Meld. St. 21 (2010–2011)

Finansmarknadsmeldinga 2010

Til innhaldsliste

2 Finansiell stabilitet

2.1 Innleiing

Arbeidet med å tryggja finansiell stabilitet er i Noreg delt mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet. Finansdepartementet har eit overordna ansvar for å sjå til at det finansielle systemet fungerer godt. Noregs Bank og Finanstilsynet skal medverka til at det finansielle systemet er robust og effektivt, og overvaker difor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkja element som kan truga stabiliteten. Finanstilsynet fører òg tilsyn med finansinstitusjonane og marknadsplassane.

Det er etablert såkalla trepartsmøte mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet for å utveksla informasjon om situasjonen på finansmarknadene. I utgangspunktet vert desse møta haldne kvart halvår, men oftare ved behov. I 2010 hadde ein fire slike møte, medan det så langt i 2011 har vore eitt møte.

Veksten i verdsøkonomien tok seg opp i 2010, etter det sterkaste tilbakeslaget i internasjonal økonomi sidan andre verdskrigen. Den økonomiske oppgangen har førebels ikkje vore sterk nok til å betra situasjonen på arbeidsmarknadene vesentleg, og mange land slit framleis med høg arbeidsløyse. Ein ventar at den økonomiske veksten vil halda fram, men aukande statsgjeld i fleire industriland gjer den vidare utviklinga uviss.

Store budsjettunderskot og høg statsgjeld førte til uro på finansmarknadene i fleire europeiske land i 2010. Nervøsiteten hos marknadsaktørane slo ut i ein kraftig auke i rentene på statsobligasjonar utferda av Hellas, Portugal og andre gjeldstyngde land i Europa, og på obligasjonsgjelda til europeiske bankar med store eksponeringar mot dei mest utsette landa. Førebels ser det ut til at uroa i liten grad har spreidd seg til andre marknader, og samla sett har internasjonale finansmarknader vore relativt stabile i 2010.

Ny uro internasjonalt kan raskt slå inn i det norske finanssystemet. Dersom uroa i statspapirmarknadene knytt til situasjonen i utsette euroland skulle spreia seg ytterlegare, kan det gje nye tap i europeiske finansinstitusjonar, auka risikopåslag i kredittmarknadene og svekt kredittilbod til hushald og føretak. I byrjinga av 2011 har ein sett monalege verknader internasjonalt av den politiske uroa i Midtausten og Nord-Afrika, mellom anna gjennom høgare oljepris. Vidare kan ein eventuell mistillit til statsfinansane i USA også få store konsekvensar for finansmarknadene, både i USA og elles i verda. Ser ein breiare på uvissefaktorar må ein òg ta høgd for verknadene av naturkatastrofar og andre uventa hendingar, noko den nylege jordskjelvkatastrofen i Japan er eit døme på.

Solide og robuste finansinstitusjonar er ein føresetnad for finansiell stabilitet. Soliditeten i dei norske bankane vart styrkt i 2010, etter ein monaleg auke i kjernekapitaldekninga i 2009. Likeins auka bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa monaleg i både 2009 og 2010. Styrkinga av soliditeten i institusjonane betrar evna deira til å bera risiko og gjer at dei er betre rusta andsynes dei omfattande endringane i internasjonal finansmarknadsregulering som skal gjennomførast i åra framover.

Norske bankar har skaffa seg meir robust finansiering i tida etter finanskrisa. Særleg det at ein større del av marknadsfinansieringa har løpetid på over eitt år, og at ein større del av denne lange finansieringa er obligasjonslån med løpetid på over fem år, dreg i positiv lei. Utviklinga medverkar til lågare likviditetsrisiko, men den kortsiktige marknadsfinansieringa utgjer framleis ein nokså stor del av marknadsfinansieringa til bankane. Bankane har no god tilgang til finansiering på marknadene, men denne tilgangen er sårbar for uventa hendingar og ny marknadsuro. Risikopåslaga på finansieringsmarknadene har vore relativt stabile i 2010, men ligg framleis monaleg høgare enn dei gjorde før finanskrisa.

Obligasjonar med førerett (OMF) har vorte ei viktig kjelde til langsiktig finansiering for norske bankar og kredittføretak etter etableringa av byteordninga med statspapir hausten 2008. Byteavtalane i ordninga kjem til forfall i 2012, 2013 og 2014, og det er uvisse knytt til korleis etterspurnaden etter OMF vil utvikla seg når store behaldningar av OMF etter kvart vert tilbodne på marknaden. Staten har nyleg opna for førtidig innfriing av byteavtalane, noko som kan medverka til ein meir gradvis auke i tilbodet av OMF på marknaden.

Kredittrisiko på utlån er den vesentlegaste risikokjelda for bankane. På kort sikt ser det ut til at kredittrisikobiletet andsynes hushalda er betra for bankane. Nettofinansformuen i hushalda har auka, gjeldsbelastninga har flata ut, utviklinga i økonomien er god, og uvissa om den vidare utviklinga er lågare enn før. På noko lengre sikt er biletet annleis. Gjeldsbelastninga i hushalda er høg, og ser ut til å auka i åra framover. Ein monaleg del av utlåna til hushaldssektoren er lån til hushald med særs høg gjeldsbelastning. Desse hushalda er sårbare for eit høgare rentenivå eller ei svakare utvikling i økonomien. Eit lågt rentenivå over lengre tid medverkar til auka risiko for at fleire hushald tek på seg for mykje gjeld.

Kredittrisikoen for bankane for deira lån til ikkje-finansielle føretak, varierer frå næring til næring, men fleire utviklingstrekk peikar i retning av at kredittrisikoen for bankar og kredittføretak er redusert. Innteninga til føretaka ser ut til å vera på veg opp, og talet på konkursar gjekk ned frå 2009 til 2010. Utviklinga i norsk økonomi tyder på at etterspurnaden etter varer og tenester vil halda seg oppe i tida framover. Nesten halvparten av bankane sine utlån til ikkje-finansielle føretak er utlån til føretak innanfor næringseigedom. Prisutviklinga på næringseigedomsmarknaden har vore positiv det siste året, og lønsemda i dei børsnoterte næringseigedomsføretaka har teke seg opp. Generelt er kredittrisikoen på lån til ikkje-finansielle føretak konjunkturkjensleg, og utsiktene kan raskt endra seg dersom norsk økonomi vert utsett for ny vesentleg uro.

Livsforsikringsselskapa og pensjonskassene er særskilt utsette for marknadsrisiko, ettersom store delar av forvaltningskapitalen er plasserte i verdipapir, og fordi dei ofte verdset desse eigedelane til marknadsverdi i rekneskapen, samstundes som størstedelen av skyldnadene deira inneheld ein lovnad om ei viss avkastning på kapitalen. Uvissa på verdipapirmarknadene, både internasjonalt og i Noreg, er framleis stor. Samstundes avgrensar det låge rentenivået avkastninga på trygge rentepapir. Det gjer risikostyringa i kapitalforvaltninga til institusjonane utfordrande, og det er no særs viktig at dei syter for at det med god sikringsmargin er samsvar mellom risiko og soliditet.

Forbetringar i dei internasjonale finansmarknadsreguleringane som følgje av røynslene frå finanskrisa vil verka inn på utsiktene til finansiell og økonomisk stabilitet. Til dømes vil innføring av nye soliditets- og varsemdsreglar, mellom anna dei såkalla Basel III-krava, medverka til lågare risiko i det internasjonale finanssystemet, men fleire av dei viktigaste forbetringane vert truleg ikkje gjennomførte før om fleire år. Desse regelverksprosessane er tema for kapittel 3.

Dette kapitlet handlar om hovudtrekk ved utviklinga på finansmarknadene og i økonomien i Noreg og internasjonalt, og om risikoutviklinga for norske finansinstitusjonar og for finanssystemet som heilskap. Seinare i kapitlet kjem det eit kort oversyn over strukturen på den norske finansmarknaden og over resultat og soliditet i finansinstitusjonane. Bakgrunnsinformasjonen og talmaterialet som ligg til grunn for kapitlet, kjem i stor grad frå rapportar frå Noregs Bank og Finanstilsynet. Tala i kapitlet er oppdaterte per utgangen av 2010 med mindre anna går fram.

2.2 Kort om utviklinga i økonomien og på marknadene

2.2.1 Realøkonomien

Utsiktene til stabilitet i finanssystemet og soliditet i finansinstitusjonane speglar utsiktene for realøkonomien. Det var igjen vekst i verdsøkonomien gjennom 2010, etter det sterkaste tilbakeslaget i internasjonal økonomi sidan andre verdskrigen. Samla auka bruttonasjonalproduktet (BNP) for verda med om lag 5 pst. i 2010, etter eit fall på 0,6 pst. i 2009.

Oppgangen varierer i styrke mellom land og regionar. I industrilanda samla sett er BNP framleis lågare enn før finanskrisa. Ifølgje Det internasjonale valutafondet (IMF) auka BNP i industrilanda med 3 pst. i 2010, etter eit fall på 3,4 pst. året før. Veksten dempa seg noko gjennom andre halvår.

Veksttakten i såkalla framveksande økonomiar, som Kina og India, er framleis høg, og aktiviteten i desse landa har også trekt opp veksten i industrilanda. Auka import i dei framveksande økonomiane har mellom anna medverka til ein auke i etterspurnaden for eksportretta næringar i industrilanda. For framveksande økonomiar og utviklingsland samla sett var veksten ifølgje IMF i fjor på 7,2 pst., medan veksten for Kina og India var på om lag 10 pst.

Arbeidsløysa gjekk kraftig opp i industrilanda i kjølvatnet av finanskrisa, og så langt har oppgangen i verdsøkonomien ikkje vore sterk nok til å betra situasjonen i særleg grad. Trass i ein viss nedgang i arbeidsløysa i somme land er det generelle biletet at ho framleis ligg høgt over nivåa frå før finanskrisa. Blant Noreg sine handelspartnarar var arbeidsløysa om lag 8 pst. ved utgangen av 2010. I euroområdet var ho 10 pst., medan ho i USA har kome ned til om lag 9 pst.

Noreg har klart seg betre gjennom finanskrisa enn dei fleste industrilanda. Verdiskapinga fall mindre i 2008 og 2009 og arbeidsløysa har halde seg låg. Auka etterspurnad frå hushald og offentleg sektor, saman med ein moderat oppgang i eksporten av tradisjonelle varer, trekte opp aktiviteten i fastlandsøkonomien i 2010. For året 2010 sett under eitt auka BNP for Fastlands-Noreg ifølgje nasjonalrekneskapen med 2,2 pst., etter eit fall på 1,3 pst. året før.

Både finans- og pengepolitikken vart dreidd kraftig i ekspansiv retning for å dempa verknaden av finanskrisa i norsk økonomi. Frå hausten 2008 til sommaren 2009 sette Noregs Bank styringsrenta ned med 4,5 prosenteiningar, til 1,25 pst.; det lågaste nivået nokon gong. I ljos av høgare vekst og inflasjonsutsikter auka Noregs Bank renta i andre halvår 2009 og våren 2010 til 2 pst. Ifølgje Noregs Bank vil renta truleg verta sett opp gradvis i åra framover, til eit meir normalt nivå.

I tida framover ventar ein at den økonomiske veksten i Noreg vil halda fram. I Nasjonalbudsjettet for 2011 rekna ein med ein vekst på vel 3 pst. i 2011. Låge renter og høg sysselsetjing vil venteleg stø opp under ein auke i konsumet også i tida framover. Samstundes tyder forventningsindikatorar på at optimismen er tilbake att på dei nivåa ein såg før finanskrisa. Petroleumsinvesteringane er også venta å verta høge i 2011, og det er grunn til å tru at fastlandsinvesteringane og eksporten av tradisjonelle varer kjem til å utvikla seg positivt i tida framover. Høg gjeld i hushaldssektoren og høgare rente framover kan på den andre sida verka dempande på konsumveksten.

Situasjonen på arbeidsmarknaden var nokså stabil gjennom fjoråret. Sysselsetjinga auka tre kvartal på rad, etter at ho fall kraftig under finanskrisa. Arbeidsløysa, slik ho er utrekna i Statistisk sentralbyrå si arbeidskraftundersøking (AKU), heldt seg stabil på om lag 3,5 pst. av arbeidsstyrken gjennom 2010. I Nasjonalbudsjettet for 2011 la ein til grunn ei relativt stabil utvikling i arbeidsløysa, og som gjennomsnitt for året var det venta at ho vil liggja på om lag 3,5 pst. i 2011.

Det er uvisse omkring overslaga, mellom anna knytt til den økonomiske utviklinga i Europa og hos dei andre handelspartnarane til Noreg.

2.2.2 Finansmarknadene

Det var uro på dei internasjonale finansmarknadene i 2010, særleg knytt til gjeldsbeteningsevna til visse statar. Store budsjettunderskot og høg statsgjeld har ført til uro på finansmarknadene i fleire europeiske land, jf. boks 2.1. IMF og EU har sett i verk tiltak andsynes både Hellas og Irland. Det er òg ei viss uro omkring situasjonen i mellom anna Portugal, Spania og Italia. Nervøsiteten hos marknadsaktørane har slått ut i ein kraftig auke i rentene på statsobligasjonar utferda av denne gruppa av land, jf. figur 2.2. Førebels ser det ut til at uroa i liten grad har spreidd seg til andre marknader, men uvissa er framleis stor. Dei fleste industrilanda har varsla tiltak for å redusera budsjettunderskota og den statlege gjelda i tida som kjem. Fleire europeiske bankar har store investeringar i europeisk statsgjeld, noko som gav auke i risikopåslaga også på gjeldspapir utferda av bankane, jf. nedanfor.

Boks 2.1 Statsgjeldsituasjonen internasjonalt

Mange land står no andsynes store utfordringar i budsjettpolitikken. I fleire av dei tradisjonelle industrilanda har gjelda i offentleg sektor stige til nivå som ein tidlegare berre har sett i krigstid. Kombinasjonen av støttetiltak andsynes finanssektoren, aktiv motkonjunkturpolitikk for å dempa konsekvensane av finanskrisa og effektane av dei automatiske stabilisatorane svekka budsjetta monaleg.1

OECD rekna i november 2010 ut at for å stabilisera storleiken på den offentlege gjelda målt som del av BNP, må OECD-landa i gjennomsnitt stramma inn i budsjetta tilsvarande drygt fem prosent av BNP. Somme land, som Japan, USA og Storbritannia, må stramma inn mykje meir. Behovet for innstramming vert forsterka på grunn av aukande utgifter til pensjonar og helse- og omsorgstenester i tida framover som følgje av at befolkninga vert eldre. OECD har ikkje teke omsyn til dette i si utrekning.

Det er særleg land i euroområdet som det siste året har opplevd tvil om staten si evne til å betena gjelda. I EU sitt traktatsgrunnlag er det fastsett ei grense for maksimalt budsjettunderskot i offentleg forvaltning på tre prosent av BNP. Denne grensa vert no broten av dei fleste EU-landa og av alle eurolanda, med unnatak for Luxemburg og Estland. Ein ventar at budsjettbalansen vert styrkt i 2011 både for EU og for euro-området sett under eitt. Alle EU-landa har planar om å redusera budsjettunderskota slik at dei kjem under den traktatsfesta grensa innan 2012–2015. Store delar av kutta skal koma allereie i 2011 for å roa finansmarknadene. Også land som ikkje er under særskilt press frå marknadene, legg opp til monalege kutt.

Grensa for bruttogjelda til offentleg sektor på 60 pst. av BNP vert òg overskriden av dei fleste EU-landa. Gjennomsnittet for EU ligg no på om lag 80 pst. av BNP, og noko høgare for euroområdet. Dei verst stilte landa ligg godt over dette. Dei siste berekningane utførte av IMF indikerer at bruttogjelda for dei tradisjonelle industrilanda samla vil stiga frå 101 pst. av BNP i 2011 til 103 pst. av BNP i 2012.

Gjennom første halvår i 2010 auka rentene på marknaden for statslån kraftig i fleire euroland, i somme tilfelle til ikkje-berekraftige nivå. I mai 2010 fekk Hellas kriselån frå EU og IMF, og i november 2010 fekk Irland slike lån. Det er framleis stor uro omkring betalingsevna til Hellas, og søkjeljoset er òg retta mot Spania og spesielt Portugal. Rentene på marknaden for statslån er framleis svært høge for dei mest utsette landa.

Figur 2.1 Utviklinga i offentleg bruttogjeld i utvalde land. Prosent av BNP.

Figur 2.1 Utviklinga i offentleg bruttogjeld i utvalde land. Prosent av BNP.

Kjelde: Europakommisjonen og IMF.

1 Effektane av dei automatiske stabilisatorane i ein nedgangskonjunktur er mellom anna at skatteinntektene vert reduserte og utgiftene til dagpengar til arbeidslause aukar.

