Meld. St. 21 (2010–2011)

Finansmarknadsmeldinga 2010

Til innhaldsliste

5 Utvikling av regelverket og løyve i større saker på finansmarknadsområdet

5.1 Utvikling av regelverket

Nedanfor følgjer eit oversyn over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2010. I avsnitt 5.1.8 følgjer eit summarisk oversyn over forskrifter fastsette i 2010. I avsnitt 5.2 følgjer ein omtale av sentrale løyve som vart gjevne same året, med ein kort omtale av kvar einskild sak.

Endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2010 hadde som overordna mål å medverka til finansiell stabilitet og effektive og velfungerande marknader.

5.1.1 Bankverksemd

Finansdepartementet fastsette 19. mai 2010 forskrift om endring i «forskrift 18. desember 2003 nr. 1639 om eierkontroll i finansinstitusjoner» (eigarkontrollforskrifta). Bakgrunnen for forskriftsendringa er endringane av reglane om eigarskap i finansinstitusjonar i finansieringsverksemdlova §§ 2-2 til 2-6, som vart sette i kraft 1. juli 2009, jf. framlegget frå regjeringa i Ot.prp. nr. 80 (2008-2009). Endringane i eigarkontrollforskrifta inneber mellom anna at saksbehandlingsreglar i forskrifta vert oppdaterte i tråd med denne lovendringa. Forskriftsendringa vart sett i kraft frå 1. juli 2010.

5.1.2 Forsikrings- og pensjonsverksemd

Nye reglar om fleksibelt uttak av alderspensjon frå kollektiv tenestepensjonsordning i privat sektor og frå individuell pensjonsordning var sette i kraft 1. januar 2011. Lovendringane vart føreslegne av Finansdepartementet i Prop 6 L (2010-2011) og vart vedtekne av Stortinget 14. desember 2010. Dei private skattefavoriserte pensjonsordningane vert med dette tilpassa nye reglar om alderspensjon i folketrygda. Den einskilde har no rett til å ta ut alderspensjon ved fylte 62 år eller seinare, til å velja kor stor del av pensjonen som skal takast ut, til å velja om alderspensjonsuttaket skal kombinerast med arbeid og vidare pensjonsopptening, og til å velja å ta ut alderspensjon frå privat tenestepensjonsordning utan samstundes å ta ut alderspensjon frå folketrygda. I tillegg er det gjort nokre tekniske endringar i føretakspensjonslova, innskotspensjonslova, lov om obligatorisk tjenestepensjon og lov om individuell pensjonsordning. Sjå boks 2.10 for nærare om endringane i pensjonslovene.

Pensjonsleverandørane har frist fram til 1. juni 2011 med å utbetala alderspensjon etter dei nye reglane om fleksibelt uttak.

Finansdepartementet vil sidan følgja opp med framlegg om fleire tilpassingar i det private pensjonssystemet til ny folketrygd på bakgrunn av ei utgreiing frå Banklovkommisjonen. Mellom anna vil beløpsgrenser, utforming av nye produkt og handtering av fripolisar verta vurderte.

Stortinget vedtok 18. november 2010 endringar i forsikringsverksemdslova med sikte på å modernisera lovreguleringa av skadeforsikringsverksemd. Lovendringane vart føreslegne av Finansdepartementet i Prop 134 L (2009-2010) Endringer i forsikringsvirksomhetsloven (skadeforsikring), som bygde på Banklovkommisjonen si utgreiing nr. 20 «Skadeforsikringsselskapenes virksomhet». Dei nye lovreglane vart sette i kraft 1. januar 2011.

Finansdepartementet fastsette 21. desember 2010 endringar i «forskrift 17. desember 2007 nr. 1457 om livsforsikringsselskapers og pensjonsforetaks kapitalforvaltning» og i «forskrift 17. desember 2007 nr. 1456 om skadeforsikringsselskapers kapitalforvaltning». Endringane legg til rette for ei meir langsiktig kapitalforvaltning i forsikringsselskap og pensjonskasser, til føremon for kundar og selskap. Mellom anna får livsforsikringsselskap og pensjonskasser auka høve til å investera kundane sine midlar (dvs. midlar i kollektivporteføljen som dekkjer forsikringsmessige avsetjingar) i verdipapir som ikkje er noterte på børs. Endringane, som tok til å gjelda 1. januar 2011, inneber at livsforsikringsselskapa sine plasseringar i unoterte verdipapir til saman kan aukast med 8 pst. av kollektivporteføljen. Av dette kan opptil 5 pst. av kollektivporteføljen plasserast i aksjar utferda av selskap som driv eller eig infrastruktur.

