Meld. St. 40 (2012–2013)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2013 og fisket etter avtalane i 2011 og 2012

Til innhaldsliste

1 Samandrag

1.1 Innleiing

Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg har med andre land. Ei slik melding skal leggjast fram årleg. Meldinga vart første gong lagt fram i 1995. Vi viser i den samanheng til St.meld. nr. 49 (1994-95) om dei årlege fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land. I denne meldinga la Fiskeridepartementet vekt på å gje ei omtale av det rammeverket som vart inngått i tilknyting til utvidinga av den norske økonomiske sona på 1970-talet, og som ligg til grunn for dei årlege kvoteforhandlingane. Desse avtalane er ikkje særskilt omtalte i denne meldinga.

Denne meldinga omtalar kvoteavtalane for 2013, og norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar. Vi gjer vidare greie for bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane som Noreg deler med andre land. Meldinga omtalar òg dei kontrolltiltaka som er sette i verk for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på avtalte kvotar, i tillegg til kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Til sist gjev meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske fiskarar utnytta kvotane sine i 2011 og 2012, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.

Kvoteavtalane for 2013 finst på Fiskeri- og kystdepartementet sine heimesider: http://www.regjeringa.no/fkd

1.2 Samandrag av kvoteavtalane for 2013, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2013 har partane bestemt ein totalkvote for nordaust-arktisk torsk på 1 000 000 tonn, som er ein auke frå 2012. I tillegg vart det fastsett ein kvote på kysttorsk på 21 000 tonn. Partane justerte i 2009 den etablerte forvaltningsstrategien ved at det er lagt inn ein mekanisme som skal sikre at kvotefastsetjinga òg tek høgd for periodar med sterk vekst og oppskriving av bestanden. Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 139 520 tonn. Med overføring av ein del av den russiske kvoten til Noreg, er den samla norske kvoten av torsk nord for 62°N på 418 740 tonn. Som følgje av tilbakeføring av unytta tredjelandskvote på 25 600 tonn er den samla norske kvoten av torsk nord for 62°N på 465 340 tonn, inklusive kysttorsk. Forskningskvoten på 7000 tonn er ikkje medrekna. I tillegg gjenstår 2000 tonn torsk frå tredjelandskvoten som ikkje er fordelt.

Totalkvoten for hyse er fastsett til 200 000 tonn for 2013. Dette er 118 000 tonn lågare enn i fjor, og 38 000 tonn lågare enn forvaltningsstrategien tilseier. Kvoten er redusert for å bremse vidare nedgang i bestanden. Med overføring av ein del av den russiske kvoten til Norge, er den samla norske kvoten av hyse nord for 62°N på 94 154 tonn. Som følge av tilbakeføring av unytta tredjelandskvote på 3 084 tonn er den samla norske kvoten av hyse nord for 62°N på 97 238 tonn. Forskningskvoten på 4 000 tonn er ikkje medrekna.

Ei hovudsak for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2012 har, som i 2011, vore arbeidet for ein styrka kontroll med uttak og omlasting av fisk i Barentshavet. I samband med forhandlingane om ein kvoteavtale for 2013 vart partane einige om å vidareføre arbeidet med å bekjempe det ulovlege fisket i Barentshavet og Norskehavet, og vidareføre og implementere ei rekkje av dei tiltaka partane tidlegare har vore einige om. I 2009 avtalte partane felles maskevidde, og i 2010 kom partane fram til felles minstemål og prosedyrar og kriterium for stenging og opning av fiskefelt. Torskebestanden i nord er i svært god forfatning, og for 2011 og 2012 vart det ikkje registrert nokon fangst utover fastsette kvotar i Barentshavet. Partane vart samde om at arbeidet med spørsmål knytt til utkast av fisk og arbeidet med å lage retningslinjer for å gjennomføre inspeksjon av fiskefartøy i Barentshavet og Norskehavet skal vidareførast i arbeidsgrupper.