Etter nedgang i tida etter finanskrisa, har dei lange rentene på lågrisikoplasseringar, både internasjonalt og i Noreg, teke seg noko opp att sidan august 2010, jf. til dømes utviklinga for den tyske statsobligasjonsrenta vist i figur 2.2. I historisk samanheng er rentene framleis låge, noko som mellom anna må sjåast i samanheng med utsikter til moderat prisvekst framover.

Figur 2.2 Rente på 10-årige statsobligasjonar utferda av Tyskland samt Hellas, Irland, Italia,  Portugal og Spania. Prosent. Januar 2009 til mars 2011. Daglege observasjonar.

Figur 2.2 Rente på 10-årige statsobligasjonar utferda av Tyskland samt Hellas, Irland, Italia, Portugal og Spania. Prosent. Januar 2009 til mars 2011. Daglege observasjonar.

Tyske statsobligasjonar er rekna som særs trygge, og renta på slike papir vert ofte nytta som jamføringsgrunnlag for statsobligasjonar utferda av andre land.

Kjelde: Reuters Ecowin.

Uro omkring statsgjeld medverka til ein klår nedgang på aksjemarknadene våren 2010, jf. figur 2.3. Frå sommaren og utover hausten steig aksjekursane att på dei fleste av børsane i verda. Den amerikanske aksjemarknaden auka med om lag 15 pst. gjennom 2010, medan hovudindeksen på Oslo Børs auka med vel 18 pst. Utviklinga i euro-området var svakare, men kursane auka likevel med om lag 4 pst. i 2010. I Japan har aksjekursane i liten grad kome opp att etter finanskrisa.

Figur 2.3 Hovudindeksen på Oslo Børs og indeksar for aksjekursutviklinga på einskilde andre børsar. Januar 2007 til mars 2011. Januar 2006 = 100. Daglege observasjonar.

Figur 2.3 Hovudindeksen på Oslo Børs og indeksar for aksjekursutviklinga på einskilde andre børsar. Januar 2007 til mars 2011. Januar 2006 = 100. Daglege observasjonar.

Indeksane for børsutviklinga i Hong Kong, Frankfurt, Oslo, New York og Tokyo er høvesvis Hang Seng, DAX 30, OSEBX, S&P 500 og Nikkei 225. Med unnatak av Nikkei 225-indeksen er tala justert for reinvestert utbyte.

Kjelde: Reuters Ecowin.

Korte pengemarknadsrenter ligg vanlegvis nær styringsrentene frå sentralbankane. I urolege tider kan risikopåslaga i pengemarknadsrentene auka monaleg, slik dei gjorde under finanskrisa i 2008 og 2009. Risikopåslaga har vore relativt stabile i 2010, men ligg framleis høgare enn dei gjorde før finanskrisa, jf. figur 2.4. Risikopåslaga på den norske pengemarknaden er noko høgare enn i USA og i euro-området.

Figur 2.4 Skilnad i prosenteiningar mellom forventa styringsrenter og tremånaders pengemarknadsrenter i einskilde pengemarknader.  Prosenteiningar. Januar 2007 til februar 2011. Daglege observasjonar.

Figur 2.4 Skilnad i prosenteiningar mellom forventa styringsrenter og tremånaders pengemarknadsrenter i einskilde pengemarknader. Prosenteiningar. Januar 2007 til februar 2011. Daglege observasjonar.

Kjelde: Bloomberg og Noregs Bank.

Risikopåslaga i marknaden for obligasjonsgjeld utferda av europeiske finansinstitusjonar varierte mykje i 2010, jf. figur 2.5. Påslaga auka på vårparten på grunn av uro knytt til statsgjelda i Hellas og andre gjeldstyngde euro-land, før dei vart noko reduserte utover sommaren og hausten. Mot slutten av 2010 og i første del av 2011 har påslaga auka att, noko som heng saman med statsfinansielle problem i Irland og uro i Midtausten og Nord-Afrika. Risikopåslaga på obligasjonar med førerett («covered bonds») har òg auka det siste året, men i mykje mindre grad enn risikopåslaga på bankobligasjonar.

Nordiske bankar er mindre påverka av uroa i Europa enn europeiske bankar generelt, og prisen på å forsikra seg mot misleghald av obligasjonsgjelda til nordiske bankar har halde seg relativt stabil – og lågare enn for europeiske bankar generelt – dei siste månadene, jf. figur 2.5.1 Årsaka kan vera at investorar vurderer at nordiske bankar er mindre utsette for tap, mellom anna som følgje av god utvikling i dei nordiske økonomiane og relativt høg kapitaldekning i bankane.

Risikopåslaga på obligasjonsgjelda til finansinstitusjonar ligg framleis monaleg høgare enn nivåa før finanskrisa. Det kan vera eit teikn på at risikopåslaga kan ha vore for låge i tida før finanskrisa, og at investorar no krev renter som betre speglar risikoen i verksemda til institusjonane. Vidare har prisskilnaden mellom langsiktig obligasjonsfinansiering og kortsiktig pengemarknadsfinansiering auka samanlikna med tida før finanskrisa.

Figur 2.5 Pris på å forsikra seg mot misleghald av obligasjonsgjeld utferda av 25 større europeiske finansinstitusjonar (iTraxx Financial Senior) og tre nordiske bankar gjennom kredittbyteavtalar («credit default swaps», CDSar). Basispunkt (100 basispunkt = 1 ...

Figur 2.5 Pris på å forsikra seg mot misleghald av obligasjonsgjeld utferda av 25 større europeiske finansinstitusjonar (iTraxx Financial Senior) og tre nordiske bankar gjennom kredittbyteavtalar («credit default swaps», CDSar). Basispunkt (100 basispunkt = 1 prosent). Januar 2007 til februar 2011. Daglege observasjonar.

CDS-prisen er typisk ein prosentdel av (den nominelle) verdien av eigedelen som er forsikra, eller ein indeks, og gjeld for eitt år av gangen (sjølv om det gjerne vert betalt inn kvartalsvis).

Kjelde: Bloomberg og Noregs Bank.

Internasjonale finansmarknader har samla sett vore relativt stabile i 2010, men det er stor uvisse om den vidare utviklinga. Ny uro internasjonalt kan raskt slå inn i det norske finanssystemet og truga den finansielle og økonomiske stabiliteten. I byrjinga av 2011 har ein til dømes sett monalege verknader på internasjonale finansmarknader av den politiske uroa i Midtausten og Nord-Afrika, mellom anna gjennom auka oljepris. Ser ein breiare på uvissefaktorar må ein òg ta høgd for verknadene av naturkatastrofar og andre uventa hendingar, noko den nylege jordskjelvkatastrofen i Japan er eit døme på.

Vidare er det særleg grunn til å ottast at dei europeiske statsgjeldsproblema kan føra til eit nytt økonomisk tilbakeslag i Europa, og til nye tap i europeiske finansinstitusjonar. Ein bør òg halda auge med om det låge rentenivået på lågrisikoplasseringar lokkar investorar til å ta meir risiko.

2.3 Risikoutviklinga på finansmarknadene

2.3.1 Generelt

Det finansielle systemet er samansett av aktørar, marknadsplassar og infrastruktur for gjennomføring av transaksjonar. Systemet utfører betalingar og legg til rette for at kundane skal kunna handtera og omfordela finansiell risiko og allokera ressursar over tid. Denne allokeringa og omfordelinga skjer i stor mon ved at kundane handlar seg imellom med gjelds- og fordringsinstrument, i regelen via ein finansinstitusjon. Som motpart i slik handel tek finansinstitusjonane på seg skyldnader og risiko. Robuste og effektive finansmarknader og betalingssystem krev difor god risikostyring og soliditet i finansinstitusjonane. På grunn av det økonomiske samspelet mellom finansinstitusjonane kan veike sider i ein avgrensa del av finansmarknaden få negative følgjer for heile finansmarknaden. Problem på finansmarknadene kan gje alvorlege utslag i realøkonomien, og utslaga kan verta forsterka gjennom negative vekselverknader mellom finansmarknadene og realøkonomien. Å leggja til rette for finansiell stabilitet er difor ei viktig oppgåve for styresmaktene.

Styresmaktene arbeider for å førebyggja soliditets- og likviditetskriser i finanssystemet gjennom krav i lover og føresegner og gjennom tilsyn med finansinstitusjonane og finansmarknadene. I Noreg har ein lagt stor vekt på omsynet til soliditet på heile finansmarknaden gjennom ei heilskapleg og konsistent regulering, og ved at same typen risiko vert regulert likt uavhengig av kvar han finst, slik at risiko ikkje hopar seg opp der han er minst regulert, jf. boks 2.2. Dette prinsippet har lege til grunn for norsk finansmarknadsregulering i mange år. Som omtala i boks 2.3 er det òg ein avgjerande føresetnad for finansiell stabilitet – og eit viktig mål i seg sjølv – at ein har eit godt forbrukarvern på finansmarknaden.

Boks 2.2 Nokre trekk ved norsk regulering

Tilsynet og reguleringa i Noreg byggjer i stor grad på at ein har sett det som tenleg å ha eit heilskapleg tilsyn og ei heilskapleg regulering. Her i landet var ein til dømes tidleg ute med å fusjonera tilsynseiningane for ulike typar av finansinstitusjonar, slik at ein fekk eit felles tilsyn med heile finansnæringa. Eit slikt tilsyn har betre føresetnader for å ha oversyn over utviklinga i finansnæringa enn det fleire ulike sektorbaserte tilsyn vil ha.

Det norske reguleringsprinsippet om å regulera lik risiko likt i ulike finansinstitusjonar fremjar soliditeten i norsk finansnæring, er med på å skapa meir einskaplege konkurransevilkår, og hindrar at risiko hopar seg opp der han er minst regulert.

Likviditetsreglane er eit døme på heildekkjande regulering ut frå prinsippet om å regulera lik risiko likt i ulike finansinstitusjonar. Reglane byggjer på tilrådingar for god likviditetsstyring i bankar frå Den internasjonale oppgjersbanken (BIS), men er i Noreg gjorde gjeldande for alle typar av finansinstitusjonar.

Kapitaldekningsregelverket for finansinstitusjonar i Noreg er eit anna døme på at norske styresmakter freistar å regulera lik risiko likt i ulike finansinstitusjonar. I Noreg er bankar, livsforsikringsselskap og pensjonskasser underlagde mange av dei same krava, utan omsyn til kva formelle løyve institusjonane har. Til dømes er norske livsforsikringsselskap og pensjonskasser underlagde kapitaldekningskrav også for risiko på aktiva, noko som ikkje har vore vanleg i andre land. I EØS-landa kjem det frå 2013, når den nye soliditetsreguleringa i EU (Solvens II) vert gjennomført, krav om at forsikringsselskap må ha kapital til å dekkja risiko på aktiva, jf. boks 2.8.

Eit tredje døme er norsk regulering av føretak som verdipapiriserer lån. I somme land har føretak som verdipapiriserer lån, ikkje vore underlagde ordinære kapitaldekningskrav. Reguleringa i Noreg inneber at kredittføretak som utferdar obligasjonar med førerett (OMF), er underlagde dei same kapitalkrava som bankane. I Noreg er det såleis ikkje mogleg for finanskonsern å omgå kapitalkrava ved å verdipapirisera utlån.

Finanskonsern, mellom anna dei såkalla blanda finanskonserna, som består av ulike finansinstitusjonar, fekk tidleg stor utbreiing i Noreg. Som følgje av dette var norske styresmakter tidleg ute med å laga eit heilskapleg regelverk for finanskonsern. Reglane om kapitaldekning på konsolidert nivå har vore eit sentralt stabilitetsskapande element i dette regelverket. Reglane motverkar at finanskonserna på ein uheldig måte utnyttar skilnader i regelverket for ulike institusjonar i konsernet.

Boks 2.3 Forbrukarvern på finansmarknaden

Etter finanskrisa har det vore aukande merksemd kring forbrukarane si stilling på finansmarknaden, jf. nærare omtale i avsnitt 3.10 i kapittel 3. I Noreg har ein lagt stor vekt på omsynet til forbrukarane i utforminga av finansmarknadsreguleringa, både direkte gjennom regelverk som skal sikra rettane og interessene til forbrukarane, og gjennom krav om soliditet stilte til finansinstitusjonar.

Ei viktig oppgåve for styresmaktene er å sikra solide finansinstitusjonar. Det er viktig av omsyn til økonomien som heilskap, men òg av omsyn til den einskilde forbrukar som har fordringar i finansmarknaden, anten som bankinnskot, som forsikringsdekningar og pensjonssparing eller i verdipapirmarknaden.

Forbrukarane står generelt andsynes særskilde utfordringar på finansmarknaden, mellom anna knytt til asymmetrien i informasjon mellom forbrukarane og finansinstitusjonane. Forbrukarane kan sjeldan vurdera kvaliteten på finansielle tenester før avtalen vert inngått, og det er lite rom for «prøving og feiling». Somme avgjerder, til dømes kjøp av pensjonsprodukt, tek ein få gonger i livet, men avgjerdene får stor innverknad på privatøkonomien. Som ikkje-profesjonelle brukarar av finansielle tenester har forbrukarane behov for vern frå styresmaktene si side.

Finanstilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg slik at lover og forskrifter vert følgde, jf. omtalen i kapittel 6. Finanstilsynet har eit klårt mandat for forbrukarvern og forbrukarinformasjon som følgjer direkte av finanstilsynslova § 3, av at Stortinget vedtek budsjettet for tilsynet, og av det årlege tildelingsbrevet frå Finansdepartementet. Etter finanstilsynslova § 3 skal Finanstilsynet mellom anna

«se til at de institusjoner det har tilsyn med, virker på hensiktsmessig og betryggende måte i samsvar med lov og bestemmelser gitt i medhold av lov, samt med den hensikt som ligger til grunn for institusjonens opprettelse, dens formål og vedtekter.»

Det følgjer av denne føresegna at Finanstilsynet som eit ledd i tilsynet skal syta for at målet med dei ulike lovreguleringane på finansområdet vert oppfylt, medrekna reglar som er gjeve for å verna forbrukarar, til dømes i finans- og forsikringsavtalelovene. I tillegg har Finansdepartementet i brev 30. juli 2010 til Finanstilsynet mellom anna presisert følgjande:

«Med den kompleksitet som nå er i finansmarkedet, og med de stadig nye produktløsninger som markedsføres, er det enda viktigere enn tidligere at Finanstilsynet har et skarpt fokus på forbrukerrelaterte spørsmål, og utøver effektivt tilsyn også på dette området, herunder påser at foretakene gir relevant og forståelig informasjon om de ulike finansproduktene.»

Med bakgrunn i eit initiativ frå Finanstilsynet, Forbrukarombodet og Forbrukarrådet bestemte Finansdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet i 2007 å utvikla ei informasjonsløysing som samlar og samanliknar informasjon om finansielle tenester til forbrukarar. På bakgrunn av dette vart Finansportalen oppretta. Finansportalen tilbyd eit oversyn over bank-, investerings- og forsikringstenester og samanliknar prisar og tenester, slik at kundane kan halda seg oppdaterte på marknaden. Vidare tilbyr Finansportalen mellom anna eit enkelt system for byte av bank.

I dei seinare åra har mange forbrukarar fått investeringsråd som ikkje har vore i deira interesse, noko som kan ha samanheng med såkalla salsbaserte løner i verdipapirføretak. I brev 25. juni 2010 til Finanstilsynet slo Finansdepartementet fast at å gje investeringsrådgjevarar løn som er direkte avhengig av kunden sine investeringar (salsbasert løn) ikkje er tråd med føresegnene om interessekonfliktar i verdipapirhandellova. Tilsynet følgde opp departementet si lovtolking andsynes rådgjevingsbransjen i rundskriv nr. 17/2010.

Styresmaktene overvaker og vurderer realøkonomien og samspelet mellom realøkonomien og finanssystemet. I desse samanhengane er det vanleg å skilja mellom ulike former for risiko, så som likviditetsrisiko, kredittrisiko, marknadsrisiko og operasjonell risiko. Etter finanskrisa har det i tillegg vorte meir merksemd om såkalla systemrisiko.

2.3.2 Systemrisiko

Systemrisiko kan omtalast som risikoen for forstyrringar i tilbodet av finansielle tenester på bakgrunn av problem i heile eller delar av finanssystemet, som kan ha alvorlege negative verknader i realøkonomien.2 Det er særs viktig, mellom anna i ljos av røynslene frå den internasjonale finanskrisa, at ein finn fram til gode verkty for å handtera systemrisikoen.

Systemrisiko heng nært saman med dei risikoane ein elles vurderer i analysar av utsiktene for finansiell stabilitet – så som likviditetsrisiko, kredittrisiko, marknadsrisiko og operasjonell risiko – men krev til dels ei anna tilnærming. Den internasjonale oppgjersbanken (BIS) analyserer systemrisiko langs to dimensjonar: ein strukturdimensjon og ein tidsdimensjon.

