Meld. St. 40 (2012–2013)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2013 og fisket etter avtalane i 2011 og 2012

Til innhaldsliste

Del 3
Bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltingsplanar

4 Bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltingsplanar

I dette kapitlet er det først ei kort oversikt over metodar for å måle fiskebestandar i felten, utrekningsverktøy (modellar), forvaltingsplanar, rådgjeving og dei såkalla referansepunkta. Deretter vert det gjort greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane som Noreg deler med andre land, i tillegg til tilrådd totalkvote, avtalt totalkvote og fangstar. Til sist kjem ein omtale av dei langsiktige forvaltingsplanane som Noreg har vedteke saman med andre land.

4.1 Bestandsutrekning og rådgjeving

4.1.1 Bestandsutrekning

Bestandsutrekning («assessment») inneber vanlegvis å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fangststatistikk og data frå vitskaplege tokt. Ved hjelp av ulike matematiske modellar reknar ein ut kor stor bestanden er i dag ved å sjå på kor store årsklassane var i fjor, og så trekkje frå dei individa som har døydd på grunn av fiske og naturleg død (vorte etne av andre, sjukdom, matmangel, alderdom) i løpet av året. Dei viktigaste datakjeldene i slike modellar er

  • fangststatistikk med stikkprøver av alderssamansetjing (skal fortelje kor mykje som er vorte fiska i løpet av året av dei ulike årsklassane)

  • toktdata (fortel om relative endringar i talet på fisk i kvar aldersgruppe i forhold til året før)

Fangststatistikk

Det er viktig å halde oversikt over kor mange individ som vert tekne ut av ein bestand. I nokre tilfelle kan ein sjå om bestanden veks eller minkar ved å samanlikne kor stor fiskeinnsats som ligg bak kvart tonn med fanga fisk frå år til år. Fisket gjev opplysningar om når, kvar, kva artar og kor mykje det vert fiska, viktig informasjon som vert mata inn i modellane til forskarane. Desse opplysningane må difor vere så nøyaktige som mogleg.

Toktdata

Havforskingsinstituttet brukar vanlegvis fleire ulike metodar for å måle mengda av fisk i havet:

  • ekkolodd/akustikk

  • trål

  • måling av eggproduksjon

  • merking/gjenfangst av fisk

Akustisk mengdemåling

Metoden baserer seg på at objekt i havet reflekterer lyd (ekko). Styrken, tidslengda, og forholdet mellom styrken ved ulike lydfrekvensar på ekkoet frå ein fisk eller fiskestim er avhengig av art og storleik på fisken, og av kor stor og tett stimen er. Desse samanhengane er etter kvart vorte rimeleg godt fastlagde gjennom eksperimentelle og kontrollerte målingar. Ved å måle og lagre ekkostyrke og ekkotidslengd langs kurslinjene og observere kva slags artar og storleikar som medverkar til dei akustiske målingane ved å ta prøver (trålfangstar), kan ein rekne ut kva slags fisketettleik, art og storleik ekkomålingane svarar til. Dei akustiske målingane og analysane vert utførte i LSSS (Large scale survey system), eit relativt nytt system som er utvikla av Havforskingsinstituttet og som etter kvart vert teke i bruk rundt om i verda.

Botntrål

Talet på fisk i kvar botntrålfangst vert rekna om til fisketettleik (tal per flateeining) ved å dividere på det arealet botntrålen har fiska over. Ved å ta eit stort tal trålstasjonar fordelt i heile utbreiingsområdet til bestanden, får ein fram ei fordeling basert på trålfangst per arealeining. Talet på fisk i kvar arts- og storleiksgruppe vert justert basert på kunnskap vunnen gjennom eksperiment, om kor mange fisk som vil vike unna trålen eller som vil sleppe gjennom maskene på trålen.

Måling av eggproduksjonen

Metoden kan kortfatta skisserast slik: Når ein veit kor mange egg som er gytt og kor mange egg ein hofisk gyt, kan ein finne ut kor mange hofisk som har gytt. Feltdelen, eller mengdemålinga av egg, er i hovudsak lik botntrålmetodikken. Med planktonhåv tek ein eit stort tal håvtrekk fordelt i heile gyteområdet. Fangstane av egg vert rekna om til eggtettleik (tal per flateeining). Multiplisert med tilhøyrande areal og justert for alderen til egga, får vi så totalt tal på egg gytt per dag. Gyteområdet vert dekka fleire gonger i løpet av gytesesongen. Når eggmengdene frå kvar dekking vert summerte over heile gytesesongen, får vi det totale talet på gytte egg.

Talet på egg som eit individ gyt er avhengig av art og storleik. Store hoer gyt fleire (og større) egg enn små hoer. Samanhengen er fastlagt, og talet på egg per gram hofisk er talfesta. Total mengd gytte egg, dividert med talet på egg per gram hofisk, gjev til slutt vekta eller biomassen til gytebestanden av hofisk. Prøvetaking syner kor mykje hannfisk og hofisk det er i gytebestanden. Vanlegvis er dette forholdet nær 1:1.

Merkeforsøk

I si aller enklaste form kan formelverket som vert nytta skisserast slik:

Talet på fisk i bestanden/talet på merkte fisk = Talet på fisk i fangst/talet på merkte fisk i fangst.

Dersom ein held greie på kor mange merke som vert sette ut, kor mange merke som vert funne att og kor mange fisk som vert fanga, kan ein ved hjelp av denne formelen rekne ut mengda av fisk i bestanden.

4.1.2 Metodar for utrekning av bestandsstorleik

Bestandsutrekning inneber som nemnt å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fisket, data frå tokt der relative bestandsendringar vert observert, og beskatningsgraden (fisketrykket). Utfallet er grunnlag for rådgjeving om fiskekvotar, og er elles viktig for meir grunnleggjande forsking på tilhøve som avgjer storleiken på bestanden, rekruttering osv.

For dei fleste bestandar av interesse for Noreg vert desse utrekningane gjort i samarbeid med forskarar frå fleire land i arbeidsgrupper innanfor Det internasjonale råd for havforsking, ICES. Utrekningsverktøyet er matematiske modellar. Det finst ei rekkje slike modellar, og dette er eit forskingsfelt i rask utvikling. Valet av modell vil avhenge av eigenskapane til bestanden og kva slags data som er tilgjengelege. I Noreg brukar ein hovudsakleg modellar der føresetnaden er at både fangstane og toktdata ligg føre som tal på fisk fordelt på alder. Medan talet på fisk i fangstane er eit absolutt tal, er talet på fisk målt på tokt eit relativt tal; ein indeks. Det gjer at målingane kan knytast til årsklassar, og at kvar årsklasse kan følgjast over tid.

For somme artar brukar vi ikkje metodikk basert på fangststatistikk. I våre farvatn gjeld det først og fremst lodda. Her brukar ein den akustiske målinga av bestanden som eit absolutt mål for bestandsstorleiken, og nyttar så modellar som tek omsyn til at den naturlege dødsraten mellom målinga og gytetidspunktet vil variere med kor mykje torsk og andre rovdyr som er i området, som basis for rådgjevinga om kvotar.

For mange artar i våre farvatn har ein berre data og relevant informasjon frå fiskeria å støtte seg til når bestandsstorleiken skal estimerast og evaluerast. Rett kvantifisering av kor stor fiskeinnsats (inkl. endring av effektivitet) som ligg til grunn for eit rapportert fangstkvantum er eit nødvendig forskingsområde framover for å kunne relatere fiskeridata til bestandsstorleik på ein påliteleg måte.

4.1.3 Forvaltingsmålsettingar og rådgjeving

Det er naturen som set grenser for kor mykje som kan haustast av ein fiskebestand. Innanfor denne avgrensinga er det like fullt mange alternative måtar å nytte ressursen på, avhengig av kva slags mål ein har. Vi snakkar her om ulike forvaltingsmålsettingar nedfelt i forvaltingsplanar. Desse kan vere tidsavgrensa eller permanente. Ein permanent plan kan til dømes vere å fiske med ein gjeven utnyttingsgrad. Ein tidsavgrensa plan kan til dømes ta sikte på å byggje opp att ein bestand til eit visst nivå. I begge tilfelle bør det vere mogleg å revidere planen undervegs.

For forvaltingsmålsettingar og haustingsreglar er berekraft ei grunnleggjande norm. Optimal ressursutnytting og stabilitet er andre kriterium det er rimeleg å ta omsyn til. For å kunne vurdere utnyttingsgrad og bestand i forhold til slike kriteria, er det utvikla biologiske referansepunkt. Tradisjonelt har desse vore nytta i forvaltingsrådgjeving både som grenseverdiar og målverdiar. Nedanfor er det eit oversyn over dei vanlegaste referansepunkta og kva dei tyder, men først er det nødvendig å forklare enkelte vanlege, faglege omgrep.

Total dødsrate (Z) i ein fiskebestand vert delt opp i naturleg dødsrate (M) og fiskedødsrate (F). Fiskedødsraten skal omfatte den delen som skuldast fisket. I praksis vil det like fullt vere vanskeleg å få mål på utkast og død som kjem av kontakt med fiskereiskapar, slik at fiskedødsraten i bestandsutrekningar som regel berre omfattar ilandført registrert fangst. Naturleg dødsrate omfattar då all annan død. Forskarane nyttar «momentane» dødsrater. Dette må ikkje forvekslast med prosentvise dødsratar. Skilnaden kjem av at den momentane dødsraten står i høve til det gjennomsnittlege talet på fisk gjennom året, medan ein prosentvis del gjerne står i høve til talet på fisk ved starten av året. Medan ein prosentvis rate ikkje kan bli større enn 1.0 (alle fiska opp) kan ein momentan dødsrate bli større, sjå tabell 4.1.

Tabell 4.1 Samanheng mellom dødsrate og prosent av bestandsstorleik ved starten av året

Dødsrate

0,1

0,2

0,3

0,4

0,5

0,6

0,7

0,8

0,9

1,0

1,5

2,0

Prosent av bestandsstorleik ved starten av året

9,5

18,1

25,9

33,0

39,3

45,1

50,3

55,1

59,3

63,2

77,7

86,5

I forvaltingssamanheng er det som regel berre fiskedødsrate som vert presentert. Naturleg død kjem i tillegg til dette. Ein fordel ved å bruke «momentan» dødsrate, er at dette ofte er tilnærma proporsjonalt med fangstinnsatsen. Ei dobling av fangstinnsatsen tilsvarar omtrent ei dobling av fiskedødsraten.

Eit haustings- eller utnyttingsmønster syner korleis haustinga/utnyttinga er fordelt på kvar aldersgruppe. Dette vil mellom anna vere avhengig av reiskapsseleksjon. Som regel vil utnyttinga vere lågare for ung fisk enn for eldre. Utnyttingsmønsteret er uavhengig av utnyttingsgrad (fiskedødsrate), og refererer berre til det relative tilhøvet mellom aldersgruppene. Endringar i utnyttingsmønsteret kan ha stor innverknad på langtidsutbyttet.

Referansepunkt dannar grunnlag for rådgjeving om fiskekvoter

I forvaltinga nyttar ein ulike referansepunkt for å talfeste kritiske verdiar for fiskedødsrate og gytebestandsbiomasse. Det finst to hovudgrupper av slike referansepunkt: Føre-var-referansepunkt og referansepunkt knytta til maksimalt berekraftig utbytte (MSY). I kapittel 4.1.4 vert det gjort greie for korleis desse referansepunkta inngår i dagens rådgjeving frå ICES. Under følgjer litt bakgrunn for korleis desse punkta vert rekna ut.

Føre-var-referansepunkt

Føre-var-regelen (eller føre-var-tilnærminga) i forvalting av naturressursar er nedfelt i fleire internasjonale konvensjonar etter Rio-konferansen i 1992. Sidan 1998 har ICES definert og talfesta føre-var-referansepunkt for dei fleste bestandane. Referansepunkta omfattar både utnyttingsgrad (fiskedødsrate) og storleik på gytebestanden.