5.1.3 Finansierings- og kredittverksemd

Stortinget gjorde 1. juni 2010 vedtak om endringar i «lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner» (finansieringsverksemdlova) og ein del andre lover. Stortinget vedtok mellom anna eit nytt kapittel i finansieringsverksemdlova (nytt kapittel 4b) om regulering av høvet til å yta betalingstenester. Lovendringane inneber, i tillegg til å regulera føretakstypen betalingsføretak, at det vert fastsett enklare reglar for, og lempelegare krav til, pengeoverføringsverksemd i liten skala. Siktemålet er å leggja betre til rette for uformelle verdioverføringssystem, som «hawala»-verksemd og liknande. Lova vart sett i kraft 1. juli 2010. Finansdepartementet fastsette med verknad frå same dato overgangsreglar og reglar for utfylling og gjennomføring av føresegnene i lova om betalingsføretak.

EU vedtok hausten 2010 to revisjonar av direktiva 2006/48//EF og 2006/49/EF (kalla EU sine kapitalkravsdirektiv eller CRD). Endringsdirektiva er kalla CRD II og CRD III. CRD II er teke inn i EØS-avtalen. CRD III vil venteleg òg verta teke inn i EØS-avtalen. Revisjonane inneber mellom anna nye føresegner om godtgjersle og endringar i kapital- og likviditetskrava. Finansdepartementet fastsette i desember 2010 fem forskrifter som følgje av endringsdirektiva.

1. desember 2010 fastsette Finansdepartementet «forskrift 1. desember 2010 nr. 1507 om godtgjørelsesordninger i finansinstitusjoner, verdipapirforetak og forvaltningsselskap for verdipapirfond». Forskrifta pålegg styret i dei ulike føretaka å fastsetja retningsliner og rammer for ei godtgjersleordning som skal gjelda for heile føretaket, og som skal medverka til å fremja og gje insentiv til god styring og kontroll med føretaket sin risiko på lengre sikt. Ordninga skal ha særlege reglar for leiande tilsette, for andre tilsette og tillitsvalde med arbeidsoppgåver som har mykje å seia for risikoeksponeringa til føretaket, for andre tilsette og tillitsvalde som får tilsvarande godtgjersle, og for tilsette og tillitsvalde som har kontrolloppgåver. Forskrifta vart sett i kraft 1. januar 2011 og skal gjelda avtalar som vert inngått, forlengde eller fornya 1. januar 2011 eller seinare. Bonus opptent i 2010 eller tidlegare som vert utbetalt i 2011, vert ikkje omfatta av forskrifta. Bonus opptent i 2010 eller tidlegare, og som ikkje vert utbetalt i 2011, må tilpassast reglane i forskrifta.

20. desember 2010 fastsette Finansdepartementet forskrift om endring i «forskrift 29. juni 2007 nr. 747 om forsvarlig likviditetsstyring» (likviditetsforskrifta). Ved endringa vart verkeområdet til likviditetsforskrifta utvida slik at forskrifta no også gjeld for verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond, i tillegg til å gjelda for holdingselskap i finanskonsern, bankar, finansieringsføretak, forsikringsselskap og pensjonsføretak. Når det gjeld det materielle innhaldet, vert det innført nye krav om retningsliner for behaldning av likvide eigedelar og retningsliner for stabil langsiktig finansiering. I tillegg vert det gjort ein del justeringar i forskriftsteksten.

Vidare vart det 20. desember fastsett forskrift om endring i «forskrift 1. juni 1990 nr. 435 om beregning av ansvarlig kapital for finansinstitusjoner, oppgjørssentraler og verdipapirforetak» (berekningsforskrifta). Endringane i berekningsforskrifta inneber i hovudsak utvida høve til å oppfylla kjernekapitalkravet med annan kjernekapital (hybridkapital), strengare krav til kvaliteten på kjernekapital, meir detaljerte føresegner om kjernekapitalen si evne til å bera tap, og overgangsordningar for kjernekapital som ikkje tilfredsstiller dei nye krava.

20. desember vart det også fastsett forskrift om endring i «forskrift 14. desember 2006 nr. 1506 om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingselskaper i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskaper for verdipapirfond mv.» (kapitalkravforskrifta). Endringane inneber auka krav når institusjonen nyttar IRB-metodar, strengare krav ved verdipapirisering og re-verdipapirisering, og ein del meir tekniske endringar, inkludert nærare føresegner om vekting av engasjement i framand valuta med lokale og regionale styresmakter.

