Meld. St. 21 (2010–2011)

Finansmarknadsmeldinga 2010

Til innhaldsliste

4 Strukturelle utviklingstrekk i perioden 1970–2010

4.1 Innleiing

I perioden frå 1970 til 2010 har finansiell sektor vakse som del av den totale norske økonomien. I 1970- og 1980-åra medverka avreguleringar til sterk vekst på finansmarknadene. Bankkrisa i byrjinga av 1990-åra førte til eit mellombels brot i veksttrenden. Bankkrisa hadde òg stor verknad for verksemda i, og kontrollen med, norske kredittinstitusjonar, og førte til omfattande strukturendringar på finansmarknaden.

I størstedelen av perioden etter bankkrisa har veksten i norsk økonomi vore høg fram til uroa på finansmarknadene i 2008 og 2009. I 2010 tok veksten seg igjen opp. Veksten i forvaltningskapitalen i finansinstitusjonane har vore sterkare enn veksten i brutto nasjonalprodukt (BNP) med unnatak av første del av 90-talet. Den totale forvaltningskapitalen i norsk finanssektor utgjorde 347 pst. av BNP ved utgangen av 2010. For perioden 1970-2010 som heilskap var det bankane og kredittføretaka som hadde den sterkaste veksten, medan dei statlege låneinstitutta sin del av forvaltningskapitalen gjekk ned.

Figur 4.1 Forvaltningskapital (FK) som del av BNP for Fastlands-Noreg. Norske finansinstitusjonar og filialar i Noreg av utanlandske finansinstitusjonar (utanom pensjonskasser og verdipapirfond).

Figur 4.1 Forvaltningskapital (FK) som del av BNP for Fastlands-Noreg. Norske finansinstitusjonar og filialar i Noreg av utanlandske finansinstitusjonar (utanom pensjonskasser og verdipapirfond).

Kjelde: Finanstilsynet og Statistisk sentralbyrå.

Forvaltningskapitalen i norske kredittinstitusjonar (bankar, kredittføretak og finansieringsselskap) utgjorde 278 pst. av BNP i 2010. I internasjonal samanheng er dette ikkje spesielt høgt. Av land det er naturleg å samanlikna seg med, er det berre i Finland at forvaltningskapitalen i kredittinstitusjonane er mindre relativt til BNP. Ei forklaring kan vera at norske kredittinstitusjonar i liten grad har utlån til utlandet eller til det offentlege.

4.2 Hovudtrekk i utviklinga

4.2.1 Regulering og kredittrasjonering

Norsk finanssektor var i tida etter andre verdskrigen og fram til slutten av 1980-åra underlagd omfattande kredittpolitisk regulering. Verkemidla som vart brukte, tok sikte på å ha innverknad på rentenivået og på omfanget og samansetjinga av tilførselen av kreditt til ulike delar av økonomien. Mellom verkemidla som vart nytta, var eit premiereservekrav som påla bankane å halda ein gjeven del av forvaltningskapitalen i likvide midlar (setlar, innskot i Noregs Bank, innskot på postgiro og plassering i norske statskassevekslar). Premiereservekrava verka som ei avgift, og reduserte utlånsmultiplikatoren ved at berre ein avgrensa del av til dømes ein innskotsauke, kunne nyttast til å auka utlåna. Det var òg eit krav om at eit beløp på opptil 100 pst. av utlånsauke utover eit gjeve nivå skulle plasserast på ein åtskild ikkje-renteberande konto i Noregs Bank (tilleggsreservekrav). Dette kravet førte i praksis til at det vart sett direkte grenser for utlån.

I tillegg til regulering av utlånsvolumet vart nivået på, og strukturen i, mange former for innskots- og utlånsrenter fastsette direkte av styresmaktene gjennom normerte satsar. Mot slutten av 1970-åra låg dei normerte rentene vesentleg lågare enn det som ville ha svart til jamvektsrenter, noko som førte til eit tidvis nokså stort etterspurnadsoverskot på kredittmarknaden. Fordi renta var lågare enn den som klarerte marknaden, vart kredittrasjonering naudsynleg, særleg når det galdt utlån til publikum frå bankar og andre finansinstitusjonar.

4.2.2 Avregulering og bankkrise

I perioden frå 1983 til 1988 vart dei fleste direkte reguleringane på kredittmarknaden fjerna. Tida med strenge reguleringar hadde ført til ein situasjon der bankane kunne handplukka kundar. Rentereguleringa innebar at bankane hadde insentiv til å plukka dei sikraste kundane. Kundelojaliteten var stor og konkurransen låg.

Avreguleringa førte til at konkurransen mellom institusjonane auka, og bankane brukte kredittliberaliseringa offensivt for å skaffa seg nye kundar. Eit nytt regime stilte andre og heilt nye krav til bankane si vurdering av risiko, betalingsevne og trygd hos kunden, og til den interne kontrollen i banken av dei låna som vart gjevne.

Avreguleringa av finansmarknadene førte til ein sterk kredittekspansjon. I ein fireårsperiode midt i 1980-åra vart utlånsvoluma meir enn dobla. Særleg i siste halvdel av 1980-åra var det sterk vekst i utlån frå kredittføretak og finansieringsselskap.

Norske hushald og føretak tok på seg ei mykje høgare gjeldsbelastning i 1980-åra enn dei hadde gjort tidlegare. Tidlegare hadde folk måtta spara først og venta på lån, medan ein no raskt fekk lån. Hushalda tok opp lån først og fremst til bustadformål.

Ei avregulering av bustadmarknaden medverka til at bustadprisane steig kraftig.

Den lånefinansierte veksten i forbruk og investeringar frå 1984, ekspansiv finanspolitikk og fall i oljeprisen i 1986, i tillegg til utslag av inntektsoppgjeret i 1986, førte til at det oppstod alvorlege ubalansar i norsk økonomi. Etter kvart førte aukande realrenter etter skatt til at etterspurnaden etter bustader vart redusert. Bustadmarknaden snudde, prisane fall markant, og mange måtte selja bustadene sine for å redusera lånebyrda. Ubalanse mellom offentlege inntekter og utgifter førte til ein etter måten sterk finanspolitisk innstramming i åra frå 1986 til 1988. Saman med auka sparing i privat sektor førte dette til at innanlandsk etterspurnad vart kraftig svekt.

I 1987 opplevde bankane og finansieringsselskapa store tap på utlån og garantiar, og året etter hadde dei første bankane tapt eigenkapitalen si. Tapa på utlån auka frå 0,5 pst av forvaltningskapitalen i 1987 til 4,5 pst. og 1,9 pst. i høvesvis forretningsbankar og sparebankar då tapa var på sitt høgaste i 1991, jf. figur 4.13.

Bankkrisa viste at bankane ikkje hadde handtert overgangen til kredittvurdering på ein avregulert finansmarknad på ein god måte. Bankane sine eigne sikringsfond vart tekne i bruk for å oppkapitalisera bankar i krise, men sikringsfonda vart etter kvart sterkt svekte. Då dei ikkje lenger kunne dekkja kapitalbehovet til bankane, vart Statens Banksikringsfond vedteke oppretta våren 1991. Siktemålet var å understøtta soliditeten i det norske banksystemet i krisesituasjonar.