Berekraftige fiskeri er eit sentralt omgrep i dei tidlegare nemnde internasjonale konvensjonane. Ut frå det langsiktige aspektet som ligg i dette, og ut frå den historiske erfaringa med forvalting av fiskebestandar, er fiskedødsraten rekna som eit viktig kriterium for føre-var-forvalting. Ein vil sikre seg mot at bestanden vert utsett for ein fiskedød som på lengre sikt kan føre til samanbrot i bestanden. Ut frå historiske bestandsdata og enkle føresetnader om samanhengen mellom gytebestand og rekruttering, har ein for kvar bestand prøvd å definere ei nedre grense for gytebestanden (Blim), der det er stor risiko for dårleg rekruttering om gytebestanden kjem under denne grensa. Tilsvarande er det definert ei øvre grense for fiskedødsraten (Flim) som, dersom ho vert overskriden over lengre tid, svært sannsynleg vil føre bestanden ned på eit nivå der rekrutteringa er venta å verte dårleg.

Når ein tek omsyn til uvisse i bestandsvurderingane, krev ei føre-var-forvalting at det vert lagt inn ein tryggleiksmargin i høve til desse «absolutte» grensene. Ei føre-var-grense for gytebestanden (Bpa)1 må difor vere noko høgare enn Blim, og ei føre-var-grense for fiskedødsraten (Fpa) må vere noko lågare enn Flim. Denne tryggleiksmarginen vil altså avhenge av presisjonen i bestandsutrekninga og graden av naturleg variasjon i bestanden. Fpa kan sjåast som den høgaste fiskedødsraten som vil vere i samsvar med ei føre-var-forvalting, men er òg knytt til om ho er berekraftig. Bpa er først og fremst ei tiltaksgrense. Dersom gytebestanden er lågare enn Bpa, bør ein ta det som ei åtvaring og setje inn ekstra tiltak for å få bestanden opp igjen på eit tryggare nivå. På figurane i kap. 4 er føre-var-grensa for gytebestanden teikna inn som ei raud linje. Denne er berre vist for dei siste åra i perioden, sidan dette er ei tiltaksgrense det er relevant å samanlikne estimata av no-bestanden med. Lengre tilbake i perioden er bestandsestimata mindre usikre, og føre-var-grensa er difor ikkje så relevant å samanlikne med.

ICES bruker no omgrepet å «hauste på ein ikkje berekraftig måte» i dei tilfella der fiskedødsraten er for høg. I dei tilfella der fiskedødsraten er over Fpa, men under Flim, er omgrepet at «det er risiko for at bestanden ikkje er hausta berekraftig». Når fiskedødsraten er under Fpa, seier ein at «haustinga er berekraftig». Vidare, når det gjeld gytebestanden, seier ICES at om bestanden er i god forfatning og over Bpa, har den «god reproduksjonsevne». Om bestanden er under Bpa, men over Blim, heiter det at den har «risiko for sviktande reproduksjonsevne», og til sist, om bestanden er i dårleg forfatning og under Blim, har den «sviktande reproduksjonsevne».

Referansepunkt knytt til maksimalt berekraftig utbytte (MSY – Maximum Sustainable Yield)

MSY-konseptet har tidlegare vore brukt innan fiskeriforvaltinga og statusen til omgrepet vart styrka i 2002 i Johannesburg-erklæringa. Maksimalt berekraftig utbytte (MSY) er eit omgrep som har som mål å sikre høgast mogleg utbytte over lang tid av ein bestand. I praksis er MSY bestemt av vekstrate, naturleg dødsrate og reproduksjonsrate i bestanden. Desse retningslinjene gjeld for ein MSY-basert tilnærming:

  • Det må fastsetjast referansepunkt som avgrensar kva for gytebestand som vil produsere MSY.

  • Fiskedøden må ikkje overstige den fiskedødsraten som fremmar MSY.

  • Den biomassen som fremmar MSY kan brukast som eit mål for gjenoppbygging for ein overfiska bestand.

Føre-var-tilnærminga er eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg vilkår for MSY. Populasjonar må oppretthaldast innanfor sikre biologiske grenser etter føre-var-prinsippet for å gjere MSY mogleg. Manglande vitskapleg informasjon skal ikkje vere ei orsaking for å utsetje forvaltning som opprettheld bestandar innanfor sikre biologiske grenser og/eller sinkar gjennomføring av ein strategi for å oppnå MSY.

Fiskeria påverkar fiskebestandane gjennom fiskedødsrate (F) brukt på bestanden. Produksjon i ein fiskebestand er summen av vekta til populasjonen (biomasse) tillagt rekruttering og vekst og fråtrekk av tap frå naturleg død. Produksjonen kan vere svært variabel, men i gjennomsnitt heng han saman med storleiken på bestanden (ofte uttrykt som biomasse av gytebestanden eller SSB) som igjen er avhengig av F. Det vil seie at for kvart nivå av F er det ein langtids gjennomsnittleg produksjon og bestandsstorleik. Samanhengen mellom F, produksjon og bestandsstorleik vert kalla produksjonsfunksjonen. Produksjonen er den fangst ein kan hauste utan at bestandsstorleiken endrar seg. Toppen på denne produksjonsfunksjonen er MSY og den fiskedødsraten som fremmar denne toppen over tid, vert kalla FMSY.

Fiskedødsraten (F) er den einaste variabelen i produksjonsfunksjonen som kan kontrollerast direkte ved fiskeriforvaltning. Berre gjennom F kan forvaltning av fiskeria kontrollere storleiken på gytebestanden, men han er òg utsett for naturleg variasjon som frå år til år kan overstige påverknad av F. Å hauste ein konstant fangst på MSY er ikkje eit berekraftig val sidan MSY er eit langtidsgjennomsnitt. Det maksimale konstante utbyttet som kan takast er vesentleg lågare enn MSY.

I ICES ser ein at innan fiskeriforvalting er det fleire ulike karakteristika for fiskebestandar som varierer, og informasjonen tilgjengeleg for dei forskjellige bestandane varierer òg. Difor har ICES delt bestandane inn i tre ulike kategoriar som dette rammeverket vert brukt på. Det er langliva bestandar med bestandsestimat, kortliva bestandar med bestandsestimat og bestandar utan bestandsestimat. Det er litt ulik framgangsmåte mellom kategoriane for å bruke ICES sitt rammeverk. I det følgjande oppsummerer vi karakteristika for langliva bestandar med bestandsestimat som fleire av våre bestandar tilhøyrer.

For langliva bestandar med bestandsestimat baserer ICES MSY-tilnærminga på å halde fiskedødsraten på nivå med eller lågare enn FMSY. Ved denne tilnærminga vert både fiskedødsrate og biomasse-referansepunkt nytta. Desse referansepunkta er FMSY og BMSY-trigger. BMSY er ein tenkt verdi som bestandsstorleiken fluktuerer rundt når F=FMSY. BMSY-trigger er eit biomassereferansepunkt i haustingsregelen som utløyser ein føre-var-respons. Denne responsen er å redusere fiskedøden for å styrkje bestanden si evne til å byggje seg opp att. Konseptet med BMSY-trigger er utvikla frå PA-referansepunktet Bpa som ICES har nytta som basis for fiskerirådgjeving i meir enn eit tiår. Bpa er ei nedre grense for eit biomassenivå der det er lågt sannsyn for svekka rekruttering.

ICES si MSY-tilnærming er nedfelt i haustingsreglar (HCR) av den typen som er framstilt i figur 4.1.

Figur 4.1 MSY-tilnærming vist i haustingsregel.

Figur 4.1 MSY-tilnærming vist i haustingsregel.

BMSY-trigger vert gjerne sett lik Bpa (når dette referansepunktet er tilgjengeleg), dersom det ikkje er gode grunnar for å bruke noko anna. Dersom ein i framtida får betre kunnskapar om korleis SSB (biomasse av gytebestanden) varierer med fiske rundt FMSY, bør BMSY-trigger revurderast. Revurderte verdiar bør liggje høgare enn Bpa i dei fleste tilfella.

ICES sin MSY-haustingsregel (Figur 4.1) er utforma for å fremje gjenoppbygging av bestanden til det normale området av bestandsstorleikar som er knytt til MSY når bestanden er lågare enn dette (det vil seie når bestanden er lågare enn BMSY-trigger).

4.1.4 Rådgjeving frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES)

Rådgjevinga frå ICES vart frå og med våren 2008 utarbeidd av den nye rådgjevande komiteen, ACOM. ACOM er sett saman av ein forskar frå kvart av dei 20 medlemslanda i ICES i tillegg til leiaren. ACOM er no ICES sin einaste rådgjevingskomité for utarbeiding av vitskaplege råd for kyst-/havressursar og økosystem. ACOM baserer sitt arbeid og sine råd på ekspertgrupper som utfører dei vitskaplege analysane, kvalitetssikringsgrupper («review groups») som òg bruker uavhengige medhjelparar og grupper som lagar utkast til råd (Advisory Drafting Groups). Alle desse gruppene får støtte og sekretærhjelp av ICES-sekretariatet i København.

For å gjere prosessane som fører fram til råda frå ICES så opne som mogleg, er det opna for at observatørar frå einskilde interesseorganisasjonar kan ta del i møta til ACOM og i møta til gruppene som lagar utkast til råd. Observatørar kan òg ta del i arbeidet med kvalitetssikring av råda. Observatørane må godkjennast av dei einskilde nasjonale delegatane.

ACOM kjem med råd fleire gonger om året, men råda for bestandar som Noreg har interesser i kjem på to ulike tidspunkt – bestandar i Barentshavet (utanom lodde) og Nordsjøen i juni, og dei pelagiske bestandane makrell, nvg-sild, lodde og kolmule i oktober. Rådet på reker i Barentshavet og Skagerrak/Nordsjøen kjem utanom dei faste tidspunkta og vert vanlegvis gjevne i november.

Frå 2010 tok ICES MSY-omgrepet inn i si rådgjeving. ICES gjev fiskeriråd som er konsistente med alminnelege internasjonale prinsipp for MSY, føre-var-tilnærming og økosystemtilnærming, medan det på same tid må svarast på spesielle behov frå forvaltingsorgan som ber om råd. Fiskeria som ICES gjev råd for har så langt ikkje generelt vore forvalta med MSY som målsetjing. Frå EU er det kome krav om at EUs fiskeri skal forvaltast etter MSY-prinsippet innan 2015, og dette gjer at ICES sin rådgjeving utviklar seg i denne retninga. Denne utviklinga omfattar planar for ein overgangsprosess for å oppnå full implementering av MSY-tilnærminga innan 2015.

Rådgjevinga frå ICES frå og med 2011 skjer etter følgjande retningslinjer:

  • For bestandar der det finst ein forvaltingsplan som er i tråd med føre-var-prinsippet og/eller MSY-tilnærminga, og som alle partar i forvaltinga er samde om, skal rådet gjevast i samsvar med denne planen.

  • Dersom det ikkje finst ein forvaltingsplan som alle partar er samde om, skal rådet gjevast på basis av MSY-tilnærminga eller i tråd med planane for overgang til ei slik tilnærming.

  • Dersom det ikkje ligg føre MSY-utrekningar for bestanden, må råda baserast på annan informasjon, til dømes trendar i bestandsmålingar og/eller fangstrater i kommersielt fiske.

I tillegg til råda er det ein omtale av tilstanden til bestanden, forvaltingsmål, opsjonstabell med konsekvensar av ulik utnytting, rådgjeving og dessutan tabellar og figurar som illustrerer historia til bestanden. Råda er offentlege og kan lesast på internettsida til ICES (http://www.ices.dk).

Havforskingsinstituttet omset rådgjevinga frå ICES til norsk, kommenterer og utdjupar der det trengst, og legg alt ut på si internettside ( http://www.imr.no). Dette for at det ikkje skal vere tvil om kva som er ICES si vurdering og kva som er Havforskingsinstituttet si offisielle vurdering av bestandssituasjonen og råd til dei forvaltande styresmakter.

