonomien fram, etter den kraftige nedgangen i slutten av 2008 og inn i 2009. Merksemda i IMF vart difor gradvis flytta frå krisehandtering til å analysere årsakene til krisa, og kva lærdommar ein kan trekkja for å førebyggja nye kriser. Eit sentralt spørsmål er korleis IMF skal medverka til at verdsøkonomien, og økonomien i dei einskilde medlemslanda, vert meir robust mot økonomiske sjokk. IMF har sett i verk ei rad tiltak for å styrkja overvakinga og rådgjevinga overfor medlemslanda, og arbeidet på dette området held fram. Sjølv om verdsøkonomien har betra seg, står det framleis att alvorlege utfordringar i ein del land som følgje av krisa, særleg knytte til statsfinansielle problem.

10.4.2 Endringar i dei generelle låneordningane til IMF

IMF vedtok i 2009 omfattande reformer i låneordningane som gjorde dei betre tilpassa medlemslanda sine behov og situasjonen i verdsøkonomien. Ordningane vart meir fleksible, slik at ein kan gje finansiering raskare, med større beløp og med meir tenlege vilkår enn før. I tillegg er det vedteke ei generell forenkling av lånevilkåra for låneprogramma til IMF. Organisasjonen skal no avgrensa krava om strukturendring til dei punkta som er kritisk turvande for å gjennomføra programmet. Desse punkta skal i hovudsak vera innanfor kjerneområda til IMF, som er makroøkonomi, finansmarknader og statsfinansar. Land får også større fridom til å velja korleis dei vil gjennomføra dei makroøkonomiske måla i låneprogrammet.

Eit anna viktig førebyggjande tiltak var innføringa av ei fleksibel låneordning (Flexible Credit Line, FCL) for land som jamvel med eit solid økonomisk utgangspunkt kan være redde for å få finansieringsvanskar. Ordninga gjev land ein føre-var-avtale om tilgang til omfattande og rask finansiering dersom eit akutt betalingsbalanseproblem oppstår. Landa må ha ført ein berekraftig økonomisk politikk dei siste åra, ha ein handterbar gjeldssituasjon og ha hatt ein normal tilgang på internasjonale finansmarknader. Ein meir detaljert omtale av omleggingane står i Finansmarknadsmeldinga 2009.

I 2010 vurderte ein erfaringane med den nye låneordninga FCL. Ordninga hadde vist seg å vera nyttig, men auka fleksibilitet kunne likevel gjera ho meir attraktiv utan at det ville vera turvande å fråvika krava til søkjarlanda. Hausten 2010 vart difor den korte løpetida på eitt år og den øvre beløpsgrensa på 1000 prosent av landet sin kvote i IMF lempa på, slik at lån no kan forlengjast med eitt år og beløpsgrensa fastsetjast i kvart einskilt tilfelle ut frå kva behov landet har. Prosedyren for å involvere styret vart samstundes styrkt for å sikra at dei strenge kvalitetskrava vert oppfylte, at lånebehovet vert grundig etterprøvd, og at den samla lånekapasiteten til IMF vert samordna.

Samstundes vart det etablert ei ny låneordning – Precautionary Credit Line (PCL). Røynslene frå krisa hadde vist at land som hadde mellombels finansieringsbehov på grunn av forbigåande ubalansar, men som elles ikkje hadde store problem, kunne ha nytte av ei tilsvarande ordning som FCL. Heller enn å vatna ut signaleffekten til FCL, vart det etablert ei tilsvarande ordning med noko mindre strenge føresetnader, men samstundes med strengare krav til kontroll og oppfølging. Særleg asiatiske land har vore opptekne av å få på plass eit finansielt tryggingsnett for framveksande økonomiar som har ført ein sunn økonomisk politikk.

Styret vurderte òg eit forslag om ein global stabiliseringsmekanisme (GSM). Ein slik mekanisme skulle kunne aktiverast i tilfelle der det oppstår ein systemisk likviditetsmangel som spreier seg raskt. IMF kunne her få ei sentral rolle, dels ved å koordinera bidrag frå sentralbankar og andre regionale institusjonar, dels ved å bruka eigne ordningar meir automatisk og med færre økonomisk-politiske krav. Sjølv om det var skepsis til forslaget, særleg knytt til om det var tenleg at IMF skulle ha ei slik overordna rolle, og om det var behov for endå fleire nye ordningar, såg ikkje styret bort frå at det kunne vera ønskjeleg å gjennomføra nokre av dei mindre ambisiøse forslaga. Styret vil koma attende til spørsmålet om ein global stabilitetsmekanisme i samband med ein breiare gjennomgang av røynslene med dei nye lånefasilitetane.

Den nordisk-baltiske valkrinsen støtta endringane i FCL, men peika på at potensielt trekk av svært store lån over ein lengre periode enn tidlegare kunne resultera i ytterlegare press på den finansielle kapasiteten til IMF. Difor burde ein frå styret si side forventa at forlenging av låna for eit ekstra år normalt skulle føra til reduserte trekkkrettar. Valkrinsen støtta òg etableringa av den nye PCL-ordninga. Til liks med resten av styret åtvara krinsen mot ei utvikling der for mange ordningar kunne føra til uklare skilnader mellom ulike låntakarland og vanskelege avgjerder om kva land som kvalifiserer til den eine eller andre ordninga. Eit kunstig skilja mellom elles nokså like land kunne skapa inntrykk av ein urimeleg forskjellsbehandling. På den andre sida vart det framheva at det er viktig å utnytta den positive signaleffekten som meir skreddarsydde ordningar kan gje. Valkrinsen la i tillegg vekt på å få til ein gjennomgang av røynslene med dei reformerte og nye ordningane seinast om to år. Det vil då òg kunna vurderast om GSM-liknande ordningar er ønskjelege.

10.4.3 Kriselån til land i eurosona

I 2010 vart dei statsfinansielle problema i ei rad land tydelegare og fekk meir merksemd. I mange land har ubalansane i offentleg sektor bygd seg opp over tid, anten ved at ein ikkje har teke tak i underliggjande strukturproblem, eller ved at finanspolitikken var for lite stram under den sterke oppgangskonjunkturen økonomiane var inne i fram til finanskrisa. Under finanskrisa opplevde mange statar at skatteinntektene svikta, samstundes som ein tok på seg store kostnader for å sikra finansiell stabilitet. Den ekspansive finanspolitikken som ei rad land sette i verk i 2008 og 2009 for å dempa nedgangen i realøkonomien, har ifølgje IMF i mindre grad medverka til gjeldsoppbygging.

Dersom uvisse om evna ein låntakar har til å kunna innfri gjelda si aukar, vil marknaden krevja høgare rente som kompensasjon for den auka risikoen. Når marknaden misser tillit til at statsfinansane i eit land er berekraftige, kan rentene auka mykje og påføra både offentleg sektor og andre låntakarar i landet høge kostnader. For land med høge gjeldsnivå kan ekstrautgifter knytte til dette verta så store at det i seg sjølv skaper statsfinansielle problem. Gjeldsproblem og sviktande tillit forsterkar då kvarandre.

Eit viktig utviklingstrekk i 2010 var at fleire land i eurosona fekk alvorlege problem med statsfinansane og måtte betala høge påslag på dei låna dei tok opp på marknaden. Dette var første gongen ein opplevde statleg gjeldskrise etter at ein etablerte den økonomiske og monetære unionen i EU, og det reiste ei rad problemstillingar som medlemslanda måtte ta stilling til. For å handtera situasjonen etablerte ein mellom anna ordningar som kunne gje ekstraordinær finansiering til euroland i tilknyting til eit IMF-program. Det vart lagt til grunn at dersom EU dekkjer to tredelar av det eksterne finansieringsbehovet, vil IMF dekkja den siste tredelen. For IMF er slike kriseprogram ein del av den ordinære verksemda. Men historisk er det nytt at ein på regionalt nivå har etablert mekanismar for å medfinansiera IMF-program for land i ein valutaunion. Sjølv om ein frå IMF si side såg positivt på desse mekanismane, vart det understreka at lånebehova til land i eurosona ville verta vurderte på same måten som for dei andre medlemslanda. IMF har ikkje forplikta seg til å gje, og har heller ikkje sett til side, særskilde midlar til dette føremålet, men vil gje lån til land i krise etter ei konkret vurdering i tråd med dei allereie eksisterande låneordningane. Renta som låntakarland må betala til IMF, er generelt gunstig og følgjer reglane som gjeld for kvar einskild låneordning.

Hellas og Irland er dei euro-landa som så langt har nytta tilbodet om lån med samfinansiering frå IMF og EU. Låna til Hellas har ei ramme på til saman 110 milliardar euro. Av dette er 30 milliardar euro frå IMF. Finansieringspakka til Irland har ei ramme på i alt 85 milliardar euro, der 22 milliardar euro er finansiert av IMF, medan dei andre bidraga kjem frå den europeiske finansielle stabiliseringsmekanismen (EFSM), frå den europeiske finansielle stabilitetsfasiliteten (EFSF) og frå bilaterale lån frå Storbritannia, Sverige og Danmark, i tillegg til bidrag frå Irland sine eigne midlar.

Sentrale mål i begge programma er å retta opp att tillit til økonomien og statsfinansane. På kort sikt vert staten sine finansieringsbehov dekte gjennom programmet, slik at ein ikkje treng å ta opp nye lån på marknaden, samstundes som ein set i verk tiltak for å konsolidera dei offentlege finansane på lengre sikt. Det er ei særskild utfordring å sikra konkurransekrafta og ein langsiktig balanse i utanriksøkonomien når valutakursen ligg fast, slik han gjer i ein valutaunion.

10.4.4 Endringar i overvaking og rådgjeving frå IMF si side

10.4.4.1 Overvaking

Gjennom 2010 diskuterte styret grundig korleis IMF sitt mandat burde endrast som følgje av finanskrisa. Ein gjekk igjennom oppgåvene IMF har når det gjeld overvaking av utviklinga i internasjonal økonomi, rolla som rådgjevar og utlånar, dei økonomiske ressursane til IMF og i kva grad IMF engasjerer seg i kapitalrørsler over landegrensene.

Diskusjonen dreidde seg om kva konsekvensar krisa bør få for analysane av den økonomiske utviklinga i kvart einskilt medlemsland (bilateral overvaking) og for analysane av utviklinga i regionar og i verdsøkonomien samla sett (multilateral overvaking). Ein viktig lærdom av krisa var at IMF må styrkja overvakinga og gjera meir for å syta for at medlemslanda følgjer dei råda organisasjonen gjev. Overvakinga av dei største landa og kva innverknad dei har på andre land, må verta meir effektiv. Det same gjeld overvakinga av dei finansielle marknadene, både innanfor eit land og på tvers av landegrensene. Den gjensidige påverknaden mellom utviklinga i realøkonomien og på dei finansielle marknadene må få større merksemd.

IMFC la i oktober 2010 opp til at IMF måtte prioritera overvakinga av finansmarknadene høgare ved å leggja større vekt på risikoane og stabiliteten i systemet som heilskap. Det inneber mellom anna:

  • Betre integrering av vurderingar av finanssektoren i den bilaterale overvakinga. Ein veikskap har vore at dei viktigaste instrumenta IMF har for å vurdera finansmarknadene (Financial Sector Assessments Program – FSAP), har vore frivillige og dermed ikkje i all høve har vorte gjennomførte for dei viktigaste marknadene. IMF bestemte i september 2010 at FSAP skal vera ein obligatorisk del av den bilaterale overvakinga for land som har finansmarknader som er så store at forstyrringar der kan få verknader for det globale finansielle systemet.