Bankkrisa førte til at investorar fekk ei generell mistru til norske bankar. Hausten 1991 vart Statens Bankinvesteringsfond oppretta. Siktemålet var å delta som investor ved emisjonar av ansvarleg kapital i norske bankar som ikkje var i krise, men som trong kapital på vanlege vilkår.

Endringane på finansmarknadene i 1980-åra førte til behov for nye lovreglar og leidde fram til finansieringsverksemdslova av 1988. Lova gav felles reglar som galdt alle finansinstitusjonar, og braut såleis med den institusjonsspesifikke lovgjevingstradisjonen. Banklovene vart samstundes vesentleg endra. Eit sentralt omsyn bak den nye finansieringsverksemdslova var å sikra like konkurransetilhøve, også i konkurransen med utanlandske føretak, både heime og på den internasjonale marknaden. Lova sytte for offentleg kontroll med etablering av finanskonsern, og at finanskonsern måtte oppfylla krav til soliditet og trygd på konsolidert basis, det vil seia for konsernet som heilskap.

4.2.3 Konsolidering og nye strukturar

Langt inn i 1970-åra hadde dei fleste sparebankane ein geografisk avgrensa og lokal forretningsprofil. Frå slutten av 1970-åra og til slutten av 1980-åra skjedde det mange samanslåingar av sparebankar til såkalla distriktssparebankar. Mellom anna vart Sparebanken ABC skipa i 1985, då Fellesbanken og Sparebanken Oslo Akershus vart slegne saman. Dei ni største sparebankane hadde ved inngangen til bankkrisa 55 pst. av den samla forvaltningskapitalen til sparebankane.

Bankkrisa førte til ytterlegare konsolidering i banksektoren. Fleire bankar fusjonerte, og somme bankar vart sette under offentleg administrasjon. I 1990 vart DnB oppretta gjennom ein fusjon mellom Bergen Bank og DnC. Seint på hausten i 1991 overtok staten 100 pst. av aksjane i Fokus og Kreditkassen etter at aksjekapitalen var tapt. Problema til DnB under bankkrisa var noko mindre og kom seinare enn i Kreditkassen. Aksjonærane i DnB godtok nedskriving av aksjane vinteren 1992/93. Etter at staten tilførte banken ny aksjekapital, vart staten i ein kort periode sitjande med 100 pst. av aksjane (i dag er staten sin eigardel i DnB Nor på 34 pst.).

Bankkrisa førte òg til at fleire distriktssparebankar slo seg saman. Mellom anna førte ei stor samanslutning av distriktssparebankar på Austlandet til at Sparebanken Nor vart etablert i 1990. Etter dette stod ti distrikts- eller regionssparebankar til saman for om lag 70 pst. av forvaltningskapitalen i sparebanksektoren.

4.2.4 Internasjonal påverknad

Utviklinga på finansmarknaden i 1990-åra og i det første tiåret på 2000-talet har mellom anna vore prega av auka internasjonalisering. Etter at Noreg kom med i EØS frå 1992, vart den norske finansmarknaden opna for tenestetilbydarar frå EØS. Som følgje av avtalen har finansinstitusjonar med løyve frå eit anna EØS-land rett til å tilby finansielle tenester i Noreg gjennom etablering av dotterføretak eller filialar, eller ved grensekryssande verksemd. Avtalen gjev norske finansinstitusjonar den same retten til å yta finansielle tenester i andre EØS-land.

EØS-avtalen gjev ikkje høve til ulik behandling av investorar frå ulike EØS-land. At utanlandske investorar har høve til å kjøpa norske finansinstitusjonar, har hatt stor innverknad på eigarskapsforholda og strukturen på den norske finansmarknaden. Tabell 4.1 syner at utanlandske aktørar allereie i 2005 hadde nokså store marknadsdelar på den norske finansmarknaden, både gjennom filialar og gjennom dotterselskap. Utviklinga med utanlandsk ekspansjon i den norske finansmarknaden har ikkje vore like sterk i perioden frå 2005 til 2010. Til dømes hadde norskeigde bankar ein noko større marknadsdel i 2010 enn i 2005.

Marknadsdelane til utanlandske aktørar er ulik i ulike delmarknader. Marknaden for finansieringsselskap er den einaste dei utanlandskeigde aktørane har ein større del av marknaden enn dei norseigde. I skadeforsikringsmarknaden har to utanlandske selskap, det svenske selskapet If og det danske selskapet Tryg, store marknadsdelar.

Tabell 4.1 Tal på utanlandskeigde selskap og filialar i perioden 2005–2010.

2005

2010

Tal på inst.

Marknadsdel

Tal på inst.

Marknadsdel

Bankar

Utanlandskeigde

6

21

3

16

Filialar

8

11

12

14

Norskeigde

134

68

130

70

Sum

148

100

145

100

Finansieringsselskap

Utanlandskeigde

18

51

10

52

Filialar

17

25

22

30

Norskeigde

13

24

19

18

Sum

48

100

51

100

Livsforsikringsselskap

Utanlandskeigde

4

6

2

7

Filialar

9

1

10

0

Norskeigde

7

93

10

93

Sum

20

100

22

100

Fondsforvaltning

Utenlandskeigde

0

0

0

0

Filialar

0

0

0

0

Norskeigde

21

100

27

100

Sum

21

100

27

100

Kredittføretak

Utanlandskeigde

3

12

2

6

Filialar

1

2

2

4

Norskeigde

9

86

27

90

Sum

13

100

31

100

Skadeforsikringsselskap

Utanlandskeigde

2

14

2

1

Filialar

18

22

23

29

Norskeigde

77

64

73

70

Sum

97

100

98

100

Verdipapirføretak

Utenlandskeigde

0

0

0

0

Filialar

11

7

18

14

Norskeigde

75

93

153

86

Sum

86

100

171

100

Kjelde: Finanstilsynet.

4.3 Nærare om utviklinga i kundane sitt forhold til finansnæringa i perioden

For kundane til finansinstitusjonane har endringane vore store frå 1970 og fram til i dag. Avreguleringa av kredittmarknaden har hatt stor verknad for tilgangen til kreditt både for hushald og for næringslivet. Somme miste med avreguleringa ei privilegert stilling med kreditt til låge renter, medan andre fekk tilgang til kreditt der kreditten før var rasjonert.

Ordinære banktenester var i 1970 basert på at kundane møtte fysisk i ein filial. I distrikta kunne dette gje éin tilbydar ein privilegert nærleik til kundane. I byane var tettleiken av filialar større, men konkurransen kunne likevel vera avgrensa som følgje av kredittregulering og av di bankane gjerne retta seg mot ulike kundar eller kundegrupper.

I 1970 betalte kundane alle rekningar kontant eller med trekk mot ein konto i kassa i banken. Også andre tenester kravde fysisk oppmøte i banken, så som innskot og lån. I 1970-åra vart det vanleg med lønskonto og bruk av sjekk, og sjekkbruken overtok mykje av kontantbruken. Sjekkbruken reduserte behovet for kontantar og kontantuttak, som den gongen føregjekk ved oppmøte i ein bankfilial.