I strukturdimensjonen ser ein på korleis problem eller sjokk forplantar seg i finanssystemet, og kva som er felles risikofaktorar for ulike delar av systemet. Til dømes kan samanvovne finansmarknader og eksponeringar hos finansinstitusjonane mot dei same risikoane medverka til å spreia og forsterka forstyrringar. Dersom institusjonane i eit finanssystem har store eksponeringar mot kvarandre, til dømes gjennom eigenkapitalinstrument, kan problem i éin institusjon spreia seg spesielt raskt til dei andre institusjonane. Det same gjeld dersom ein institusjon som til dømes driftar viktig infrastruktur, får problem. Vidare kan marknaden sin tillit til éin institusjon byggja på tilliten til andre institusjonar.

I tidsdimensjonen ser ein på korleis oppbygginga av risiko i finanssystemet og økonomien heng saman med konjunkturane, og på vekselverknadene mellom finanssystemet og realøkonomien. Til dømes kan høgkonjunkturar innebera oppbygging av risiko i finanssystemet gjennom høg kreditt- og gjeldsvekst i økonomien, rask vekst i formuesprisar og høg risikotaking i finansinstitusjonane. Under den internasjonale finanskrisa fekk ein demonstrert korleis negative vekselverknader mellom finanssystemet og realøkonomien kan forsterka nedgangskonjunkturar og forstyrringar i finanssystemet.

Den institusjons- og marknadsretta finansmarknadsreguleringa er grunnleggjande også i ein systemrisikosamanheng, men må supplerast med mellom anna ein makro- og systemorientert penge- og finanspolitikk og såkalla makroregulering av den finansielle sektoren, jf. boks 2.4. Makroregulering har likskapstrekk med den institusjonsretta reguleringa ved at det ofte handlar om dei same eller liknande verkemiddel, og at desse verkemidla er tenkt nytta andsynes den same typen aktørar. I mange samanhengar der omgrepet makroregulering vert nytta, er ein ofte òg oppteken av å handtera såkalla systemviktige institusjonar.

Boks 2.4 Makroregulering

Etter finanskrisa har omgrepet makroregulering («macroprudential regulation») vorte hyppigare brukt i reguleringsmiljø, og den økonomiske forskinga på området aukar. Til liks med den institusjonsretta finansmarknadsreguleringa er målet med makroregulering å medverka til finansiell stabilitet. Når ein har teke inn omgrepet «makro», er det delvis av di ein tek større omsyn til moglege kanalar for smittespreiing mellom institusjonar. Men i somme tilfelle er ein også meir (eksplisitt) oppteken av koplinga mellom den finansielle sektoren og realøkonomien. Dette gjeld mellom anna risikoen for at bankane freistar å løysa kapitalproblem ved å stramma til på utlånspraksisen, med negative konsekvensar for økonomisk aktivitet og sysselsetjing. Finanskrisa har tydeleggjort at finanssektoren og realøkonomien i stor grad kan påverka kvarandre gjennom konjunkturane.

Makroregulering har likskapstrekk med den institusjonsretta reguleringa ved at det ofte handlar om dei same eller liknande verkemiddel (til dømes krav til kapital eller likviditet), og at desse verkemidla er tenkt nytta andsynes den same typen av aktørar (bankar og andre finansinstitusjonar). I mange samanhengar der omgrepet makroregulering vert nytta, er ein ofte òg oppteken av å handtera såkalla systemviktige institusjonar, jf. omtale i avsnitt 3.4 i kapittel 3. Sjølv om teoriutviklinga og den politiske og regulatoriske diskusjonen om makroregulering har blomstra i den seinare tida, står det att arbeid før ein kan innføra konkrete reglar. Vi kan tenkja oss mellom anna desse utfordringane:

  • Dersom verkemidla berre skal rettast mot systemviktige institusjonar, må slike institusjonar først identifiserast. Dette kan vera vanskeleg. Det kan òg vera problematisk fordi ein skaper auka forventningar på marknaden om at slike institusjonar kjem til å verta redda av styresmaktene i ein krisesituasjon.

  • Dersom doseringa av verkemidla skal varierast over tid, treng ein både god kunnskap om kor sterkt dei vil verka, og om kva finans- eller realøkonomiske storleikar det er som best kan seia noko om korleis doseringa bør vera. Ein står også andsynes vanskelege avvegingar mellom regelstyring og skjønn.

  • I tillegg kjem ei rad utfordringar knytte til den internasjonale karakteren til finans- og realøkonomien. Skal eller bør til dømes makroregulering koordinerast over landegrenser, og korleis skal dette i så fall gjerast? Eit anna spørsmål er kven som skal regulera institusjonar med grensekryssande verksemd, og på kva måte.

Sist, men ikkje minst, har vi spørsmålet om korleis makroregulering skal koordinerast i samspelet med penge- og finanspolitikken. Det er her mellom anna eit spørsmål om kven som skal «trekkja først».

Som omtala i kapittel 3 er det sett i verk omfattande prosessar internasjonalt for å endra tilsyn og regulering i ljos av røynslene frå finanskrisa. Når det gjeld makroregulering og andre verkty for å handtera systemrisiko, står det att mykje arbeid, men på ein del område – så som kapital- og likviditetskrav – har ein på internasjonalt nivå allereie oppnådd semje om at det bør innførast nye reglar som i større mon tek omsyn til systemrisiko. På andre område, mellom anna handtering av systemviktige finansinstitusjonar, er arbeidet godt i gang, jf. nærare omtale i kapittel 3.

Det regjeringsoppnemnde finanskriseutvalet, jf. nærare omtale i avsnitt 3.11 i kapittel 3, har i NOU 2011: 1 vurdert såkalla makrotilsyn og makroregulering. Utvalet tilrår at det etablerast ei klår ansvars- og rolledeling mellom styresmaktene på området, der Noregs Bank får eit klårare formelt ansvar for å gje råd om bruk av diskresjonære verkemiddel i makroreguleringa i form av offentlege brev til Finansdepartementet og Finanstilsynet. I samband med høyringa av NOU-en frå utvalet uttala Finansdepartementet i høyringsbrevet 2. februar 2011 at røynslene frå finanskrisa tilseier at styresmaktene i framtida bør leggja større vekt på å overvaka og regulera risikoen i det finansielle systemet som heilskap, og at arbeidet med makrotilsyn og makroregulering må medverka til, og stø opp om, ei klår og tydeleg ansvarsdeling mellom Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank. Departementet streka under at dette fullt ut må hegna om finansministeren sitt konstitusjonelle ansvar for arbeidet med å sikra finansiell stabilitet i Noreg. Høyringa av utgreiinga frå finanskriseutvalet vert avslutta 3. mai 2011.

Arbeidet med å tryggja finansiell stabilitet i Noreg er som nemnt delt mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet, og det er etablert såkalla trepartsmøte mellom desse institusjonane for å utveksla informasjon om utsiktene for finansiell stabilitet. Ordninga med trepartsmøte vart skipa i 2006. Som følgje av finanskrisa og den urolege situasjonen på internasjonale finansmarknader har det vore hyppigare trepartsmøte i dei siste tre åra. I 2009 var det til dømes sju trepartsmøte, medan det i 2010 var fire møte.

I trepartsmøta drøftar ein mellom anna utviklinga i norsk og internasjonal økonomi, situasjonen på finansmarknadene, vernebuingsarbeidet på finansmarknadsområdet, røynsler frå kriseøvingar og samarbeid om handtering av eventuelle kriser. Møta er såleis ein viktig kanal for utveksling av informasjon mellom dei tre institusjonane, og dei er med på å gje eit heilskapleg bilete av tilstanden både på mikroplan (finansinstitusjonane) og på makroplan (økonomien og finanssystemet som heilskap), og av kva for trugsmål mot finansiell stabilitet ein står andsynes.

Finansdepartementet vil vurdera tiltak for å betra makroovervakinga av systemrisiko i Noreg. Mellom anna kan oppfølginga av forslaga frå finanskriseutvalet føra til endringar i rolla til trepartsmøtet, og i rollene og ansvaret til Noregs Bank og Finanstilsynet. Departementet vil òg vurdera nærare utforming av og prosedyrar for nye bufferkrav til kapital i finansinstitusjonane (omtala som bevaringsbuffer og motsyklisk buffer i samband med dei såkalla Basel III-krava), mellom anna på bakgrunn av venta forslag til nye EU-reglar (det såkalla CRD IV-direktivet) og innspel frå Finanstilsynet, Noregs Bank og det regjeringsoppnemnde finanskriseutvalet.

2.3.3 Likviditetsrisiko

Likviditetsrisiko er risiko for ikkje å kunna innfri skyldnader ved forfall utan vesentlege meirkostnader. Likviditetsrisiko oppstår mellom anna når det er ulik forfallsstruktur på eigedelar og skyldnader. Av di bankverksemd i stor grad går ut på å finansiera langsiktige, ikkje-likvide utlån med likvide innskot, er bankane særleg utsette for likviditetsrisiko. Om bankane i tillegg finansierer langsiktige utlån, eller andre ikkje-likvide eigedelar, med kortsiktige lån på marknaden, aukar det likviditetsrisikoen hos bankane.

Kundeinnskot er normalt rekna som ei stabil finansieringskjelde for bankane, sjølv om dette er midlar kundane for det meste disponerer utan bindings- eller oppseiingstid. God soliditet i banken, og ei god og truverdig innskotsgarantiordning, medverkar til at innskytarane har tiltru til at innskota deira er trygge. Dette er føresetnader som gjer det forsvarleg at banken nyttar innskota til finansiering av langsiktige utlån.

Den norske innskotsgarantiordninga, som i internasjonal samanheng har eit høgt dekningsnivå, medverkar til at kundeinnskot er ei stabil finansieringskjelde for norske bankar. Det var òg tilfellet gjennom den internasjonale finanskrisa. I motsetnad til i ei rad andre land var det ikkje turvande å utvida den norske garantiordninga eller å gje statsgarantiar for bankane sine utlån eller innlån under krisa. Den norske innskotsgarantiordninga dekkjer opptil 2 mill. kroner per innskytar per bank. EU-kommisjonen har lagt fram forslag til nytt direktiv om innskotsgarantiordningar som mellom anna inneber fullharmonisering av dekningsnivået i innskotsgarantiordningar i EU til 100 000 euro. Dersom framlegget frå EU-kommisjonen skulle verta gjennomført i Noreg, ville det innebera ei vesentleg svekking av dekningsnivået i den norske innskotsgarantiordninga.

Regjeringa arbeider aktivt for at dekningsnivået i den norske ordninga kan haldast fram, jf. nærare omtale i kapittel 3. Den norske innskotsgarantiordninga er omtala i boks 2.5.

Boks 2.5 Den norske innskotsgarantiordninga

Innskotsgarantiordninga i Noreg er ei god ordning for innskytarane. Opptil 2 mill. kroner per innskytar per bank er dekt dersom banken er medlem i Bankenes sikringsfond. Medlemskap er obligatorisk for alle norske bankar. Filialar av utanlandske bankar er dekte av ordninga i heimlandet, men somme filialar har likevel valt å knyta seg til den norske ordninga. Den norske ordninga dekkjer då innskot på opptil 2 mill. kroner, med frådrag for det som etter reglane vert dekt gjennom garantiordninga i heimstaten.

Medlemsbankane er etter lova pålagde å dekkja differansen mellom fondskapitalen i Bankenes sikringsfond og eit beløp som kan kallast fullt fond (21,4 mrd. kroner ved utgangen av 2010), ved garanti frå medlemsbankane. Fondskapitalen var om lag 21,9 mrd. ved utgangen av 2010 og overoppfylte såleis minstekravet i lova. Det vert difor ikkje innkravd avgift til Bankenes sikringsfond frå medlemsbankane i 2011.

Fondet kan låna pengar for å dekkja krav frå innskytarar dersom kapitalen i fondet ikkje skulle strekkja til ved garantiutbetalingar, og fondet vil dessutan overta kravet overfor ein bank når fondet dekkjer tapte innskot. Såleis kan fondet samla sett sikra krav frå innskytarar som er mykje større enn sjølve fondet.

I tillegg til kundeinnskot finansierer bankane verksemda si mellom anna med innlån på penge- og obligasjonsmarknadene, jf. figur 2.6. Denne marknadsfinansieringa har dei siste åra vorte ei større finansieringskjelde for norske bankar og kredittføretak sett under eitt, samstundes som kundeinnskota utgjer ein mindre del av den samla finansieringa. Ein tendens i dei siste åra har vore at utlånsauken har vore større enn auken i innskot, og at institusjonane difor har vorte meir avhengige av marknadsfinansiering (til dømes obligasjonslån). For bankane åleine har innskot utgjort ein monaleg større del av finansieringa dei siste par åra, ettersom bankane har overført store utlånsporteføljar til kredittføretaka (som i hovudsak finansierer seg gjennom utferding av obligasjonar med førerett; OMF). Frå ei innskotsdekning (kundeinnskot i prosent av utlån til kundar) på om lag 67 pst. fram til hausten 2008, var innskotsdekninga i norskåtte bankar 86 pst. ved utgangen av 2010.

Fram til hausten 2008 baserte norske bankar og kredittføretak seg i større mon på kortsiktig finansiering (med løpetid under eitt år), noko som kan koma av at kortsiktige innlån normalt er billegare enn langsiktige innlån. Dei siste par åra har institusjonane gjort seg mindre avhengige av kortsiktig finansiering, mellom anna gjennom byteordninga med OMF og fleire utferdinger av lange obligasjonslån.

Dei større bankane er generelt meir avhengige av marknadsfinansiering enn mindre bankar, og dei hentar meir av denne finansieringa i utlandet (og i utanlandsk valuta). For mindre bankar er dei større bankane viktige finansieringskjelder. Uro på dei internasjonale finansieringsmarknadene kan såleis breia seg vidare til norske bankar som i liten grad er direkte avhengige av marknadsfinansiering.

Figur 2.6 Samansetjing av finansieringa til norske bankar og kredittføretak. Prosent av total finansiering. Årlege observasjonar.

Figur 2.6 Samansetjing av finansieringa til norske bankar og kredittføretak. Prosent av total finansiering. Årlege observasjonar.

Lange obligasjonslån er lån med løpetid på eitt år eller meir, medan korte obligasjons- og sertifikatlån er lån med løpetid på under eitt år. Ansvarleg kapital omfattar eigenkapital, hybridkapital og ansvarleg lånekapital.

Kjelde: Finanstilsynet.

Ei viktig røynsle frå den internasjonale finanskrisa er at likviditetsrisikoen knytt til marknadsfinansieringa til bankane kan vera stor. Dei marknadene bankane finansierer seg på, fall i ein periode heilt bort då tiltrua til inntening og soliditet i finansinstitusjonane vart svekt hausten 2008, og fleire bankar internasjonalt fekk problem med å møta skyldnadene sine ved forfall. Internasjonalt såg ein fleire døme på bankar som fekk likviditetsproblem utan at dei hadde underliggjande soliditetsproblem, og at dette førte til at dei faktisk fekk soliditetsproblem. For å unngå dette er det viktig at bankane i gode tider ser til at dei har god nok likviditet til å klara seg gjennom lengre periodar med problem på finansmarknadene.

I dei siste par åra har delen av marknadsfinansieringa med løpetid på over eitt år auka i norske bankar og kredittføretak, og dei tek i større mon opp obligasjonslån med løpetid på over fem år, jf. figur 2.7. Det medverkar til ei meir langsiktig og stabil finansiering av verksemda, og såleis til lågare likviditetsrisiko i det norske banksystemet. Særleg har obligasjonar med førerett (OMF) vorte ei viktig kjelde for langsiktig finansiering, etter at byteordninga med statspapir vart etablert hausten 2008. Om lag 38 pst. av uteståande OMF frå norske kredittføretak var plasserte i byteordninga ved utgangen av 2010. Utanlandske investorar eigde om lag 37 pst., medan norske investorar eigde 25 pst.

Figur 2.7 Lange obligasjonslån tekne opp av  norske bankar og kredittføretak (bortsett frå  dotterselskap av utanlandske institusjonar) fordelte etter attståande løpetid. Prosent av samla obligasjonsfinansiering.

Figur 2.7 Lange obligasjonslån tekne opp av norske bankar og kredittføretak (bortsett frå dotterselskap av utanlandske institusjonar) fordelte etter attståande løpetid. Prosent av samla obligasjonsfinansiering.

Kjelde: Noregs Bank.