  • Betre oversikt over store og komplekse finansinstitusjonar. Finanskrisa viste at problem i dei store finansinstitusjonane raskt smitta over på andre institusjonar. IMF har ikkje gode nok data til å vurdera risikoane knytte til slike institusjonar godt nok. I samarbeid med andre internasjonale institusjonar, som Financial Stability Board (FSB) og BIS, arbeider ein for å retta på dette, mellom anna ved å auka tilfanget av finansielle indikatorar i datastandarden Special Dissemination Standard (SDDS).

  • Styrking av den multilaterale overvakinga. IMF legg fram si vurdering av verdsøkonomien i rapportane «World Economic Outlook» (WEO) og «Global Financial Stability Report» (GFSR), som kjem ut to gonger i året. Det vert hevda at tilrådingane om økonomisk politikk ofte ikkje kjem så godt fram i rapportane. IMF vil difor arbeida for å integrera dei to rapportane betre og gjera bodskapen tydelegare. IMF tok også initiativ til betre overvaking av korleis utviklinga i dei store landa verkar inn på utviklinga i andre land. Såkalla «spill-over reports» er planlagde for dei fem største økonomiane (Kina, euro-området, Japan, Storbritannia og USA). Dette må sjåast i samanheng med samarbeidet mellom IMF og G20-landa om eit multilateralt overvakingsprogram (Mutual Assessment program – MAP).

Styret i IMF diskuterte om det ville vera tenleg å forankra den multilaterale overvakinga i eit særskilt vedtak (ein såkalla «multilateral surveillance decision»). Den nordisk-baltiske valkrinsen gjekk inn for å arbeida vidare med eit slikt vedtak for å klargjera betre forventningane til fondet og til kva forpliktingar dei ulike landa har når det gjeld å delta i multilateral overvaking. IMF har så langt ikkje gjort noko slikt vedtak.

Den nordisk-baltiske valkrinsen har støtta opp om at eit klarare mandat for multilateral overvaking og overvaking av finanssektoren vil styrkja IMF si rolle og IMF sin kapasitet til å hindra og eventuelt løysa kriser i økonomien. Overvakinga må òg organiserast slik at dei store landa tek meir omsyn til råda frå IMF når dei fastlegg den økonomiske politikken. Ei sterkare rolle for IMFC i diskusjonane om overvaking og økonomisk politikk kunne verka i den leia.

10.4.4.2 Reform av finanssektoren

Ei grunnleggjande årsak til finanskrisa var veikskapar i reguleringa og overvakinga av finansmarknadene. Arbeid med forbetringar på desse områda har difor hatt høg prioritet. Gjennom 2010 arbeidde IMF mellom anna med desse problemstillingane:

  • Vurdering av det mandatet ein har for arbeid innanfor finanssektoren, mellom anna grensa mot andre organ som til dømes Financial Stability Board (FSB). IMF skal framleis leia arbeidet med å overvaka det internasjonale monetære systemet og analysera den overordna finansielle stabiliteten i medlemslanda, men skal samarbeida med FSB om tiltak for å minske risikoar i finanssektorane og utvikla og gjennomføra tilsyn og reguleringar. IMF er no medlem av FSB, noko som vert sett på som ein god måte å sikra samarbeidet mellom dei to institusjonane på.

  • Auka samarbeidet med dei som set standardar i finanssektoren.

  • Få fram manglande data om finanssektoren og inkludera dei i datastandarden Special Data Dissemination Standard (SDDS).

IMF arbeider også med korleis ein kan stengja finansinstitusjonar som har verksemd i fleire land. Det vart mellom anna lagt vekt på at nasjonal lovgjeving ikkje må vera til hinder for samarbeid med styresmaktene i andre land i slike spørsmål, og at nasjonale ordningar bør oppfylla visse minstekrav. Det ville òg vera nyttig dersom ein på førehand kunne etablera reglar for byrdefordeling og prosedyrar for samarbeidet.

10.4.4.3 Rådgjeving om kapitalrørsler

Kapitalrørslene mellom land har vorte mangedobla dei siste tiåra. I aukande grad omfattar straumane òg dei framveksande økonomiane. Kapitalrørsler gjev eit viktig bidrag til effektiv bruk av ressursar og skaper vekst både i einskildland og i verdsøkonomien. Men når kapitalrørslene brått snur, kan dei også medverka til å spreia ustabilitet mellom økonomiane. Svingingar i kapitalrørslene mellom land var truleg ei sentral årsak til at finanskrisa spreidde seg så raskt til mange land. IMF sitt mandat knytt til kapitalrørsler er uklart, og fondet har ikkje tidlegare hatt ein vel gjennomarbeidd politikk på dette feltet.

I ljos av det mandatet IMF har for å fremja internasjonal finansiell stabilitet, sette IMF i 2010 i gang eit arbeid med å styrkja si rolle og utvikla ein politikk på dette feltet. Fondet ønskjer å få ei betre forståing av kva som formar kapitalrørslene, kva innverknad dei har på økonomien, og under kva omstende økonomisk-politiske tiltak eller kapitalkontroll kan vera tenleg å bruka. Dette arbeidet kan til å munna ut i retningsliner for råd om kapitalrørsler i den bilaterale eller multilaterale overvakinga.

10.4.5 Evalueringsrapport om den overvakinga IMF dreiv før finanskrisa

IEO, det uavhengige evalueringsorganet til IMF, la i februar 2011 fram ein rapport der ein vurderte IMF si overvaking av medlemslanda før finanskrisa i 2008–2009. Krisa oppstod på finansmarknadene i industrilanda, særleg i store finanssenter som USA og Storbritannia. Derifrå spreidde ho seg raskt til andre land via finansmarknadene og handelsstraumane, og fekk raskt konsekvensar for produksjon og sysselsetjing. Årsakene til krisa er komplekse, men nokre sentrale trekk var veikskapar i reguleringsregimet, verdipapir som skjulte risiko, ein høg grad av lånefinansiering i finansinstitusjonar og hushalda som bidro til ein auke i prisar på formuesobjekt som var høgare enn det fundamentale forhold gav grunnlag for.

På bakgrunn av IMF sitt overvakingsmandat kunna ein venta at organisasjonen åtvara mot forholda som førte til finanskrisa. Rapporten frå IEO søkjar å vurdera i kva grad IMF peika på desse risikomomenta, å identifisera årsaker til eventuell svikt i overvakinga, og å kome med framlegg om oppfølgingstiltak. Rapporten peikar samstundes på at det ikkje var grunnlag for å venta at IMF eller andre fagmiljø skulle lykkast med å gje ein konkret prognose for når og på kva måte risikomomenta ville føra til ei krise.

Ein hovudkonklusjon er at IMF, frå 2004 og til midten av 2007, korkje åtvara landa der krisa oppstod eller medlemslanda meir generelt om risikomomenta og veikskapane som førte til finanskrisa. Jamvel så seint som i april 2007 uttrykte IMF optimisme og meinte at det var gode utsikter for verdsøkonomien. IMF la i analysane sine for lite vekt på svekkinga av balansane i finansinstitusjonane, reguleringsspørsmål, kredittvekst og bobler på formuesmarknadene. Ein la heller ikkje nok vekt på koplingane mellom pengepolitikk og globale ubalansar. Til dømes drøfta ikkje IMF farane ved ein stadig meir lausslept kredittpraksis for bustadlån i USA, eller farane ved dei lite transparente finansielle instrumenta som vart konstruerte i samband med dette. I staden fekk styresmaktene i USA ros for ikkje å regulere for mykje og for å leggja til rette for såkalla finansiell innovasjon. Slik innovasjon førte til auka kompleksitet og gjorde det vanskeleg å få oversyn over kven som tok på seg risiko.

Den bilaterale overvakinga av medlemslanda vart gjennomført med doble standardar. Land med systemviktige finanssenter fekk i all hovudsak tilslutning til den politikken dei førte, medan framveksande økonomiar og mindre industriland måtte tola eit mykje meir kritisk søkjeljos. I sin spesielle gjennomgang av forhold som kunne skapa problem for verdsøkonomien, peika IMF berre på forhold i utviklingsland, ettersom tilhøva i industriland ikkje vart vurderte som ei kjelde til omfattande risiko. Ein såg det som usannsynleg at problem i finanssektoren i industriland kunne smitta over på framveksande økonomiar og låginntektsland.

IMF var i det aktuelle tidsrommet merksam på dei globale ubalansane som oppstod når sentrale land samla opp store overskot, med motsvarande underskot på driftsbalansen mot utlandet i andre land. Men den største frykta i IMF var at dei globale utanriksøkonomiske ubalansane – særleg underskotet i USA – kunne utløysa ei rask og kraftig svekking av den amerikanske dollaren, ein auke i rentene og ein global økonomisk nedgang. Organisasjonen sette ikkje dei globale ubalansane inn i ein breiare samanheng, slik at dei kunne koplast til risikoen som bygde seg opp i dei finansielle systema. Nokre risikoar som medverka til krisa, vart omtala i dei multilaterale overvakingsrapportane, men i almeine ordelag og utan at omfanget av problema kom klart fram.

Ifølgje rapporten var det også både metodiske og organisatoriske forhold som gjorde at IMF feiltolka faresignala før finanskrisa. Analytiske manglar vert trekte fram som hovudårsaka til svikten i den bilaterale overvakinga, særleg når det gjeld dei største industrilanda. Dels kjem dette av den metodiske tilnærminga til IMF, med for lite vekt på analysar av balansane i finansinstitusjonane og på koplingane mellom finanssektoren og realøkonomien. Men gruppetenking har òg vore ein vesentleg faktor. Det vil seia at dei dominerande analysemiljøa internasjonalt studerte problemstillinga innanfor eit bestemt tankesett, utan å stilla spørsmål ved dei underliggjande føresetnadene. Ei oppfatning om at marknaden sjølv var i stand til å handtera og fordela risiko, slik at ein kunne unngå alvorlege problem i finanssektoren med avgrensa regulering frå styresmaktene si side, prega dette tankesettet. IMF-staben lét seg påverka av styresmaktene i sentrale finanssenter, som fremja denne oppfatninga med autoritet og stor ekspertise. Korkje IMF eller andre leiande internasjonale økonomiske institusjonar skjøna eller peika på omfanget av den underliggjande risikoen som utvikla seg på finansmarknadene.

Interne forhold i IMF var ei medverkande årsak til at IMF ikkje lykkast. Mellom anna var kommunikasjonen mellom avdelingane dårleg, slik at IMF ikkje framstod på ein samla og konsistent måte. Risikomomenta som kom fram i viktige analysedokument, vart ikkje følgde opp i den bilaterale overvakinga. IMF lytta lite til eksterne ekspertar som var kritiske til utviklinga på finansmarknadene. Mange følte òg at det var ein politisk atmosfære i IMF som gjorde det vanskeleg å kritisera styresmaktene i store og systemviktige land – til skilnad frå haldninga overfor mindre land, og særleg overfor framveksande økonomiar.