Talet på bankkontor / fysiske filialar har vorte redusert frå 1887 i 1981 til 1184 i 2009. I perioden frå 1985 til 2005 vart talet på filialar redusert både for forretnings- og sparebankar. For sparebankar skaut denne utviklinga fart i perioden frå 2005 til 2009. Tala i tabell 4.2 viser likevel at talet på ekspedisjonsstader har auka for forretningsbankane i denne perioden.

Tabell 4.2 Utvikling i bankkontor / fysiske filialar. 1981–2009.

1981

1985

1990

1995

2000

2005

2009

Forretningsbankar

589

667

649

462

458

286

431

Sparebankar

1 298

1 395

1 236

1 090

999

948

753

Sum

1 887

2 062

1 885

1 552

1 457

1 234

1 184

Kjelde: Finanstilsynet.

Betalingssystemet i Noreg har endra seg kraftig gjennom dei siste tiåra. Fellesnemnarar er samordning og dreiing mot elektronisk betalingsformidling. Tilgangen til kontantar har ein i dag frå minibankar og frå uttak av kontantar i butikk. Nesten alle kundar har no direktedebiteringskort mot konto i bank gjennom systemet «bankaxept», og slike kort vert brukte både til betalingar og til uttak av kontantar. Ni av ti kortbetalingar i Noreg skjer no med bankaxeptkort.

Figur 4.2 Betalingstenester retta mot personkundar for betaling av rekningar o.a. Mill.  transaksjonar per år.

Figur 4.2 Betalingstenester retta mot personkundar for betaling av rekningar o.a. Mill. transaksjonar per år.

Kjelde: Noregs Bank.

Ei anna stor endring ligg i tilgangen til nettbank. 2002 var det første året med fleire rekningsbetalingar over nettbank enn ved bruk av brevgiro. Av betalingar frå konto stod elektroniske betalingar over konto for 97 pst. i 2008, medan sjekk og brevgiro stod for berre 3 pst. Talet på sjekktransaksjonar fall frå toppen på om lag 100 mill. transaksjonar årleg midt i 1980-åra til berre 300 000 transaksjonar i 2009.

Kundane kan no også bruka avtalegiro og etter kvart elektronisk faktura (e-faktura). Bruken av elektronisk legitimering på nettbank, som systemet Bank-ID, gjer at kunden kan inngå avtalar elektronisk og såleis vert endå mindre avhengig av å ha fysisk nærleik til banken.

Figur 4.3 Bruk av ulike betalingskort.  Transaksjonsverdi per år i mrd. kroner.

Figur 4.3 Bruk av ulike betalingskort. Transaksjonsverdi per år i mrd. kroner.

Kjelde: Noregs Bank.

Lovreguleringa av forholdet mellom bank og kunde har endra seg monaleg sidan 1970. I 1970 var det nokre reglar i sparebanklova og forretningsbanklova som omhandla kundeforhold, men avtalane vart elles regulerte av den generelle kontraktsretten. I 1988 kom finansieringsverksemdslova, som innførte noko fleire reglar på området. Den store endringa kom likevel først i 2000, då finansavtalelova tok til å gjelda. Denne lova regulerer innskot og betalingstenester, bruk av konto og betalingsinstrument, kredittavtalar, kausjonsavtalar, finansmeklaroppdrag og agent- og rådgjevingsoppdrag.

I 1970 var det inga særskild ordning for behandling av klager frå kundar. I 1988 fekk ein Bankklagenemnda, no ein del av Finansklagenemnda. Nemnda har hatt stor innverknad på tolkinga av regelverket og har styrkt forbrukarane si stilling overfor bankane.

4.4 Nærare om utviklinga i strukturen på den norske finansmarknaden

Det har sidan 1970 vore ein monaleg reduksjon i talet på bankar på den norske finansmarknaden. Det har særleg vore reduksjon i talet på sparebankar. I 1970 var det i Noreg 493 sparebankar og 40 forretningsbankar, i tillegg til ei rad kredittforeiningar. Ved utgangen av 2010 var det 114 sparebankar og 31 forretningsbankar på den norske marknaden. Talet på kredittføretak har vore stabilt frå 1975 og fram til 2005, men har auka etter dette. Auken må sjåast i samanheng med at bankane har oppretta eigne bustadkredittføretak som følgje av byteordninga med obligasjonar med førerett (OMF). Talet på finansieringsselskap har vorte redusert frå 184 selskap i 1975 til 51 i 2010. Størstedelen av reduksjonen hende mellom 1975 og 1980.

På grunn av kredittrestriksjonane var også livsforsikringsselskapa og statlege bankar som Husbanken viktige for nordmenn som søkte kreditt på 1970 og 1980-talet. Det har også vore ein reduksjon i talet på skadeforsikringsselskap og pensjonskasser, medan talet på livsforsikringsselskap har auka noko over tid.

Medan det jamt over har vore ein reduksjon i talet på institusjonar både på kreditt- og forsikringsmarknaden, har talet på institusjonar på verdipapirmarknaden auka monaleg frå 1970 til 2010. Til dømes var det 16 verdipapirfond i den norske marknaden i 1985. I 2010 er talet 428. Vidare er talet på verdipapirføretak over tre gonger større i 2010 enn det var i 1985. Auken i talet på institusjonar som tilbyd verdipapir- og kollektive investeringstenester har skjedd i ein periode med generell vekst i verdipapirmarknaden og generell velstandsvekst i samfunnet som heilskap.

Tabell 4.3 Talet på finansinstitusjonar på den norske finansmarknaden. 1970–2010.

1970

1975

1980

1985

1990

1995

2000

2005

2010

Sparebankar

493

390

322

198

142

133

130

126

114

Forretningsbankar

40

28

24

27

23

19

22

22

31

Finansieringsselskap

.

184

68

67

71

45

54

48

51

Kredittføretak

.

17

15

15

14

11

12

13

31

Skadeforsikring

125

121

116

116

115

11

88

118

98

Livsforsikring

11

12

12

12

11

9

15

20

22

Priv. og komm. pensj.kasser/fond

.

.

642

503

427

300

242

144

96

Forv.selsk. for verdipapirfond

.

.

.

8

23

23

29

21

27

Verdipapirfond

.

.

.

16

122

204

365

436

428

Verdipapirføretak

.

.

.

46

36

32

92

75

153

SUM

.

.

.

1008

984

787

1049

1018

1013

. Tal ikkje tilgjengeleg

Kjelde: Finanstilsynet og Statistisk Sentralbyrå.

Også i andre europeiske land har det vore ein nedgang i talet på kredittinstitusjonar dei siste ti åra. Ved utgangen av 2009 var talet på kredittinstitusjonar i EU-landa 14 pst. lågare enn i 2001. I Noreg har talet auka etter eit botnnivå i 2005. Det kjem i hovudsak av at det er etablert nye bustadkredittføretak. Ser ein bort frå dei nye bustadkredittføretaka, har talet på kredittinstitusjonar i Noreg vorte marginalt redusert, med 3 pst., sidan 2001.