Byteavtalane med staten i byteordninga kjem til forfall i åra framover, og det er uvisse knytt til korleis etterspurnaden etter OMF kjem til å utvikla seg når store behaldningar av OMF etter kvart vert tilbodne på marknaden. Byteavtalar for meir enn 60 mrd. kroner kjem til forfall i andre halvdel av 2011, jf. figur 2.8. Det vil seia at om lag 7,5 pst. av den samla obligasjonsfinansieringa til bankane og kredittføretaka må fornyast i perioden. I perioden frå 3. kvartal 2013 til 2. kvartal 2014 kjem avtalar for meir enn 120 mrd. kroner til forfall. Staten har nyleg opna for innfriing av byteavtalane før tida.3 Det kan medverka til ein meir gradvis auke i tilbodet av OMF på marknaden, og til at dei institusjonane som tek del i ordninga, lettare kan spreia fornyinga av finansieringa over tid. Ein stor del av uteståande OMF, om lag 62 pst., er allereie eigd av norske og utanlandske investorar, jf. førre avsnitt.

Internasjonalt står bankar i endå større grad overfor utfordringar knytte til utfasinga av ulike støttetiltak og særskilde finansieringsordningar. Store delar av finansieringa må fornyast på marknader som stiller monaleg høgare krav enn dei gjorde før finanskrisa. Risikopremiane er generelt høgare enn før, og investorar krev styrkt soliditet og betre utsikter til inntening enn dei gjorde før finanskrisa, for å kjøpa bankgjeld.

Figur 2.8 Forfallsstruktur for lange fastrentelån  (F-lån) frå Noregs Bank og i byteordninga med OMF. Milliardar kroner.

Figur 2.8 Forfallsstruktur for lange fastrentelån (F-lån) frå Noregs Bank og i byteordninga med OMF. Milliardar kroner.

Kjelde: Noregs Bank.

Det er no eit stort arbeid i gang for å betra det internasjonale likviditetsregelverket for bankar, jf. nærare omtale i kapittel 3. Særleg viktig er det at ein er vorten samd om dei såkalla Basel III-krava, som mellom anna truleg vil innebera at det om nokre år vert innført to nye kvantitative likviditetskrav i EU-landa og i andre viktige jurisdiksjonar. Likviditetsutviklinga i norske bankar og kredittføretak kan ha samanheng med at institusjonane tilpassar seg forventa endringar i regelverket.4

Innføringa av Basel III-krava kan òg ha positiv innverknad på etterspurnaden etter OMF, ettersom krava til bankane sine behaldningar av likvide lågrisikopapir kjem til å auka. Avhengig av korleis OMF vert klassifisert i EU/EØS-reglane som skal gjennomføra Basel III-krava, kan OMF verta eit alternativ til andre likvide lågrisikopapir, så som statsobligasjonar. Forsikringsselskapa kan òg verta meir interesserte i OMF i åra framover, særleg dersom rentene på, og tilboda av, sikre statspapir i ønskt valuta held seg låge over tid.

Samla sett peikar viktige faktorar i retning av at likviditetsrisikoen i norske bankar og kredittføretak er lågare no enn dei var for eitt år sidan. Særleg det at ein større del av marknadsfinansieringa har løpetid på over eitt år, og at ein større del av denne lange finansieringa er obligasjonslån med løpetid på over fem år, er med på å gje lågare likviditetsrisiko. Men den kortsiktige marknadsfinansieringa utgjer framleis ein nokså stor del av marknadsfinansieringa til institusjonane. Institusjonane har no god tilgang til finansiering på marknadene, men denne tilgangen er sårbar for uventa hendingar og ny marknadsuro.

2.3.4 Kredittrisiko

Kredittrisiko er risikoen for ikkje å få tilbakebetalt heile eller delar av ei fordring eller eit utlån, med dei tapa ein i så fall dreg på seg etter at verdien av trygd er trekt frå.

Bankane utset seg for kredittrisiko gjennom utlån til hushald og føretak. Kredittføretaka har ein raskt veksande marknadsdel av utlåna, mykje på grunn av at dei har høve til å utferda obligasjonar med førerett (OMF). Om lag 80 pst. av forvaltningskapitalen til bankane og bustadkredittføretaka er sett saman av utlån, og kredittrisikoen er under normale tilhøve den vesentlegaste risikoen for norske bankar og andre kredittinstitusjonar. Kor mykje kredittrisiko ein kredittinstitusjon lovleg kan ta på seg, kjem generelt an på kor stor tapsberande evne institusjonen har, det vil seia kor mykje risikokapital (kjernekapital) institusjonen har. Kor mykje kapital ein etter reglane må ha for ulike engasjement, kjem an på risikoen ved kvart einskilt utlån. Om ein ser dei som ei gruppe, har bustadlån historisk sett gjeve låge tap, og slike lån krev difor relativt lite kapital. Lån til føretak har generelt høgare risiko og høgare krav til kapital.

2.3.4.1 Kredittvekst

Kredittindikatoren K2 er eit breitt mål på kor stor bruttogjeld hushald og føretak har til norske kredittkjelder. Kredittveksten målt ved denne indikatoren fall kraftig i 2009 og i første del av 2010, i hovudsak grunna fall i låneopptak frå ikkje-finansielle føretak, jf. figur 2.9. Tolvmånadersveksten i kreditt til denne gruppa av låntakarar var –1,6 pst. i mars 2010. I andre halvdel av 2010 auka låneopptaka frå føretaka, og ved utgangen av året var tolvmånadersveksten 3,7 pst. Tolvmånadersveksten i kreditt til hushalda har vore relativt stabil på om lag 6 pst. dei siste par åra, understøtta av vekst i bustadprisane og låge renter.

Figur 2.9 Tolvmånadersvekst i innanlandsk kreditt (K2) til hushald og ikkje-finansielle føretak. Januar 1995 til desember 2010. Prosent.  Månadlege observasjonar.

Figur 2.9 Tolvmånadersvekst i innanlandsk kreditt (K2) til hushald og ikkje-finansielle føretak. Januar 1995 til desember 2010. Prosent. Månadlege observasjonar.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

I økonomiske oppgangstider er det typisk stor etterspurnad etter kreditt og låg risiko ved utlån, og difor attraktivt for bankane å auka utlåna. Samstundes kan det vera vanskeleg å halda ved like kvaliteten på kredittgjevinga. I nedgangstider kan ein venta at etterspurnaden etter kreditt fell, at risikoen knytt til eksisterande engasjement aukar (og dels materialiserer seg), og at den risikoberande evna til bankane vert lågare. Saman kan desse faktorane i stor grad bremsa kredittveksten. Dersom tilbodet av kreditt fell fordi bankane manglar eigenkapital eller anna naudsynleg finansiering, forsterkar dette nedgangskonjunkturen.

Figur 2.10 syner utviklinga i kredittvekst til norske føretak etter bankkrisa i 1990-åra, dotcom-krisa tidleg i 2000-åra («IT-bobla») og finanskrisa. Fallet i kredittveksten var kraftig i månadene etter at finanskrisa slo inn i 2008, men frå eit høgt nivå. Fallet etter dei to andre krisene var mindre bratt, men varde lenge, om lag 34 månader etter bankkrisa og om lag 42 månader etter dotcom-krisa. Etter bankkrisa var kredittveksten negativ i tre og eit halvt år. Det siste året har kredittveksten vore stigande, og det kan sjå ut til at situasjonen normaliserer seg raskare etter finanskrisa enn etter dei to andre krisene, jf. figuren.

Figur 2.10 Tolvmånadersvekst i innanlandsk kreditt til føretak under og etter ulike kriser i Noreg. Prosent. Månadlege observasjonar.

Figur 2.10 Tolvmånadersvekst i innanlandsk kreditt til føretak under og etter ulike kriser i Noreg. Prosent. Månadlege observasjonar.

Den månaden då kredittveksten var på topp før ei krise, er kalla t = 0 i figuren. Vidare viser t-ane månader etter t = 0. For bankkrisa var mai 1990 t = 0, for dotcom-krisa november 2000, og for finanskrisa april 2008.

Kjelde: Noregs Bank og Statistisk Sentralbyrå.

2.3.4.2 Kredittrisiko ved utlån til hushaldssektoren

Utlån til personkundar frå bankane, medrekna bustadkredittføretaka, utgjorde 55 pst. av dei samla utlåna ved utgangen av 2010. Om lag 90 pst. av desse låna var lån med trygd i bustadeigedom. For bankane åleine utgjorde utlån til personkundar om lag 41 pst. av dei samla utlåna. Kredittrisikoen til bankane er såleis sterkt knytt til kva evne og vilje hushalda har til å betala renter og avdrag, og til utviklinga på bustadmarknaden.

Hushalda si evne til å bera gjeld kan målast med gjelds- og rentebelastninga. Gjeldsbelastninga er gjeld i prosent av disponibel inntekt, medan rentebelastninga er renteutgifter i prosent av disponibel inntekt. Det er vanleg å nytta rente- og gjeldsbelastninga for heile gruppa som ein indikator på kva evne låntakarane har til å betala ned gjeld.

Gjeldsveksten til hushalda har i fleire år vore høgare enn inntektsveksten, men har i dei siste månadene vorte redusert til eit nivå nærare inntektsveksten. Gjeldsbelastninga ligg på om lag 200 pst., jf. figur 2.11. Framskrivingar frå Noregs Bank syner at nivået på gjeldsbelastninga truleg kjem til å auka noko dei neste par åra, mellom anna på grunn av låge renter og vekst i bustadprisane.

Ved utgangen av 2008 hadde 11 pst. av hushalda ei gjeldsbelastning på over 500 pst., opp frå om lag 6 pst. i 2005.5 Det er difor grunn til å hevda at fleire hushald enn før har ei gjeldsbelastning som gjer dei sårbare for høgare renter, arbeidsløyse eller prisfall på bustadmarknaden. Gruppa av hushald med gjeldsbelastning over 500 pst. stod for ein tredel av den samla gjelda hos norske hushald.

Medan gjeldsbelastninga er høg i historisk samanheng, er hushalda si rentebelastning etter måten låg på grunn av det låge rentenivået, jf. figur 2.11. Etter kvart som rentenivået kjem attende til eit meir normalt nivå, kjem også rentebelastninga til å auka. Det vil gjera hushalda meir sårbare og auka kredittrisikoen til bankane.

Figur 2.11 Hushalda si gjeld i prosent av disponibel inntekt (gjeldsbelastninga) og renteutgifter i prosent av disponibel inntekt (rentebelastninga). Første kvartal 1988 til 4. kvartal 2013. Framskrivingar frå 1. kvartal 2010 til 4. kvartal 2013. Kvartalsvise o...

Figur 2.11 Hushalda si gjeld i prosent av disponibel inntekt (gjeldsbelastninga) og renteutgifter i prosent av disponibel inntekt (rentebelastninga). Første kvartal 1988 til 4. kvartal 2013. Framskrivingar frå 1. kvartal 2010 til 4. kvartal 2013. Kvartalsvise observasjonar.

Kjelde: Noregs Bank og Statistisk sentralbyrå.

Gjeldsutviklinga vert i stor mon påverka av utviklinga på bustadmarknaden, ettersom ein stor del av låneopptaka til hushalda finansierer investering i bustad. Høge bustadprisar i pressområde vil difor over tid trekkja med seg ein gjeldsauke hjå hushalda. Dei som allereie er etablerte på bustadmarknaden kan ta opp større lån med pant i bustaden når han aukar i verdi.

Veksten i bustadprisane var høg i 2009 og 2010, jf. omtale i boks 2.6. Tolvmånadersveksten var ved utgangen av 2010 om lag 6 pst. Statistisk sentralbyrå reknar med ein relativt høg vekst i bustadprisane i dei nærmaste åra. Dersom rentenivået held seg lågt over lengre tid, kan det medverka til høg vekst i bustadprisane og føra til auka risiko for at hushalda tek på seg uforsvarleg mykje gjeld.

Boks 2.6 Bustadprisar

Tolvmånadersveksten i norske bustadprisar var ved utgangen av 2010 om lag 6 pst. Bustadprisane var då om lag 2,5 pst. høgare enn dei var ved førre pristopp i juni 2007 (nominelt og sesongjustert). Dersom ein korrigerer for inflasjon var prisane 4,8 pst. lågare ved utgangen av 2010 enn ved førre pristopp i 2007. Tolvmånadersveksten i prisane fall noko gjennom året, men tok seg opp dei siste månadene av 2010.

I fleire land voks realprisane på bustader mykje dei seinare åra, jf. figur 2.12. Frå 2007 byrja prisane å falla. Noreg er blant landa som har hatt høgast realbustadprisvekst, men det har ikkje vore eit monaleg prisfall som følgje av finanskrisa, slik ein har opplevd i mellom anna Irland og Storbritannia.

Figur 2.12 Utvikling i bustadprisane i utvalde land frå 1995 til 2009. Indeks. Årlege observasjonar. 1995 = 100.

Figur 2.12 Utvikling i bustadprisane i utvalde land frå 1995 til 2009. Indeks. Årlege observasjonar. 1995 = 100.

Kjelde: OECD.

Etter periodar med sterk oppgang i bustadprisane følgjer ofte prisfall. Periodar med prisfall er gjerne kortare enn periodar med prisauke.

Som eit førebyggjande tiltak mot moglege bustadkrakk synest det nærliggjande å freista å dempa tendensar til oppblåsing av bustadbobler. Dei fleste forsøk på å definera bustadbobler har det til felles at dei peikar på urealistiske forventningar til framtidig vekst i bustadprisane som årsak til at prisane kan verta for høge allereie i dag. Ein tenkjer seg at verdivurderinga bør forankrast i grunnleggjande trekk ved tilbods- og etterspurnadssida på marknaden, men det lange tidsperspektivet i samband med bustadkjøp skaper store problem når ein skal skilja mellom såkalla fundamentale forhold og spekulative element.

Forklaringar på svingingar i bustadprisane kan finnast både på tilbodssida og på etterspurnadssida på marknaden, og i samspelet mellom dei to. Ikkje alle stader er like attraktive å bu på. Kort reisetid til arbeidsplassar er viktig for dei fleste. Mange ønskjer også nærleik til marknader for varer, tenester og underhaldning. Både lokaliseringa av arbeidsplassar og kvaliteten på samferdselstilbodet vil på kort sikt vera nokså gjeve. I sentrumsnære område kan auka etterspurnad slå ut i høgare priser utan at det utløyser vesentleg auka tilbod av nye bustader. Sjølv der det finst attraktive byggjeklåre tomter, vil det ta tid å levera innflyttingsklåre bustader, og byggjekostnadene verkar som ein terskel for nybygging. Når ein bustad først er bygd, skal prisane verta særs låge før bustaden vert trekt ut frå marknaden. Samla sett inneber dette at tilbodet av bustader av ein «gjeven kvalitet» er temmeleg uelastisk på kort sikt. Dette fører til at etterspurnadssvingingar i prinsippet gjev store prisutslag.

Etterspurnaden etter bustader er avhengig av fleire faktorar. Når sysselsetjinga er høg og inntektsutviklinga god, aukar betalingsviljen hos dei som ønskjer å kjøpa bustader. Ein annan viktig faktor er befolkningspress i form av fortetting eller netto innvandring. Ofte er det også slik at faktisk vekst i bustadprisane kan skapa forventningar om vidare vekst. Forventningane kan i periodar verta sjølvoppfyllande.

Som finanskrisa har vist i fleire land, kan både sysselsetjing og inntekter falla brått og kraftig. Dette kan trekkja bustadprisane ned. Dermed kjenner folk seg fattigare og bruker mindre pengar, slik at sysselsetjing og inntekter fell vidare. Ei slik utvikling kan også påverka innanlandske og internasjonale flyttestraumar, og utslaga i bustadprisane kan verta nokså store.

Høge bustadprisar og høg gjeld gjer nettoformuen til mange hushald (målt etter marknadsprisar) kjensleg for endringar i bustadprisane. Eit prisfall på bustadmarknaden vil få stor verknad både for hushalda sin «opplevde rikdom» og for kva sjansar dei har til å få bustadkreditt. At begge delar påverkar viljen til forbruk, som igjen verkar inn på aktivitetsnivået og sysselsetjinga i samfunnet, er gode grunnar til å følgja med på utviklinga på bustadmarknaden.

Finanstilsynet har sidan 1994 gjennomført undersøkingar av korleis bankane praktiserer utlån med pant i bustad. Den siste undersøkinga vart gjennomført hausten 2010 og omfatta 31 bankar som til saman stod for om lag 85 pst. av dei samla utlåna frå bankar til bustadføremål. Låna i undersøkinga vart utbetalte i byrjinga av september 2010. Undersøkinga syner at prosentdelen av nye lån (lånebeløp) som overstig verdien av bustaden, er om lag uendra frå året før, og at han utgjorde om lag 9 pst. hausten 2010, jf. figur 2.13.