4.2 Tilstandsrapportar og rådgjeving for dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn

4.2.1 Nordaust-arktisk torsk

Bestanden er no utbreidd i mesteparten av Barentshavet, også nord for Polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelt år finst skrei heilt sør til Stad.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 650 000 tonn. I perioden 1994-1998 var samla årleg fangst over 700 000 tonn, minka så til 415 000 tonn i 2000, og auka etter dette gradvis til om lag 640 000 tonn i 2005 inkludert overfiske (Figur 4.2). Frå 2005 til 2008 gjekk fangsten ned frå om lag 640 000 tonn til kring 460 000 tonn, men har sidan auka jamt. Her er det lagt til grunn tal for eit urapportert overfiske (sjå under), noko som er omstridt. Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 prosent av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaust-arktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65-70 prosent av fangsten teken med andre reiskapar.

I 2009-2011 har det ikkje vore registrert overfiske av bestanden, noko som saman med gunstige miljøtilhøve har resultert at den er i svært god forfatning. Dette heng spesielt saman med innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå 1. mai 2007, aktivt bilateralt samarbeid og auka merksemd om problemet både i næringa og på politisk hald.

Utrekningsmetodar

Grunnlaget for utrekningane er toktresultat (indeksar som vert brukt som relative mål), årleg totalfangst (rapportert pluss berekna urapportert fangst) og prøvetaking frå fisket. I tillegg tek ein omsyn til torskens beiting på småtorsk (kannibalisme), som vert rekna ut frå mageprøver. Bestandsanalysen er talfesta gjennom ein «fangst ved alder» analyse styrt mot toktresultat for dei siste åra. Heile analysen er gjort med ulike modellar som i store trekk har gjeve samstemte resultat. Største kjelde til uvisse i bestandsberekningane er no knytt til fangsttala og tokttala. Urapportert overfiske er ikkje lenger sett på som ein viktig faktor. Området dekt av tokta har variert mellom år, og dette skapar problem for utrekningane, spesielt når den geografiske utbreiinga av bestanden også varierer. Likevel fangar tokta opp hovudtrekka i bestandssvingingane.

Bestandsgrunnlaget

Figur 4.2 syner utviklinga av totalbestanden sidan 1946. Bestanden minka frå 1993 til 1999, men har sidan det auka til eit svært høgt nivå. Tala viste for 2013 i figur 4.2 er prognosar. Ein viktig grunn til auken etter 1999 er truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria, og betre samsvar mellom tilrådde kvotar og fiske dei siste åra. Gytebestanden er i dag på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida.

Tilrådde reguleringar og avtalar for 2013

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES gytebestanden til å vere godt over føre-var-nivået og fiskedødsraten (F) til å vere nær ein historisk låg verdi. ICES tilrådde ein kvote for 2013 (940 000 tonn, tabell 4.2) i tråd med den sameinte haustingsregelen. ICES påpeika òg at utøvinga av torskefisket må ta omsyn til trongen for vern av kysttorsk og trongen for redusert bifangst av vanleg uer. I 2009 vart det lagt til eit kriterium i haustingsregelen som seier at fiskedødsraten (F) ikkje skal vere mindre enn 0,30 dersom gytebestanden er større enn føre-var-grensa. Dette tillegget vart vurdert av ICES i 2010 og funne i samsvar med føre-var-tilnærminga. Råda for 2012 og 2013 vart gjevne i samsvar med dette tillegget i haustingsregelen, medan dette elementet i haustingsregelen ikkje fekk konsekvensar for rådet for 2012. Den norsk-russiske fiskerikommisjonen valde å fråvike handlingsregelen og fastsette ein kvote for 2013 på 1 000 000 tonn. Bakgrunnen for dette var den sterke bestandssituasjonen, og ein uventa stor auke i bestandsanslaget.

Figur 4.2 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk torsk 1946–2013. Fangst i 2012 og fangst og bestand i 2013 er prognosar. Fangst i 2013 = TAC.

Figur 4.2 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk torsk 1946–2013. Fangst i 2012 og fangst og bestand i 2013 er prognosar. Fangst i 2013 = TAC.

Det avtalte fangstnivået vil innebere at gytebestanden og totalbestanden held seg på eit høgt nivå, og fiskepresset på bestanden er venta å halde seg på det låge nivået ein har hatt dei siste åra. Regelen har ført til at fiskerikommisjonen har avtalt torskekvoten om lag i samsvar med ICES sine råd etter 2005 (tabell 4.2).

Tabell 4.2 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk torsk sidan 1997.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1997

Godt under Fmed

< 993

850

762

589

1998

F < Fmed

514

654

593

387

1999

Minka F til under Fpa

360

480

485

294

2000

Auka SSB til over Bpa i 2001

110

390

415

241

2001

Høgt sannsyn for SSB > Bpa i 2003

263

395

426

356

2002

Minka F til under 0.25

181

395

535

499

2003

Minka F til under Fpa

305

395

552

551

2004

Minka F til under Fpa

398

486

606

660

2005

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

485

485

641

616

2006

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

471

471

538

613

2007

Minka F til under Fpa, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

309

4242

487

680

2008

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

409

4303

464

743

2009

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

473

5254

523

1154

2010

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

577,5

6075

610

1365

2011

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

703

703

720

1857

2012

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

751

751

2063

2013

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

940

10006

22251

1 Framskriving.

2-6 Fastsett kvote var høgre enn kvoterådet for 2007 og 2008, men det skuldast at Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen og ICES nytta ulike tal for urapportert fiske når kvoten vart rekna ut på bakgrunn av haustingsregelen. For 2010 vart partane samde om å auke kvoten meir enn det den dåverande forvaltingsstrategien tilsa, men i samsvar med det nye tillegget som vart vurdert i 2010.For 2009 og 2013 valde ein å setje kvoten høgare enn gjeldande forvaltingsstrategi utan at dette støtta seg på alternative utrekningar.

4.2.2 Nordaust-arktisk hyse

Fisket

Hyse vert fiska gjennom heile året, i hovudsak som bifangst i trålfisket etter torsk, særleg når bestandsnivået er lågt. Historiske rapporterte årsfangstar har variert mellom 21 000 og 322 000 tonn sidan 1950. Gjennomsnittleg årsfangst er 135 000 tonn. Dei siste åra har Russland og Noreg stått for meir enn 90 prosent av landingane.

Utrekningsmetodar

I utrekningane av kor stor hysebestanden er, brukar ein same reknemodell som for nordaust-arktisk torsk, og i desse utrekningane inngår fangststatistikk, toktdata og torskens konsum av hyse. Området dekt av tokta har variert mellom år, og dette skapar problem for utrekningane, spesielt når den geografiske utbreiinga av bestanden også varierer. Likevel fangar tokta opp hovudtrekka i bestandssvingingane.

Bestandsgrunnlaget

Bestanden av nordaust-arktisk hyse minka frå 1995 til 2000, men har sidan auka til det høgaste nivået ein har hatt i perioden frå 1950 og fram til i dag. Toppnivået for totalbestanden hadde vi i 2009-2010, medan gytebestanden var på topp i 2011. Dette høge nivået kjem av at vi fekk tre sterke årsklasser på rad (2004–2006). Rekrutteringa har etter dette normalisert seg, og det er venta ein nedgang i bestandsnivået i dei komande åra.

Tilrådde reguleringar

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES bestanden til å ha god reproduksjonsevne og eit berekraftig fiskepress. ICES tilrådde ein kvote for 2013 på 238 000 tonn (tabell 4.3) i tråd med den sameinte haustingsregelen. Kvoten vart fastsett til 200 000 tonn, grunngjeve med at ein ønskjer å avgrense nedgangen i bestanden. Haustingsregelen avgrensar dei årlege endringane i kvoten til 25 prosent dersom gytebestanden er over føre-var-grensa, og det var denne avgrensinga som førte til at kvoterådet vart så høgt som 238 000 tonn. Haustingsregelen har ikkje vore testa for slik rekrutteringsdynamikk som ein har opplevd dei seinare åra, og ICES vil difor i 2013 på nytt vurdere om avgrensinga på 25 prosent i årleg kvoteendring er å rekne som føre-var.

Figur 4.3 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk hyse 1950-2013.

Figur 4.3 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk hyse 1950-2013.

Fangst i 2012 og fangst og bestand i 2013 er prognosar. Fangst i 2013=TAC.

Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk hyse sidan 1997.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1997

Hald F godt under Fmed

< 242

210

154

195

1998

Hald F under Fmed

< 120

130

101

146

1999

Minka F til under Fpa

< 74

78

83

115

2000

Minka F til under Fpa

< 37

62

69

101

2001

Minka F til under Fpa

< 66

85

90

143

2002

Minka F til under Fpa

< 64

85

115

167

2003

Minka F til under Fpa

< 101

101

139

191

2004

Minka F til under Fpa

< 120

130

158

190

2005

Minka F til under Fpa

< 106

117

159

211

2006

Minka F til under Fpa

< 112

120

153

175

2007

Avgrens totalfangst

< 130

150

162

211

2008

Avgrens totalfangst

< 130

155

156

207

2009

Bruk haustingsregel

< 194

194

200

248

2010

Bruk haustingsregel

< 243

243

249

350

2011

Bruk haustingsregel

< 303

303

310

445

2012

Bruk haustingsregel

< 318

318

379

2013

Bruk haustingsregel

< 238

200

3111

1 Framskriving.

4.2.3 Nordaust-arktisk sei

Fisket

Utbyttet av seifisket nord for 62°N nådde ein topp på 212 000 tonn i 2006 og har seinare minka (Figur 4.4) ned mot gjennomsnittsutbyttet for 1960-2011 som var på 163 000 tonn. Noreg tek om lag 90 prosent av fangsten på denne bestanden, og dei ti siste åra har trålfisket stått for 45 prosent av dei norske landingane, not 25 prosent, garn 20 prosent og line, snurrevad og jukse til saman 15 prosent.

Utrekningsmetodar

For sei nord for 62°N brukar ein same utrekningsmetodikk som for torsk og hyse. Datagrunnlaget som inngår er derimot noko annleis, i tillegg til fangstdata (tal landa fisk fordelt på aldersgrupper) frå det kommersielle fisket brukar ein indeksar frå eit akustisk tokt og fangst per eining innsats frå trålfisket.

Bestandsgrunnlaget

Seibestanden nord for 62°N er i bra forfatning. Seibestanden nord for 62°N var på eit historisk høgt nivå i 2001–2007, men det er sidan registrert ein bratt nedgang i både umoden bestand og gytebestand (figur 4.4). Årsklassane 1999 og 2002 var gode, og 2005- og 2007-årsklassane litt over snittet for 1960–2010, elles har rekrutteringa i seinare år vore under middels eller svak. Kysttoktet hausten 2012 viste ein liten auke i mengda sei, med eit større innslag av to og tre år gamal fisk som kan gje grunnlag for betre rekruttering til fiske og gytebestand i dei næraste åra.

Tilrådde reguleringar

ICES klassifiserte bestanden til å ha god reproduksjonskapasitet og til å vere hausta berekraftig. Det vart i 2007 innført ein ny haustingsregel for nordaustarktisk sei, som ICES evaluerte til å vere i tråd med føre-var-tilnærminga. Ifølgje haustingsregelen vil gytebestanden med rekruttering rundt eller under langtidsgjennomsnittet kome enno nærare føre-var-nivå (220 000 tonn) dei næraste åra. Havforskingsinstituttet har difor tilrådd at utnyttingsgraden ikkje vert sett høgare enn utnyttingsgraden for maksimalt langtidsutbytte. Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett kvoten for 2013 til 140 425 tonn (tabell 4.4), som er 15 prosent lågare enn rådet frå ICES.

Figur 4.4 Utviklinga i bestand og fangst av sei nord for 62°N 1960–2013. Fangst i 2012 og fangst og bestand i 2013 er prognosar. Fangst i 2013=TAC.

Figur 4.4 Utviklinga i bestand og fangst av sei nord for 62°N 1960–2013. Fangst i 2012 og fangst og bestand i 2013 er prognosar. Fangst i 2013=TAC.