Den geografiske fordelinga av norske finansinstitusjonar sine hovudkontor syner at eit stort fleirtal av institusjonane har hovudkontor på Austlandet. Figur 4.4. gjev eit oversyn over korleis hovudkontora er fordelte mellom seks geografiske område: Oslo, Austlandet utanom Oslo, Sør-Noreg, Vest-Noreg, Midt-Noreg og Nord-Noreg. Innanfor forsikring har alle livsforsikringsselskapa og eit fleirtal av skadeforsikringsselskapa hovudkontor i Oslo. Hovudkontora til kredittinstitusjonane er noko jamnare fordelte mellom regionane.

Fleire hovudkontor ligg i Oslo enn i nokon av dei andre geografiske områda, òg om ein tek omsyn til talet på innbyggjarar. Det relativt høge talet på hovudkontor i Oslo speglar truleg at hovudkontora ofte er plasserte i ein større by innanfor det geografiske verkeområdet til institusjonen. Dei samanslåingane som har funne stad sidan 1970 kan ha ført til at den geografiske fordelinga av hovudkontora har vorte meir sentralisert over tid. Fylkesfordelte tal som ikkje går fram av figuren viser at det berre er i Sogn og Fjordane at talet på hovudkontor per innbyggjar er om lag like stort som i Oslo. Talet på hovudkontor for regionen Vest-Noreg samla sett går likevel ned når ein tek omsyn til talet på innbyggjarar.

Figur 4.4 Regionfordeling av hovudkontora til norske finansinstitusjonar. Tal på hovudkontor i venstre panel. Tal på hovudkontor per 100 000 innbyggjarar i høgre panel. Alle hovudkontor tel som ein eining utan omsyn til storleiken på institusjonen. Tal for 201...

Figur 4.4 Regionfordeling av hovudkontora til norske finansinstitusjonar. Tal på hovudkontor i venstre panel. Tal på hovudkontor per 100 000 innbyggjarar i høgre panel. Alle hovudkontor tel som ein eining utan omsyn til storleiken på institusjonen. Tal for 2010.

Austlandet: Østfold, Akershus, Hedmark, Oppland, Buskerud og Vestfold

Sør-Noreg: Telemark, Vest-Agder, Aust-Agder

Vest-Noreg: Rogaland, Hordaland, Sogn- og Fjordane, Møre og Romsdal

Midt-Noreg: Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag

Nord-Noreg: Nordland, Troms og Finnmark

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Finansgrupper/alliansar har fått ein større plass dei siste tjue åra. I 1995 var det tre store finanskonsern på den norske finansmarknaden, med ein samla del av marknaden på 25 pst. av den totale finansielle sektoren. I 2010 er det sju finanskonsern/grupperingar, som samla har ein marknadsdel på 67 pst., jf. omtala i kapittel 2.

Dei to første store alliansane vart danna i 1996. Sparebanken Nor og fem andre bankar – sparebankane Hedmark, Møre, Rana, Sør og Sogn og Fjordane – gjekk då saman om ein avtale som mellom anna galdt teknologi, sal og utvikling av fonds- og forsikringsprodukt. Sparebankane Midt-Norge, Nord-Norge, Rogaland og Vest etablerte i 1996 Sparebank 1-gruppa, medan 12 mellomstore sparebankar på Austlandet danna Samspar-gruppa. Denne gruppa gjekk seinare inn i Sparebank 1-gruppa. I dag er Sparebank 1-gruppa med 22 bankar og Terra-gruppa med 78 bankar dei største samarbeidsgruppene på den norske finansmarknaden.

Motiva for å skipa finanskonsern, -grupper og -alliansar har truleg vore å utnytta potensielle stordriftsfordelar innanfor IT, produktutvikling og marknadsføring. Veksten i sparing, og dreiinga på sparemarknaden mot nye spareprodukt som verdipapirfond og livsforsikring, kan ha påskunda trongen til å samarbeida på tvers av bransjeskilje. Lågare rentemarginar og at særleg bankane har hatt eit godt utbygd filialnett og god kundekontakt, kan for mange ha gjort det interessant å vurdera om dette filialnettet har kunna nyttast til ny og meir lønsam verksemd.

4.5 Utviklinga på bank- og kredittmarknaden

4.5.1 Kredittvekst

I perioden frå 1970 og fram til i dag har det vore store endringar i rentene i Noreg. Figur 4.5 syner utviklinga i bustadlånrenter og realrenter i Noreg. Her ser ein at ein i første del av 1970-åra hadde ei negativ realrente før skatt. Frå midten av 1980-åra og fram til i dag har utlånsrentene, både nominelt og reelt sett, igjen falle, etter ein topp mot slutten av 1980-åra.

Figur 4.5 Rente på utlån til publikum og utrekna realrente før skatt.

Figur 4.5 Rente på utlån til publikum og utrekna realrente før skatt.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Sjølv om rentepolitikken og renteutviklinga har vore viktige faktorar bak kredittutviklinga, heng kredittveksten nært saman med veksten i økonomien generelt. Figur 4.6 syner ein sterk samvariasjon mellom veksten i BNP og innanlandsk kredittvekst.

Noko av opplåninga til norske føretak skjer på den utanlandske verdipapirmarknaden og i finansinstitusjonar i utlandet. Figur 4.7 syner at delen utanlandsgjeld i føretaka har auka frå 18 pst. midt i 1990-åra til 30 pst. ved utgangen av 2010. Hushalda låner i stor utstrekning frå bankane, men bankane hentar mykje av si finansiering frå utlandet.

Figur 4.6 Tolvmånaders vekst i K2, K3 og i  nominelt BNP for fastlands-Noreg.  Månadlege observasjonar.

Figur 4.6 Tolvmånaders vekst i K2, K3 og i nominelt BNP for fastlands-Noreg. Månadlege observasjonar.

Kredittindikatoren K2 er eit breitt mål på kor stor bruttogjeld hushald og føretak har til norske kredittkjelder. Kredittindikatoren K3 omfattar i tillegg gjeld til utanlandske kredittkjelder

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Figur 4.7 Utanlandsk gjeld i føretak (fastland) i prosent av total gjeld i føretak. Månadlege  observasjonar.

Figur 4.7 Utanlandsk gjeld i føretak (fastland) i prosent av total gjeld i føretak. Månadlege observasjonar.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Bankar har i heile perioden frå 1970 og fram til i dag vore den dominerande kredittkjelda på den norske marknaden, og har stått for hovuddelen av kreditten til publikum1. I perioden fram til 1987 var finansieringsselskapa i framvekst. Veksten må sjåast i samanheng med dei kredittpolitiske reguleringane som galdt for bankane, og at bankane dreiv avlastningsforretningar med finansieringsselskapa. Talet på finansieringsselskap fall nokså mykje etter den norske bankkrisa på byrjinga av 1990-talet, då ei rad selskap vart avvikla eller fusjonerte med andre selskap.

Kredittføretaka fekk ei mindre viktig rolle som långjevarar gjennom 1990-åra. Bankkrisa førte til at mange kredittføretak vart avvikla eller fusjonert med bankar. Kredittføretaka fekk ei viktig rolle att frå 2009, i stor grad fordi bankar flytta bustadlån til eigne kredittføretak i samband med at byteordninga med obligasjonar med førerett vart innført.