Finanstilsynet kom i mars 2010 med nye retningsliner for forsvarleg utlånspraksis for bustadlån, jf. boks 2.7 i Meld. St. 12 (2009-2010) Finansmarknadsmeldinga 2009. Retningslinene seier mellom anna at lån normalt ikkje bør overstiga 90 pst. av verdien av bustaden. Prosentdelen av nye lån mellom 90 og 100 pst. av verdien av bustaden har ifølgje undersøkinga falle frå 15,4 pst. i 2008 til 11,4 pst. i 2010.6 Samla sett utgjer såleis prosentdelen av nye lån med lånegrad over 90 pst. om lag 20 pst. av låna.7 Dette er noko lågare enn i tidlegare år. Samstundes har det vore ein auke i omfanget av tilleggstrygd for lån med høg lånegrad. Om ein tek omsyn til tilleggstrygd når ein reknar ut lånegraden, fell prosentdelen til det halve, det vil seia at om lag 10 pst. av nye lån hadde ein reell lånegrad på over 90 pst. Dette er framleis høgt samanhalde med retningslinene frå Finanstilsynet.

Naturleg nok er det særleg dei yngre låntakarane som tek opp store lån i forhold til verdien av bustaden. Det er som ung dei fleste går inn som eigarar i bustadmarknaden. Noverdien av framtidig inntekt er òg høgast når ein er ung. Når det gjeld nye lån til låntakarar under 35 år, fall likevel prosentdelen med lånegrad over 90 pst. frå 41 pst. hausten 2008 til 33 pst. hausten 2010.

Kvart sjette lån i bustadlånundersøkinga til Finanstilsynet var lån med avdragsfritak. Det er noko høgare enn i undersøkinga frå 2009. Gjennomsnittleg periode for avdragsfritak var om lag fire år, og det var dei yngste og dei eldste låntakarane som i størst mon tok opp lån med avdragsfritak. Om lag kvart fjerde lån med avdragsfritak i undersøkinga hadde ein lånegrad på over 90 pst.

Periodar med avdragsfritak kan fungera som bufferar mot dårlege tider i hushalda, men avdragsfritak inneber òg at heile lånesummen kan vera eksponert ved framtidig renteauke. Samla sett kan eit stort omfang av lån med avdragsfritak medverka til at rentebelastninga i hushalda vert høgare etter kvart som rentene kjem opp på eit meir normalt nivå. I periodar med låge renter vil det difor normalt vera tilrådeleg å betala ned på lån.

Låg fastrentedel inneber at norske hushald er meir sårbare ved uventa renteauke enn hushald i land der fastrentedelen er høgare. Samstundes vert pengepolitikken meir effektiv, ettersom endringar i styringsrenta raskt får verknad for renteutgiftene til hushalda. I bustadlånundersøkinga frå hausten 2010 var 2,8 pst. av låna lån med fast rente, ein noko lågare prosentdel enn i undersøkingane frå 2008 og 2009. Til samanlikning synte tal for samla utlån til personkundar frå bankar og finansieringsføretak at fastrentedelen var på 5,8 pst. av dei samla utlåna per 3. kvartal 2010.

Figur 2.13 Delar av nye lån (lånebeløp) innanfor ulike lånegradar (lån i prosent av bustadverdi). Bustadlånundersøkinga.

Figur 2.13 Delar av nye lån (lånebeløp) innanfor ulike lånegradar (lån i prosent av bustadverdi). Bustadlånundersøkinga.

Det har vore innhenta tal for lånegradar mellom 90 og 100 pst. i bustadlånundersøkinga i 2008 og 2010. I figuren er desse tala trekte ut frå kategorien 80–100 pst. for 2008 og 2010, slik at kategorien for desse åra berre omfattar lån med lånegradar mellom 80 og 90 pst.

Kjelde: Finanstilsynet.

Rammekredittar med pant i bustad har hatt ein sterk auke i dei seinare åra, og utgjorde ved utgangen av 3. kvartal 2010 om lag 27 pst. av dei samla låna med pant i bustad frå bankar og bustadkredittføretak. Gjennomsnittleg utnyttingsgrad for rammekredittane var 79 pst. på same tidspunkt. Dette er noko lågare enn i tidlegare år. Rammekredittane er særleg tilpassa eldre låntakarar, og 82 pst. av rammekredittane i bustadlånundersøkinga var gjevne til personar mellom 35 og 66 år.

Samla sett låg 41 pst. av rammekredittane (løyvd ramme) innanfor ein lånegrad på 60 pst., medan 48 pst. hadde ein lånegrad på mellom 60 og 75 pst. Dei resterande 11 pst. av kredittane hadde ein lånegrad på over 75 pst. Ifølgje retningslinene for forsvarleg utlånspraksis frå Finanstilsynet bør rammekredittar normalt ikkje vera på over 75 pst. av marknadsverdien av bustaden.

Figur 2.14  Netto fordringar i prosent av disponibel inntekt (nettofordringsraten) med og utan forsikringskrav, og sparing i prosent av disponibel inntekt (spareraten), hos hushalda (framskriven sparerate 2010–2013). Årlege observasjonar.

Figur 2.14 Netto fordringar i prosent av disponibel inntekt (nettofordringsraten) med og utan forsikringskrav, og sparing i prosent av disponibel inntekt (spareraten), hos hushalda (framskriven sparerate 2010–2013). Årlege observasjonar.

Spareraten er korrigert for kalkulert ominvestert aksjeutbytte i 2000–2005 og for innløysing/nedsetjing av eigenkapital i 2006–2013. Framskriven sparerate er Noregs Bank si framskriving.

Kjelde: Finansdepartementet, Noregs Bank og Statistisk sentralbyrå.

Positiv verdiutvikling på verdipapirmarknadene har medverka til å styrkja netto finansformuen til hushalda i 2010, først og fremst gjennom auka forsikringskrav. Den likvide bufferen til hushalda er ikkje betra. Netto finansformue er òg styrkt som følgje av at sparinga som prosentdel av samla disponibel inntekt har halde seg på eit høgt nivå etter den monalege oppgangen i 2008, jf. figur 2.14. Høgt gjeldsnivå og uvisse om den økonomiske utviklinga frå andre halvår 2008 førte truleg til at fleire la større vekt på å redusera konsumet for å betala ned gjeld eller byggja opp økonomiske reservar gjennom å auka finansformuen. Statistisk sentralbyrå ventar ein gradvis nedgang i spareraten etter kvart som hushalda sitt behov for finansiell konsolidering minkar. Vekst i bustadprisane, låge renter og konjunkturoppgang kan òg medverka til å trekkja den finansielle sparinga ned i tida framover. Samla sett er den økonomiske stillinga til dei norske hushalda god, mellom anna på grunn av den store bustadformuen.

På kort sikt ser kredittrisikobiletet andsynes hushalda ut til å vera betra for bankane. Nettofinansformuen i hushalda har auka, gjeldsbelastninga har flata ut, utviklinga i økonomien er god, og uvissa om den vidare utviklinga er mindre enn på lenge. På noko lengre sikt er biletet annleis. Gjeldsbelastninga i hushalda er høg, og ser ut til å auka i åra framover. Ein monaleg del av utlåna til hushaldssektoren er lån til hushald med særs høg gjeldsbelastning. Desse hushalda er sårbare for eit høgare rentenivå eller ei svakare utvikling i økonomien. Eit lågt rentenivå over lengre tid aukar risikoen for at fleire hushald tek på seg for mykje gjeld.

2.3.4.3 Kredittrisiko ved utlån til føretakssektoren

Lån til ikkje-finansielle føretak utgjorde om lag 49 pst. av dei samla utlåna frå bankane ved utgangen av 2010. Som del av dei samla utlåna frå bankane har utlåna til føretak auka med om lag 19 prosenteiningar sidan 2004. Det heng saman med at bankane har overført ein stor del av låna til hushald til bustadkredittføretaka. Norske bankar har særleg auka eksponeringa mot skipsfart. Figur 2.15 syner at utlån innanfor næringseigedom er dominerande blant føretakslåna.

Figur 2.15 Utlån frå norske bankar til norske føretak fordelte på næring. Prosent. Per utgangen av 2010.

Figur 2.15 Utlån frå norske bankar til norske føretak fordelte på næring. Prosent. Per utgangen av 2010.

Kjelde: Finanstilsynet.

Lønsemda i norske føretak betra seg i 2010. Både resultata og eigenkapitaldelen i børsnoterte føretak auka gjennom året, jf. figur 2.16. Høgare driftsinntekter, lågare nedskrivingar og monaleg reduserte finansieringskostnader medverka til auken. Låge renter og positiv utvikling i norsk økonomi vil truleg føra til aukande etterspurnad og ytterlegare betring i lønsemda hos føretaka i tida framover.

Figur 2.16 Nøkkeltal for børsnoterte føretak.  Første kvartal 2002 til 3. kvartal 2010. Prosent. Kvartalsvise observasjonar.

Figur 2.16 Nøkkeltal for børsnoterte føretak. Første kvartal 2002 til 3. kvartal 2010. Prosent. Kvartalsvise observasjonar.

Resultatgrad er ordinært resultat i føretaka før skattekostnad i prosent av driftsinntektene. Tala for resultatgrad i figuren er prega av utviklinga i petroleumssektoren. Eigenkapitaldelen er eigenkapital i prosent av sum gjeld og eigenkapital.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Etter eit kraftig fall i føretaka si evne til å betala utgiftene til gjeld i 2008, betra denne evna seg i 2009 på grunn av låg gjeldsvekst og auka lønsemd,8 jf. figur 2.17. Utviklinga har vore ulik for ulike næringar. Medan evna til å betena gjeld betra seg for føretak innanfor næringseigedom og skipsfart i 2009, fall ho for føretak i industrien og innanfor bygg og anlegg. Meir enn halvparten av dei samla utlåna frå bankane til føretakssektoren er lån på områda næringseigedom og skipsfart, og betring her har difor mykje å seia for den samla kredittrisikoen for bankane.

Figur 2.17 Norske føretak si evne til å betena gjeld (resultat før skatt og nedskrivingar i prosent av bank- og obligasjonsgjeld, venstre akse) og talet på konkursar i føretak utanom enkeltpersonføretak (høgre akse). Årlege observasjonar.

Figur 2.17 Norske føretak si evne til å betena gjeld (resultat før skatt og nedskrivingar i prosent av bank- og obligasjonsgjeld, venstre akse) og talet på konkursar i føretak utanom enkeltpersonføretak (høgre akse). Årlege observasjonar.

Kjelde: Noregs Bank og Statistisk sentralbyrå.

Prisane på næringseigedom gjekk opp i 2010, og lønsemda i dei børsnoterte næringseigedomsføretaka har teke seg opp. Betringa i lønsemda kjem i hovudsak av at tidlegare nedskrivingar av eigedomsverdiar er reverserte. Marknadsaktørane ventar at prisane på næringseigedom kjem til å auka i tida framover, medan leigeprisane er venta å halda seg stabile.

Om lag 7 pst. av bankane sine utlån til ikkje-finansielle føretak er utlån til føretak innanfor skipsfart, som generelt er ei konjunkturkjensleg næring. Utviklinga i skipsfartsnæringa har betra seg det siste året. Verdsøkonomien har teke seg opp raskare enn venta, og auke i handelen i tida framover vil truleg auka etterspurnaden etter skipsfart. Det er framleis eit overskot av skip i den internasjonale skipsfartsnæringa, noko som ifølge Noregs Bank truleg vil halda lønsemda i næringa på eit moderat nivå framover.

Det vart opna færre konkursar i 2010 enn året før, jf. figur 2.17. Utanom enkeltpersonføretak vart det opna om lag 3200 føretakskonkursar, noko som er ein nedgang på om lag 17 pst. frå 2009. Føretaka som gjekk konkurs i 2010, var i hovudsak små føretak med låg omsetnad og lite bankgjeld. Det har vore ein nedgang i talet på konkursar i alle næringar, med unnatak av primærnæringane. Historisk har utviklinga i gjeldsbeteningsevna følgt konkursutviklinga med eit visst tidsetterslep (og med motsett forteikn). Såleis kan nedgangen i talet på konkursar stø opp om inntrykket av at gjeldsbeteningsevna til føretaka er på veg opp.

Kredittrisikoen på lån til ikkje-finansielle føretak varierer mellom næringane, men fleire utviklingstrekk peikar i retning av at den samla kredittrisikoen for bankar og kredittføretak i dette segmentet er redusert. Innteninga til føretaka ser ut å vera på veg opp, og talet på konkursar gjekk ned frå 2009 til 2010. Utviklinga i norsk økonomi tyder på at etterspurnaden etter varer og tenester vil halda seg oppe i tida framover. Kredittrisikoen på lån til ikkje-finansielle føretak er konjunkturkjensleg, og dersom norsk økonomi vert utsett for nye vesentlege forstyrringar, kan utsiktene raskt endra seg.

2.3.5 Marknadsrisiko

Marknadsrisiko er risiko for økonomisk tap eller gevinst som følgje av endringar i marknadsprisar på til dømes aksjar, renteberande papir, råvarer og fast eigedom. Norske bankar er i avgrensa grad utsette for marknadsrisiko, for investeringane deira på verdipapirmarknadene er små samanlikna med storleiken på den samla forvaltningskapitalen. Marknadsrisikoen er òg låg i norske bankar som følgje av at både innlån og utlån stort sett er lån med flytande rente. Såleis er bankane sin risiko knytt til skilnaden mellom innlånsrenter og utlånsrenter, liten.

Livsforsikringsselskapa og pensjonskassene er særskilt utsette for marknadsrisiko. Grunnen til det er at store delar av forvaltningskapitalen er plasserte i verdipapir, og at ein ofte verdset desse eigedelane til marknadsverdi i rekneskapen, samstundes som størstedelen av skyldnadene inneheld ein lovnad om ei viss avkastning på kapitalen. Dersom det er fall i aksjekursane, må forsikringsselskap og pensjonskasser med relativt mykje aksjar i forhold til eigenkapital difor anten raskt redusera aksjedelen, eller dei må henta inn meir eigenkapital. Generelt må porteføljeeksponeringane jamt tilpassast risikonivået på marknaden og evna til å bera eventuelle tap.

Aksjebehaldningane til livsforsikringsselskapa vart kraftig reduserte i 2007 og 2008 i kjølvatnet av den internasjonale finanskrisa, både ved nedsal og gjennom verdifall. Den lågare aksjebehaldninga gjorde selskapa mindre utsette for vidare fall i aksjekursane, men avgrensa samstundes høvet til å ta del i ein kursoppgang. Livsforsikringsselskapa auka gradvis aksjedelen i kollektivporteføljen gjennom 2009 og 2010, jf. figur 2.18. Ved utgangen av 2010 utgjorde aksjar 19,6 pst. av kollektivporteføljen, ein auke på noko over 2,5 prosenteiningar sidan 2009. Størsteparten av aksjane som livsforsikringsselskapa eig – om lag tre firedelar – er utanlandske aksjar. Figur 2.18 syner òg at det dei siste åra har vore ein nær samanheng mellom aksjekursar og aksjedel i norske livsforsikringsselskap.

Figur 2.18 Aksjedel i kollektivporteføljen til livsforsikringsselskapa (prosent) og utviklinga i hovudindeksen på Oslo Børs. Årlege observasjonar.

Figur 2.18 Aksjedel i kollektivporteføljen til livsforsikringsselskapa (prosent) og utviklinga i hovudindeksen på Oslo Børs. Årlege observasjonar.

Kjelde: Finanstilsynet.

Då livsforsikringsselskapa reduserte aksjedelen i 2008, vart dei frigjorde midlane i stor mon nytta til å kjøpa rentepapir med lågare risiko enn aksjar, jf. figur 2.19. Denne utviklinga er til dels reversert i 2009 og 2010. Den delen av forvaltningskapitalen som er sett saman av av obligasjonar og sertifikat, vurdert i rekneskapen til verkeleg verdi, vart redusert både i 2009 og i 2010. Ved utgangen av 2010 låg denne delen på om lag 29 pst., ein svak nedgang frå året før. Obligasjonar haldne til forfall skal etter føresetnadene ikkje seljast på marknaden, og vert difor ikkje påverka av endringar i marknadsrentene. Delen av forvaltningskapitalen som er sett saman av obligasjonar haldne til forfall vart òg redusert med eit par prosenteiningar i 2010.

Livsforsikringsselskapa har relativt låg eksponering mot dei mest gjeldstyngde eurolanda, jf. avsnitt 2.2.2, men selskapa kan likevel verta påverka av ei eventuell negativ utvikling i den statsfinansielle situasjonen i desse landa gjennom auka uvisse på verdipapirmarknaden generelt. Ved utgangen av 2. kvartal 2010 utgjorde direkte eksponeringar mot desse landa om lag 4 pst. av forvaltningskapitalen i livsforsikringsselskapa.

Figur 2.19 Samansetjinga av forvaltningskapitalen i livsforsikringsselskapa. Prosent. Årlege observasjonar.

Figur 2.19 Samansetjinga av forvaltningskapitalen i livsforsikringsselskapa. Prosent. Årlege observasjonar.

Kjelde: Finanstilsynet.