Endeleg fastsette Finansdepartementet 20. desember 2010 forskrift om endring i «forskrift 22. desember 2006 nr. 1615 om kredittinstitusjoners og verdipapirforetaks store engasjementer» (forskrifta om store engasjement). I forskrift om store engasjement er verkeområdet, risikovektingane og grensa for samla engasjement med ein annan finansinstitusjon eller eit anna verdipapirføretak justert, og den generelle sumgrensa for store engasjement er oppheva. Det er fastsett ein overgangsregel for engasjement med kredittføretak som utferdar obligasjonar med førerett, som inneber at dagens reglar om risikovekting av store engasjement vert ført vidare fram til 31. desember 2011. Departementet tek i 2011 sikte på å finna fram til ei langsiktig løysing for korleis engasjement med kredittføretak som utferdar obligasjonar med førerett, skal behandlast i regelverket om store engasjement. I denne samanhengen vil departementet også vurdera dei generelle føresegnene for konserninterne engasjement, mellom anna store engasjement mellom ein bank og eit heilått kredittføretak. Det er òg fastsett ein overgangsregel for Eksportfinans ASA som inneber at føretaket i tida fram til 31. desember 2011 kan leggja regelverket for store engasjement slik det var fram til 15. desember 2010, til grunn.

5.1.4 Verdipapirhandel

Finansdepartementet fastsette 26. mars 2010 forskrift om ikraftsetjing av lovreglar om spesialfond i «lov 12. juni 1981 nr. 52 om verdipapirfond» (verdipapirfondlova) og endringar i ein del forskrifter til verdipapirfondlova som inneber at spesialfond får unnatak frå nokre føresegner som gjeld for andre verdipapirfond. Lovreglar om spesialfond vart vedtekne 27. juni 2008. Lovreglane vart vedtekne som endringar i verdipapirfondlova. Ved forskrifta som vart fastsett 26. mars 2010, vart det opna for at spesialfond frå 1. juli 2010 kan bydast fram til profesjonelle kundar.

Finansdepartementet fastsette 29. juni 2010 forskrift om endringar i «forskrift 29. juni 2007 nr. 876 Forskrift til verdipapirhandelloven» (verdipapirforskrifta) om tilsette sin eigenhandel i finansielle instrument. Endringane, som vart sett i kraft 1. juli 2010, kodifiserer i all hovudsak Finanstilsynet sin praksis på området, mellom anna når det gjeld bindingstid og høve til å handla med derivat.

30. juni 2010 fastsette Finansdepartementet forskrift om endringar i verdipapirforskrifta og det vart gjort endringar i reglane om verdipapirføretak sin bruk av tilknytte agentar. Endringane, som vart sett i kraft 1. januar 2011, inneber mellom anna at verdipapirføretak ikkje skal kunna gjera avtalar med tilknytte agentar som omfattar meir enn 50 prosent av det samla talet på tilsette i verdipapirføretaket. Det er gjeve unnatak for verdipapirføretak som også er kredittinstitusjon, og for forsikringsselskap. Siktemålet med reguleringa er å sikra at den faglege kompetansen og tyngdepunktet i praksis ikkje ligg i agentnettet, men hos verdipapirføretaket, slik at det kan ha den naudsynte kontrollen med agentane.

Stortinget vedtok 1. juni 2010 endringar i reglane i «lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel» (verdipapirhandellova) om sal av finansielle instrument som seljaren ikkje eig (shortsal). Det vart mellom anna vedteke eit generelt forbod mot udekte shortsal og ein heimel for Finanstilsynet til å fastsetja mellombels forbod mot shortsal der marknaden er slik at shortsal kan forstyrra den finansielle stabiliteten eller marknaden sin integritet. Det vart vidare vedteke heimel for Finanstilsynet til å bøteleggja mindre alvorlege brot på meldeplikta til primærinnsidaren. Reglane vart sett i kraft 1. juli 2010.

Finansdepartementet fastsette 25. august 2010 ei endring i § 9-34 i verdipapirforskrifta om Verdipapirforetakenes sikringsfond. Endringa, som vart sett i kraft 1. januar 2011, gjev Finanstilsynet heimel til å fastsetja ei lågare avgift for verdipapirføretak som har løyve til å yta investeringstenesta aktiv forvaltning, når det gjeld midlar som vert forvalta på vegner av profesjonelle kundar.

