Meld. St. 40 (2012–2013)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2013 og fisket etter avtalane i 2011 og 2012

Til innhaldsliste

Del 2
Dei ulike fiskeriavtalane for 2013

3 Dei ulike fiskeriavtalane for 2013

3.1 Bakgrunn

I tråd med dei etablerte rammeavtalane fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land og i internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjoner.

Dei viktigaste tosidige forhandlingane for 2013 er førte med Russland, EU og Grønland. Det er òg ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone.

Noreg har i 2012 og 2013 samarbeidd med Island og Grønland om gjennomføring av trepartsavtalen om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen og med Island om kvotebyte og oppfølging i tråd med Smottholavtalen.

Noreg tek vidare del i årlege kyststatsforhandlingar om makrell, norsk vårgytande sild(nvg-sild) og kolmule. Makrellforhandlingane har pågått i lang tid, men ein har enno ikkje lukkast å få semje mellom partane. Avtalen om kolmule er vidareført for 2013. For nvg-sild er det for 2013 inngått ein kyststatsavtale utan Færøyane.

Noreg er medlem av og tek del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane NAFO (Northwest Atlantic Fisheries Organization) og NEAFC (North East Atlantic Fisheries Commission). Noreg deltek i samarbeidet i IWC (International Whaling Commission) og NAMMCO (North Atlantic Marine Mammal Commission) om forvaltninga av kval. Som medlem i CCAMLR (Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources) er Noreg representert på møta til organisasjonen. Noreg tek òg del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT (International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas) og i den regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen SEAFO (South East Atlantic Fisheries Organization).

Det ligg ei balansert vurdering til grunn når Fiskeri- og kystdepartementet utnemner delegasjonar til dei forskjellige fiskeriforhandlingane som Noreg deltek i. Vurderinga byggjer i hovudsak på at dei partane forhandlingane vedkjem skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg storleik, og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane hatt representantar frå Fiskeri- og kystdepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Norges Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening og Norges Kystfiskarlag. Dei seinare åra har Kommunanes Sentralforbund og Sametinget vore medlem av delegasjonen for dei bilaterale forhandlingane med Russland. Kven forhandlingane kan seiast å vedkome vil like fullt kunne vurderast på sjølvstendig grunnlag frå år til år.

Før forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål startar, held Fiskeri- og kystdepartementet konsultasjonar med organisasjonane i næringa. På desse møta gjer ein greie for tilrådingane frå ICES (Det internasjonale råd for havforsking), og opplegget for forhandlingane med dei enkelte landa vert drøfta. Her legg ein grunnlaget for kva som skal vere instruksen til forhandlingsdelegasjonen. Den endelege klareringa av instruksen er det fiskeri- og kystministeren som har ansvar for. Dersom særlege omsyn talar for det, rådfører fiskeri- og kystministeren seg med resten av regjeringa.

3.2 Det vitskaplege arbeidet som ligg til grunn for å fastsetje kvotar

Noreg er medlem i Det internasjonale råd for havforsking, ICES. ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gjev regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og statane ved Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i området.

ICES vart danna i 1902, og sekretariatet ligg i København. Per i dag har ICES 20 medlemsland. I tillegg har ICES fleire observatørland. ICES har eit nettverk som består av meir enn 1600 forskarar frå 200 institutt, som har mandat frå ICES-konvensjonen som er vedteken av medlemmane i ICES. Forskarane samlar informasjon og forsking. ICES publiserer vitskapleg informasjon og rådgjeving i rapportar, publikasjonar (mellom anna ICES Journal of Marine Science) og på ICES sine heimesider.

Arbeidet til den rådgjevande komiteen for fiskeriforvaltning i ICES (ACOM) er nærmare omtalt seinare i meldinga. ACOM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og arbeidsgruppa til ICES, og gjev årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Den norske forvaltninga av dei viltlevande marine artane, og dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land, er i hovudsak baserte på rådgjevinga frå ICES.

Figur 3.1 Dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving

Figur 3.1 Dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving

3.3 Kvoteavtalane for 2013

Noreg – Russland

Avtalar om gjensidige fangstkvotar

Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. år om anna er det òg mogleg å fiske torsk i internasjonalt farvatn.

I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar og reguleringstiltak for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er nordaust-arktisk torsk, nordaust-arktisk hyse, blåkveite og lodde. Partane vart einige om å forvalte kongekrabbebestanden kvar for seg i sine respektive økonomiske soner frå og med 2007. Partane er òg einige om at resultata frå felles forskingsinnsats som gjeld bestandsvurderingar, migrasjon og innverknaden krabben har på økosystemet framleis skal drøftast på dei årlege sesjonane.

Partane avtalar òg fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland vert kvotane for nordaust-arktisk torsk og nordaust-arktisk hyse fordelte med 50 prosent til kvar av partane. Avtalen opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse bestandane i sona til den andre parten. Loddekvoten er fordelt med 60 prosent til Noreg og 40 prosent til Russland.

Kvoteavtalen for 2013 mellom Noreg og Russland vart underskriven i Trondheim 11. oktober 2012.

Partane vart samde om ein totalkvote (TAC) for nordaust-arktisk torsk på 1 000 000 tonn i 2013. I tillegg vart det fastsett ein kvote på kysttorsk på 21 000 tonn.

Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 139 520 tonn. Av dette kan 39 440 tonn fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Resten av kvoten til tredjeland er fordelt med 58 217 tonn for fiske i NØS og 41 863 tonn for fiske i RØS. Med overføring av ein del av den russiske kvoten til Noreg, er den samla norske kvoten av torsk nord for 62˚N på 418 740 tonn. Som følgje av tilbakeføring av unytta tredjelandskvote på 25 600 tonn er den samla norske kvoten av torsk nord for 62˚N på 444 340 tonn. Inklusive kysttorsk er kvoten 465 340 tonn. I tillegg kjem torsk til forskings- og forvaltningsformål som i 2013 er på 7000 tonn for kvar av partane. I tillegg gjenstår 2000 tonn torsk frå tredjelandskvoten som ikkje er fordelt.

For nordaust-arktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ein totalkvote på 200 000 tonn, inklusive forskingsfangst. Det er sett av ein hysekvote til tredjeland på 12 692 tonn, som er delt med 5 484 tonn i NØS, 3 264 tonn i fiskevernsona ved Svalbard og 3 944 tonn i RØS. Russland har overført 4500 tonn nordaust-arktisk hyse til Noreg for 2013. Etter overføring er den norske kvoten på 94 154 tonn og den russiske på 85 154 tonn. Som følgje av tilbakeføring av unytta tredjelandskvote på 3084 tonn er den samla norske kvoten av hyse nord for 62˚N på 97 238 tonn. I tillegg kjem hyse til forskings- og forvaltningsformål som i 2013 er på 4000 tonn for kvar av partane.

Noreg har tradisjonelt gjeve Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noreg si økonomiske sone. Dette er både av biologiske omsyn (større fisk lenger vest), og av kontrollomsyn som er betre med ei vestleg fordeling av fisket. Av omsyn til balansen i kvoteavtalen er Noreg og Russland òg for 2012 samde om like høve til å fiske torsk og hyse i sonene til kvarandre. Såleis kan Russland fiske 140 000 tonn torsk og 35 000 tonn hyse av sine kvotar i Noreg si økonomiske sone, og Noreg har høve til å fiske det same kvantumet torsk og hyse i Russland si økonomiske sone.

Partane vart i 2009 samde om ein fordelingsnøkkel for blåkveite som inneber at Noreg får 51 prosent, Russland får 45 prosent og 4 prosent er sett av til tredjeland for fiske i fiskevernsona ved Svalbard. Fordelinga er basert på eit omfattande vitskapleg arbeid av norske og russiske forskarar. Partane har fastsett ein totalkvote på 19 000 tonn for 2013. På den 40. sesjonen vart partane samde om tekniske reguleringstiltak i fisket etter blåkveite.

Loddebestanden har store naturlege svingingar, og partane er einige om ikkje å fastsetje TAC høgare enn at det er 95 prosent sannsynleg at 200 000 tonn får høve til å gyte. Difor, og i tråd med beskatningsstrategien, bestemte partane at det ikkje skulle drivast noko kommersielt loddefiske i perioden 2004-2008. I 2009 vart det i tråd med den vitskaplege rådgjevinga, vedteke å opne fisket etter lodde igjen, og for 2013 vart loddekvoten sett til 200 000 tonn.

Russland sin kvote for bifangst av vanleg uer og snabeluer utgjer 4000 tonn for 2013. Vidare har Russland ein kvote på 14 250 tonn sei, 7 750 tonn i bifangst ved fiske av torsk og hyse, og 6 500 tonn i direkte fiske. Russland har òg ein kvote på 4500 tonn steinbit som anten kan takast i eit direkte fiske eller som bifangst.

Russland kan i tillegg fiske 11 192 tonn kolmule i Noreg si økonomiske sone og i fiskerisona ved Jan Mayen utanfor 12 nautiske mil. Russland kan vidare fiske 3000 tonn andre artar som bifangst.

I det norske fisket på eksklusive russiske bestandar i 2013, har Noreg fått desse kvotane i russisk økonomisk sone: 3 500 tonn reker, 2500 tonn steinbit, 200 tonn flyndre for både direkte fiske og bifangst og 500 tonn andre artar som bifangst. Den norske kvoten på grønlandssel i Austisen er sett til 7000 vaksne dyr i 2013.