I tillegg til aksjar og rentepapir investerer selskapa i bygg og fast eigedom. Som del av forvaltningskapitalen har eigedom vore stabil dei seinare åra, og utgjorde om lag 13 pst. ved utgangen av 2010. Frå 2007 har livsforsikringsselskapa investert meir og meir i utlån og fordringar vurderte i rekneskapen til amortisert kost, jf. auken i «andre eigedelar» i figur 2.19. Ved utgangen av 2010 utgjorde slike investeringar om lag 15 pst. av forvaltningskapitalen.

Uvissa på verdipapirmarknadene, både internasjonalt og i Noreg, er framleis stor. Samstundes er rentene på lågrisikoplasseringar låge. Det gjer risikostyringa i kapitalforvaltninga til livsforsikringsselskapa utfordrande, og det er særs viktig at selskapa passar på at det med god sikringsmargin er samsvar mellom risiko og soliditet. Spørsmål knytte til mellom anna soliditet og det låge rentenivået, er nærare omtala i avsnitt 2.4.3.

2.3.6 Operasjonell risiko

Operasjonell risiko er risiko for tap som kjem av manglande eller sviktande interne prosessar, svikt i system eller svikt hos personar. Operasjonell risiko er særs samansett og omfattar mellom annan juridisk risiko og omdømmerisiko. Det kan til dømes gjelda mangelfulle prosedyrar, feil i IT-system, regelbrot, brann, terrorangrep, tillitssvikt o.a. Tap som vert klassifiserte under kredittrisiko eller marknadsrisiko, har ofte til ein viss grad rot i operasjonell svikt, til dømes veike sider ved kredittvurderingsprosessar.

Finansdepartementet har som mål at det skal drivast eit systematisk førebyggjande arbeid for å gjera finansinstitusjonane og finansmarknadene mindre sårbare og sikra ein tilfredsstillande vernebuing som gjer at ein kan handtera risikohendingar.

Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI) vart skipa for å tryggja ei best mogleg samordning av vernebuingsarbeidet i den finansielle infrastrukturen. Utvalet har hatt tre møte i 2010 og har drøfta spørsmål om driftsstabilitet, risiko og sårbarheit i den finansielle infrastrukturen. Dette arbeidet er omtala i kapittel 7 om verksemda til Finanstilsynet.

Finanstilsynet gjennomførte i 2010 fleire tematilsyn om korleis kvitvaskingslova vert etterlevd, og fann at dei fleste institusjonane ikkje hadde sett i verk tilstrekkelege tiltak for å etterleva føresegnene i lova, mellom anna føresegna om utvida kundekontroll.

Det vart innført eit nytt handelssystem ved Oslo Børs i 2010, og Oslo Clearing vart oppgjerssentral for eigenkapitalinstrument noterte på Oslo Børs og Oslo Axess. Dette har også ført til omfattande endringar i det sentrale verdipapiroppgjeret ved Verdipapirsentralen. Finanstilsynet har vurdert at desse føretaka har handsama risikoen knytt til prosjekta på ein tilfredsstillande måte, jf. rapporten «Finansielt utsyn 2011» frå Finanstilsynet.

Høg risikotaking i finansinstitusjonar som følgje av godtgjersleordningar som har gjeve dei tilsette økonomisk motiv til å handla kortsiktig og med høg risiko, har vore peika på som ei av årsakene til den internasjonale finanskrisa. Finansdepartementet har følgt opp tilrådingar frå G20/FSB og nye reglar frå EU om godtgjersleordningar i kredittinstitusjonar og verdipapirføretak, jf. nærare omtale i kapittel 3. Departementet fastsette 1. desember 2010 forskrift om godtgjersleordningar i finansinstitusjonar, verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond, med heimel i mellom anna finansieringsverksemdslova, jf. Prop. 117 L (2009-2010).

Forskrifta om godtgjersleordningar, som tok til å gjelda den 1. januar 2011, pålegg styret i finansføretak å fastsetja retningsliner og rammer for ei godtgjersleordning som skal gjelda for heile føretaket, og som skal stø opp om og gje skuv til god styring og kontroll med risikoen til føretaket på lengre sikt. Såleis kan forskrifta medverka til å redusera risikotakinga i finansføretaka.

Operasjonell risiko i finanssektoren er i aukande grad knytt til drifta av IKT-system, der kontinuerleg tilgang på telekommunikasjon og stabil straumforsyning er avgjerande. Dei elektroniske finansielle transaksjonane må gjennom mange ledd, inkludert kundesystem (nettbank, minibankar, betalingsterminalar o.a.) og interbanksystem. Denne IKT-infrastrukturen er kompleks og sårbar, og inneber ein aukande operasjonell risiko for bankane og banksystemet. I tillegg kan bankane si utkontrahering av IKT-verksemd ha gjort betalingssystemet meir utsett for driftsavvik. Utviklinga på dette området går i retning av at tenesteleverandørar i større grad nyttar ressursar i lågkostnadsland. Dersom ein stor del av IKT-verksemda i finanssektoren vert utkontrahert til utanlandske aktørar, kan det føra til dårlegare kontroll med systema og auka operasjonell risiko.

2.4 Utviklinga for finansinstitusjonane

Det har ikkje vore vesentlege strukturendringar på dei norske finansmarknadene i 2010, og resultat- og soliditetsutviklinga har gjennomgåande vore positiv i norske finansinstitusjonar.

2.4.1 Marknadsstruktur

2.4.1.1 Oversikt over finansmarknaden

Dei sentrale aktørane på den norske finansmarknaden er bankar og andre kredittinstitusjonar, forsikringsselskap, pensjonskasser, verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond. Figur 2.20 syner forvaltningskapitalen i norske finansinstitusjonar og verdipapirfond.

Figur 2.20 Forvaltningskapital i norske finansinstitusjonar ved utgangen av 2010. Milliardar  kroner.

Figur 2.20 Forvaltningskapital i norske finansinstitusjonar ved utgangen av 2010. Milliardar kroner.

Kjelde: Finanstilsynet.

Det er sju større finansgrupperingar/konsern på den norske finansmarknaden, jf. tabell 2.1. DnB Nor er det klårt største finanskonsernet i Noreg, med ein samla marknadsdel på om lag 31 pst.9 Andre store grupperingar/sameiningar er Sparebank 1-gruppa/samarbeidande sparebankar, Storebrand, KLP, Terra-gruppa og Gjensidige. Det svenske finanskonsernet Nordea er representert i Noreg gjennom norske dotterselskap, og har ein samla marknadsdel på 9 pst. Samla sett har finansgrupperingane/konserna dei største marknadsdelane innanfor livsforsikring og bankverksemd. Utanlandske aktørar har òg store marknadsdelar, gjennom både filialar og dotterselskap, særleg innanfor skadeforsikring og finansieringsverksemd.

Tabell 2.1 Strukturen på den norske finansmarknaden. Talet på institusjonar og samla forvaltningskapital (mrd. kroner) i ulike bransjar. Prosent av forvaltningskapital i ulike bransjar og totalt (marknadsdelar). Per 31. desember 2010.

Kredittinstitusjonar

Livsforsikring

Skadeforsikring

Verdipapirfond

Sum konsern

Totalt tal på institusjonar

226

22

98

26

Samla forvaltningskapital (mrd. kroner)

5 219

863

192

491

Marknadsdelar

DnB Nor

34 %

29 %

1 %

21 %

31 %

Sparebank 1

13 %

3 %

6 %

6 %

11 %

Nordea

10 %

6 %

0 %

8 %

9 %

KLP

1 %

28 %

2 %

9 %

5 %

Storebrand

1 %

25 %

1 %

12 %

5 %

Terra

5 %

0 %

2 %

1 %

4 %

Gjensidige

0 %

1 %

30 %

0 %

1 %

Sum konsern/alliansar

64 %

92 %

40 %

58 %

67 %

Andre føretak

36 %

8 %

60 %

42 %

33 %

Heile marknaden

100 %

100 %

100 %

100 %

– Norskeigde institusjonar

74 %

93 %

70 %

– Utanlandskeigde dotterselskap

12 %

7 %

1 %

– Filialar av utanlandske institusjonar

14 %

0 %

29 %

Kjelde: Finanstilsynet.

2.4.1.2 Kredittinstitusjonane

Ved utgangen av 2010 var det 226 kredittinstitusjonar på den norske kredittmarknaden. Av desse var 144 bankar, 31 kredittføretak og 51 finansieringsselskap. Kredittføretaka tilbyd i hovudsak pantelån for finansiering av næringsverksemd og bustadkjøp, medan finansieringsselskapa for det meste driv med såkalla leasing, bilfinansiering, kortbaserte utlån og forbruksfinansiering. Dei fleste av bustadkredittføretaka vart etablerte i 2008 og 2009 som følgje av den statlege ordninga som gav bankane høve til å byta til seg statspapir mot obligasjonar med førerett (OMF). I 2010 vart det etablert berre eitt nytt bustadkredittføretak.

Samla forvaltningskapital på kredittmarknaden var 5 219 mrd. kroner, fordelt på 3 726 mrd. kroner i bankane, 1 379 mrd. kroner i kredittføretaka og 114 mrd. kroner i finansieringsselskapa. DnB Nor var den største aktøren med 31 pst. av forvaltningskapitalen. Sparebank 1-gruppa og Nordea var høvesvis nest størst og tredje størst, med marknadsdelar på 11 pst. og 9 pst. Det var til saman 35 filialar av utanlandske kredittinstitusjonar på den norske marknaden ved utgangen av 2010. Desse hadde ein marknadsdel på 14 pst.

2.4.1.3 Forsikring og pensjon

Det er 22 livsforsikringsselskap på den norske marknaden. Av desse er 12 norske selskap og 10 mindre filialar av utanlandske selskap. Samla forvaltningskapital var 863 mrd. kroner ved utgangen av 2010. Marknadsdelen til dei tre største selskapa, Vital Forsikring (DnB Nor), Storebrand Livsforsikring og Kommunal Landspensjonskasse (KLP), var 82 pst. målt i forvaltningskapital. Dette har vore stabilt over tid.

Det er 94 private og kommunale pensjonskasser i Noreg med om lag 195 mrd. kroner i samla forvaltningskapital.

Det er 98 aktørar som tilbyd skadeforsikring på den norske marknaden gjennom etablering i Noreg. Dei fire største skadeforsikringsselskapa, Gjensidige Forsikring, If Skadeforsikring, Tryg Vesta og Sparebank 1 Skadeforsikring, hadde ein samla marknadsdel på 66 pst. målt etter forfallen bruttopremie ved utgangen av 2010. Hovuddelen av dei små skadeforsikringsselskapa er sjøforsikringsselskap og såkalla captive-selskap (selskap oppretta innanfor eit konsern eller ein organisasjon for å handtera eigne risikoar).

2.4.1.4 Verdipapir

Ved utgangen av 2010 var det 153 verdipapirføretak på den norske marknaden. Av desse var 32 bankar. I verdipapirføretak som er bankar, vert det ytt investeringstenester i samband med vanleg bankverksemd. For alle verdipapirføretaka var kapital under aktiv forvaltning om lag 854 mrd. kroner.

Forvaltningsselskapa for verdipapirfond hadde ved utgangen av 2010 ein forvaltningskapital på om lag 812 mrd. kroner. Forvaltningskapitalen er samansett av kapital til aktiv forvaltning og forvaltningskapital i norskregistrerte verdipapirfond. Verdipapirfond er kollektive investeringsordningar og sjølvstendige juridiske einingar.

2.4.2 Resultat og soliditet i kredittinstitusjonane

2.4.2.1 Bank

Resultata for dei norske bankane var klårt betre i 2010 enn i 2009, i hovudsak på grunn av lågare tap på utlån, jf. figur 2.21. Store eingongsverknader, knytte til pensjonskostnader og samanslåingsgevinstar, medverka òg til betringa, medan nedgang i netto renteinntekter trekte resultata ned. Samla resultat før skatt var om lag 36 mrd. kroner. Det er ein auke på vel 10 mrd. kroner, eller 42 pst., frå 2009. Jamført med forvaltningskapitalen var resultata i 2010 noko lågare enn gjennomsnittet i åra før finanskrisa, jf. figur 2.21.

Avkastninga på eigenkapitalen etter skatt auka frå 9 pst. til 13 pst., sjølv om eigenkapitalen i bankane var monaleg høgare i 2010 enn i 2009, jf. omtale nedanfor. To bankar gjekk med underskot i 2010, ned frå seks bankar i 2009 og 20 bankar i 2008.

Tabell 2.2 Resultat for alle norske bankar.

2010

2009

Mill. kr.

Pst. av GFK1

Mill. kr.

Pst. av GFK

Netto renteinntekter

53 979

1,53 %

54 109

1,58 %

Andre inntekter

34 739

0,98 %

30 988

0,90 %

Løns- og administrasjonskostnader

29 903

0,85 %

29 905

0,87 %

Avskrivingar

3 241

0,09 %

3 150

0,09 %

Andre kostnader

5 300

0,15 %

5 446

0,16 %

Driftsresultat før tap

42 406

1,20 %

38 973

1,14 %

Tap på utlån

6 285

0,18 %

13 484

0,39 %

Verdifall på ikkje-finansielle eigedelar

–156

0,00 %

–15

0,00 %

Gev./tap på verdipapir, lang sikt

151

0,00 %

171

0,00 %

Resultat før skatt

36 427

1,03 %

25 676

0,75 %

Skattekostnad

9 493

0,27 %

8 334

0,24 %

Resultat etter skatt

26 934

0,76 %

17 342

0,51 %

Eigenkapitalavkastning

13,1 %

9,2 %

Kjelde: Finanstilsynet.

Figur 2.21 Resultat før skatt, og tap på utlån, for norske bankar i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital. Årlege observasjonar.

Figur 2.21 Resultat før skatt, og tap på utlån, for norske bankar i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital. Årlege observasjonar.

Kjelde: Finanstilsynet.

Den viktigaste inntektskjelda til bankane er netto renteinntekter, som er differansen mellom renteinntektene og rentekostnadene. Jamført med gjennomsnittleg forvaltningskapital har desse inntektene vore fallande dei seinare åra. Lågare rentemargin (skilnaden mellom gjennomsnittleg utlånsrente og gjennomsnittleg innskotsrente) har medverka mest til nedgangen. Rentemarginen til føretakskundar og personkundar har vore relativt stabil dei siste par åra, jf. figur 2.22. Under finanskrisa i 2008 auka rentemarginen monaleg når det galdt føretak, medan han vart redusert når det galdt personkundar, noko som heng saman med høvesvis ein auke i kredittrisikoen på føretakslån og auka konkurranse om innskot som finansieringskjelde for bankane.

Figur 2.22 Rentemargin (differanse mellom gjennomsnittleg utlånsrente og gjennomsnittleg innskotsrente) for føretakskundar og personkundar. Norske bankar og filialar av utanlandske bankar. Prosenteiningar. Kvartalsvise observasjonar.

Figur 2.22 Rentemargin (differanse mellom gjennomsnittleg utlånsrente og gjennomsnittleg innskotsrente) for føretakskundar og personkundar. Norske bankar og filialar av utanlandske bankar. Prosenteiningar. Kvartalsvise observasjonar.

Kjelde: Finanstilsynet..

Utlånstapa i bankane var moderate i 2010, og meir enn halverte frå 2009. For heile året utgjorde utlånstapa om lag 0,2 pst. av dei samla utlåna, mot 0,5 pst. i 2009. Dette svarer til eit utlånstap på 6,3 mrd. kroner i 2010, mot 13,5 mrd. kroner i 2009, jf. tabell 2.2. Misleghaldet, som kan vera ein indikator på framtidig tap på utlån i bankane, låg på omtrent same nivå i 2010 som året før. Misleghaldet utgjorde 1,7 pst. av utlåna i 2010. Talet er påverka av at bankane i stor mon har overført bustadlån med låg risiko til kredittføretak. Dersom utviklinga med å overføra trygge bustadlån til kredittføretaka held fram, vil den framtidige utlånsporteføljen til bankane innehalda ein større del føretakslån og ein mindre del sikre bustadlån. Ei slik utvikling trekkjer i retning av høgare og meir varierande tap i bankane i åra framover.

Boks 2.7 Kapitaldekningsreglane

Bakgrunnen for kapitaldekningsreglane som gjeld for finansinstitusjonane, er at institusjonane skal ha ein buffer i form av ansvarleg kapital for å ha evne til stå imot den risikoen for tap som dei tek på seg gjennom verksemda si. Den ansvarlege kapitalen i bankar og andre finansinstitusjonar tener som eit vern for innskytarar, for dei som er forsikra, for kreditorar og i mange tilfelle også for samfunnet. Kapitalen stimulerer eigarane til forsvarleg bankdrift ved at dei sjølve risikerer å tapa eigenkapital dersom drifta går med underskot. Soliditet i finansinstitusjonane er også viktig for å dempa medsykliske svingingar i utlånspraksis, svingingar som igjen kan vera med på å forsterka konjunktursvingingar i økonomien.