Figur 4.8 Samansetjing av kreditt (K2) til hushald. Månadlege observasjonar.

Figur 4.8 Samansetjing av kreditt (K2) til hushald. Månadlege observasjonar.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Når penge- og kredittpolitikken utover i 1980-åra ikkje lenger var basert på rasjonering, kunne lånekundane skaffa seg kreditt på marknadsmessige vilkår i dei private finansinstitusjonane. Over tid har dei statlege bankane sin del av dei totale utlåna vorte monaleg redusert. Også livsforsikringsselskapa vart gjennom 1990-åra mindre viktige som långjevarar. Dette har i nokon grad si årsak i strategiske val om kva livsforsikringsselskap som inngår i blanda konsern skal driva med, men òg at livsforsikringsselskapa meir generelt har satsa mindre på direkte utlånsverksemd.

Figur 4.9 Samansetjing av kreditt (K2) til ikkje-finansielle føretak. Månadlege observasjonar.

Figur 4.9 Samansetjing av kreditt (K2) til ikkje-finansielle føretak. Månadlege observasjonar.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Reduserte utlån frå forsikringsselskap og statlege låneinstitutt ser ikkje ut til å ha hemma tilgangen på kreditt for hushalda. Gjeldsveksten til hushalda har i fleire år vore høgare enn inntektsveksten. Særleg i perioden 2004–2007 auka hushalda gjeldsbelastninga (gjeld i forhold til disponibel inntekt). Låge renter, generell optimisme og god tilgang til kreditt frå bankane har vore viktige drivkrefter bak auken.

Frå rundt 2003 har bankane tilbode hushald med bustadlån såkalla rammelån. Rammelån er lån der låntakarane sjølve fastset kor stor del av kreditten som skal nyttast innanfor ei tilgjengeleg kredittramme, til dømes 60–80 pst. av verdien av bustaden. Renter vert berre betalte for den summen kunden til kvar tid har nytta av kreditten. Slike lån har gjort det lettare for hushalda å låna med pant i eigen bustad. Slike lån gjev større fridom for låntakarane, men krev òg sjølvdisiplin. Delen av lån med pant i bustad som er gjevne som rammelån, har auka jamt sidan 2005. Utnyttingsgraden i rammelåna har vorte redusert dei siste åra, jf. Figur 4.10.

Figur 4.10 Rammelån som del av totale utlån med pant i bustad (venstre akse) og utnyttingsgrad (høgre akse). Kvartalsvise observasjonar.

Figur 4.10 Rammelån som del av totale utlån med pant i bustad (venstre akse) og utnyttingsgrad (høgre akse). Kvartalsvise observasjonar.

Kjelde: Finanstilsynet.

Norske hushald har no ei høg gjeld samanlikna med tidlegare. Gjelda er no om lag dobbelt så stor som den disponible inntekta for hushalda sett under eitt. Også samanlikna med andre land er gjelda i norske hushald høg, jf. Figur 4.11. Det heng saman med at norske hushald i stor mon eig sin eigen bustad, og i mange tilfelle også ein fritidsbustad.

Figur 4.11 Hushalda si gjeld i prosent av disponibel inntekt i utvalde land. Kvartalsvise observasjonar.

Figur 4.11 Hushalda si gjeld i prosent av disponibel inntekt i utvalde land. Kvartalsvise observasjonar.

Kjelde: BIS, nasjonale sentralbankar og Thomson Reuters.

4.5.2 Nærare om bankane

4.5.2.1 Marknadskonsentrasjon

Den norske bankmarknaden er prega av få store og relativt mange små og mellomstore bankar. Marknadsdelen til dei tre største bankane i Noreg, målt i prosent av total forvaltningskapital, har auka gjennom dei siste 14 åra. Ved utgangen av 2010 hadde dei tre største bankane 57 pst. av den totale forvaltningskapitalen i norske bankar, ein auke på 14 prosenteiningar sidan 1995. Samanslåinga av DnB og Sparebanken Nor i 2003 medverka til at dei tre største bankane har fått auka marknadsdelar2. Marknadsdelane til dei tre største bankane er likevel lågare i Noreg enn i Danmark, Finland og Sverige.

Norske bankar har om lag 70 prosent av dei totale bankutlåna i Noreg. I alt har norske bankar lånt ut 2 000 mrd. kroner om ein ser vekk frå utlån til stat, kommunar og lån mellom finansielle føretak. Tabell 4.4 viser korleis utlåna fordeler seg på dei fem regionane Austlandet, Sør-Noreg, Vest-Noreg, Midt-Noreg og Nord-Noreg. Om lag halvparten av dei totale utlåna er lån til låntakarar på Austlandet, og utlåna til kundar på Austlandet og i Vest-Noreg utgjer til saman nesten fire femdelar av totale utlån. Utlåna til kvar av dei tre andre regionane (Sør-Noreg, Midt-Noreg og Nord-Noreg) er relativt sett mykje mindre, men totalt utgjer utlåna til desse tre regionane over 20 prosent av totale utlån. Tala over regionfordelte utlån speglar befolknings- og næringsstrukturen i Noreg.

Tabellen gjev ei oversikt over utlåna i nominelle kroner tilbake til 1987. Som ein kan venta har det i alle regionar vore ein kraftig auke i utlåna. Bryt ein ned tala finn ein at auken i utlån frå 1987 har vore størst i Vest-Noreg og minst i Nord-Noreg. I dei tre andre regionane har veksten vore om lag jamstor.

Målt ved delen av totale utlån frå dei tre største bankane er det store skilnader på marknadskonsentrasjonen i dei fem regionane. Konsentrasjonen er størst på Austlandet (57 pst.) og minst i Sør-Noreg (28 pst.). Det er berre i Sør-Noreg dei tre største bankane sin del av totale utlån har vorte redusert etter 1987.

Hushald og føretak har ofte ulike behov for finansielle tenester, og det er mellom anna av den grunn vanleg å skilja mellom utlån til ikkje-finansielle føretak og hushald. Dei tre største bankane har ein større del marknaden for bankutlån til føretak enn for bankutlån til hushald.

Konsentrasjonen i bankmarknaden kan vera ein viktig indikator både for konkurransen og for finansiell stabilitet. Det kan til dømes vera slik at lånemarknaden i regionar kor dei tre største aktørane har høgst marknadsdel, er meir avhengig av soliditeten hjå einskilde bankar enn kva som er tilfelle i andre regionar. Vidare kan konkurransen i lånemarknaden li om nokre få bankar dominerer. Det er likevel usikkert i kva utstrekning ein kan trekkja kvasse slutningar på bakgrunn av regionfordelte mål på marknadskonsentrasjon. Det er til dømes ikkje sikkert at det er vanskeleg for kunde og bank å møtast over regionsgrensene. Det kan òg vera slik at bankar med lokal tilknyting er lite aktuelle for einskilde lokale kundar. Til dømes kan regionale og lokale sparebankar ha for liten kapitalbase til å kunna finansiere store lokale føretak, eller lokale føretak kan vera kopla opp mot ein marknad som den lokale sparebanken har relativt avgrensa kunnskap om. For slike føretak kan auka konsentrasjon i bankmarknaden i visse fall føra til eit betre tilbod av relevante banktenester.