Norsk forvaltning av kongekrabbe er basert på St.meld. nr. 40 (2006-2007) Forvaltning av kongekrabbe, som mellom anna inneber ei todelt forvaltning på norsk side. I eit kystnært område aust for 26°Ø vert bestanden forvalta som ein ressurs og fangsten regulert, medan det utanfor dette området er utkastforbod og fri fangst av kongekrabbe. Den norske totalkvoten for reguleringsåret 2012/2013 i det regulerte området er på 900 tonn hannkrabbar og 50 tonn hokrabbar. Reguleringsåret går no frå 1. august til 31. juli. Den russiske kvoten av kongekrabbe var fastsett til 6000 tonn for 2013.

Kontroll

Innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 vart partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 vart dei samde om å etablere Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren. Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom kontrollstyresmaktene i dei to landa, inkludert utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata.

Grunna mange effektive tiltak, så er UUU-fisket i Barentshavet og Norskehavet kraftig redusert dei siste åra. Dette viser at forvaltninga er god i området og at samarbeidet mellom Noreg og Russland fungerer.

Det er fleire tiltak som er implementerte for å oppnå måla om ei berekraftig forvaltning. Mellom anna så har Noreg og Russland løpande utveksling av informasjon om omlastingar til havs og landingar i tredjelands hamner av fisk som utgjer fellesbestandar i Barentshavet og Norskehavet, på fartøynivå.

Noreg og Russland er einige om å halde fram med samarbeidet om å gjennomføre inspeksjonar av fiskefartøy i NEAFC sitt reguleringsområde og i Barentshavet. Begge landa gjev difor inspektørar frå kvarandre høve til å opphalde seg på den andre parten sine fartøy for å gjennomføre inspeksjonar av fartøy med eigen stats flagg som driv fiske i NEAFC sitt reguleringsområde og i Barentshavet.

Noreg og Russland er òg einige om å vidareføre arbeidet i analysegruppa for 2013. Gruppa består av representantar frå Fiskeridirektoratet og Kystvakta og Det føderale fiskeribyrået si territoriale avdeling for Barentshavet og Kvitsjøen og FSB si grenseavdeling i Murmansk fylke. Ekspertar kan engasjerast i gruppa sitt arbeide. Det vart bestemt at analysegruppa skal møtast etter behov i 2013. Analysegruppa skal òg samarbeide for å samkøyre informasjon på fartøynivå for norske og russiske fartøy. Dette bidreg til å avdekkje moglege brot på fiskerilovgjevinga. Eit anna formål med arbeidsgruppa er å få ei felles vurdering av totaluttaket av torsk og hyse for Noreg, Russland og tredjeland i Barentshavet og Norskehavet. Analysegruppa rapporterer om arbeidet sitt på møta i Det permanente utvalet. Det er for 2009 -2012 ikkje avdekt ulovleg overfiske av torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet.

Det vart halde ein ekstraordinær 41. sesjon i Moskva 8.-10. februar 2012. Sesjonen gjaldt i hovudsak arbeidet med å harmonisere det tekniske regelverket for fisket i Barentshavet og Norskehavet, inkludert spørsmål om vernesona ved Svalbard. Eit anna tema på den ekstraordinære sesjonen var utkast av fisk, hovudsakleg fordi Noreg reserverte seg mot den utkastformuleringa som vart skriven på den 40. sesjon. Bakgrunnen for reservasjonen var at formuleringa ga store bevismessige utfordringar for kontrollen med fisket.

Partane vart samde om at dette er sentrale oppgåver for Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon, og avtalte difor å arbeide vidare med harmonisering av regelverket og spørsmål knytt til utkast av fisk. På den 42. sesjonen vart partane samde om at Arbeidsgruppa for utarbeiding av tekniske reguleringstiltak for fisket i Barentshavet og Norskehavet (oppretta på den 37. sesjonen i Den blandete norsk-russiske fiskerikommisjonen) skal arbeide vidare med spørsmål knytt til utkast av fisk og leggje fram resultatet av arbeidet på neste sesjon i 2013.

På den 41. sesjonen vart partane òg samde om å utarbeide retningslinjer for å gjennomføre inspeksjon av fiskefartøy i Barentshavet og Norskehavet. Målet med retningslinjene er å etablere ei sameint forståing når det gjeld gjennomføring av inspeksjonar. På den 42. sesjonen vart partane samde om å vidareføre arbeidet i arbeidsgruppa.

Noreg – EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

Strukturen i avtalane

På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg vert òg tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtalen inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsetje totalkvotar for desse bestandane. Det har frå 1979 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane kom i 1997 òg fram til ein avtale om fast fordeling av totalkvotane for nordsjøsild.

Eit anna element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.

Nivået og omfanget av kvotebytet har tradisjonelt sett vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei seinare åra har det utvikla seg ein situasjon der torskekvoten Noreg tilbyr EU har auka medan bestandar EU gjev Noreg som motyting minkar. Dette gjer at Noreg i 2013 har halde tilbake over 20 000 tonn torsk.

Etablering av forvaltningsplanar og betring av beskatningsmønsteret

Innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess frå einsidige norske merknader i dei årlege kvoteavtalane, til eit meir forpliktande samarbeid for å finne løysingar på problema. Sjølv om ein ikkje gjer alt likt har Noreg og EU eit godt og tett samarbeid på fiskeriforvaltningsområdet.

Partane har forvaltningsplanar for sild, sei, torsk og hyse som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. Forvaltningsplanane skal ivareta omsynet til ei forsvarleg forvaltning og bidra til føreseielege rammer. Desse planane er no eit viktig verktøy for forvaltarane. I 2013 skal Noreg og EU arbeide med revisjon av planane for torsk og sild.

I arbeidet med å forbetre beskatningsmønsteret i Nordsjøen, er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte når ein tek opp fisk som det ikkje er att kvote på, når fisken er under gjeldande minstemål eller når fisken er teken i strid med gjeldande reglar. I tillegg vert det ofte fiska meir enn nødvendig, for å kunne velje ut den økonomisk sett mest verdfulle fisken. Fisk som vert kasta ut går ikkje inn som ein del av fangststatistikken, sjølv om han døyr i denne prosessen. Når fisken ikkje vert teken i land eller registrert som fangst, vert det naturleg nok eit avvik mellom registrert fiskedød og faktisk fiskedød. EU praktiserer eit utkastpåbod, medan utkast av fisk er forbode i Noreg. Ei løysing på utkastproblemet har vore ei hovudutfordring for Noreg og EU.

Gjennom forvaltningssamarbeidet med EU har vi etter kvart blitt einige om tiltak for å redusere utkast, mellom anna har EU innført forbod mot utsortering (high-grading). Noreg og EU var òg einige om eit system for stenging og lukking av fiskefelt, for å verne yngel og småfisk. Systemet vart evaluert og frå norsk side såg ein ikkje systemet som effektivt nok; det gav ikkje stengte felt i norske farvatn og vi vart ikkje einige om eit nytt felles system. Noreg innførte derfor i 2012 eit forbetra system i norske farvatn i Nordsjøen.

Innsatsen mot utkast vil truleg prege det allereie tette forvaltningssamarbeidet mellom partane i åra framover, og EU er i sluttfasen med å revidere sin felles fiskeripolitikk. I denne samanhengen har Europakommisjonen foreslått å innføre eit utkastforbod. Førebels har Europaparlamentet og Ministerrådet gjort dei første vedtaka i saka, men ein har framleis ikkje ferdigforhandla den endelege teksten.

Ministrane med ansvar for fiskeri frå Noreg, Danmark og Sverige underteikna i november 2011 ei felles erklæring om å innføre forbod mot utkast av fisk i Skagerrak. I den samanheng har vi òg samarbeidda om å innføre felles reglar for fiskarane frå dei tre landa i dette området. Vi er blant anna einige om reglar om meir selektive reiskapar i trålfiske etter reker som gjer at uønska bifangst vert redusert. Dermed vert òg utkastet redusert. Noreg og EU vart i juli 2012 einige om ein avtale for å implementere dette utkastforbodet frå 1. januar 2013. Det har vist seg at EU ikkje klarte å få nødvendig regelverk på plass tidsnok. Under forhandlingane om ein kvoteavtale for 2013 opplyste EU at forslaget ligg hos Europaparlamentet og Ministerrådet og at dei ventar at arbeidet kan sluttførast i løpet av 2013. Sverige og Danmark har likevel innført dei nye tekniske reguleringane. Noreg innførte dei nye reglane frå 1. januar 2013.

Kontroll

Arbeidet for skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket er ei viktig oppgåve. Dette skjer til dømes gjennom utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusiv fiskeaktivitet frå tredjeland, ved utveksling av observatørar som kontrollerer og overvaker og ved satellittsporing av fiskefartøy. I tillegg til satellittsporing er elektronisk fangstrapportering viktig i samband med kontroll. Noreg og EU har ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i kvarandre sine soner.