Minstekravet til kapitaldekning i norske finansinstitusjonar er at ansvarleg kapital skal utgjera minst 8 pst. av berekningsgrunnlaget, medan kjernekapitaldekninga må vera på minst 4 pst. av berekningsgrunnlaget. I tillegg vert det stilt krav om at finansinstitusjonane minimum må ha kjernekapitaldekning på mellom 6 og 7 pst. (avhengig av risikoprofilen) for å kunna utferda fondsobligasjonar, og som hovudregel minst 7 pst. kjernekapitaldekning for å kunna utferda tidsavgrensa ansvarlege lån.

Detaljerte reglar om berekningsgrunnlaget er fastsette i kapitalkravsforskrifta. Detaljar om kva ansvarleg kapital kan vera samansett av, følgjer av forskrifta om berekning av ansvarleg kapital.

Berekningsgrunnlaget er den risikovigde verdien av eigedelane til finansinstitusjonane. Etter dei tidlegare internasjonale reglane for kapitaldekning, Basel I-reglane, skulle berekningsgrunnlaget fastsetjast ut frå faste risikovekter på ulike eigedelar. Desse sjablongvektene for risiko innebar at eigedelsporteføljar som etter reglane gav like minstekrav til kapital, kunna variera mykje med omsyn til risiko.

Dei nye reglane, Basel II-reglane, vart sette i kraft 1. januar 2007. Desse reglane tek sikte på å knyta kapitalkravet nærare saman med dei reelle risikoane. Bankane må anten nytta ein standardmetode for utrekning av kapitalkravet, eller dei må nytta eigne, interne modellar. Standardmetoden inneber at eigedelane til bankane skal risikovektast i balansane ut frå kredittvurderingar frå kredittratingføretak der slike finst, men reglane er elles langt på veg som dei tidlegare reglane (Basel I). Bankar som nyttar interne modellar, skal vekta eigedelar ut frå eigen risikohistorikk for til dømes ulike motpartar. Auka risikosensitivitet i regelverket er ikkje råd å oppnå utan at berekningsgrunnlaga til bankane også i nokon mon vert meir kjenslege for økonomiske opp- og nedturar.

EU sitt arbeid med kapitaldekningsreglane følgjer opp arbeidet til Baselkomiteen for banktilsyn. Retningslinene frå Baselkomiteen byggjer på tre pilarar. Denne tredelinga er også spegla i krava frå EU, som er tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk lov.

Bankane si evne til å bera tap utan at innskytarar og andre alminnelege kreditorar lid tap, er avhengig av nivået og kvaliteten på kjernekapitalen og anna ansvarleg kapital. Etter kapitaldekningsreglane skal kjernekapitalen utgjera minst 4 pst. av den risikovigde balansen (kjernekapitaldekning), og den ansvarlege kapitalen skal utgjera minst 8 pst. Kapitaldekningsreglane er omtala i boks 2.7.

Soliditeten i bankane vart ytterlegare styrkt i 2010, etter ein monaleg auke i kjernekapitaldekninga i 2009. For norske bankar sett under eitt var kjernekapitaldekninga om lag 11,8 pst. ved utgangen av 2010. Dei aller fleste bankane hadde ein auke i kjernekapitaldekninga frå 2009 til 2010, jf. figur 2.23.

Basel II-reglane for kapitaldekning har golde sidan 1. januar 2007. Meininga med reglane er å måla risikoen ved verksemda til bankar meir noggrant enn ein kunne med dei tidlegare, meir sjablongmessige Basel I-reglane. Dei større norske bankane nyttar i hovudsak såkalla interne modellar (IRB-bankar)10 for å rekna ut den risikovigde balansen som ligg til grunn for kapitaldekningskrava. Andre bankar nyttar ein standardmetode som gjev eit kapitalkrav på om lag same nivå som utrekningar under Basel I-reglane. Som ei overgangsordning skal dessutan IRB-bankar ha ansvarleg kapital som minst svarer til 80 pst. av minstekravet til kapital under Basel I-reglane.

Figur 2.23 Kjernekapitaldekning i norske bankar ved utgangen av året.

Figur 2.23 Kjernekapitaldekning i norske bankar ved utgangen av året.

Kategorien «Andre (større)» omfattar andre norske bankar med forvaltningskapital på 10 mrd. kroner eller meir, medan «Andre (små)» omfattar bankar med forvaltningskapital på under 10 mrd. kroner.

Kjelde: Finanstilsynet.

Figur 2.24 syner utviklinga i kjernekapitaldekninga og eigenkapitaldelen i norske bankar sidan 1987. Fram til den monalege styrkinga av soliditeten i 2009 var kjernekapitaldekninga relativt stabil i mange år, medan den ikkje-risikovigde eigenkapitaldelen synte ein nedgåande trend. Avviket mellom desse to måla på soliditet syner at tilveksten i eigedelar i ein lang periode har vore større enn tilveksten i kapitalkrava. Eit nytt kapitalkrav knytt til den ikkje-risikovigde eigenkapitaldelen er noko som truleg vil verta innført om nokre år i EU/EØS-området og andre stader i kjølvatnet av finanskrisa, jf. nærare omtale i kapittel 3.

Aukande avvik mellom risikovigde og ikkje-risikovigde mål på soliditet er òg noko ein ser internasjonalt, jf. boks 2.8.

Boks 2.8 Eigenkapitaldel og risikovigd kapitaldekning internasjonalt

Innføring av meir avanserte kapitalkravsmodellar har i mange land gått saman med lågare kapitalkrav. Figur 2.25 syner at differansen mellom risikovigd kapitaldekning og ikkje-risikovigd eigenkapitaldel i bankar i mange land har auka dei seinare åra. Høge differansar tyder på låge risikovekter. Figuren synar at differansen var høgare ved utgangen av 2009 enn ved utgangen av 2005 i dei fleste landa i utvalet. Det kan tyda på at tilveksten i eigedelar i bankane har vore større enn tilveksten i kapitalkrava. Endringane over tid kan skuldast lågare kapitalkrav, men kan òg ha opphav i andre tilhøve, til dømes at delen lågrisikoeigedelar i balansen har auka.

På grunn av skilnader mellom land når det gjeld mellom anna regnskapsreglar, skattereglar, tilsynspraksis og kva som kan reknast med som ansvarleg kapital, er ikkje tala i figuren direkte samanliknbare på tvers av land. Likevel kan differansane, og auken i differansane, spegla forskjellar i risikovekter (og såleis kapitalkrav) mellom land, og soliditetsutviklinga i bankane i landa.

Figur 2.24 Differansen mellom risikovigd kapitaldekning og ikkje-risikovigd eigenkapitaldel (eigenkapital i prosent av forvaltningskapital) i bankane i nokre land. Prosenteiningar. Utgangen av 2005 og 2009.

Figur 2.24 Differansen mellom risikovigd kapitaldekning og ikkje-risikovigd eigenkapitaldel (eigenkapital i prosent av forvaltningskapital) i bankane i nokre land. Prosenteiningar. Utgangen av 2005 og 2009.

Kjelde: Finansdepartementet og IMF.

Figur 2.25 Kjernekapital i prosent av risikovigd forvaltningskapital (kjernekapitaldekninga) og eigenkapital i prosent av forvaltningskapital (eigenkapitaldelen). Norske bankar. Fjerde kvartal 1987 til 3. kvartal 2010.

Figur 2.25 Kjernekapital i prosent av risikovigd forvaltningskapital (kjernekapitaldekninga) og eigenkapital i prosent av forvaltningskapital (eigenkapitaldelen). Norske bankar. Fjerde kvartal 1987 til 3. kvartal 2010.

Kjelde: Finanstilsynet og Noregs Bank.

2.4.2.2 Kredittføretak

Resultatet av ordinær verksemd for kredittføretaka (Eksportfinans ikkje medrekna) var 5,2 mrd. kroner i 2010, mot 4,2 mrd. kroner i 2009. Jamført med gjennomsnittleg forvaltningskapital fall resultatet frå 0,54 pst. til 0,51 pst., i hovudsak som følgje av fall i netto renteinntekter. Eigenkapitalavkastninga fall frå 12,2 pst. i 2009 til 10,6 pst. i 2010. Eksportfinans fekk eit resultat før skatt på 623 mill. kroner i 2010, mot eit underskot på 2,5 mrd. kroner i 2009.

Det har vore ein monaleg auke i utlåna frå kredittføretak dei siste åra. Årsaka er at bankane i stor mon overfører utlånsporteføljar til bustadkredittføretak. Frå 2009 til 2010 auka utlåna frå kredittføretaka med 31 pst. til om lag 930 mrd. kroner. Dei bokførte tapa til kredittføretaka er låge, og nærast uendra frå 2009 jamført med gjennomsnittleg forvaltningskapital. Det har vore ein liten auke i misleghald, men nivået er lågt.

Norske kredittføretak er underlagde dei same kapitaldekningsreglane som norske bankar. Ved utgangen av 2010 låg kjernekapitaldekninga på om lag 11 pst.; ein reduksjon på ei knapp prosenteining frå året før.

Tabell 2.3 Resultatpostar for kredittføretak (Eksportfinans ikkje medrekna).

 

2010

2009

 

Mill. kroner

Pst. av GFK

Mill. kroner

Pst. av GFK

Netto renteinntekter

6 248

0,60 %

6 111

0,79 %

Andre inntekter

1 014

0,10 %

–525

–0,07 %

Andre kostnader

1 911

0,18 %

1 294

0,17 %

- av dette løn og adm.kost.

356

0,03 %

334

0,04 %

Driftsresultat før tap

5 352

0,52 %

4 292

0 55 %

Bokførte tap

109

0,01 %

49

0,01 %

Resultat ordinær drift

5 243

0,51 %

4 243

0,54 %

Eigenkapitalavkastning

10,6 %

12,2 %

Kapitaldekning

12,4 %

13,6 %

Kjernekapitaldekning

10,9 %

11,8 %

Kjelde: Finanstilsynet.

2.4.2.3 Finansieringsselskap

Resultatet av ordinær verksemd i finansieringsselskapa auka frå 1,5 mrd. kroner i 2009 til 1,8 mrd. kroner i 2010, først og fremst som følgje av lågare tap. Jamført med gjennomsnittleg forvaltningskapital gjekk bokførte tap ned frå 1,4 pst. i 2009 til 0,92 pst. i 2010. Reduserte rentekostnader og auka rentemarginar overfor kundane har medverka til høgare netto renteinntekter i 2010. Kjernekapitaldekninga vart styrkt marginalt, til 16,7 pst.

Fleire av finansieringsselskapa, i tillegg til einskilde bankar, driv med forbruksfinansiering. Dette er lån som i hovudsak vert gjevne utan krav om trygd, og som inneber høg kredittrisiko. Figur 2.26 syner utviklinga i slike utlån i eit utval av selskap, og dessutan utviklinga i tap og misleghald. Utlånsveksten fall markert i 2009, og veksten har vore moderat gjennom heile 2010. Året sett under eitt var veksten på om lag 3 pst. Tap og misleghald har gått noko ned.

Figur 2.26 Forbrukslån i eit utval av føretak (mrd. kroner) og tap og misleghald i prosent av utlån.

Figur 2.26 Forbrukslån i eit utval av føretak (mrd. kroner) og tap og misleghald i prosent av utlån.

Kjelde: Finanstilsynet.

2.4.3 Resultat og soliditet i forsikringsselskapa og pensjonskassene

2.4.3.1 Livsforsikringsselskap

Resultatet i livsforsikringsselskapa før skatt og kundetildeling var 12,7 mrd. kroner i 2010, mot 9,6 mrd. kroner i 2009, jf. tabell 2.4. Det svarer til ein auke på om lag 33 pst. Det verdijusterte resultatet (som tek omsyn til urealiserte kursgevinstar) før skatt og kundetildeling var om lag 23,5 mrd. kroner i 2010. Til samanlikning var det verdijusterte resultatet om lag 15 mrd. kroner i 2009 og –22 mrd. kroner i 2008. Jamført med gjennomsnittleg forvaltningskapital utgjorde premieinntektene 9,6 pst. og erstatningane 6,1 pst. i 2010, om lag uendra frå 2009.

Tabell 2.4 Resultatpostar i norske livsforsikringsselskap.

 

2010

2009

 

Mill. kr.

Pst. av GFK

Mill. kr.

Pst. av GFK

Premieinntekter

79 459

9,6 %

74 342

9,7 %

Nettoinntekter frå finansielle eigedelar i kollektivporteføljen

45 256

5,5 %

38 556

5,0 %

- av dette renteinntekter og utbyte

21 976

2,7 %

22 572

2,9 %

- av dette gevinstar ved realisasjon

4 902

0,6 %

6 089

0,8 %

- av dette verdiendringar

11 107

1,3 %

9 044

1,2 %

Erstatningar

50 350

6,1 %

45 859

6,0 %

Endring i kontraktsfastsette forsikringsforpliktingar

49 395

6,0 %

43 977

5,7 %

- av dette endring i kursreguleringsfond

10 706

1,3 %

5 447

0,7 %

Midlar tilordna forsikringskontraktane

7 981

1,0 %

5 482

0,7 %

Forsikringsrelaterte driftskostnader

5 683

0,7 %

5 628

0,7 %

Resultat av teknisk rekneskap (kundeporteføljane)

2 954

0,4 %

1 929

0,3 %

Resultat av ikkje-teknisk rekneskap (selskapsporteføljen)

1 828

0,2 %

2 190

0,3 %

Resultat før skatt og tildeling til kundar

12 763

1,5 %

9 601

1,3 %

Verdijustert resultat før skatt og tildeling til kundar

23 469

2,8 %

15 048

2,0 %

Totalresultat etter skatt

5 325

0,6 %

4 203

0,5 %

Kjelde: Finanstilsynet.

Den verdijusterte kapitalavkastninga var på 6,8 pst. i 2010, noko høgare enn i 2009, jf. figur 2.27. Kapitalavkastninga er på nivå med avkastninga i perioden 2003–2007. Det har vore ein monaleg oppgang på verdipapirmarknadene i Noreg og internasjonalt etter finanskrisa. Verdiauke på rentepapir og aksjar hadde den største innverknaden på avkastningsresultata i livsforsikringsselskapa både i 2009 og 2010, jf. figur 2.28. Selskapa hadde i 2009 store inntekter frå realisering av derivatinvesteringar. Desse inntektene var mykje lågare i 2010, og det medverka til at selskapa sine realiserte gevinstar samla sett vart reduserte i 2010 samanlikna med 2009. Pensjonskassene hadde ei noko lågare verdijustert kapitalavkastning i 2010 enn i året før, i hovudsak på grunn av lågare verdiauke på aksjar, jf. omtale nedanfor.

Figur 2.27 Verdijustert kapitalavkastning (som tek med urealiserte kursgevinstar og -tap) i livsforsikringsselskapa og pensjonskassene. Prosent.

Figur 2.27 Verdijustert kapitalavkastning (som tek med urealiserte kursgevinstar og -tap) i livsforsikringsselskapa og pensjonskassene. Prosent.

Kjelde: Finanstilsynet.

Figur 2.28 Netto inntekter frå ulike delar av kollektivporteføljen (utvalde postar) i livsforsikringsselskap. Prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital.

Figur 2.28 Netto inntekter frå ulike delar av kollektivporteføljen (utvalde postar) i livsforsikringsselskap. Prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital.

Kjelde: Finanstilsynet.

Bufferkapitalen gjev uttrykk for livsforsikringsselskapa si evne til å ta tap utan å falla under dei fastsette minstekrava til kapital. Bufferkapitalen er samansett av eigenkapital i form av kjernekapital utover minstekravet og kundebufferar i form av tilleggsavsetjingar opp til eitt års rentegaranti, kursreguleringsfond og risikoutjamningsfond. Jamført med forvaltningskapitalen auka bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa frå 4,8 pst. ved utgangen av 2009 til 5,8 pst. eitt år seinare, jf. figur 2.29. Hovudårsaka til auken er oppgangen på aksjemarknadene, som førte til ein auke i kursreguleringsfonda på om lag 11 mrd. kroner i 2010.

Alle livsforsikringsselskapa tilfredsstilte minstekravet til kapitaldekning og kravet til solvensmargin ved utgangen av 2010.

Figur 2.29 Bufferkapital i prosent av forvaltningskapitalen. Livsforsikring.

Figur 2.29 Bufferkapital i prosent av forvaltningskapitalen. Livsforsikring.

Kjelde: Finanstilsynet.