Rapporten gjev støtte til ei rad tiltak som allereie er sette i verk. Av desse er dei viktigaste at alle medlemsland no er inkluderte i IMF sin overordna gjennomgang av veikskapane i verdsøkonomien, at ein særleg gjennomgang av finanssektoren er gjord obligatorisk for 25 systemviktige land, og at ein har betra analysane av koplingar mellom makroøkonomien og finanssektoren. Analysane av mekanismar for smitte og spreiing av økonomisk uro på tvers av landegrensene er også styrkte. Effekten av desse tiltaka bør no overvakast nøye. IMF bør oppmuntra til eit større mangfald av synspunkt, både internt i organisasjonen og ved å trekkja inn eksterne ressurspersonar. Det interne samarbeidet i organisasjonen bør verta betre, med tettare kontakt mellom avdelingane og konsistente bodskapar på tvers av dei ulike publikasjonane frå IMF.

Både staben og leiinga i IMF sa seg samd i mange av dei kritiske vurderingane og dei tilrådingane som vart lagde fram i rapporten. Staben sine eigne rapportar – særleg om gjennomgangen av overvakinga i 2008 og om dei tidlege lærdommane frå krisa i 2009 – peika på mange av dei same forholda som IEO omtala. Styret støtta òg i all hovudsak vurderingane og understreka at fleire av endringane som var gjennomførte dei siste åra, nettopp tok sikte på å bøta på dei veikskapane rapporten trekte fram. Ein meinte likevel at det var særs viktig med ei tett oppfølging av dei tilrådingane rapporten gav om interne forhold. IEO sine vurderingar vert viktige for den treårige gjennomgangen av overvakinga som skal gjennomførast hausten 2011. Den nordisk-baltiske valkrinsen slutta seg til desse synspunkta. Valkrinsen argumenterte i tillegg, på bakgrunn av dei alvorlege veikskapane som vart avdekte, for å laga ein særskild oppfølgingsrapport frå styret til ministerkomiteen IMFC om denne rapporten, men fekk ikkje fleirtal for dette framlegget.

Finansdepartementet understrekar at IEO har laga ein grundig og viktig rapport. Det er ein styrke for IMF at ein så grunnleggjande og presis kritikk av organisasjonen vert formulert av IMF sitt eige evalueringskontor. Rapporten legg eit godt grunnlag for å kunna styrkja IMF og den internasjonale vernebuinga mot økonomiske kriser. Finansdepartementet legg særleg vekt på at overvakinga av medlemslanda må gjerast med éin og same standard, slik at industriland og utviklingsland vert gjennomgått med same kritiske blikk.

10.4.6 Samarbeidet med G20

Hausten 2009 vart G20 einige om eit rammeverk for sterk, haldbar og balansert vekst, medrekna ein prosess for å setja opp måla for politikken, utforma politikken og vurdera framgangen i måloppnåinga, kalla Mutual Assessment Process (MAP). G20 består av 19 land, både industriland og framveksande økonomiar, i tillegg til EU. IMF fungerer i praksis som sekretariat og har ei viktig rolle i utforminga av MAP. IMF førebur regelmessige analysar av den økonomiske politikken i G20, gjev råd og tilrår endringar. I analysane sine har IMF vist at ein godt koordinert økonomisk politikk i G20 fremjar økonomisk vekst og auka sysselsetjing. IMF har også lagt vekt på at ein slik politikk vil føra til reduserte globale ubalansar og dermed redusert risiko for global finansiell ustabilitet. G20 vart i november 2010 som eit ledd i MAP, einige om å utvikla indikatorar som kan identifisera store ubalansar som krev motverkande eller korrigerande tiltak. Retningslinene vert utforma i 2011 i nært samarbeid med IMF. IMF legg vekt på transparens i G20-relatert arbeid. Regelmessige bakgrunnsnotat for møter i G20 er lagde fram for styret i IMF og publiserte på heimesida til IMF.

Den nordisk-baltiske valkrinsen støttar opp om MAP-arbeidet som IMF utfører for G20. Valkrinsen deler IMF si vurdering om at eit tett samarbeid mellom G20 kan verke til å redusera dei globale ubalansane og fremja internasjonal monetær og finansiell stabilitet. Samstundes seier valkrinsen seg lei for at dette arbeidet, som trekkjer tungt på ressursane til staben og leiinga i IMF, ikkje skjer innanfor dei rammene som er gjevne av IMF sine organ og prosessar. Særleg burde IMFC hatt ei sentral rolle for å skape semja om tiltak som kan koordinera den makroøkonomiske politikken mellom land. MAP-arbeidet som IMF utførar er offisielt rekna som teknisk assistanse, men er nært knytt til den generelle overvakingsverksemda.

10.4.7 Det internasjonale monetære systemet og spesielle trekkrettar (SDR)

I kjølvatnet av finanskrisa har debatten om det internasjonale monetære systemet vorte meir aktuell. Ei sentral problemstilling er om det var sjølve systemet som svikta, og slik var med på å skapa dei globale ubalansane som igjen var ei av årsakene til krisa.

Det er no relativt brei fagleg semje om at det ikkje var systemet i seg sjølv som svikta, men snarare at tilpassingsmekanismane ikkje fungerte som dei skulle ha gjort. Det ligg såleis ikkje an til radikale endringar i det internasjonale monetære systemet i nær framtid. Arbeidet med å redusera dei globale ubalansane må likevel halda fram, og ei viktig sak framover vil vera å styrkja gjennomføringa av koordinert økonomisk politikk i systemviktige land. Det kan redusera dei globale ubalansane og dermed styrkja føresetnadene for global vekst og finansiell stabilitet.

I G20 og IMF diskuterer ein også kva som kan gjerast for å redusera svingingane i kapitalrørslene, og kva som må til for å redusera det behovet som visse land i dag har for å byggja opp store valutareservar. Ein meir balansert verdsøkonomi kan gjera det mindre turvande å byggja opp store reservar, og truleg vil ei styrking av dei globale sikringsnetta i finanssektoren over tid verka i same retning. IMF har etablert to nye fasilitetar som ei hjelp for å nå dette målet, Flexible Credit Line (FCL) og Precautionary Credit Line (PCL).

Den kraftige auken i globale valutareservar har ført til ein prinsipiell diskusjon om reservevalutaer, der ei problemstilling er om IMF sine spesielle trekkrettar (SDR) kan spela ei rolle. For å avhjelpa dei store problema med likviditeten på dei finansielle marknadene under finanskrisa vart G20 våren 2009 samde om ei stor tildeling av SDR. Denne tildelinga vart i etterkant vedteken av medlemslanda i IMF, og i august same året auka tildelinga av SDR til 204 milliardar SDR. Dette er eit stort beløp, men motsvarer likevel mindre enn 4 prosent av valutareservane i verda.

Det er ikkje brei internasjonal støtte for å auka SDR si rolle som reservevaluta. Ei slik endring vil òg ta lang tid, krevja store og regelmessige tildelingar av SDR og krevja ein kraftig vekst i bruken av SDR-denominerte finansielle instrument. For at SDR skal verka som ein reell reservevaluta, er det viktig med ein velfungerande marknad for omveksling av SDR til konvertible valutaer. Finansdepartementet er ikkje negativ til at SDR på noko sikt kan få ei større rolle som reservevaluta, men det er enno for tidleg å seia korleis og i kva grad dette kan skje. På litt sikt er det dessutan mogleg at den kinesiske valutaen (yuan) kan få ei rolle som reservevaluta. Dei kinesiske finansielle marknadene må i så fall først igjennom ei omfattande liberalisering, og yuan må gjerast om til ein konvertibel valuta.

10.4.8 Utfordringar knytte til sysselsetjing og sosialt samhald

Finanskrisa har skapt store utfordringar på arbeidsmarknadene rundt om i verda. Meir enn 30 millionar menneske har vorte arbeidslause sidan 2007. I mange land kjem dette på toppen av allereie store problem med undersysselsetjing, dårlege arbeidstilhøve og manglande rettar for arbeidstakarane. Særleg er den høge arbeidsløysa blant unge alvorleg. I somme land er utsiktene så svake at det gjev meining å snakka om ein tapt generasjon, der ein stor del av dei unge aldri får fotfeste på arbeidsmarknaden. Dette kan vera ei kjelde til frustrasjon og sosial uro.

Administrerande direktør i IMF har lagt særleg vekt på at IMF gjennom si rådgjeving og utlånsverksemd skal fremja tiltak som kan medverka til økonomisk vekst og utvikling, og samstundes demma opp for den aukande arbeidsløysa. Eit nytt samarbeid mellom IMF og Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) understøttar dette engasjementet. Mellom anna vil dei to organisasjonane arbeida saman for å utvikla ein felles definisjon av eit sosialt tryggingsnett for utsette grupper. Arbeidet skal kunna nyttast ved utforminga av berekraftig makroøkonomisk politikk på mellomlang og lang sikt, og i utviklingspolitikken.

IMF og ILO arrangerte i 2010 for første gong ein felles konferanse, som fekk tittelen «The Challenges of Growth, Employment, and Social Cohesion». Konferansen vart leidd av generaldirektøren i ILO, Juan Somavia, og administrerande direktør i IMF, Dominique Strauss-Kahn. Høgnivåkonferansen vart gjennomført i Oslo 13. september 2010 med statsminister Jens Stoltenberg som vert. Konferansen samla politiske leiarar, representantar for arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonar og leiande akademikarar for å diskutera kva for tiltak som trengst for å sikra sysselsetjing og ny vekst i verdsøkonomien. Deltakarane omfatta mellom anna presidenten i Liberia, Ellen Johnson-Sirleaf, statsministeren i Hellas, George Papandreou, statsministeren i Spania, José Luis Rodríguez Zapatero, finansministeren i Frankrike, Christine Lagarde, arbeidsministeren i Storbritannia, Iain Duncan Smith, og generalsekretær Sharan Burrow i Den faglege internasjonale (ITUC). Eit viktig mål var å auka medvitet og betra samarbeidet for å takla utfordringane på den internasjonale arbeidsmarknaden, både på internasjonalt og på nasjonalt plan.

10.4.9 Endringar i IMF si overordna tilnærming til økonomiske spørsmål

IMF si vektlegging av sysselsetjing og sosialt samhald er eit døme på dei gjennomgripande endringane som har funne stad i organisasjonen dei siste åra. IMF var frå 1980-talet dominert av eit tankesett som mange har kalla Washington-konsensus2, mellom anna kjenneteikna av sterk tru på marknadsløysingar og eit ønskje om å minimere staten si rolle i økonomien. Dette utgangspunktet er no i stor grad erstatta av ei meir balansert og pragmatisk tilnærming i ulike økonomiske spørsmål. Vilkåra som IMF stiller i samband med utlån er forenkla og reduserte i omfang, slik at låntakarlanda har større fridom til sjølve å avgjere sin økonomiske politikk. IMF sitt syn på regulering av internasjonale kapitalrørsler er revidert, mellom anna på bakgrunn av røynslene frå asiakrisa, slik at IMF i nokre høve no er positiv til midlertidige kapitalrestriksjonar. Til dømes aksepterte IMF at Island nytta restriksjonar for å hindre kapitalflukt etter at dei tre største bankane i landet gjekk over ende hausten 2008. IMF har òg tatt til orde for å styrkje det sosiale tryggingsnettet i landa som har vore hardt råka av den økonomiske krisa, og har i fleire tilfelle vore innstilt på å nytte meir midlar for å støtte dei svakaste i samfunnet enn det styrkesmaktene i det aktuelle landet la opp til. IMF-staben har i tillegg peika på at ein må tenke nytt i utforminga av den makroøkonomiske politikken på bakgrunn av røynslene frå krisa, mellom anna med større vekt på ein aktiv finanspolitikk og regulering av finanssektoren3. Frå norsk side ser ein desse endringane som positive. Vi har gode røynsler med at kombinasjonen av statleg regulering, sosialt tryggleiksnett og ein open økonomi gjev høg vekst og velferd. IMF sine råd bør ikkje vere baserte på ideologi, men forankra i faglege vurderingar av økonomisk teori og empiri. Samstundes skal ein vera merksam på at utøvarar av økonomifaget òg kan verta påverka av ideologiske trendar. Difor er det viktig å stimulera til fagleg mangfald. Land med IMF-program må få rom til å forma sin eigen økonomiske politikk så lenge det er realistisk at han vil rette opp økonomiske ubalansar. Breie fagleg-politiske diskusjonar må sikra eigarskap til den økonomiske politikken i låntakarlanda.