Frå 1. februar 2004 vart det innført like prosedyrar for landing og veging av pelagiske fangstar og eit standard vasstrekk frå slike fangstar på 2 prosent. Dei seinare åra har Noreg og EU lagt vekt på kontrollen med sjølve fisket og med landingar av pelagisk fisk. Det vert lagt særleg stor vekt på kampen mot UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert fiske) og difor er kontroll no eit svært sentralt tema i samarbeidet mellom Noreg og EU. Arbeidsgruppa av kontrollekspertar som har arbeidd med kontroll av pelagiske fangstar, skal fortsetje sitt arbeid med ulovleg, urapportert og uregulert fiske. For meir om kontroll sjå kapittel 2.6 – 2.8.

2013-avtalen

Noreg og EU underteikna 18. januar 2013 ein kvoteavtale for 2013.

Tabell 3.1 Følgjande kvotar er fastsett for fellesbestandane i Nordsjøen i 2013 (tonn):

Fiskeslag

TAC

Kvotar til

Noreg

Kvotar

til EU

Torsk

26 475

4 501

21 974

Hyse

45 041

10 359

34 681

Sei

91 220

47 734

43 486

Kviting

18 932

1 893

17 039

Raudspette

97 070

5 845

90 975

Makrell

61 263

39 599

21 664

Sild

478 000

138 620

339 380

Tala inkluderer overføring av 950 tonn raudspette frå Noreg til EU og 300 tonn sei frå EU til Noreg.

I tråd med forvaltningsplanane er totalkvotane for hyse og sei sett til 45 041 og 91 220 tonn i 2013. Dette er ein auke på 15 prosent. Kvitingkvoten på 18 932 tonn er ein auke frå 2012, og også kvoten for raudspette er auka frå 2012 til 2013.

For nordsjøsild vart partane einige om ein auke i kvoten til 478 000 tonn. Partane har høve til å fiske heile eller delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si sone i Nordsjøen.

Tabell 3.2 Etter avtalen kan Noreg og EU fiske følgjande kvantum fisk på andre fellesbestandar i 2013 (tonn):

Fiskeslag

Kvotar til Noreg

i EU-sona

Kvotar til EU

i norsk sone

Åugnepål

20 000

Tobis

22 450

Sei

500

Blålange

150

Lange

6140

945

Brosme

2923

170

Kombinert kvote

140

Reker

357

Hestmakrell

3550

Andre artar

3250

6500

Tunge

30

Breiflabb

1500

Sjøkreps

1000

Kolmule

45000

Avtalen inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane.

Dei norske banklinekvotane (blålange, lange og brosme) er på same nivå som i 2012. Breiflabbkvoten til EU i norsk sone er vidareført på 1500 tonn, medan kvoten på sjøkreps vart noko redusert.

Tabell 3.3 EU er tildelt følgjande kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62ºN i 2013(tonn):

Fiskeslag

Kvote

Norsk-arktisk torsk

19 971

Norsk-arktisk hyse

1 481

Sei

2 550

Blåkveite (bifangst)

50

Anna (bifangst)

350

På grunn av dei seinare års auke i torskekvoten kan ikkje EU gje Noreg full kompensasjon for deira torskekvote i Barentshavet. EU vart difor tildelt 19 971 tonn av eit tilbod på 40 820 tonn.

EU sin kvote på torsk nord for 62ºN for 2013 er likevel noko auka frå 2012. EU har tidlegare òg vore tildelt ein kvote på uer gjennom kvotebytet, men denne kvoten er teken ut av kvotebytet. Noreg pliktar å gje EU ein tilleggskvote av uer på permanent basis utanom kvotebytet i tråd med brevveksling av 2. mai 1992. Dette kvantumet er i 2013 på 1500 tonn. Uerkvoten kan berre takast som bifangst nord om 62ºN.

Tabell 3.4 Noreg er i 2013 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn):

Fiskeslag

Kvote

Brisling (EU-sona)

10 000

Blåkveite (EU-sona)

824

Reker (Grønland si sone)

2700

Blåkveite (Grønland si sone)

1150

Uer (Grønland si sone)

800

Kveite (Grønland si sone)

150

Skolest og isgalt (Grønland si sone)

120

I grønlandske farvatn er den norske kvoten på blåkveite redusert medan kveite er på same nivå og kvoten på reker er noko redusert. Kvoten på uer er redusert. Den norske kvoten på brisling i EU-sona vart vidareført på 10 000 tonn. Vidare er kvoten på blåkveite i EU-sona auka.

Noreg – EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat har tidlegare bygd på trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegne av Danmark og Sverige.

Avtalen fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på det tradisjonelle fiskemønsteret i området. Fordelingsmønsteret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.

Noreg og EU vart 18. januar 2013 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2013.

Tabell 3.5 Kvotane som gjeld for 2013 (tonn):

Fiskeslag

TAC

Kvotar til

Noreg

Kvotar

til EU

Torsk

3783

123

3660

Hyse

2 770

117

2 653

Kviting

1050

19

1031

Raudspette

9 142

183

8 959

Reker

6 650

3 099

3 551

Sild

55 000

7 335

47 665

Brisling

41 600

3 120

38 480

Andre artar

10 000

Totalkvotane for brisling og reke er noko reduserte, medan totalkvotane for hyse, sild og raudspette er noko auka. Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. Det tidlegare høge fisket etter ungsild frå nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskapar i Skagerrak, er dei siste åra vesentleg redusert. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 6659 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2013. Norske fiskarar kan i 2013 fiske inntil 50 prosent av den norske skagerrakkvoten på sild i norsk sone av Nordsjøen.

I følgje Skagerrak-avtalen, var havet utanfor 4 nautiske mil å sjå på som ope hav. I dag har Noreg 12 nautiske mils-territorialfarvatn og økonomisk sone utanfor det. Det finst såleis ikkje ope hav i Skagerrak. Noreg starta difor ein prosess med sikte på å endre rammeverket, slik at det vert i tråd med moderne havrett. Som ein konsekvens av dette sa Noreg opp Skagerrak-avtalen i 2009. Overeinskomsten opphøyrde 7. august 2012. Noreg og EU arbeider for å inngå ein ny avtale som sikrar gjensidig tilgang inntil 4 nautiske mil av grunnlinja i kvarandre sine soner for fiskarar frå Sverige, Noreg og Danmark.

Noreg – EU (Sverige)

Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje vorte opna for nye fiskeri.

Kvoteavtalen om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen i 2013 vart underskriven av Noreg og EU 18. januar 2013.

Svenske fiskarar fekk desse kvotane i norske farvatn i 2013:

I NØS sør for 62ºN: 382 tonn torsk, 707 tonn hyse, 880 tonn sei, 190 tonn samanlagt av lyr og kviting, 123 tonn reker, 922 tonn sild, 242 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fiskeslag på eit tradisjonelt nivå. Kvotane er ei vidareføring av nivået frå 2012.

Noreg- Færøyane

Sidan partane ikkje har kome til ein avtale om makrellforvaltninga har det ikkje vore forhandla om nokon byteavtale sidan 2010.

I dei årlege avtalane mellom Færøyane og Russland har Færøyane fått høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland i Noreg si økonomiske sone for å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane. I fråver av ein avtale mellom Noreg og Færøyane vert det ikkje gjeve høve til eit slikt byte i 2013.

Noreg – Grønland

Det har vorte forhandla fram årlege fiskeriavtalar mellom Noreg og Grønland sidan 1991. Samarbeidet på fiskeriområdet med Grønland fungerer godt. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reker, blåkveite og uer frå EU i grønlandske farvatn.

Grønlandske fiskarar kan ta desse kvanta i norske jurisdiksjonsområde i 2013:

I NØS nord om 62ºN: 3500 tonn nordaust-arktisk torsk, 1050 tonn nordaust-arktisk hyse, 1000 tonn norsk-arktisk sei og inntil 260 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Torskekvoten kan òg fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Dette elementet gjeld så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag. Medan kvotane på torsk er auka frå 3200, er kvoten på og hyse og sei uendra frå 2012. Som ein del av avtalen kan Grønland fiske delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN, under føresetnad av russisk aksept av ei slik ordning. Dette elementet gjeld òg så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag.

I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noreg og Russland sitt jurisdiksjonsområde. For 2013 har Grønland fått overført heile kvoten for fiske i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN.

Grønland sine kvotar i Nordsjøen er fasa ut.

Dei norske kvotane i Grønlands økonomiske sone er noko endra frå 2012 til 2013. I 2013 kan Noreg fiske følgjande kvanta i Grønland si sone:

Ved Vest-Grønland: 900 tonn blåkveite. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland kan trålfisket berre skje sør om 64º30'N.

Ved Aust-Grønland: 275 tonn blåkveite, 1800 tonn pelagisk uer, 400 tonn uer fiska med botntrål/line, 160 tonn kveite og 150 tonn bifangst av andre artar.

Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005. Avtalen er vidareført i 2013. Partane er einige om å fullføre samarbeidet om å etablere elektronisk fangstdagbok med intensjon om gjensidig rapportering i kvarandre sine soner gjeldande frå 1. januar 2014.

Noreg – Island

Gjennom trepartsavtalen av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholavtalen), greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet (Smottholavtalen er omtalt i St.meld. nr. 49 (1998–1999)). Den tosidige avtalen mellom Noreg og Island, òg av 15. mai 1999, regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg.