I forhandlingane om ein kvoteavtale mellom Noreg og EU for 2013 vart kvoten på torsk i Nordsjøen sett til 26 475 tonn. Kvoten må sjåast i samanheng med arbeidet for å betre beskatningsmønsteret og redusere det reelle uttaket av torsk. I tråd med forvaltningsplanane er totalkvoten for hyse auka til 45 041 tonn, medan seikvoten er auka til 91 220 tonn. Nordsjøsildbestanden er i god forfatning. Totalkvoten vart sett på 478 000 tonn, som inneber ein auke på 18 prosent frå 2012. Noreg har for 2013 òg inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen.

Noreg har vidare inngått ein tosidig kvoteavtale for 2013 med Grønland. Det er for 2013 òg utveksla kvotar med Island i tråd med «Smottholavtalen» og den tilhøyrande tosidige avtalen, òg trepartsavtalen er vidareført mellom Noreg, Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen. På same måte som i fjor vart det ikkje inngått ein bilateral avtale med Færøyane for 2013 grunna usemje om makrellspørsmålet.

Det vart òg i 2012 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. Færøyane ønskte ein større del av kvoten for 2013 og dei andre partane ville ikkje redusere sin del av totalkvoten til fordel for Færøyane. Difor klarte ikkje partane å bli samde om ein ny fempartsavtale. Det vart i staden inngått ein firepartsavtale, utan Færøyane, for 2013. Det vart òg underteikna ein kyststatsavtale for kolmule for 2013.

Partane vart heller ikkje i 2012 einige om ein makrellavtale for 2013. Noreg og EU har ein bilateral avtale og har halde fram forhandlingane om ein ny kyststatsavtale som inkluderer Færøyane og Island, med Russland som observatør.

Partane i NEAFC (Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen) er einige om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet og Norskehavet i 2013.

Noreg har òg i 2012 delteke i ulike møte i globale og regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar som CCAMLR (Konvensjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis), ICCAT (Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk tunfisk) og SEAFO (Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjon).

Noreg har òg i 2012 delteke i ulike møte i både IWC (Den internasjonale kvalfangstkommisjonen), og NAMMCO (Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen).

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES (Det internasjonale råd for havforsking). Rådgjevinga frå ICES vert utarbeidd av ICES sin rådgjevande komiteen for fiskeriforvaltning, ACOM. ACOM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og arbeidsgrupper i ICES, og gjev årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

For alle dei viktigaste fellesbestandane har vi etablert langsiktige forvaltningsplanar.

Noreg har i ei årrekkje hatt særskilte kontrollavtalar med dei viktigaste samarbeidspartane i fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa. Den siste avtalen vart inngått med Spania i januar i år. Dermed har Noreg på plass avtalar med alle land som har interesser i norske havområde.

Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønskt aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i ulovleg, urapportert og uregulert fiske i internasjonalt farvatn vert nekta lisens i Noreg si økonomiske sone. Ein kan vidare nekte desse fartøya å føre norsk flagg under visse vilkår, og vidare nekte dei å lande fangst i norske hamner.

Norsk hausting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestandane torsk, hyse, blåkveite og lodde nord om 62ºN godt i 2011 og 2012. Med unntak av lodde i 2011 og reker i 2012 nytta Noreg lite av sonetilgangen i russisk økonomiske sone i 2011 og 2012.

I Nordsjøen vart heile den norske kvoten av fellesbestanden sild hausta i 2011 og 2012. Seikvoten vart godt utnytta i 2011 medan det stod igjen 18 prosent av kvoten i 2012. Torskekvoten vart nytta godt begge åra.

I EU sitt farvatn vart den norske kolmulekvoten nytta godt begge åra. Norske linefartøy fiska store delar av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme både i 2011 og 2012. Kvotane på sild, tobis og brisling vart òg godt nytta.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker 2011 og 2012.

På grunn av usemje i makrellforvaltninga vart det ikkje inngått bilateral avtale mellom Noreg og Færøyane i 2011 og 2012. Difor har norske fartøy ikkje fiska i færøyske farvatn i 2011 og 2012.