Tabell 4.4 Utlån frå norske bankar fordelt på regionar. Millionar kroner.

Region

Sektorinndeling

Bankar

1987

1990

1995

2000

2005

2009

Austlandet

Publikum

Alle bankar

177 518

220 405

249 580

456 026

750 714

934 214

3 største bankar

90 930

162 254

150 903

300 303

479 664

533 959

Dei tre største bankane sin del av marknaden

51,2 %

73,6 %

60,5 %

65,9 %

63,9 %

57,2 %

Ikkje-finansielle føretak

Alle bankar

70 629

92 646

102 531

178 345

229 615

446 319

3 største bankar

45 732

74 439

63 535

124 742

160 333

318 894

Dei tre største bankane sin del av marknaden

64,75 %

80,35 %

61,97 %

69,94 %

69,83 %

71,45 %

Hushald

Alle bankar

90 398

108 299

128 231

253 663

489 376

450 654

3 største bankar

40 072

74 107

76 260

161 768

302 234

201 538

Dei tre største bankane sin del av marknaden

44,3 %

68,4 %

59,5 %

63,8 %

61,8 %

44,7 %

Sør-Noreg

Publikum

Alle bankar

30 163

36 241

43 874

70 711

120 738

156 157

3 største bankar

9 405

16 159

14 325

26 367

45 178

44 350

Dei tre største bankane sin del av marknaden

31,2 %

44,6 %

32,7 %

37,3 %

37,4 %

28,4 %

Ikkje-finansielle føretak

Alle bankar

9 068

11 491

12 317

20 921

32 576

53 742

3 største bankar

4 046

7 517

5 510

8 922

15 065

19 193

Dei tre største bankane sin del av marknaden

44,6 %

65,4 %

44,7 %

42,7 %

46,2 %

35,7 %

Hushald

Alle bankar

17 827

21 211

26 660

44 317

81 524

96 071

3 største bankar

4 614

7 655

7 258

15 742

28 663

24 244

Dei tre største bankane sin del av marknaden

25,9 %

36,1 %

27,2 %

35,5 %

35,2 %

25,2 %

Vest-Noreg

Publikum

Alle bankar

95 547

113 714

142 278

260 828

430 235

605 690

3 største bankar

33 477

45 425

49 473

94 497

176 441

246 902

Dei tre største bankane sin del av marknaden

35,0 %

40,0 %

34,8 %

36,2 %

41,0 %

40,8 %

Ikkje-finansielle føretak

Alle bankar

35 950

46 084

56 671

115 197

157 284

292 589

3 største bankar

17 691

26 532

27 371

53 085

82 485

155 031

Dei tre største bankane sin del av marknaden

49,2 %

57,6 %

48,3 %

46,1 %

52,4 %

53,0 %

Hushald

Alle bankar

48 313

56 795

73 998

131 748

255 563

291 615

3 største bankar

12 758

16 093

19 475

38 903

90 550

88 569

Dei tre største bankane sin del av marknaden

26,4 %

28,3 %

26,3 %

29,5 %

35,4 %

30,4 %

Midt-Noreg

Publikum

Alle bankar

29 270

35 831

44 806

70 670

119 564

152 111

3 største bankar

4 784

8 370

8 738

19 298

56 167

65 893

Dei tre største bankane sin del av marknaden

16,3 %

23,4 %

19,5 %

27,3 %

47,0 %

43,3 %

Ikkje-finansielle føretak

Alle bankar

9 290

12 418

14 987

24 618

33 293

57 866

3 største bankar

2 169

5 170

5 166

9 095

19 651

30 657

Dei tre største bankane sin del av marknaden

23,4 %

41,6 %

34,5 %

36,9 %

59,0 %

53,0 %

Hushald

Alle bankar

15 766

19 108

24 976

39 973

78 761

84 765

3 største bankar

2 427

2 881

3 316

9 468

34 475

32 838

Dei tre største bankane sin del av marknaden

15,4 %

15,1 %

13,3 %

23,7 %

43,8 %

38,7 %

Nord-Noreg

Publikum

Alle bankar

36 962

36 758

52 023

85 828

127 279

155 003

3 største bankar

7 400

8 785

13 622

27 388

49 206

46 426

Dei tre største bankane sin del av marknaden

20,0 %

23,9 %

26,2 %

31,9 %

38,7 %

30,0 %

Ikkje-finansielle føretak

Alle bankar

11 088

11 844

16 886

33 645

41 891

60 500

3 største bankar

3 253

3 382

5 627

11 623

17 164

19 825

Dei tre største bankane sin del av marknaden

29,3 %

28,6 %

33,3 %

34,6 %

41,0 %

32,8 %

Hushald

Alle bankar

19 646

19 869

28 275

44 602

79 283

87 959

3 største bankar

3 141

4 487

6 298

14 157

30 649

25 626

Dei tre største bankane sin del av marknaden

16,0 %

22,6 %

22,3 %

31,7 %

38,7 %

29,1 %

I alt

Publikum

Alle bankar

369 460

442 949

532 561

944 064

1 548 530

2 003 175

3 største bankar

145 996

240 993

237 061

467 854

806 657

937 530

Dei tre største bankane sin del av marknaden

39,5 %

54,4 %

44,5 %

49,6 %

52,1 %

46,8 %

Ikkje-finansielle føretak

Alle bankar

136 026

174 484

203 393

372 726

494 659

911 017

3 største bankar

72 891

117 039

107 209

207 467

294 698

543 600

Dei tre største bankane sin del av marknaden

53,6 %

67,1 %

52,7 %

55,7 %

59,6 %

59,7 %

Hushald

Alle bankar

191 950

225 282

282 140

514 304

984 508

1 011 065

3 største bankar

63 012

105 223

112 608

240 038

486 571

372 815

Dei tre største bankane sin del av marknaden

32,8 %

46,7 %

39,9 %

46,7 %

49,4 %

36,9 %

Austlandet: Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud og Vestfold

Sør-Noreg: Telemark, Vest-Agder, Aust-Agder

Vest-Noreg: Rogaland, Hordaland, Sogn- og Fjordane, Møre og Romsdal

Midt-Noreg: Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag

Nord-Noreg: Nordland, Troms og Finnmark (Eventuelle data frå Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen er ført på Nord-Noreg)

Kjelde: Finanstilsynet.

4.5.2.2 Utvikling i resultat etter skatt

Årsresultata i forretningsbankane låg i perioden frå 1975 til 1986 rundt 1,0 pst. av forvaltningskapitalen, medan resultata i sparebankane låg noko høgare. Frå 1986 bikka resultatutviklinga nedover, og i 1991 nådde driftsresultatet etter tap eit botnnivå som følgje av store tap og nedskrivingar på anleggsmidlar. Både forretnings- og sparebankane hadde negative resultat dette året, men resultata var mykje meir negative for forretningsbankane.