Tabell 4.4 Tilrådd TAC, fastsett TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av norsk-arktisk sei sidan 1997.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1997

Minka F til Fmed eller lågare

107

125

144

252

1998

Minka F til Fmed eller lågare

117

1451

153

279

1999

Minka F til under Fpa

87

1442

150

291

2000

Minka F til under Fpa

< 89

1253

136

350

2001

Minka F til under Fpa

< 115

135

136

381

2002

Minka F til under Fpa

< 152

1624

155

467

2003

Halde F til under Fpa

< 1684

164

162

454

2004

Halde F til under Fpa

< 186

169

165

516

2005

Halde F til under Fpa

< 215

215

179

587

2006

Halde F til under Fpa

< 202

193,5

212

553

2007

Halde F til under Fpa

< 247

222,5

199

577

2008

TAC i.h.t. HCR eller lågare

< 247

<247

185

512

2009

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer

< 225

225

162

414

2010

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer

< 204

204

195

383

2011

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer

< 173

173

157

351

2012

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

< 164

164

314

2013

Bruk haustingsregelen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

< 164

140,4

3025

1 TAC først sett til 125 000 tonn, auka i mai 1998 etter ekstraordinære bestandsanalysar.

2 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1998.

3 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1999.

4 TAC først sett til 152 000 tonn, auka til 162 000 tonn etter bestandsanalysane i april 2002, opphavleg råd frå ICES for 2003 på 168 000 tonn følgjeleg redusert til 164 000 tonn.

5 Framskriving.

4.2.4 Nordaust-arktisk blåkveite

Blåkveite er ein flatfisk med svært vid og kontinuerleg utbreiing langs dei djupare kontinentale skråningane frå den austlege delen av Canada til nord om Spitsbergen. I Nordaust-Atlanteren finst ungfisken for det meste rundt Svalbard, nord og aust av Spitsbergen og austover forbi Frans Josef Land. Den vaksne delen av bestanden finst særleg langs eggakanten frå 62°N til nordaust for Spitsbergen, med dei høgaste konsentrasjonane i djupne på 500-800 m mellom Noreg og Bjørnøya.

Fisket

Gjennomsnittsfangsten av nordaust-arktisk blåkveite har vore like i overkant av 15 000 tonn etter 2000 (Figur 4.5). Internasjonal fangststatistikk frå 2012 er enno ikkje ferdig, men fisket er venta å verte om lag 18 000 tonn. Den norske flåten fiska om lag 9 000 tonn blåkveite i 2012. Om lag 75 prosent av fangsten vart teken av line- og garnflåten, medan resten vart teken av trålarar.

Bestandsgrunnlaget

Både dei viktigaste tokta og den eksperimentelle bestandsutrekninga viser ein gradvis auke i gytebestanden sidan 1992. I denne perioden har gjennomsnittsuttaket vore i underkant av 15 000 tonn og det vert tolka som at bestanden kan tole eit slikt uttak og framleis ha ein moderat auke.

Utrekningsmetodar

For nordaust-arktisk blåkveite vert det berre sett på trendar i bestanden, men det vert nytta same metodikk som for torsk, hyse og sei til å rekne ut bestandsnivået som indikasjon på bestandsutviklinga. Denne utrekninga er ikkje godkjent av ICES på grunn av problem med alderslesinga. I denne utrekninga inngår fangststatistikk og toktdata. Det viktigaste grunnlaget for rådgjevinga er trendane i dei viktigaste tokta for denne bestanden (Figur 4.6). Hausten 2013 skal ICES ha ein ’benchmark’ for denne bestanden, der ein mellom anna vil kome med framlegg til ny utrekningsmetodikk. Ein benchmark er ein grundig gjennomgang av metodikken for bestandsvurdering, og ICES gjer dette med nokre års mellomrom.

Figur 4.5 Utviklinga av den totale fangsten av blåkveite 1964–2013. Fangst i 2012 er prognose og fangst i 2013 er TAC.

Figur 4.5 Utviklinga av den totale fangsten av blåkveite 1964–2013. Fangst i 2012 er prognose og fangst i 2013 er TAC.

Figur 4.6 Biomasseestimat frå tre trålseriar for nordaust-arktisk blåkveite. NorComb – kombinasjon av tre norske tokt, Russ – eit russisk tokt om hausten, og NorCPUE – eit norsk tokt med leigebåtar (avslutta i 2006).

Figur 4.6 Biomasseestimat frå tre trålseriar for nordaust-arktisk blåkveite. NorComb – kombinasjon av tre norske tokt, Russ – eit russisk tokt om hausten, og NorCPUE – eit norsk tokt med leigebåtar (avslutta i 2006).

Tilrådde reguleringar

Ingen referansepunkt er definerte for bestanden. Den siste gjennomgangen endra ikkje oppfatninga av tilstanden til bestanden og gav ikkje grunnlag for å endre rådet gjeve i 2009. Dermed vart rådet for fiske i 2013 det same som i 2010-2012. Bestanden har vore på eit relativt lågt nivå dei siste 25 åra med fangstar på 15 000–25 000 tonn. For å auke gytebestanden seier ICES at det er naudsynt å halde uttaket under dette nivået. Fangstane bør difor vere lågare enn 15 000 tonn (Tabell 4.5). Eit slikt nivå har vist seg å gje auke i gytebestanden. Frå og med 2010 har Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen sett ein totalkvote for denne bestanden. Kvoten vert fordelt mellom Noreg (51 prosent), Russland (45 prosent) og andre land (4 prosent). Kvoten for 2013 vart sett til 19 000 tonn, som er 4 000 tonn meir enn rådet frå ICES.

Tabell 4.5 Tilrådd TAC, fastsett TAC og fangst (tusen tonn) av norsk-arktisk blåkveite sidan 1997.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand3

1997

Ikkje fiske

0

2,51

10

-

1998

Ikkje fiske

0

2,51

13

-

1999

Ikkje fiske

0

2,51

19

-

2000

Ikkje fiske

0

2,51

14

-

2001

Reduser fangst for å byggje opp att bestanden

<11

2,51

16

-

2002

Betydeleg reduksjon av F

<11

2,51

13

-

2003

Reduser fangst for å auke bestanden

<13

2,51

13

-

2004

Ikkje overstig seinaste låge fangstar

<13

2,51

19

-

2005

Ikkje overstig seinaste låge fangstar

<13

2,51

19

-

2006

Ikkje overstig seinaste låge fangstar

<13

2,51

18

-

2007

Reduser fangst for å auke bestanden

<13

2,51

15

-

2008

Reduser fangst for å auke bestanden

<13

2,51

14

-

2009

Same råd som siste år

<13

2,51

13

-

2010

Same råd som siste år

<13

152

15

-

2011

Same råd som siste år

<13

152

16

-

2012

Ingen auke i fangsten

<15

182

-

2013

Ingen auke i fangsten

<15

192

-

1 TAC sett av norske styresmakter for tradisjonelt fiske utan trål.

2 TAC sett av Den blanda norsk – russiske fiskerikommisjonen.

3 Ikkje utført ei kvantitativ bestandsberekning.

4.2.5 Snabeluer i ICES-område I og II

Snabeluer er ein langliva art (høgaste dokumenterte alder er på 75 år) som føder levande yngel, og som lever pelagisk og epibentisk (i nær kontakt med botnen) frå 300-1400 m i Nord-Atlanteren. Hannane og hoene parar seg fleire månader før hoene føder levande 4-6 mm lange yngel i mars-april. Larvane lever pelagisk og driv nordover langs kontinentalskråninga i overflatelaga. Yngelen er i første rekkje fordelt i Barentshavet og rundt Svalbard. Dei vaksne er vidt fordelt på sokkelen og i det opne havet. Gytande vaksne konsentrerer seg langs kontinentalskråninga.

Fisket

Det har utvikla seg eit pelagisk fiske etter snabeluer i internasjonalt farvatn i Norskehavet (ofte omtalt som «Smotthavet») frå 2004. Fisket her er forvalta av Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC). Snabeluer vert dessutan teken som bifangst i andre fiskeri, som botnfiske etter torsk, hyse og blåkveite, og som yngel i rekefiskeria. Snabelueren vert òg fanga tilfeldig i fiske etter kolmule og sild i Norskehavet. Gjennomsnittsfangsten av snabeluer i ICES-område I og II har vore like i underkant av 13 000 tonn etter 2002 (Figur 4.7), med ein topp i 2006 på vel 32 000 tonn. Internasjonal fangststatistikk frå 2012 er enno ikkje ferdig, men fisket er venta å verte om lag 11 500 tonn, av dette 4 000 tonn bifangst.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand (1992–2012) og fangst (1965–2012) av snabeluer. Fangst og bestand i 2012 er prognosar.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand (1992–2012) og fangst (1965–2012) av snabeluer. Fangst og bestand i 2012 er prognosar.

Utrekningsmetodar

Ein ny metodikk for bestandsvurdering av snabeluer vart godkjent på eit kvalitetssikringsmøte (benchmarkmøte) i ICES i byrjinga av 2012. Metodikken brukar data frå forskingstokt i Barentshavet og frå kommersielt fiske i Norskehavet og Barentshavet. Absoluttnivået for bestanden må likevel reknast for å vere meir uvisst enn for andre bestandar der ein har metodikk som er godkjent. Dette skuldast mellom anna at metodikken for tida ikkje nyttar toktdata for eldre fisk (19 år og oppover). Eit akustikk/trål tokt som vart gjort i Norskehavet i 2008 og 2009 gjev informasjon om mengda eldre fisk, men denne tidsserien er for kort til å kunne nyttast i bestandsmodellar. Eit tilsvarande tokt skal gjennomførast i 2013.

Bestandsgrunnlaget

Etter god rekruttering på 1980-talet tok rekrutteringa til å svikte rundt 1990. Årsklassane 1996-2003 er alle svært svake, men etter dette ser det ut som rekrutteringa til bestanden har teke seg opp igjen (Figur 4.7). Sidan snabelueren vert kjønnsmoden i 12-15 års-alderen, vil det vere dårleg rekruttering til gytebestanden i dei næraste åra. Det er difor venta ein svak nedgang i gytebestanden i dei komande åra før han kjem oppatt på dagens nivå rundt 2020.

Tilrådde reguleringar

Ingen biomasse-baserte referansepunkt er definert for denne bestanden. ICES valde å gje råd ut frå F0.1, som er eit referansepunkt som ofte vert brukt for bestandar av denne typen. Dette tilsvarer ein fiskedødsrate (F) på 0.065, noko som for 2013 gjev ein fangst på 47 000 tonn. ICES vurderte såleis bestandsauken sidan 1992 (Figur 4.7) til å vere så sterk at bestanden no er stor nok til å gje grunnlag for eit fiske.

NEAFC sette ein TAC på 19 500 tonn for det pelagiske fisket i Norskehavet for 2013, som er ein stor auke frå 2012, då TAC var 7 500 tonn (Tabell 4.6). Denne kvoten skal takast i eit «olympisk» fiske (kappfiske) i internasjonalt farvatn i Norskehavet. Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen valde å vidareføre det eksisterande forbodet mot direkte fiske av snabeluer i Barentshavet også for 2013. Det er venta at totalfangsten av snabeluer i 2013 vert om lag 25 000 tonn.

NEAFC har bedd ICES om å utforske ulike opsjonar for langsiktige forvaltingsplanar for denne bestanden før ein fastset kvoten for 2014, og Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen støttar denne førespurnaden.

NEAFC og Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har ikkje gjort nokon avtale om kven som i framtida skal fastsetje ein TAC for denne bestanden, og det ligg heller ikkje føre forslag til avtale om fordeling av ein TAC mellom land eller mellom direktefiske og bifangst.