10.5 Reform av styresett, kvotar og røysterett i IMF

10.5.1 Bakgrunn

Sterk økonomisk vekst gjennom fleire år har ført til at ein del framveksande økonomiar har ein kvote og ei røystevekt som er mindre enn posisjonen i verdsøkonomien skulle tilseia. Samstundes har mange land – inkludert Noreg – teke til orde for at utviklingsland generelt, og låginntektslanda spesielt, bør få større innverknad. Låginntektslanda har i dag ein større del av kvotane enn det reint økonomiske storleikar gjev grunnlag for. Men demokratiske grunnar, og at desse landa er hyppige brukarar av finansiell og teknisk assistanse frå IMF, talar for større innverknad for denne landgruppa.

Det har i lengre tid vore arbeidd for å gjennomføra ei reform av korleis røystevekta i IMF vert fordelt mellom medlemslanda, og av metodane for styring av organisasjonen. Bakgrunnen for arbeidet har vore eit overordna ønske om å sikra at IMF har legitimitet i medlemskrinsen og handlekraft til å gjennomføra oppgåvene sine, og at organisasjonen samstundes tilpassar seg endringar i dei økonomiske og politiske styrkeforholda mellom land. Sentrale tema i diskusjonen har vore auka deltaking frå politikarar på høgt nivå i styringa av verksemda, i tillegg til framlegg om å betra arbeidsmetodane til IMF-styret ved mellom anna å vurdera storleiken, samansetjinga og røystekrava for å få gjennomført vedtak. Det har òg vore eit ønske å auka mangfaldet i IMF-staben og etablera rutinar som sikrar at val til leiande posisjonar og verv i IMF vert gjennomførte på ein open måte med utgangspunkt i kandidatane sine kvalifikasjonar.

Ein første milepåle i denne prosessen var at IMF-styret i april 2008 vedtok overordna prinsipp for korleis røystevekta skulle fordelast mellom land, slik at ein automatisk tok høgd for endringar i økonomiske storleikar mellom land. Samstundes vart medlemslanda samde om ei reform som innebar ei samla overføring av røystevekt frå industriland til utviklingsland og framveksande økonomiar på 2,7 prosentpoeng, til 42,1 prosent, medan låginntektslanda til saman fekk auka si røystevekt med 1,1 prosentpoeng, til 9,4 prosent. Det tok tid å ratifisera framlegget i medlemslanda, og 2008-reforma fekk først kvalifisert fleirtal til å kunna tre i kraft mars 2011. Noreg ratifiserte kvotereforma frå 2008 den 12. september 2008, jf. St.prp. nr. 58 (2007-2008) og Innst. S. nr. 284 (2007-2008).

Finanskrisa forsterka ønska frå mange utviklingsland og framveksande økonomiar om at IMF i endå større grad måtte tilpassa seg ein global situasjon der desse landa har fått auka økonomisk og politisk tyngd. Blant anna ønskte dei ein større innverknad på avgjerdene i IMF, og at organisasjonen måtte forsterka innsatsen for å overvaka og gje råd til tradisjonelle industriland. Framveksande økonomiar og utviklingsland var i mindre grad råka av krisa enn tradisjonelle industriland, noko som ytterlegare var med på å endra styrkeforholda i verdsøkonomien. I april 2009 vart ministerkomiteen IMFC samd om å gjennomføra ein ny revisjon av kvotar og røysterett innan januar 2011. Målet var å styrkja innverknaden til låginntektsland og dynamiske framveksande økonomiar ved å flytta over ei røystevekt på minst fem prosentpoeng frå overrepresenterte til underrepresenterte land.

Finansministrane og sentralbanksjefane frå G20-krinsen vart samde om ein samla pakke for reform av styresett, kvotar og røysterett i IMF på eit møte G20-krinsen som vart heldt i Sør-Korea i slutten av oktober 2010. IMF-staben nedfelte og konkretiserte denne semja i eit framlegg som vart vedteke av IMF-styret 5. november 2010 og stadfesta i guvernørrådet 15. desember 2010. Medlemslanda må ratifisera reforma før ho kan tre i kraft. Finansdepartementet tek sikte på å leggja fram ein proposisjon for Stortinget om samtykke til norsk tilslutning til reforma i løpet av kort tid. Dei komande avsnitta gjer greie for detaljane i reformframlegget og for norske synspunkt.

I tillegg til ei endra fordeling mellom land inneber reformpakken at den samla storleiken på kvotane vert dobla. Denne sida av reforma er viktig for å sikra at IMF har tilstrekkeleg med økonomiske ressursar til å finansiere utlånsverksemda si, og er nærare omtala i kapittel 10.6.

10.5.2 Framlegg til endringar i kvotar og røysterett

Kvoten avgjer kor stort innskot eit medlemsland må yta til IMF, og set ramma for kor mykje landet kan låna av IMF. Røystevekta i IMF er basert på ein kombinasjon av kvotane og basisrøystene, som kvart medlemsland får uavhengig av storleik. Basisrøystene skal til kvar tid utgjera 5,5 prosent av den samla røystevekta.

Prinsippa frå 2008-vedtaket om korleis kvotane skal fordelast mellom land, er nedfelt i ein kvoteformel, som legg opp til at kvotane skal spegla den relative storleiken til landa i verdsøkonomien på ein måte som er tilpassa IMF sitt mandat. Formelen er basert på objektive økonomiske og finansielle kriterium, der kvoten vert rekna ut som eit vege gjennomsnitt av produksjonen i landet (BNP), landet si deltaking i internasjonal handel, variasjonen i landet sin betalingsbalanse og landet sine internasjonale valutareservar. Omrekninga av BNP i dei ulike medlemslanda til ei felles måleining skal gjerast med 60 prosent vekt på kursane på valutamarknaden og 40 prosent vekt på såkalla kjøpekraftsparitetar (PPP). Måling ved hjelp av kjøpekraftsparitetar vil auke vekta til framveksande økonomiar og andre land som har eit lågt innanlandsk prisnivå. Det skal samstundes nyttast ein kompresjonsfaktor i kvoteformelen som reduserer skilnadene i utrekna kvotestorleik mellom land, men utan at rekkefølgja vert endra. Det vil favorisera små økonomiar, det vil seia små og/eller fattige land.

Kvoteformelen gjev eit samanlikningsgrunnlag og indikerer om land eller grupper er underrepresenterte eller overrepresenterte i IMF, men kan ikkje nyttast mekanisk til å fastsetja nye kvotar. Både politisk skjønn og den teknikken ein nyttar for å tildela nye kvotar, vil ha innverknad på det endelege resultatet. Ønsket til mange land, inkludert den nordisk-baltiske valkrinsen, har heile tida vore at tildelinga i størst mogleg grad skal vera regelbasert, med få unntak mynta på einskildland, slik at heile medlemskrinsen vert likebehandla med utgangspunkt i den fastsette kvoteformelen. Ein slik framgangsmåte ville oppfylla målsetjinga om å overføra røystevekt til underrepresenterte land og framveksande økonomiar i noko større grad enn dei andre framlegga som var aktuelle då forhandlingane nærma seg slutten.

Kvotefordelinga har vore eit vanskeleg spørsmål. Dei store framveksande økonomiane, men òg USA, ønskte at kvoten i større grad skulle baserast på BNP enn det 2008-formelen legg opp til. Det endelege resultatet frå 2010 er eit kompromiss, der kvoteformelen vart følgd eit stykke på veg, men der det òg er innslag av ad-hoc-element som særleg har favorisert dei største landa. Kompromisset inneber grovt sett at 60 prosent av auken skal tildelast land som har lågare kvote enn det kvoteformelen tilseier. Den resterande delen vert fordelt etter særskilde kriterium, der mellom anna BNP har stor vekt. Det siste elementet favoriserer store land og råkar både små industriland og små framveksande økonomiar. Dette elementet reflekterer òg at semja om 2010-reforma kom på eit G20-møte, der berre store land er representerte. Låginntektslanda, som normalt også ville ha kome dårleg ut med dette, fekk si stilling verna gjennom særskilde ordningar.

Reforma som no er vedteken i IMF, inneber ei overflytting av kvotedelar på 6 prosentpoeng frå overrepresenterte til underrepresenterte land, og såleis til at styrka representasjon for framveksande økonomiar og utviklingsland, jf. tabell 10.3. Industrilanda si røystevekt går ned frå 57,9 prosent til 55,3 prosent, medan den samla røystevekta til framveksande økonomiar og utviklingsland går opp frå 42,1 prosent til 44,7 prosent. Dynamiske framveksande økonomiar får auka si røystevekt med om lag seks prosentpoeng, mellom anna som følgje av at nokre framveksande økonomiar får redusert sin overrepresentasjon. Det er særleg dei største landa som får auka innverknad. Etter det nye forslaget vert dei ti landa med størst røystevekt USA, Japan, Kina, Tyskland, Frankrike, Storbritannia, Italia, India, Russland og Brasil. Røystevekta til dei fattigaste landa er den same som etter 2008-reforma.

Røystevekta til den nordisk-baltiske valkrinsen går noko ned, frå om lag 3,4 prosent til 3,3 prosent. Noreg si røystevekt er om lag uendra og vil vera 0,78 prosent etter reforma. Dei baltiske landa får noko auka røystevekt, medan dei andre nordiske landa får noko redusert røystevekt. Etter reforma vil dei tre største landa i valkrinsen vera Sverige, Noreg og Danmark, med høvesvis 0,91, 0,78 og 0,71 prosent av røystene i IMF.

Som eit ledd i kompromisset med 2010-reforma er ein samd om å gjennomføra ein brei gjennomgang av kvoteformelen, som etter planen skal vera ferdig innan januar 2013. Vidare skal neste gjennomgang av kvotane framskundast til januar 2014. Guvernørrådet i IMF uttrykte i sitt vedtak ei forventning om at gjennomgangen ville føra til ein ytterlegare auke i røystedelen til framveksande økonomiar og utviklingsland, i samsvar med den delen av verdsøkonomien desse landa står for. Samstundes skal representasjonen til dei fattigaste medlemslanda vernast.