Fleire faktorar har medverka til at sparebankane i periodar har hatt betre resultat enn forretningsbankane. Under bankkrisa var lågare utlånstap ein viktig faktor. Frå byrjinga av 1980-talet har òg eigenkapitalen vore høgare i sparebankane enn i forretningsbankane. Det kan skuldast at forretningsbankane i større mon har teke mål av seg til å gje eigarane ei høg prosentvis avkastning på eigenkapitalen. Det kan vera enklare å klara når eigenkapitalen er låg. Viktig har det nok òg vore at sparebankane har hatt høgare netto renteinntekter enn forretningsbankane. Nokre av dei faktorane som kan ha påverka lønsemda vert det gjort nærare greie for i dei kommande avsnitta. Uavhengig av årsak fekk dei dårlege resultata hjå bankane på byrjinga av 1990-talet stor innverknad på strukturen på bankmarknaden.

I perioden etter bankkrisa har resultata igjen vore positive og aukande. I 2002 og 2003 var økonomien inne i ein nedgangskonjunktur som førte til auka tap på utlån. I perioden frå 2003 til 2007 var det igjen oppgang i norsk økonomi, og det samla resultatet etter skatt låg på sitt høgaste nivå i 2005. Den internasjonale finanskrisa medverka til at utlånstapa igjen auka, og resultatet etter skatt fall i 2008. Korkje finanskrisa eller tapa i 2002 og 2003 har hatt nemnande innverknad på strukturen i den norske finansmarknaden, med det atterhaldet at verknadene av den internasjonale finanskrisa enno ikkje er over.

Figur 4.12 Resultat etter skatt i prosent av  gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK).

Figur 4.12 Resultat etter skatt i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK).

Kjelde: Finanstilsynet og Statistisk sentralbyrå.

4.5.2.3 Utvikling i tap på utlån

Endringar i resultata til bankane heng i stor grad saman med svingingar i tap på utlån. I perioden frå 1970 og fram til 1987 var tapa i forretningsbankane og sparebankane låge, og dei utgjorde godt under 0,5 pst. av forvaltningskapitalen. Frå 1987 auka tapa i forretningsbankane raskt. I 1991 utgjorde tapa 4,5 pst. av forvaltningskapitalen. For sparebankane utgjorde tapa i 1991 1,9 pst. av forvaltningskapitalen. Denne kraftige auken i tapa fram til 1991 spegla ein periode med stadig fleire misleghaldne engasjement. Frå 1988 til 1990 auka talet på nullstilte lån (lån som ikkje vert betente av låntakaren, og som bankane ikkje inntektsfører renter frå) med 50 pst. Etter bankkrisa har tapa variert med konjunkturane, men dei har ikkje på noko tid nærma seg nivåa frå bankkrisa, jf. figur 4.13

Figur 4.13 Tap på utlån i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK).

Figur 4.13 Tap på utlån i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK).

Kjelde: Finanstilsynet og Statistisk sentralbyrå.

4.5.2.4 Utvikling i netto renteinntekter

Netto renteinntekter vert rekna ut ved å trekkja renteutgifter frå renteinntekter. Bankane sine netto renteinntekter er eit nøkkeltal om ein skal måla den potensielle lønsemda ved utlånsverksemda. Netto renteinntekter utgjorde 90 pst. av dei totale inntektene til sparebankane i 1975, medan det tilsvarande talet for forretningsbankane var 75 pst. I 2010 utgjorde netto renteinntekter berre 67 pst. av bankane sine inntekter, men var framleis hovudinntektskjelda. Netto renteinntekter i forhold til forvaltningskapitalen har jamt over vore fallande for bankane samla sett sidan 1975. Fallet i netto renteinntekter tok ikkje til før første halvdel av 1990-talet for sparebankane, jf. figur 4.14.

Fallet i netto renteinntekter kan ha fleire årsaker. Billegare tenester og automatisering som følgje av teknologiske og administrative framsteg, er éin faktor. Auka direkte prising av kostnadskrevjande tenester er ein annan faktor. Auka konkurranse som følgje av at det har vorte enklare å byta bank, og at lojaliteten hos kundane såleis har minka, kan vera ein tredje faktor. Alt i alt har utviklinga ført til lågare rentemarginar (differanse mellom utlåns- og innskotsrente i bankane). Saman med auka grad av marknadsfinansiering har det gjeve reduserte netto renteinntekter målt som del av forvaltningskapitalen. Dei største bankane har lågare netto renteinntekter i forhold til forvaltningskapitalen enn mindre bankar. Dette er også dei bankane som har høgast marknadsfinansiering.

Figur 4.14 Netto renteinntekter i prosent av  gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK) og rentemargin i prosenteiningar (høgre akse).

Figur 4.14 Netto renteinntekter i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK) og rentemargin i prosenteiningar (høgre akse).

Kjelde: Finanstilsynet og Statistisk sentralbyrå.

4.5.2.5 Utvikling i eigenkapital

Figur 4.15 syner utviklinga i eigenkapital i prosent av forvaltningskapitalen frå 1970 og fram til utgangen av 2010. Eigenkapitalen var låg i åra før bankkrisa, og vart tapt for dei største forretningsbankane under krisa. I åra etter bankkrisa vart bankane kapitaliserte opp, og eigenkapitalen som del av forvaltningskapitalen var høgare mot slutten av 90-åra enn ved utgangen av 2010.

Figur 4.15 Eigenkapital i prosent av forvaltningskapitalen.

Figur 4.15 Eigenkapital i prosent av forvaltningskapitalen.

Kjelde: Finanstilsynet og Statistisk sentralbyrå.

4.5.2.6 Utvikling i bankane si finansiering

Figurane 4.16 og 4.17 syner utviklinga i finansieringa til forretningsbankar og sparebankar fram til 1992. Innskot har i heile perioden vore den viktigaste finansieringskjelda i bankane. Frå 1987 fekk bankane høve til å utferda obligasjonar, men med løpetidskrav fram til 1990. Grunngjevinga for å gje bankane tilgang til obligasjonsmarknadene var at dei skulle få høve til å betra samsvaret mellom løpetid og rentevilkår på sine aktiva og passiva.

Figur 4.16 Fordeling av passivasida i balansen. Forretningsbankar.

Figur 4.16 Fordeling av passivasida i balansen. Forretningsbankar.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Figur 4.17 Fordeling av passivasida i balansen. Sparebankar.

Figur 4.17 Fordeling av passivasida i balansen. Sparebankar.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Figur 4.18 Innskotsdekning i norske bankar (kundeinnskot som del av brutto utlån til kundar). Kvartalsvise observasjonar.

Figur 4.18 Innskotsdekning i norske bankar (kundeinnskot som del av brutto utlån til kundar). Kvartalsvise observasjonar.

Kjelde: Finanstilsynet.

Fram til 1989 nytta bankane i liten grad høvet til å utferda obligasjonar, men frå 1990 har utferding av obligasjonar utgjort ein større del av bankane si finansiering. Under bankkrisa tok bankane imot støttelån frå Noregs Bank, og desse låna utgjorde ein del av anna gjeld i denne perioden. Ved utgangen av 1992 utgjorde innskot 69 pst. av forvaltningskapitalen i forretningsbankane og 84 pst. av forvaltningskapitalen i sparebankane. Obligasjonsgjelda utgjorde høvesvis 15 og 3 pst.