Finansdepartementet fastsette 21. desember 2010 endringar i «forskrift 18. desember 2003 nr. 1638 om forvalterregistrering i verdipapirfonds andelseierregister» (forvaltarregistreringsforskrifta). Den viktigaste endringa er at det vart opna for at andre enn bankar, verdipapirføretak, verdipapirregister og forvaltningsselskap kan få løyve til å vera forvaltarar etter ei særskild vurdering.

Finansdepartementet fastsette 16. desember 2009 endringar i reglane om ljodopptak av telefonsamtalar i verdipapirforskrifta. Endringane, som opphavleg skulle tre i kraft 1. juli 2010, inneber at verdipapirføretak får ei utvida plikt til å gjera lydopptak av telefonsamtalar. Verdipapirføretaka fekk utsett frist til 1. april 2011 for å tilpassa seg dei nye reglane.

5.1.5 Eigedomsmekling

Finansdepartementet endra 30. september 2010 «forskrift 23. november 2007 nr. 1318 om eiendomsmegling». Endringane er gjorde som ein del av gjennomføringa av EØS-reglar som svarer til yrkeskvalifikasjonsdirektivet (direktiv 2005/36/EF) i norsk rett. Endringane inneber at det vert gjeve nærare reglar om vilkår for godkjenning av eigedomsmeklarar frå andre EØS-statar og reglar for utøving av eigedomsmeklingsverksemd på mellombels grunnlag.

Med verknad frå 1. juli 2010 vart det gjort endringar i «lov 29. juni 2001 nr. 73 om eiendomsmegling» (eigedomsmeklingslova).

Etter eigedomsmeklingslova § 2-9 andre ledd kan Finanstilsynet no gje løyve til at same person kan vera fagansvarleg for meir enn eitt føretak eller éin filial. Dette opnar for at det er mogleg å reindyrka rolla som fagansvarleg, noko som kan medverka til å auka kvaliteten på eigedomsmeklingstenesta. I § 5-3 femte ledd vart det gjort ei endring i reglane om eigenhandel som inneber at eigedomsmeklingsføretak og advokatar som driv eigedomsmekling, ikkje lenger kan ta imot oppdrag frå føretak der nærståande har avgjerande innverknad. Vidare vart det i § 8-2 i lova gjeve heimel for Finanstilsynet til å oppnemna ein forvaltar til å sluttføra eigedomsmeklingsoppdrag i dei tilfella der eit eigedomsmeklingsføretak har fått løyvet sitt til å driva eigedomsmekling kalla tilbake. Den same føresegna er gitt i § 8-3 andre ledd for tilfelle der det har vorte forbode for ein advokat å driva eigedomsmekling.

Den 24. februar 2010 fastsette Finansdepartementet endringar i «forskrift 23. november 2007 nr. 1318 om eiendomsmegling» (eigedomsmeklingsforskrifta). Endringane omfattar særlege reglar og unnatak frå eigedomsmeklingsoppdrag som er knytte til utleige (utleigemekling) og sal av fast eigedom som ligg utanfor Noreg (utanlandsmekling). Vidare er det gjeve forskrifter om obligatorisk etterutdanning for personar som er engasjerte i eigedomsmeklingsverksemd. Også reglane om bodgjeving vart endra. Den såkalla 24-timarsregelen, som sette forbod for eigedomsmeklarar mot å formidla bod med kortare akseptfrist enn 24 timar rekna frå siste annonserte visning, vart endra til at akseptfristen i bodet ikkje skal gå ut før kl. 12.00 første vyrkedagen etter siste annonserte visning.

5.1.6 Rekneskap og revisjon

Finanstilsynet endra 24. februar 2010 «forskrift 8. februar 1999 om autorisasjon av regnskapsførere m.v.». Endringane er gjorde som ein del av gjennomføringa av EØS-reglar som svarer til yrkeskvalifikasjonsdirektivet (direktiv 2005/36/EF) i norsk rett. Endringane inneber at det vert gjeve nærare reglar om vilkår for godkjenning av rekneskapsførarar frå andre EØS-statar og reglar for utøving av rekneskapsverksemd på mellombels grunnlag.

Stortinget gjorde 25. juni 2010 vedtak om endringar i «lov 17. juli 1998 om årsregnskap m.v. og enkelte andre lover». Vedtaket var ei oppfølging av NOU 2008: 16, og gjennomfører mellom anna EØS-reglar som svarer til direktiv 2006/46/EF om endringar i rekneskapsdirektiva i norsk rett, mellom anna når det gjeld krav til at det i årsmeldinga skal gjevast ei utgreiing om føretaksstyring, og krav til opplysningar om transaksjonar med nærståande partar i årsrekneskapen. I tillegg vart det vedteke heimlar for å fastsetja reglar om godtgjersleordningar i finansnæringa.