10.5.3 Endringar i dei styrande organa i IMF

Reforma gjev òg endringar i samansetjinga av IMF-styret. Europeiske industriland har forplikta seg til å redusera talet på styremedlemer med to. Ein skal her rekna med kor stor del av tida eit europeisk industriland har styrerepresentanten, slik at også rotasjon i eksisterande valkrinsar kan vera ein del av løysinga, dersom det gjev andre land enn europeiske industriland tilgang. Europa har i dag om lag 8,3 av 24 representantar i IMF-styret etter ein slik reknemåte, men må no redusera dette talet til 6,3. Dei europeiske styremedlemene vil truleg verta erstatta med to medlemer frå framveksande økonomiar.

Samansetjinga av IMF-styret skjer ved val i tråd med reglar fastsette i statuttane for IMF, der ein kandidat kvalifiserer seg til ein styreplass med eit nødvendig tal på røyster frå medlemslanda. Reduksjonen i talet på styrerepresentantar frå europeiske industriland må sjåast som ei politisk forplikting, ettersom det er lite truleg at ein kunne få på plass ein slik reduksjon berre med utgangspunkt i reglane for styresamansetjing. Gjennomføringa skal skje etter at kvoterevisjonen som no er føreslått, er sett i verk, det vil seie tidlegast mot slutten av 2012. Det vil vera opp til dei europeiske landa å koma fram til korleis dette skal organiserast. Samansetjinga av styret skal vurderast særskilt kvart åttande år.

I IMF sine statuttar heiter det at IMF skal ha eit styre med 20 medlemer. Styret kan med 85 prosent fleirtal vedta at det skal vera fleire eller færre medlemer enn dette. Styret har sidan byrjinga av 1990-åra nytta dette høvet til å vedta at ein skal ha eit styre med 24 medlemer. Dei siste åra har storleiken på styret i IMF vore diskutert. USA har hevda at talet på medlemer bør reduserast for å gjera arbeidet meir effektivt. Dei fleste andre land har hevda at ein liten reduksjon – til dømes frå dei noverande 24 medlemene til 20 medlemer – ikkje er stor nok til at det får noko særleg å seie for effektiviteten, men derimot vil gjere det vanskelegare å sikra at alle regionar i verda er godt representerte. I samband med reforma har styret og guvernørrådet i IMF teke på seg ei politisk forplikting om å halda storleiken på styret i IMF på same nivå som i dag, det vil seie 24 medlemer, på permanent basis. Denne endringa vart ikkje nedfelt permanent i statuttane for IMF, så styret må framleis gjere vedtak om dette med 85 prosent fleirtal annakvart år.

Ei anna endring er at alle styrerepresentantar skal veljast. Det har til no vore slik at dei fem største medlemslanda i IMF har peika ut sine eigne styrerepresentantar, medan dei andre 19 representantane har vorte valde av eitt eller fleire medlemsland. Dei fem største landa har til no ikkje kunne gå saman med andre land i valkrinsar. Når alle styremedlemene no skal veljast, opnar ein for at også dei største landa skal kunna vera med i valkrinsar. For å unngå at ein valkrins får urimeleg stor røystevekt, skal det fastsetjast ei øvre grense for røystevekta til ein valkrins. Det er turvande å endra statuttane for IMF med ein særskild ratifikasjonsprosedyre i medlemslanda.

På to viktige punkt vart ein ikkje samd om endringar i samband med 2010-reforma. Den første er knytt til auka deltaking av politikarar på høgt nivå i styringa av verksemda, særleg når det gjeld ministerkomiteen IMFC. Ein har heller ikkje fått på plass klare rutinar som sikrar at val til leiande posisjonar og verv i IMF vert gjennomførte på ein open måte, med utgangspunkt i kandidatane sine kvalifikasjonar.

10.5.4 Norske synspunkt

Regjeringa si overordna vurdering er at IMF treng eit styresett som sikrar organisasjonen relevans, handlekraft og legitimitet gjennom demokratiske organ. Noreg er innstilt på å støtta endringar i styresettet i IMF som kan fremja desse måla. Regjeringa har difor støtta opp om at utviklingsland og framveksande økonomiar skal få større kvote- og røystevekt og dermed ei sterkare rolle i IMF. Det er svært positivt at den reforma ein vart samd om på slutten av 2010, medverkar til dette. Saman med kvote- og røysterettsreforma frå 2008 skjer det ei vesentleg overføring av innverknad til utviklingsland og framveksande økonomiar. Samstundes er Noreg skuffa over at kvoteformelen vart sett til side då store delar av kvoteauken skulle fordelast. Det er særleg ein tankekross at store land vart favoriserte på kostnad av små. Multilaterale organisasjonar bør i stor grad etablera og følgja faste reglar, slik at heile medlemskrinsen vert behandla på ein konsistent måte.

I komande kvoterevisjonar er Noreg innstilt på framleis å støtta ei overføring av røystevekt frå overrepresenterte til underrepresenterte land, basert på objektive økonomiske og finansielle kriterium som speglar endringar i økonomiske storleikar landa imellom. Difor vil Noreg støtta ei ytterlegare overføring av røystevekt til utviklingsland og framveksande økonomiar i takt med at deira vekt i verdsøkonomien aukar. Noreg vil i tillegg leggja vekt på å sikra røystene til låginntektslanda i IMF, til dømes gjennom ein ytterlegare auke i basisrøystene som alle medlemsland får, uavhengig av kvote. Dei komande kvoterevisjonane bør likevel ikkje vera motiverte av eit ønske om å favorisera einskilde land eller grupper av land, men ta utgangspunkt i IMF sitt mandat.

I det planlagde arbeidet med å revidera kvoteformelen fram mot januar 2013 vil ein frå norsk side leggja vekt på at det må vera ein klar samanheng mellom finansielle bidrag til IMF og representasjon. Dei nordiske landa er samla sett store bidragsytarar, og tilstrekkeleg god representasjon er viktig for å halda oppe denne støtta.

Finansdepartementet er glad for den politiske forpliktinga frå medlemslanda si side om at det også i framtida skal vera 24 representantar i IMF-styret, slik at styret kan ha ei brei og demokratisk samansetjing. Ein reduksjon i talet på styremedlemer ville gjort styret mindre representativt for mangfaldet blant medlemslanda. Samstundes er ein frå norsk side skuffa over at dette ikkje vert nedfelt i statuttane for IMF. Dette er ekstra nedslåande i lys av at ein i alle tilfelle endrar statuttane i samband med 2010-reforma, for å fjerna ordninga med utpeika styrerepresentantar.

Noreg har slutta opp om den politiske lovnaden om å redusera talet på styrerepresentantar frå europeiske industriland med to. Frå norsk side har ein særleg merka seg at ein delvis kan nå målet dersom deltakarlanda i dei ulike valkrinsane roterer om styreposisjonen. I den nordisk-baltiske valkrinsen er det lang tradisjon både for rotasjon om ulike verv og for eit nært samarbeid der ein avgjer kva synspunkt valkrinsen skal fremja i ulike saker, gjennom ein open, demokratisk og regelbasert prosess. Slike samarbeidsformer ser til no ikkje ut til å vera like mykje nytta i andre valkrinsar. Det er positivt at prosessen med å redusera talet på styrerepresentantar frå europeiske industriland på ulike måtar kan opna for at fleire land deltek aktivt i utforminga av dei posisjonane som vert fremja i IMF-styret. Prosessen kan samstundes òg få konsekvensar for samansetjinga av den nordisk-baltiske valkrinsen. Dersom det vert aktuelt med ei utviding, er ein i valkrinsen samde om å leggja vekt på å halda ved lag dei gode arbeidsmetodane som over tid er etablerte, som rotasjon av posisjonar og demokratisk koordinering av synspunkta som skal fremjast i IMF-organ.

Noreg og den nordisk-baltiske valkrinsen har argumentert for at diskusjonar og avgjerder om det globale økonomiske og finansielle rammeverket naturleg høyrer heime i ministerorganet i IMF, IMFC, der alle land er representerte. Valkrinsen har vidare meint at IMFC bør gjerast om frå eit rådgjevande organ til eit organ som kan gjere vedtak. Regjeringa er skuffa over at IMFC si rolle ikkje er styrkt gjennom den reforma som no er vedteken, og vil halda fram med å arbeida for ei styrking. Dette er viktig for å sikra at IMF har relevans, er handlekraftig og har legitimitet over tid. Frå norsk side vil ein òg halda fram med å arbeida for å sikra at val til leiande posisjonar og verv i IMF skjer på bakgrunn av kvalifikasjonar og ønskjelege eigenskapar, ikkje på bakgrunn av nasjonalitet. Ein slik prosess bør føra til at utviklingsland vert betre representerte.

10.5.5 Forholdet til G20 og FSB

Arbeidet fram mot den reforma som no er vedteken i dei styrande organa i IMF, har i stor grad vore styrt av dei såkalla G20. G20 har sjølv erklært seg som det viktigaste forumet for globalt økonomisk og finansielt samarbeid. Etableringa av G20 og den rolla G20 har teke på seg, er ikkje forankra utanfor denne krinsen. Berre ein liten del av landa i verda tek del, og G20 er ikkje basert på representasjon. Det er uheldig at semja om 2010-reforma skjedde i G20 og ikkje i IMF sine eigne organ. Det reiser grunnleggjande spørsmål om legitimitet og innsyn i avgjerdsprosessane til G20 dersom dei de facto legg føringar for arbeidet i globale, representative organisasjonar. Manglande representasjon i G20 kan setja norsk og nordisk-baltisk innverknad i internasjonale økonomiske og finansielle spørsmål under press. Ein ser klare teikn til at framveksten av G20 har redusert rolla til IMFC, som representerer den multilaterale tilnærminga til internasjonalt samarbeid. Regjeringa har difor understreka kor viktig det er å forankre G20-initiativa i globale og representative organisasjonar, og å sikra IMF si rolle som globalt samarbeidsorgan og oppgåveløysar.

Frå norsk side har ein lagt vekt på å halda aktiv kontakt med sentrale G20-land om økonomiske og finansielle spørsmål. Mellom anna vart det hausten 2010 arrangert eit dialogmøte mellom den nordisk-baltiske valkrinsen og den sørkoreanske G20-formannskapen. Frankrike har overteke formannskapen i 2011, og finansminister Sigbjørn Johnsen og utanriksminister Jonas Gahr Støre har hatt møte med sine franske kollegaer om G20-spørsmål. Siktemålet med kontakten har dels vore å få informasjon og gjere greie for norske synspunkt på aktuelle saker, men òg å medverka til ein dialog som kan føra til eit meir demokratisk globalt styresett i økonomiske og finansielle spørsmål.

Financial Stability Board (FSB) vart etablert av G20 i 2009. Medlemslanda i FSB er landa som er med i G20, Hongkong, Nederland, Singapore, Spania og Sveits. I tillegg er fleire internasjonale institusjonar, til dømes BIS, Verdsbanken, IMF, OECD og reguleringsinstitusjonar innanfor finansverda, medlemer. FSB er eit rådgjevande organ, og eventuelle bindande vedtak må gjerast i andre internasjonale forum eller nasjonalt. FSB har som mål å fremja internasjonalt samarbeid om finansiell stabilitet, analysar, informasjonsutveksling og utforming av retningsliner for finanstilsyn. FSB overvaker mellom anna at medlemslanda rettar seg etter internasjonale standardar.