Etter den tosidige avtalen kan Island i sesongen 2013 fiske 9141 tonn nordaust-arktisk torsk i NØS nord om 62ºN. For 2012 var tilsvarande tal 6835 tonn. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 prosent. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone (IØS). Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten vert justert i takt med totalkvoten for nordaust-arktisk torsk. For 2011/2012 var loddekvoten 24 411 tonn og for 2012/2013 var kvoten 26 111 tonn. Ifølgje avtalen har Noreg krav på 34 921 tonn lodde for fiske i 2013/2014. Utsiktene for bestanden har vore usikre og Noreg har difor med bakgrunn i avtalen gått inn i forhandlingar om alternativ kompensasjon ved eit bortfall av loddefiske ved Island. Dette vil verte vidareført.

Smottholavtalen kan tidlegast reviderast i 2014, då avtalen vart vidareført i 2010.

Forvaltninga av norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (nvg-sild) er den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren og den største sildebestanden i verda. Frå 1996 til 2003 inngjekk Noreg, EU, Færøyane, Island og Russland årlege kyststatsavtalar om forvaltinga av sild. I desse fempartsavtalane hadde Noreg ein eigardel på 57 prosent. Med basis i prinsippet om sonetilhøyrsle, la Noreg fram krav om ein høgare norsk del. Partane kom ikkje fram til nokon fempartsavtale i åra 2003-2006. Men i denne perioden inngjekk Noreg bilaterale avtalar med Russland, og for 2006 òg med EU.

18. januar 2007 vart det på ny underteikna ein kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvalting av nvg-sild for 2007. Denne avtalen gav Noreg 61 prosent av nvg-sild. Avtalen inneheldt òg ein langsiktig forvaltningsstrategi. Partane var i tillegg samde om bilaterale avtalar om sonetilgang.

For 2013 ønskte Færøyane ein høgare del av den totale kvoten. Dei andre kyststatane ville ikkje redusere sin del av totalkvoten til fordel for Færøyane og partane klarte ikkje å bli samde om ein ny fempartsavtale. Noreg, Russland, Island og EU inngjekk difor ein firepartsavtale, der partane sette av eit kvantum for det færøyske fiske etter den tradisjonelle fordelingsnøkkelen. TAC for 2013 er sett til 619 000 tonn. Noreg sin del på 61 prosent er vidareført i firepartsavtalen og utgjer 377 590 tonn for 2013. Tilstanden til sildebestanden er god og han vert hausta berekraftig, men bestanden er framleis prega av ei svakare rekruttering etter 2004. Partane er einige om å vidareføre den felles forvaltningsplanen frå 2007, som er i tråd med føre-var-prinsippet, og har som formål å sikre eit høgast mogleg langtidsutbytte. Kyststatane har samtidig sendt ein førespurnad til ICES om gjennomgang av forvaltningsplanen, og partane skal møtast i juni 2013 for å diskutere eventuell revisjon av planen.

Etter semje mellom partane er det innført kvotefleksibilitet. Dette gjev kvar av partane høve til å overføre 10 prosent av den nasjonale kvoten til etterfølgjande år. Det er òg høve til å forskotere 10 prosent av kvoten for etterfølgjande år. Alt overfiske (òg utover 10 prosent) må likevel trekkjast frå kvoten for det etterfølgjande året. Det var semje om at denne avgrensinga òg gjer det mogleg å sanksjonere overfiske utover 10 prosent.

I tilknyting til firepartsavtalen vart partane bilateralt einige med Russland og Island om å vidareføre sonetilgangen i 2013 på same relative nivå som i 2012:

  • Fartøy frå Island kan fiske 89 817 tonn sild i fiskerisona rundt Jan Mayen og i NØS nord for 62°N, men ikkje meir enn 16 713 tonn i NØS. Om Island skulle nytte mindre enn 12 380 tonn i NØS i 2013, får Island ein tilleggskvote frå Noreg på 619 tonn i 2014. Norske fartøy kan fiske 43 523 tonn i islandsk økonomisk sone.

  • Fartøy frå Russland kan fiske heile sin kvote på 79 359 tonn i norske farvatn nord for 62°N.

  • EU fekk ein reduksjon i sin tilgang til å fiske sild som ein konsekvens av at Noreg fekk redusert sin tilgang til å fiske kolmule i EU –sona i 2013, og kan fiske 34 695 tonn i norske farvatn nord for 62°N.

Forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Ein trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart underskriven 12. juni 1989. Rammeavtalen om reguleringane i loddefisket er forhandla på nytt tre gonger: 25. juni 1992, 29. juni 1994 og 18. juni 1998. Dei mest sentrale elementa i desse avtalane omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde, og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i sonene til dei andre partane kvar loddesesong.

Island valde 30. oktober 2002 å seie opp trepartsavtalen med Noreg om regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. Avgjerda hadde verknad frå 1. mai 2003. På denne bakgrunnen opna nye forhandlingar mellom partane i juni 2003. Forhandlingane førde fram til ein ny avtale basert på hovudelementa i den tidlegare avtalen. Den nye avtalen vart underteikna 9. juli 2003. Hovudendringa var at avtalen gjeld for eitt år om gongen, framfor tre år i den gamle avtalen. Vidare vart artikkel 10 om satellittsporing teken ut, fordi punktet var forelda. Ingen av partane sa opp avtalen innan fristen i 2012, og avtalen gjeld dermed til og med 31. mai 2014. Neste frist for å seie opp avtalen er 30. november 2013.

Forvaltninga av kolmule

Noreg, EU, Færøyane og Island har inngått ein kystatsavtale om forvaltninga av kolmule for 2013. Bestanden er i god forfatning og vert hausta berekraftig. Kvoten aukar frå 2012 og er sett til 643 000 tonn i 2013. Innanfor denne kvoten har kyststatane gjennom NEAFC òg lagt til rette for ei avsetning til andre land sitt fiske i internasjonalt farvatn.

Partane har for 2013 fastsett ein kvote som er i samsvar med forvaltningsplanen som sikrar berekraftig forvaltning på føre-var-nivå. Partane er vidare samde om å revidere forvaltningsplanen før kyststatsforhandlingane om kolmule for 2014.

Noreg og EU vart ikkje einige om å oppretthalde den gjensidige sonetilgangen for 2013 på same nivå som i 2012. Norske fartøy fekk difor ein reduksjon i tilgangen til å fiske kolmule i EU-sona frå 68 prosent i 2012 til 64 prosent i 2013. Dei kan etter dette fiske 99 408 tonn i EU-farvatn i 2013.

Partane er vidare samde om at dei gjennom NEAFC skal setje ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på utbreiinga av bestanden og oppdatere fangststatistikken i samsvar med det arbeidet som vart gjort i forkant av forvaltningsavtalen frå 2005. Arbeidsgruppa skal møtast første gong i mai 2013.

Den norske totalkvoten er på 155 324 tonn kolmule i 2013.

Forvaltninga av makrell

På bakgrunn av ekspansjonen i det uregulerte makrellfisket i internasjonalt farvatn, fremma Noreg, EU og Færøyane eit felles forslag om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn på det ekstraordinære årsmøtet i NEAFC 8.-9. februar 1999. Forslaget vart vedteke mot stemmene til Russland og Island.

Med det felles forslaget aksepterte Noreg og EU implisitt at Færøyane er kyststat til makrellbestanden. Dette førte til at dei tre partane kunne starte forhandlingar om å etablere eit nytt forvaltningsregime for makrell. Drøftingane vart sluttførte 19. november 1999 då dei tre partane underteikna ein avtale om forvaltninga av makrell i Nordaust-Atlanteren for 2000.

Trepartsavtalen inneheldt ein sameint langtidsstrategi for forvaltninga av makrell som skulle sikre at uttaket av bestanden skjedde innanfor forsvarlege biologiske rammer. Avtalen vart revidert og endra hausten 2008 etter råd frå ICES. Dette skulle gje grunnlag for eit berekraftig fiske og høgt langtidsutbytte.

Partane vart ikkje einige om ein ny trepartsavtale for 2010. Noreg og EU inngjekk difor ein tiårig bilateral prinsippavtale om forvaltninga av makrell 26. januar 2010. I avtalen vart partane mellom anna samde om fordelinga seg imellom og tilgang til kvarandre sine farvatn for fisket etter makrell.

15.-18. mars 2010 møttest Noreg, EU, Færøyane og Island med sikte på å inngå ein ny kyststatsavtale om framtidig fordeling og forvaltning av makrell. Dette var første gong Island deltok på lik linje med dei opphavlege kyststatane. Russland deltok som observatør. Forhandlingane vart avslutta utan resultat. Usemja gjaldt Island og Færøyane sine krav om høgre del av kvoten og spørsmålet om sonetilgang.

I løpet av 2010, 2011 og 2012 har det vorte halde 13 forhandlingsrundar om forvaltning av makrell, utan at partane har nærma seg nemneverdig. Noreg og EU inngjekk difor årlege bilaterale avtalar om forvaltning av makrell for desse åra. Ein tilsvarande avtale er også inngått for 2013.

Forvaltninga av uer

Det finst tre artar av uer i Nordaust-Atlanteren, der to er av kommersiell interesse. Det er størst merksemd knytt til snabeluer-bestandane i Irmingerhavet og i Norskehavet, som vert utnytta av fleire statar.