Tabell 4.6 Tilrådd TAC, fastsett TAC, fangst (tusen tonn) og gytebestand av snabeluer sidan 1997.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand3

1997

Fiske på lågast mogleg nivå

-

-

9

331

1998

Ikkje direkte fiske, reduser bifangst

-

-

14

389

1999

Ikkje direkte fiske, reduser bifangst

-

-

11

484

2000

Ikkje direkte fiske, bifangst på lågast mogleg nivå

-

-

10

581

2001

Ikkje direkte fiske, bifangst på lågast mogleg nivå

-

-

18

522

2002

Ikkje direkte fiske, bifangst på lågast mogleg nivå

-

-

7

640

2003

Ikkje direkte fiske, bifangst på lågast mogleg nivå

-

-

3

732

2004

Ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser

-

-

52

738

2005

Ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser

-

-

82

806

2006

Ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser

-

-

332

755

2007

Ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser

-

15,51

202

916

2008

Beskytt ungfisken, ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser

-

14,51

132

834

2009

Beskytt ungfisken, ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser

-

10,51

102

953

2010

Beskytt ungfisken, ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser

-

8,61

122

852

2011

Same råd som siste år

-

7,91

122

825

2012

Same råd som siste år

-

7,51

122

797

2013

Bruk F0.1

47

19,51

1 TAC sett av NEAFC for eit «olympisk» fiske i internasjonalt farvatn.

2 Inkluderer pelagiske fangstar i Norskehavet utanfor EEZ.

3 Ikkje utført ei kvantitativ bestandsberekning.

4.2.6 Lodde i Barentshavet

Utrekningsmetodar

Totalbestanden av lodde vert målt akustisk kvar haust. Toktet er eit samarbeid mellom Noreg og Russland. Desse undersøkingane gjev eit overslag over mengda lodde som er eitt år og eldre. Undersøkingar av 0-gruppe under eit økosystemtokt i august-september gjev tilleggsinformasjon om rekruttering.

Storleiken på loddebestanden og framlegg til kvote basert på haustingsregelen (max 5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 tonn) vert utarbeidde av ei gruppe av norske og russiske forskarar etter økosystemtoktet i august-september. Delingsforholdet mellom Noreg og Russland for denne kvoten er 60 prosent til Noreg og 40 prosent til Russland. Frå og med 2005 har denne gruppa rapportert til ICES si arbeidsgruppe for arktiske fiskeri (Arctic Fisheries Working Group).

Bestandsestimatet frå økosystemtoktet vert brukt direkte som mål for bestandsstorleiken, og prognosar og kvotetilrådingar vert rekna ut i spesiallaga modellar der òg modning, vekst og naturleg dødsrate er med. Estimata for naturleg død tek omsyn til mellom anna mengda og storleikssamansetjinga av torsk i Barentshavet, og kor mykje av loddebestanden denne torsken kjem til å ete. I det reknestykket inngår òg temperaturen i dei områda torsken beitar på lodda, då dette påverkar kor fort torsken fordøyer lodda, og difor òg kor mykje han kan ete. I prognosane tek ein omsyn til uvisse i dei ulike målingane og i føresetnadene som inngår.

Bestandsgrunnlaget

Figur 4.8 viser utviklinga i bestand og fangst frå 1973 til 2012. Biomassen til loddebestanden vart mykje redusert frå 2002 til 2003, og situasjonen må kallast eit bestandssamanbrot. I 2004 og 2005 heldt han seg på eit lågt nivå, men vaks igjen fram til 2008 og har sidan flata ut. Rekrutteringa har teke seg opp etter 2005.

Figur 4.8 Utviklinga i bestand og fangst av lodde frå 1973-2012.

Figur 4.8 Utviklinga i bestand og fangst av lodde frå 1973-2012.

Samanbrotet i bestanden etter 2002 skuldast først og fremst to faktorar: Svake rekrutterande årsklasser (trass i stor larveproduksjon kvart år) og auka naturleg død. Samanbrotet skuldast ikkje fisket. Det var store sildemengder (hovudsakleg 2002- og 2004-årsklassen) i det sørlege og austlege Barentshavet og det er grunn til å tru at den dårlege overlevinga av loddelarvar kan henge saman med dette. Auka naturleg dødsrate for eldre lodde kan, i alle fall langt på veg, komme av at ein veksande torskebestand beita på ein sterkt minkande loddebestand. Det har ikkje vore nokon sterke sildeårsklassar sidan 2004 og silda er no periodevis ute av Barentshavet.

Reguleringar

Den modne delen av bestanden vart hausten 2012 målt til 2,0 millionar tonn, og basert på dette fastsette Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen ein totalkvote for vinteren 2013 på 200 000 tonn, i tråd med tilrådinga frå ICES.

Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og modnande bestand hausten før (tusen tonn) av lodde i Barentshavet sidan 1996.

År

Råd frå ICES SSB=gytebestand

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Modnande bestand

1997

Ikkje fiske

0

0

0

312

1998

Ikkje fiske

0

0

1

932

1999

SSB > 500 000 t

< 79

80

101

1718

2000

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 435

435

414

2099

2001

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 630

630

568

2019

2002

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 650

650

651

1290

2003

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 310

310

282

280

2004

Ikkje fiske

0

0

0

293

2005

Ikkje fiske

0

21

11

174

2006

Ikkje fiske

0

0

0

437

2007

Ikkje fiske

0

41

41

844

2008

Ikkje fiske

0

101

121

2468

2009

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

3902

390

307

2323

2010

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

3602

360

323

2051

2011

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

3802

380

354

2115

2012

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

3202

320

296

1998

2013

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

2002

200

1 Forskingskvote.

2 Vinterfiske.

4.2.7 Norsk vårgytande sild

Den vaksne bestanden av norsk vårgytande sild (nvg-sild) er på årlege vandringar som dekkjer store deler av det nordlege Atlanterhavet. Gytinga i februar går føre seg på norskekysten i hovudsak frå Stad til Vesterålen. Beitevandringa frå mai til august er i havområda mellom Noreg, Færøyane, Island, Jan Mayen og Svalbard, medan overvintringa frå september til januar i dei seinare år har forgått i havet nord og nordvest for Vesterålen. Det er Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland som fiskar på denne sildebestanden. Silda oppheld seg for det meste i norske farvatn, og Noreg er òg største fiskerinasjonen.

Bestandsgrunnlaget

Etter det totale bestandssamanbrotet på slutten av 1960-talet vart bestanden bygd opp att til det som kan kallast historisk nivå (Figur 4.9). Oppbygginga gjekk sakte, og først rundt 1997 var fangsten tilbake på eit nivå som likna situasjonen før samanbrotet. I 2013 er gytebestanden rekna å vere om lag 5 millionar tonn, ein reduksjon samanlikna med året før.

Figur 4.9 Utviklinga av bestand og fangst av nvg-sild 1950 – 2013. Fangst i 2012 og fangst og bestand i 2013 er prognosar. Fangst i 2013=TAC.

Figur 4.9 Utviklinga av bestand og fangst av nvg-sild 1950 – 2013. Fangst i 2012 og fangst og bestand i 2013 er prognosar. Fangst i 2013=TAC.

Fisket

Dei norske fangstane (Tabell 4.8) vert tekne i overvintringsområda og på gytefeltet med varierande fordeling mellom dei to områda frå år til år. Russland fiskar det meste av sin kvote i norske farvatn, på gytefelta i februar og i havet mellom Svalbardsona og Troms i august – oktober. Etter 2008 fiska Island store deler av kvoten sin i islandsk og færøysk sone i mai -august og gradvis inn i internasjonal sone og seinare norsk sone i Norskehavet i løpet av hausten. EU og Færøyane har fiska på gytefelta og i Norskehavet. I år der det har vore sildeavtale har Island, Færøyane og EU òg fiska i Jan Mayensona og Svalbardsona.

Tabell 4.8 Fangst (tusen tonn) av norsk vårgytande sild 1998-2011.

2000

2001

2002

2003

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

Færøyane

68,6

34,1

32,3

27,9

42,8

65,1

63,1

64,2

74,3

85,1

80,2

53.2

Island

186

77,7

127,2

117,9

102,8

156,5

159,3

176,6

217,6

265,5

205,9

151.1

Noreg

713,5

495

487,2

477,6

477,1

580,8

567,8

779,5

961,6

1016,7

871,1

572.6

Russland

163,3

109

113,8

122,8

115,9

132,1

120,8

162,4

193,2

210,1

199,5

144.4

EU

76

60

47,2

43,2

55,6

68,8

59,5

82,5

95,2

106,3

100,3

71.6

Total

1207,4

775,8

807,7

789,4

794,2

1003,3

970,5

1271

1545,7

1687,4

1457,0

993.0

Fastsett kvote

1250

850

850

-1

-1

-1

-1

1280

1518

1642

1483

993

1 Ikkje avtalt.

Rådgjeving

ICES si tilråding for fisket i 2013 er 619 000 tonn. Bakgrunn for kvotetilrådinga er haustingsregelen som kyststatane (EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland) vart einige om i 1999 (F = 0,125).

Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og storleiken på gytebestanden (tusen tonn) av norsk vårgytande sild sidan 1997.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1997

Hald SSB over 2,5 millionar tonn

1

1500

1427

5641

1998

Ikkje gå over haustingsregelen

2

1300

1223

6342

1999

Ikkje gå over haustingsregelen

1263

1300

1235

6470

2000

Ikkje gå over haustingsregelen

<1500

1250

1207

5506

2001

Ikkje gå over haustingsregelen

753

850

766

4486

2002

Ikkje gå over haustingsregelen

853

850

808

3951

2003

Ikkje gå over haustingsregelen

710

Ikkje avtalt

789

4895

2004

Ikkje gå over haustingsregelen

825

Ikkje avtalt

794

6158

2005

Ikkje gå over haustingsregelen

890

Ikkje avtalt

1003

6308

2006

Ikkje gå over haustingsregelen

732

Ikkje avtalt

969

6652

2007

Ikkje gå over haustingsregelen

1280

1280

1267

7491

2008

Ikkje gå over haustingsregelen

1518

1518

1546

8076

2009

Ikkje gå over haustingsregelen

1643

1643

1687

9049

2010

Ikkje gå over haustingsregelen

1483

1483

1457

8326

2011

Sjå forskjellige opsjonar

988-1170

988

993

7055

2012

Følg forvaltingsplanen

833

833

6136

2013

Følg forvaltingsplanen

619

6194

50803

1 Gytebestanden må haldast større enn 2,5 millionar tonn.

2 Må haustast innafor haustingsregelen.

3 Framskriving.

4 Ein av partane, Færøyane, har ikkje underskrive denne avtalen.

4.2.8 Nordsjøsild

Fisket

Noreg og EU forvaltar nordsjøsilda i fellesskap. Det finst nordsjøsild i Nordsjøen og Skagerrak-Kattegat (ungfisk). Nordsjøsild vert fiska i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar og som bifangst i industritrålfisket. Utviklinga i det internasjonale fisket frå 1960 er vist i figur 4.10. Fangsttala er henta frå sildearbeidsgruppa til ICES i 2012, og er ikkje heilt i samsvar med offisielle tal. Etter eit samanbrot i bestanden og stopp i fisket på midten av 1970-talet, auka fangstane jamt utover 1980-talet og nådde ein topp på om lag 890 000 tonn i 1988. Tidleg på 1990-talet var årleg oppfiska kvantum på 600 000-700 000 tonn. Dette førte til ei negativ utvikling i bestanden, og det vart tilrådd å avgrense fisket. Kvoten vart difor redusert og halden på eit lågt nivå i 1996-1997. Etter dette auka fangstane til 664 000 tonn i 2005. Deretter gjekk fangstane ned til eit minimum på om lag 170 000 tonn i 2009, og har så stige att.

Noreg og EU har ein avtale om forvalting av nordsjøsilda frå 1998. Avtalen vart revidert i 2004. ICES åtvara etter dette mot ei negativ utvikling i bestanden, og sju år med dårleg rekruttering gav stor grunn til uro. Som følgje av dette, vart forvaltingsavtalen oppdatert i 2008. Den reviderte avtalen seier at fiskedødsraten ikkje skal overskride 0,05 og 0,25 per år, høvesvis for ungsild og vaksen sild når gytebiomassen er over 1,5 millionar tonn. Det er òg avtalt ein reduksjon av fiskedødsraten etter gjevne formlar når gytebiomassen er under 1,5 millionar tonn, men over 800 000 tonn. Avtalen har fastsett årlege endringar av TAC på maksimum +/- 15 prosent når gytebiomassen er over 800 000 tonn.