Frå norsk og nordisk-baltisk side har ein peika på kor viktig det er at samarbeid også på finansmarknadsområdet vert forankra i globale organ med brei representasjon. Basert på den universelle representasjonen og den særskilde kompetansen IMF har når det gjeld overvaking og rådgjeving om samspelet mellom makroøkonomi og finansiell stabilitet, har valkrinsen difor arbeidd for at IMF skal ha ei aktiv og sentral rolle. Frå nordisk-baltisk side har ein òg freista å engasjere seg meir direkte overfor FSB. Ingen nordiske eller baltiske land er medlemer i FSB.

10.6 Økonomiske ressursar i IMF

10.6.1 Finansieringa av verksemda til IMF

Verksemda til IMF har tradisjonelt i hovudsak vore finansiert av differansen mellom renteinntektene IMF mottek frå låntakarlanda og renteutgiftene som vert betalte til medlemslanda på dei midlane dei har skote inn. På bakgrunn av tilrådingane frå ei ekstern ekspertgruppe vedtok IMF i 2008 ein ny inntektsmodell for å gjera organisasjonen mindre avhengig av rentemarginen som inntektskjelde. Modellen inneber i grove trekk at dei tre hovuddelane av verksemda – overvaking, utlån og teknisk assistanse – skal finansierast ulikt. Overvaking er eit fellesgode som skal betalast gjennom bidrag frå medlemslanda i tråd med storleiken på IMF-kvotane deira, medan rentemarginen berre skal finansiera utlånsverksemda. Mottakarlanda skal finansiera den tekniske assistansen gjennom brukarbetaling, samstundes som det er lagt opp til omfattande bruk av bistandsmidlar og til at satsane vert differensierte etter inntektsnivået til mottakarlanda. Den nye inntektsmodellen vil lette finansieringsbyrda til låntakarlanda i IMF, samstundes som organisasjonen får meir stabile inntekter og meir korrekte økonomiske skuv.

Som ledd i den nye inntektsmodellen vart det vedteke å oppretta eit fond ved å selja om lag ein åttedel av gullbehaldninga til IMF. Desse midlane tilhøyrer medlemslanda, og den årlege realavkastninga frå fondet skal utgjera medlemslanda si betaling for overvakingsverksemda til IMF. Gullsalet er no fullført. Gullprisen var gunstig i salsperioden, og dei samla inntektene vart høgare enn venta. Ein del av inntektene skal difor nyttast til å finansiera IMF-aktivitet i låginntektsland, jf. avsnitt 9.7.3.

Modellen legg vidare opp til at IMF sitt investeringsmandat vert utvida. Tradisjonelt har midlane til IMF berre vore plasserte i medlemslanda sine kortsiktige statsobligasjonar. Ei utviding av investeringsuniverset, mellom anna til andre aktivaklasser, kan auka avkastninga. Endringa i statuttane for IMF, som var ein føresetnad for å kunna utvida investeringsmandatet, vart sett i kraft i januar 2011 (jf. St. prp. nr. 58 (2007-2008)). IMF-styret skal i tida framover arbeida vidare med å gjera ferdig investeringsstrategien. Med dette vil dei viktigaste elementa i den nye inntektsmodellen koma på plass.

10.6.2 Styrking av utlånsressursane i samband med finanskrisa

Då den globale finanskrisa braut ut i 2008, var utlåna frå IMF på sitt lågaste nivå sidan sist i 1970-åra. I dei siste tiåra hadde dessutan utlånskapasiteten til IMF gått markert ned jamført med ulike mål for storleiken på verdsøkonomien, til dømes samla produksjon og handels- og kapitalstraumar.

I den djupe krisa i verdsøkonomien som følgde av finanskrisa, ville det vore svært uheldig om IMF hadde fått for knapp kapasitet til å gje lån. Det vart difor viktig å sikra IMF tilstrekkeleg finansiering på både kort og noko lengre sikt. I hovudsak var det tre aktuelle måtar å gjera det på:

  • Å auka dei ordinære kvotane frå medlemslanda. Alle medlemsland pliktar å stilla midlar til disposisjon for IMF så sant dei er økonomisk i stand til det. Dette er den viktigaste finansieringskjelda for organisasjonen. Kvotane avgjer ikkje berre storleiken på innskotet frå dei einskilde landa, men set òg ei ramme for kor mykje landet sjølv kan låna i IMF. Dei er dessutan hovudgrunnlaget for røysteretten til medlemslanda. Diskusjonar om demokrati og innverknad er krevjande, og resultatet ein vert samd om, må ratifiserast i medlemslanda. Normalt må ein difor rekna med at det går fleire år frå starten til slutten av ein slik prosess.

  • Å utvida den multilaterale låneavtalen NAB. Denne avtalen gjev tilgang på ekstra lånemidlar som fleire av dei best stilte medlemene, mellom dei Noreg, stiller til disposisjon for IMF. Eit kvalifisert fleirtal av medlemslanda, medrekna alle dei landa som får endringar i forpliktingane sine, må ratifisera ein ny avtale før han kan setjast i kraft.

  • Å inngå bilaterale låneavtalar med einskilde medlemsland. Ein kan få på plass slike avtalar relativt raskt. Den største ulempa er at ein berre i liten grad kan laga eit rammeverk som sikrar at finansieringsbyrdene vert fordelte jamt mellom dei landa som stiller midlar til disposisjon for IMF.

For at det ikkje skulle vera tvil om at IMF var i stand til å dekkja dei lånebehova som måtte oppstå, gjorde ministerkomiteen IMFC i april 2009 eit prinsippvedtak om å tredoble utlånskapasiteten til IMF, frå 250 milliardar USD til 750 milliardar USD. Auken i lånekapasiteten skulle i hovudsak koma gjennom ei utviding av NAB-ordninga. Ordninga skulle òg gjerast meir fleksibel. I tillegg var det semja om å starta arbeidet med den neste ordinære kvoterevisjonen så snart som råd, med sikte på å avslutta han innan januar 2011.

Gjennomføring av multilaterale tiltak tek tid, og IMF valde i første omgang å inngå bilaterale avtalar for å sikra lånekapasiteten på kort sikt. 27 medlemsland har til no gjeve lovnad om å stilla til saman 195 milliardar SDR til disposisjon gjennom slike avtalar. Ved inngangen til desember 2010 var det sett i kraft bilaterale avtalar som gav IMF ein lånetilgang på om lag 174 milliardar SDR. Noregs Bank og IMF inngjekk i juni 2009 ein avtale om å delta i dei ordinære låneordningane i IMF med opptil 3 milliardar SDR, som per 1. april svarar til 26 milliardar kroner. Stortinget gav samtykke til avtalen 15. juni 2009, jf. St.prp. nr. 81 (2008-2009) og Innst. S. nr. 359 (2008-2009). I proposisjonen vart det gjort greie for at desse midlane heilt eller delvis skulle kunne overførast til ei utvida NAB-ordning. Ved utgangen av mars 2011 hadde IMF trekt 350,9 millionar SDR (om lag 3,1 milliardar kroner) på lånet i Noregs Bank. Det bilaterale lånet er ikkje øyremerkt til noko spesielt land eller landområde.

10.6.3 Utviding av den multilaterale innlånsordninga NAB

Dei bilaterale avtalane skal ikkje vera permanente, men avløysast av andre tiltak. Eitt av desse tiltaka er å utvida den eine av dei to multilaterale låneordningane i IMF, den såkalla «New Arrangement to Borrow» (NAB). Dei multilaterale ordningane har vore små i beløp og administrativt kompliserte å aktivera, slik at ingen av dei har vore i bruk i samband med finanskrisa. Etter ønske frå IMF valde mange land difor å yta bilaterale lån samstundes med at ein arbeidde med å få på plass ein ny og utvida NAB-avtale. Ein del land, mellom dei USA, inngjekk ikkje bilaterale låneavtalar med IMF, men venta med sine bidrag til ei meir permanent ordning kunne koma på plass gjennom ein ny NAB-avtale.

NAB er ei multilateral låneordning der nokre av dei betre stilte medlemslanda lovar å gje IMF kortsiktige lån for å styrkja likviditeten i krisesituasjonar. Midlane i ordninga skal brukast for å førebyggja eller handtera situasjonar som svekkjer eller trugar stabiliteten i det internasjonale pengesystemet. Ordninga vil såleis òg kunna auka tilliten til det internasjonale finansielle systemet og den internasjonale økonomien meir generelt. 26 medlemsland deltok i den opphavlege NAB-ordninga, mellom dei Noreg.

I november 2009 vart det oppnådd politisk semja om rammene for ein utvida og meir fleksibel NAB-avtale. Forslaget vart godkjent av styret i IMF i april 2010 og inneber at det totale lånebeløpet i ordninga vert auka til 367,5 milliardar SDR, eller om lag 565 milliardar USD. Dette utgjer meir enn ei tidobling samanlikna med den førre avtalen. Auken kjem både på grunn av større bidrag frå land som allereie deltek i NAB, og på grunn av bidrag frå nye land som vil slutta seg til. Talet på deltakarland i ordninga vert utvida til 39.

Det norske bidraget er auka frå 379 millionar SDR til 3871 millionar SDR, det vil seia til om lag 35 milliardar kroner. Den bilaterale låneavtalen mellom Noregs Bank og IMF frå juli 2009 vil stegvis verta avløyst av det norske bidraget til den nye NAB. Dette bidraget er litt høgare enn summen av det norske bidraget i den førre NAB-ordninga og ramma for Noregs Bank sin bilaterale låneavtale frå juni 2009. Det er ein føresetnad frå norsk side at dei samla trekka under NAB og den bilaterale avtalen ikkje vert større enn Noreg si ramme i den nye NAB-ordninga. Stortinget gav 17. januar 2011 samtykke til at Noreg kunne slutta seg til den nye og utvida NAB-avtalen, jf. Prop. 58 S (2010-2011) og Innst. 174 S (2010-2011). Norsk tilslutning til avtalen vart formelt godkjend i statsråd 28. januar 2011.

Den utvida NAB-avtalen vart satt i kraft 11. mars 2011 på bakgrunn av formell tilslutning frå deltakarlanda. Eit kvalifisert fleirtal av desse landa må aktivera ordninga før midlane vert tilgjengelege for IMF.

10.6.4 Auke av IMF sine kvoteressursar

Den viktigaste finansieringskjelda for den ordinære utlånsverksemda i IMF er dei innbetalte kvotane. Behovet for å auka kvotemidlane vert vurdert med jamne mellomrom. Prinsippvedtaket som IMFC gjorde våren 2009 om å styrkja utlånskapasiteten til IMF, la òg opp til at arbeidet med neste ordinære kvoterevisjon skulle starta så raskt som råd og vera avslutta innan januar 2011. Sidan kvotane også avgjer røystevekta til medlemslanda, er kvoterevisjonen ein sentral del av arbeidet med å reformera styresettet i IMF, jf. omtalen i kapittel 9.5.

Kvoteressursane til IMF utgjer per medio mars 2011 om lag 238 milliardar SDR, noko som inneber ein liten auke som følgje av at kvoterevisjonen av 2008 vart sett i kraft 3. mars 2011. Beløpet som IMF kan disponera til si utlånsverksemd, var noko mindre som følgje av at somme land har for svak betalingsbalanse mot utlandet til å medverka finansielt til organisasjonen. Til samanlikning var ramma for NAB og dei bilaterale avtalane på same tidspunkt til saman på 369 milliardar SDR. Bilaterale og multilaterale låneordningar er tenkte som eit supplement til kvoteressursane i ein situasjon med ekstraordinært finansieringsbehov. For å retta opp att balansen mellom desse to finansieringskjeldene var det difor særs viktig å få til ein monaleg auke av kvotemidlane i samband med kvotereforma.