Snabeluer i Irmingerhavet

I følgje nedtrappingsplanen skal partane ikkje hauste meir enn 26 000 tonn i 2013.

Partane i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og ikkje-kyststatane EU, Noreg og Russland. Alle partane utanom Russland vart i mars 2011 samde om ein fordelingsnøkkel og nedtrappingsplan for fisket. Noreg har i denne avtalen 3,85 prosent av totalen. Det samla uttaket har vore altfor høgt. Uttaket var òg i 2012 vesentleg høgare enn ICES si tilråding, fordi Russland, som ikkje godtek allokeringsnøkkelen og nedtrappingsplanen, har gitt seg sjølv ein svært høg kvote. Heller ikkje i 2013 er Russland part i avtalen. Noreg fiska heile sin kvote i 2011 og 2012.

Snabeluer i Norskehavet

I 2005 starta eit nytt fiskeri etter uer i den internasjonale delen av Norskehavet. Denne uerbestanden er hovudsakleg i norsk sone, men dreg på næringsvandring til internasjonalt farvatn tre månader om hausten. ICES har inntil 2012 tilrådd eit nullfiske i mangel av ein gjenoppbyggingsplan. For 2013 auka ICES rådet til 47.500 tonn. NEAFC vedtok så at 19.500 tonn av dette skal fiskast i internasjonalt farvatn i Norskehavet. Fisket er regulert som eit «olympisk» fiske, der alle kappfiskar inntil totalkvoten er teken og fisket vert stogga.

Ei uavhengig utgreiing vart sett i gang av NEAFC i 2008 med tanke på å etablere eit vitskapleg fundament for ein fordelingsnøkkel. Rapporten konkluderte med at sonetilhøyrsla til Noreg ligg på rundt 74 prosent. I tillegg kjem vår del av fisket kring vernesona rundt Svalbard. Russland er også kyststat til ueren, men med ein langt lågare del, omkring 4 prosent.

I april 2013 vart det halde eit NEAFC-møte med sikte på å verte einige om kor stor del av kvoten som skal setjast av til fiske i internasjonalt farvatn i Norskehavet, og ein fordelingsnøkkel for denne kvoten. Partane sto som venta langt frå kvarandre, og møtet vart utan resultat. Arbeidet med å få til ei fordeling og ei betre forvaltning av ueren vil halda fram.

NAFO

Det overordna målet til Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er å bidra, gjennom konsultasjonar og samarbeid, til langsiktig bevaring, optimal utnytting og rasjonell forvaltning av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NAFO har i 2013 12 medlemsland, frå Nord-Amerika, Europa, Asia og Karibia. Fire av medlemslanda er kyststatar til konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike (på vegner av St.Pierre et Miquelon) og Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland). NAFO-sekretariatet ligg i Dartmouth i Canada.

Figur 3.2 NAFO sitt konvensjonsområde.

Figur 3.2 NAFO sitt konvensjonsområde.

NAFO har i dei seinare åra lagt vekt på å modernisere organisasjonen, inkludert nødvendige endringar av sjølve NAFO-konvensjonen, og har vedteke ein revidert konvensjonstekst. Den nye konvensjonen tek mellom anna omsyn til føre-var-prinsippet, økosystembasert forvaltning, etablering av ein mekanisme for tvisteløysing og strukturelle endringar av organisasjonen. Endringane av konvensjonen vart vedtekne på årsmøtet i 2007. På årsmøtet i 2008 vart den reviderte konvensjonsteksten vedteken i plenum. Noreg har ratifisert den reviderte konvensjonen, men han har enno ikkje tredd i kraft.

Etter ti år med moratorium vart direktefisket etter torsk i reguleringsområde 3M opna igjen i 2010. Totalkvoten vart fordelt etter den historiske fordelingsnøkkelen, noko som innebar at Noreg fekk behalde sin del på 9,25 prosent. Både for 2011 og 2012 vart tilrådinga frå havforskarane følgd. For 2012 vart TAC sett til 9 280 tonn. Den norske kvoten vart på 859 tonn. For 2013 kom ikkje vitskapskomiteen med nokon konkret TAC-tilråding, men la fram tre føre-var-fangstsenario med ulik fiskedødsrate. TAC for 2013 er sett til 14 113.

Noreg har sidan 1993 fiska reker på Flemish Cap. Det har føregått to separate rekefiskeri i dette området, eitt i reguleringsområde 3M og eitt i reguleringsområde 3L. På grunn av den dårlege bestandssituasjonen vedtok NAFO, i tråd med havforskarane si tilråding, eit moratorium på rekefisket i 2011 i område 3M. I rådgjevinga for 2012 og 2013 stadfesta forskarane den sviktande bestandssituasjonen, og tilrådde ei vidareføring av moratoriet for 2012. Årsmøtet i NAFO vedtok å følgje denne tilrådinga for 2013.

I åra før 2011 låg totalkvoten for reker i reguleringsområde 3L på 30 000 tonn. For 2011 tilrådde vitskapskomiteen i NAFO å redusere TAC. Partane vart samde om ein reduksjon over 2 år. TAC vart fastsett til 19 200 tonn for 2011 og til 17 000 tonn for 2012. For 2011 gav dette Noreg ein del på 214 tonn. For 2012 tilrådde havforskarane å redusere totalkvoten til 9 350 tonn. På årsmøtet vart partane ikkje samde om å følgje tilrådinga frå forskarane, og fleirtalet vedtok ein totalkvote på 12 000 tonn. Noreg og Island stemde i mot. Den tilrådde TAC for 2013 er i rådgjevinga på 8 600 tonn mot 9 350 i nedtrappingsplanen. Årsmøtet i NAFO vedtok å følgje tilrådinga. Den norske kvoten vart på 96 tonn.

Noreg har også kvoterettar i NAFO på 30 prosent av totalkvoten for lodde i reguleringsområde 3NO. Grunna den dårlege bestandssituasjonen har det lenge vore forbode å drive direktefiske på denne arten.

Bestandsevalueringa for blåkveite har lenge vore vurdert som usikker. Ei arbeidsgruppe vurderte difor i 2010 alternative forvaltningsstrategiar og haustingsreglar. Forvaltningsplanen har ein haustingsregel der TAC vert fastsett på grunnlag av toktresultat. Regelen inneber samtidig at TAC ikkje kan variere med meir enn 5 prosent frå det eine året til det andre. Med utgangspunkt i modellar frå arbeidsgruppa vedtok årsmøtet i NAFO ein TAC for 2011 på 17 500 tonn. I tråd med forvaltningsstrategien vart det fastsett ein totalkvote på 16 326 tonn for 2012. For 2013 er vitskapskomiteen sin tilråding at TAC ikkje bør overstige 12 739 tonn. 5-prosentregelen inneber likevel ein TAC på 15 510 tonn, og det vart vedteke for 2013. Heile kvoten er delt mellom dei som har fiska mest etter blåkveite i NAFO-området dei siste åra. Noreg er ikkje blant desse landa, og kan ikkje fiske blåkveite før totalkvoten kjem opp på 30 000 tonn eller meir.

NAFO har dei siste åra arbeidd for å implementere fiskeriresolusjonen som FN vedtok i 2006 (UNGA 61/105) om å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem vert skåna. NAFO har òg arbeid med FAO sine retningslinjer for djuphavsfiske på ope hav. Ulike område i konvensjonsområdet er delt inn i tre kategoriar: noverande område, stengde område og nye fiskeområde. NAFO har formelt vedteke eit kart som viser dei noverande områda. NAFO har vidare vedteke at det skal stillast ulike krav i noverande og i nye område. Men dersom fisket i noverande område inneber store endringar samanlikna med tidlegare år, for eksempel bruk av nye reiskapstypar, eller på bakgrunn av ny vitskapleg informasjon, vil dei strengaste reglane verte nytta.

NAFO vedtok på årsmøtet i 2006 å stengje fire sensitive område for fiske med botnreiskapar. I dag er i alt 18 område i NAFO stengde for fiske med botnreiskapar. Desse inkluderer 12 viktige korall- og svampområde, ei sone med beskytta korallar og fem område med undersjøiske fjell.

NAFO har i tillegg vedteke regelverk som regulerer botnfiske og fartøya sine handlingar ved samanstøyt (kome i kontakt med) med sårbare marine økosystem. Grenseverdiane for samanstøyt har vorte redusert fleire gongar, og er no sett til 7 kg av korallarten sjøfjær, 60 kg andre levande korallar og 300 kg svamp. På årsmøtet i 2011 vart grenseverdiane for svamp reduserte frå 800 kg svamp per fangst til 600 kg for noverande område og til 400 kg for dei nye ufiska områda. Fartøyet pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem.

I utgangspunktet er fiske med botnreiskapar ikkje tillate i dei nye områda. Det er likevel gitt høve til eit forsøksfiske i desse områda. Det er stilt strenge krav når det gjeld rapportering på planlegging. Mellom anna er det plikt til å ha ein vitskapleg observatør om bord. På grunnlag av rapportar frå forsøksfiske og vitenskapleg rådgjeving kan NAFO opne for generelt fiske i avgrensa område.

Hamnestatskontrollregimet for NAFO vart vedteke på årsmøtet i 2008. Teksten baserer seg i stor grad på NEAFC sitt system. NAFO si svarteliste vart på årsmøtet i NEAFC i 2007 inkludert i NEAFC si svarteliste. Vidare er det eit krav om 100 prosent satellittsporing og observatørdekning i NAFO sitt område.