Finansdepartementet fastsette 30. juni 2010 ei rad endringar i «forskrift 25. juni 1999 nr. 712 om revisjon og revisorer» (revisorforskrifta). Det vart fastsett føresegner om godkjenning av revisjonsselskap frå andre EØS-land og føresegner knytte til tilsyn med revisorar, medrekna unnatak frå føresegner om teieplikt i revisorlova og finanstilsynslova. Det vart fastsett at revisjonspliktige som vert føretak av ålmenn interesse, kan vente med å oppfylle krav til revisorrotasjon til året etter at dei vart føretak av ålmenn interesse. Vidare vart det gjort visse presiseringar i føresegner om etterutdanning og i føresegner om oppbevaring av dokumentasjon. Endringane vart sett i kraft med verknad frå 1. juli 2010.

30. juni 2010 fastsette Finansdepartementet «forskrift 30. juni 2010 nr. 1055 om registrering og tilsyn med tredjelandsrevisorer». Forskrifta vart sett i kraft 1. juli 2010.

Finansdepartementet endra 30. september 2010 «forskrift 25. juni 1999 nr. 712 om revisjon og revisorer». Endringane er gjorde som ein del av gjennomføringa av EØS-reglar som svarer til yrkeskvalifikasjonsdirektivet (direktiv 2005/36/EF) i norsk rett. Endringane inneber at det vert gjeve nærare reglar om vilkår for godkjenning av revisorar frå andre EØS-statar og reglar for utøving av revisjonsverksemd på mellombels grunnlag.

5.1.7 Anna

Stortinget gjorde 4. juni 2010 vedtak om endringar i «lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet mv.» (sentralbanklova), jf. Prop. 101 L (2009-2010). Lovendringane inneber at godtgjersle til medlemene av representantskapet skal fastsetjast direkte av Stortinget, og at Kongen kan gje reglar om årsrekneskap, årsmelding og bokføring for Noregs Bank.

Stortinget vedtok 14. desember 2010 ei endring i § 18 i «lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet mv.» (sentralbanklova), jf. Prop. 6 L (2010-2011). Endringa inneber at at banken kan yta kreditt til staten med løpetid innanfor éin kalenderdag.

Finansdepartementet fastset, i samsvar med lov om renter ved forsinket betaling § 3, ein forseinkingsrentesats for kvart komande halvår. Satsen skal vera lik styringsrenta til Noregs Bank, med eit tillegg på 7 prosentpoeng. 24. juni 2010 vart forseinkingsrenta fastsett til 9,00 prosent p.a., jf. forskrift 24. juni 2010 nr. 935. 16. desember 2010 vart forseinkingsrenta fastsett til 9,00 prosent p.a., jf. forskrift 16. desember 2010 nr. 1606.

5.1.8 Fastsette forskrifter

Finansdepartementet fastsette 47 forskrifter på finansmarknadsområdet i 2010:

  • Forskrift 11. januar 2010 nr.18 om hvilke finansinstitusjoner som kan vedtektsfeste at det samlede styret skal fungere som institusjonens revisjonsutvalg,

  • Forskrift 22. januar 2010 nr. 51 om endring i forskrift om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder,

  • Forskrift 22. februar 2010 nr. 201 om endring i forskrift til lov av 24. mars 2000 nr. 16 om foretakspensjon,

  • Forskrift 23. februar 2010 nr. 235 om endring i forskrift til verdipapirhandelloven,

  • Forskrift 24. februar 2010 nr. 238 om endring i forskrift om eiendomsmegling,

  • Forskrift 5. mars 2010 nr. 309 om endring i forskrift til verdipapirhandelloven,

  • Forskrift 23. mars 2010 nr. 0466 om ikraftsetting av lov 27. juni 2008 nr. 63 om endringer i lov 12. juni 1981 nr. 52 om verdipapirfond mv. (regler om spesialfond) og lov 11. desember 2009 nr. 120 om endringer i lov 12. juni 1981 nr. 52 om verdipapirfond, og endringer i enkelte forskrifter til lov 12. juni 1981 nr. 52 om verdipapirfond,

  • Forskrift 26. mars 2010 nr. 464 om endring i forskrift om bokføring,

  • Forskrift 19. mai 2010 nr. 705 om endring i forskrift om eierkontroll i finansinstitusjoner,