Reforma som gjeld kvotar og røysterett, vart vedteken i IMF-styret 5. november 2010 og godkjend i guvernørrådet i IMF 15. desember same året. Som ledd i reforma skal kvoteressursane doblast frå om lag 238 milliardar SDR til om lag 477 milliardar SDR. I ljos av denne monalege auken er det lagt opp til ein reduksjon av storleiken på den nye NAB-ordninga. Omfanget av reduksjonen skal fastsetjast i samband med den avtalefesta gjennomgangen av NAB innan november 2011, og vil òg vera avhengig av behovet for IMF-lån i tida framover. Det er lagt opp til å halda fast ved den relative fordelinga mellom NAB-deltakarane etter gjennomgangen.

10.6.5 Norske synspunkt og bidrag

Regjeringa meiner at det er viktig at Noreg er med på å finansiera viktige multinasjonale institusjonar som IMF, i samsvar med vår økonomiske styrke. Finansdepartementet vil òg understreka at multilaterale låneavtalar generelt er betre enn bilaterale, mellom anna fordi dei sikrar betre fordeling av byrdene mellom land. I tråd med dette har Noreg og den nordisk-baltiske valkrinsen støtta arbeidet med å sikra utlånskapasiteten til IMF gjennom multilaterale ordningar som NAB. Ein har særleg sett det som positivt at deltakarkrinsen vart utvida med fleire land, mellom dei ei rad sentrale framveksande økonomiar.

Noreg og den nordisk-baltiske valkrinsen har samstundes lagt vekt på at kvotane bør vera den viktigaste finansieringskjelda for IMF, mellom anna fordi dei avgjer røystevektene til dei ulike landa i IMF. Dei ulike innlånsordningane bør fungera som ein reserve som ein ikkje trekkjer på i normale tider. Valkrinsen ser det difor som særs positivt at 2010-reforma legg opp til ein omfattande auke av kvoteressursane.

Noregs Bank administrerer Noreg sine økonomiske forpliktingar overfor IMF. Den norske kvoten i IMF er på 1,88 milliardar SDR. Med den nye NAB-ordninga, vert det norske bidraget på 3,87 milliardar SDR. Til saman utgjer det om lag 5,75 milliardar SDR, eller om lag 50 milliardar kroner ut frå valutakursane per 1. april 2011. Når 2010-reforma av kvotar vert vedteken, vil Noreg sin kvote auka til 3,75 milliardar SDR. Storleiken på det samla norske bidraget vil då vera avhengig av kor stort det norske NAB-bidraget vert etter den planlagde reduksjonen av ordninga.

10.7 IMF sitt arbeid i låginntektsland

10.7.1 Bakgrunn

IMF speler ei viktig rolle i den innsatsen det internasjonale samfunnet gjer for å fremja økonomisk vekst og redusera fattigdom. Over 40 prosent av medlemslanda er definerte som låginntektsland. Det viktigaste bidraget frå IMF si side er å fremja makroøkonomisk og finansiell stabilitet gjennom teknisk assistanse og gjennom utlånsprogramma sine. IMF har unik kompetanse på sine kjerneområde. Dette er særleg knytt til offentlege finansar, penge- og valutakurspolitikk, utanriksøkonomi og finanssektoren – i tillegg til institusjonar og strukturpolitikk som høyrer direkte inn under dette.

IMF er ein sektorinstitusjon for makroøkonomiske spørsmål, ikkje ein generell utviklingsinstitusjon. Organisasjonen har ikkje bygd spesiell kompetanse på breidda av spørsmål knytte til utviklingsfeltet, slik til dømes Verdsbanken har gjort. IMF gjev ikkje ordinær gåvebistand, og har heller ikkje låneinstrument som høver for langsiktig utviklingsfinansiering. I tråd med dette har Noreg og den nordisk-baltiske valkrinsen arbeidd for at IMF i låginntektsland ikkje skal overskrida finansieringsmandatet sitt, som er å gje medlemsland kortsiktige lån slik at dei kan korrigera mellombels underskot på betalingsbalansen, jf. mellom anna omtale i Finansmarknadsmeldinga 2009.

10.7.2 Finansiering av låneordningane for låginntektsland

I tillegg til dei ordinære, generelle låneordningane som alle medlemsland har tilgang til, er det òg oppretta spesielle ordningar for låginntektsland. Siktemålet er å kunna tilby dei fattigaste landa betalingsbalansestøtte på gåvevilkår, tradisjonelt i form av fastrentelån med frå 0 til ½ prosent rente. Subsidieelementet vert finansiert med frivillige bidrag av bistandsmidlar frå medlemslanda. Til skilnad frå dei generelle låneordningane som trekkjer på IMF sine ordinære utlånsressursar, vert også lånemidla i ordningane for låginntektsland skaffa til veges gjennom frivillige bidrag frå medlemslanda. Både subsidiemidlar og lånemidlar vert forvalta av IMF gjennom eigne fond som organisasjonen administrerer på vegner av medlemslanda.

IMF la i 2009 om låneordningane sine for låginntektsland, jf. omtale i Finansmarknadsmeldinga 2009. IMF etablerte ordningar retta inn mot meir kortvarige betalingsbalanseproblem og forenkla lånevilkåra på same måte som for dei generelle ordningane. Samstundes var ei rad låginntektsland hardt råka av den globale økonomiske nedgangen. For å kunna møta finansieringsbehova bad IMF om friske lånemidlar til dei særskilde ordningane. På bakgrunn av denne utviklinga var Regjeringa positivt innstilt til å stilla lånemidlar til disposisjon for IMF sine kortsiktige ordningar for låginntektsland. Stortinget vedtok 25. mai 2010 å samtykkja i at Noreg kunne inngå ein slik låneavtale med IMF, jf. Prop. 83 S (2009-2010) og Innst. 242 S (2009-2010). I avtalen stiller Noreg opptil 300 millionar SDR til disposisjon for dei spesielle låneordningane for låginntektsland. I avtalen er heile lånebeløpet øyremerkt dei kortsiktige låneordningane, RCF og SCF. Det er ikkje aktuelt med norske lånebidrag til PRGF-etterfølgjaren ECF, som er ei meir langsiktig ordning. Låneavtalen vart underteikna i juni 2010. Ved utgangen av mars 2011 var det trekt om lag 31 millionar SDR på denne avtalen. Ei rad andre gjevarland har òg stilt lånemidlar til disposisjon, og den samla utlånsramma for låginntektsordningane til IMF auka frå 16,8 milliardar SDR ved utgangen av 2009 til 23,5 milliardar SDR ved utgangen av 2010.

Bilaterale gjevarar gjev òg subsidiemidlar til ordningane for låginntektsland. Desse midlane dekkjer skilnaden mellom marknadsrenta og den faktiske renta som låginntektslanda betaler. Noreg gav i 2005 tilsegn om 24,7 millionar SDR til ESF-ordninga som no er avvikla, noko som med valutakursen 22. mars 2011 svarer til om lag 222 millionar kroner. Midlane vert løyvde frå bistandsramma til Utanriksdepartementet. I tråd med Stortinget si behandling av Prop. 1 S (2009-2010) er IMF orientert om at desse midlane frå 2010 er gjorde tilgjengelege for dei kortsiktige ordningane RCF og SCF. Per mars 2011 er det utbetalt om lag 16,3 millionar SDR av ramma på 24,7 millionar SDR. Utbetalingane er forseinka samanlikna med dei opphavlege planane, ettersom behovet for subsidiemidlar til dei aktuelle ordningane lenge var mindre enn venta. Generelt vil dessutan bruken av subsidiemidlar vera mindre når det generelle rentenivået er lågt. Utanriksdepartementet vil stå for utbetaling av dei midlane som står att av tilskotet innanfor gjeldande budsjettrammer og i tråd med dei behova IMF kan dokumentera. Det er ikkje lagt opp til å vurdera tilsegn om ytterlegare ordinære subsidietilskot før ein har brukt opp størsteparten av dei midlane Noreg har stilt til disposisjon.

10.7.3 Bruk av overskotsinntektene frå gullsalet

Den nye inntektsmodellen til IMF gjenomførast no, jf. omtale i avsnitt 9.6.1. Som ledd i dette har IMF selt om lag 1/8 av gullbehaldninga. Midlane frå salet tilhøyrer medlemslanda og skal plasserast i eit investeringsfond. Den årlege realavkastninga frå fondet skal utgjera medlemslanda si betaling for den generelle rådgjevings- og overvakingsverksemda IMF driv. På grunn av den gunstige gullprisen vart dei samla inntektene høgare enn venta, og IMF-styret er difor samd om at ein del av overskotet skal nyttast til å finansiera IMF-aktivitet i låginntektsland.

Å gjennomføra denne semja vil verta krevjande. Inntektene frå gullsalet er medlemslanda sin felles eigedom, og det juridiske rammeverket knytt til midlane skal hindra at einskilde land skal kunna gjera krav på meir enn sin tiltenkte del. Desse reglane gjer det umogleg å overføra inntektene direkte til ordningar som er reserverte for ein avgrensa del av medlemskrinsen. Som ei pragmatisk løysing er det difor lagt opp til at midlane skal utbetalast til medlemslanda med ein intensjon om at kvart einskilt land deretter samtykkjer i at deira del kan tilbakeførast til IMF-aktivitet i låginntektsland. Det er difor ein risiko for at ein monaleg del av midlane ikkje vil verta tilbakeført til IMF. I nokon grad kan dette koma av at nokre av medlemslanda vil velja å behalda beløpet sjølve.

Bruk av inntektene frå gullsalet til fordel for låginntektsland stiller medlemskrinsen i IMF overfor eit dilemma. På den eine sida er det svært positivt å auka ressursane til IMF-aktivitet i låginntektsland. Til dømes kan slike midlar nyttast til å subsidiera den lånerenta dei fattigaste landa betaler til IMF. Noreg og den nordisk-baltiske valkrinsen har lenge vore store bidragsytarar til slike tiltak. På den andre sida er den nye inntektsmodellen særs viktig for det overvakingsarbeidet IMF driv, som er i ferd med å verta styrkt etter finanskrisa, og ein ønskjer ikkje at det skal vera tvil om at det investeringsfondet ein no byggjer opp, vil gje tilstrekkeleg avkastning til å finansiera denne verksemda. Overføring av ressursane til IMF-aktivitet i låginntektsland er dessutan kostbar, for ein må rekna med at ein monaleg del av midlane anten vil falle bort undervegs eller koma i staden for bilaterale bidrag frå medlemsland til det same føremålet. Til dømes kan midlane frå gullsalet verta ei lettvint orsaking for land som ikkje vil delta med ordinære, bilaterale tilskot i tillegg. Som ei følgja av dette vil dei samla ressursane som IMF disponerer, minka, noko som står i motsetnad til eit generelt ønske om sterke multilaterale institusjonar. Den nordisk-baltiske valkrinsen har gått inn for å bruka ein monaleg, men avgrensa del av midlane frå gullsalet på IMF-aktivitet i låginntektsland. Valkrinsen vurderer dette som ei eingongsløysing, og understrekar at bilaterale tilskot frå medlemslanda normalt skal vera den viktigaste kjelda til finansiering av IMF-aktivitet i låginntektsland.