Meir informasjon finst på NAFO sine heimesider: http://www.nafo.int.

NEAFC

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen har som formål å sørgje for ei langsiktig bevaring og optimal utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Kommisjonen skal vidare leggje til rette for ei berekraftig, samfunnsøkonomisk optimal og miljøvennleg utnytting av fiskeressursane. Partane til NEAFC er Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland), EU, Island, Noreg og Russland. Sekretariatet ligg i London.

NEAFC har dei siste åra arbeidd for å tilpasse organisasjonen til utviklinga i internasjonal havrett, i tråd med m.a. prinsippet om føre-var og økosystemforvaltning. Noreg har vore ein sentral pådrivar for denne utviklinga.

Partane har slutta seg til endringar i konvensjonsteksten for å gje organisasjonen mandat til å gjennomføre ei meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av ressursane i konvensjonsområdet. Forslaget inneber at konvensjonsteksten vert oppdatert i høve til den utviklinga som har skjedd på dette området sidan 1982, så som havrettstraktaten, FN-avtalen om fiske på det opne hav m.v. Partane har òg slutta seg til ei erklæring der dei forpliktar seg til å tolke konvensjonsteksten i tråd med dei vedtekne konvensjonsendringane fram til desse trer i kraft. Noreg, EU og Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland) har ratifisert endringane i konvensjonen. Dei andre partane har varsla at dei har sett i gang prosessar for å ratifisere konvensjonen.

Den viktigaste funksjonen til NEAFC i dag er difor å bidra til utviklinga av gode regionale kontrollregime og ei utvikling mot ei meir økosystembasert forvaltning av havområda. NEAFC sine myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor 200-milssonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 nautiske mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part, dersom vedkomande part ønskjer det og støttar at eit reguleringstiltak vert sett i verk. NEAFC-konvensjonen gjeld i utgangspunktet for alle fiskeressursar i konvensjonsområdet, med unnatak av sjøpattedyr og langtmigrerande artar (langtvandrande artar) i den grad dei er omfatta av andre internasjonale avtalar (for eksempel tunfisk).

Figur 3.3 NEAFC sitt konvensjonsområde merka i blått, myndigheitsområde er merka i oransje.

Figur 3.3 NEAFC sitt konvensjonsområde merka i blått, myndigheitsområde er merka i oransje.

Fiskerireguleringar

NEAFC har i første rekkje ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partane sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Det gjeld kolmule, uer, norsk vårgytande sild og makrell. Det vert gjort kyststatsavtalar for desse bestandane. Desse er skildra ovanfor.

I kolmuleavtalen for 2011 vart det avsett ein kvote på 5831 tonn til fiske i internasjonalt farvatn (NEAFC sitt reguleringsområde). Innanfor denne kvoten vart Russland tildelt 2974 tonn og Grønland 217 tonn. I tillegg har Russland hatt ein særskilt kvote som vart fasa ut innan 2012. Denne særskilte kvoten var på 4000 tonn i 2011. Russland reserverte seg mot NEAFC-reguleringa og fastsette ein eigen autonom kvote i internasjonalt farvatn på 45 000 tonn. For 2012 var kolmulekvoten i NEAFC på 56 851 tonn. Avsetninga til Russland og Grønland vart høvesvis 29 002 og 2117 tonn. For 2013 er kvoten i NEAFC på 93 490 tonn. Avsetninga til Russland og Grønland er sett til høvesvis 47 694 og 3481 tonn.

Kyststatane Island, Færøyane og Grønland og ikkje-kyststatane EU og Noreg vart i mars 2011 einige om ein forvaltingsavtale for uer i Irmingerhavet. Avtalen inneber ein gradvis reduksjon av TAC frå 38 000 tonn i 2011 til 20 000 tonn i 2014. Totalkvoten for 2013 er på 26 000 tonn. Dette gjev ein norsk kvote på 1000 tonn. Russland har så langt ikkje vorte med på avtalen på grunn av usemje om del av kvoten og den vitskaplege rådgjevinga.

Noreg har på fleire årsmøte foreslått eit forbod mot direktefiske av uer i Norskehavet, i tråd med den vitskaplege rådgjevinga frå ICES. Noreg har ikkje fått tilstrekkeleg støtte til forslaga, og det vart difor fastsett kvotar på 7900 tonn i 2011 og 7500 tonn i 2012. For 2013 tilrådde ICES ein kvote på totalt 47 000 tonn uer i Barentshavet og Norskehavet. I samsvar med avtale frå Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon fremja Noreg eit forslag om ein kvote på 15 000 tonn i internasjonalt farvatn i 2013, av omsyn til usikkerheita i rådet frå ICES. EU fremja forslag om 47 000 tonn. Partane vart til slutt einige om ein kvote på 19 500 tonn for 2013.

I kyststatsavtalen for norsk vårgytande sild for 2012 vart det, som ved tidlegare år, fastsett at dei nasjonale kvotane kunne fiskast i NEAFC sitt reguleringsområde. Totalkvoten i 2012 var på 833 000 tonn. Den norske delen på 61 prosent ligg fast og utgjorde 508 130 tonn i 2012. For 2013 har Noreg, EU, Island og Russland inngått ein firepartsavtale om nvg-sild. Færøyane er ikkje part i avtalen på grunn av usemje om deira del av kvoten. I firepartsavtalen er det avsett ein kvote til fiske i internasjonalt farvatn i tråd med den tidlegare kyststatsavtalen.

Makrellkvoten i NEAFC vart tidlegare fastsett i trepartsavtalen mellom Noreg, EU og Færøyane. Kvoten vart fordelt etter fastsette prosentar, der kyststatane fekk 50 prosent til fordeling, medan Russland og Island fekk høvesvis 47 prosent og 3 prosent. På bakgrunn av manglande semje om ein kyststatsavtale for 2010, 2011 og 2012, vart det for desse åra fastsett ei ad hoc-regulering av makrellfisket i NEAFC. Denne regulerer mellom anna sonetilgangen til fiske av makrell i internasjonalt farvatn. Reguleringa er vidareført i 2013.

Kvoten på arten orange roughy var i 2011 på inntil 150 tonn per kontraktspart. For 2012 la EU fram eit forslag om forbod mot fiske, i tråd med dei vitskaplege tilrådingane. Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland) la fram eit forslag om vidareføring av reguleringa i 2011. Noreg støtta forslaget til EU. Ingen av forslaga oppnådde kvalifisert fleirtal under årsmøtet og det vart såleis ikkje vedteke noka regulering for 2012. Både EU og Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland) fremja sine forslag på nytt under årsmøtet i 2012. For å sikre ei regulering av arten, valde Noreg å støtte Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland), og forslaget på 150 tonn per kontraktspart vart vedteke.

Årsmøtet i 2011 vedtok å vidareføre eit mellombels forbod mot fiske av brugde (heile konvensjonsområdet), pigghå og håbrann (NEAFC sitt reguleringsområde) frå 2012 til 2014. Dette vart stadfesta av årsmøtet i 2012. For 2012 vedtok kommisjonen i tillegg forbod mot direktefiske av ei rekkje djuphavshaier i NEAFC sitt reguleringsområde. Forboda er vidareført i 2013.

NEAFC har hatt ein prosess med sikte på å etablere eit forvaltningsregime for djuphavsressursane utanfor jurisdiksjonsområda til kyststatane. Innsatsreduksjonen i fisket etter djuphavsartar som NEAFC vedtok i 2009 vart vidareført også i 2013.

Områdeforvaltning

NEAFC vedtok i 2004 å stengje fem område for botntråling og fastståande reiskapar. Årsmøtet i 2006 vedtok å stengje ytterlegare fem område. I 2009 vart dei stengde områda reviderte etter forslag frå Noreg. Mellom anna vart det vedteke å utvide eit område stengd for botntråling på Hattonbanken og å stengje eit område for fiske etter blålange utanfor Islands økonomiske sone. Dette er vidareført for 2013. I tillegg er det stengte området på Hattonbanken utvida, og eit nytt område på Edorabanken er stengt.

Kommisjonen vedtok under årsmøtet i 2008 operasjonelle reglar for fiske i sårbare område. Desse reglane vart justerte først under årsmøtet i 2009 og så i 2012. I reglane er det mellom anna stilt strenge krav når det gjeld rapportering og plikt til å ha ein vitskapleg inspektør om bord i nye område. Fartøy pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem.

Alle tiltaka som er vedtekne om marine verneområde og botnfiskeri er element i NEAFC si oppfølging av fiskeriresolusjonen til FN frå 2006 og FAO sine retningslinjer om botnfiskeri frå 2008. I september 2011 deltok NEAFC og kontraktspartane på eit arbeidsmøte i FN om evalueringa til FN av oppfølginga av resolusjonane, frå dei regionale organisasjonane og dei enkelte statane. Dette var eit ledd i rapporteringa til FNs generalforsamling om oppfølginga frå NEAFC av FN-resolusjon 61/1050 og 64/72.

PECMAS (NEAFC sin underkomité for forvaltning og vitskapleg rådgjeving) har i 2012 gjennomgått NEAFC sitt botnfiskregelverk. Hovedkonklusjonen er at botnfiskreguleringane i stor grad oppfyller dei krav som vert stilt av FN si generalforsamling og FAO. Nokre enkeltelement i reguleringane kan likevel verte betre, og det skal arbeidast vidare med dette i 2013.