  • Forskrift 19. mai 2010 nr. 706 om krav til innretning av datasystemer for medlemmer av Bankenes sikringsfond,

  • Forskrift 19. mai 2010 nr. 759 om oppbevaring av elektronisk regnskapsmateriale i andre EØS-land,

  • Forskrift 21. mai 2010 nr. 713 om endring i forskrift om bokføring,

  • Forskrift 1. juli 2010 nr. 48 om overgangsregler mv. til lov 25. juni 2010 nr. 33 om endringer i regnskapsloven og enkelte andre lover,

  • Forskrift 1. juli 2010 nr. 1049 om betalingsforetak,

  • Forskrift 9. juni 2010 nr. 793 om endring i forskrift om endring i forskrift til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften) (utsatt ikrafttredelse),

  • Forskrift 24. juni 2010 nr. 967 om endring i forskrift om bokføring,

  • Forskrift 30. juni 2010 nr. 1042 om endring i forskrift om revisjon og revisorer og enkelte andre forskrifter,

  • Forskrift 30. juni 2010 nr. 1044 om endringer i forskrift 29. juni 2007 nr. 876 (verdipapirforskriften),

  • Forskrift 30. juni 2010 nr. 1055 om registrering av og tilsyn med tredjelandsrevisorer,

  • Forskrift 24. juni 2010 nr. 935 om renter ved forsinket betaling,

  • Forskrift 29. juni 2010 nr. 1029 om endring i forskrift om skadeforsikringsselskapers kapitalforvaltning og forskrift om livsforsikringsselskapers og pensjonsforetaks kapitalforvaltning,

  • Forskrift 29. juni 2010 nr. 1030 om endring i forskrift til verdipapirhandelloven,

  • Forskrift 30. juni 2010 nr. 1044 om endring i forskrift til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften),

  • Forskrift 1. juli 2010 nr. 1048 om overgangsregler mv. til lov 25. juni 2010 om endringer i regnskapsloven og enkelte andre lover,

  • Forskrift 1. juli 2010 nr. 1057 om endring i forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av regnskapsloven av 17. juli 1998 nr. 56, forskrift om forenklet anvendelse av internasjonale regnskapsstandarder og forskrift til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften),

  • Forskrift 25. august 2010 nr. 1216 om endring i forskrift til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften),

  • Forskrift 24. august 2010 nr. 1205 om endring i forskrift om betalingsforetak,

  • Forskrift 6. september 2010 nr. 1250 om endring i forskrift om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder,

  • Forskrift 27. september nr. 1293 om endring i forskrift om eiendomsmegling,

  • Forskrift 27. september 1294 om endring i forskrift om overgangsregler til lov 29. juni 2007 nr. 73 om eiendomsmegling,

  • Forskrift 30. september 2010 nr. 1305 om endring i forskrift om revisjon og revisorer,

  • Forskrift 30. september nr. 1306 om endring i forskrift om eiendomsmegling,

  • Forskrift 1. desember 2010 nr. 1507 om godtgjørelsesordninger i finansinstitusjoner, verdipapirforetak og forvaltningsselskaper for verdipapirfond,

  • Forskrift 14. desember 2010 nr. 1597 om endring i forskrift om årsregnskap og årsberetning for borettslag,

  • Forskrift 15. desember nr. 1692 om endring i forskrift om endring i forskrift til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften) (utsatt ikrafttredelse)

  • Forskrift 16. desember 2010 nr. 1606 om renter ved forsinket betaling

  • Forskrift 20. desember 2010 om nr. 1718 om endring i forskrift om forsvarlig likviditetsstyring,

  • Forskrift 20. desember 2010 nr. 1714 om endringer i om kredittinstitusjoners og verdipapirforetaks store engasjementer (forskrift om store engasjementer,)

  • Forskrift 20. desember 2010 nr. 1715 om endringer i forskrift om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingselskaper i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskaper for verdipapirfond mv. (kapitalkravsforsk.),

  • Forskrift 20. desember 2010 nr. 1716 om endring i forskrift om godtgjørelsesordninger i finansinstitusjoner, verdipapirforetak og forvaltningsselskap for verdipapirfond,

  • Forskrift 20. desember 2010 nr. 1717 om endring i forskrift om beregning av ansvarlig kapital for finansinstitusjoner, oppgjørssentraler og verdipapirforetak,