Den avtalte kvoten for vaksen sild til konsum i Nordsjøen (Tabell 4.10) har lenge vore lågare enn kvantumet som vert fiska. Dei siste åra har dette kvantumet lege 10-15 prosent over kvoten, og i 2012 rundt 5 prosent. Overfisket kjem hovudsakleg av utstrekt feilrapportering, det vil seie at det vert fiska nordsjøsild som vert rapportert som fangstar tekne i andre område. Bifangstane av småsild var tidlegare på eit svært høgt nivå (100 000–200 000 tonn). Dette fisket var i prinsippet uregulert. Etter innføringa av forvaltingsplanen vart bifangstane av småsild reduserte til under 20 000 tonn årleg.

Bestandsgrunnlag

Hardt fiskepress gjennom fleire år førte til at gytebestanden av nordsjøsild vart kraftig redusert i perioden mellom 1989–1993: frå om lag 1,7 millionar tonn til om lag 800 000 tonn (Figur 4.10). Fiskepresset på den vaksne delen av bestanden auka kraftig utover i 1990-åra, og det vart fiska store mengder småsild i industrifisket. Kvotane låg på eit jamt nivå, samtidig som bestandsnivået gjekk kraftig nedover. Dette førte til ei vesentleg dårlegare rekruttering til den vaksne bestanden enn det som skulle til for å halde storleiken på bestanden oppe med eit slikt fiskepress. Strenge reguleringar av både bifangstfisket og fangstar av vaksen sild vart innførte i midten av 1990-åra (EU-Noreg-avtalen). Dette førte til ein auke i gytebestanden til om lag 1,5 millionar tonn i 1999–2000. I dei neste åra steig gytebestanden til om lag 2,4 millionar tonn i 2004, men med ein reduksjon til ca 1,4 millionar tonn (føre-var-gytebiomasse = 1,3 millionar tonn) i 2007. Etter dette har gytebestanden auka litt igjen og i 2012 var han estimert til 2,3 millionar tonn. I 2013 er gytebestanden venta å vere 2.0 millionar tonn. I 2012 vart det skifta bestandsmodell og det førde til oppskriving i biomasse.

Figur 4.10 Utviklinga av bestand og fangst av nordsjøsild 1950 – 2012. Fangst og gytebestand i 2012 er prognosar.

Figur 4.10 Utviklinga av bestand og fangst av nordsjøsild 1950 – 2012. Fangst og gytebestand i 2012 er prognosar.

Rådgjeving

Etter innføringa av eit strengt forvaltingsregime (Noreg-EU) i 1998 vart det god vekst i bestanden. I 2001 vart den estimerte gytebestanden (biomassen) klassifisert til å vere over føre-var-nivået. På grunn av låg middelvekt og sein modning av 2000-årsklassen, og dårleg rekruttering, fekk vi ein nedgang i gytebestanden frå 2002 til 2008. Det har vore ein serie av svært låge rekrutteringar frå årsklassane 2001 til 2011. Førebels berekning av rekrutteringa i 2012 tyder på at 2011-årsklassen er på same låge nivå som årsklassane frå og med 2001. ICES sitt råd for 2013 baserer seg på haustingsregelen som gjev ein fangst i det direkte sildefisket på 465 750 tonn og eit kvotetak på 14 400 tonn bifangst for EU-flåten.

Forvaltingsstrategien som Noreg og EU er samde om seier at F ikkje skal overstige 0,25 og 0.05 per år for høvesvis vaksen sild og ungsild når gytebestanden er større enn 1.5 millionar tonn. Dei siste åra har EU og Noreg halde seg til råda basert på forvaltingsplanen. Ein gjorde eit unntak for 2012 då det viste seg at forvaltningsplanen ikkje tek godt nok omsyn til dynamikken i bestanden. Ein gjekk bort frå 15 prosent-regelen i 2012. Kvoten for 2013 er på 478 000 tonn, noko som er i tråd med føre-var-prinsippet. Noreg og EU er i ein prosess for å få på plass ein ny forvaltningsplan. I følgje avtalen har Noreg 29 prosent av totalkvoten for direkte fiske av sild. Eventuelle bifangstar i det norske industritrålfisket vert trekte frå denne kvoten. EU innførte i 1997 ein eigen bifangstkvote for industrifisket. Denne bifangstkvoten har ikkje vorte fiska opp.

Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordsjøsild sidan 1997.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Bifangst kvote

Fangstar3 IV, VIId

Gytebestand

1997

F = 0,2

1591

159

24

238

1217

1998

F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,1

2541

254

22

338

1467

1999

F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,1

2651

265

30

333

1536

2000

F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,1

2651

265

36

346

1532

2001

F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,2

Scenarier

265

36

323

2084

2002

F(vaksen) = 0 2 F(ungfisk)< 0,1

Scenarier

265

36

353

2398

2003

F(vaksen)= 0,25 F(ungfisk)=0,12

Scenarier

400

52

450

2456

2004

F(vaksen) = 0,25 F(ungfisk)=0,1

Scenarier

460

38

550

2419

2005

F(vaksen) = 0,25 F (ungfisk)=0,1

Scenarier

535

50

639

2294

2006

F(vaksen) = 0,25 F(ungfisk)=0,12

Scenarier

455

43

511

1798

2007

Få gytebest. tilbake til Bpa innan 2008

Scenarier

341

32

388

1444

2008

F(vaksen )= 0,17 F(juv)=0,08 (forvaltingsplan)

Scenarier

201

19

245

1526

2009

Ny haustingsregel

Scenarier

171

16

166

1899

2010

F(vaksen) = 0,15 F(ungfisk)=0,05

Scenarier

164

14

175

2005

2011

Sjå scenarier

Scenarier

200

16

218

2343

2012

Forvaltingsplan

Scenarier

405

18

22714

2013

Forvaltingsplan

Scenarier

478

1 Fangst i direkte fiske i IV og VIId.

2 Revidert i juni 1996, ned frå 263.

3 Landingar er gitt av arbeidsgruppa (HAWG) og vil ikkje i alle høve korrespondere med offisiell statistikk.

4 Framskriving.

4.2.9 Makrell

Den nordaustatlantiske makrellbestanden består av tre gytekomponentar: sørleg makrell, vestleg makrell og nordsjømakrell. Vestleg makrell er på eit relativt høgt nivå, medan nordsjøkomponenten framleis er på eit lågt nivå. Gytebestanden har auka med over 60 prosent, frå 1,75 millionar tonn i 2002 til i underkant av 3,0 millionar tonn i 2010. Gytebestanden vart så vurdert til å minke til 2,7 millionar tonn i 2012. Bestandsmålingar vert utførte kvart tredje år, og i 2011 vart nordsjøbestanden målt til å vere berre om lag 5 prosent av nivået på 1960-talet.

Fisket

Fisket etter makrell føregår hovudsakleg i eit direkte fiskeri med snurpenot og trål. I Biscaya og utanfor Portugal vert makrellen stort sett teken som bifangst av trålarar. Det norske fisket føregår for det meste med snurpenot, men trål og tradisjonelle reiskapar som garn og snøre vert og brukt.

I byrjinga av 1990-åra auka dei internasjonale makrellfangstane frå ein stabil årsfangst på 600 000–650 000 tonn til over 800 000 tonn i 1993 og 1994. Dette førte til nedgang i bestanden, og fangstnivået måtte ned. Strenge reguleringar med lågare kvotar førte til at fangstane fall til høvesvis 563 000 og 573 000 tonn i 1996 og 1997, men har seinare auka igjen, og dei siste åra har fangstane vore rekordstore. I 2011 og 2012 er fangstane rekna til om lag 930 000 tonn (Figur 4.11). Dei viktigaste fangstområda er Nordsjøen (område IV), Norskehavet (område IIa) og vest av 4oV (områda VI og VII) (sjå Fig. 3.1)

Figur 4.11 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell 1972 – 2013. Fangst i 2012 og bestand i 2013 er prognosar.

Figur 4.11 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell 1972 – 2013. Fangst i 2012 og bestand i 2013 er prognosar.

I 2012 fiska Noreg 181 095 tonn makrell. Fangstane gjennom året fordelte seg med mindre enn 0,5 prosent første halvår, og størsteparten i tredje kvartal.

Uttaket frå bestanden er større enn det som vert landa, i og med at det vert dumpa og sleppt makrell på feltet. Det fører til auka dødsrate. I og med at det nesten ikkje finst data for dette, kan det ikkje gjevast gode overslag over kor stort utkastet er. Analysar viser at dette uttaket har vore så stort at totalfangsten sannsynlegvis har vore minst 60 prosent høgare enn oppgjeve. Innan pelagisk sektor tyder tilbakemeldingar frå norske og samarbeidande lands kontrollstyresmakter på at det urapporterte fisket av makrell er sterkt redusert, spesielt dei siste åra. Ein har med eksperimentelle forsøk på fiskefeltet dei siste åra kvantifisert neddreping grunna trenging av makrell før slepping. Denne dødsraten er potensielt mykje større enn tidligare rekna med. Frå norsk side vil det verte arbeidd grundig framover med problemstillinga for å redusere denne uønska dødsraten.

Bestandsgrunnlaget

Makrellen som vert fiska i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet stammar frå tre gyteområde:

  • Nordsjøen.

  • Sør og vest av Irland.

  • Utanfor Portugal og Spania.

Makrell frå det sørlegaste gyteområdet vart fram til 1994 behandla som ei eiga eining. Norske og internasjonale merkeforsøk viser at makrell som gyt i dei sørlege og vestlege områda vandrar til Norskehavet og Nordsjøen for å beite etter gytinga. Vandringane til makrellen er altså så omfattande at fisk frå alle tre gyteområda vert blanda og fiska på i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet i andre halvår. Det er uråd å skilje desse tre komponentane i fangstane. Difor vert makrellen forvalta som ein bestand, den nordaustatlantiske makrellbestanden. Utviklinga av bestanden (umoden og gytebestand) og totale landingar sidan 1972 er vist i figur 4.11.

Gytebestanden vert målt ved eggtokt kvart tredje år, sist i 2010 i dei vestlege og sørlege gyteområda og i Nordsjøen i 2011. Desse gytebestandsmåla har til 2003 vore brukt som absolutte verdiar i utrekningane, men ICES har no nytta dei som relative verdiar. Eggtokta viser at gytebestanden har lege på eit stabilt nivå, men med ein auke i 2010. Gytebestanden vert no berekna ved at ein nyttar trenden i gytebestanden frå eggtokta, slik at utrekningane passar med fangstane. Den vestlege komponenten utgjer om lag 85 prosent, og nordsjøkomponenten har vore låg (1-5 prosent) heilt sidan han vart fiska ned på byrjinga av 1970-talet. På grunn av problem med fangsttala vert utrekningane av gytebestanden svært usikre. Gytebestanden har auka frå 1,8 millionar tonn i 2002 til 2.9 millionar tonn i 2011 og estimert til om lag 2,7 millionar tonn i 2012. Tilgjengeleg informasjon tyder på at utbreiinga av gyteområdet for makrell har auka i dei siste åra og gyteområdet var rekordstort i 2010. Beiteområdet har også auka kraftig om sommaren frå 2007-2012. Makrell vert fiska kommersielt i område som tidlegare ikkje har vore fangstområde, spesielt innanfor Islands territorialfarvatn.

Rådgjeving

Noreg, EU og Færøyane vart i 1999 einige om at uttaket av bestanden skal tilsvare ein fiskedødsrate på 0,15-0,2, som tilsvarar eit årleg uttak på 14-18 prosent av gytebestanden. Avtalen mellom kyststatane vart revidert hausten 2008. Til grunn låg eit omfattande forskararbeid for å kartleggje moglege reglar for kvoteberekning med tanke på fangstnivå, stabilitet og låg risiko for bestanden. Dersom den samla fangsten ikkje fører til ein mindre gytebestand i kvoteåret enn 2,2 millionar tonn, skal fangsten svare til ein fiskedødsrate på mellom 0,20 og 0,22. Likevel skal ikkje kvoten endrast meir enn 20 prosent frå eitt år til det neste, sjølv om dødsraten då fell utanfor det vedtekne intervallet. Dersom slike fangstar fører til ein mindre gytebestand enn 2,2 millionar tonn skal mindre fiskedødsrate leggjast til grunn. Den reviderte forvaltingsplanen vart i 2009 evaluert av ICES og funnen å vere i samsvar med føre-var-prinsippet dersom TAC svarar til totalt uttak frå bestanden. ICES si tilråding for fisket i 2013 er å følgje haustingsregelen, dvs. eit fiske på mellom 497 000 tonn og 542 000 tonn.