10.7.4 Gjeldsslette til Haiti og låginntektsland råka av naturkatastrofar

IMF vedtok 21. juni 2010 ein mekanisme for å kunna sletta gjeld til IMF ekstraordinært for land som hadde vorte råka av særs alvorlege naturkatastrofar. Den konkrete bakgrunnen var eit ønske om å støtta Haiti etter jordskjelvkatastrofen i januar 2010. Etableringa av ein generell mekanisme gjer det samstundes mogleg å handtera liknande katastrofar på ein konsistent og regelstyrt måte. Både renter, avdrag og hovudstol skal kunna omfattast av denne mekanismen. Berre land med så låg inntekt per capita at dei kvalifiserer til IMF sine særlege låneordningar for låginntektsland og til beste vilkår frå Verdsbankens International Development Association (IDA), kan få assistanse. Katastrofen må ha råka minst 1/3 av befolkninga og ha øydelagt meir enn ¼ av produksjonskapasiteten, eller øydelegginga må ha svart til meir enn 100 prosent av BNP. Som ein del av gjeldsslettemekanismen etablerte IMF eit fond, det såkalla Post-Catastrophe Debt Relief Trust, for å dekkja kostnadene. Fondet vert i første omgang finansiert med midlar frå gjeldsslettemekanismen MDRI, men vil ved seinare behov måtta fyllast opp gjennom innskot frå gjevarar. Same dagen som mekanismen vart etablert, vedtok IMF å ettergje alle sine krav overfor Haiti, svarande til 178 millionar SDR.

10.8 Norske og nordiske bidrag til IMF sitt stabiliseringsprogram for Island og Latvia

10.8.1 Bakgrunn

To land i den nordisk-baltiske valkrinsen, Island og Latvia, vart særleg hardt råka av den internasjonale finanskrisa. Begge landa måtte hausten 2008 be om assistanse frå IMF for å stabilisera situasjonen og sikra tilgangen på finansiering i valuta. Noreg gjekk saman med Danmark, Finland og Sverige om å tilby langsiktige lån på til saman om lag 1,8 milliardar euro til kvart av dei to landa, knytt til IMF-programma deira. Begge programma er under SBA-ordninga. Den norske tilsegna om lån til Island er på 480 millionar euro og er organisert som lån frå Noregs Bank til Sedlabanki Islands, med garanti frå den norske staten. Den norske tilsegna om lån til Latvia er på 378 millionar euro og er eit stat-til-stat-lån. Basert på valutakursen 1. april svarer desse tilsegnene til høvesvis 3,8 og 3,0 milliardar kroner. Samla sett reflekterer fordelinga mellom dei fire nordiske långjevarlanda dei relative kvotane landa har i IMF. Dei nordiske långjevarane har samarbeidd om lånevilkåra, og dei har òg inngått avtalar som sikrar rett byrdefordeling ved eit eventuelt misleghald.

10.8.2 Island

Bakgrunnen for problema i Island var store økonomiske ubalansar som hadde bygd seg opp gjennom fleire år, med store underskot i utanriksrekneskapen og sterk auke i utanlandsgjelda, overoppheta bustadmarknad og kraftig, lånefinansiert vekst i banknæringa som hadde bringa den samla balansen til bankane opp i ti gonger Islands årlege BNP. Då finanskrisa kom, miste dei internasjonale marknadene tilliten til islandsk økonomi og islandske bankar, og store delar av banksektoren gjekk konkurs. Resultatet var eit dramatisk konjunkturtilbakeslag med ei firedobling av arbeidsløysa og sterkt svekte offentlege finansar. No, tre år seinare, ser ein at dei tiltaka Island gjennomførte på basis av IMF-programmet, begynner å bera frukter. Den islandske økonomien er i ferd med å betra seg, og IMF-staben ventar vekst i BNP i 2011 for første gong sidan 2008. Utanriksøkonomien er styrkt og utanlandsgjelda halvert, budsjettunderskotet er vesentleg redusert, og oppryddinga etter bankkrisa har kome langt. Men arbeidsløysa er framleis på over 7 prosent av arbeidsstyrken (AKU) og representerer ei stor utfordring.

Det står også att å få ei endeleg avklaring på handteringa av den islandske staten sine forpliktingar knytte til garantiar for innskot frå nederlandske og britiske innskytarar i den fallerte islandske banken Landsbanki (Icesave). Ein avtale med Nederland og Storbritannia om dette vart forkasta i ei folkeavrøysting 6. mars 2010. EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, sende eit opningsbrev til islandske styresmakter 26. mai som konkluderte med at Island hadde brote forpliktingane som følgjer av direktivet om innskytargarantiar og dei generelle likebehandlingsprinsippa i EØS-avtalen. ESA meiner at den islandske staten har plikt til å sikra kompensasjon for tapte innskot opp til minstekravet i direktivet på 20 000 euro per kunde per bank, og at Island såleis har plikt til å kompensera Nederland og Storbritannia for utlegg dei har hatt med å forskottera utbetalingar frå den islandske garantiordninga. Ein islandsk forhandlingsdelegasjon, der også ein representant for opposisjonen deltok, forhandla fram ein ny Icesave-avtale med Storbritannia og Nederland i fjor haust. Eit breitt fleirtal i Alltinget slutta seg til avtalen 16. februar 2011. Den islandske presidenten valde likevel å leggja denne Icesave-avtalen fram for folkeavrøysting, slik han også gjorde med den førre avtalen. Dato for avrøystinga er 9. april 2011. Fleire kredittvurderingsbyrå har varsla at dei vil nedgradera kredittverdigheita til Island ytterlegare om det vert nei endå ein gong. Dersom avtalen vert avvist, kan saka enda i EFTA-domstolen.

Dei nordiske låna til Island skal utbetalast i fire transjar knytte til IMF-styret si godkjenning av framdrifta for stabilseringsprogrammet for Island. Det er også ein føresetnad for dei nordiske låna at Island honorerer dei internasjonale forpliktingane sine, mellom dei EØS-forpliktingane. Dei nordiske lånegjevarane har likevel ikkje gjort dei konkrete Icesave-avtalane til eit vilkår. Frå norsk side legg ein vekt på fråsegna frå islandske styresmakter om at Island vil stå ved EØS-forpliktingane sine. Ein legg også vekt på at ein ikkje vil forskottera ein eventuell rettsleg prosess i EØS-organa.

IMF-styret godkjende den fjerde gjennomgangen av programmet for Island 10. januar i år. I diskusjonen i styret vart det mellom anna lagt vekt på at det såg ut til å verta ei løysing på Icesave-saka. Denne godkjenninga inneber at tre firedelar av dei nordiske låna er stilte til disposisjon for Island. Men Island har så langt berre bede om å få utbetalt dei to første firedelane. For Noreg sin del inneber dette at 240 millionar euro er utbetalt. Framdrifta i det islandske programmet er no meir enn eitt år forseinka. Island har difor bede om at den perioden der landet har høve til å trekkje på lånet, vert forlengd ut 2011. Styresmaktene i dei nordiske långjevarlanda har svart positivt på førespurnaden frå Island om forlenging, men dei formelle avtalerevisjonane er enno ikkje på plass.

Ein nærare omtale av lånet til Island og regjeringa si handtering av dette er gjeven i St.prp. nr. 47 (2008-2009) og i finansminister Johnsen si skriftlege fråsegn til finanskomiteen i samband med Dokument 8:46 S (2009-2010) om bistand til Island uavhengig av Icesave-avtalane.

10.8.3 Latvia

Også i Latvia sitt tilfelle kom stabiliseringsprogrammet som var utvikla saman med IMF på plass for å handtera ei akutt finans- og betalingsbalansekrise. Krisa kom etter fleire år med kraftig økonomisk vekst, med lett tilgang på internasjonal finansiering og kredittdrive privat forbruk. Store ubalansar hadde bygd seg opp og gjorde den latviske økonomien sårbar då den internasjonale finanskrisa kom og tilgangen på kapital tørka ut. Målsetjinga med IMF-programmet er å stabilisera den makroøkonomiske situasjonen i landet, mellom anna ved å støtta Latvia sin valutakurspolitikk gjennom auka valutareservar, ved å stabilisera banksektoren og ved å sikra statsfinansane. Latvia har no langt på veg lykkast i å stabilisera den makroøkonomiske situasjonen, styrkja finanssektoren og vinna tilbake tillit til valutakurspolitikken. Landet har i stor grad greidd å skjerma seg frå uroa på dei europeiske statsgjeldmarknadene som oppstod i fjor, og konkurranseevna er betra. Blant tiltaka Latvia har sett i verk, er kraftige kutt i offentlege budsjett. Planen til regjeringa er å bringe budsjettunderskotet ned frå over 10 prosent av BNP i 2009 til EU sitt traktatfesta tak på 3 prosent av BNP innan 2014, og å verta medlem av eurosona. Arbeidsløysa har kome litt ned frå toppnivået, men ifølgje siste tilgjengelege tall er ho fortsett er over 18 prosent av arbeidsstyrken.

På basis av det vedtekne budsjettet for 2010 godkjende IMF-styret den tredje gjennomgangen av framdrifta for stabiliseringsprogrammet i juni i fjor. Fjerde gjennomgang har trekt noko ut, mellom anna i påvente av at eit statsbudsjett for 2011 i tråd med den ambisiøse budsjettkonsolideringsplanen til Latvia skulle koma på plass. I samband med stabiliseringsprogrammet har Latvia fått vesentleg større lån frå EU enn frå IMF, og IMF og Europakommisjonen samarbeider om å følgja opp programmet og vurdera framdrifta.

På bakgrunn av at den økonomiske utviklinga har vorte noko betre enn ein opphavleg tok høgd for i stabiliseringsprogrammet, har den latviske regjeringa bestemt seg for å freista å la vera å trekkja på dei nordiske låna. Det er likevel viktig for Latvia å ha desse låna som ein kredittreserve som sikrar rask tilgang til lånemidlar dersom behovet skulle oppstå. Det er altså uklart om Latvia vil koma til å trekkja på det norske og dei andre nordiske låna.

For nærare omtale av lånet til Latvia viser vi til Prop. 112 S (2009-2010). Stortinget gav 25. mai 2010 samtykke til å inngå ein avtale om lån frå den norske staten til den latviske staten i samsvar med dei vilkåra det var gjort greie for i proposisjonen. Låneavtalen vart underskriven 21. september 2010.

Fotnotar

1.

IMFs spesielle trekrettar (Special Drawing Rights). Verdien er eit vekta gjennomsnitt av amerikanske dollar, euro, britiske pund og japanske yen. Ein SDR var 1. april 2011 lik 1,58 USD, og 8,73 NOK.

2.

Omgrepet Washington-konsensus viser vanlegvis til dreiinga mot eit neoliberalt tankesett som fann stad mellom ledande økonomar, politikarar, journalistar og ledande globale institusjonar som IMF og Verdsbanken frå 1980-talet og til byrjinga av 2000-talet.

3.

Sjå mellom anna IMF Staff Position Note 10/03: Rethinking Macroeconomic Policy.
Til forsida