  • Forskrift 20. desember 2010 nr. 1718 om endring av forskrift om forsvarlig likviditetsstyring,

  • Forskrift 21. desember 2010 nr. 1765 om endring i forskrift om skadeforsikringsselskapers kapitalforvaltning,

  • Forskrift 21. desember 2010 nr. 1766 om endring i forskrift om livsforsikringsselskapers og pensjonsforetaks kapitalforvaltning,

  • Forskrift 21. desember 2010 nr. 1770 om endring i forskrift om forsikringstekniske avsetninger og risikostatistikk i skadeforsikring og gjenforsikring,

  • Forskrift 21. desember 2010 nr. 1768 om endring i forskrift om forvalterregistrering i verdipapirfonds andelsrregister,

  • Forskrift 22. desember 2010 nr. 1817 om endring i forskrift om regulerte markeder (børsforskriften) og forskrift til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften).

5.2 Løyve i forvaltningssaker

Nordito AS og PBS Holding A/S fekk 12. april 2010 løyve til å fusjonera med heimel i lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner § 2a-14. Løyvet er gjeve på vilkår.

Finansdepartementet gav 21. april 2010 Oslo Clearing ASA utvida løyve til å driva oppgjersverksemd i eigenkapitalinstrument. Løyvet vart gjeve med heimel i verdipapirhandellova § 13-1 først ledd. Det er knytt vilkår til løyvet.

Ringerikes Sparebank, Sparebanken Jevnaker Lunner og Sparebanken Gran fekk 27. april 2010 løyve til å slå seg saman ved at Ringerikes Sparebank overtok sparebankverksemda frå Sparebanken Jevnaker Lunner og Sparebanken Gran. Dei overtekne bankane vart avvikla. Det vart oppretta tre sparebankstiftingar som har eigenkapitalbevis i den fusjonerte banken. Banken har fått namnet SpareBank 1 Ringerike Hadeland.

Sjøtrygdgruppen Gjensidig Skadeforsikringsselskap og Møretrygd Gjensidig Forsikring vart 6. mai 2010 gjeve løyve til å slå seg saman. Målet med fusjonen var å sikra ei vidareføring av attverande eigedelar. Det vart vedteke å oppløysa rettar og skyldnader i Sjøtrygdgruppen. Det fusjonerte selskapet vert vidareført med basis i løyva, vedtektene og organisasjonsnummeret til Møretrygd Gjensidig Forsikring.

Med heimel i børslova gav Finansdepartementet 12. mai 2010 OMX AB løyve til å eiga alle aksjane i kraftbørsen Nord Pool ASA (no Nasdaq OMX Oslo ASA). Det er knytt vilkår til løyvet.

Sparebanken Sogn og Fjordane og Fjaler Sparebank fekk 15. juni 2010 løyve til å slå seg saman ved at sparebankverksemda i Fjaler Sparebank vart overført til Sparebanken Sogn og Fjordane med hovudoppgjer i eigenkapitalbevis. Fjaler Sparebank vart avvikla og Sparebankstiftinga Fjaler oppretta. Det er knytt vilkår til løyvet.

Gabler Wassum AS (tidlegare Gabler & Partners AS) søkte 8. juni 2010 om forlengd frist til å ta i bruk løyve til livsforsikringsverksemd. Selskapet fekk 11. juli 2008 løyve til livsforsikringsverksemd, med frist til 11. juli 2009 til å ta løyvet i bruk. Denne fristen vart etter søknad forlengd til 31. desember 2009, og deretter til 30. juni 2010. Det vart samstundes varsla om at ytterlegare fristforlenging ikkje kunne påreknast. Søknaden frå 8. juni 2010 om fristforlenging vart avslegen.

Gjensidige Forsikring BA fekk 18. juni 2010 løyve til å omdanna seg til ållmennaksjeselskap, og Gjensidigestiftinga fekk løyve til å omdanna seg til finansstifting. Finansdepartementet la i vurderinga vekt på at hovudmålet med høve til omdanning til institusjon i aksjeselskaps form er å opna for einingar som ut frå forholda vil vera betre eigna til å vidareføra verksemda til institusjonen. Det vart vidare lagt vekt på at Gjensidige Forsikring, i motsetnad til sparebankar, ikkje har som særskild oppgåve å ta vare på lokale interesser. Løyvet vart gjeve på vilkår.

30. juni 2010 fekk Høland Sparebank og Setskog Sparebank løyve til å slå seg saman. Høland Sparebank var overtakande bank, og Setskog Sparebank vart avvikla. Den nye banken fekk namnet Høland og Setskog Sparebank. Det vart ikkje oppretta sparebankstiftingar i samband med samanslåinga. Løyvet er gjeve på vilkår.