Noreg utnytta botnfiskkvotane ved Island godt i både 2011 og 2012.

I 2011 og 2012 fiska Noreg kvoten på norsk vårgytande sild i NØS, i internasjonalt farvatn og ved Jan Mayen. I 2012 vart det òg fiska 655 tonn sild til agn i færøysk sone. I 2011 fiska Noreg heile 47 314 tonn sild i internasjonalt farvatn, mot 4 315 tonn i 2012.

I loddefisket ved Island, Grønland og Jan Mayen sesongen 2011/2012 starta loddefisket i grønlandsk sone i juli 2011, for så å halde fram i islandsk sone vinteren 2012. Kvoten vart godt utnytta. Sesongen 2012/2013 vart det ikkje grunnlag for å opne for et sommarfiske. Dei norsk fartøya fiska i januar og februar 2013, og kvoten vart òg her godt utnytta.

I 2011 og 2012 fiska norske fartøy kolmule i EU-sona, i internasjonalt farvatn og i NØS. Noreg kan overføre 10 prosent av den norske kyststatsdel inkludert ei overføring på 0,5 prosent frå EU.

I 2011 og 2012 vart kyststatane ikkje einige om forvalting av makrell. Noreg og EU vart difor einige om ein bilateral avtale om forvaltning av makrell desse åra. Frå og med 2011 er det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell.

Noreg utnytta torskekvoten i NAFO(Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen) godt både i 2011 og 2012. Ingen fartøy fiska reker i området 3L i 2011 og 2012.

Utanlandsk hausting av kvotar

Når det gjeld forvaltninga av norsk vårgytande sild vart kyststatane i 2008 einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet frå og med 2008. Det vart opna for å føre over inntil 10 prosent av ubrukt kvote til neste år. Det vart òg gjeve høve til å forskottere inntil 10 prosent på neste års kvote. Alt fiske utover kvote skal trekkjast frå kvoten neste år. Færøyane og Noreg var dei einaste landa som i 2011 og 2012 fiska på forskot på 2012- og 2013-kvoten. Noreg fiska 25 624 tonn på forskot i 2011 og 19 437 tonn på forskot i 2012. EU, Island og Russland overførte unytta kvantum til 2012 og 2013.

Russland utnytta 64 prosent av torskekvoten i norsk økonomisk sone (NØS) i 2011, i 2012 utnytta dei 72 prosent. Russland fiska 88 prosent av hysekvoten sin i NØS i 2011, medan dei i 2012 hadde ei utnytting på 90 prosent. Dei fiska 115 124 tonn og 103 412 tonn norsk vårgytande sild i område under norsk jurisdiksjon i 2011 og 2012.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell, kviting, raudspette og tobis. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske- og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har òg vore gjennomgåande høg for EU.

Grunna usemje om makrell vart det ikkje inngått kvoteavtalar mellom Færøyane og Noreg for 2011 og 2012. Færøyane fekk like fullt tilgjenge til å fiske kolmule og sild gjennom høvesvis fempartsavtalen og kolmuleavtalen. Færøyske fartøy fiska 18 prosent av sildekvoten nord om 62°N i 2012, medan dei i 2011 fiska 50 prosent av sildekvoten nord om 62°N.

Grønland utnytta torskekvotane godt i 2011 og 2012. Grønlandske fartøy fiska 440 tonn sei i 2011, og 680 tonn sei i 2012.

Island fiska 99 prosent av torskekvoten i NØS nord om 62°N i 2011. I 2012 utnytta Island 100 prosent av denne kvoten. Islandske fartøy fiska 38 prosent av sildekvoten nord om 62°N i 2011, medan dei ikkje fiska av sildekvoten nord om 62°N i 2012. Island har dei siste åra fiska ein større del av silda i si eiga sone.

I hovudsak utnyttar Sverige dei bilaterale kvotane sine godt i norsk del av Nordsjøen. Fisket deira er i stor grad retta mot kvotane av torsk, sei, makrell, sild og reker.

Til forsida