På årsmøtet i 2010 vart det teke initiativ til eit utvida samarbeid med OSPAR om områdeforvaltninga i Nordaust-Atlanteren, og å få til eit felles arbeidsmøte med NEAFC, OSPAR og CBD i 2011. Det vart difor halde eit felles arbeidsmøte om identifisering av økologiske eller biologiske signifikante område (EBSA) i september 2011. Rapporten frå møtet er vurdert av ICES. ICES peikar på fleire svakheiter i rapporten, og det er difor klart at det står att mykje arbeid på feltet. Dette er noko NEAFC vil følgje opp med OSPAR.

Kontroll og handhevingsregimet

NEAFC oppretta svarteliste i 2005. Regelverket gjeld for fartøy som ikkje fører flagget til eitt av medlemslanda i NEAFC og aktivitet både i internasjonalt farvatn og i medlemslanda sine økonomiske soner er omfatta. Fartøy som står på svartelistene til NAFO, CCAMLR og SEAFO, og som ikkje er flagga i nokon av NEAFC-landa, skal inkluderast i svartelista.

NEAFC sine reglar for hamnestatskontroll vart sett i kraft 1. mai 2007. NEAFC har òg sett i verk eit omfattande opplegg for satellittovervaking av fiskeria i Nordaust-Atlanteren.

I 2009 vedtok NEAFC eit forbod mot utkast i NEAFC sitt reguleringsområde for dei viktigaste artane som vert regulerte av NEAFC i anneks I A i kontroll- og handhevingsregimet. EU røysta imot tilrådinga, og har reservert seg mot vedtaket.

Under årsmøtet i 2011 vart det gjort mindre justeringar i kontroll- og handhevingsregimet. Arbeidet med å utvide og harmonisere hamnestatskontrollen i tråd med den internasjonale havnestatsavtalen framforhandla under FAO held fram i 2013.

Meir informasjon finst på NEAFC sine heimesider: http://www.neafc.org/

IWC

Noreg er medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, som regulerer fangst av større kvalartar. IWC vart oppretta for å sikre ei berekraftig forvaltning av kvalressursane, og Noreg deltek på årsmøta og andre møte om forvaltning av kval. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er difor ikkje bunde av det. Frå 1994 til 2006 arbeidde IWC utan å lukkast med å få på plass eit revidert forvaltningsregime. Det var tanken at eit revidert forvaltningsregime skulle opne for kommersiell kvalfangst.

Forskarane i IWC har etablert spesielle prosedyrar for å vurdere dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteutrekningsmodellen, som er svært konservativ, er utvikla slik at han kan brukast til å rekne ut kvotar for alle bardekvalartar. Den norske kvoten vert fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i IWC sin vitskapskomité. For 2013 har Noreg fastsett ein kvote på 1286 vågekval.

Etter vedtak i regjeringa har ein sidan 2006 kunne ta kvoten i heile forvaltningsområdet til IWC, som er noko større enn havområdane under norsk jurisdiksjon. Det vil seie at det vart opna for fangst i internasjonalt farvatn mellom Noregs økonomiske sone og fiskerisona ved Jan Mayen.

I 2009 og 2010 var ikkje dei norske kvotane fordelt på underområda, altså Svalbard-området (ES), Barentshavet (EB)og de to forvaltningsområda sør til Nordsjøen (EW og EN) og Jan Mayen-området (CM). Fangarane kunne dermed ta kval der dei fann det mest tenleg innanfor desse områda.

Allereie etter to år av den inneverande seksårige forvaltningsperioden (2009-2014) skapte dette ei skeiv utvikling i fangsten. Fangstane var, på grunn av høge konsentrasjonar av kval, for store i underområdet ES (ved Svalbard) både i 2009 og 2010 til at dette kunne fortsette ut 6-årsperioden. For fangstsesongen 2011 vart kvoten i ES difor i utgangspunktet sett til 65 dyr. Dette skapte problem for fangarane og i juni 2011 vart det opna for fri fangst også i ES.

Figur 3.4 Underområder i forvaltninga av vågekval

Figur 3.4 Underområder i forvaltninga av vågekval

For 2012 vart det bestemt at grensa mellom underområda ES (Svalbardområdet) og EB (Barentshavet) skulle opphevast i forvaltningsordninga for kval, og at det som ein følgje av dette vart opna for fri fangst i underområda også i 2012. Denne framgangsmåten vart grunngjeven biologisk: Vi har i dag gode nok data og forsking, m.a. gjennom DNA-registeret for fanga kval, til å konkludere med at det ikkje er underbestandar av vågekval i dei områda som fangsten gjeld, og at det difor er vitenskapleg og forvaltningmessig forsvarleg å slå områda saman. Det hadde vore ønskjeleg at vitskapskomiteen slutta seg til denne områdeinndelinga, men det synes vanskeleg å få til so politisert som situasjonen i komiteen er.

Under vitskapskomiteen sitt møte i 2008 var det ein gjennomgang der all ny kunnskap (teljingar, genetiske data, etc.) vart oppsummert og diskutert. Den norske delegasjonen presenterte eit forslag til nytt bestandsestimat basert på teljingane for perioden 2002-2007. Det nye estimatet er 103 000 dyr for totalområdet, 79 000 for den austlege delen og 24 000 for Jan Mayen-området. Dette estimatet er veldig nær estimatet frå førre teljeperiode (107 000), men er nok meir usikkert. Det står att noko utrekningsarbeid for å redusere usikkerheita før estimatet kan godkjennast for bruk i IWC sin reviderte forvaltningsprosedyre, RMP. Punktestimatet (103 000) er akseptert. Under diskusjonen om forslaget vart det fremma ei liste med forslag til kva som bør gjerast før endeleg godkjenning. Modellen som vert brukt til å rekne ut usikkerheita til bestandsstorleiken, er tidlegare akseptert, men det ligg føre ei rekkje forslag til korleis han kan gjerast betre. Det nye bestandsestimatet vart endeleg godkjent på IWC sitt årsmøte i juni 2010. Teljingane og nye utrekningar om vågekval i norske farvatn for neste seks-årsperiode, vert avslutta i 2014 med behandlinga i IWC sin vitskapskomite.

Meir informasjon finst på IWC sine heimesider: http://www.iwcoffice.org/

NAMMCO

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, vart etablert i 1992. Hovudoppgåva var å arbeide for vern og forvaltning av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskaplege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men studiane og samarbeidet omfattar òg dei store kvalartane. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidet i arbeidsgrupper.

NAMMCO har lukkast godt i arbeidet med å forbetre jaktmetodar, eit arbeid som har interesse langt utover medlemslanda i NAMMCO. Representantar frå alle dei nordiske landa, Russland, Japan, Canada og USA deltek i dette arbeidet. Resultata gjev grunnlag for å forbetre jaktmetodane og setje nye standardar for jakt på sjøpattedyr.

Vitskapskomiteen i NAMMCO gjev råd og deltek i forskinga på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Arbeidet med å utvikle fleirbestandsmodellar går sakte fordi ein ventar på framdrift i nasjonale forskingsprosjekt. Dette arbeidet er viktig for forvaltninga av dei marine ressursane, og Noreg går inn for at NAMMCO skal prioritere arbeidet med økosystembasert tilnærming til forvaltning av sjøpattedyra i våre havområde.

NAMMCO hadde 20 års jubileum i 2012.

Meir informasjon finst på NAMMCO sine heimesider: http://www.nammco.no/

CCAMLR

Figur 3.5 CCAMLR sitt konvensjonsområde og dei ulike underområda.

Figur 3.5 CCAMLR sitt konvensjonsområde og dei ulike underområda.

Kommisjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis, CCAMLR, vart oppretta i 1981 med Noreg som ein av grunnleggjarane. Målet om «å bevare dei levande marine ressursane» er i konvensjonen definert slik at det omfattar rasjonell utnytting. Utanom fisket etter krill føregår det eit direkte fiske etter antarktisk tannfisk, patagonisk tannfisk og makrell-isfisk i området.

CCAMLR vedtek årleg tilrådingar om totalkvotar for dei ulike artane i konvensjonsområdet, som utgjer det meste av Sørishavet. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmane. Det er såleis ope for eit «olympisk» fiske, der alle fiskar inntil fisket vert stogga når totalkvotane er tekne. Kvotane er likevel delt på fleire mindre underområde (sjå figur 3.4). Formålet med det er å hente inn informasjon frå nærast heile området gjennom å spreie fangstane.

Noreg fastsette 13. mars 1998 ei føresegn om regulering av fiske med norske fartøy i Antarktis (CCAMLR-området). Føresegna gjeld for norske statsborgarar og personar busette i Noreg som driv fiske med norske fartøy i havområda på den sørlege halvkula, som er underlagt konvensjonen av 20. mai 1980 for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. Det er forbod mot å drive fiske utan at det er innhenta løyve frå norske styresmakter. Alt fiske med norske fartøy skal gjennomførast med vitskaplege observatørar frå andre CCAMLR-partar om bord. På dette viset hjelper fiskefartøya til med å samle inn data som kan nyttast av CCAMLR sin vitskapskomite.