Brage Finans AS fekk 15. juli 2010 løyve til å driva verksemd som finansieringsføretak. Selskapet tilbyd finansieringsprodukt, med hovudvekt på såkalla leasing. Brage Finans er ått av dei ti sparebankane Sparebanken Vest, Fana Sparebank, Sparebanken Sør, Helgeland Sparebank, Haugesund Sparebank, Skudenes og Aakra Sparebank, Flekkefjord Sparebank, Voss Sparebank, Luster Sparebank og Etne Sparebank.

Sparebank 1 SR-Bank og Kvinnherad Sparebank fekk 22. oktober 2010 løyve til å slå seg saman ved at sparebankverksemda i Kvinnherad Sparebank vart overført til SpareBank 1 SR-Bank. Samstundes vart Kvinnherad Sparebank avvikla og SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad oppretta. Løyvet er gjeve på vilkår.

27. oktober 2010 fekk betalingsføretaket VINA Remittance Express AS avgrensa løyve til å yta betalingstenester. Selskapet tilbyd pengeoverføring frå Noreg til Vietnam.

Helgeland Sparebank fekk 25. november 2010 løyve til å oppretta Sparebankstiftinga Helgeland ved å konvertera delar av grunnfondet til banken til eigenkapitalbevis som stiftinga skal eiga.

Finansdepartementet avslo 15. desember 2010 søknad frå DnB NOR Bank ASA om forlenging av dispensasjon frå finansieringsverksemdslova §§ 2a-6 andre ledd femte punktum bokstav c for plassering av SalusAnsvar AB i konsernstrukturen.

Netfonds Livsforsikring AS fekk 16. desember 2010 avslag på ein søknad frå 27. mai 2010 om utvida løyve. Netfonds Livsforsikring fekk 17. juli 2007 konsesjon til å tilby individuell kapitalforsikring med investeringsval. Netfonds Livsforsikring AS fekk løyve til å driva livsforsikringsverksemd sjølv om selskapet ikkje oppfylte krava til eigarspreiing i finansinstitusjonar, sidan verksemda selskapet skulle driva med, var ei rein nisjeverksemd. Lovgjevar har uttala at ein kan sjå bort frå krava om eigarspreiing i finanslovgjevinga for nisjeverksemd. Løyvet vart ved vedtak 28. mai 2008 utvida til også å gjelda overtaking av individuell livrente- og pensjonsforsikring frå andre forsikringsselskap i samband med overtaking av portefølje av individuelle kapitalforsikringskontraktar. Søknad frå 27. mai 2010 om ytterlegare utviding av løyvet til også å omfatta kollektive pensjonsordningar, vart avslått, sidan slik verksemd ikkje er nisjeverksemd. Saka er påklaga.

DnB NOR Bank ASA fekk 20. desember 2010 løyve til å overta dei resterande 49 pst. av aksjane i Bank DnB NORD A/S. Løyvet er gjeve med heimel i finansieringsverksemdslova §§ 2a-3 og 2a-7 andre ledd. Løyvet er gjeve på vilkår.

Av 65 private pensjonskasser som hadde konsesjon i 2010, fekk ti pensjonskasser godkjent søknad om avvikling av Finanstilsynet i 2010.

Finanstilsynet gav løyve til å yta investeringstenester til 16 nye verdipapirføretak i 2010. I tillegg vart det gjeve utvida løyve til fire verdipapirføretak (løyve til nye investeringstenester). Finanstilsynet gav òg løyve til tre nye forvaltningsselskap for verdipapirfond i 2010, og stadfesta vedtektene til 25 nye verdipapirfond. Det vart i tillegg stadfesta vedtekter til fire norske spesialfond i medhald av dei nye reglane som vart gjeldande frå 1. juli 2010. I tillegg vart det gjeve løyve til å marknadsføra fem utanlandkse spesialfond i Noreg.

13 verdipapirfond vart avvikla i 2009 etter at Finanstilsynet på førehand hadde gjeve samtykke til avviklinga. Finanstilsynet kalla tilbake løyvet til å yta investeringstenester frå 14 verdipapirføretak og eitt løyve frå eit forvaltningsselskap for verdipapirfond. Løyva vart kalla tilbake etter at føretaka, som følgje av mellom anna manglande kapital og omorganiseringar, hadde gjeve avkall på løyva.

Til forsida