For å verne makrellen i Nordsjøen vert det framleis tilrådd å stengje den sørlege delen for makrellfiske heile året, og den nordlege delen i perioden februar–juli.

Sidan det ikkje er inngått nokon kyststatsavtale om makrell per 2. april 2013 er det venta at det reelle uttaket vil kunne verte nærare ein million tonn, basert på makrellfangstar som dei ulike nasjonane har bestemt eller gjeve tilsegn om å fange. Dette kan forverre bestandsutviklinga for makrellen kraftig, og det gjev grunn til uro på litt lengre sikt.

Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk makrell sidan 1997.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1997

Betydeleg reduksjon av F

470

570

2332

1998

F = 0,15-0,2 (Noreg-EU avtalen)

498

549

667

2241

1999

F = 0,15

437

562

640

2280

2000

Fpa = 0,17

642

612

738

2075

2001

Fpa = 0,17

665

670

737

2028

2002

Fpa = 0,17

694

683

773

1688

2003

Fpa = 0,17

542

583

670

1682

2004

Fpa = 0,17

545

532

650

1722

2005

F = 0,15 til 0,20

420

422

543

2107

2006

F = 0,15 til 0,20

487

444

473

2262

2007

F = 0,15 til 0,20

509

502

579

2488

2008

F = 0,15 til 0,20

456

458

611

2755

2009

F = 0,15 til 0,20

578

6051

735

3112

2010

Haustingsregel

572

-2

869

2973

2011

Haustingsregel

592-646

-2

927

3040

2012

Haustingsregel

586-639

-2

930

26773

2013

Haustingsregel

497-542

-2

1 Inkluderer ikkje unilateral avtalt TAC Noreg/Færøyane eller islandsk TAC.

2 Ingen internasjonal einigheit om TAC.

3 Framskriving.

4.2.10 Sei i Nordsjøen og vest av Skottland

Fisket

I dei siste åra har landingane i snitt lege rundt 110 000 tonn (Figur 4.12). Fangstane frå vest av Skottland har i dei seinare åra utgjort om lag 7-8 prosent av totalfangstane. Ein reknar med at landingane frå Nordsjøen for 2012 er 87 500 tonn. For 2013 er det avtalt ein totalfangst på 91 220 tonn og 500 tonn er sett av til norsk fiskeri vest for Skottland. Den norske delen av totalfangsten dei siste ti åra har vore rett over 50 prosent. Førebelse oppgåver for 2012 tyer på at norsk fangst i Nordsjøen, medrekna bifangst til oppmaling, har vore om lag 33 000 tonn. Dette er mindre enn den norske kvoten på vel 41 000 tonn. I det norske fiskeriet er det trålarflåten som tek mesteparten (om lag 80 prosent). Notfisket inkluderer òg ungsei nær kysten. Noreg disponerer 52 prosent av totalkvoten i Nordsjøen.

Figur 4.12 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen og vest av Skottland. Tala for fangst og bestand i 2012 og 2013 er prognosar.

Figur 4.12 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen og vest av Skottland. Tala for fangst og bestand i 2012 og 2013 er prognosar.

Frå og med 1999 er det laga ei felles utrekning for seibestandane i Nordsjøen og vest av Skottland. Nordsjøbestanden er veldig stor samanlikna med bestanden vest av Skottland, så alle utrekningar vert styrte av data frå nordsjøbestanden. Eit av dei største problema med bestandsutrekninga er manglande rekrutteringsdata. Det vart sett i gang eit 0-gruppetokt på sei i 1999. Denne tidsserien viste seg å vere lite eigna og i 2006 vart det starta opp eit tokt på norskekysten sør for 62°N for å undersøkje førekomsten av to- og treåringar. Fram til 2011 vart ein og same båt bruka til toktet kvart år, og toktserien viste godt samsvar frå år til år. I 2011 vart ein annan båt bruka, noko som skapte problem. Toktet er ikkje planlagd for 2013. Det er frå 2011 gjort endringar i berekningsmodellane for å legge meir vekt på toktseriane og redusere vekta av kommersielle data (WKBENCH).

Bestandsgrunnlaget

I byrjinga av 1970-åra var totalbestanden av sei i Nordsjøen og vest av Skottland opptil ein million tonn. Han vart redusert til om lag 260 000 tonn kring 1990 (Figur 4.12), for så å auke til vel 500 000 tonn i 2005. Etter dette har han gått noko ned igjen til under 430 000 tonn sei siste åra. Gytebestanden, som i 1974 var på 555 000 tonn, nådde eit minimum på 100 000 tonn i 1991, men er no utrekna til 235 000 tonn i byrjinga av 2013. Fiskedødsraten, som dei siste 15 åra har vore mellom 0.2 og 0.4, er berekna til å ligge under 0,3 i 2012 og 2013. 2004-årsklassen av sei var om lag 40 prosent sterkare enn tidlegare årsklasser, medan 2005 var svak. Gode mål for dei siste rekrutterande årsklassane finst enno ikkje, så for desse årsklassane er det brukt langtidsgjennomsnitt.

Det er gjort framlegg om at Bpa for sei i Nordsjøen og vest av Skottland skal vere 200 000 tonn (under dette nivået er det hovudsakleg produsert middels og dårlege årsklassar), og Fpa er sett til 0,40. Gytebestanden har sidan 1997 hatt godt reproduksjonspotensial.

Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av sei i Nordsjøen/Skagerrak sidan 1997.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand1

1997

Ingen auke i F

113

115

107

203

1998

Reduser F med 20 prosent

97

97

106

204

1999

Reduser F til Fpa

104

110

111

217

2000

Reduser F med 30 prosent

75

85

91

219

2001

Reduser F med 20 prosent

87

87

95

234

2002

F < Fpa

<135

135

115

236

2003

F < Fpa

< 176

165

106

269

2004

F < Fpa

< 211

190

104

325

2005

F < Fpa

< 150

145

105

328

2006

F < Fpa

< 123

123

125

312

2007

I samsvar med forvaltingsplan

< 123

123

126

311

2008

I samsvar med forvaltingsplan

< 137

136

101

292

2009

I samsvar med forvaltingsplan

< 126

126

119

261

2010

I samsvar med forvaltingsplan

< 107

107

116

248

2011

I samsvar med forvaltingsplan

< 93

93

97

217

2012

I samsvar med forvaltingsplan

< 79

79

2192

2013

I samsvar med forvaltningsplan

<91

91

1 Gytebestanden er kombinert for Nordsjøen og vest av Skottland.

2 Framskriving.

Rådgjeving

Ei oppdatert bestandsberekning vart gjort i 2012. ICES si tilråding for fisket i 2013 i følgje haustingsregelen gjev eit fiske på 101 000 tonn.

4.2.11 Torsk, hyse, kviting og raudspette i Nordsjøen

Fisket

I botntrål- og snurrevadfisket til konsum tek dei ei blanding av torsk, hyse og kviting. Industritrålfisket og bomtrålfisket etter flatfisk fører til ein auke i fiskedødsraten for torskefisk, særleg for dei yngre årsklassane. Det er eit stort utkast av undermåls fisk i alle fiskeria. I blandingsfiskeria er torsk den avgrensande arten for alle senarioa som vert undersøkte, og dersom ein vel å følgje opsjonane i torskeforvaltingsplanen vil ein ikkje kunne utnytte forvaltningsplanane for sei, hyse, kviting eller raudspette.

Torskelandingane fall frå 300 000 tonn i 1981 til om lag 23 000 tonn i 2007 og auka deretter til nesten 38 000 tonn i 2010. I 2011 var torskelandingane nesten 35 000 tonn. Vi skal vere merksame på at i det berekna totale uttaket er medrekna utkast og fangst multiplisert med ein «fangst-faktor» for ikkje-allokert fangst. Denne multiplikatoren var 1.88 i 2003, medan han i 2011 vart berekna til 1.43. (Figur 4.13). Norsk fiske i 2011 var om lag 5 000 tonn. I 2007 og 2008 vart om lag halvparten (vel 20 000 tonn) av all torsk som vart fiska kasta ut att. Denne delen gjekk litt ned i 2009 til 2011 og berekningane viser at i denne perioden vart om lag ein tredel av all torsk som vart fanga, kasta ut att. Vi reknar med at lite av dette overlevde.

Årsfangstane (inkludert utkast) av hyse låg på kring 220 000 tonn i åra 1980–1986 og fall gradvis til eit nivå på 100–170 000 tonn i tiårsperioden 1991–2002 (Figur 4.14). Etter dette vart fangstnivået gradvis ytterlegare redusert til vel 40 000 i 2009 og har seinare auka til 42 000 tonn pluss 10 000 tonn utkast i 2012. Det er ikkje venta bifangst i industritrålfisket i 2013. Noreg disponerer 21 prosent av totalkvoten.

Landingane av kviting har vore stabile eller litt aukande dei siste ti åra (Figur 4.15), men er monaleg lågare enn i perioden 1960 – 1980. Storbritannia tek om lag 80 prosent av totalfangsten. Dei norske landingane er hovudsakleg bifangst i industritrålfisket.

Utbyttet av raudspette minka fram til 2007, men har etter det auka litt igjen (Figur 4.16). Av fangstane på vel 100 000 tonn i 2011 var vel 63 prosent landingar. Noreg disponerer 6 prosent av totalkvoten.

Bestandsgrunnlaget

Gytebestanden av torsk vart redusert frå om lag 250 000 tonn i 1970 til under Blim, som er 70 000 tonn, sidan 1999. Eit historisk lågmål vart nådd i 2006 då gytebiomassen var 26 000 tonn. ICES er ikkje i stand til å rekne ut storleiken på bestanden fordi fangsttala dei seinare åra, og særleg for 2012, er svært usikre. Ein har berekna prognosen for 2013 i to ulike senario, eit der ein ventar at innsatsreguleringane vil gje nedgang i F, og eit der ein bereknar at trenden i F held fram som i 2006-2010. Begge senarioa gjev ein gytebestand som er venta å krype over Blim. Grensa for god reproduksjonsevne (Bpa) er vurdert å vere 150 000 tonn. Dagens fiskemønster fører til høg fiskedød for eitt- og toåringar, slik at berre om lag 15 prosent av eittåringane overlever til dei er tre år. 1996-årsklassen har vore sterk, men på grunn av stort fiskepress har det ikkje lukkast å få bygd opp att gytebestanden. Sidan 1997 har alle årsklassar vore svake eller middels, og årsklassane 1997, 2000, 2002, 2004, 2006-2008 og 2010 er dei svakaste som er registrert. Det er difor ikkje venta at gytebestanden vil auke til over 150 000 tonn i næraste framtid, sjølv om fiskedødsraten vert kraftig redusert.

Etter den gode årsklassen av hyse i 1999, har det vorte lenger mellom gode årsklassar. Berre 2005 og 2009-årsklassen kan reknast som middels gode årsklassar. Dei andre er til dels svært svake. Gytebestanden er i 2012 vurdert til å vere om lag 273 000 tonn, og såleis over Bpa på 140 000 tonn. Fiskedødsraten i 2011 vart vurdert til å vere 0,298 og dette er om lag den F som er lagt til grunn i forvaltingsregelen mellom Noreg og EU (F=0,3).

Gytebestanden av kviting har auka til vel 31 000 tonn i 2010, men er lågare enn gjennomsnittet. Fiskedøden har vore relativt stabil sidan 2003, og var i 2011 den lågaste som er registrert. Bestandsberekninga er usikker.

Fiskedødsraten for raudspette har vorte kraftig redusert dei siste åra og gytebiomassen har auka. Gytebiomassen er berekna å verte rekordhøg i 2013, over 600 000 tonn. Uttaket av bestanden er rekna som berekraftig og gytebestanden er over grensa for god reproduksjonsevne.