For bankane isolert sett har innskotsdekninga auka monaleg dei siste åra, jf. figur 4.18. Auken har samanheng med overføring av lån til eigne bustadkredittføretak som følgje av byteordninga med OMF. Ser ein på bankane og bustadkredittføretaka samla har innskotsdekninga falle jamt over heile perioden sidan 1995. Innskotsdekninga var på 78 pst. ved utgangen av 2010. Små bankar har tidlegare hatt høgare innskotsdekning enn store bankar, men på morbanknivå er skilnaden redusert på grunn av overføringar av lån til bustadkredittføretaka i dei større bankane. Sett frå hushalda si side utgjer innskot i bank ein stor del av sparinga. Sparing gjennom innskot utgjorde 32 pst. av hushalda sine fordringar ved utgangen av 2010.

4.6 Kort om verdipapirhandel

I ytinga av investeringstenester i perioden frå 1970 til 2010 har det vore ein kraftig auke i verdipapiromsetning, med tilhøyrande auke i etterspurnaden etter investeringstenester, i Noreg. Lovverket har lagt premissar for kva som skal definerast som finansielle instrument og investeringstenester, og for korleis dei skal ytast. I dei seinare åra har innføring av euro medverka til ein auke i handelen over landegrenser, og ein har i EU vore oppteken av å etablera ein felles europeisk marknad for kapital og finansielle tenester.

Etter eit lite oppsving i byrjinga av 1970-åra var omsetningsnivået på aksjar ved Oslo Børs i andre halvdel av tiåret tilbake på eit nivå på om lag 1 milliard kroner per år. I takt med liberaliseringa av finansmarknadene og veksten i aksjesparinga steig omsetninga ut gjennom 1980-åra. Då aksjeomsetninga auka frå 1,7 mrd. kroner i 1982 til 31,8 mrd. kroner i 1985, vart det naudsynt å rasjonalisera verdipapiromsetninga. Verdipapirsentralen (VPS) vart oppretta i 1986 i medhald av lov om verdipapirsentral (seinare erstatta av verdipapirregisterlova). Med etableringa av VPS vart dei fysiske verdipapira erstatta av eit dokumentlaust system, der både verdipapira og rettane til dei vart registrerte i VPS.

Fram til 1988 vart aksjane omsette etter auksjonar og bodgjeving blant aksjemeklarar på «golvet» på børsen. Dette sette grenser for omsetninga og innebar høge transaksjonskostnader. I 1988 innførte Oslo Børs eit elektronisk handelssystem. Ein kunne då driva kontinuerleg handel, og dette opna også for desentralisert handel. Obligasjonshandelen har sidan oktober 1989 gått føre seg på denne måten, ved at meklarane handlar frå sine eigne kontor med terminalar knytte opp mot børsen sitt system.

Boks 4.1 Historia til Finansmarknadsmeldinga

Finansmarknadsmeldinga har røter tilbake til 1818, då «Indberetning fra Bankdirektionen ang. Bankens Bestyrelse m.v.» vart send til Stortinget. I perioden frå 1818 og fram til og med 1977 gjekk rapporteringa under ulike namn, og var først og fremst ei rapportering om verksemda til Noregs Bank.

I perioden 1978–1986 fremja Finansdepartementet kvart år ei melding til Stortinget med tittelen «Kredittpolitikken og Norges Banks og Bankinspeksjonens virksomhet i [årstal]».

I 1987 nytta ein for første gong omgrepet «kredittmelding», då Finansdepartementet la fram St.meld. nr. 40 (1987-88) med tittelen «Kredittpolitikken, valutapolitikken og Norges Banks og Kredittilsynets virksomhet i 1986 (Kredittmeldingen)». Meldinga vart kalla «Kredittmeldinga» fram til og med «Kredittmeldinga 2008». I samband med meldinga for 2009 vart den årlege rapporteringa til Stortinget omdøypt til Finansmarknadsmeldinga, for betre å spegla innhaldet i meldinga, jf. Meld. St. 12 (2009-2010) Finansmarknadsmeldinga 2009.

Innhaldet i meldinga har endra seg over tid, og det har vorte meir og meir merksemd kring utsiktene til, og føresetnadene for, finansiell stabilitet på den norske finansmarknaden. I St.meld. nr. 8 (2002-2003) Kredittmeldinga 2001 vart det for første gong teke inn ein omtale av føresetnadene for finansiell stabilitet i eit eige kapittel, og det er i år tiande gongen ein slik omtale er med i meldinga. Meldinga vart skriven på nynorsk første gongen i 1990, jf. St.meld. nr. 14 (1990-91). Frå og med meldinga for 1995, jf. St.meld. nr. 8 (1996-97), har meldinga vorte skriven på nynorsk kvart år.

Desentralisert aksjehandel vart først etablert i 1999. Fram til då hadde alle meklarføretaka eigne børsmeklarar som hadde kontor på børsen. Desentralisert handel opna for at meklarane kunne tilby kundane elektronisk handel. Netthandel med aksjar vart introdusert kort tid etter at børsen opna for elektronisk handel for meklarane. Kreditkassen var først ute, og omtrent på same tid vart den første reine nettmeklaren etablert (Netfonds). Det nye handelssystemet med desentralisert handel opna òg for at utanlandske meklarar i større grad kunne utfordra dei norske meklarane. Dette har leidd til at mange av meklarane på Oslo Børs i dag er utanlandske meklarføretak. Vidare har talet på transaksjonar auka mellom anna som følgje av reduksjon i transaksjonskostnadene.

Børsane har òg fått auka konkurranse, ikkje berre frå utanlandske børsar, men òg frå andre former for marknadsplassar, så som såkalla multilaterale handelsfasilitetar, og ikkje minst frå handel utanfor børs/marknadsplass. Det har vorte til eit kappløp mellom aktørar. Store investeringar i ny teknologi er gjort for å kunna tilby dei raskaste systema. Det har òg vorte eit press på verdipapirføretaka sine inntekter frå aksjemekling. I 2010 var omsetninga på Oslo Børs ca. 14 gonger så høg som i 1993, medan kurtasjeinntektene til meklarhusa ikkje eingong var dobla.

Figur 4.19 Oslo Børs: Årleg omsetningsverdi av aksjar og marknadsverdi av registrerte aksjar ved slutten av året (venstre akse) og inntektene til verdipapirføretaka frå aksjemekling (høgre akse). Mrd. kroner.

Figur 4.19 Oslo Børs: Årleg omsetningsverdi av aksjar og marknadsverdi av registrerte aksjar ved slutten av året (venstre akse) og inntektene til verdipapirføretaka frå aksjemekling (høgre akse). Mrd. kroner.

Kjelde: Finanstilsynet og Oslo Børs.

Fotnotar

1.

«Utlån til publikum» er samansett av lån til hushald, ikkje-finansielle føretak, stat og kommunar.

2.

I omtalen vert utviklinga i forretningsbankar og sparebankar vist kvar for seg fram til 2003, då fusjonen mellom Sparebanken Nor og DnB førte til at ein i statistikk og analysar slutta å skilja mellom forretningsbankar og sparebankar. I figurane tyder såleis «alle bankar» forretningsbankar og sparebankar samla.
Til forsida