Det er innført eit fangstdokumentasjonssystem for å overvake internasjonal handel og vise at patagonisk tannfisk som vert importert til eit medlem av organisasjonen, er fanga i samsvar med CCAMLRs regelverk eller teken utanfor CCAMLR-området. Det skjer ei kontinuerleg vurdering for å betre systemet og tette eventuelle smotthol. Noreg sette i verk dette systemet i mars 2000. Noreg hadde i sesongen 2012/2013 eitt fartøy i fisket etter patagonsk tannfisk i CCAMLR-området.

Det er store krillressursar i Sørishavet. Ein reknar biomassen til 60 millionar tonn i det området der det vert fiska i dag (statistikkområde 48). I dette området er det tilrådd ein fangst på 5,61 millionar tonn. For å gjennomføre den tilrådde fangsten er det eit vilkår at det vert oppretta område for forvaltninga som har mindre geografisk utstrekning enn dei fire underområda. Den maksimale fangsten for heile område 48 er delt på mindre kvotar i dei statistiske underområda 48.1 – 48.4, og samla må ikkje fangsten utgjere meir enn 620 000 tonn inntil desse særlege forvaltningsområda er etablerte. Dei siste åra har totalfangsten vore mellom 100 000 og 250 000 tonn. Dei norske fartøya har stått for ein betydeleg del av dette. For sesongen 2012/2013 (1. desember 2012–30. november 2013) har Noreg meldt på tre fartøy for krillfiske i CCAMLR.

Noreg deltok på CCAMLR sitt årsmøte i 2012. Estimata for ulovleg, urapportert og uregulert fiske er usikre, men det er teikn som tyder på at omfanget no er mindre enn for få år sidan. Nye tiltak vedtekne dei siste åra er særskilte tiltak for vern av sårbare marine økosystem. Her må det vitskapleg vurderast korleis fiske med reiskapar som kjem i kontakt med botnen, verkar på slike økosystem. Fartøy som fiskar med slike reiskapar må flytte seg og melde frå om dei kjem i kontakt med sårbare habitat under fisket. Fleire nye tiltak med særleg omsyn til sårbare økosystem er på plass for å svare til krava om vern i FN-fiskeriresolusjonen 61/105 frå 2006. Under årsmøtet i CCAMLR i 2011 lukkast det medlemslanda å verte einige om eit rammeverk for å etablere marine verneområde i Antarktis. CCAMLR skal møtast i juli for å drøfte dette vidare.

Meir informasjon finst på CCAMLRs heimesider: http://www.ccamlr.org/

ICCAT

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk, ICCAT, vart etablert i 1969. Denne regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen har ansvar for å bevare og forvalte tunfisk og tunfiskliknande artar i Atlanterhavet og Middelhavet. ICCAT har 48 kontraherande partar (medrekna EU som ein part). Organisasjonen sitt ansvarsområde omfattar omkring 30 artar, mellom anna makrellstørje som særleg i 1950-åra vart fiska i store kvanta langs norskekysten. Overfiske har ført til ein kraftig reduksjon i bestanden og førekomstane i våre farvatn er i dag nærast ikkje-eksisterande.

Frå slutten av 1990-talet tyda førekomstar av makrellstørje i norske farvatn på at bestanden kunne komme til å ta opp att sitt gamle beitevandringsmønster og igjen verte tilgjengeleg for fiske i norske farvatn. Som følgje av dette møtte Noreg som observatør i ICCAT frå 1998 til 2003. I tråd med våre havrettslege plikter til samarbeid med dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane som forvaltar bestandar som opptrer i våre farvatn og for å sikre oss høve til eit framtidig fiske på makrellstørje, vart Noreg medlem av ICCAT i 2004. Formålet med den norske deltakinga har i første rekkje vore å søkje å bidra til ei forvaltning som sikrar gjenoppbygging av makrellstørjebestanden i det austlege Atlanterhavet. Deltakinga i ICCAT er òg viktig for Noreg fordi organisasjonen spelar ei aktiv rolle internasjonalt når det gjeld utforming av regelverk.

ICCAT fastset kvotar for periodar på fire år. I samband med kvotefastsettinga for perioden 2007-2010 fekk Noreg for første gong forhandla fram ein kyststatskvote på austleg makrellstørje (bestandskomponent som dekkjer Middelhavet og det austlege Atlanterhav) som gjenspeglar ein fast del.

På årsmøtet i 2006 vedtok ICCAT ein gjenoppbyggingsplan for austleg makrellstørje som etablerer eit omfattande kontrollregime og tilhøyrande forvaltningstiltak. Men totalkvoten (TAC) vart sett dobbelt så høgt som tilrådd av ICCAT sin vitskapskomité. Gjenoppbyggingsplanen har vore revidert kvart einaste år sidan 2006. Revisjonane har medført ein gradvis reduksjon av TAC, men denne har heile tida lege på eit høgt nivå. Kombinert med manglande oppfølging av kontrolltiltaka i planen har bestandssituasjonen for makrellstørje vorte stadig dårlegare. Årsmøtet i 2009 vedtok ei rekkje nye tiltak for å betre forvaltninga, inkludert ein 40 prosent reduksjon i TAC som vart sett til 13 500 tonn. Dette var likevel høgare enn rådet frå vitskapskomiteen på 8 500 tonn. I den reviderte gjenoppbyggingsplanen for 2013 vedtok årsmøtet ein TAC på 13 400 tonn. Dette kvotenivået tek utgangspunkt i eit mål om å nå eit berekraftig bestandsnivå innan 2022 med 60 prosent sannsyn. I tillegg vert det avsett 100 tonn ekstra til Algerie som kompensasjon etter at dei utan konsensus fekk redusert sin kvote i 2011.

På bakgrunn av bestandssituasjonen har Noreg sidan 2007 fastsett forbod mot fiske og landing av makrellstørje i norske og internasjonalt farvatn.

ICCAT har òg vedteke reglar for bifangst av pelagiske haiartar i fisket etter tunfisk og tunfiskliknande artar i heile konvensjonsområdet. Reguleringane omfattar påbod om utkast, men for dei seinaste vedtaka finst det unnatak for partar som har utkastforbod som ein del av den generelle fiskerilovgjevinga. Forvaltninga av hai vert drøfta i ein eigen underkomite (Panel 4) som Noreg vart medlem av i 2011. Det er sett i gang ein prosess for å styrkje forvaltninga i ICCAT, med opning for å endre og modernisere konvensjonsteksten.

Meir informasjon finst på ICCAT sine heimesider: http://www.iccat.int/

SEAFO

Figur 3.6 SEAFO sitt konvensjonsområde

Figur 3.6 SEAFO sitt konvensjonsområde

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen, SEAFO, vart etablert i 2001 og har sitt hovudsete i Namibia.

Det overordna målet til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i Søraust-Atlanteren. Partane pliktar å innføre tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje dei økonomiske sonene til kyststatane i området.

SEAFO-konvensjonen vart underteikna av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegner av St. Helena) og Sør-Afrika, og dessutan EU, Island, Noreg og USA. Noreg ratifiserte konvensjonen 12. februar 2003. Konvensjonen er elles ratifisert av Angola, Japan, Namibia, Sør-Afrika og EU-kommisjonen. SEAFO-konvensjonen tok til å gjelde 13. april 2003. Sør-Korea vart offisielt medlem i 2011.

Dei norske kommersielle interessene i SEAFO-området er relativt små. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan få i området i framtida. Ein viktig grunn til at Noreg ratifiserte SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar av regionalt samarbeid om felles fiskeriressursar, og at Noreg òg deltek aktivt i ei rekkje andre regionale fiskeriorganisasjonar. SEAFO vart den første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen som vart etablert etter FN-avtalen om fiske, og vart då eit viktig forum for implementering av avtalens prinsipp. Norsk deltaking i SEAFO kan både gje innsyn i statspraksisen i området og høve til å påverke den. Vidare vil Noreg sitt bistandsengasjement i regionen kunne styrkjast ved å delta i SEAFO.

SEAFO har sett i verk fleire tiltak for å bekjempe UUU-fiske, og har vore ein pioner på mange områder. SEAFO var blant anna den første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen som godkjente lister over UUU-fartøy (svartelister) etablert av andre organisasjonar, og var også den første som innførte et adekvat regelverk for hamnestatskontroll allereie. Seinare har SEAFO, også som den første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen, implementert FAO sin avtale om hamnestatskontroll.

Møtet i 2012 vedtok at bifangst av kvotebelagte artar skal avreknast mot dei respektive kvotane. Det var dessutan semje om detaljerte reglar for å unngå bifangst av sjøfugl.

Til liks med andre regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar med ansvar for regulering av botnfisk, har SEAFO vedteke omfattande tiltak med særleg omsyn til å verne område med sårbare økosystem – for å svare til krava frå FNs generalforsamling. SEAFO har stengt fleire område for fiske, etablert prosedyrar for konsekvensanalysar og forsøksfiske, regelverk dersom reiskapar kjem i kontakt med sårbare økosystem under fiske, og regler for informasjonsutveksling.

Noreg har hatt presidentskapet i SEAFO dei siste fem åra, og organisasjonen vert no leia av Sør-Afrika.

Meir informasjon finst på heimesidene til SEAFO: http://www.seafo.org

Til forsida