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2012 og 2013 er prognosar.

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2012 og 2013 er prognosar.

Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av torsk i Nordsjøen sidan 19971

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1997

80 prosent av F(95) = 0,65

135

115

124

75

1998

F(98) burde ikkje overstige F(96)

153

140

146

61

1999

F = 0,60 for å byggje opp att SSB

125

132

96

56

2000

F mindre enn 0,55

< 79

81

71

50

2001

Lågast mogleg fangst

0

48,6

50

42

2002

Lågast mogleg fangst

0

49,3

55

43

2003

Ikkje fiske

0

27,3

31

37

2004

Ikkje fiske

0

27,3

28

32

2005

Ikkje fiske

0

27,3

29

30

2006

Ikkje fiske

0

23,2

27

26

2007

Ikkje fiske

0

20,0

24

33

2008

Utnyttast i tilhøve til føre-var grenser

< 22

22,2

27

38

2009

Ikkje fiske

0

28,8

31

47

2010

Forvaltingsplan (F 65% av F2008)

< 40,3

33,6

37

52

2011

Sjå scenarier

-

26,8

33

56

2012

Forvaltingsplan (F 45% av F2008

31,8

26,5

652

2013

Forvaltingsplan (TAC-20%)

25.4

26,5

1 Fangst inkluderer totalt estimert uttak, og gytebestand i Subarea IV, Divisjon VIId og IIIa.

2 Framskriving.

Figur 4.14 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2012 og 2013 er prognosar.

Figur 4.14 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2012 og 2013 er prognosar.

Tabell 4.14 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av hyse i Nordsjøen (ICES Subarea IV) sidan 1997.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand1

1997

Må ta omsyn til blanda fiskeri

114

138

208

1998

Ingen auke i F

100,3

115

128

228

1999

Reduser F(95–97)med 10prosent

72

88,6

111

203

2000

F mindre enn Fpa

< 51,7

73

100

230

2001

F mindre enn Fpa

< 58

61

165

271

2002

F mindre enn Fpa

< 94

104

101

199

2003

Ingen fangst av torsk

0 torsk

52

76

226

2004

Blandingsfiske vurderingar

0 torsk

85

65

207

2005

Blandingsfiske vurderingar

92

66

57

244

2006

Blandingsfiske vurderingar

39

52

55

252

2007

Blandingsfiske vurderingar

55,4

55

61

260

2008

Blandingsfiske vurderingar

49,3

46

42

359

2009

Blandingsfiske vurderingar

44,7

42

41

400

2010

Blandingsfiske vurderingar

38

36

38

501

2011

Sjå scenarier

-

34

46

476

2012

EU-Noreg forvaltingsplan

41,6

39

589

2013

Forvaltingsplan

47,8

45

1 Gytebestanden er kombinert for Nordsjøen og Skagerrak.

2 Framskriving.

Figur 4.15 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2012 og 2013 er prognosar. ICES har ikkje definert føre-var-grense for denne bestanden.

Figur 4.15 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2012 og 2013 er prognosar. ICES har ikkje definert føre-var-grense for denne bestanden.

Tabell 4.15 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kviting i Nordsjøen (ICES Sub-area IV) sidan 1997.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1997

Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk

74

54

327

1998

Ingen auke frå 1996 nivået

54

60

40

275

1999

Minst 20 prosent reduksjon av F(95–97)

40,4

44

52

292

2000

Lågast mogleg fangst

0

30

55

426

2001

60 prosent reduksjon av F(97–99)

19,4

30

36

502

2002

F ikkje større enn 0,37

< 33

32

39

429

2003

Ingen fangst av torsk

-

16

39

329

2004

Ingen fangst av torsk

Inga auke

16

28

245

2005

Ingen fangst av torsk

52

28,5

22

218

2006

Ingen fangst av torsk

< 17,3

23,8

31

199

2007

Ingen fangst av torsk

< 15,1

23,8

22

182

2008

Ingen fangst av torsk

< 15,1

17,9

23

212

2009

Ingen fangst av torsk

< 11

15,2

18

292

2010

Ingen fangst av torsk

< 6,8

12,9

22

320

2011

Ingen fangst av torsk

< 9.5

14,8

23

311

2012

Interim forvaltingsplan

<17.1

17.1

2013

Føre-var tilnærming

<19

18,9

1 Framskriving.

Figur 4.16 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen. Tala for fangst og gytebestand i 2012 og 2013 er prognosar.

Figur 4.16 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen. Tala for fangst og gytebestand i 2012 og 2013 er prognosar.

Tabell 4.16 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av raudspette i Nordsjøen (ICES Sub-area IV) sidan 1997.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1997

Reduksjon i F på 20prosent

80

91

82

208

1998

F=0,3

82

87

70

228

1999

F=0,3

106

102

79

203

2000

F=0,3

95

97

84

230

2001

F=0,26

78

78

80

271

2002

F < Fpa

< 77

77

70

199

2003

F=0,23

60

73

66

226

2004

Gjenoppbyggingsplan

61

61

207

2005

Gjenoppbygg SSB > Bpa i 2006

35

59

55

244

2006

Gjenoppbygg SSB > Bpa i 2007

48

57

56

252

2007

Gjenoppbygg SSB > Bpa i 2008

< 32

50

49

260

2008

Gjenoppbygg SSB > Bpa i 2009

< 35

49

48

359

2009

Avgrens totale landingar til 55 500 tonn

< 55,5

55,5

55

400

2010

Avgrens totale landingar til 63 825 tonn

< 63,8

63,8

51

501

2011

Sjå scenarier

64,2

73,4

66

476

2012

Første steg i forvaltingsplan

84,4

84,4

5891

2013

Første steg i forvaltingsplan

97,1

97,16

1 Framskriving.

Rådgjeving

ICES si tilråding etter den vedtekne haustingsregelen gjev eit torskefiske på vel 25 000 tonn. Tufta på den vesle bestanden og den dårlege rekrutteringa dei siste åra, vil det ikkje vere råd å byggje opp igjen gytebiomassen til over Bpa i starten av 2014, sjølv med null-fangst i 2013. For hyse er òg tilrådinga frå ICES å følgje haustingsregelen, noko som gjev eit fiske mindre enn 48 000 tonn. For kviting bør fangsten ikkje vere høgre enn 26 000 tonn. Tilrådinga frå ICES for raudspette for fiske i 2013 er å følgje første steget i den vedtekne forvaltingsplanen. Dette gjev eit uttak på < 97 070 tonn.

4.2.12 Kolmule

Kolmulebestanden i det nordaustlege Atlanterhavet består truleg av to hovudkomponentar; ein nordleg som har si utbreiing i Norskehavet og sørover til sørvest av Irland, og ein sørleg som held til i Biscaya og vidare sørover mot Gibraltar og Nord-Afrika. Det er uklårt kor mykje desse komponentane blandar seg under gyting og beiting, difor vert all kolmule sett på som ein felles bestand i bestandsutrekningane og rådgjevinga i ICES.

Fisket

Hovudfisket føregår om våren på gytefelta langs eggakanten vest av Dei britiske øyane og ved Færøyane. Noreg opererer her med ringnotsnurparar utstyrte for flytetråling. Fangst av kolmule har òg føregått på beiteområda i Norskehavet om sommaren, òg då med flytetrål. Dette fisket har dei seinare åra praktisk talt falle bort. Elles tek industritrålflåten kolmule gjennom heile året i Norskerenna.

Internasjonal fangststatistikk frå 2012 er enno ikkje ferdig, men fisket er venta å verte om lag 391 000 tonn (Figur 4.17).

Utrekningsmetodar

For kolmule vert det brukt ein ny modell til å rekne ut bestandsnivået, SAM (State-space Assessment Model). I utrekningane inngår fangststatistikken (tal landa fisk fordelt på aldersgrupper) og aldersgrupper frå eit akustiske tokt. Denne modellen vart teken i bruk etter ein evalueringsprosess av kolmulebestanden i ICES i 2012.

Bestandsgrunnlaget

Kolmulebestanden nådde toppen i 2003, men minka raskt i åra etter (Figur 4.17). Denne nedgangen stoppa i 2010 og bestanden har auka igjen i 2011. På midten av 1990-talet byrja kolmulebestanden å produsere ei rekkje årsklasser som var fleire gonger sterkare enn det som tidlegare var observert. Dette førte til ei mangedobling av bestandsstorleiken og ein tilsvarande auke i fangstkvantumet. Situasjonen med sterke årsklassar år etter år ser ut til å vere dramatisk endra og årsklassane som vart gytt i 2005 – 2009 ser ut til å vere blant dei svakaste som er observert. Dei to siste åra er det observert auka rekruttering, men det er svært usikkert kor sterke desse årsklassane er. Gytebestanden vart i byrjinga av 2012 berekna til å vere 3,8 millionar tonn som er godt over føre-var-grensa på 2,25 millionar tonn. Bestanden er venta å auke ytterlegare i 2013.

Figur 4.17 Utviklinga i bestand og fangst av kolmule. Fangst i 2012 og fangst og bestand i 2013 er prognosar. Fangst i 2013=TAC.

Figur 4.17 Utviklinga i bestand og fangst av kolmule. Fangst i 2012 og fangst og bestand i 2013 er prognosar. Fangst i 2013=TAC.

Tabell 4.17 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kolmule sidan 1997.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangstar

Gytebestand

1997

Føre-var TAC for kombinert bestand

540

672

2473

1998

Føre-var TAC for kombinert bestand

650

1125

3749

1999

Fangstar over 650 000 t vil ikkje vera berekraftig i det lange løp

650

1256

4588

2000

F må ikkje overstige foreslått Fpa

800

1412

4274

2001

F må ikkje overstige foreslått Fpa

628

1780

4648

2002

Gjenoppbyggingsplan

0

1556

5257

2003

F < foreslått Fpa

600

2321

7124

2004

Oppnå 50prosent sannsyn for at F < Fpa

925

2378

6969

2005

Oppnå 50prosent sannsyn for at F < Fpa

1075

2027

6065

2006

F gamal forvaltingsplan

1500

21002

1966

6144

2007

F < foreslått Fpa

980

18473

1612

5020

2008

F < Fpa

835

12504

1246

3768

2009

Halde bestanden over Bpa

384

6065

636

2920

2010

Følg den avtalte forvaltingsplanen

540

548

540

2859

2011

Følg den avtalte forvaltingsplanen

40

406

105

2825

2012

Følg den avtalte forvaltingsplanen

391

391

3836

2013

Følg den avtalte forvaltingsplanen

643

643

51307

1 NEAFC forslag for NEAFC region 1 og 2.

2 Avtalt TAC mellom kyststatane på 2 mill t og i tillegg tildeling til Russland i int.farvatn på 100 000 t.

3 Avtalt TAC mellom kyststatane på 1,7 mill t og i tillegg tildeling til Russland og Grønland på 147 000 t.

4 Avtalt TAC mellom kyststatane på 1,1 mill t og i tillegg tildeling til Russland og Grønland.

5 Avtalt TAC mellom kyststatane på 0,59 mill t og i tillegg tildeling til Russland 16 000 t.

6 Avtalt TAC mellom kyststatane på 40 000 tonn, i tillegg Russisk fangst som dei unilateralt fastsette på ca 20 000 tonn.

7 Framskriving.

Rådgjeving

Etter ein svært langvarig forhandlingsprosess vart kyststatane (Noreg, EU, Færøyane og Island) den 16. desember 2005 samde om forvaltinga og fordelinga av kolmule frå 2006 og framover. Denne sameinte planen vart revidert i 2008 og vurdert av ICES i 2009. ICES stadfesta at den reviderte forvaltingsplanen var i samsvar med føre-var-prinsippet. Målet er at gytebestanden skal vere høgare enn føre-var-grensa (2,25 mill. tonn).

ICES gjev si tilråding for fisket i 2013 ut frå den vedtekne haustingsregelen, som gjev eit fiske på 643 000 tonn.

Fotnotar

1.

pa = precautionary approach = føre var
Til forsida