Resultatutviklinga i livsforsikringsselskapa følgjer i stor grad utviklinga i inntekter frå investeringar i kollektivporteføljen, som for det meste motsvarer forpliktingar med ein viss rentegaranti. Ifølgje berekningar frå Finanstilsynet var den gjennomsnittlege rentegarantien andsynes kundane om lag 3,3 pst. i 2010, jf. figur 2.30. Det låge rentenivået avgrensar for tida avkastninga på rentepapir. Dersom den låge renta på relativt sikker gjeld varer ved over tid, kan det verta utfordrande for selskapa å stabilt oppnå ei avkastning på kundemidlane som overstig dei garanterte forpliktingane. For å møta denne utfordringa må selskapa sjølve byggja opp eigenkapitalen og sikra seg inntekter som ikkje direkte er avhengige av marknadsutviklinga.

Figur 2.30 Utviklinga i gjennomsnittleg rentegaranti i norske livsforsikringsselskap og lange renter (rente på 10-årige statsobligasjonar). Prosent. Årlege observasjonar (utgangen av kvart år).

Figur 2.30 Utviklinga i gjennomsnittleg rentegaranti i norske livsforsikringsselskap og lange renter (rente på 10-årige statsobligasjonar). Prosent. Årlege observasjonar (utgangen av kvart år).

Kjelde: Finanstilsynet.

Etter verksemdsreglar i forsikringsverksemdslova som har vore gjeldande sidan 2008, skal kundane førehandsbetala for forvaltning av midlar knytte til forsikringskontrakten, medrekna selskapet sin risiko for avkastningsresultatet (rentegarantien). Det er såleis viktig at selskapa set forsvarlege prisar på rentegarantien, og at selskapa nyttar inntektene til å byggja opp forsvarlege eigenkapitalbufferar for dei åra avkastninga på kundeporteføljane er lågare enn rentegarantien. Prisane (rentegarantipremiane) kan endrast frå år til år og gje selskapa inntekter også i år med låge renter.

Dei nye Solvens II-reglane frå EU, som etter gjeldande tidsplan skal tre i kraft i norsk lovgjeving frå 2013, inneber òg utfordringar for livsforsikringsselskapa i åra framover, jf. boks 2.9. Endringane vil venteleg verta relativt store for selskapa, mellom anna når det gjeld soliditetskrav, krav til kapitalforvaltning og rapporteringssystem. Etter dei nye reglane skal forsikringsforpliktingane verdivurderast ut frå marknadsrenter, og eit fall i marknadsrentene vil då innebera at verdien av forpliktingane (gjelda) vert høgare.

Boks 2.9 Solvens II

EU-parlamentet vedtok i april 2009 nye soliditetsreglar for forsikringsselskap, Solvens II-direktivet. Reglane skal etter gjeldande tidsplan tre i kraft i norsk lovgjeving frå 2013. Solvens II-direktivet tek mellom anna opp i seg det konsoliderte livsforsikringsdirektivet og dei tre «generasjonane» av skadeforsikringsdirektiv.

Eit av måla med det nye direktivet er å sikra at forsikringsselskapa vert underlagde krav om avsetjingar og soliditet som betre enn dei noverande reglane reflekterer risikoen i forsikringsselskapa. Vidare stiller direktivet krav til prinsippa for verdsetjing av forsikringsforpliktingane, til systema for styring og kontroll med risiko i selskapa, til internrevisjon og til aktuar. Det vert stilt krav om at selskapa, som ein integrert del av verksemda, jamleg gjennomfører ei grundig vurdering av risiko og soliditet.

Dei gjeldande solvensreglane for forsikringsselskap i Noreg er baserte på Solvens I-direktivet, som tek utgangspunkt i passivasida i balansen til selskapa. For å sikra ei meir heildekkjande regulering er norske forsikringsselskap også underlagde kapitaldekningskrav som tek omsyn til risikoen på aktivasida i balansen, noko som ikkje er vanleg i andre land. Frå 2013 vert dette regelverket erstatta av Solvens II-tilpassa reglar.

Solvens II-direktivet vil introdusera to typar av kapitalkrav: solvenskapitalkrav («Solvency Capital Requirement», SCR) og minstekapitalkrav («Minimum Capital Requirement», MCR). Ved brot på solvenskapitalkravet (SCR) skal tilsynsstyresmaktene krevja at selskapet set i verk tiltak for å retta opp att soliditeten. Ved brot på minstekravet (MCR) skal konsesjonen til selskapet trekkjast tilbake dersom ikkje kravet vert oppfylt innan kort tid.

Det nye soliditetsregelverket for forsikringsselskap byggjer på ein 3-pilarstruktur tilsvarande Basel II-regelverket på bankområdet. Pilar 1 inneheld kvantitative soliditetskrav, medrekna krav til tekniske avsetjingar, solvenskapitalkrav (SCR) og minstekrav til kapital (MCR). Pilar 2 inneheld mellom anna reglar for den tilsynsmessige kontrollen og overvakinga, noko som mellom anna vil gjera det mogleg – innanfor visse rammer – å fastsetja individuelle kapitalkrav tilpassa risikoen i kvart einskilt forsikringsselskap, og krav til risikostyring og internkontroll i selskapa. Pilar 3 inneheld reglar om marknadsdisiplin, mellom anna føresegner om forsikringsselskapa si opplysningsplikt overfor omverda og tilsynsstyresmaktene.

Dei nye soliditetsreglane vil føra til vesentlege endringar i rammevilkåra for norske forsikringsselskap, mellom anna ved at eigedelar og forpliktingar skal verdivurderast til verkeleg verdi. For norske livsforsikringsselskap, som i dag diskonterer eigedelar og forpliktingar med ei fast berekningsrente, inneber dette ei stor utfordring.

Detaljane i det komande Solvens II-regelverket er ikkje fastsette, og det er uvisse knytt til den endelege utforminga av reglane. Stresstestar av balansen hos norske livsforsikringsselskap, basert på førebels utkast til reglar, syner at bufferkapitalen framleis er for låg til å tilfredsstilla krava. Somme selskap vil truleg stå andsynes monalege utfordringar når Solvens II-reglane skal innførast. Dette gjeld særleg dei selskapa der fripolisar utgjer ein vesentleg del av verksemda, for på desse ferdigbetalte produkta (med rentegaranti) har ein ikkje høve til å leggja inn fortenesteelement i framtidige premiar. Det er difor viktig at livsforsikringsselskapa bur seg på overgangen til Solvens II-regelverket ved å auka bufferkapitalen.

Boks 2.10 Pensjonslovene – første del av tilpassinga til ny folketrygd

Nye lovreglar om fleksibelt uttak av alderspensjon frå folketrygda tok til å gjelda 1. januar 2011. Det vart mellom anna opna for fleksibelt uttak av alderspensjon etter pensjonslovene. Dette inneber rett til

  1. å velja å ta ut alderspensjon frå fylte 62 år

  2. å velja kor stor del av pensjonen som skal takast ut, men slik at årleg alderspensjon må utgjera minst 20 pst. av grunnbeløpet i folketrygda (G)

Alderspensjon kan takast ut frå fylte 62 år sjølv om ein står vidare i arbeid. Står ein vidare i arbeid, gjev det rett til vidare opptening, utan omsyn til uttak.

Ved at ein endrar starttidspunktet for uttak samanlikna med det som er fastsett i pensjonsplanen, vert den forventa perioden for utbetaling av pensjon endra tilsvarande. Pensjonsinnretninga må difor rekna om pensjonen, slik at den årlege pensjonen vert lågare ved tidleg uttak og høgare ved seinare uttak. Alderspensjon skal som hovudregel utbetalast i minst ti år, og i alle tilfelle til fylte 77 år. Utbetalingsperioden kan setjast ned slik at den årlege utbetalinga vert minst 20 pst. av G.

Ved innføring av fleksibelt uttak kan den einskilde pensjonsmottakaren fastsetja ved starttidspunktet for uttaket om pensjonen skal forvaltast i spareavtale eller konverterast til forsikring, uavhengig av kva som er fastsett om dette i regelverket for pensjonsordninga. Til gjengjeld får pensjonsleverandørane høve til å ta eit seleksjonsfrådrag frå alle som vel å ta ut alderspensjon før fylte 67 år. Seleksjonsfrådraget er kompensasjon for moglege tap knytte til endra premissar for utrekninga av premie. Frådraget kan maksimalt utgjera 0,5 pst. av premiereserven ved uttak ved 62 år, og mindre ved seinare uttak.

Finansdepartementet vil, på bakgrunn av ei planlagd utgreiing frå Banklovkommisjonen og høyringa av denne utgreiinga, følgja opp med ytterlegare tilpassingar av det private pensjonssystemet til ny folketrygd. I den samanhengen vil mellom anna grenser for innskot, utforming av nye ytingsprodukt og utvida høve til å slå saman fripolisar verta vurderte.

Som Finansdepartementet har understreka i finansmarknadsmeldingane i fleire år, er det særs viktig at livsforsikringsselskapa og pensjonskassene passar på at det med god sikringsmargin er samsvar mellom risiko og soliditet. Situasjonen framover krev god risikostyring og tilfredsstillande bufferkapital.

2.4.3.2 Pensjonskasser

Resultatet i pensjonskassene før skatt og kundetildeling var 5,5 mrd. kroner i 2010, mot 5,8 mrd. kroner i 2009. Jamført med forvaltningskapitalen var resultatet 3,2 pst., ned frå 4 pst. i 2009. Resultatnedgangen kjem av lågare nettoinntekter frå finansielle eigedelar (kapitalavkastning) og lågare premieinntekter.

Pensjonskassene må på same vis som livsforsikringsselskapa ta omsyn til krav til årleg minsteavkastning (rentegaranti). Verdijustert kapitalavkastning i 2010 var 10 pst. i dei private kassene og 8 pst. i dei kommunale kassene, jf. figur 2.27 ovanfor. Høgare aksjedel i kollektivporteføljen medverka til at avkastninga var høgare i dei private kassene enn i dei kommunale. Mindre verdiauke på aksjar er hovudårsaka til at både dei private og dei kommunale pensjonskassene hadde lågare verdijustert kapitalavkastning i 2010 enn i året før.

Bufferkapitalen til pensjonskassene auka i 2010, jf. figur 2.31, i hovudsak ved at oppgang på aksjemarknadene førte til ein monaleg auke i kursreguleringsfonda. Jamført med forvaltningskapitalen var bufferkapitalen 14 pst. i dei private kassene ved utgangen av 2010, 8,4 pst. i dei kommunale kassene.

Figur 2.31 Bufferkapital i prosent av forvaltningskapitalen. Kommunale og private pensjonskasser.

Figur 2.31 Bufferkapital i prosent av forvaltningskapitalen. Kommunale og private pensjonskasser.

Kjelde: Finanstilsynet.

2.4.3.3 Skadeforsikringsselskap

Samla resultat før skatt i skadeforsikringsselskapa var om lag 4 mrd. kroner i 2010, mot om lag 5 mrd. kroner i 2009 (captive-selskap ikkje medrekna). Det tekniske resultatet var noko høgare i 2010 enn i 2009, men ein monaleg reduksjon i finansinntektene førte til at det samla resultatet likevel vart svakare, jf. tabell 2.5. Medan finansinntektene til skadeforsikringsselskapa vart reduserte i 2010, auka dei for livsforsikringsselskapa. Årsaka er ulik samansetjing av verdipapirporteføljane. Skadeforsikringsselskapa hadde til dømes ein lågare aksjedel enn livsforsikringsselskapa.

Den norske skadeforsikringsmarknaden er prega av mange selskap og stor konkurranse mellom aktørane. I 2010 hadde sju av skadeforsikringsselskapa negativt resultat før skatt. Samla sett er soliditeten i skadeforsikringsselskapa god.

Summen av skadeerstatningskostnader og andre forsikringsrelaterte driftskostnader for eiga rekning, i prosent av premieinntekter for eiga rekning, kalla «combined ratio», har halde seg stabil på om lag 97 pst. dei siste åra, jf. figur 2.32. «Combined ratio» er eit uttrykk for kor stor del av utgiftene forsikringsselskapa kan dekkja gjennom premiane. Er «combined ratio» høgare enn 100 pst., må selskapet ha andre inntekter for å gå i balanse, til dømes finansinntekter. Skadeerstatningskostnadene (skadeprosenten) auka med 1,3 prosenteiningar frå 2009 til 2010, omtrent like mykje som andre driftskostnader (kostnadsprosenten) vart redusert.

Figur 2.32 Erstatningskostnader og andre driftskostnader i prosent av premieinntektene («combined ratio») i skadeforsikringsselskapa.

Figur 2.32 Erstatningskostnader og andre driftskostnader i prosent av premieinntektene («combined ratio») i skadeforsikringsselskapa.

Kjelde: Finanstilsynet.

Tabell 2.5 Resultatpostar for skadeforsikringsselskap (utanom captive-selskap).

2010

2009

Mill. kr

Pst. av premie

Mill. kr

Pst. av premie

Premieinntekter for eiga rekning (f.e.r.)

27 583

23 311

Allokert investeringsavkastning

1 212

4,4 %

1 195

5,1 %

Andre forsikringsrelaterte inntekter

118

0,4 %

86

0,4 %

Erstatningskostnader f.e.r.

21 201

76,9 %

17 622

75,6 %

Forsikringsrelaterte driftskostnader

5 604

20,3 %

5 002

21,5 %

Endring i sikringsavsetjing o.a.

515

1,9 %

516

2,2 %

Resultat av teknisk rekneskap

1 559

5,7 %

1 424

6,1 %

Netto inntekter frå investeringar

3 726

13,5 %

4 846

20,8 %

Allokert investeringsavkastning

1 212

4,4 %

1 195

5,1 %

Andre inntekter/kostnader

–35

–0,1 %

–30

–10,9 %

Resultat før skattekostnad

4 039

14,6 %

5 045

21,6 %

Kjelde: Finanstilsynet.

2.4.4 Resultat i verdipapirføretak og forvaltningsselskap

Verdipapirføretak som ikkje er bankar, hadde driftsinntekter på 7,7 mrd. kroner i 2010, om lag 900 mill. kroner høgare enn året før. Dei viktigaste inntektskjeldene for verdipapirføretaka som ikkje er bankar, er emisjons- og rådgjevingsverksemd, mekling av eigenkapital- og gjeldsinstrument, og aktiv forvaltning av porteføljar på vegner av forsikringsselskap, pensjonskasser og private føretak. Verdipapirføretaka som ikkje er bankar, hadde eit samla driftsresultat på 1,8 mrd. kroner i 2010. Det er ein auke på 800 mill. kroner frå året før.

Bankane sine inntekter frå investeringstenester og tilleggstenester er primært knytte til handel i gjeldsinstrument og valuta, og til eigenhandel med finansielle instrument. Mange bankar har også konsesjon til å driva verdipapirverksemd. Denne verksemda gav bankane driftsinntekter på 6,2 mrd. kroner i 2010, 1,4 mrd. lågare enn inntektene i 2009.

Dei viktigaste inntektskjeldene for forvaltningsselskapa for verdipapirfond er godtgjersle for forvaltning av fond og inntekter frå aktiv forvaltning av porteføljar. Samla driftsresultat for forvaltningsselskapa var 1,1 mrd. kroner i 2010. Dette utgjer ein reduksjon på 3 pst. samanlikna med 2009.

Fotnotar

1.

Utviklinga for Danske Bank speglar at banken har nokså omfattande verksemd i Irland, og at banken vart påverka av konkursen i den danske banken Amagerbanken i februar 2011.

2.

Det internasjonale valutafondet (IMF), Den internasjonale oppgjersbanken (BIS) og Financial Stability Board (FSB) nyttar ein slik definisjon, mellom anna i ein felles rapport til finansministrane og sentralbanksjefane i G20-landa frå oktober 2009. Sjå boks 3.1 og kapittel 10 for ei nærare omtale av desse institusjonane.

3.

Sjå tilbod dagsett 28. februar 2011 på nettsidene til Noregs Bank.

4.

Finanstilsynet har i rundskriv nr. 9/2011 varsla at norske bankar skal påleggjast å rapportera om nye likviditetsindikatorar utforma i samband med dei nye Basel III-krava, jf. nærare omtale i kapittel 3.

5.

På grunn av tidsetterslep i statistikken er dei siste tilgjengelege tala for denne fordelinga frå 2008.

6.

Det vart ikkje innhenta tal for lånegradar mellom 90 og 100 pst. i bustadlånundersøkinga i 2009.

7.

For nye lån til låntakarar under 35 år fall prosentdelen med lånegrad over 90 pst. frå 41 pst. hausten 2008 til 34 pst. hausten 2010.

8.

Gjeldsbeteningsevna er definert som resultat før skatt og nedskrivingar i prosent av bank- og obligasjonsgjeld. For føretak finst det ikkje tal for gjeldsbeteningsevne for 2010 før ei tid ut i 2011.

9.

Verksemda til DnB Nor i utlandet er auka frå 1. januar 2011, da konsernet vart eineeigar av DnB Nord. Hovuddelen av verksemda til DnB Nord er i Polen og i dei baltiske landa.

10.

Internal Ratings Based (IRB) approach.
Til forsida